Venen 2016 4

Page 1

ORGAN FOR INDREMISJONSSAMSKIPNADEN 04 - 2016

edholmen Leik og moro på Sm juni. orsamling på Fitjar i St s en ar m m So r de un

Indremisjonsvenen - Nr. 04 - 2016

1


Vi vil bygga varme inkluderande fellesskap, vinna nye for Jesus, og gjera dei til hans disiplar. Indremisjonssamskipnaden

Layout: Jan-Ove Fagerheim Trykk: Haugesund Bok og Offset A/S Red.: Marit H. Ådnanes Indremisjonssamskipnaden Postboks 150, 5401 STORD Tlf.: 53 41 07 04 Fax: 53 41 27 40 Bankgiro: 8220.02.80454 Opningstider Indremisjonskontoret: Måndag – torsdag: 09.00 – 15.00 Fredag: Stengt Heimeside: www.indremisjonen.no E-post: post@indremisjonen.no www.facebook.com/Indremisjonssamskipnaden

IMS-styret: Ingebrigt S Sørfonn - formann Anfinn Økland - nestformann John Morten Espevik Bernt Arild Gjøvåg Anlaug Harestad Liv Ingunn Heie Medhaug Per Gunnar Nordbø Vara: Marte Kvilhaugsvik Asle Skogly Bjørn Saghaug

Helgatun 5713 VOSSESTRAND Telefon: 56 51 98 98 Telefax: 56 51 98 99 Bankgiro: 8220.02.80497 Konst. dagleg leiar: Solveig Norheim Heimeside: www.helgatun.no

Brandøy 5584 BJOA Telefon: 53 76 98 81 Bankgiro: 8220.02.80470 Dagleg leiar: Andreas C. Våge Heimeside: www.brandoy.no

Framnes KVGS 5600 NORHEIMSUND Telefon: 56 55 05 00 Telefax: 56 55 13 92 Bankgiro: 8220.02.80292 Rektor: Harald Voster Heimeside: www.framnes.vgs.no

SunnBok

2

I sommar har eg lese bøkene «Endeleg mandag», og «Jeg fant jeg fant» av Arne Skagen. På ein humoristisk og kvardagsnær måte fortel Skagen om korleis Jesus vil gjera oss til menneskefiskarar. Bøkene kan trygt lesast utan at du sit igjen med dårleg samvit. Eg vart i alle fall inspirert. Det er kvardagar det er flest av, og den kristne trua breier seg gjennom vanlege menneske som er fylte av Den heilage Ande til å dela evangeliet med andre. Eg må innrømma at eg har tenkt at denne jobben er for spesielt interesserte – og ikkje for meg. Bøkene gir meg tru, håp og inspirasjon på at det også gjeld meg. Skagen oppmuntrar oss til å be «i dag bøner». Gårsdagen er forbi, morgendagen kjenner ingen. Men nettopp i dag kan eg tena Gud, følgja Jesus og høyra kva Den Heilage Ande minnar meg om. Spesielt kan me vera på utkikk etter eit fredens menneske som det står om i Lukas 10; eit menneske som er positiv til deg og vil høyra om Jesus. I andakten denne gong vert me minna om at det viktigaste er at me møter menneske der me er; på jobb, skule, nabolag… Gud har store planar for deg og menneska du møter. Skagen si haldning til menneske er: «Eg gler meg til å drikka kaffi med eit menneske som er elska av Gud.» Eg trur det er vanskeleg å nå eit menneske me ikkje er glad i. Kanskje opplever du leiaren i dag som krav og mas om å gå ut i kvardagen. «Om du først og fremst treng å kjenna deg elska og bekrefta av Gud, gløym alt eg seier. Då kan du oppleva utfordringa her som eit åk som vert lagt på skuldrene.» Kanskje treng du å bli funnen sjølv før du går ut på oppdraget? Dessutan å følgja Jesus handlar ikkje alltid om å vera på farten, frå det eine oppdraget til det andre. Det handlar også om å følgja Jesus til ein aud stad, for å vera åleine med han og henta kraft. Så er det også kraft i «De helliges samfunn». Me vart på GF utfordra på om forsamlinga er den staden me går når me har det vondt; når du har økonomiske problem, når du slit i ekteskapet? Om me tilhøyrer eit fellesskap med mykje støtte, kan me tola store utfordringar. Jesu disiplar hadde god støtte i Jesus og i fellesskapet med kvarandre. Så måtte dei også tola store utfordringar! Me er omringa av moden frukt, fredens menneske. Gud vil gi oss kraft og frimod etterkvart som me handlar. Me treng ikkje krafta før me går. I desse dagar er det oppstartstid på mange bedehus. Runar minna oss i siste bibeltime under GF at Jesus kjem til å stilla opp i di bygd – i di forsamling! Jesus kjem til å gjera noko i menneskes liv. Det startar med deg! Vil du bli sendt? Kvardagen er spennande saman med Jesus. Økonomi Å driva misjon er ein økonomisk risikosport. For å få økonomien til å gå rundt er vi heilt overlatt velviljen frå misjonsfolket rundt om i bygdene. Inntektene vi har kjem i all hovudsak frå gåver som lag, foreiningar og privatpersonar sender. Det er dette som avgjer kor mange tilsette og kor høg aktivitet vi kan ha. I fjor på denne tida hadde vi eit stort underskot og gjekk ut med sterk oppmoding til alle om å vera med å ta eit tak for å få året i balanse. Dette klarte vi og vel så det! I år ser rekneskapet betre ut, men og dette året er vi avhengig av gode gåver utover hausten for å få drifta i balanse. Pr. juli hadde vi eit driftsunderskot på i underkant av 700.000,-. Vi håpar du som les dette tar økonomien med i bøn framover. I desse dagar vert det sendt ut gåvegiro for haustgåva, vi håpar mange nyttar seg av denne muligheten til å vera med å gje eit bidrag. Takk til kvar og ein! Vi er svært takksame for ei stor testamentarisk gåve på kr. 836.148,-.

GÅVEBAROMETER: lagsgåver, gåveaksjonar og gjevarteneste pr. 31. juli 5000000,0 4500000,0

4000000,0 3500000,0

3000000,0 2500000,0

2000000,0 1500000,0 1000000,0

500000,0 ,0

Budsjett 2016 4 335 000

Leik og moro på Smedholmen under Sommarens Storsamling på Fitjar i juni. F.v: Vanja Kristine Høl Nilsen, Anita Notland, Kristine Notland, Rebekka Lillenes.

Dette var temaet på ImF si generalforsamling (GF) i sommar. Runar Landro minna oss i bibeltimane blant anna på at me lever i ei tid som er meir religiøs enn nokon gong. Folk er opne! Vår oppgåve blir å finna passordet til vår tid menneska me vil nå.

