Venen 2016 5

Page 1

ORGAN FOR INDREMISJONSSAMSKIPNADEN 05 - 2016

Indremisjonsvenen - Nr. 05 - 2016

1


Vi vil bygga varme inkluderande fellesskap, vinna nye for Jesus, og gjera dei til hans disiplar. Indremisjonssamskipnaden

Ein glad gjevar? Leiar av Ingebrigt S Sørfonn Formann i IMS

Layout: Jan-Ove Fagerheim Trykk: Haugesund Bok og Offset A/S Red.: Marit H. Ådnanes Indremisjonssamskipnaden Postboks 150, 5401 STORD Tlf.: 53 41 07 04 Fax: 53 41 27 40 Bankgiro: 8220.02.80454 Opningstider Indremisjonskontoret: Måndag – torsdag: 09.00 – 15.00 Fredag: Stengt Heimeside: www.indremisjonen.no E-post: post@indremisjonen.no www.facebook.com/Indremisjonssamskipnaden

IMS-styret: Ingebrigt S Sørfonn - formann Anfinn Økland - nestformann John Morten Espevik Bernt Arild Gjøvåg Anlaug Harestad Liv Ingunn Heie Medhaug Per Gunnar Nordbø Vara: Marte Kvilhaugsvik Asle Skogly Bjørn Saghaug

Helgatun 5713 VOSSESTRAND Telefon: 56 51 98 98 Telefax: 56 51 98 99 Bankgiro: 8220.02.80497 Konst. dagleg leiar: Sylvi R. Sørfonn Heimeside: www.helgatun.no

Brandøy 5584 BJOA Telefon: 53 76 98 81 Bankgiro: 8220.02.80470 Dagleg leiar: Andreas C. Våge Heimeside: www.brandoy.no

Framnes KVGS

Framside-foto: Leik og moro på Helgatun. Foto: Hilde Vik Dale.

På lik linje med andre misjonsorganisasjonar slit også IMS med å få endane til å møtast. I løpet av det siste året har me igjen vore nøydde til å gjera smertefulle grep for å redusera kostnadane. I fjor haust sende me ut eit nødrop til misjonsvenene – og dei stilte opp på ein fantastisk måte! Det varmar, og det gir mot i arbeidet! Kjære vener; det betyr så uendeleg mykje å kjenna denne ryggdekninga! Så langt i år er det også knytt stor usikkerhet til om inntektene vil koma. Usikkerheten går på om hovedtyngda av gåvene vil koma mot slutten av året eller vil dei utebli… Ofte kjem mesteparten av gåvene, både frå lokalforeiningane og frå enkeltpersonar, på denne tida. Dersom gåvene var meir likt fordelt over året hadde det vore enklare å driva på ein ansvarleg måte. Kostnadane fordeler seg sånn nokolunde likt over året. Når så størstedelen av inntektene gjerne kjem i november/desember må me ta sjansen på ”at det blir slik i år også”! Eg oppmodar difor både lokalforeiningane og den enkelte misjonsven til å tenkja gjennom om det er mulig å fordela gåvene meir regelmessig over året. Me er kjempetakknemlige for alle gåvene, uansett kva tid dei kjem!! Men det hadde roa nervene våre noko dersom gåveinntektene var jevnare fordelte over året! Ikkje sjeldan høyrer eg utsegn om lag slik: ”Eg vil ikkje gi så mykje til IMS, men har de eit godt prosjekt, så skal eg gladeleg gje ein god slump!” Eg kan forstå argumentet, men samtidig kjenner eg at det kan gjera meg litt motlaus. For er det slik at me eigentleg ikkje treng organisasjonen IMS? At me berre kan la pengane gå rett til eit prosjekt? Det er kanskje ikkje det store, fengande prosjektet at IMS driv eit omfattande barne- og ungdomsarbeid. Mesteparten av dette arbeidet vert halde oppe av ubetalte medarbeidarar som tålmodig og ansvarleg stiller opp år etter år. Men me kjem ikkje utanom at det krev økonomiske midlar for å halda arbeidet oppe. Det same gjeld forkynnarverksemda, leirane osv. Så kan me av og til ha eit spesielt prosjekt! Mesteparten av arbeidet er likevel vanleg, grå kvardag. Men det som gjennomsyrer denne kvardagen er målet, intensjonen vår: Nye menneske må få møta Jesus, Han som kan gje frelse, trygghet og ekte livsglede! Og vidare at dei som har teke i mot Jesus skal bli bevarte hos han!

«Kjem de i balanse?» Det nærmar seg slutten på året, og misjonsøkonomien skal snart gjerast opp. Det årlege spørsmålet kjem: «Korleis går det med økonomien dette året, kjem de i balanse?». Det lurer vi her på kontoret på og, kvart år! Mange er trufaste og gjev jamt og trutt gjennom året. Andre gjev ved gåveaksjonane og nokre gjer når det passar seg slik, og alle gåver kjem vel med! Ser vi på året så langt så har vi pr. oktober fått inn 68% av budsjetterte gåver, på same tid i fjor var det kome inn 76%. Driftsresultatet viser eit underskot på kr. 1.257.745,- for 2016, mot 1.069.417,- året før, så vi har foreløpig eit solid underskot som må hentast inn dei siste to månadane. Dette håpar og ber vi om at både lag, foreiningar og privatpersonar vil bidra med.

GÅVEBAROMETER: lagsgåver, gåveaksjonar og gjevarteneste pr. 31. oktober 5000000,0 4500000,0

4000000,0 3500000,0

3000000,0 2500000,0

2000000,0 1500000,0 1000000,0

500000,0

Ynskjer du å bli Fast gjevar?

2

Budsjett 2016 4 335 000

Postboks 23, 5401 Stord Telefon: 53 41 20 01 www.sunnbok.no

Difor bør alle som forvaltar innsamla misjonsmidlar leggja opp til openheit kring forvaltninga og vera takksame for å bli ”kikka i korta” frå tid til annan. Ei sunn og ærleg forvaltning tåler sterke lyskastarar over verksemda!

Hittil 2015 3 314 498

SunnBok

Men uansett, og heilt uavhengig av Brennpunkt; Det følgjer eit stort ansvar med å forvalta midlar som har til hensikt å fremja Guds rike si sak! For det første må forvaltaren vera svært bevisst på at det er misjonsfolket sine midlar han har til forvaltning. For det andre skal det så lite til før ei litt tvilsom forvaltning ikkje nett fører ære og glans over Jesu navn. Og så kan det vera klokt å huska at noko av syndefallet sine konsekvensar både er pengekjærlighet og sterk evne til å bortforklara våre eigne, tvilsame motiv!

Hittil 2016 2 987 743

5600 NORHEIMSUND Telefon: 56 55 05 00 Telefax: 56 55 13 92 Bankgiro: 8220.02.80292 Rektor: Harald Voster Heimeside: www.framnes.vgs.no

Etter NRK Brennpunkt-programmet om bruk av innsamla misjonsmidlar har det vorte noko vanskelegare å snakka om å samla inn pengar til misjonen.

