Page 1

VÅR 2014


PROGRAM VÅR 2014 8 1/2..........................................................20.00 / 31.01 / Rosendal Samf.hus Superkatten Zorba....................................17.00 / 02.02 / Rosendal Samf.hus Berlin, Storbyens Symfoni.....................21.00 / 15.02 / Rosendal Samf.hus Briller.......................................................18.00 / 21.02 / Rosendal Samf.hus Hest er best................................................17.00 / 23.02 / Rosendal Samf.hus Sommerlunch i Roma...............................20.00 / 14.03 / Rosendal Turisthotell Edvard Munch...........................................20.00 / 28.03 / Rosendal Samf.hus Stellas Verden...........................................17.00 / 30.03 / Rosendal Samf.hus Stop making sense...................................21.00 / 18.04 / Rosendal Samf.hus Chihiro & Heksene....................................17.00 / 20.04 / Rosendal Samf.hus Overrasking, mat og film......................20.00 / 02.05 / Rosendal Turisthotell Den røde ballongen, Den hvite hesten og Blå java...............................................18.00 / 17.05 / Rosendal Samf.hus Om guder og mennesker...........................19.00 / 18.05 / Rosendal Samf.hus Rottatouille..............................................18.00 / 03.07 / Rosendal turisthotell Nosferatu...................................................05.07 / Mat- og Kunstfestivalen


Sidan 2007 har det gamle 35mm filmvisningsutstyret i Rosendal Samfunnshus stått og støva ner. Lydanlegget, som var nytt to år tidlegare har ligge nedpakka. I maskinrommet heng kinoprogram som vitnar om samanhengande kinodrift frå tidleg 80-talet fram til 2007. Med andre ord har alt ligge til rette for at vi skal starte opp att filmvisning i Rosendal Samfunnshus under Rosendal Filmklubb. Rosendal Filmklubb skal vere eit tilbod der ein får presentert klassikarar frå filmhistorien og nyare filmkunst. Vi kjem til å ha 2 faste visningar ei helg i månaden. Fredagen blir det filmklubbkveld med film og vindrøs etter filmen, og søndagen er dagen for barne/familiefilm. Vi har nettopp laga programet for vårsemesteret 2014, og kan love deg fabelaktige filmar frå heile verda. Her er noko for dei aller minste til dei aller eldste, filmar som vil føre oss med på ei reise i filmen si rike verd.

medlemskort; 50,billettar; 50,-

KONTAKT OSS! Merethe Offerdal Tveit // tlf: 95 89 43 36 rosendalfilmklubb@gmail.com www.facebook.com/rosendalfilmklubb


Kjære filmelskande kvinnheringar! 22. november i fjor hadde vi fyrste visning under Rosendal Filmklubb i Rosendal Samfunnshus. Filmen vi hadde valgt, Cinema Paradiso, gleda vi oss stort til å vise, sidan det er ein film som handlar om kjærleik til filmen og til maskinistfaget. Lite visste vi kor mykje vi faktisk skulle kome til å identifisere oss med handlinga i denne filmen. Litt på overtid snurra maskinisten vår i gong filmen og vi kunne nikke nøgd til kvarandre. Ein draum var blitt verkeleg, her satt vi endeleg att og såg film i gode gamle Rosendal Samfunnshus. Det var heilt stille i salen, men...jammen, heilt stille på filmen og! Vi venta litt, framleis ingen lyd. “Eg beklagar dette, eg skal springe opp til maskinisten og høyre kva som skjer”. Eg sprang opp til ein svett og rimeleg stressa maskinist. “Eg veit ikkje kva det er som har skjedd, lyden fungerte jo forige gong eg testa maskina!”. Eg måtte springe ned igjen og prøve å berolige publikum. “Vi har bittelitt problem med lyden, men ha litt tålmod så skal vi snart ha det i orden. Baren er open for dei som vil ha meir vin”, smilte eg medan eg ilte opp att til maskinisten. Han hadde ringerunde for å høyre om det var nokon som kunne hjelpe til å oppklare mysteriet med den forsvunne lyden. “Det ser ikkje lyst ut” sa han. “Er det verkeleg ingenting vi kan gjere?”. “Hold dei her litt lenger, så skal eg finne ut noko”. Eg gjekk ner i salen att og smilte og beklaga og peika audmjukt bort på disken med vinkartongen. “Meir vin?”. Då opna det seg ei lita luke langt oppe på veggen bak oss. Maskinisten stakk hovudet ut luka og talte til oss. “Vi har problem med lyden på den eine maskina, difor gjer vi eit forsøk på å vise filmen frå berre ei maskin. Dette vil sei at vi får ein pause mellom kvar rull, då eg må bytte til neste”. Eg pusta letta ut. Eg slapp iallefall å sende publikum heim. Då filmen var komen i gong vart det tydelegare og tydelegare korleis filmen beskreiv for oss eit scenarie som vi nettopp sjølv hadde vore vitne til, utfordringane til ein maskinist med alt som kan gå gale med