Hittil 2015 2 216 432

Framside-foto:

Dagleg leiar

Hittil 2016 2 171 395

Postboks 23, 5401 Stord Telefon: 53 41 20 01 www.sunnbok.no

Innta landet

Leiar av Marit H. Ådnanes


Gud si suksessoppskrift Andakt av Marianne H. Aarbø Leiar i Fitjar Indremisjon

Vårt samfunn er veldig opptatt av suksess. Lenge abonnerte eg på eit treningsblad. I kvart einaste nummer var det minst ei suksessoppskrift - ”Nå løpsdrømmen i løpet av 10 uker” og ”7 enkle stykeøvelser som gir deg drømmekroppen”. Det kan godt hende det var gode råd, hadde eg berre følgt dei. Felles for alle råda var ei liste over ting som må gjerast.

Bibelen viser oss mange av Gud sine suksessoppskrifter. Han valte ut Moses til å føre Israelsfolket ut av Egypt, ein drapsmann. Me tenker at Gud måtte hatt betre folk å velje. Moses var ikkje ein gong i stand til å snakke for seg, og Gud måtte la Moses bruke Aron til dette. Heile historia kan me lese i 2. Mosebok og utover. Historia om utvandringa frå Egypt er full av episodar der menneske ikkje har tillitt til Gud og tar val som fungerer dårlig. Men den er også full av historier om Gud som griper inn, menneske som får møte den levande Gud og eit heilt folk som til slutt når det lova landet.

Dette er me kristne gode på - liste over ting som må gjerast. Og det manglar ikkje på ambisjonar. Me skal fylle bedehuset så veggene sprengest. Me må lage arrangementa attraktive slik at det kjem mange. God taler, flinke musikarar, god mat og gjerne litt sosialt - suksessoppskrift?

Det viktigaste er ikkje om me lykkes i vår plan, men at me tør å la Gud få sleppe til i livet vårt med sin plan.

Samlingane om Guds ord på bedehuset eller i kyrkja skal vere ein plass me hentar kraft og mot for kvardagen. Kor mange ufrelste me når kan kanskje ikkje målast i kor mange som var på møtet. Kanskje kan me ikkje måle det i det heile tatt. Det viktigaste er at me møter menneske der me er, der Gud har satt oss - på jobb, på skulen, i nabolaget, i idrettslaget eller sjukeheimen. Så skal me få lov å vere ufullkomne menneske i Guds plan, akkurat som Moses og alle dei andre ufullkomne menneska me les om i Bibelen. 2.Kor. 12,9: ”Men han sa til meg: Min nåde er nok åt deg, for mi kraft vert fullenda i veikskap.”

BØNE SPALTA

Idrettshallen på Framnes

Bygginga av idrettshallen på Framnes er i rute – ja, faktisk ligg ein før skjema. Biletet er frå 11. august. I løpet av september skal vegger og tak vera tett, fortel rektor Harald Voster. Planen er at hallen skal vera ferdig til IMS si årsmøtehelg 16.-18. juni 2017.

BE FOR: - drift og dagleg leiing på Helgatun - Haustleirane, Haustmøte og weekendar for vaksne på Helgatun og Brandøy - økonomien til IMS BE OM: - Guds nærvær og fellesskap på Pit Stop Leirvik 13. - 15. oktober - lyst til å lesa/studera Guds ord - at Gud må få sleppa til i livet vårt med sin plan TAKK FOR: - all godhet som Gud viste oss gjennom Årsmøtehelga - at Gud gjennom 50 år har møtt, og framleis møter, menneske på Brandøy - gode sommarstemne og sommarleirar

Indremisjonsvenen - Nr. 04 - 2016

3


Glimt frå årsmøtet på Ordførar i Fitjar, Wenche Tislevoll Martin Cave

Fitjar synte seg fram frå si beste side under årsmøtehelga 10.-12. juni. Det var som ordførar Wenche Tislavoll sa i helsinga si på opningsmøtet. –Eg treng ikkje syna bilete. De kan berre sjå sjølve! Temaet for årsmøtet var ”Eit hav av godhet”. Martin Cave frå IMI-kyrkja var hovudtalar. Utsendingsmøtet Til utsendingsmøtet vart det i alt levert 107 fullmakter. Årsmelding og rekneskap vart samrøystes godkjende. I rapporten frå Framnes viste Harald Voster til eit godt økonomisk resultat dette året, og sa litt om bakgrunnen for det. Arbeidet med ny idrettshall er godt i gang. Ein vonar at hallen skal vera ferdig i mai neste år. Voster var glad for kontakten med dei som eig og driv skulen, og understreka kor viktig det er at røtene våre, identiteten og historia vår vert halden fram.

4

Andreas C og Anbjørg N Våge rapporterte frå Brandøy. Til no hadde det gått mykje tid med til å forhandla nye avtalar med leverandørar og få på plass det som må til når det gjeld krav frå styresmaktene, internkontroll o.l. No er det meir rom for å sjå frametter og tenkja på kva ein skal satsa på. Utfordringa er å få inn meir i vekene; kurs og konferansar t.d. Andreas rosa Brandøystyret og takka for deira rolle. Elles arbeider ein med idear ut frå reguleringsplanen, og tankar om korleis ein kan opprusta og bruka Amanda-huset. Brandøy fyller 50 år i år, og Anbjørg sa litt om programmet for jubileumshelga.

Indremisjonsvenen - Nr. 04 - 2016

I rapporten frå Helgatun understreka Kåre Stautland at det hadde vore eit tøft år. Det er gjeve 1,7 millionar i gåver i 2015, han bar fram takk til misjonsfolket for dette og for anna støtte. Han viste òg til positive tilbakemeldingar han sjølv hadde fått frå gjester på huset, både om opphaldet og om maten. To ting må på plass frametter, understreka han. Det eine er ei ny leiing, og det andre ein auke i talet på gjestedøger. Til slutt oppmoda han sterkt til å be om at Gud må få overtelja den som skal overta der oppe, og om visdom i arbeidet vidare. Det nye styret for IMS Ingebrigt S Sørfonn vart samrøystes attvald til formann. Desse vart valde inn i styret: Anfinn Økland (attval) , Liv Ingunn Heie Medhaug (ny) og Per Gunnar Nordbø (ny). Varafolk: Marte Kvilhaugsvik, Asle Skogly og Bjørn Saghaug. Frå før sit: Anlaug Harestad, Bernt Arild Gjøvåg og John Morten Espevik.


Fitjar 2016

Bruskasseklatring

Tom Børge Frøvik i aksjon

Ingebrigt S Sørfonn

Til nye medlemer i Barne- og ungdomsrådet vart desse valde: Reidun Teistedal Dyrøy, Johannes Espevik og Theodor Hellesøy. Varafolk: Silje Fyllingen, Sigrid Gunnarsjaa og Margrethe Thuestad. Samtale om arbeidet Under samtalen om arbeidet var det tre punkt. Det fyrste gjaldt vidareutvikling av arbeidet i IMS-området. Her vert det fyrst sagt litt om råda frå ImF inn i den aktuelle kyrkjesituasjonen. Deretter presenterte Marit Ådnanes ei spørjeundersøking frå området vårt: Korleis kan IMS vera aktuell for laga og foreiningane våre? Ho viste òg til eit initiativ som ImF arbeider med, Awana. Det er ein reiskap for å auka bibelkunnskapen mellom borna og dei unge. Det andre punktet gjaldt utbygging på Helgatun. Initiativtakarane Bjarte Tolaas, Nils Tveite og Øystein Måkestad presenterte ei skisse for stegvis utbygging av husvære for sal i området ovanfor annekset. Målet er å gjera Helgatun økonomisk sterkare. Dei rådde òg til sal av arealet nedanfor riksvegen.

