SNART KONFIRMANT - Fjelberg og Eid 18-19

Page 1

Kjære 8. klassing og foreldre/føresette!

Snart Konfirmant

- innskriving til konfirmantåret 2018/2019

T N MA

2 19

R I F N O K

VIKTIG! Påmelding i 2 trinn! Informasjon og innskriving i Eid kyrkje, 23. mai kl 18.00

og Fjelberg

Eid

Endeleg påmelding

på www.kvinnherad.kyrkja.no innan mandag 11. juni


Kjære deg! For nokre veker sidan fekk du heftet Konfirmant 2019 i posten. Dette heftet handlar om å vera konfirmant. No vil kyrkjelyden din invitera deg til å verta med oss i konfirmasjonstida 2018/2019. Konfirmasjonstida er ein viktig del av trusopplæringa i kyrkja vår, så vi reknar med at de som er døypte og medlem av Den Norske Kyrkja vert med på konfirmasjonsopplegget. Skulle nokon likevel finna ut at dei ikkje ynskjer å vera med på konfirmasjonsdagen, kan vi koma tilbake til det seinare. Dersom du ikkje er døypt, kan du vera med i konfirmasjonstida, bli kjend med trua og velje om du vil bli døypt undervegs. Konfirmasjonsdagen er for dei som er døypte.

Konfirmasjonstida

i Fjelberg og Eid sokn har fylgjande opplegg: - Samling for konfirmantar og foreldre/føresette på Zoar bedehus onsdag 22. august kl. 17.30. På denne samlinga vert det orientering om konfirmantåret og vi prøver å organisere kveldsmat til gruppesamlingane slik som tidlegare. Ei tilsvarande samling har vi i starten av januar. - 8 gudstenester, inkludert presentasjonsgudsteneste, samtalegudsteneste og konfirmasjonsgudsteneste. - Undervisning på Zoar bedehus med kveldsmat onsdagar, om lag 7 samlingar før jul og 5 etter jul + ein laurdag med øving til samtalegudst. og konfirmasjon. Samlingane onsdag er frå kl. 17.15-19.00. - Tenesteoppgåve med innsamling til Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon. Vil prøve å få til: - KonfCamp i Etne for dei som vil på leir.


Informasjon og innskriving i Eid kyrkje, onsdag 23. mai kl. 18.00 På denne samlinga reknar vi med at ein av foreldra/føresette vert med. Fyll ut og ta med svarslippen som konfirmant og foreldre/føresette har skrive under på. Denne får kvar konfirmant levere før ein går heim.

NB! ALLE må deretter registrere konfirmantane på internett.

Då går de inn på www.kvinnherad.kyrkja.no. Velg “Konfirmasjon” under Snarvegar og klikk deg inn på artikkelen om påmelding til konfirmasjonstida. Gå vidare til skjema for heile kommunen og fyll ut før mandag 11. juni. Kostnader: Konfirmantane betalar ingenting for undervisningsmateriellet. Men alle betalar kr. 500,- til dekking av utgifter til kveldsmat m.m. Kostnader for eventuell tur/leir, kjem vi tilbake til. Presentasjonsgudsteneste: Søndag 9. september kl. 11.00 i Eid kyrkje. Det er fint om de som foreldre/føresette er med på dei gudstenestene som konfirmanten deltek på i løpet av konfirmasjonstida. Konfirmasjon 2019: Eid kyrkje laurdag 4. mai og søndag 5. mai kl.11.00


Vi ynskjer at konfirmasjonstida skal bli ei fin tid for kvar einskild. Då er det viktig at alle gjer sitt til at det skal lukkast, og vi har sett opp nokre ordensreglar: 1) Møt presis til alle samvær (helst nokre minutt før). 2) Fråvær. Har du god grunn til å vera borte frå eit samvær, må føresette be deg fri på førehand.

Er du borte frå undervisningssamvær p.g.a. sjukdom, må konfirmantlærar/prest få melding. Det er fint om foreldre/føresette sender melding på sms til 90 57 11 95.

3) Ta med til kvart undervisningssamvær: Konfirmanthefte og skrivesaker. 4)

Ro og orden. I alle samvær skal det vera ro og orden som gjev høve til konsentrasjon og arbeid. Slik kan utbytte av samværa verta best mogeleg. Om nokon skaper uro i ein time, kan han/ho verte bortvist frå timen og må evt. møta til ekstratime. Foreldre/føresette vil verta informert.

5) Det er ikkje tillate å bruka mobiltelefon i undervisningssamvær.

Så ynskjer vi vel møtt og vonar det vert ei fin konfirmasjonstid med gode opplevingar! Med venleg helsing

Jan Ove Anders Høines Totland Sokneprest i Fjelberg og Eid sokn jan.ove.totland@kvinnherad.kommune.no Tlf.: 90 57 11 95

Ei levande kyrkje trusopplæring i den norske kyrkja

SVARSLIPP

Kyrkjekontoret i Kvinnherad Klubbavikjo 9, 5451 Valen Tlf.: 90 53 19 10 (Kun telefon, ikkje sms) www.kvinnherad.kyrkja.no

- i Kvinnherad

trusopplæring i den norske kyrkja

Ta denne svarslippen med og levér på innskrivinga i Eid kyrkje onsdag 23. mai kl. 18.00. Eg ynskjer å ta del i konfirmantopplegget i Fjelberg og Eid sokn og er kjend med ordensreglane. Konfirmanten si underskrift:

. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

Vi/eg ynskjer at barnet vårt/mitt skal delta i konfirmasjonstida og vil legga til rette slik at han/ho kan delta i konfirmasjonsprogrammet, og såleis få best mogeleg utbytte av tida. Føresette sine underskrifter:

. . . . . . . . . . . . . . . . . . .. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

.............................................

E-post: . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

Mobil: . . . . . . . . . . . . . . . . . . .


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.