filmframvisar og filmrullar. I filmen viste dei også film akt for akt. I pausen vart det rom for litt prat og eit glas vin for oss som hadde nerver som måtte roast. Det vart i det heile ein artig metakveld der det vi såg på film og det vi opplevde i kinosalen vart foreint, og på ein merkeleg måtte løfta heile opplevinga. Eg takkar så mykje for tålmodet til publikum denne kvelden, og kan med glede annonsere at vi har ordna problemet med lyden! I programmet her er presentert 14 flotte filmar som vi gledar oss stort til å vise dykk. Vi kjem til å ha fast visning ei helg i månaden, der fredagen er filmklubbdagen og søndagen er familiefilmdagen. Utanom desse ordinære visningane kan vi by på stumfilmkonsert og mat- og filmkveldar på Rosendal Turisthotell. Vi vonar du finn noko freistande i vårprogrammet vårt. Tusen takk til dei som har hjelpt oss i oppstarten av Rosendal Filmklubb. Vi hadde ikkje kome langt utan den engasjerte og dyktige sjefsmaskinisten Magne Omvik, den positive og støttande Kjell Martin Håvik i Rosendal Samfunnshus og den uvurderlege økonomiske støtta frå Kvinnherad Kommune v/Linda Øen og frå dei andre sponsorane våre. Takk til alle som er med og låner oss utstyr og kjem med ei hjelpande hand i samband med arrangementa våre! Helsing Merethe Offerdal Tveit, leiar Rosendal Filmklubb


FILMKLUBB

8 1/2

31.01, 20.00, Rosendal Samfunnshus “The best film ever made about filmmaking” - Chicago Sun times Filmregissøren Guido Anselmi er desperat fanga i ein tilstand av idétørke. Han har ikkje bestemt seg for kva filmen han er i ferd med å lage eigentleg handlar om. Pressa og frustrert tek han eit psykoanalytisk dykk ned i fragmentariske barndomsminne, mareritt og dagdraumar. 8 ½ er kjent som ein favorittfilm blant filmregissørar og vert rekna som eitt av hovudverka i filmhistoria. Dette er ein film om filmkunsten og det håplause med å utøva den, unikt skildra gjennom visjonen til ein av Europas største regissørar. Regi: Federico Fellini, 1963 Italiensk spelefilm, svart/kvitt 2t 12min


FAMILIE

Superkatten Zorba

02.02, 17.00, Rosendal Samfunnshus Superkatten Zorba er eit eventyr om bykatten Zorba, som ser fram til fire veker med fred og ro medan matmor er på ferie. Så dumpar Kira ned på balkongen hans, ei oljeskada måke. Med hennar siste krefter klarer Kira å legga eit lite grått egg. Før ho døyr får ho Zorba til å lova at han ikkje skal eta egget, at han skal ta vare på måkeungen og viktigst av alt: At han lærer den å fly. Zorba får heldigvis hjelp frå venene sine, Obersten, Sekretæren, Aristoteles og Jo-Jo. Måkeungen Lykke veks opp blant kattevenene sine og skal læra å fly. Men det er ikkje så lett når ein har blitt oppdratt som katt og ikkje som måke. Regi: Enzo D’Alò, 2005 Italiensk animasjon , norsk tale 1t 20min


