Issuu on Google+

NR. 7 JUNI 2014

FM

Kjekt 책 lese!

fylkesmagasinet.no

Ut p책 tur! Byferie i Sogn og Fjordane side 5-17

Trollstigen side 27-31

God festivalsommar side 60-67


SOMMARTILBOD! Vårt bidrag til betre byluft

LÅN&LEIGE

fastrente

1,95% i 3 år**

Navigasjon utan tillegg i prisen. Verdi 6 400,-

NYE Auris Hybrid Touring Sports frå 284 600,-*

LÅN&LEIGE

LÅN&LEIGE

1,95%

1,95%

fastrente

fastrente

i 3 år**

i 3 år**

Prius+ Seven frå 334 100,-*

Navigasjon utan tillegg i prisen. Verdi 6 400,-

Auris Hybrid frå 269 100,-*

LÅN&LEIGE

LÅN&LEIGE

LÅN&LEIGE

1,95%

1,95%

1,95%

fastrente

fastrente

i 3 år**

fastrente

i 3 år**

Vinterhjul utan tillegg i prisen.

Yaris Hybrid frå 208 800,-*

i 3 år**

Navigasjon utan tillegg i prisen. Verdi 6 400,-

Prius Plug-in frå 339 600,-*

Prius frå 288 400,-*

*

Pris levert Førde/Nordfjord. PrivatLeige: Auris Hybrid Touring Sports 1 995,-/md. Startleige 50 000,- Total leigekostnad 125 172,-. Periode/køyrelengde 36 mnd/45 000 km. Tillegg for tingl./etabl.gebyr kr 4 190,-. Forbruk blanda køyring, utslepp CO2 og NOx: Auris Hybrid Touring Sports frå 0,38 l/mil, frå 85 g/km, fra 5 mg/km Auris Hybrid frå 0,38 l/mil, frå 87 g/ km, frå 5,7 mg/km Yaris Hybrid frå 0,35 l/mil, 79 g/km, 6 mg/km Prius frå 0,39 l/mil, 89 g/km, 5 mg/km. Prius+ Seven frå 0,41 l/mil, frå 96 g/km, frå 6 mg/km Prius Plug-in Hybrid frå 0,21 l/mil, frå 49 g/km, fra 0,9 mg/km. **Renta er subsidiert i 3 år for deretter å bli justert til normal salsrente. Avbilda modell kan ha ekstrautstyr. Vi tek atter om trykkfeil.

2

Toyota Nordfjord AS

Toyota Førde AS

6718 Deknepollen. Tlf. 57 85 26 50

Steinavegen 10, 6800 Førde Tlf. 57 72 10 00

Hegrevegen 16 - 6783 Stryn. Tlf. 57 87 60 00 www.toyotanordfjord.no

www.toyota-forde.no


I denne utgåva kan du lese om:

FM FYLKESMAGASINET

Fylkesmagasinet kjem ut til alle husstandane i Sogn og Fjordane Grunnlagt 2001

Byferie i Sogn og Fjordane | Instagram | Kortreist for dei minste | Barnsleg Trollstigen | Lidenskap for kajakk | Luftig oppleving | Rett på På biltur til dei rike si leikegrind | Monaco | Interiør | Mitt framkomstmiddel Økonomi | Ung om ferie | Det gode måltid i Sogn og Fjordane God festival sommar | X-ord | E-prat med Torkjell Djupedal FRAMSIDEFOTO: Kristine Slettehaug

Kva har fylket vårt å by på?

Øyrane 3, boks 353, 6802 Førde

Tlf. 95 93 99 99 REDAKTØR

ROY SUNDE roy@fylkesmagasinet.no Tlf. dir. 95 93 99 90

– Vi er opptekne av å finne dei gode, positive tinga som skjer i vårt fantastiske fylke. Vi klarer ikkje å fange opp alt, så har du tips om saker som du meiner vi burde skrive om – ta kontakt med meg!

MARKNADSANSVARLEG

THOR-AAGE LILLESTØL thoraage@fylkesmagasinet.no Tlf. dir. 95 93 99 97

Ønskjer du å nå alle husstandane i heile fylket med din bodskap – ta kontakt med meg!

