Setesdal Guide 2010

Page 29

58 VELKOMEN TIL VALLE OG RYSSTAD

Brokkestøylen

Velkomen til Brokkestøylen! Du finn oss langs Suleskarvegen, 5 km vest for Rv9. Her kan du ta med familien din til ei koseleg stund, med spennande aktivitetar for borna og god mat og drikke. Aktivitetane vert organiserte etter ein timeplan. Dei minste gjestene kan vere med på mating og stell av dyr, ponniriding, ”hopp-i-høyet”, skattejakt, sølvvasking, skogsleikar, eventyrforteljingar og mykje anna kreativt. Kvar dag er det gratis barneaktivitetar, organisert etter ein vekeplan. Sjekk heimesida www.brokkestoeylen.no for nytt, eller sving innom turistkontoret for meir informasjon. Terrenget kring Brokkestøylen er storslege. Ljosløypa startar der, og fører deg makeleg innover heia.Fiskekort til bl.a. Ivelungsvotni og Øyuvsvatn får du kjøpt hos oss, og vi har tilrettelagt for garnfiske med båt. Vi formidlar og jaktutleige i området. Har du nokon gong opplevd kor nær naturen du kjem i ein kano? I Setesdal vesthei på 900 - 1000 meters høgde kan du padle inn i landskapsvernområdet, SVR. Europas sørlegaste villreinstamme held til her. Med utgangspunkt i Suleskarvegen kan du padle frå vatn til vatn. Det er minimalt med bering av kanoane. Etter å ha padla i 2-3 timar kjem du til ”basecamp”. Her har me sett opp 16- manns lavvo med golv, omn og Aktivitetar

59

gasskomfyr. Her kan du overnatte bekvemt. Det er godt fiske i vatna og du kan sikre middagen undervegs. Retur til utgangspunktet same veg. Dette er ei villmarkoppleving dei fleste kan meistre. Alt utstyr får du leige på Brokkestøylen. Prisar Leige av kano pr dag kr 400,-. Kvar kano tek 2 - 3 personar. Overnatting i lavvo kr 140,-. pr pers. Overnatting på støylen. I ein av våre trivelege 16-manns lavvoar, der du døser av ved siden av leirbålet, eller i løa der ein kan oppleve bonderomantikken i halmen! Camping er også mogleg, og vi formidlar dessutan høgstandard leiligheiter og hytter i Brokke – sjå www.brokke.com. Brokkestøylen er open tysdag til sundag 19.06 - 22.08: kl 11-20 Før og ettersesong har vi ope kvar helg 22.05 t.o.m. 03.10: kl 11-18 Tlf. 902 65 133, eller sjå www.brokkestoeylen.no


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.