Arrangementet er eit samarbeid med Rosendal mat & kunstfestival

FILMKLUBB SPESIAL


Berlin: Storbyens symfoni Stumfilmkonsert med Oslobandet Karokh 15.02, 21.00, Rosendal Smafunnshus

150,-

- Opplev live musikk til ein stumfilmklassiskar! Oslo-gruppa KAROKH har laga musikk til denne filmen av Walter Ruttmann frå 1927. Dette er ein legendarisk stumfilm, og skildrar ein dag i Berlin, som i denne perioden opplevde eit stort industrielt oppsving. I løpet av 65 minuttar gjer filmen eit innblikk i livs- og arbeidsvilkåra på den tida. Filmen føyer seg inn som ein «City Symphony», ein type avantgardistisk film frå 1920-talet, som skildrar livet i storbyen utan narrativ historie, og med lite bruk av mellomtekstar. Filmen var opprinneleg tenkt utan musikk, men er på mange måtar bygd opp som eit musikkstykke. Dette gjer at når ein fyrst spelar musikk til filmen, blir ikkje musikken berre eit akkompagnement til historia, som i ein vanleg narrativ stumfilm, men det oppstår ein dialog mellom musikken og bildet. KAROKH er eit nyskapande sjumannsorkester som merkjer seg på den unge musikkscena i Noreg i dag. Bandet er vanskeleg å plassere i ein sjangerboks med blandinga si av amerikansk surf-rock, improvisert minimalisme, krautrock og akustiske folkeviser. Musikken har eit fokus på orginal instrumentering og ein søken etter nyskapande lydar, samstundes med at den held fast på element som kven som helst kan kjenne seg att i. Bandet har turnert i Noreg, Russland, Italia og Sverige, og spelt på festivalar som Nattjazz og Match and Fuse. I februar 2014 slepp dei debutalbumet sitt på det New York-baserte plateselskapet Loyal Label. Dei som har fått oppleve stumfilmkonsertar i dei større byane i Noreg veit kor fantastisk dette er. Vi i Rosendal Filmklubb er utruleg stolte av å kunne få presentere eit slikt tilbod til innbyggjarane i Kvinnherad!


FILMKLUBB

Briller

21.02, 18.00, Rosendal Samfunnshus - Ei japansk filmperle av dei sjeldne. Er du kanskje ein av dei som lar deg lokka av azurblått hav og kvite strender? Gjev god mat og drikke deg ei kriblande lukkekjensle? Då er denne japanske sjarmbomba filmen for deg! Ei ung kvinne kjem til ein feriestad ved kysten med den store kofferten sin. Ho er budd på avslapping og rolege dagar åleine, men dette skal ikkje vere så lett. Det er alltid nokon av dei andre bebuarane på det vesle pensjonatet ho bur på som kjem med merkelege invitasjonar og rare påfunn. Etterkvart må ho innsjå at det er nettopp desse forstyrringane ho faktisk treng. Kvinna får augene opp for ei anna verd. Ei verd der mobiltelefonen ikkje fungerer, der ein får servert utsøkt mat og vin, og der ei av gledene i kvardagen er synkronisert dans på stranda. Regi og manus: Naoko Ogigami, 2007 Skodespelarar: Satomi Kobayashi, Mikako Ichikawa, Ryo Kase, Ken Mitsuishi, Masako Motai Japan 1t 33min


FAMILIE

Hest er best

23.02, 17.00, Rosendal Samfunnshus Winky Wong er ei seks år gamal jente frå Kina, som nyleg har flytta til Nederland, der faren har opna kinesisk restaurant. Winky strevar med å læra språket og få nye vener.Kvar dag etter skulen går ho forbi ein ponni, og eigaren tilbyr Winky å læra henne å ri. På skulen har Winky lært om julenissen, ein gamal mann som gir bort gåver. Når ponnien vert sjuk, bestemmer Winky seg for at ho ønsker seg ein hest. Kan julenissen oppfylla ynskje hennar? Regi: Mischa Kamp, 2005 Skodespelarar: Ebbie Tam, Aaron Wan, Hanyi Han, Betty Schuurman, Jan Decleir Nederland, norske stemmer 1 t 35 min