,0

Kontakt kontoret, tlf 53 41 07 04, eller du finn skjema på www.indremisjonen.no


Gud sad!et ble slik! Og

Andakt av Bernt Arild Gjøvåg leiar Horneland Indremisjon og IMS-styremedlem

Det første verset i Bibelen starter slik: ”I begynnelsen skapte Gud himmelen og jorden”. Seks ganger, én for hver dag i skapelsesberetningen, står det at ”Gud sa”. ”Seks ganger responderes det også ”Og det ble slik”. Når Gud sier noe, blir det slik. Johannes 1:1-3 sier: ”I begynnelsen var Ordet. Ordet var hos Gud, og Ordet var Gud. Han var i begynnelsen hos Gud. Alt er blitt til ved ham, uten ham er ikke noe blitt til.” Alt er skapt ved Ordet. Ordet skapte i begynnelsen. Ordet skapte ut av ingenting. Ordet er Jesus. Tenk hvilken begivenhet det må ha vært! Selve universets Skaper formet alt bare ved sitt Ord! Det første mirakelet – fordi Gud sa det – og det ble slik! Har Gud virkelig sagt? Dette er faktisk det aller første spørsmålet i Bibelen. Slangen stilte spørsmålet som innledet opprøret mot Gud ord. Argumentene virket i første omgang som logiske for Eva, men hun skjønte etterpå at Gud hadde hatt rett likevel.

Skapte Gud virkelig på seks dager? Det spørsmålet er det mange som stiller seg i dag. ”For på seks dager laget Herren himmelen og jorden, havet og alt som er i dem”, skriver Gud selv på steintavlene i 2. Mos 20:11. Men mente han virkelig bokstavelig seks døgn? Er det ikke billedlig talt? Nei, Gud har sagt det var slik Han skapte himmel og jord, og Han bekrefter det flere steder i Bibelen. Vi kan altså tro på Bibelens skapelsesberetning med full visshet om at Gud virkelig har gjort som Han har sagt. ”Men tro er full visshet om det en håper, overbevisning om ting en ikke ser.” (Hebr. 11:1). Samtidig ser vi med glede hvordan ny empirisk vitenskap gang etter gang støtter Bibelen.

Indremisjonssamskipnaden

Forsamlingskonferanse Laurdag 4. februar kl. 11-16 Leirvik Bedehus Runar Landro og Erik Furnes vert med Påmelding innan 1. februar til www.indremisjonen.no Laurdag 18. mars kl. 11-16 Norheimsund Bedehus Runar Landro vert med Påmelding innan 15. mars til www.indremisjonen.no

Runar Landro

Hovedpastor Fredheim Arena

Erik Furnes

Generalsekretær ImF

Indremisjonsvenen - Nr. 05 - 2016

Skapelsens store mirakel er likevel lite i forhold til et mer fantastisk mirakel; At universets Skaper og Herre utvalgte oss selv før verdens grunnvoll ble lagt. (Ef. 1:4). Det er virkelig et nådefullt mirakel. Må ”Herren Jesu nåde være med alle!”, slik som Johannes Åp. 22:21 avslutter i det siste verset i Bibelen.

BØNE SPALTA

BE FOR: - alle leirleiarane på haustleirane våre - alle foreldre som har gått på Tru i heimen-kurs - arbeidet med idrettshallen på Framnes BE OM: - at nye menneske må få eit møte med Jesus - at barn og unge skal bli sterke i Herren og oppdaga meir av Gud - Guds visdom over økonomien TAKK FOR: - at Gud har utvald oss til fellesskap med seg - at Gud har i tankane ny leiar til Helgatun - alle kvinnene i IMS - fellesskap og Guds nærvær på Pit Stop

3


Vi motes " i ims Haustmøte på Leirvik bedehus, 30. september - 2. oktober

Smakfull og rikeleg med mat

Nærare 40 brød var baka til Go’Fredag

Hovudtalar for helga var Leif Nummela

4

Go`fredag For andre året på rad starta me haustmøtehelga med Go`fredag. 80 personar fekk med seg denne, på fleire måtar, smakfulle kvelden. Laksemousse med reker, kaviar og mangosaus til forrett var godt både for auga og ganen, eksklusiv haustsuppe til hovudrett med focaccia, samt sjokoladesymfoni til dessert likedan. Inngongsparti, bord, hovudsal og buffetbord var meisterleg pynta med blomar. Du kjente ved første fottrinn innanfor Leirvik bedehus denne kvelden at du var velkommen – og nokon hadde jobba stort for at du skulle få denne kjensla. Tusen takk til Berit Hovstad og gode medhjelparar som gjorde kvelden mogleg. Gjestene fekk også mykje godt for øyra. Kjersti og Tor Helge Valvatne med fleire var kveldens husband. Leif Nummela – hovudtalar for helga – tok oss med storm allereie fredag kveld i sin appell. Gjert Asle Tolås var kveldens konferansier og moromann. Han fortalde også frå sine ungdomsår med leir på Brandøy, og kva IMS hadde betydd for han. Dette skulle vera ein festkveld der det berre var

godt å vera til; ein kveld med humor og alvor hand i hand, slik det ofte er elles i livet. Og slik trur me mange opplevde den. Tilbakemeldingane er mange og positive. Det er alt bestemt at me går for ein slik kveld også neste haust; nærare bestemt 29. september.

Godt å vera saman Tilsette, pensjonerte og frivillige arbeidarar med IMS-styre møttest alt laurdag føremiddag til arbeidarsamling. Leif Nummela underviste i temaet «eit liv i visdom». Dette er viktige samlingar der arbeidarane får høve til å dukka djupare i eit tema, får samtale og info om arbeidet og gode måltids- og bønefellesskap. Laurdag ettermiddag var alle velkomne til møte med undervisning. «Korleis kan eg gjera kloke val i livet» var det store spørsmålet. Guds vilje er uttrykt i Guds Ord, understreka Nummela. Når Gud talar, er det visdom. Det er godt for oss, og det er sant! Det er til å stola på – og det held. Det er til å leva på, og det er til å dø på. Gå på den veg Bibelen lærer deg, minna Nummela blant anna oss


Vakre oppsatsar laga av Bodil Stave

Nydeleg song og musikk frå Kerysso

på. Nummela er ein av Finland sine mest kjente bibellærarar. I unge år vart han omvendt frå ateisme. Han er utdannan teolog, er pastor og redaktør for ei kristen vekeavis, og har dessutan vore misjonær i Italia. Kerysso berika oss både under ettermiddagsmøtet og «Vi møtes» seinare på kvelden. Kerysso betyr å forkynna på gresk, og det er det lovsongsteamet frå Auklandshamn gjer. Gjennom tonar, men også ord, formidla dei den glade bodskapen om Jesus. Leif Nummela hadde appell, og sa med glimt i auga at tema vart meir og meir alvorleg, og taletida kortare og kortare. Temaet «visdom i motgong og smerte» kunne det vore snakka mykje og lenge om. Nummela fekk likevel sagt viktige ting på kort tid. Jesus må vita kva det betyr å vera einsam, kva det betyr å ikkje orka meir. Kven går du til når du har det vanskeleg, spurte Nummela. – Til ein som har full kontroll eller til ein som sjølv har opplevd smerte? Gud har aldri lova at han vil vara deg frå all motgong. Men han har lova deg at du aldri skal gå igjennom alt

