Page 1

ORGAN FOR INDREMISJONSSAMSKIPNADEN 01 - 2017

Indremisjonsvenen - Nr. 01 - 2017

1


Vi vil bygga varme inkluderande fellesskap, vinna nye for Jesus, og gjera dei til hans disiplar. Indremisjonssamskipnaden

Frå aktivitet til relasjon Leiar av Marit H. Ådnanes Dagleg leiar

Layout: Jan-Ove Fagerheim Trykk: Haugesund Bok og Offset A/S Red.: Marit H. Ådnanes Indremisjonssamskipnaden Postboks 150, 5401 STORD Tlf.: 53 41 07 04 Fax: 53 41 27 40 Bankgiro: 8220.02.80454 Opningstider Indremisjonskontoret: Måndag – torsdag: 09.00 – 15.00 Fredag: Stengt Heimeside: www.indremisjonen.no E-post: post@indremisjonen.no www.facebook.com/Indremisjonssamskipnaden

IMS-styret: Ingebrigt S Sørfonn - formann Anfinn Økland - nestformann John Morten Espevik Bernt Arild Gjøvåg Anlaug Harestad Liv Ingunn Heie Medhaug Per Gunnar Nordbø Vara: Marte Kvilhaugsvik Asle Skogly Bjørn Saghaug

Helgatun 5713 VOSSESTRAND Telefon: 56 51 98 98 Telefax: 56 51 98 99 Bankgiro: 8220.02.80497 Konst. dagleg leiar: Sylvi R. Sørfonn Heimeside: www.helgatun.no

Brandøy 5584 BJOA Telefon: 53 76 98 81 Bankgiro: 8220.02.80470 Dagleg leiar: Andreas C. Våge Heimeside: www.brandoy.no

Framnes KVGS 5600 NORHEIMSUND Telefon: 56 55 05 00 Telefax: 56 55 13 92 Bankgiro: 8220.02.80292 Rektor: Harald Voster Heimeside: www.framnes.vgs.no

SunnBok

Guds forsamling vert bygd, utrusta og utvikla gjennom relasjonar. Det er også sagt at ekte kjærleik gir forsamlinga større magnetisk kraft enn alle slags marknadsføringstiltak. Truverdig og praktisk kjærleik viser seg å vera meir effektiv enn evangeliseringsaksjonar som ofte byggjer på verbal kommunikasjon. Menneske vil ikkje høyra oss tala om kjærleik, dei vil erfara den i praksis. «I vår forsamling er det mogleg å snakka om personlege problemer med andre», er ein påstand som blir sjekka ut for å testa kor varme relasjonane er i ei forsamling. Dette er det både lettare, og gjerne meir hensiktsmessig, å gjera i ein personleg relasjon enn i storfellesskapet. I staden for å tenkja at det er livsviktig å få folk med på eit arrangement, trur eg me må byrja i andre enden; starta med den nære relasjonen. Me kan tenkja heilt enkelt. Kva med ein kopp kaffi saman, ein tur? Å dela historiar er ein bra måte å nå inn til folk på, og folk må vita at du er interessert i historia deira. Kanskje kan det etterkvart bli aktuelt å bli med i ei livsnær gruppe? Målet der framme er å bli inkludert i det store fellesskapet i forsamlinga, men for mange er terskelen for høg til å starta nettopp der. No verkar det kanskje som eg vil aktivitetar og arrangement til livs. Det er sjølvsagt ikkje saka, men eg trur det trengs eit større fokus på nære relasjonar, og bevisstgjering på kvifor me har dei arrangementa me har. Også i Awana – den nye barne- og ungdomssatsinga til ImF - er nettopp nære relasjonar ein viktig faktor for at den unge skal bli disippelgjort og bli verande hos Jesus. Kanskje er du ein av dei som får med deg konferansen på Fredheim 18. februar der Awana blir presentert?

Økonomien ved nyttår Rekneskapsåret 2016 er over, og vi held i desse dagar på å klargjer for innsending til revisor. Dei endelege tala vert ikkje klare før vi får det attende derfrå, men ein viss aning har vi om korleis stoda er. På same måte som dei siste åra hadde vi i haust eit stort underskot, men i år og stilte lag, foreiningar og misjonvener opp og gav gode gåver på slutten av året. Året kjem nok til å enda med eit underskot, men det kan sjå ut som det ikkje vert alt for stort. I tillegg har vi dette året mottatt ei stor testamentarisk gåve, dette hjelper godt på likviditeten. Takk til alle som er med og støttar opp om arbeidet.

GÅVEBAROMETER: lagsgåver, gåveaksjonar og gjevarteneste pr. 31. desember 6000000,0 5000000,0 4000000,0 3000000,0 2000000,0 1000000,0 ,0

Ynskjer du å bli Fast gjevar?

2

Budsjett 2016 4 335 000

Miniadventshelg på Brandøy. Foto: Ingfrid Hystad

Aktivisme kan bli ein fare i samanhengen vår. Me vil så mykje, offerviljen og pliktkjensla er stor. Mange i samanhengen vår gjer ein fantastisk innsats for Jesus og folk i bygda. Av og til møter eg også slitne leiarar; leiarar som gir og gir, og som nærast blir tatt for ei sjølvfølge. Også desse treng å bli sett og oppleva seg inkludert for den ein er. «Når eg ikkje sjølv skal vera med å arrangera», er det deilig å ta fri, kan nokon seia. Eit forståeleg utsagn, som eg har tenkt fleire gonger sjølv, men eg likar meir og meir å sjå på fellesskapet som ein nødvendighet. Eg er ein del av storfamilien – det er her eg høyrer heime, uansett om eg har oppgåver eller ikkje. Korleis kan me leggja arbeidet vårt til rette for at relasjonar vert bygd både i og utanfor arrangementa våre?