Sommerlunch i Roma

14.03, 20.00, Rosendal Turisthotell - Velkommen til filmvisning med gourmetmat og vin på Rosendal Turisthotell! Sommerlunsj i Roma er ein lun og sjarmerande film om dei små gledane i tilveret. Gianni er middelaldrande og arbeidslaus og bur saman med mor si i det stille og idylliske Travesterekvarteret i Roma. Ho er 93 år og veit kor skapet skal stå. Gianni prøver, utan hell, å drukne sine sorger i Chablis. Når huseigaren tilbyr å slette ubetalte husleiger mot at Giovanni tar vare på hans aldrande mor i Ferragostohelga, har han ikkje råd å sei nei.

Mat & film Med på lasset fylgjer tanta til huseigaren, ei eldre og enda meir bestemt dame. Med tre gamle damer i huset føler Giovanni seg såpass uvel at han oppsøker legen. Ryktet om det midlertidige pensjonatet har allereie spredd seg, og før Giovanni veit ord av det har han fått ansvar for lagen si aldrande mor i tillegg. Det er ikkje anna å gjere enn å doble vininntaket og gjere det beste ut av situasjonen. Sommarlunsj i Roma har blitt ein stor kinosuksess over heile verda, ein herleg feelgoodfilm om hengivnhet, familie og gode måltid. Vi kjem til å vise filmen på Rosendal Turisthotell, der kokken Roy Lervåg kjem til å lage nydeleg klassisk italiensk mat til filmen. Vi vonar å lokke deg med Pasta al Forno og raudvin og til å sjå denne filmperla saman med oss på erverdige Rosendal Turisthotell. Regi og manus: Gianni Di Gregorio, 2010 Skodespelarar: Giovanni Di Gregorio, Valeria De Franciscis, Marina Cacciotti, Maria Calìzia, Grazia Cesarini Sforza Italiensk 1t 16min


350 kr for film og firerettars italiensk m책ltid (antipasti, primo, secondo og dolce). Bestill plass p책 mail: rosendalfilmklubb@gmail.com innan 5 mars.


Edvard Munch

28.03, 20.00, Rosendal Samfunnshus

FILMKLUBB - Meisterleg om meisteren Peter Watkins’ Edvard Munch er eit original meisterverk i den norske filmhistoria. Det er ein biografi over den norske kunstnaren, men fortalt med eit filmspråk som skapar nærleik og distanse. Ei rekkje kritikarar har kategorisert filmen som eit dokudrama, men den skil seg og ut frå kva ein er vane med å sjå i den sjangeren. Ein film som bruker realistiske verkjemiddel , men som og går tett på menneske og kunstnaren gjennom fantasiar, kjensler og meir konkrete stadier som påverkja livet hans. Verket var kontroversielt og banebrytande då det for fyrste gong vart synt fram i 1974, og det er framleis eit verk som saknar enkle samanliknbare referansar. Regi og manus: Peter Watkins, 1974 Skodespelarar: Geir Westby, Gro Fraas, Kjersti Allum, Susan Troldmyr m.fl. Noreg 2t 50min


Stellas Verden

30.03, 17.00, Rosendal Samfunnshus

FAMILIE

- Ein nydeleg film om oppvekst, dagdrauming og det å vere anleis i klassen Året er 1977 og Stella skal byrje sitt fyrste år på ein prestisjetung parisisk ungdomsskule. Plutseleg blir ho slengd inn i eit miljø milevis frå sin eigen kaotiske arbeiderklasseoppvekst i baren til foreldra i utkanten av Paris. Jo meir ho jobbar for å knekke dei nye sosiale kodane i kvardagen, jo meir framand blir det når ho vende heim etter skulen til stamkundar, poker, biljard og oppheita pubkranglar. Men gjennom det noko uventa vennskapet med klassevenninna Gladys oppdagar Stella samstundes ei verd full av draumar og mogelegheiter, ei potensiell klassereise startar. Stellas verden er ei morosam og hjartevarm oppvekstskildring. Filmen passar godt for alle i ungdomskuletrinnet, vidaregåande og vaksne. Regi og manus: Sylvie Verheyde, 2008 Skodespelarar: Léora Barbara, Karole Rocher, Benjamin Biolay, Laëtitia Guerard Frankrike 1 t 43 min