Frå “Glimt i auga og gløtt av himmel” John-Inge Rolfsnes og Svein Bjarne Aase i aksjon

åleine, sa ein engasjert Nummela. Det er etterkvart blitt tradisjon å ha kveldens gjest laurdag kveld. I år hadde me tre gjester; Gunstein Innvær, Elisabeth Aadland Liodden og Leif Nummela som alle fekk fortelja om livet i kvardagen saman med Gud. Ærleg svara dei mellom anna på spørsmål om korleis kvardagen er saman med Jesus gjennom motgong og smerte, kva tid opplevest Gud nær, korleis kan ein gjera kloke val i livet for å bli verande hos Jesus. Alle fortalde kort også si trushistorie. Alle har si historie som me kan læra noko av. Det er godt å samlast til storsamling på denne måten. Mellom møta var det sal av suppe, og tid for den gode samtalen. Leirvik IUF hadde også lagt lagskvelden til «Vi møtes», og inviterte dei som ville ned i ungdomslokala for drøs og kafésal etter møteslutt. Stor suksess for revyen Glimt i auga og gløtt av himmel – nok ein gong Det var kjekt å avslutta ei allereie rik haustmøtehelg med revy i Bremnes Kulturhus søndagen. Alt tidleg i veka var alle billettar selde,

og storsalen har over 350 seter. Bømlo-nytt skriv mellom anna dette: «Varm, lun humor er raud tråd gjennom framsyninga, som tek den som ser på gjennom 150 år med indremisjonssoge i området Voss, Hardanger og Sunnhordland. Bondesamfunn, bedehusmiljø, gudstru, forkynning, vekking, song, musikk og elleville humorinnslag blir levert i ei salig blanding. Revyen gav også interessante historielinjer, frå den spede starten i ei løe i Uskedalen, til massemønstringar under stemne på slutten av 1800-talet. Fotfolket sin innsats, ikkje minst misjonskvinnene sitt trugne arbeid, fekk også velfortent merksemd gjennom framsyninga. Det står som oftast kvinner bak det som skjer, også på dette feltet. Revyen er heilt klart mest for den som står IMS nærast, men framsyninga var god og lærerik for den som ikkje er del av organisasjonen.» Ein stor takk til våre sju hovudaktørar som drog lasset nok ein gong, samt band, ungdommar og gode medhjelparar som gjorde dette mogeleg.

5


Tru på heimebane Hausten 2014 arrangerte IMS, saman med lokal indremisjon på Gilje, eit kurs som gjekk over fem veker med temaet «tru på heimebane». Dei positive tilbakemeldingane frå foreldre som deltok på kurset, gav oss frimot og lyst til å starta kurset også andre stadar. I slutten av oktober starta IMS kurs saman med lokal indremisjon både på Leirvik og Fitjar. Opplegget er utarbeidd av Bibelleseringen i samarbeid med fleire kristne organisasjonar.

Heimen har stor betydning skal barna bli kjente med kristne verdiar og tru. Gjennom undervisning og samtale i grupper vert det under kurskveldane snakka om korleis ein kan nytta heimen til å voksa i trua – på heilt vanlege kvardagar. Det er dei det er flest av. Samspelet i familien vert tatt opp, samt barns åndelege utvikling. Kurset skal først og fremst gi frimot og utrustning.

Ingfrid Hystad Evensen er ein av dei sjon til å sjå korleis me kan leva livet som har deltatt på kurset på Leirvik, saman som familie, og voksa i trua saman med barna, seier Ingfrid. og seier fylgjande: Fellesskapet desse kveldane er - Eg ynskjer veldig at barna skal bli viktige. Temaet er ikkje enkelt. Me deler ærleg frå livet, blir betre kjent bevarte i trua. Me foreldre spelar og det gir oss ei sterkare fellesskapdefinitivt ei viktig rolle. Det har eg skjensle. Kurset er veldig bra! erfart sjølv. Kurset skapar mykje refleksjon, og eg får høve til å sjå korleis me lever og deler med barna våre no i dag. Eg får også inspira-

Deltakarar samla til Tru på heimebane-kurs på Leirvik bedehus...

...og på Fitjar bedehus.

Rik teneste i 42 år Januar 1975 starta Liv Rolfsnes si tenesta i Indremisjonssamskipnaden. I mange år reiste ho saman med Marit Andresen Røen og hadde møte for vaksne og born rundt om i bygdene våre. Ho var skulesekretær og skuletimar var faste innslag i møtevekene. Dei hadde og møteveker på Framnes Folkehøgskule. Leir for born og unge var også ei viktig side av tenesta. Liv var mellom anna initiativtakar til båtleirane som IMS hadde i mange år. Frå 1997 og fram til i dag har ho vore områdesekretær i Odda og Ullensvang. Til nyttår vert ho pensjonist, men vil halda fram i tenesta i indre Hardanger fram til sommaren. Kva tenkjer du om at du snart vert pensjonist? Eg tenkjer at ordet pensjonist ikkje finst i Bibelen, men ei god praktisk ordning er det. Det vil ikkje forandra min måte å leva på. Eg vil fortsetja å vitna om Jesus for menneske eg møter, seier Liv. Om det går slik eg tenkjer no, ynskjer eg å flytta heim til Rolfsnes på Bømlo. Og får eg ha helsa, er det min draum å samla borna og driva barnearbeid på Rolfsnes.

66

Takksemd, glede og smerte! - Dette er ord Liv trekkjer fram når ho får spørsmål om kva ho sit igjen med etter 42 år i misjonen. Eg har meir og meir undra meg over at eg fekk kallet til teneste, seier Liv. I mai-nummeret av IndremisjonsVenen 2015 var det ei heilsides reportasje med Liv i samband med at ho hadde arbeidd 40 år i misjonen. Også her trekkjer ho fram at kallet har si smerte, men at ho ikkje hadde tenkt annleis i dag om ho hadde vore ung og fått kallet.

Indremisjonsvenen - Nr. 05 - 2016

Sanninga om at «mi hjelpelause, er Guds mulighet», har fylgt Liv gjennom alle desse åra (2. Kor. 12,9). Med tenesta si glede og velsigning fylgjer smerte, men alt samlast i ordet TAKK! Takk, at jeg også fikk ditt kall, og skal få være med!» siterer Liv til slutt. IMS ynskjer å retta ei stor takk til Liv for trufast teneste gjennom eit langt arbeidsliv.


