Program vår 2014 - Rosendal Filmkubb

Page 4

Kjære filmelskande kvinnheringar! 22. november i fjor hadde vi fyrste visning under Rosendal Filmklubb i Rosendal Samfunnshus. Filmen vi hadde valgt, Cinema Paradiso, gleda vi oss stort til å vise, sidan det er ein film som handlar om kjærleik til filmen og til maskinistfaget. Lite visste vi kor mykje vi faktisk skulle kome til å identifisere oss med handlinga i denne filmen. Litt på overtid snurra maskinisten vår i gong filmen og vi kunne nikke nøgd til kvarandre. Ein draum var blitt verkeleg, her satt vi endeleg att og såg film i gode gamle Rosendal Samfunnshus. Det var heilt stille i salen, men...jammen, heilt stille på filmen og! Vi venta litt, framleis ingen lyd. “Eg beklagar dette, eg skal springe opp til maskinisten og høyre kva som skjer”. Eg sprang opp til ein svett og rimeleg stressa maskinist. “Eg veit ikkje kva det er som har skjedd, lyden fungerte jo forige gong eg testa maskina!”. Eg måtte springe ned igjen og prøve å berolige publikum. “Vi har bittelitt problem med lyden, men ha litt tålmod så skal vi snart ha det i orden. Baren er open for dei som vil ha meir vin”, smilte eg medan eg ilte opp att til maskinisten. Han hadde ringerunde for å høyre om det var nokon som kunne hjelpe til å oppklare mysteriet med den forsvunne lyden. “Det ser ikkje lyst ut” sa han. “Er det verkeleg ingenting vi kan gjere?”. “Hold dei her litt lenger, så skal eg finne ut noko”. Eg gjekk ner i salen att og smilte og beklaga og peika audmjukt bort på disken med vinkartongen. “Meir vin?”. Då opna det seg ei lita luke langt oppe på veggen bak oss. Maskinisten stakk hovudet ut luka og talte til oss. “Vi har problem med lyden på den eine maskina, difor gjer vi eit forsøk på å vise filmen frå berre ei maskin. Dette vil sei at vi får ein pause mellom kvar rull, då eg må bytte til neste”. Eg pusta letta ut. Eg slapp iallefall å sende publikum heim. Då filmen var komen i gong vart det tydelegare og tydelegare korleis filmen beskreiv for oss eit scenarie som vi nettopp sjølv hadde vore vitne til, utfordringane til ein maskinist med alt som kan gå gale med


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.