Ansvarleg utgjevar og grafisk formgjeving Fylkesmagasinet Trykk Schibsted Trykk Flesland AS Distribusjon Posten Opplag 43.300

Fylkesmagasinet du no held i handa er «hjartebarnet» vårt i løpet av året. Av dei 15-16 utgåvene vi lagar i løpet av året, er det nemleg eit som er litt kjekkare å lage enn dei andre: «Ut på tur»-utgåva, der vi set fokus på reise og opplevingar i eige fylke, samt nokre turar utanom også. Det er årets største utgåve i sidetal, og den krev ein del meir jobbing en dei andre, men det er eit arbeid av kjærleik. For det inneber å reise rundt og prøve å sjå fylket vårt med nye auge. Det er lett å gå seg blind i alt det flotte vi har rundt oss til kvardags. Difor er et kjekt å kunne ta eit steg tilbake, og prøve å verkeleg oppleve fylket vårt med ein turist sine auge. Og i blant fører det til store opplevingar i eigen bakgard. I denne utgåva har vi blant anna spurt oss rundt etter kvar i fylket ein kan få gode matopplevingar. Vi har sendt ein reporter til Sogn, med ein fireåring på slep, på jakt etter gode opplevingar for dei minste, og vi har testa kajakk-padling. Du finn ein guide til festivalar og opplevingar i sommar, Barnsleg førebur seg til sommarferie med ikkje berre ein, men to turkameratar. I tillegg har vi «kasta» marknadssjefen vår ut i paraglidinga si verd, og vi har oppfylt ein langvarig redaksjonsdraum om å køyre Trollstigen. Og så har vi testa byane våre: Florø, Førde og Måløy. Er dei eigna for urbane byferieopplevingar? Dommen finn du i denne utgåva. Vi håpar du får det like kjekt med å lese om dette, som vi har hatt det med å lage denne utgåva av Fylkesmagasinet.

Redaktør: Roy Sunde

Bli medlem i vår

kundeklubb! – send “Elvetorget”til 1963

BLI MEDLEM I ELVETORGET SIN KUNDEKLUBB, SÅ FÅR DU:

Kunde klubb!

• Eksklusive rabattar og tilbod på SMS frå 35 butikkar • Informasjon om events og aktivitetar på senteret • Gratis å motta SMS

3


    

  

!!, $ #   . , ' "% 5 !,  2 "-2, '2 "!)* * %7 #6, %-"#, 48($'##,+

, %/ #. ( # &)"//  %-#  %"#+ $6+ ", +&&8 ,7%)  2 '%*"" ! #  ! (( ( # &"*  %"#5- 6 -'$$, ' 6 %2,!5#+

, %/ #. ( # "//  %-#  %"#+ $6+ ", 3+3&8 ,7%)  2 '%*"" ! #  ! (( ( # "/*  %"#5- 6 -'$$, ' 6 %2,!5#+

, / *#. ( # *"//  %-#  %"#+ $6+ ", (+&8 ,7%)  2 '%*"" ! #  ! (( ( # "/*  %"#5- 6 -'$$, ' 6 %2,!5#+

   "        !     '#6' 8 4 - %0 , 62# + ',-"'2 ",  888+ 3 ,0 888 "$+  '#6' .8 - %0 , 62# + ',-"'2 ", & &88+ 3 ,0 888 "$+  '#6' .8 - %0 , 62# + ',-"'2 ", .& &88+ 3 ,0/8 888 "$+ - %2 #5 2 # *, 62 ' %, %+ ## *, -, , %"#+ $6+ 2#, %- ' 2,$ %7, "'$$, 2 ##+

--- #.    """ # 

4

    

      

       

     

    

     

      


Byferie i eige fylke Storbyferie er populært. No har vi ikkje så mange store byar i Sogn og Fjordane, men vi ville likevel sjekke ut om det gjekk an å ta ein byferie i våre tre byar. Kristine gjekk friskt laus på Førde, Roy tok pulsen på Florø, medan Tore fekk i oppdrag å finne ut kva Måløy kunne by på. Konklusjonen les du på dei neste sidene. REPORTASJE: Kristine Slettehaug, Roy Sunde og Tore Fossen.