FILMKLUBB

Stop making sense

18.04, 21.00, Rosendal Samfunnshus - Verdshistorias suverent beste konsertfilm, punktum! Stop Making Sense er ein konsertfilm med det alternative rockebandet Talking Heads. Meisterverket er filma i løpet av tre konsertkveldar i Hollywood’s Pantages Theater og bubblar over av surrealistisk koreografi, filmreferansar, og pur energi. Oppbygginga er like enkel som den er genial, og om du ungår å bli smitta av den absurde spelegleda til bandet, skal du med handa på hjarta få pengane att. Vel møtt til årets konsertoppleving, langfredag 2014! Regi: Jonathan Demme, 1984 Manus: Jonathan Demme/Talking Heads Skodespelarar: Talking Heads USA 1t 18min


FAMILIE

Chihiro & Heksene

20.04, 17.00, Rosendal Samfunnshus - Ein magisk teiknefilm for alle mellom 8 og 80! 10 år gamle Chihiro er på flyttefot med foreldra sine, men dei køyrer feil og havnar i ei parallell åndeverd, der mor og far vert forvandla til grisar. Chihiro må gøyma seg i eit stort hus som etterkvart viser seg å vera eit badehus for ånder. For å redda foreldra sine, tar Chihiro seg jobb hos Yubaba i badehuset. Her møter ho mange rare skapningar, og får nye vener. Saman med dei nye venene tar ho opp kampen mot den onde Yubaba. Regi og manus: Hayao Miyazaki, 2001 Japansk animasjon, norsk tale 2t 5min


Overrasking!

02.05 20.00, Rosendal Turisthotell

Mat & film

2 Mai er det på ny klart for mat og film i ein herleg symbiose på Rosendal Turisthotell. Denne gongen er det den fantastiske sjefskokken Roy Lervåg på Rosendal Turisthotell som har valt film. Dette blir ei overrasking, men vi kan røpe såpass at det blir ein kveld du seint vil gløyme!


Den røde ballong, Den hvite hesten & kortfilmen Blå Java

17.05, 18.00, Rosendal Samfunnshus - Opplev dei to finaste familiefilmane frå 1950-talet på sjølvaste 17 mai! Den røde ballongen handlar om vennskapet mellom ein liten gut og ein magisk ballong. Guten losnar ballongen som har festa seg til ein lyktestolpe. Til naboen si store overrasking fylgjer ballongen guten gjennom gatene i Paris. Men dette gjer også dei andre borna i nabolaget misunnelege. Den røde ballongen blei ein enorm publikumsuksess på 1950-talet og blir no rekna som ein av dei store klassikarane i filmhistoria. Filmen kjem til å glede vaksne like mykje som born med sin humor og dei utsøkte bileta frå gatelivet i Paris på 50-talet. Den hvite hesten vann prisen for beste kortfilm på Cannes filmfestival i 1953. I denne filmen fylgjer vi den stolte kvite hesten som leiar ein flokk villhestar. Han vil ikkje la seg temje av menneske, men den unge fiskarguten Folco nærmar seg hesten og får kontakt med den. Eit vennskap oppstår mellom guten og hesten, og saman søker dei fridomen i naturen langt vekke frå menneske. Den hvite hesten er filma i nydeleg svart-kvitt og er full av vakre naturscenar. Det er ein poetisk film om lengsel etter fridom og ein heilt unik familiefilm. Passar frå 5 år Regi og manus: Albert Lamorisse, 1956 33 min (Den raude ballongen), 38 min (Den kvite hesten) Frankrike, Harald Mæle som norsk forteljar


FAMILIE spesial


FILMKLUBB

Om guder og mennesker 18.05, 19.00, Rosendal Samfunnshus

Åtte kristne munkar frå Frankrike lever sine stille liv i eit gamalt kloster djupt inne i dei algeriske fjella. Mesteparten av dagen går med til bøn og song for å koma nærare Gud. Men munkane er også nyttige personar for lokalbefolkinga, med viktig kunnskap om medisin og nyttevekster, og anna livsvisdom. Det er mykje å beundra i denne estetisk vakre filmen. Den minste gest får ein veldig tyngde, og filmen er full av flotte andlet. Frykten her av den rolege typen, men uroa dirrar som ein basstreng gjennom heile filmen. Filmen er basert på ei sann historie og handlinga er lagt til midten av 90-talet. Anbefalt aldersgrense er 15 år. Regi: Xavier Beauvois , 2010 Skodespelarar: Lambert Wilson, Michael Lonsdale, Olivier Rabourdin, Jacques Herlin Frankrike 2 t 3 min