Formannen presenterte eit framlegg til vedtak som vart samrøystes godkjent. Vedtaket inneber at ein i prosessen vidare skal ta omsyn til synspunkta frå årsmøtet, og at Helgatunstyret og styret i IMS arbeider vidare med saka. Det tredje punktet gjaldt Imf-UNG si satsing på å få til nye barne- og ungdomslag. Otto Dyrkolbotn frå ImF orienterte om bakgrunnen for satsinga. Statistikken syner at frå 1992 til 1.januar 2014 var talet på lag gått ned frå 622 til 353. Derfor ynskte ein å gå i gang med nyplanting av lag, slik at born og unge framleis får høve til å bli kjende med Jesus. Det er sett eit konkret mål om å koma opp i 450 lag innan 2020. Stemnedagen Sokneprest Olav Oma opna festmøtet/gudstenesta og leia nattverdstunda søndag føremiddag. I talen tok Martin Cave opp spørsmålet om kva som gjorde Jesus så attraktiv. Med på årsmøtet var òg Tom Børge Frøvik frå Open Air Campaigners. Laurdag ettermiddag tok han del på torgtreffet i Fitjar sentrum. Han var òg saman med borna, og på

storsamlinga søndag ettermiddag fortalde Frøvik om Job – illustrert med litt trylling undervegs! Det var lagt opp til eit flott program for borna og ungdomane, med Barnas sommarfest, myldregrupper, moro i Fitjar sentrum og grilling, leik og kos på Smedholmen, bruskasseklatring og stemning i sentrum. Mange song- og musikkrefter tok del. På konserten fredag kveld kunne du høyra Fitjar skulekorps, Frøydis Grorud og Trude Kristin Klæboe ved sida av Praise Him, som saman med bandet la ned mykje arbeid heile helga. Fitjar Ad Hoc, Fitjar kyrkjekor, Sunnhordlandsmusikken og Fitjar barnegospel var òg med, og gav oss eit breitt spekter av kristen song og musikk. I kollekt kom det inn til saman kr 227.421,-. Dei lokale komitéane gjorde ein flott jobb, til liks med dei som hadde ansvaret for lyd og lys. Alt gleid knirkefritt. Takk til alle som gjorde at ramma kring årsmøtet vart så fin! Største takken går til Han som høyrer bøner og velsigna årsmøtet denne gongen òg! Kåre Johan Hamre

Rettingar gåvelista som stod i årsmeldingsnummert. Stiftelsen 7-stjerna i Sveio har gjeve kr. 12.000,- i 2015 Den gamle norske kyrkja i Standebarm har gjeve kr. 1.750,- i 2015 Bømlo Indremisjon har gjeve kr. 30.000,- i 2015 Indremisjonsvenen - Nr. 04 - 2016

5


Takk for Brandøy! Jubileumshelga på Brandøy vart ei vandring frå høgdepunkt til høgdepunkt, i stor glede og takksemd for Brandøy! Dei organiserte høgdepunkta var først og fremst jubileumsmiddag, konsert med Garness med fleire, festmøte, og familieshow med Tore Thomassen. Men høgdepunkt var det også å treffa så mange Brandøyvener, å få så flott ver, å høyra kva Brandøy har betydd og betyr for folk, og å få dela Guds Ord i lag. Laurdag 20. august fyltest Brandøy med om lag 100 personar i feststemning. Marit Andresen Røen leia oss gjennom ein innhaldsrik og flott jubileumsmiddag. I tillegg til oksesteik med tilbehør og Panna Cotta, Créme brûlée og Dronning Maud, fekk vi mellom anna ein appell ved Liv Rolfsnes - til oppmuntring og ettertanke. Vi fekk helsingar og vi song saman. Til avslutning song Knut Inge Røen den mektige songen «To God be the Glory» - Vår Gud skal ha æra. Det blei eit verdig punktum for festmiddagen, og ein flott overgang til resten av helga! Folketalet på Brandøy dobla seg før klokka vart 18.00, og aktivitetshallen vart omtrent heilt fylt. Jan-Ove Fagerheim og Mariann Steinsland

leia oss med godt humør og stødig hand gjennom konserten. Søskena Linn Borgny og Benjamin Andreas Røen opna konserten med flotte songar og songstemmer, akkompagnert av det dyktige G17-bandet frå Skjold. Og dei svært musikalske søstrene Hildegunn Garnes Reigstad og Ingelin Reigstad Norheim imponerte igjen. Det vart ei stemningsfull og innhaldsrik konsertoppleving! Også på søndagen, sjølve Brandøydagen, stod høgdepunkta i kø. Denne dagen var det nøyaktig 50 år sidan Brandøy vart innvia. Med tilbakeblikk på fortida, oppmuntringar for notida og tankar om framtida, vart festmøtet ei flott samling med glede over Brandøy som misjonsstasjon i sentrum. Festtalar Ingebrigt S. Sørfonn samanfatta målet med Brandøy slik: «At så mange som mogleg skal få møta Jesus».

Tore Thomassen avslutta jubileumshelga med familieshow. Latteren sat laust blant både små og store, og han serverte song på song krydra med småhistorier frå Bibelen, og artig musikk. Det vart nok eit høgdepunkt for dei yngre, men det såg og hørdest ut som det var fleire som hadde ei fin stund! Det er flott å ha fått feira at Brandøy har vore eit viktig samlingspunkt, ein misjonsstasjon, ein heim og ein vekstplass, gjennom 50 år! Då vi parkerte på tunet heime etter jubileumshelga, stod regnbogen på himmelen, og gjekk ned i retning Brandøy. Vi reiste ikkje ned for å leita etter gullgryta, men heldigvis er Brandøy verdt meir enn gull. Her kan vi få del i evige verdiar, og ein slik plass håpar vi at Brandøy kan vera også dei neste 50 åra! Annbørg N og Andreas C Våge

Frå barnem øtet om føremid dagen

og n Garnes Reigstad syskena Søstrene Hildegun av t er nk fla , rheim . en Ingelin Reigstad No njamin Andreas Rø Linn Borgny og Be

6

Tore Thomassen


Har kjent på ei spesiell velsigning Eg har det bra! Vi gjekk inn i dette i lag! Vi vurderte det kvar for oss - men likevel tok vi avgjerda i lag! Gode hjelparar på kjøkenet har vore avgjerande viktig for at det har gått så bra!

Annbjørg, Andreas og Karianna

50-årsjubileumsfeiringa for Brandøy er i full gang, og dagleg leiar, Marit Ådnanes, nyttar høvet til eit intervju med styrarparet, Annbørg Naterstad og Andreas C Våge! Annbjørg, mykje har skjedd dette siste året. De har fått Karianna (7 mnd), i tillegg til alt som har vore nytt i jobben! Korleis har de opplevd det? Det har vore mykje å setja seg inn i! Det er mange ulike instansar å forholda seg til, og mange nye

menneske å bli kjent med! Men vi har hatt eit fint år! Vi har kjent på ei spesiell velsigning ved å vere her på Brandøy! Vi har erfart at ting har ordna seg, mange har hjelpt til, mange ber for oss! Og så har vi fått Karianna! Ja, vi har hatt eit fint år! Du har eigentlig morspermisjon. Likevel har du stadig trødd til, og har for eksempel hatt ei travel veke no i samband med jubileet! Korleis har du det i høve til dette?