å r f s p i t e v å g e Jul 0 01 .: 53 41 2 lf T rd to S bok.no www.sunn

Pensjonister ukjent Jeg leter gjennom Bibelens bøker, det er et vanlig ord jeg søker. Blant åtte hundre tusen ord fant jeg aldeles ikke spor. Jeg fant at Bib’len ikke kjenner vårt navn på dere, mine venner. Det viste seg at «pensjonist» er ukjent hos vår Herre Krist. I Bibelen finns nok av gamle, og om vi skulle alle samle, så er det da visst sikkert nok at de ble til en veldig flokk. Om Sara, Simeon og Anna nok var litt rynkete i panna, så levde de til Herrens pris. Av det kan vi nå ta notis. Poenget er at Gud, vår Fader, Slik han trer fram i Bib’lens blader ei ser på deg som pensjonist, men som en frisk og fruktbar kvist. Han brukte gutten med sin niste. Han brukte Moses til det siste. Han bruker oss fra vi er små til vi blir rynkete og grå. Min kjære venn, se, det er tingen: Vår Herre pensjonerer ingen! Slik lyder Herrens glade bud: Du blir ei pensjonist hos Gud! Halvard Myhren

Ta julehandelen hos SunnBok. Me har noko for liten og stor. Me sender gjerne dersom du ynskjer det.

Indremisjonsvenen - Nr. 05 - 2016

7


LIK OSS

Lise Marie - Ingfr id

barne- og fam .arbeidar

Leirar framover Brandøy:

Helgatun:

Minileir

Skileir

2.-4. klasse 3.-5. februar Kr. 740,-

8. klasse og opp 3.-5. februar Kr. 900,- (heiskort og reise kjem i tillegg)

Tweensleir

Superhelg

5.-7. klasse 24.-26. mars Kr. 800,-

0-9 år m/fylje 26.-28. mai Kr. 630,-/950,-

Påskefestival

Minileir

7.-10. klasse 7.-11. april Kr. 1260,-

2.-4. klasse 23.-25. juni Kr. 740,-

Påskeleir

Tweensweekend

10. klasse og opp 12.-16. april Kr. 1470,-

5.-7. klasse 23.-25. juni Kr. 840,-

Juniorhelg

4-9 år m/fylje 21.-23. april Kr. 630,-/1000,-

Sommarminileir 2.-4. klasse 27.-29. juni Kr. 740,-

Sommarleir 5.-7. klasse 29. juni-2. juli Kr. 950,-

Familieleir

Meir info finn du på nettsida vår under fana ”leir”. Her kan du melde deg på leir og lese meir om kva ein leir inneheld.

barnesekretær

Pit Stop 2016 var endelig i gang, konfransierane Erlend Fauskanger og Theodor Hellesøy ynskte alle varmt velkomen på første ungdomsmøte og alt var lagt til rette for ei fantastisk helg. Årets talarar var Solveig Hosøy frå ImF-Ung og Marius Økland. Solveig snakka om temaet ”vegen”, og Marius snakka om ”Den treeinige Gud”. På fredagen var det duka for aktivitetar, og aktivitetane ein kunne velje mellom var menneskeludo, sporløp og boblefotball. Boblefotballen blei tatt godt imot og var til stor begeistring for mange av ungdommane. Etter ein god runde med aktivitetar var det duka for mat. Takka vera mange frivillige som laga mat fekk ungdommane i seg ein god middag. God og mett var det klart for seminar. Seminara i år var ”Kvifor lovsang?” ved lovsangsleiaren for helga, Robine Evensen Haverkamp. ”Gud vs. Vitenskap” ved Kjetil Fyllingen frå Damaris, ”Den heilage ande” ved Marius Økland og ”Kva prioriteres på mitt lag” ved Solveig Hosøy. Helgas høgdepunkt og satsing i år var at me fekk besøk av Marte Wexelsen Goksøyr og organisasjonen Menneskeverd. Dei kom og hadde seminar om sorteringssamfunnet me lever i. Appelen til Marte, som sjølv har downs syndrom var veldig sterk for dei oppmøte, og ho toppa det heile ved å avslutte med Gabriellas sång. Alt i alt ei kjempefin helg, mange gode tilbakemeldingar om at ungdommar MÅ heim frå ferie for å få med seg Pit Stop. Det tar me som eit godt teikn. Me gler oss allereie til å sjå deg til neste års Pit Stop.

www.indremisjonen.no post@indremisjonen.no tlf 53 41 07 04

5.-9. juli Max familie-----6500,3-7 år --------------840,8-12 år ----------1050,13-16 år --------1155,vaksen -----------2050,-

ActiveTen

8. klasse og opp 10.-13. august Kr 1050,-

Indremisjonssamskipnaden

www.indremisjonen.no 8

var til Boblefotball g for in stor begeistr omgd n u mange av Stop mane på Pit

-


-

Mitt bibelv ers! nes

Johan

Be, så Leit, så s skal de få. Bank på,kal de finna. latast op så skal det p for dyk k. Matteus

Jakob

ungdomssekretær

-

7,7

Hege Nyl and, 15 år , Tysvær

Johannears leirarbeid

en Goksøyr Marte Wexels onen frå organisasj hadde Menneskeverd rets Pit Stop seminar på å

Samnanger Barnekor Sundag 23.oktober 2016 var det 40-årsjubileum for barnekoret i Samnanger. Det vart markert med ein fantastisk jubileumskonsert i kyrkja på Haga. Konserten gledde både store og små. Medlemene i koret song, spelte og strålte. Det var tydeleg at songgleda var stor, og at borna hadde det kjekt. Me var mange tidlegare medlemer, foreldre og besteforeldre på konserten. Arrangementet vart leia av Marit Andresen Røen. Ho er leiar for koret no, og har vore med som leiar i koret i ca. 25 år, ein hyllest til henne for lang og tru innsats! Annbjørg Oma Langeland

Indremisjonsvenen - Nr. 05 - 2016

9


Glimt frå kvinnearbeidet i IMS Kvinnehelg på Brandøy

- med markering av Brandøy 50 år 36 damer ble møtt av et vakkert pynta lokale på fredagen, og kunne glede seg over dekorasjoner i resepsjonen, matsalen og møtesalen. Pynteren var tydeligvis uvanlig dyktig.

På søndagen fikk Liv Rolfsnes en velfortjent blomsterhilsen med takk for hennes utrettelige innsats for kvinneweekendene gjennom alle årene hun har vært engasjert i Samskipnaden. Nå nærmer pensjonisttilværelsen seg for henne.

Etter en god kveldsmat var det samling med mye god åndelig føde. Været var ikke det beste, men vi følte oss rikt velsigna. På lørdagen var det bl.a. en fantastisk fin konsert ved Marianne Juvik Sæbø og Vidar Eldholm. Festmiddagen om kvelden var utsøkt, og vi følte virkelig at vi var med på 50-årsmarkeringen for Brandøy. Søndagen var det sol og nydelig vær. Formiddagen gikk likevel med til møter, og helga blei avslutta med deilig middag.

Vi skilte lag og var enige om at det hadde vært godt å være sammen og at vi hadde fått masse godt påfyll både for sjel og legeme. Hjertelig hilsen fra Gunlaug Brekke og Liv Sørheim.