Heile 2015 4 932 459

Framside-foto:

Kva suksesskriteriar måler me arbeidet etter? Me har stort fokus på aktivitetar i vår bedehusstruktur. Av og til kan det opplevast som antal møter og arrangement er suksessfaktoren. Mange har visjon for arbeidet, enten det er IMS sin visjon (sjå over) som blir nytta lokalt eller tilsvarande. Og det er nettopp visjonen arbeidet bør målast etter; når me andre for Jesus? Blir me disippelgjort…?

Heile 2016 4 384 989

Postboks 23, 5401 Stord Telefon: 53 41 20 01 www.sunnbok.no

Nettopp denne tankegongen har møtt meg frå fleire hald i det siste. Det er viktig at bedehuset er ein kraftstasjon der me er ein del av det store fellesskapet. Me skal ha det godt i eige hus. Men korleis kan andre innlemmast i den store familien/fellesskapet? Mange skulle ynskja at det var større vekst i den faste bedehusflokken. I vår iver prøver me gjerne endå meir iherdig å arrangera; kanskje i håp om å nå nye målgrupper. Det er mykje bra i dette; og kanskje når me nye målgrupper. Men kva er vår strategi vidare?

Kontakt kontoret, tlf 53 41 07 04, eller du finn skjema på www.indremisjonen.no


n e r r e H gne deg! velsi

Andakt av Solveig Norheim

«Herren velsigne deg og vare deg! Herren late sitt andlet lysa mot deg og vere deg nådig! Herren lyfte si åsyn på deg og gjeve deg fred!» 4. Mos. 6, 24 – 26.

Desse orda har du høyrt ofte i gudstenestene, i radioandaktane og i møtesamanheng. Ja, me kan vel sei det er ord me kan! Men kva ligg i desse orda, kva betyr dei i kvardagen vår? Eg høyrde fortalt ein gong om livet i ein beduinarleir! Kvar leir hadde sin høvding. Han sat på teppet sitt, midt i leiren. Han betydde mykje for alle dei som budde i leiren. Var det ein som var skulda for noko, hadde forbrote seg på noko, så måtte han inn i leiren til høvdingen, domaren i leiren! Når den tiltalte kom inn døra, var det ansiktet til høvdingen som viste om vedkomande var skuldig

eller frikjent! Vende høvdingen ansiktet bort, ville ikkje sjå på den tiltalte, så var den tiltalte dømt skuldig! Derimot, kom den tiltalte inn døra og høvdingen lyfte andletet og let det lysa mot den tiltalte, betydde det at den tiltalte var frikjent, ja, han fekk nåde! Kom det gjester til leiren, vart dei bedne inn i teltet der høvdingen sat! Tenestejenta fann fram krus og serverte te! Også då hadde høvdingen sitt blikk noko å sei! Var ikkje blikket til høvdingen vendt mot gjesten, slo tenestejenta berre litt opp i kruset. Gjesten tok då signalet, han måtte berre drikka det han fekk, takka for seg å gå! Derimot, dersom blikket kvilte på gjesten, slo tenestejenta fullt krus, kom tilbake og fylte stadig oppi kruset igjen. Då kunne gjesten senka skuldrane, finna kvile og fred der i leiren, han var velkomen!

Ser du Jesus i dette? Du er aldri så langt nede at ikkje Jesus er under deg! Han lyfte si åsyn på deg. Det kan berre den som er under deg gjera! Han er eine den som kan vera nådig i mot deg, same korleis livet har vorte for deg! Han er eine den som kan gi deg fred og kvile i forhold til Gud! Bli der! Må Herren velsigne deg og vare deg!

Vil du «kjøpa» ein stol i Framnes Arena? Idrettshallen kostar 40 millionar kroner, noko som er eit stort løft for Framnes. Eigentleg kom hallen på minst 48 millionar. Dette hadde me problem med å få finansiert gjennom eigenkapital og lån. For å kome ned til 40 millionar måtte me gjere nokre ting litt enklare, og noko måtte trekkjast ut av anbodet. T.d. trekte me ut teleskoptribuna. I anbodet fekk me ein pris på kr. 7.000,- pr. sete (480 seter blir då totalt kr. 3,3 millionar kroner). No har me avtale direkte med ein fabrikk i Kina, og dermed er prisen nede på kr. 1.500,- pr. sete (totalt kr. 720.000,-). Studieinspektør Odd Inge Austevoll reiste saman med Menighetsservice på ein tur til Kina for å sjå nærare på kvaliteten, og den såg god ut. Det kinesiske firmaet hadde mellom anna kontrakt på 160.000 seter til OL i Brasil, så me er rimeleg trygge på at dette er bra greier! Sidan tribuna er teken ut av anbodet må me finansiere løysinga med gåver. Vil du vere med å dra lasset? Me utfordrar bedrifter, forsamlingar og enkeltpersonar til å støtte Framnes sitt arbeid med idrettshallen med å kjøpa ein stol. Dei som «kjøper» får namnet sitt synleg på stolen. Kvar stol kostar kr. 1.500,-. Du kan kjøpa ein eller fleire stolar. Betal til Elevlaget sin konto nr. 3530.51.51503 og merk betalinga med «Stolsponsing» og ditt namn eller firmanamn. Treng du meir informasjon, ring Odd Inge (tlf. 926 27 332) Til no er 180 av 464 stolar selde!

