solvei g j ohanne


månen / 6
liten nok / 7
kroppen / 10
skolaus / 10
vera i fred / 11
å glo / 12
sommarfuglen / 13
stilla / 13
urørt / 14
villblomane / 15
oktoberbjørk / 15
desemberljos / 18
grenser / 19
hugsar du / 20
engkarsen / 21
i fjorden / 22
eg er der / 23
dagsljos / 26
røsslyng / 27
kusymra / 27
trost i glaset / 28
haustdagane / 29
økosorg / 30
einsemd / 30 systemsvik / 31
enkelt / 32
i le / 33
stubbe / 36
kvite morgonfjell / 37
var / 38
mor sine spor / 39
livsmeistring / 40
gråsporven / 41
kremt / 44
lina / 44 fast / 45
sjelero / 45
bak snøføyka / 46
nattsyn / 47
kvistane / 47
så var timen komen / 48
det du treng / 49
heimveg / 52
aksept / 52
takksemd / 53
om det ikkje var for deg / 54
bølgjene veit / 55
morgonmeditasjon / 56
alt vi har / 57
sporlaus / 60
ramnen / 61
løfte / 61
attende / 62
vevtrådar / 62
lukka / 63
smuldra blad / 64
om du var her no / 65
ljoset som er / 68
livsbåten / 68 opning / 69
openberring / 69
himmel / 70
lyden / 70
mørke skogen / 71
heilar / 71
våren / 74
steinnausta / 74
rørsler / 75
frå no av / 75
krafselydar / 76
kroppen
det er rart med dette livet ofte kjenner ein det på kroppen
skolaus
fekk ikkje lov å gå skolaus før jonsok
korleis kunne dei vita at jenter som meg treng å kjenna grove berg grafsa under huda
vera i fred
ikkje alle dagar skal gripast
ikkje alle dagar kan haldast
eller pyntast på
nokre dagar treng berre
å få vera i fred som rørslene i lønnetreet utanfor glaset ditt
kremt
snøen i april
seier ikkje stort
berre så vidt kremtar
lina
stien eg går på den tynne lina mellom
bleik bork og skogmørkret
fast
går det an å halda fast i eit hav ei havbåre mot naken holme
sjelero
det er noko med dette å sjelero fjorden
bak snøføyka
ein vrimmel av vemod
desse såre snøfnugga i desember lavar frå ein himmel som ber alt i seg sorga, men og håpet og trøyst bak snøføyka den klåraste rimfrosten
nattsyn
det er så underleg med skogen av og til lokkar han meg inn i mørkret sitt
kvistane
desse tørre harde kvistane som stikk ut alt ein gjer for å halda andre borte
men noko rører meg ser forbi kvistane
heimveg
på heimveg nokre gonger i eigne spor
aksept
så var ho her høyrde dei orda som aldri vart sagt sat på det fanget som aldri var ledig kjende den handa som aldri strauk grein dei tårene som aldri fekk renna var den jenta det ikkje hadde vore plass til
takksemd
inga takksemd så sterk som ho som seier takk for det som er no, takk for alt som kan veksa i ei rivne
våren
det hende medan eg sov
lydlaust kom du og la deg naken inntil meg då eg vakna var alt så ljost
steinnausta
dei gamle veit best tenkjer steinnausta og humrar i mosen
rørsler
gjennom kroppen
rørslene av ein fugl som bryt vasskorpa
frå no av
tolsam venta du på tida som skulle koma og i dag hende det frå no av er ljoset ditt
© Kvild forlag, Solveig Johanne Grønstøl
ISBN 978-82-693291-1-7
1. utgåve. 2. opplag
Alle spørsmål om rettar skal stillast til forfattar.
post@kvildforlag.no
Trykk og innbinding: Interface Media
Redaktør: Ann-Sofi Sigmundsdatter Emilsen
Grafisk utforming og design: Björk Bjarkadottir
Foto: Solveig Johanne Grønstøl
www.kvildforlag.no
Tekstane i denne boka er verna av åndsverklova.
Det betyr at all kopiering, spreiing eller anna bruk av innhaldet utan løyve frå forfattaren er forbode.
Korte sitat er tillatne så lenge kjelde blir oppgitt. For anna bruk, ta kontakt med forfattaren.
alt som heilar hald fast i det
«Stemma til Solveig står sterkt, utan å likna andre. Mange av dikta er tilsynelatande enkle, men har djupne som dirrar, og dei opnar seg, opnar meg.»
siri bjorstad hjermann
«Å lesa denne boka er som å slentra sidevegs midtfjords i ein sjark.»
øyvind røthe