Kvinne-nettverk

Damehelg på Helgatun 7. – 9. oktober Fredag ettermiddag var koffertane pakka, køyring og møtestad avtalt. Forventningane var på plass. Vi hadde ein strålande tur innover Hardangerfjorden, vidare til Voss og Helgatun. Vakre haustfargar møtte oss over alt. På Helgatun vart vi invitert til nydeleg kveldsmat. Om kvelden blei det sendt rundt eit trådnyste der den som fekk nyste presenterte seg. Slik blei vi litt kjende med kvarandre, rundt 45 damer. Trådnyste gjekk på kryss og tvers av salen så det blei til eit ”Kvinne-nettverk”. Laurdagskvelden var høgdepunktet; ein Triveleg påfunn! ”hemmeleg gjest” skulle koma. Kven Temaet for helga var «Kvinner frå bibe- var det tru? I møtesalen var mange len». Eit emne som vi kunne kjenne oss flotte maleri stilt ut, nett som eit galleri. Framme stod to tome lenestolar. Anne igjen i. Vi blei betre kjende med fleire kvinner i bibelen gjennom både bibelles- Marie Solsvik tok plass i den eine og så blei vi presenterte for kveldens gjest: ing og klipp frå film. Laurdag var det høve til å gå ein fin, guida tur til stølar i Elna Tvedt Bauge frå Manger. Ho fekk området. Dei som heller ville ta det med fortelje mykje frå kvardagslivet sitt som kristen. Teikning hadde alltid vore ro på Helgatun fekk tilbod om sykurs viktig for henne, i seinare år hadde det eller å laga bilete i ull. blitt meir maling av maleri. Elna har ei bøneliste. Mange på lista er blitt frelste.

10 10

Indremisjonsvenen - Nr. 05 - 2016

Slik kan ein presentasjonsrunde utarta seg. Damehelg på Helgatun Andre spør forsiktig om dei òg kan få stå på bønelista hennar. Det var fantastisk å sitje å lytte til vitnesbyrdet hennar. Dette blei ei påminning for oss alle om kor viktig bøn er og at det nyttar. Å få gå til duka og dekka bord, både for kropp og sjel, er noko vi damer set stor pris på. Tusen takk for oss! Annbjørg Husevåg Kløve og Marit Lyhammer


“Damenes” i Norheimsund Tankar frå deltakar etter Kvinnehelga på Brandøy: Møtehelga for kvinner er over. “Takk for sist”, lydde det då me møttest. Spørsmåla var mange. “Korleis har du det no?”, “Korleis gjekk det med den og det?”, “Eg har bedt for deg!!!”. Venskapsband som vart knytte for mange år attende, var framleis like sterke. Gleda ved å bli møtt på gode, varme rom, med velkomst-helsings-ordet, var til stades. Dei gode, vakre matborda bugna. Noko som vaksne omsorgsfulle damer veit å setja pris på. No var det deira tur til å setja seg ned. Dyktige folk på kjøkenet er det fortsatt på Brandøy. Me kom og var “svoltne” på Guds Ord, som me fekk ta til oss. God forkynning og Himmelsk song. Mange delte sorg, smerte og glede med ein annan. To og tre var ofte i “friminuttane” observerte saman ved bord og i benkene, der opplevingar vart delt og bedt over. Bønetenesta var tydeleg ein del av livet deira. Like eins gjevartenesta. Enten det gjaldt loddtaking, offer eller gåver. Ingen var gjerrige. Pengar frå arbeid og pensjonar rådde kvinnene tydeleg sjølve over. Og dei gav med eit velsigna smil og åpne hender.

Det er rart med det. Praten går alltid når damer møtes. Praten kan gå om ting som menn berre ikkje pratar om. Dette forstår alle, i alle fall damer. Ein onsdag i september var derfor damene i Norheimsund invitert til arrangementet “Damenes” i bedehuset. Dei 96 damene var fjonge i kvar sin fine habitt, i alle aldrar og med kvar sin bakgrunn der dei satt rundt runde bord dekka med retrodukar, søte karameller og tende lys. For det var det som var målet; å laga til eit arrangement der alle damer kunne kjenna at her skulle dei få noko som var for dei. Programmet inneheldt flott song frå damekoret “Kor i alle dagar”, salatbar med focaccia til mat, litt allsong, rom for prat med dei ein ikkje hadde snakka med så mykje før, utlodding, ein sketsj, eit innslag

der det vart poengtert kor viktig “Tupperware” er i ein kvar heim, og eit foredrag med eit tema med rekkevidde. “Relasjonar” er eit tema som nok gjorde at mange tenkte at dette ville dei gje ein sjanse, sjølv om bedehusterskelen kanskje kan vera litt høg for somme. Me fekk høyra eit foredrag av Marit Hårklau Ådnanes om dei ulike rollene damer kan ha i kvardagen og relasjonar til dei me har rundt oss. Me fekk også høyra at Gud ynskjer å ha ein relasjon til oss. Me er skapte for å ha ein relasjon til han. Me kan velja Han bort, men Gud slepp aldri tanken på å ta oss inn til seg. Då kvelden var over gjekk alle heim med ei kjensle av at eit slikt arrangement ville dei gå på igjen. Nancy Karine Eikeland Sangolt, for komiteen.

Livet hadde fare så forskjellig med desse kvinnene. Kroppane bar preg av eit slitsamt liv, men dei hadde ei indre lyskjelde som stråla ut til dei omkring seg, fordi dei hadde god forbindelse til livsens kjelda.

Nær hundre damer samla til “Damenes” i Norheimsund

Fitjar Kvinneforeining 140 år Fra “Haugiansk frukt”:

«Kvinnene gjer meir enn å samla pengar. Dei er beint fram med og opnar veg for indremisjonsarbeidet, både mellom sine eigne og lengre ut. Det syner seg at får vi kvinnene med, så kjem dei ikkje åleine. Dei vender hjarto både hjå born og ektemenn til velvilje for arbeidet i Guds rike. Somme kvinnelag har så åndelege gode lagsmøte at dei lyt reknast for rike oppbyggelege samvær.»

ning: Fitjar kvinneforei , Torunn rd gå Ny e nn ha f.v. Inger Jo hild Turøy, Olaug Johansen, Magn rit Vik, Bjørg Lise Be ne An Wiik, frid Tufteland. Kj , Vestbøstad ell østad er også Hanna Vik Vestb med i foreininga.

Dei to første kvinneforeiningane i IMS vart starta i 1876 i Ulvik og på Rimbareid. Kvinneforeininga i Ulvik eksisterer ikkje lenger, men på Fitjar lever foreininga i beste velgåande. På eit eller anna tidspunkt har foreininga skifta navn frå Rimbareid til Fitjar kvinneforeining. I «Haugiansk frukt» kan me lesa at Fru O. Steen var fyrste formann, og Anna Vestbøstad var formann i 1964, ved IMS si 100-års markering. I dag er Olaug Wiik formann. At foreininga

var så gammal som 140 år, var ei overrasking også for foreiningsmedlemmene. Om 10 år kan me ha stor 150-års markering, sa kveldens møteleiar Anne Berit Vik, då foreininga laga til basar på Fitjar bedehus 5. oktober. Marit Hårklau Ådnanes heldt andakt, der folk vart minna om at «Jesus er midt iblant oss». Basarkvelden med førehandssal samla rundt kr 45.000,- til IMS. Olaug Wiik fortel at dei har foreining annankvar torsdag i heimane. Me har det enkelt og greit. Me tar fram håndarbeidet, les gjerne litt frå Sambåndet, snakkar om det som rører seg, et saman og har ein liten andakt. Me har det veldig fint i lag, seier Olaug. Sjølv har Olaug vore med i foreininga i om lag 35 år.