Indremisjonsvenen - Nr. 01 - 2017

BØNE SPALTA

BE FOR: - Forsamlingskonferansen i Norheimsund - Barne- og ungdomsleiar konferansen på Bildøy - Deltakarar og leiarar på Brandøytreff og Vårtreff - Ungdomar som no søkjer plass på Framnes og Bildøy BE OM: - Guds visdom i strateg og planarbeid - Velsigning over arbeidet på Helgatun, Brandøy og Framnes - At relasjon til menneske rundt deg blir viktigare enn aktiviteten TAKK FOR: - At ungdomar har sagt ja til Jesus i haust - Godt sal på SunnBok før jul - At Herren vil velsigne og vare deg

3


«Legg alt de har på hjarta, fram for Gud»

På mange bedehus i IMS sitt område vert det regelmessig halde bønemøter. Børsheim Bedehus i Strandebarm er eitt av bedehusa der folk samlast til bønemøte. Samla til bønemøte i Børsheim Bedehus

- Me har hatt bønemøter ein gong i veka i mange år, fortel leiar i Børsheim Indremisjon, Hans Arne Børsheim. Kvar fredagskveld, året rundt, er det ope på bedehuset, og dei som ynskjer det, kan samlast for å be. Bønemøtet varer i om lag ein time.

Det er godt å kome saman, me ynskjer å be for bygda vår, landet vårt, og våre kristne sysken rundt i verda. Det er deltakarane på bønemøta einige om.

takke for alle Guds velsigningar til oss. Om det er få frammøtte ein kveld, eller gledeleg mange; stunda i bedehuset i bøn er alltid like god.

- Me ynskjer vekkelse i bygda vår, og bøn er viktig! Og så er det godt å takke,

Bibelen oppmodar oss om å be, påkalle og takke. I Børsheim Bedehus ynskjer

me å halde fram med det regelmessig. Fil. 4,6-7: Gjer dykk inga sut for noko! Men legg alt de har på hjarta, fram for Gud i bøn og påkalling med takkseiing. Og Guds fred som går over alt vit, skal vara dykkar hjarto og tankar i Kristus Jesus.

Tenn meg, Jesus! Nettopp dette var hovudtemaet for møtehelga på Hiskjo 13.-15. januar. Fire bygder; Laurhammer, Giljeog Thormodsæter, Meling og Hiskjo var saman om å arrangera helga, der Jorunn og Olav Eikemo var talarar. Det vart ei helg med viktig fellesskap, god forkynning, lovsong, solosong, eige husorkester og nådegåvene i funksjon. Frammøtet var overveldande. Ingebjørg Espevik, leiar i Laurhammer Indremisjon, fortel at helga vart planlagt under felles styremøte bygdene hadde i haust. - Me ynskjer å vera meir saman, og ikkje sitja på kvar vår tue, seier ho. Me ynskjer å samla kreftene, og vera meir saman også for framtida.

Helga har vore eineståande i forhold til fellesskap, fortel ein nøgd Terje Sørensen, leiar i Hiskjo Indremisjon. I tillegg til «våre» eigne frå bygdene, er det kjekt at det også har dukka opp folk frå andre samanhengar. Eg trur bodskapen som er formidla denne helga, har gjort noko med mange. Det er i kvardagen det no blir viktig å leva ut det som er forkynt. Det har vore ei sterk helg med Guds nærleik. Eg kjenner det i hjarterota, seier Terje. Det blir viktig med samarbeid framover for å oppmuntra og løfta saman. Eg tenkjer mykje på kva Gud vil for den enkelte og for bygdene. Eg har mange spørsmål, og ikkje så mange svar. Det er viktig at kvar bygd tenkjer på kva Gud har for oss. Me skal ikkje nødvendigvis kopiera andre, seier Terje.

Eige husorkester er blitt eit varemerke på Hiskjo. Her også med ei stor forsongargruppe der fleire bygder er representerte