Trekningsliste for jubileumslotteriet 1. 2. 3. 4. 5. 6. 7. 8. 9.

Reisegåvekort 12.000,- hjå SI-reiser: Anny Strømø Møbelgåvekort 8.000 hjå Møbelringen: Johannes Solheim TV: Irene Aadland Familieleir på Brandøy: Sigmar Haug Sykkel: Bastian L. Sørheim Kjøkkenmaskin: Ola Solheim Gyngesau frå Granberg Garveri: Ruth Emmerhoff Måleri av Marit E. Totland: Fam. Eilifsen iPad: Kåre Lie

Andreas, du hadde fast 100 % stilling på Lundeneset, og fekk permisjon for å gå inn på Brandøy. No har du sagt opp 40 %, og har 60 % på Lundeneset, og resten på Brandøy. Korleis har året her på Brandøy vore for deg? Det har vore gjort mykje bra arbeid på denne plassen, det vil vi gjerne vidareføra. Her er ei stor tomt som gir mange muligheter! Vi legg planar i lag med Brandøystyret, mellom anna oppussing av leilighetane. Men det er viktig å ta litt om gongen! Dette er nok ein modningsprosess for dåke. Vi opplever likevel at de alt er godt planta her på Brandøy. Om vi ser oss rundt i salen/hallen her, så kan vi sjå kva ressurs vi har fått , der alt teknisk utstyr er eigd av deg Andreas, og rigga på plass av deg og gode hjelparar! Fantastisk! Intervjuet er over og dagleg leiar gir utfordringa til dei som er i salen: «TA DEI MED I BØN!» Vi lar den same utfordringa gå vidare til alle lesarar av VENEN!

Ledige helg er i 2017

Vinnarane er kontakta. Tusen takk til alle som kjøpte lodd og støttar Brandøy! Rett trekning: Andreas C Våge og Guri Bjørnevik

6.-8. januar 13.-15. jan uar 16.-18. jun i Telefon: 53 76 98 81

Indremisjonsvenen - Nr. 04 - 2016

7


LIK OSS

Lise Marie - Ingfr id

barne- og fam .arbeidar

Leirar i haust Brandøy:

Helgatun:

Minitweenshelg

Juleverkstadweekend

3.-5. klasse 4.-6. november Kr. 700,-

Førjulshelg

10. klasse og opp 18.-20. november Kr. 950,-

5.-7. klasse 18.-20. november Kr. 750,-

Ten-Helg

8.-10. klasse 25.-27. november Kr. 850,-

buss-sketsj Ein god, gammal atun lg på leirfest på He

Miniadventshelg

Adventshelg

5.-7. klasse 9.-11. desember Kr. 750,-

På Activ e Hawaii- -Ten vart det a par ty til rranger t st blant de i rundt 6 or entusiasme 0 deltak Erling H ara ar sigeren estad gjekk av ne. for best med ek vann ein ostyme og flott pok al!

Indremisjonssamskipnaden

Tlf 53 41 07 04 post@indremisjonen.no www.indremisjonen.no

Dette er leirane for hausten. Fullstendig Leiroversikt for heile skuleåret finn du på nettsida vår www.indremisjonen.no under fana leir. Her kan du òg melde deg på leir og lese meir om kva leir er.

Minner og om:

Store og små har hatt mykje bra på leir i sommar, her ser du litt:

4-9 år m/fylgje 4.-6. november Kr. 600,-/900,

Hausttreff

2.-4. klasse 3.-4. desember Kr. 600,-

barnesekretær

t nt-aktivite kk bli-kje sjon under je k in e r ong e n i ak Volleyball an. Her er gjenge m a s y ø e Brand for all inileir på Sommarm

ik bedehus 13. - 15. oktober - Leirv

Fleire av deltakarane på Active-Ten prøvde Vannloppe. Nokre meir heldige med resultatet enn andre, ho her klarte halde seg tørr temmelig lenge

tadig like jonell og s rane vinn is d a tr in e Nok av leia leik. Kven t før det renn over? morosam e s la g i vatn med mest

8

Indremisjonsvenen - Nr. 04 - 2016

Det var fr a på Helga mleis mykje snø tun i mai. var ikkje Dette ti mykje flo l hinder for tt på Minile ute-leik ir.

-


-

Mitt bibelv ers! nes

Johan

I fred vil Salme 4,9: e sova. For g leggja meg ned du, H og lèt meg k erre, berre du vila trygt.

Jakob

ungdomssekretær

-

Kristine N otland (1 6), Stord

Johannears leirarbeid

Til Israel for andre gong For tre år sidan arrangerte Ungdomsalpha på Laurhammer tur til Israel. No satsar dei igjen. Me bestemte oss for ca eitt år sidan at me på ny ville arrangera tur, seier leiar Sølvi Alvsvåg. Eg gler meg til å gå i Jesu fotspor og oppleva mykje. For oss som ikkje har vore der før, vert dette stort.

Det blir opplevelsesrike dagar i Israel i ti dagar; frå 8. til 18. oktober. Me gler oss til båttur på Genesaretsjøen, tur til Oljeberget, Massada og Dødehavet og jeepsafari i ørkenen. Me vert tre netter i Jerusalem, overnattar ei natt i beduinleir i ørkenen, og dei siste tre dagane vert det ferie i Eilat.

John Morten Espevik, vaksenleiar på Ungdomsalpha, var drivkrafta bak turen også sist gong. Svein Bjarne Aase vert reiseleiar. Tre familiar med deira ungdommar vert med som reiseleiarar/reisefølgje. Totalt vert dei 26 stk, av desse er 18 ungdommar. Sjølv har John Morten med seg kone og tre barn. Me har plukka boss for SIM på strendene i to omgongar, fortel dei. Første gongen fekk me inn kr 50.000,- på dette. Me har også solgt lodd, og laurdag 3. september vert det basar. På denne måten vert turen mykje billegare for ungdommane. Turen kostar eigentleg kr 16.500,- per person, men for dei ivrigaste bossplukkarane og loddseljarane kan prisen verta halvert og vel så det.

Me vil ha møtestund kvar kveld, og har fordelt oppgåver. Me gler oss til ein samansveisande og sosial tur, seier dei begge.

Her er sju av dei som skal på tur til Israel. F.v. John Morten Espevi k, Sølvi Alvsvåg, Frida Markhus, Johann es Espevik, Gunnar Ro lfsnes, Benjamin Espevik og Ma gnus Saghaug.