11


Sylvi Røssland Sørfonn

– ny konstituert dagleg leiar Helgatun I sist nummer av Venen skreiv me litt om prosessen Helgatun no er inne i med omstrukturering. Me er svært takksame til Solveig Norheim som igjen tok ansvar frå 1. juni og sa ja til å styra skuta på Helgatun inntil vidare. Solveig har bedt om at andre tar hovudansvar i vintersesongen. Sylvi Røssland Sørfonn frå Fitjar vart nytt medlem i Helgatunstyret frå hausten av. Ho har engasjert seg mykje i drifta vidare, og saman med Helge Røyksund har dei sett på bemanningskabal, omstrukturering med meir. I skrivande stund søkjer me etter ny dagleg leiar på Helgatun. Inntil ny leiar er på plass, er me glade for at Sylvi har sagt ja til å vera konstituert leiar, også i travel vintersesong. Det er lite truleg at ny leiar vil vera på plass til 1. januar, så me treng ei god overlapping her. Sylvi vil få permisjon som styremedlem i tida ho er konstituert dagleg leiar. Ho vil gå inn i leiarteam med Helge Røyksund, som alt har vore engasjert i Helgatun frå august. Frå 1. januar vert Helge konstituert nestleiar. Både Sylvi og Helge er nyleg blitt pensjonistar.

Konfirmantarbeid frå hausten 2017

Glimt frå preikeferd til Skånevik

Me har den siste tida fått fleire spørsmål frå foreldre om IMS kan starta konfirmantarbeid. Fleire familiar i regionen vår er innmeldte i ImF trussamfunn, og ynskjer at kretsen er trussamfunnet sin forlenga arm og kan tilby nødvendige tenester meir lokalt. Temaet konfirmantarbeid vart tatt opp i undersøkinga IMS hadde til lokale leiarar i vår, og har dessutan vore til debatt både i IMS-styret og under årsmøtet på Fitjar. Signala er positive, og det er no bestemt at IMS går i gong frå hausten 2017.

I flomålet nede ved sjøen på Ebna ligg ein stein som visstnok har gjeve namnet til grenda. Den er forma som eit emne av bakstedeig, eller som det heiter på dialekten her – eit ”ebne”.

Ungdomssekretær Jakob Saghaug har fått med seg engasjerte frivillige, og har nyleg hatt første planleggingsmøte. Mange detaljar må enno på plass om opplegg. Undervisninga vil mest sannsynleg bli på Stord, gjerne med tilhøyrande weekend og evt. andre aktuelle arrangement. Meir informasjon vil koma etterkvart. Eventuelle spørsmål kan rettast til Jakob Saghaug.

Gruppa som planlegg konfirmantarbeid er samla til sitt første møte. F.v. Kjerstin Handeland Stokken, Johannes Olsen, Jakob Saghaug, Bernt Arild Gjøvåg og Kjetil Fyllingen

12 12

Av Kåre Johan Hamre

Bedehuset på Molnes har vore skulestove før, medan i Skånevik vart det vigsla nytt bedehus i 1911. Her hadde vi dei tre siste møta. Laurdag kveld fekk vi høyra song av Martha Tjelle, og Edvard Denne gongen har eg fått Fatland spela til. Elles klunhusrom hjå Lars og Mathilde ka predikanten på gitaren Ebne. Predikanten blir vél til fellessongane! Tidlegare teken vare på både med mat på dag var det bedehusbaog arbeidsro, og dessutan sar på Molnes, leia med stø har Lars eit lite ”prosjekt” hand av Margunn Mortveit. kvar dag, så ikkje gjesten Lokalet er ikkje så stort, men skal kjeda seg! alle fekk plass. God stemning, god mat – og eit fint Møta er eit samarbeid melhøve til å forkynna Guds ord! lom Ebna, Molnes og Skånevik. Lars fortel at bedehuTakk til kvar einskild for ei set på Ebna er ei gammal fin møteveke! tingstove som vart flytt hit frå Skånevik ikring 1925. Fyrste møtet vårt vart halde her. Ein og annan frå Molnes og Skånevik kom utetter, så vi vart om lag 10-12 i alt. Emnet denne kvelden gjekk på Guds ord, ”den tru som ein gong for alle er overgjeven til dei heilage”, Jud 1.3. Neste kveld var det Molnes sin tur, og vi vart gledeleg overraska over alle som kom. Vél 20 personar møtte fram, og i kollekt vart det gjeve 6100,-! Emnet for kvelden gjekk på fridomen i Kristus. Eg er på møteveke i Skånevik, og Marit Ådnanes har bede meg å skriva nokre ord frå staden. Då kan det vera godt å ha eit ”ebne” å gripa fat i!

Indremisjonsvenen - Nr. 05 - 2016


Eit livskraftig indremisjonsarbeid Lokale leiarsamlingar

NORHEIMSUND Nettopp dette var hovudtema for lokale leiarsamlingar gjennomført i haust. I paragraf 3 i IMS sine lover står det at «Samskipnaden har til føremål å fremja Guds rike og halda oppe eit livskraftig indremisjonsarbeid». Livskraftig betyr funksjonsdyktig, sterk og robust; at arbeidet skal leva vidare og utviklast. Etter presentasjonsrunde delte kvar foreining gleder og utfordringar frå arbeidet. Her er nokre moment som kom fram i undervisning og samtale desse kveldane: - Kva som skal til for at lokalt arbeid skal vera livskraftig er eit stort spørsmål. Engasjert trusliv hos den enkelte var nevnt. Heile 95 % frå undersøkinga gjennomført i vår er heilt eller delvis einige i at dette er viktig. Mange meiner også at bevisstgjering av lokalt leiarskap, åndeleg og organisatorisk er viktig. Det trengs

BØMLO

TYSNES

meir fokus på varme relasjonar, og oppstart av fleire livsnære grupper. Det er også nødvendig at nådegåvene er i funksjon. - Ting gjer seg ikkje sjølv. Bønn og arbeid må gå hand i hand. Kor er me i arbeidet i dag, og kor vil me? Kva tiltak kan me gjennomføra for å koma dit me vil? - Kvar generasjon har ansvar for neste. Kva følgjer får det for arbeidet vårt med våre prioriteringar? Her vart det sagt at dei unge treng å bli utfordra, gjerne i 11-12-års alderen. Me må læra den unge opp tidleg til å bli leiar, medan dei enno er interesserte og synest det er stas å få oppgåver. - Den beste måten å nå eit lokalsamfunn på er gjennom dei foreiningane Gud har plassert på kvar stad med sine folk. Gud vil bruka deg nett der du er.

