Fylkesmagasinet 7 upt 2014

Page 17

Kaibutikken i Måløy sentrum må opplevast. Eit fantastisk utval av fiskereiskapar og kle – og veldig mykje meir du ikkje visste du kunne komme til å få bruk for.

ikkje har dei ståande på kvart eit nes langs heile kysten. Det har vel heller aldri vore meininga heller. 13 i talet telte eg, og ei av dei hadde teke ein pause. Vidare nedover og utover, retning rett vest, ligg så Kråkenes fyr. Eit fyr som stod ferdig i 1906, og vart fullautomatisert i 1986. Altså, i 80 år stod ein eller annan der kvar einaste dag, i alt slags ver, og såg til at fyret gav signal til sjøfarande om kvar dei var – og aller helst ikkje burde vere, visst dei var for nær. Som nemnt var denne dagen av det stille slaget, men ser ein på naturen rundt og les litt historie, så veit ein at her kan det vere tøft. Skikkeleg tøft. Fyret kan i dag leigast, og ein plakat på veggen fortel at her leiger ein ut fem dobbeltrom og ein brudesuite. Sistnemnde kan jo vere aktuelt dersom ein ønskjer ei stormfull bryllaupsnatt, sjølv

Oppe: Ein skikkeleg fiskebutikk. Snorre Sjømat tilbyr deg det havet tilbyr deg. Nede: Mat må ein ha, og eit godt alternativ er vårrullane du får servert hos Natas thaimat i Gate 1.

om det nok kan storme i ekteskapa seinare i livet også. Ein kan også bestille ein SlowTur, eit opphald som går over fleire døgn, og skal gje deg både naturopplevingar og rekreasjon, gjerne kombinert med meditasjon og massasje. Det skal eg prøve ein gong eg har tid.

Og når svolten nok ein gong tek tak, er det berre å komme seg i bilen igjen. Inn til Måløy by igjen, putte pengar på parkometeret og prøve på nytt å få litt thai-mat. Denne gongen gjekk det mykje betre, sjølv om det ikkje var a la carte på tysdagane. Men kva gjer vel det, så lenge ein får vårrullar og Khow Phad (steik ris med svin). Ja, restauranten Natas kan, på same vis som Kraftstasjonen, absolutt anbefalast. Det kan sikkert dei andre kaféane, pub’ane og

barane i Gate 1 i Måløy også, utan at eg var innom dei. Det fine er at Måløy faktisk har massevis av alternativ til å kunne kose seg med både mat og drikke, og det trass i at det ikkje er så mange tusen innbyggjarar der. Før turen gjekk heim att, måtte eg berre ein kjapp tur innom Snorre Sjømat på kaia i Måløy. Det er godt å komme inn i ein sånn butikk, men så skulle det vel berre mangle at ein ikkje hadde ein fiskebutikk i Måløy.

Konklusjon: Ja, Måløy er ein by. Den byr ikkje på så mange attraksjonar i bysentrumet, men har du med deg bil (eller er frykteleg glad i å sykle langt) kan du få storslagne naturopplevingar – og det uansett om det er storm eller stille.

17


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.