Stolane i ferd me å fyllast opp under møtehelga på Hiskjo

4

Indremisjonsvenen - Nr. 01 - 2017


MINNEORD Nils M. Rydland til minne! Indremisjonshøvdingen Nils M. Rydland døydde 2. januar i år. Nils var fødd på gardsbruket på Rydland, Fitjar, 5. oktober 1939. Der budde han heile livet. 4 år gammal miste han faren sin. Det gjorde at han tidleg måtte ta ansvar for drifta på garden. Nils var rikt utrusta og mange fekk etter kvart nyta godt av det. Etter Framnes Folkehøgskule og Lyngdal Jordbruksskule tok Nils realskuleeksamen og artium som privatist. Så vart det lærarutdanning og tilleggsutdanning ved Universitet. Alt dette medan han også dreiv garden heime på Rydland. Nils var både stolt over og takknemlig for familien sin; kona Edith og dei 4 borna. Etter kvart som barneborna kom vart også dei varmt innrullerte i Nils sitt omsorgsfulle hjarta. Slaget ved å mista eine dottera var tungt for Nils. KrF sin lokalpolitikk la tidleg beslag på noko av Nils si tid. Som skulestyreformann, og seinare som varaordførar, sette han seg i respekt og fekk raskt stor tillit. Då han i 1980 vart formann i IMS (Indremisjonssamskipnaden) sa han nei til vidare engasjement i politikken. Han var IMS-formann fram til 1986. Så tok han ein ny periode som IMS-formann i perioden 1990-97. Like frå tenåra hadde vitnetenesta lege tungt på Nils. Nøden hans var at andre skulle få møta den Jesus som han sjølv hadde møtt, og som gav han både trygghet og framtidshåp! Difor vart han mykje brukt som forkynnar. Også som pensjonist var han ein aktiv fritidsforkynnar. Og folket sette stor pris på Nils. Han fekk bety mykje for så mange! For meg var det alltid godt å møta Nils! Hans interesserte haldning og hans oppmuntringar gjorde at ein liten prat med Nils gav nytt mot! Skal me karakterisera Nils så fell det naturleg å bruka orda ”stillfaren og sterk” og ”truverdig og trufast”. For Nils slo seg ikkje fram. Han krevde ikkje stor plass. Men nett dette var med på å gjera han stor! Styrken hans var ekte. Den kom innanfrå, frå ei djup overbevisning og eit guddommeleg kall. Nils var aldri redd for å stå åleine på det han var overtydd om var rett. Samstundes hadde han også den trygge integriteten som gjorde det uproblematisk å innretta seg etter eit fleirtal. Nils var så 100% truverdig. Han var ekte! Han var heil ved! Folk visste at dei kunne stola så totalt på Nils. Det er heller ingen overdrivelse å seia at Nils gav innhald til ordet ”trufast”! Han var først og fremst trufast mot sin Himmelske Herre og Frelsar. Men dette gav mange praktiske konsekvensar. Litt av den tenesta han utførde for IMS er alt nemnt. Det vert fortalt at kvart år, heilt sidan han vart IMS formann i 1980, så ringde Nils til Helgatun like før jul. Ville vita korleis det gjekk med drifta og med dei som jobba der. Og så måtte han få ønskja dei ei god og velsigna jul! Slik var Nils! Oppmerksom! Interessert! Inspirerande! Men trass i denne vide kontaktflaten svikta ikkje Nils sitt lokale bedehus og Øvrebygda Indremisjon. Tvert om; han vurderte det åndelege nærmiljøet som sjølve livssnerva for Gudslivet. Difor dreiv han i over 30 år den populære Klubben for ungdomane. Og difor tok han, omtrent til det siste, ansvar for bønemøta kvar veke. Og bønemøte vart det, sjølv om Nils gjerne var den einaste som møtte opp. I takknemlighet for den store tenesta Nils M. Rydland fekk utføra og for det føredøme han har vore for oss, lyser me fred over minnet hans! Ingebrigt S. Sørfonn

Indremisjonsvenen - Nr. 01 - 2017

5


LIK OSS

Lise Marie - Ingfr id

barne- og fam .arbeidar

Leirar framover Brandøy:

Helgatun:

Tweensleir

Superhelg

Påskefestival

Minileir

5.-7. klasse 24.-26. mars Kr. 800,-

0-9 år m/fylje 26.-28. mai Kr. 630,-/950,-

7.-10. klasse 7.-11. april Kr. 1260,-

Leirminner

Før jul var det mange leirar på både Brandøy og Helgatun. Her er nokre minner og glimt, fine smil og kjekke aktivitetar. Kjempekjekt at de kjem på leir - helsar gjengen øvst på sida her. Hugs å melde på til leirane for våren og sommaren!

dleir

rksta Juleve å p k o iknekr

2.-4. klasse 23.-25. juni Kr. 740,-

Påskeleir

-

barnesekretær

Te

Tweensweekend

10. klasse og opp 12.-16. april Kr. 1470,-

5.-7. klasse 23.-25. juni Kr. 840,-

Juniorhelg

4-9 år m/fylje 21.-23. april Kr. 630,-/1000,-

Sommarminileir 2.-4. klasse 27.-29. juni Kr. 740,-

Meir info finn du på nettsida vår under fana ”leir”. Her kan du melde deg på leir og lese meir om kva ein leir inneheld.

Kjekk gjeng ir le frå Valen på

www.indremisjonen.no post@indremisjonen.no tlf 53 41 07 04

Sommarleir 5.-7. klasse 29. juni-2. juli Kr. 950,-

Familieleir

5.-9. juli Max familie-----6500,3-7 år --------------840,8-12 år ----------1050,13-16 år --------1155,vaksen -----------2050,-

ActiveTen

8. klasse og opp 10.-13. august Kr 1050,-

Indremisjonssamskipnaden Snø e Jule n kom verk p stad å lei

r

www.indremisjonen.no 6 6

Indremisjonsvenen - Nr. 01 - 2017


-

Mitt bibelv ers! nes

Johan

For han s k påbod om al gje englane sin e dine vega å verna deg på a lle r. D hendene ei skal bera deg p så d å foten mo u ikkje støyter t nokon s tein. Sa lme 91, 11 -12

Jakob

-

ungdomssekretær

Lovise An dreasse

Johannears

n, 16 år, Foldrøyham

n

leirarbeid

n på Heile gjenge g el h ts n ve Miniad

iant Hausttreffvar n ke ei ll to av S

Ekskursjo n til Aman da-huset

aktiv Kjekt å være n i gymsale

na Marit og bor i farta

Nissejakt på Tenhelg

-vener

lg Tenhe

Indremisjonsvenen - Nr. 01 - 2017

7


Tre frå IMS på Bildøy: 1. 2. 3. 4.