Takk Lars Magne! Lars Magne Ådnanes har vore tilsett i IMS i 25 % stilling frå 1. september 2013. For å betra økonomisk situasjon i IMS er det blant anna gjennomført fleire kostnadsreduserande tiltak. Dette har dessverre fått følgjer for Lars Magne si stilling. Som ungdomsarbeidar har Lars Magne reist på lagsbesøk og leir. Lars Magne var også med og starta opp ”19.30” på Leirvik bedehus saman med tidlegare

ungdomssekretær Linda Aase. Dette er eit tiltak for eldre ungdommar mellom 19-30 år. Me vil takka Lars Magne for iver i tenesta, for samarbeid, for alt han har fått bety for ungdommane, og me ynskjer Guds velsigning vidare i livet. Marit Hårklau Ådnanes

Indremisjonsvenen - Nr. 04 - 2016

9


Sommarstemne på Moster Mange var det som spent fulgte med på vermeldingane dagane før 26. juni. Sommarstemnet som skulle vore i Amfiet vart til slutt bestemt flytta til Salem. Og med sitt flotte bygg romma Salem akkurat dei om lag 250 menneska som hadde funne vegen søndag føremiddag. Sosiale medier og jungeltelegrafen var god å ha laurdag kveld for å gjera flyttinga av arrangementet kjent. Ragnhild Hanssen gledde oss med sjølvkomponerte songar, og ho hadde mannen Vegard med på bass. Blant anna song ho «Herre Krist eg flyr te deg» som vart skrive til damehelga på Brandøy i februar. Ingebrigt S. Sørfonn heldt ein sterk tale over søndagens tekst som var frå Apg. 9, 1-19. Etter fellesøkt i storsalen, gjekk borna ned i kjellaren for eigen samling. Her møtte dei kjemikaren Merete Økland Sortland med kvit

frakk. Kirsti Angvik Frugård var også med å losa barna gjennom søndagsskuletimen.

Godt med hjelp til allsongen. F.v. Magnhild Westermoen, Kristina Heggernes og Helena Hallaråker (Foto: Geir Einarsen - Bømlo-nytt)

Mange tok søndagsmiddagen på Salem. Grillmat smakte også denne dagen, og drøsen gjekk lett rundt borda. Sommarstemnet er eit felles løft for alle indremisjonsforeiningane på Bømlo. Mange frivillige er med og gjer arrangementet mogleg.

Kjemikar Merete Økland Sortland var med på samlinga for borna i kjellaren. (Foto: Geir Einarsen - Bømlo-nytt)

Rundt 250 menneske var samla til Sommarstemne på Salem 26. juni. I forgrunnen forsongarane John Morten Espevik, Linda Nordtun og Ragnhild Hanssen. Ragnhild var også dagens solist.

God haust på bedehuset Mange av våre bedehus og forsamlingar har semesterstart, oppstart, kick off eller samlingsfest i månadsskiftet august/september. Kjært barn har mange namn! 28. august var den mest aktive søndagen for IMS denne oppstarten, med nesten alle arbeidarane ute på oppdrag rundt i bygdene våre. I Sagvåg var om lag 50 store og små i alle aldrar samla til Semesterstart. Det var lagt opp til eit møte med ”litt for alle”. Møtet vart opna med å spele av songen ”Eit nådens år” av John-Inge Rolfsnes, nydeleg laga til med musikk og naturbilete, med oppfordring til, og bøn om, at nåden må prege året og arbeidet som ligg føre. Vi fekk høyre fint pianospel og leike fingerbingo med drops til premie. Allsongen var flott, og det var bøn for arbeidet på bedehuset og i bygda. Dei ulike leiarane for arbeidet vart viste fram og var med i bønestunda.

Dei ulike leia ra vart viste fram ne for arbeidet bønestunda. og var med i

Ingfrid Byrkja Hystad frå IMS heldt andakt. der vi fekk høyre om kvinna frå Samaria som blei kjent med Jesus, og som trass sitt dårlege utgangspunkt fekk Jesus til ven og kunne brukast i teneste for han. Møtet var ein god arena for informasjon om og engasjement for arbeidet vidare. Komitèen for Julebasar 3. desember fekk allereie mange på dugnadslista og basarbøker vart delte ut. Leiar Kjetil Fyllingen fekk òg presentert Sagvåg sine representantar til utvalet som skal vurdere bedehusarbeidet på Stord i framtida; Kjetil Harestad og Dag-Ove Fauskanger. Dei skal være med å gi råd i saka om korvidt ein skal eller bør endre karakter og innhald i bedehuset, og graden av samarbeid mellom bedehusa. Kvelden vart avslutta med god kveldsmat og godt fellesskap. I. Hystad

10

Indremisjonsvenen - Nr. 04 - 2016

presenter te Sagvåg Leiar Kjetil Fyllingen utvalet som skal til sine representantar et på Stord i framtivurdere bedehusarbeid g-Ove Fauskanger. Da da; Kjetil Harestad og


Treng du ei frihelg i haust ? Då er DAMEHELGA på Helgatun 7-9. oktober eit høve til det. Den helga kan du få oppleva felleskap med andre damer, slappe av med strikketøy og kaffikoppen. Eller om du heller vil gå på tur, lage ullbilde eller sy deg ei veske, kan du få gjera det. Du skal få oppleva felleskap rundt bordet med god mat og få lytta til Marit Hårklau Ådnanes som skal undervise om Kvinner i Bibelen. Eli Kolstad, tidlegare arbeidar i IMS, vil leia allsong og syngja solo. Lørdag kveld skal vi bli kjendt med «Kveldens gjest» som er ei kreativ dame som er glad i ungdomar og Jesus. Andre som vert med er Marit Andresen Røen, Birgit Hjelmeland, Solveig Norheim og Anne Marie Solsvik, Vi gler oss allerede og håper du har lyst å vera med. Påmelding til Helgatun tlf 56 51 98 98, e-post: helgatun@helgatun.no Pris for heile helga etter kva rom ein vel, frå kr. 1200,- til kr. 1500,-.

m Pustero Velkommen til Helgatun, 14.-16. oktober

- I EIN TRAVEL KVARDAG -

I fjor tok Linda og Bjarte Nordtun saman med Toril og Alf Jarle Langeland initiativ til eit nytt arrangement på Helgatun, PUSTEROM. Ein weekend for dei som ynskjer ein pust i bakken i ein travel kvardag. I oktober vert det eit nytt PUSTEROM. Familieterapeut Liv Slettemark vert med som føredragshaldar. Ho vi snakka om temaet: «Eg, den beste?» -korleis kan eg verta den beste utgåva av meg sjølv? Spennande og interessant tema som alle kan ha noko å læra av. Dette skal vera ei helg med senka skuldre. Her er vi ved foten av Vikafjellet med alle turmulighetene det gjev. Det er kort veg til Voss for dei som vil nytta seg av meir urbane tilbod. Helgatunfolket vil stella til god mat til oss. Godt selskap og god stemning har vi alle ansvar for å skapa. Vi ynskjer ha fokus på det å ha tid til kvarandre, ha åndeleg fellesskap, snakka saman, ha opplevingar saman, ha måltidsfellesskap, ja, rett og slett bruka tid saman utan eit stramt program, vi vil ha eit PUSTEROM i kvardagen. Meir info. og påmelding finn du på www.indremisjonen.no

Dugnadshelg på Brandøy Det er blitt haust, og det betyr at det snart er dugnad på Brandøy igjen! Oppgåvene er mange og varierte. For dei aller minste vil det bli tilbod om barnepass, slik at foreldra kan få hendene frie til å vera med på dugnaden. For Brandøy er dugnadshelga svært verdfull. Vi får gjort vedlikehald og oppgraderingar som elles ville ha kosta mykje. Også for dei som kjem pleier også dette å vera ei flott helg, det er kjekt å jobba saman og å vera saman!