Nyttige samlingar Harald Heie, formann i Tysnes støtteforening, seier at slike lokale leiarsamlingar er svært nyttige, og noko dei ynskjer vidare. Etter samlinga 17. oktober sit han spesielt igjen med at det er viktig å saman sjå Guds moglegheiter lokalt og korleis dei kan gi vidare (2.Tim.2,1) det dei har fått. Det er også viktig å «skapa lagånd!», slik tidlegare trenar Nils Arne Eggen i Rosenborg sa det. Han har vist at det gjeld i fotballen. Det gjeld også i næringslivet. Det er ein nøkkel også i Indremisjonen sitt arbeid framover, seier Harald.

Under leiarsamlingane vart det også informert litt om Awana:

Awana er ein kristen organisasjon i USA som sender ut misjonærar, driv leiartrening og produserer ressursar for forsamlingar over heile verda. ImF har gjort formell avtale om å vera den organisasjonen som tar arbeidsmetodar og opplegg til Noreg.

NYHET!

Awana tilbyr eit barne- og ungdoms-opplegg som følgjer barna frå dei er to år og heilt inn i voksenalderen. Opplegget fokuserer på grundig bibelundervisning og nære relasjonar mellom barn og leiar, og mellom forsamlinga og heimen. Awana jobbar i over 100 land og bortimot tre millioner barn og unge møter kvar veke til Awana-samlingar.

Heile 92 % av dei som har fulgt eit Awanaopplegg i seks år eller meir, er fortsatt aktive og bevisste kristne som voksne.

DNA-konferanse 18. februar på Fredheim

Fredheim Arena i Sandnes starta oversetjingsarbeidet i 2015, og har i haust tatt programmet i bruk. Laurdag 18. februar blir det konferanse der det blir innføring i kva Awana er, og kva ressursar dei kan tilby. Fredheim vil også dela sine erfaringar så langt for foreiningar som ynskjer å ta opplegget i bruk frå hausten 2017. For meir info og påmelding til dagskurset: http://fredheimarena.no/ menighet/awana/

SI-REISER skiftar navn til PLUSSREISER + Ravinala + =

PLUSSREISER

Bakgrunnen for endringa er SI-REISER sin fusjon med Ravinala i 2015 og årets oppkjøp av Sabra Fokusreiser. Omprofileringa vil skje gradvis fram mot årsskiftet. For meir info: www.indremisjonen.no.

- mer enn ferie

Indremisjonsvenen - Nr. 05 - 2016

13 13


Helsing frå Kristne Vidaregåande Skule Etter ein fantastisk, strålande og god haust har skodde, mørke og gråveret innteke oss. Men det er berre utanpå. Innomhus er det ennå lys, varmt og godt! I år har me 245 elevar ved skulen. Det er litt mindre enn normalt, men det er ein veldig fin og kjekk elevflokk som er saman med oss! Mange elevar er aktive i bønemøte, bibelgrupper og ordinære møte. I tillegg er dei opptekne med fotball, volleyball og mange andre miljøaktivitetar. Me har rekord i antal elevar på bibelgruppene, og me må ofte setje ut fleire stolar for å få plass til alle elevane i daglegstova når me har dei vanlege møta! Ver gjerne med og be om at Guds ord må bli planta i god jord, og at elevane må bli sterkt knytta til Jesus. På Framnes har me nettopp hatt vitjing av styret i IMS som hadde styremøte her 28. og 29. oktober. Fredag kveld var sett av til eit møte mellom leiargruppa på Framnes og styret. Det er veldig kjekt og nyttig at me kan treffast på denne måten, og både bli betre kjende med kvarandre, og kunne fortelje laust og fast om kva som rører seg på skulen vår.

14 14

I år er det naturleg nok bygging av idrettshallen, Framnes Arena, som er ein av dei mest synlege aktivitetane. Kort fortalt så går alt etter planen, både i forhold til økonomi og framdrift. Så langt har alle bekymringar vore til fånyttes. Og det er like greit! Hallen skal etter planen verte overlevert til Framnes 1. mai, og så skal me jobbe litt dugnad på hallen og vere vertskap for IMS sitt årsmøte 2017. Det ser me fram til! Som tidlegare år, er elevane svært engasjerte i årets misjonsprosjekt. Elevane har valt eit prosjekt frå North South Partnership Aid sitt arbeid i Kenya, der tidlegare NLM-forkynnar Gunnar Hamnøy er dagleg leiar. Målet er å samle inn nok midlar til å byggje husvære for 72 barn, Framnestunet, som del av ein barnelandsby. Les meir på www.nsp-aid.com. Mange elevar er aktive i dette prosjektet, og på misjonsløpet i november sprang dei inn over kr. 700 000,-. Det er eit fantastisk godt resultat!

Indremisjonsvenen - Nr. 05 - 2016

No ser me framover mot jul for å feire Jesu kome. Eg vonar me alle får ei god førjulstid og rikeleg høve, i ulike samanhengar, til å minnast han som kom. Noko anna side som er blitt viktig for meg, er dette å få lov til å leve i forventning til at Jesus skal kome endå ein gong. Ikkje i ei krubbe i stallen, men i stor herlegdom og glans! Då skal alle som har teke i mot Jesus, bli med han til ein ny himmel og ei ny jord! Det blir ei evig jul! Eg vil gjerne få ønske dykk alle ei god jul med eit vers frå ein av Brorson sine julesalmar

Akk, kom, jeg opp vil lukke mitt hjerte og mitt sinn og full av lengsel sukke: Kom, Jesus, dog herinn! Det er ei fremmed bolig, du har den selv jo kjøpt, så skal du blive trolig her i mitt hjerte svøpt.


Jula 2016

Med ynskje om ei fredfull og god julehøgtid og eit velsigna godt nytt år!

Gå varleg fram mot Betlehem. Far s�lt på fot når fram du kjem. S�g inn i de�e helga rom. Kom s�lt som fyrste gong du kom. Trø varleg fram �l krubba, bror. Smøyg av deg skorne for Guds Ord. S�g ffram �l han med s�lle steg, og vit at Barnet skapte deg. Knel audmjukt ned i halmen, ven. Skod inn i sjølve himmlen. Sjå fingaren som spente ut og skapte himmelen. Sjå Gud.