5


Byferie i Førde Byferie er noko av det kjekkaste eg veit, og mange av byane i Europa er besøkt. Berre ikkje Førde. «Førde? Jammen du bur jo eit kvarter i frå?», tenker du kanskje no. Det stemmer, eg er ofte i Førde, fem dagar i veka faktisk, men eg har aldri vore i Førde som turist. TEKST: Kristine Slettehaug FOTO: Kristine Slettehaug og Thor-Aage Lillestøl

Eg blir difor ikkje heilt i frå meg når eg får utdelt fylkessenteret i prosjekt «Fylkesmagasinet testar storbyferie i Sogn og Fjordane», sjølv om eg ville ha føretrekt Florø. Kanskje vil eg sjå Førde frå ei heilt ny side?

Ein solfylt tirsdagskveld i mai tek eg inn på Sunnfjord Hotell midt i Førde sentrum. Det er bra med folk i gatene denne kvelden, og borda på einaste fortauskafeen i byen (Førde Kroa) er fylt opp. Frå ein turist sitt synspunkt er første inntrykk godt, og når eg vender meg mot dei nye høge bygningane og dreg inn lukta av varm asfalt, klarar eg nesten innbille meg at eg er i ein europeisk storby. Men berre nesten. Rommet eg får utdelt er enormt. Det same er senga, badekaret og innhaldet i mini-baren, og eg tenker at eit hotellopphald i seg sjølv er nok til å gi rette feriekjensla. Ein rusletur i gatene blir vurdert, men eg finn ut at takeaway-sushi og eit varmt bad freistar mest. Det er viktig å slappe av på ferie! Før eg finn senga, googlar eg turist + Førde. Resultatet er nedslåande, for dei fleste attraksjonane og aktivitetane som kjem opp tilhøyrer nabokommunane. Eg merkar meg at det finst sykkelutleige i byen og at Kunstmuseet går igjen. Men no skal eg sove. I ei gigantisk seng med fire, store puter. Og påfølgande hotellfrukost. Ah, det er godt med ferie!

6

Under frukosten prøvar eg tjuvlytte til naboborda. Kvifor er dei eigentleg her? Er det business eller pleasure som trekk dei til Førde? Eine bordet diskuterer kor vidt dei tek av seg jobbantrekket (dress) om kvelden når dei skal slappe av – definitivt business tenker eg, men to damer ved eit anna bord snakkar vel og lenge om spa-avdelinga på hotellet, så dei høyrer mest truleg til turistklassa. Utanom eit par asiatarar verkar det til at dei fleste er på jobbreise. Men det er ikkje eg! Eg skal ut og oppleve byen. I resepsjonen understrekar eg at eg er turist (ja, det er pinleg, for nokre av dei veit eg bur i nabobygda ti minutt unna), og spør kva dei anbefaler av attraksjonar og aktivitetar i byen. Karl Saue er hotellsjef og må tenke litt. – I Førde? Dei fleste turistane som besøker Sogn og Fjordane ønskjer oppleve fjell og fjord og bre. Det har vi ikkje midt i sentrum, men vi tipsar gjerne om Kunstmuseet og teiknar opp turstiar og sykkelruter i sentrum til gjestane. Dette likar dei godt, og mange vandrar lenge rundt og ser. Bystien (red.merk: Hafstadkleiva) er

Når ein er på byferie skadar det ikkje med litt take-away sushi. Det hevar straks kjensla av å vere i ein by

unik, så den anbefaler vi til dei som er i form til det. Movika er også eit populært mål, og mange av gjestane, som tidlegare berre har køyrt forbi, er lamslåtte over kor fint det er der, og skryt over Mostien og Huldefossen. Når eg spør om kven som er den typiske gjesten på hotellet, svarar Saue at det har dei ikkje. – Vi har både forretningsreisande, turistar og folk frå omliggande kommunar som kjem for å shoppe og nyte ei helg på hotell. Hotellet har eitt breitt tilbod, med både god mat, fine rom, stor hage, spa-avdeling og basseng, så mange kjem for hotellopphaldet i seg sjølv. Nokre brukar Førde som utgangspunkt for opplevingar i fylket, andre som ein mellomstasjon mellom Bergen og Ålesund. Han vedgår at det er få som kjem eine og aleine for å oppleve Førde som turistdestinasjon. – Dei fleste ønskjer oppleve det som ligg rundt kommunen, men mange blir positivt overraska over byen. Førde har vore gjennom fleire estetiske endringar siste året, og det er ein stor fordel at det

er små avstandar i sentrum. Du kan gå på museum, restaurant, shoppe, nyte parklivet og til hotellet igjen – utan å nytte bil eller taxi. Det set gjestane stor pris på. Etter samtalen med Saue, får eg lyst til å starte dagen med ein sykkeltur. – Du er skikkeleg turist i dag, du, smiler ei av jentene i resepsjonen, når eg ber om å få låne ein sykkel. – Ja, det er jo derfor eg er her. – Men magetaske og kamera på magen har du ikkje, ler ho. – Nei, det får då vere grenser, smiler eg, før eg tråkkar av garde.