Tidspunktet for helga er 11.-13. november. På fredagen møtest vi til god mat og drøs, familiesamling og planlegging av laurdagen. Laurdag vert sjølve dugnadsdagen, med dugnad på dagtid, og middag, kake- og dessertbord, underhaldning og utlodding på kveldstid. Sundagen avsluttar vi helga med frukost og ord for dagen.

er gratis, dugnaden er betalinga. Ta med verktøy og eventuelt verneutstyr, sengetøy og handkle, eit bidrag til dessert- og kakebordet, gevinst til utlodding, godt humør, familie og gode vener. Påmelding skjer på www.indremisjonen.no under fana «leir»

Vi håpar at akkurat DU vil ta turen til Brandøy denne helga! Her har vi bruk for alle, med ein eller ti tommeltottar! Opphaldet i helga

Indremisjonsvenen - Nr. 04 - 2016

11


Leif Nummela

Fredag

19.00 Go`fredag PÅMELDING til IMS

Konferansier: Gjert Asle Tolås «Visdom i 15 min» Leif Nummela Song/husband: Kjersti og Tor Helge Valvatne m/fl.

Laurdag

16.30 Møte/undervisning

-hovudtalar-

fredag – laurdag - søndag

Kerysso

-song/musikklaurdag

Leif Nummela «Korleis kan eg gjera kloke val i livet» Song/husband: Kerysso Film i salen bak for borna

18.00 Sal av suppe 19.30 «Vi møtes»

Leif Nummela «Guds nåde og visdom i motgang og smerte» Song/ husband: Kerysso Kveldens gjester

11.00 Gudst. Stord Kyrkje Sokneprest: Eirik Aa.Tappel Tale: Leif Nummela

Glimt i auga og gløtt av himmel –revy

billettar: www.bomlokulturhus.no

12

GO`FREDAG -festkveld med smil og alvor-

Søndag

16.00 Bømlo Kulturhus

Fredag 30. sept kl. 19.00 inviterer IMS til Go`fredag

Konferansier: Gjert Asle Tolås «Visdom i 15 minutt»: Leif Nummela Song/husband: Kjersti og Tor Helge Valvatne m.fl. Forrett: Laksepatè Hovudrett: Eksklusiv haustsuppe med grov foccacia Dessertbord: Tema sjokolade Pris kr. 300 pr. person Påmelding til IMS innan 27. september www.indremisjonen.no eller 53 41 07 04

Indremisjonsvenen - Nr. 04 - 2016


Menneskeverd på Pit Stop På Pit Stop i år har me fått gleda av å få besøk av organisasjonen Menneskeverd og Marte Wexelsen Goksøyr. Dette vert eit ope seminar som alle er invitert til å delta på, både deltakarar på Pit Stop og andre. Dette er kva Menneskverd seier om seminaret: ”Marte Wexelsen Goksøyr og Menneskeverd ønsker å tilby dere et unikt seminar med fokus på likeverd og inkludering. Fosterdiagnostikk, som tidlig ultralyd og blodprøver, er en av vår tids største utfordringer og etiske dilemmaer, og derfor et tema vi må aktualisere og diskutere. Ønsker vi et samfunn der vi sorterer vekk de som ”ikke passer inn”, eller ønsker vi et inkluderende samfunn med plass til alle? Marte Wexelsen Goksøyr er en aktiv skuespiller og samfunnsdebattant som engasjerer seg i spørsmål omkring fosterdiagnostikk og sortering av mennesker med Downs syndrom. Med sin sterke appell på grunnlovsjubileet på Eidsvoll i 2014 rørte hun publikum til tårer da hun sa: «Jeg er ikke syk, jeg har ingen kromosomfeil. Jeg er et menneske og jeg vil leve!». Ingen får sagt det bedre enn Marte. Sammen med Menneskeverd har hun holdt seminarer på Skjærgårds M&M festivalen, Høyskolen i Nord-Trøndelag, NLM GF og UngLandsmøte (2014). Sistnevnte trakk nærmere 1200 engasjerte ungdommer. «Jag vill känna att jag lever», sang Marte av full hals og skapte voldsom jubel og stående applaus i Amfiet i Kongeparken. Sammen med Goksøyr vil dere også få høre Anette Sørensen, fra organisasjonen Menneskeverd. Hun vil gi en oversikt over lovmessige og praktiske tendenser til sortering, og utfordre oss til å se med et kritisk blikk på vårt eget samfunn.”

Marte Wexelsen Goksøyr

Det blir eit gratis seminar, men det blir mulig å gi ei gåve. Håpar me ser deg 15. oktober, klokka 1600 på Leirvik bedehus.

Anette Sørensen

Indremisjonsvenen - Nr. 04 - 2016

13


Helsing frå Helgatun inne i spennande prosess

Fleire har dei siste åra spent fulgt prosessen på Helgatun med å få på plass ny dagleg leiar etter at Solveig Norheim gjekk av med pensjon frå nyttår av. Hittil har me av ulike årsaker ikkje lukkast med å få ny permanent leiar. Solveig Norheim vart konstituert som dagleg leiar på Helgatun frå 1. juni og inntil vidare. Dette etter at Synneva og Tarjei Midttun sa opp stillinga etter at dei hadde lagt ned stor innsats i ein travel vintersesong. Me er glade for at Solveig igjen vil ta på seg denne ansvarsfulle oppgåva, sjølv om ho eigentleg var innstilt på å gå inn i pensjonistane sine rekkjer. Omstruktureringsprosess Trass i at ny permanent dagleg leiar ikkje er på plass, har me vore igjennom lærerike prosessar. Eit resultat er at me no har engasjert Helge Røyksund som skal inn og kartleggja no-situasjonen på Helgatun. Helge bur på Moster (Bømlo) og er nett blitt pensjonist. Han har drive daglegvarehandel i ein mannsalder, og andre småbedrifter dei siste 15 åra. Han vil blant anna sjå på bemanningsbehov og ulike framtidige driftsmodellar for Helgatun. Avventar litt med å søkja dagleg leiar Det er viktig at Helge får høve til å gjera si kartlegging før me søkjer etter ny dagleg leiar. Me avventar difor noko med å gå denne runden på ny. Både Helgatunstyret og IMS-styret vil ta viktige beslutningar om kva ein vil med Helgatun vidare; om drifta skal fortsetja som no, eller om noko skal leggjast om. Helgatun er booka i lang tid framover i ein travel vintersesong, samtidig har me ledig kapasitet resten av året. Dette er noko av det me må ta på alvor, og ynskjer å jobba meir med. Plasseringa av Helgatun er optimal, og fulle av moglegheiter, både vintertid og sommartid. Me er takknemlege for alle tilsette og frivillige som står på for å drifta Helgatun. Takk til alle som er i bøn for prosessen me skal inn i og dagleg drift vidare.