Kvifor har du valt eit år på bibelskule/Bildøy? Kva linje går du? Korleis har du opplevd året hittil? Kva tankar har du om vegen vidare? Inger Kristine Hatlevik 21 år, Stord:

1. Eg valte å ta eit år på bibelskule for å få eit “friår» der eg kunne bruka tid på Gud, læra meir om bibelen, og utfordra meg sjølv i kristenlivet. Eg valte Bildøy fordi eg har ei søster som har gått der tidlegare, og så hadde eg høyrt veldig masse bra om skulen. 2. Eg går på musikklinja. 3. Året til no har vore bra, men og utfordrande på fleire måtar. Eg har oppdaga sider ved meg sjølv som eg ikkje har sett før. Det å begynna året på Bildøy med at eg nettopp hadde fått meg kjæreste, og at han skulle vera igjen på Stord, har jo vore utfordrande. Samtidig har eg bygd eit sterkare bånd med Gud. I vanskelege situasjonar har det å søkja Gud, og bruka tid med han og bibelen, gitt meg veldig glede og styrke. Eg er blitt meir bevisst på å ta Gud med meg uansett situasjon. Undervisninga er veldig bra, og eg har lært mykje. Lærarane er flinke og har stor omsorg for alle elevane. Dei er flinke til å sjå den enkelte. 4. Vegen min vidare blir nok å komma heim igjen til Stord for å jobba. Eg har fagbrev, så eg tenkjer å legga studiene litt på vent føreløpig. Og så gler eg meg til å ta Gud med meg vidare på vegen!

Maria Markhus Stokken 19 år, Sagvåg: 1. Eg valte eit år på bibelskule fordi eg ville setja av eit år til Gud og bibelen, og fordi eg ville ha eit “friår”. Då tenkte eg at eit bibelskuleår var ei god investering! Eg hadde høyrt mykje bra om skulen, og då dei var på besøk på skulen eg gjekk på før (Lundeneset vgs) syntes eg Bildøy verka som ein god skule! 2. Eg går på Disippel. 3. Hittil synest eg året har vore bra. Eg har fått utfordra meg sjølv i praksis med ulike oppgåver! Undervisninga her har gjort at eg har vakse mykje i kunnskap. Eg har blitt mykje betre til å lesa bibelen, og får større glede i kvardagen av den! Eg har erfart at det å ta med meg Jesus i både gode og vonde situasjonar har gitt meg stor styrke, noko eg er utrulig takknemlig for. Det er eit bra miljø på skulen der folk tar initiativ til f.eks å stella i stand ulike arrangement eller berre gjera det koseleg med å samla folk til spel, film, kake o.l. 4. Vegen min vidare blir eit «friår» til der eg skal jobba. Eg har framleis ikkje bestemt meg for utdanning, så eg tenkjer at resten av dette året og det neste blir spennande. Så legg eg livet i Guds hender og går den vegen Han vil.

Bildøyelevar på turnè 18.-22. januar var eit team frå Bildøy på turne til IMS. Dei presenterte skulen og dei tre linjene; disippel, KRIK og musikk, og elevane deltok aktivt med song, leiing, vitnesbyrd og andakt. Ope hus Sagvåg var blant dei heldige som fekk besøk, samt Leirvik, Fitjar, Laurhammer og Horneland bedehus. Dei var også innom Skjærgård LIVE Sunnhordland sin konsert på Bømlo. Framme f.v.: Elisabet Haukanes (Bergen), Julie Stormark (Fedje), Thea Nesbø (Finnøy), Ole Laurits Tønnessen (Klepp stasjon), Johannes Aase (Klepp stasjon). Bak f.v. Inger Kristine Hatlevik (Stord), Marit Roppestad (Bergen), Maria Markhus Stokken (Stord), Gunhild Redse Cornelius (Volda – lærar).

8

Indremisjonsvenen - Nr. 01 - 2017

Miriam Sandvik 19 år, Voss 1. Eg har valt å gå på bibelskule fordi eg ynskjer å grava litt djupare i bibelen, finna meir ut om kva den vil fortelja meg, og dessutan få meir personleg relasjon til Jesus. Å få voksa i trua saman med venner er eit veldig godt grunnlag å ha før me skal ut i studier og arbeidsliv. 2. Eg går på KRIK. Linja har fokus på å bruka naturen og kjenna gleda av aktivitet, samtidig som me lærer om Gud. 3. Fram til no har dette vore eit fantastisk år. Me var ein tur til Israel, og dette var ein veldig fin og lærerik tur. Å oppleva reiser og turar saman med gode venner gjer at alle aktivitetar blir kjekke. Miljøet på bibelskulen er noko for seg sjølv. Det er oppbyggande og alle vert inkludert. Året på bibelskulen har vore over all forventning. 4. Vidare har eg tenkt å begynna med studier. Eg har også starta opp igjen eit barne- og ungdomsarbeid i bedehuset heime på Voss, som eg har lyst å fortsetja med.