Eg har sykla i Førde før, men då med mål om å komme meg frå A til B, og ikkje på måfå. Det er varmt i vêret, og sola skin frå skyfri himmel. Etter ti minutt i retning Angedalen, forandrar landskapet seg frå forretningsbygg, parkeringsplassar, hus og bilar, til grøne enger, skog og beitande sauer. Eg kryssar Ryggjabrua og stoppar for å sjå på


Kunstmuseet i Førde har blitt eit markant bygg i bybiletet. Og stikk du nasa innom ventar mange nye inntrykk og impulsar på deg.

Du kan gå på museum, restaurant, shoppe, nyte parklivet og til hotellet igjen – utan å nytte bil eller taxi. Karl Saue hestane som går der, før eg med vind i håret set retning sentrum igjen. Sjølv om dette var ein nydeleg start på dagen, er det bylivet eg skal oppleve. Eg er jo på byferie. Turistinformasjonen har ikkje betjening før 15. juni, men der er hyller med turistbrosjyrar, og eg plukkar med meg alle eg ser «Førde» på. Også i brosjyrane er det handel, Hafstadkleiva

og Kunstmuseet som blir profilert. Ja-ja, så får vi besøke dette svært så omtala museet, som eg av uforklarlege grunnar ikkje har vore innom før.

sert, men allereie i første etasje blir eg bergtatt av verka som er der. Eg les om både kunstnaren og installasjonane, og brukar god tid. Det same gjer eg i 2., 3. og 4. etasje, og på toppen besøker eg den store takterrassen som er eit godt utsiktpunkt for byen. Her skulle det ha vore bar, basseng og solstolar, tenker eg, og minnast eit hotell i Barcelona, der dei hadde nettopp det. Men Førde er kanskje ikkje heilt der endå. Etter kunst er det tid for mat. Kafé Sobra i første etasje er eg litt nysgjerrig på, og menyen er både urban og verdig ein byferie-lunsj. Eg går for brokkoli- og ostesuppe, og får servert ei nydeleg god suppe med fersk focaccia til. For meg er dette ei nyoppdaga perle, og er glad for at turisten i meg fann denne kafeen. Her skal eg tilbake som innbyggar!

Alle desse stiane langs elva Jølstra har eg ofte sett Dama som sit i billettluka spør om eg er student. – Nei, turist smiler eg, og betaler. Eg vil ikkje kategorisere meg som kunstinteres-

på, men aldri funne tid til å teste. No som eg vandrar rundt i byen utan mål og meining, er tida inne. Sidan det er ein nydeleg vårdag, er det fint

<<

Nokre minutt utanom sentrum endrar Førde karakter. Og då kan du treffe på nysgjerrige hestar, som lurer på kven det er som kjem syklande.

7


<<

å gå langs elva og sjå på fuglar og folk. Plutseleg kjem det fire kajakkar ned elva, og eg tenker at det hadde vore fint å sjå byen frå den vinkelen. Kanskje ein annan gang. Eg stoppar ved Torsheim-statuen og knipsar litt bilde. Det er ein del parkar i Førde sentrum, og det slår meg kor publikumsvennleg det er her. Overalt er det benkar og nyslått gras, og ein kan vandre lenge utan å krysse ein bilveg. Mens eg har tusla rundt med kameraet, har blikket stadig vendt seg mot Hafstadkleiva og trappene der. Eg bestemmer meg for å gå eit stykke oppover, og set meg ned på øvste trinnet. Sjølv om eg ikkje er på toppen, er utsikta god, og her oppe frå ser verkeleg Førde ut som ein by. Ein liten ein vel og merke, men alle dei nye, høge bygningane har sett sitt bypreg på Førde.