Ein god og travel sommar på Helgatun

Solveig Norheim fortel at det har vore ein travel og kjekk turistsesong på Helgatun. Generelt har det vore bra med hotellgjester på heile Vestlandet, betre enn tidlegare år. I juli har me hatt ca 920 gjestedøger (i fjor var talet rundt 830), i august i underkant av 1000. Dette er svært bra! I sommar har IMS heller ikkje hatt eigen familieleir, og berre i fjor utgjorde denne ca 300 gjestedøger. Me hadde også eit bryllaup i juli, fortel Solveig. Me har hatt arbeidsfolk som har leigd rom deler av juli og august. I august har me hatt eigne arrangement som Helgatun-treff og Sunnhordlandstreff. 90 Bildøy-elevar kjem i starten av september, og to klassar frå Framnes har også vore innom. Det er hektiske dagar der folk reiser om morgonen og nye kjem inn om ettermiddagen. I går hadde me middagsservering to gongar, kl 1300 og kl 1800, seier Solveig. Turistane er positive i møte med Helgatun. Dei opplever det reint og triveleg her. Dette er ein litt annleis plass enn mange samanhengar dei er i elles. Ofte kjem me i prat med folk der dei lettar på sløret, og deler kva dei tenkjer på. Dei seier at dei merkar at det er ei god ånd på huset, seier Solveig. Kåre Stautland er formann i Helgatunstyret. Han og kona Brita tar sjølv jobbeweekendar på Helgatun innimellom, og var også innom fleire dagar i sommar. Sommaren, og spesielt juli, vart travlare enn først tenkt. Korleis har de løyst det bemanningsmessig? Forkynnar Kåre Johan Hamre gjekk inn i sommar, og har vore til stor hjelp, fortel Kåre. I tillegg til Solveig, arbeidarane på Helgatun med frivillige, har me også hatt god hjelp av ei jente frå Framnes som ville ha arbeidserfaring. Sommartrøkket frå turistar vart mykje sterkare enn forventa for Helgatun, som for reiselivsnæringa elles. Me er glade for mange overnattingsgjester, og både tilsette og frivillige har vore velvillige og stilt opp, seier Kåre. Korleis ser du på vegen vidare? Helge Røyksund er godt i gong med arbeidet med å sjå på Helgatun, ulike driftsmodellar med meir. Ei eiga ressursgruppe er oppretta for Helge og Helgatunstyret beståande av Sylvi Røssland Sørfonn, Nils Håkon Urangsæter og meg. Me har god dialog med Helge, og har hatt fleire møter for å førebu saka til Helgatunstyremøtet 10. september. Me er optimisk og spent på vegen vidare, seier Kåre.

Marit Ådnanes

Bibeltime under Sunnhordlandstreffet som vart arrangert på Helgatun 28. aug1. sept. Svein Bjarne Aase leia og Olav Eikemo hadde bibeltimar.

14


Reiseruta september, oktober og november Marit Hårklau Ådnanes 22.09 Ressursgruppetreff Hardanger 30.09-01.10 Haustmøte 05.10 Basar Fitjar Kvinnefor. 07.-09.10 Damehelg Helgatun 19.10 Meling Indremisjon 27.10 Stord Indremisjon 28.-29.10 Styremøte IMS 30.10 Moster Indremisjon 31.10 Ressursgruppetreff I Sunnhordland 01.11 Ressursgruppetreff II Sunnhordland 03.11 Stord Indremisjon 07.11 Ressursgruppetreff Hardagner 08.-10.11 Framnes KVGS 10.11 Stord Indremisjon 17.11 Stord Indremisjon 19.11 Tysnes støtteforening for Indremisjonen 20.11 Horneland Indremisjon 24.11 Stord Indremisjon Liv Rolfsnes 01.10 Arbeidarsamling 07.-09.10 Odda Indremisjon 15.-16.10 Varaldsøy Misjonsfor. Aksel Ingvard Johannessen 22.09 Bømlo Kvinneforening 29.09 Tveit Indremisjonslag 08.10 Meling Indremisjon 09.10 Gilje og Thormodsæter IM 12.-14.10 Øvrebygda Indremisjon 16.10 Øvrebygda Indremisjon 20.-23.10 Fosse og Børsheim IM Kåre Johan Hamre 15.09 Stranda Indremisjon 16.-18.09 Laurhammer IM 19.09 Granvin Misjonslag 21.-22.09 Granvin Misjonslag 27.-28.09 Bogøy Indremisjon 29.09 Huglo Indremisjon 30.09 Ledig 01.10 Arbeidarsamling 02.10 Os Indremisjon 03.10 Granvin Misjonslag 07.-09.10 Jondal Indremisjon 12.-13.10 Rubbestadneset IM 14.-16.10 Håvik Indremisjon 17.10 Granvin Misjonslag 19.-20.10 Granvin Misjonslag 26.-30.10 Skånevik Indremisjon 31.10 Granvin Misjonslag 03.-06.11 Guddalsdalen IM 09.-10.11 Granvin Misjonslag 15.11 Norheimsund Indremisjon 18.-20.11 Advenstleir Helgatun 23.-24.11 Granvin Misjonslag 25.11 Samnanger Ten-Kafe 28.11 Granvin Misjonslag 30.11-01.12 Samnanger Misjonsforsamling Arne Lindekleiv 01.10 Indremisjonssamsk. 06.11 Sagvåg Indremisjon 24.11 Eikelandsosen Indremisjon

Marit A. Røen 14.-16.09 Bømlo Indremisjon 17.09 Finnås Indremisjon 18.09 Finnås Indremisjon 18.09 Bømlo Indremisjon 24.09 Jondal Indremisjon 25.09 Omvikdalen Indremisjon 01.10 Arbeidarsamling 02.10 Samnanger Barnekor og King Sing 07.-09.10 Damehelg Helgatun 13.-14.10 Sandvoll Indremisjon 15.10 Skånevik Indremisjon 16.10 Halsnøy Indremisjon 16.10 Øystese 23.10 Samnanger Barnekor og King Sing 02.11 Øystese 04.-06.11 Juleverkstadleir Helgatun 18.-20.11 Adventsleir Helgatun Ingfrid Byrkja Hystad 15.09 Brandøybasar Leirvik 24.09 Auklandshamn IM 01.10 Arbeidarsamling 04.-06.11 Juleverkstadweekend Helgatun 26.11 Julemesse - Bremnes 27.11 Hiskjo Indremisjon Toralf Steinsland 09.10 Sveio Indremisjon 13.10 Tysnes støtteforening for Indremisjonen 20.10 Tysnes støtteforening for Indremisjonen 27.10 Tysnes støtteforening for Indremisjonen 04.-06.11 Laurhammer IM 17.11 Huglo Indremisjon 20.11 Gilje og Thormodsæter IM Lise Marie Th. Litlabø 23.09 Bømlo Kvinneforening 24.09 Bømlo Kvinneforening 25.09 Stord Indremisjon 27.09 Meling Yngstes 01.10 Arbeidarsamling 04.10 Bømlo MiniMax 20.10 Leirvik jr. Ving 27.10 Stord Indremisjon 03.11 Stord Indremisjon 10.11 Stord Indremisjon 17.11 Stord Indremisjon 24.11 Stord Indremisjon Johannes Olsen 16.09 Friluftsleir Helgatun 01.10 Arbeidarsamling 13.-15.10 Pit-Stop Leirvik 04.-06.11 Minitweensleir Brandøy 11.11 Bømlo Indremisjon 18.-20.11 Hausttreff Brandøy Jakob Saghaug 16.-18.09 Friluftsleir Helgatun 30.09 Fitjar Ten-Treff 01.10 Arbeidarmøte 13.-15.10 Pit-Stop Leirvik 04.11 Leirvik UKS 05.11 Leirvik IUF 08.-10.11 Framnes KVGS 11.11 Bømlo Indremisjon 25.-27.11 Ten-helg Brandøy