Aktivitetskalender 2017

INDREMISJONSSAMSKIPNADEN

Februar: 03.-05. 10.-12. 24.-26.

Mininileir 2.-4. klasse Damehelg Brandøytreff –leir tilrettelagt for vaksne med utviklingshemming

Mars: 24.-26.

Tweensleir 5.-7. klasse

April: 07.-11. 12.-16. 21.-23. 24.-27.

Påskefestival 7.-10.klasse Påskeleir 10. klasse +++ Juniorhelg 4-9 år i følgje med vaksen Vårtreff –for oss over 60

Mai: 09.-11.

Dugnadsdagar

Juni: 27.-29. Sommarminileir 2.-4. klasse 29.-02.07. Sommarleir 5.-7. klasse Juli: 05.-09.

Familieleir

August: 10.-13. 20.

Active-ten start 8. klasse +++ Brandøydagen

Februar: 03.-05. Skiweekend 8. klasse +++ 20.-24. Vinterferieopphald 27.-05.03. Vinterferieopphald Mars: April: 07.-11. 12.-17.

Kombileir –for heile familien Påskeopphald –for heile familien

Mai: 26.-28.

Superhelg 0-9 år i følgje med vaksen

Juni: 23.-25. Minileir 2.-4. klasse 23.-25. Tweensleir 5.-7. klasse 27.-02.07. Dugnadsveke August: 06.-11. 14.-18.

Helgatuntreff med busstur Sunnhordlandstreff

September: 22.-24. Damehelg Oktober: 20.-22.

Pusterom

November: 03.-05. Juleverkstadleir 4-9 år m/følgje 10.-12. Førjulshelg 4.-7. klasse

September: 01.-03. Kvinneweekend November: 10.-12. Hausttreff 10. klasse +++ 24.-26. Miniadventshelg 2.-5. klasse Desember: 01.-03. Tenhelg 8.-10. klasse 08.-10. Adventshelg 5.-7. klasse

Evangelisering:

06.-08.07. Bluesfestivalen Skånevik 13.-15.07. Pit-Stop Tysnesfest

Andre arrangement:

Sommarstemne:

25.05. 21.05. 28.05. 28.05. 04.06. 13.08. 20.08.

Venestemne på Fitjar Stemne Auklandshamn Sommarstemne for Bømlo, Salem -Moster Åsleitestemna Herand Pinsestemne Tveit Bedehus, Tysnes Solheimsdalsstemne Tysnes Brandøydagen

04.02. Forsamlingskonferanse Stord 05.02. Vintermøte Bremnes 18.03. Forsamlingskonferanse Norheimsund 16.-18.06. Sommaren Storsamling Framnes 29.09-01.10.Haustmøte Stord 12.-14.10. PIT STOP Stord 17.-19.11. Lederkonferanse ImF

Julemesser:

25.11. Førjulsmesse Tysnes 01.-02.12. Julemesse Bremnes

Indremisjonsvenen - Nr. 01 - 2017

9


Helsing frå Resepsjonsdisken vart måla på dugnaden i mai 2016, og på dugnaden i haust har også resten av resepsjonen blitt fornya!

www.brandoy.no

Korleis går det på Brandøy? Slik spør mange oss, og det er flott å merka at mange er glade i Brandøy! Og no byrjar vi «nye» på Brandøy å kunna seia at «dagane går sin vante gang». Det er godt å ha kome så langt at vi veit kva denne berømte «vante gangen» inneber! Men litt nytt skjer her innimellom likevel, og det er kjekt. I dugnadshelga i november bidrog ein flott gjeng med storopprydding i kjellaren og på leiarrommet, byte av dusjar, fornying av resepsjonen, maling i internatgangar, plating av veggar i ei av leilegheitene, og storproduksjon av bakst – mellom anna. Dei 20 dugnadsarbeidarane som var samla denne helga gjorde ein imponerande innsats. Det er veldig godt å få ta slike løft i blant! I slutten av desember og vidare i januar har det blitt rydda mykje skog på baksida av hovudbygget og framover mot leikeplassen. Det har blitt ope og fint, så gled deg til å sjå den gode utsikta frå peisestova no!

Første helga i januar var det juletrefest her på Brandøy, arrangert saman med Innbjoa bedehus og Bjoa Misjonsmenighet. Over 60 store og små frå blant anna Bjoa, Ølensvåg og Ølen hadde ei flott stund saman. Det er mange år sidan sist julefest på Brandøy, men vi håpar på at tradisjonen kan førast vidare ei stund framover no. Mange av leirane til IMS har vore godt besøkte i haust, og det er kjekt! Siste leiren før jul var full, og hadde mange på venteliste. Slike store tal er sjølvsagt flott, men det er også oppmuntrande til dømes når det kjem deltakarar på leir for første gong, og når nesten alle gutane i ein klasse frå Kvinnherad reiser på leir saman. Helgene på Brandøy fyllest fort opp. I skrivande stund er det ingen ledige helger før i oktober 2017. Men helga 13.-15. oktober er altså framleis ledig, ta gjerne kontakt om du ynskjer å leiga. Vi jobbar fortløpande med å få meir aktivitet på Brandøy i vekedagane også, som er eitt av dei største satsingsområda framover.