Brandøy

Bøyg hovud, ven, og sjå di von. Ly� auge, bror, og sjå Guds son. Sjå han som bøter våre brot. Høyr gledebod i barnegråt. Tekst: Hans Johan Sagrusten

Reiseruta desember, januar og februar Marit Hårklau Ådnanes 04.12 Halsnøy Indremisjon 03.12 Fosse og Børsheim Indremisjon 09.12 IMS styremøte 29.12 Huglo Indremisjon 27.-29.01 Jondal Indremisjon 03.02 IMS styremøte 04.02 Forsamlingskonferanse Stord 09.02 Sagvåg Indremisjon 13.02 Ressursgruppetreff Shl 19.02 Ølen Kyrkjetunet Lise Marie Thuestad Litlabø 01.12 Torsdagssprell Odda 03.12 Ølensvåg Kvinneforening 05.12 Vingklubben Vines 08.12 Torsdagsope Sagvåg 11.12 Stord Indremisjon 29.12 Auklandshamn Indremisjon 17.02 Horneland Indremisjon 18.02 DNA-konferanse Kåre Johan Hamre 30.11-01.12 Samnanger Misjonsfors. 04.12 Samnanger Misjonsforsamling 07.-08.12 Granvin Misjonslag 02.-15.01 Helgatun 16.01 Granvin Misjonslag 18.-19.01 Granvin Misjonslag 25.-29.01 Samnanger Misjonsfors. 30.01 Granvin Misjonslag 01.-05.02 Uskedalen Indremisjon 08.02 Meling Indremisjon 09.02 Sandvoll Indremisjon 10.02 Høylandsbygd Indremisjon 11.02 ZoomIn Gilje 12.02 Gilje og Thormodsæter IM 13.02 Granvin Misjonslag 15.-16.02 Granvin Misjonslag 23.02 Vikebygd krins 24.-26.02 Brandøytreff 27.02 Granvin Misjonslag Liv Rolfsnes 11.12 Meling Indremisjon 27.12 Eikelandsosen Indremisjon I tillegg opp gåver som områdesekretær Odda/Ullensvang Marit Andresen Røen 03.12 Odda Indremisjon 09.-11.12 Adventslhelg Brandøy 11.12 Samn. Barnekor- og King Sing 07.01 Søfteland Indremisjon I tillegg oppgåver i Samnanger arnekor og King Sing Aksel Ingvard Johannessen 03.12 Sagvåg Indremisjon 08.-09.12 Tveit Indremisjonslag 18.12 Horneland Indremisjon

20.-22.01 Uggdal Indremisjon 29.01 Håvik Indremisjon 09.-12.02 Omvikdalen Indremisjon 22.02 Auklandshamn Indremisjon Johannes Olsen 06.01 Prosjekt Finnås Toralf Steinsland 07.01 Horneland Indremisjon 18.-20.01 Osterneset Indremisjon 22.01 Meling Indremisjon 22.02 Sveio Indremisjon Svein Bjarne Aase 03.12 Odda Indremisjon 29.12 Tveit Indremisjonslag 06.01 Bømlo Indremisjon 10.02 Sveio Mannsforening Jens Tveit 22.01 Horneland Indremisjon 12.02 Håvik Indremisjon 19.02 Utbjoa Indremisjon Ingfrid Byrkja Hystad 03.-04.12 Miniadveintshelg Brandøy 18.12 Laurhammer Indremisjon 18.12 Stord Indremisjon 29.12 Ølen/Ølensvåg Indremisjon 03.-05.02 Minileir Brandøy 17.02 Gilje og Thormodsæter Indremisjon 18.02 DNA-konferanse Runar Landro 04.02 Forssamlingskonferanse Stord Ingbjørn Vingen 15.-19.02 Tørvikbygd Indremisjon Marit Stoken 18.-22.01 Bømlo Indremisjon Ingebrigt S Sørfonn 09.-12 IMS styremøte 14.01 Eikelandsosen Indremisjon 29.01 Stord Indremisjon 03.02 IMS styremøte 04.02 Forsamlingskonferanse Stord 12.02 Samnanger Misjonsforsamling 19.02 Horneland Indremisjon

Erik Furnes 03.-05.02 Fitjar Indremisjon 04.02 Forsamlingskonferanse Stord Aud Karin Kjølvik Ringvoll 09.-12.02 Moster Indremisjon Klaus Muff 22.02 Bømlo Indremisjon Ola Malvin Lomheim 04.12 Os Indremisjon 11.12 Moster Indremisjon 15.01 Fitjar Indremisjon 21.02 Halsnøy Indremisjon Arne Lindekleiv 04.12 Horneland Indremisjon 08.01 Gilje og Thormodsæter Indremisjon 02.02 Laurhammer Indremisjon Marit Dahl Hollund 15.01 Moster Indremisjon 22.01 Laurhammer Indremisjon 26.01 Huglo Indremisjon Olav Eikemo 13.-15.01 Fellesmøter Hiskjo 09.02 Alvsaker og Vines Krins 10.-12.02 Odda Indremisjon 16.-19.02 Skånevik Indremisjon 21.-23.02 Fosse og Børnsheim Indremisjon 24.-25.02 Bogøy Indremisjon 26.02 Åkra Indremisjon Harald Rydland 08.-09.02 Tveit Indremisjonslag Nils Håkon Urangsæter 08.01 Os Indremisjon Jakob Saghaug 09.-11.12 Adventshelg Brandøy 03.-05.02 Skileir Helgatun Halvard Sveen 05.02 Sagvåg Indremisjon Håkon C Hartvedt 29.01 Sagvåg Indremisjon

Jorunn Eikemo 13.-15.01 Fellesmøter Hiskjo 10.-12.02 Odda Indremisjon

Torgeir Skrunes 09.12 Samnanger Misjonsforsamling 03.02 Leirvik UKS 04.02 ZoomIn Gilje 05.02 Vintermøte Bremnes

Roald Evensen 16.-17.02 Øvrebygda Indremisjon 18.-19.02 Meling Indremisjon

Mariann Milje 03.12 Osterneset Indremisjon

ni 2017

.-18. ju 6 1 , s e n m a r ling, F

sam nnar Ferstad r u o t G S r: s la n ta e d r u a v Somm Indremisjonsvenen - Nr. 05 - 2016 Ho 15 15


Vi anbefaler minimum 13 cm lengde pga lange adresser

Avsender: Indremisjonskontoret, Pb 150, 5401 STORD

minst 6 cm avstand

Avesnder: Her settes fullstendige returadr på en linje

B Barnehel J g ULEN 2016

Returadr på en linje

LIK OSS

lg g hehel ern nrne rBa BaBa eh Barn elg

JULEN 2016 JULEN 2016

Forsamlingskonferanse

Bestill he

r:

56 31 42 4 0 eller barnehelg @imf.no kr 45,- pr. blad, rabatt ved kjø flere enn 5 p av blader.

Laurdag 4. februar kl. 11-16 Leirvik Bedehus Runar Landro og Erik Furnes vert med Påmelding innan 1. februar til www.indremisjonen.no

Runar Landro Hovedpastor Fredheim Arena

Erik Furnes

Generalsekretær ImF

16

JULEN 20

Indremisjonssamskipnaden

Laurdag 18. mars kl. 11-16 Norheimsund Bedehus Runar Landro vert med Påmelding innan 15. mars til www.indremisjonen.no

Portomerke settes inn i 1:1 str

Vinterm

ø

te Bremnes k yrkje 05. februa r

Barneehhelg elg

JULEN 2016

JULEN 20

16

Til Helgatun i vinter? Vinterferieopphald veke 9

Rombestilling frå 1. november

Kombileir 07. – 11. april

Påmelding frå 1. desember

Brandø y-

e

en.

t r ef f e t

pp)

24. – 26.

- tale: Torg eir - lokale so Skrunes ngkrefter

febru

ar 2017 Leir tilret telagd fo r vaksne funksjonsh med emming

Annonser, bilder, red. stoff o.l.

Sommarens Storsamling, Framnes, 16.-18. juni 2017

16

Indremisjonsvenen - Nr. 05 - 2016


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.