“Filmen er et av de siste stedene vi kan rømme inn i, der alle drømmer går i oppfyllelse og alt er magisk.” Brita Cappelen Møystad


Rottatouille

03.07, 18.00, Rosendal Turisthotell - Matfilm med legendestatus og fransk mat for born

Mat & film / Familie

Arrangementa er eit samarbeid med Rosendal mat & kunstfestival

Rotta Remy drøymer om å bli ein fransk mesterkokk til tross for at familien hans ikkje ynskjer det, og til tross for at det ikkje finnes rotter som er kokkar i Paris. Når skjebnen plasserer Remy i Pariskloakken ender han opp, til alt hell, direkte under ein restaurant som er gjort berømd av Remy sin store helt, mesterkokken Auguste Gusteau. Til tross for faren ved å bli sett på som ein usannsynleg, og heilt klart uønska gjest på eit finare fransk kjøken, set Remy sin pasjon for mat i gong eit hysterisk og spanande rotterace som snur det kulinariske Paris på hovudet. Til denne morosamme og underhaldande filmen serverer kokken på Rosendal Turisthotell fransk mat til små og store. Her vil borna få eit spanande innblikk i ekte fransk mat, både på skjermen og på tunga. Arrangementet passar for heile familien. Billettpris og påmelding blir annonsert på nettsidene til Rosendal Filmklubb. Regi og manus: Brad Bird, 2007 1 t 58 min USA, norske stemmer


Nosferatu 05.07

Mat & film Nosferatu frå 1922 er ein av verdas fyrste spenningsfilmar, og den aller fyrste skrekkfilmen som nokon gong er laga. Formatet er 16 mm stumfilm, og filmen blir eit av dei desidert største høgdepunkta under årets Mat- og Kunstfestival. Filmen blir presentert med ein heilaftan av utsøkt mat og drikke, stumfilmorkester med lokalt utspring og slåande kvalitet, samt ein musikalsk etterfest med framifrå takter og tonar. Nosferatu er basert på boka “Dracula” av Bram Stoker. Filmen fekk 21.plass i det amerikanske magasinet Empire si kåring av dei 100 beste utanlandske kinofilmane. Ein av dei fremste filmkritikarane i USA, Roger Ebert, skreiv at: “Her er historia om Dracula før ho vart levande gravlagt i klisjear, vitsar, tv-sketsjar, teiknefilmar og meir enn 30 andre filmar Filmen har enorm respekt for materialet sitt. Det verkar som han verkeleg trur på vampyrar”. Filmen vert vist i samarbeid med Cinemateket i Bergen.


www.rosendalmatogkunstfestival.no

Rosendal Mat-og Kunstfestival 4.-6. juli 2014 er det klart for den femte Mat- og Kunstfestivalen i Rosendal. Hovudkunstforma i år er film. Det kjem til å vere film i ulike former. Kvinnhersfilmen vert utforma av filmkunstnar Merethe Offerdal Tveit tidleg i 2014. Det vert barnefilm og film laga av ungdommar i lokalmiljøet, med kåring av beste film under festivalen. Det vert liv og røre i Skålafjøro, med matboder, galleri, små og store konsertar, kunstboder, teater og gourmetkokkar. Sett av helga!


FILMBAR FILMBAR FILMBAR FILMBAR

Bli med oss til vinkjellaren i Rosendal turisthotell etter filmen! Me fristar med huggelege medlemsprisar, god filmdrøs og aldeles f a n t a s t i s k stemning!


Utforming: Hildring, Jorun Larsen -14


Program vår 2014 - Rosendal Filmkubb  

Her er vårprogrammet til Rosendal Filmklubb!

Advertisement
Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you