Elles vil vi også nemna at vi satsar på dugnadsdagar frå tysdag 9. mai til torsdag 11. mai. Meir informasjon om dette kjem utover våren, men noter deg gjerne dagane alt no. Vi satsar blant anna på å få gjort ein del målearbeid utandørs. På personalfronten er Annbjørg no tilbake etter eitt år i fødselspermisjon, og Andreas tar ut gradert permisjon utover våren. Følg Brandøy Misjons- og konferansesenter på Facebook for jamlege oppdateringar om kva som skjer på Brandøy! Sjekk og nettsida vår www.brandoy.no. Ver gjerne med i bøn for det som skjer på Brandøy i vår! Vi helsar med Jesaja 55, 10-11: «For lik regn og snø som fell frå himmelen og ikkje vender attende dit før dei har vatna jorda, gjort henne fruktsam og fått henne til å spira, gjeve såkorn til den som skal så, og brød til den som skal eta, slik er mitt ord som går ut or min munn: Det vender ikkje tomt attende til meg, men gjer det eg vil og fullfører det eg sender det til.» Helsing Annbjørg og Andreas

Glade born på leir!

partiet. lar i inngangs

Nye møb

10 10 10

Indremisjonsvenen - Nr. 01 - 2017

Det er godt med gode dugnadsarb eidarar! Her er Ella Mæla nd og Oddrun Mæ la sving med gjærb akst på dugnadsh nd i elga.


Reiseruta februar og mars Marit Hårklau Ådnanes 03.02 Styremøte IMS 04.02 Forsamlingskonferanse Leirvik 09.02 Sagvåg Indremisjon 13.02 Ressursgruppetrf 1 Sunnhordl 16.02 Ressursgruppetrf 2 Sunnhordl 18.02 DNA-konferanse Sandnes 21.02 Ressursgruppetreff Hardanger 23.02 Kyrkjetunet Ølen 07.03 Halsnøy Indremisjon 15.03 Ølensvåg Kvinneforening 16.03 Eikelandsosen Indremisjon 18.03 Forsamlingskonf. Norheimsund 19.03 Laurhammer Indremisjon 21.-23.03 Framnes KVGS 29.-30.03 Nordtveit Misjonsforening Lise Marie Th. Litlabø 01.02 Myldredag Moster 06.02 Hobbyklubben i Uskedalen 07.02 Auklandshamn Yngreslag 09.02 Leirvik Junior-Ving 10.-12.02 Damehelg Brandøy 13.02 Jubal Sagvåg 14.02 Gilje Yngstes 17.02 Horneland Indremisjon 18.02 DNA-konferanse Sandnes 22.02 Fagdag Bergen 07.03 Dei Kreative Uskedalen 07.03 Sandvoll Ving 08.03 Småbarnstreff i Uskedalen 12.03 Horneland Indremisjon 14.03 Hobbyklubben Valen 14.03 Tito - Valen 15.03 B:kids Sagvåg 16.03 Torsdagsope Sagvåg 17.-19.03 BU-konferanse Bildøy 21.03 Bømlo Minimax 29.03 Myldredagsbasar Moster 30.03 Klubben Fitjar Kåre Johan Hamre 01.-05.02 Uskedalen Indremisjon 08.02 Meling Indremisjon 09.02 Sandvoll Indremisjon 10.02 Høylandsbygd Indremisjon 11.02 ZoomIn Gilje 12.02 Gilje og Thormodsæter IM 13.-16.02 Granvin Misjonslag 23.02 Vikebygd krins 24.-26.02 Brandøytreff 27.02 Granvin Misjonslag 01.-12.03 Helgatun 13.-16.03 Granvin Misjonslag 22.03 Tysnes støtteforening for IM 23.03 Stranda Indremisjon 24.-25.03 Tysnes støttefor for IM 27.03 Granvin Misjonslag 31.03-02.04 Børsheim og Fosse IM Liv Rolfsnes 10.-12.02 Odda Indremisjon Marit Andresen Røen 04.03 Meling Indremisjon 05.03 Laurhammer Indremisjon 18.03 BU-konferanse Bildøy

Aksel Ingvard Johannessen 02.02 Laurhammer Indremisjon 03.-05.02 Uggdal Indremisjon 10.-12.02 Omvikdalen Indremisjon 12.02 Holmedal Indremisjon 22.02 Auklandshamn Indremisjon Svein Bjarne Aase 10.02 Sveio Mannsforening Toralf Steinsland 22.02 Sveio Indremisjon Jens Tveit 12.02 Håvik Indremisjon 19.02 Utbjoa Indremisjon 09.03 Laurhammer Indremisjon Ingfrid Byrkja Hystad 16.02 UNG-lederforum 17.02 Gilje og Thormodsæter IM 18.02 DNA-konferanse Sandnes 17.-19.03 BU-konferanse Bildøy 23.03 Leirvik Junior-Ving 24.-26.03 Tweensleir Brandøy Olav Eikemo 09.02 Lothe og Alvsåker Indremisjon 10.-12.02 Odda Indremisjon 16.-19.02 Skånevik Indremisjon 21.-23.02 Fosse og Børsheim IM 24.-25.02 Bogøy Indremisjon 26.02 Åkra Indremisjon 11.-12.03 Sagvåg Indremisjon 16.03 Huglo Indremisjon 17.-19.03 Jondal Indremisjon 21.03 Halsnøy Indremisjon 29.03 Sveio Indremisjon Runar Landro 04.02 Forssamlingskonferanse Leirvik 18.03 Forsamlingskonf. Norheimsund Leiv Nesheim 15.03 Meling Indremisjon 16.-19.03 Ølen og Ølensvåg IM 21.03 Neset Indremisjon 22.-24.03 Øvrebygda Indremisjon 25.03 AKTIV Moster 26.03 Øvrebygda Indremisjon Ingbjørn Vingen 15.-19.02 Tørvikbygd Indremisjon Ingebrigt S Sørfonn 03.02 Styremøte IMS 04.02 Forsamlingskonferanse Leirvik 12.02 Samnanger Misjonsforsamling 19.02 Horneland Indremisjon Jorunn Eikemo 10.-12.02 Odda Indremisjon Roald Evensen 16.-17.02 Finnmarksmøte Øvrebygda 18.-19.02 Meling Indremisjon 22.-26.03 Finnmarksmøte Bømlo