Olav Eikemo 16.-18.09 Uggdal Indremisjon 23.-24.09 Hiskjo Indremisjon 25.09 Laurhammer Indremisjon 01.10 Arbeidarsamling 07.-09.10 Odda Indremisjon 19.-21.10 Uskedalen Indremisjon 22.10 Åkra Indremisjon 23.10 Uskedalen Indremisjon 26.-28.10 Osterneset Indremisjon 30.10 Osterneset Indremisjon 16.-17.11 Omvikdalen IM 18.-20.11 Halsnøy Indremisjon 20.11 Åkra Indremisjon Svein Bjarne Aase 03.11 Halsnøy Indremisjon Jens Tveit 24.09 Odda Indremisjon 09.10 Moster Indremisjon 06.11 Gilje og Thormodsæter IM 23.11 Auklandshamn IM Ingebrigt S. Sørfonn 18.09 Sunde Indremisjon 21.09 Neset Indremisjon 01.10 Haustmøte 23.10 Uggdal Indremisjon 28.-29.10 Styremøte IMS 20.11 Os Indremisjon Ola Malvin Lomheim 18.09 Øvrebygda Indremisjon 21.-22.009 Tysnes støtteforening for Indremisjonen 06.10 Laurhammer Indremisjon 09.10 Horneland Indremisjon 20.10 Huglo Indremisjon 30.10 Os Indremisjon 20.11 Meling Indremisjon 30.11 Neset Indremisjon Halvard N. Sveen 18.09 Horneland Indremisjon Marit Dahl Hollund 18.09 Gilje og Thormodsæter IM 23.10 Laurhammer Indremisjon 02.11 Bømlo Indremisjon 13.11 Horneland Indremisjon 16.11 Meling Indremisjon Marit Stokken 02.-13.11 Sveio Indremisjon Irene K. Alnes 02.-13.11 Sveio Indremisjon Tor Ingvald Lauvrak 30.09.-02.10 Framnes KVGS 09.11 Sunde Indremisjon 10.11 Husnes Indremisjon 11.11 Sandvoll Indremisjon 12.11 Husnes Indremisjon 13.11 Holmedal Indremisjon 13.11 Husnes Indremisjon Jorunn Eikemo 07.-09.10 Odda Indremisjon

Indremisjonsvenen - Nr. 04 - 2016

Erik Furnes 22.-27.11 Norheimsund IM Aksel Lygre 05.10 Bømlo Indremisjon 09.10 Husnes Indremisjon Knut Kvamme 23.10 Norheimsund Indremisjon Harald Rydland 13.-15.09 Nordtveit Misjonsfor. 06.11 Fosse og Børsheim IM Nils Håkon Urangsæter 04.09 Os Indremisjon 25.-26.11 Julemesse Bremnes Martin Nygård 11.09 Sagvåg Indremisjon 09.10 Laurhammer Indremisjon Lars Magne Ådnanes 28.-30.10 Rejoice Norheimsund Solveig Hosøy 13.-15.10 Pit-Stop Leirvik Håkon C. Hartvedt 25.09 Gilje og Thormodsæter IM Torgeir Skrunes 22.-27.11 Norheimsund IM Otto Dyrkolbotn 25.-27.11 Ten-helg Brandøy Harald Tjervåg 11.11 Sandvoll Indremisjon 12.11 Husnes Indremisjon 13.11 Husnes Indremisjon 13.11 Holmedal Indremisjon Leif Numela 30.09-02.10 Haustmøte Marie Lode Hornnes 02.-06.11 Fitjar Indremisjon Marius Økland 13.-15.10 Pit-Stop Leirvik 12.11 Meling Indremisjon Ole Magnus Breivoll 18.11 Samnanger Misjonsfors. Theodor Hellesøy 20.09 Laurhammer Yngres 29.10 Nattcup Husnes 09.11 Sagvåg IUF/Ope Hus Gunnstein Ness 15.-18.09 Moster Indremisjon Bjarte Vesetvik 18.-20.11 Førjulshelg Helgatun

15


Vi anbefaler minimum 13 cm lengde pga lange adresser

Avsender: Indremisjonskontoret, Pb 150, 5401 STORD

minst 6 cm avstand

Avesnder: Her settes fullstendige returadr på en linje

B

Returadr på en linje

elgoktober h e m Da n, 7. - 9.

Portomerke settes inn i 1:1 str

tu Helga

drar! lle al te vert ei eg påfyll. a i r Dame helga! Det åndel med v Set a ande helg pp avsla

TEE MØØ HAAUUSSTT M Ter

H

30. september – 2. oktob

oktober ptember – 2. talar 30. se Leif Nummela vert med som

hustalar som ik Bede Leirvmed ag vert laurd mela ag og Num Fred Leif t i bygdene Søndag lokale haustmøte rund el» sett opp himm , gløttikav hus Bede t i auga n «Glim ag Leirv og laurd Fredag På Bremnes vert revye

t i bygdene Søndag lokale haustmøte rund opp t i auga, gløtt av himmel» sett På Bremnes vert revyen «Glim

m Pustero - I EIN TRAVEL KVARDAG -

Annonser, bilder, red. stoff o.l. SHELG DUGNAD DØY PÅ BRAN vember 11.-13. no på noko kjekt, då tar du heile

med lga! st å vera denne he Har du ly Brandøy en med til ili m fa or st alle! t jobb til Her er de e or Små og st mle unge og ga menn og damer gen og 90-årin ing, 4-åringen aling, vask d prat, enning, m g, d mat, go ddin br go ry , t ng de og si rt Her ve sting, fik ssertbord saging, ko basar, kake- og de snekring, o, or m s eg ik og derv andakt, le em på un som vi kj onen.no indremisj elles anna w. til IMS, ww Påmelding

Tysnes Bedehus

Laurdag 19. novembe r Talar: Marit Hårklau Ådnanes

Bremnes

Fredag 25. og laurda

LIK OSS

16

Helgatun 14. - 16. oktober 2016

g 26. november Talarar: Nils Håkon Ura ngsæter Ingfrid Byrkja Hystad

Indremisjonsvenen - Nr. 04 - 2016


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.