Erik Furnes 03.-05.02 Fitjar Indremisjon 04.02 Forsamlingskonferanse Stord Aud Karin Kjølvik Ringvoll 09.-12.02 Moster Indremisjon Klaus Muff 22.02 Bømlo Indremisjon 12.03 Moster Indremisjon Ola Malvin Lomheim 02.03 Tysnes støtteforening for IM 09.03 Tysnes støtteforening for IM 16.03 Tysnes støtteforening for IM Halvard Sveen 05.02 Sagvåg Indremisjon 05.03 Horneland Indremisjon Marit Dahl Hollund 01.03 Meling Indremisjon Harald Rydland 15.+17.02 Tveit Indremisjonslag 05.03 Os Indremisjon Johannes Olsen 18.02 DNA-konferanse Sandnes 31.03-02.04 Bømlo IM weekend Jakob Saghaug 03.-05.02 Skileir Helgatun 16.02 UNG-lederforum 17.02 Fitjar Ten-Treff 18.02 DNA-konferanse Sandnes 22.02 Ope Hus Valen 07.03 Laurhammer Yngres 17.-19.03 BU-konferanse Bildøy 21.-23.03 Framnes KVGS 28.03 Laurhammer U-Alpha Håkon C Hartvedt 18.03 Osterneset Indremisjon 26.03 Gilje og Thormodsæter IM Torgeir Skrunes 03.02 Leirvik UKS 04.02 ZoomIn Gilje 05.02 Vintermøte Bremnes kyrkje Otto Dyrkolbotn 29.03-02.04 Leirvik IUF Håkon Garvo 22.-26.03 Finnmarksmøte Bømlo Ole Magnus Breivoll 23.-25.02 Halsnøy og Husnes IM Arne Lindekleiv 28.02 Borgundøy Indremisjon 14.03 Gravdal Indremisjon

g n i l m a s r o t S 17 ommarens 6.-18. juni 20

S

es, 1 n m a r aug F d n u d Bjarte Leith e m rt e s n o Norheims K unnar Ferstad

Hovudtalar: G

11 11 11


Vi anbefaler minimum 13 cm lengde pga lange adresser

Avsender: Indremisjonskontoret, Pb 150, 5401 STORD

minst 6 cm avstand

Avesnder: Her settes fullstendige returadr på en linje

B

Returadr på en linje

Brandøyt r e ff e t

Indremisjonssamskipnaden

Forsamlingskonferanse Laurdag 18. mars kl. 11-16

Norheimsund Bedehus

bruar 2017 24. – 26. fe ed ne lagd for vaks Leir tilrette g in m funksjonshem

Portomerke settes inn i 1:1 str

m

LIK OSS

Runar Landro vert med Tema: Sterke fellesskap

Påmelding innan 15. mars til www.indremisjonen.no

Runar Landro Hovedpastor Fredheim Arena

KOMBILEIR HELGATUN 07.-11. april Velkommen til familieleir i palmehelga! Ta kontakt med Helgatun tlf. 56 51 98 98

7

Lederkonferanse for barne- og ungdomsle dere

17.-19. mars 2017 Bildø y bibelskole

Vårtreff på Bra ndøy –for oss over 60 24.-27. april 2 017

Annonser, bilder, red. stoff o.l.

Velkommen til gode dagar me d fellesskap om Guds ord og fellesskap me d kvarandre

HAN ER MIN ALENE KLIPPE OG M IN FREL SE

PÅME LDING INDRE MISJO NEN.N O

SALM

E 62.3

Påmelding: Indremisjonskont

En sko le for Live t!

KRIK

MUSIK

K

DISIPPE

L

TJENES TE 2

Brandøy 5.-9. juli 2017 12 12

FAMILIELEIR

rsamling, to S s n e r a m m So 18. juni 2017 .6 1 , s e n m a r F - Nr. 01 - 2017 Indremisjonsvenen

oret Tlf. 53 41 07 04 www.indremisjo nen.no www.bi

ldoybi

belskol

e.no

Venen 2017 1  

IMS (Indremisjonssamskipnaden) sitt meldingsblad.

Venen 2017 1  

IMS (Indremisjonssamskipnaden) sitt meldingsblad.

Advertisement