Eg ser på klokka, og tenker at det er dags for shopping. Akkurat DET har eg jo gjort mange gangar før i Førde, men ofte med dårleg tid og på jakt etter kjedelege saker som støvlar til ungane, eller ny steikepanne. På byferie er det kjekt å finne butikkar som ikkje finst i alle dei andre byane. Førde har mange kjedebutikkar, men også nokre få spesialbutikkar. På «Asiatisk mat» finn du hylle etter hylle med eksotisk mat, krydder og sjeldne grønsaker. Utvalet i te er spesielt godt, og eg blir ståande lenge å sjå og lukte på ulike tear. Heidi Bo må vi òg innom. Den akkurat passelege store interiørbutikken byr på fleire merker – både kjende og ukjende, og her kan dei som er ute etter noko spesielt til huset eller ei gåve fint slå i hel litt tid. Det er fint å gå i butikkar utan å vere på jakt etter noko spesielt, og på byferie har vi all verda med tid. Heilt til eg ser på klokka. Kvardagen kallar, og ungane skal vere henta i barnehagen før halv fem. Superkortreist ferie si bakside av medaljen. Men før eg avsluttar ferien min i Førde må eg innom Rutebilstasjonen. Her har Narvesen verdens lengste isdisk, og så mange typar strø at du knapt klarar å velje. Denne disken må du berre besøke, for her er det mykje for både auga og magen. Nok ei perle som eg er usikker på om eg er glad for eller ikkje for at eg oppdaga… Dommen: Førde er ingen typisk byferie-destinasjon, men du klarar fint fylle ein dag eller to med aktivitetar og attraksjonar. Sjå byen med nye auge, ta deg god tid og opplev ein kortreist byferie i eige fylke. Hafstadkleiva er namnet, men kjært barn har fleire. Og nokre kallar den av gamal vane Bystien. Du skal i alle fall ikkje langt opp før du får godt utsyn over byen under.

Flytte langt? Flytte heim? Flytte ut?

• Vi leverer og monterer ulike typar solskjerming til både privathus og foretningsbygg. • Vi leverer alt av dører og vinduer, tilpassa kunden sine ønskjer. • Alle typar gitterportar til vindu-og butikkinngangar.

8

• Vi tek på oss små og store oppdrag med glas- og monteringsarbeid, i alt frå privathus til store forretnings- og industribygg.

GLASMEISTER

Halbrendsøyra 7 • 6800 Førde • Tlf. 57 83 08 50 • www.holvikglas.no

Rein Design

Alt innan tradisjonelle glasmeistertenester

Vi tar jobben. Uansett kvar du skal til eller frå. Over heile landet – eller ut av landet.

• • • • •

Flytting Lagring Pakking Forsikring Utleige av vare- og lastebilar


SIMPLY CLEVER

Utstillings- og demobilar til sterkt reduserte prisar! 2013 - Skoda Octavia Elegance - Kombiutgåve 1,4 bensin 140 hk TSI. Demobil - 26.200 km Parkeringsvarmar, alcantara skinn, keyless, parkeringsassistent, navigasjon, avt. hengarfeste mm. Førpris kr 363.000,- NO kr 307.000,2013 - Skoda Octavia Kombi Ambition 1,6 TDI 105 hk CR. NY - utstillingsmod. Brilliant silver met, Xenon lys, ryggesensor bak, cruise kontroll, parkerings sensor bak, avtagbart hengarfeste ++

Spar inntil kr

Førpris kr 283.000,- NO kr 262.000,2013 - Skoda Yeti Ambition 4x4 2,0 TDI 140 hk. Ny – utstillingsmod. Platin grey met.

56.000,-

Førpris kr 381.000,- NO kr 352.000,-

på nesten ny bil!

2013 - Skoda Rapid Sedan 1,2 TSI 105 hk Bensin. Demobil - 16.000 km Sølv met, handsfree, stor køyrekomputer, piggfrie vinterhjul m.m. Førpris kr kr 264.000,- NO kr 225.000,Vi har også fleire 2014-modeller frå utstillling med store prisavslag, og best av alt: Bilane er leveringsklare på dagen!

BE

RGE & CO

BR

UKTBIL

Kr 199 000,2011 Skoda Octavia stv 1,6 TDI

Kr 229 000,2014 VW Polo 90 TSI DSG, 5D

Kr 190 000,2008 VW Touran 105 Highl.DPF 7S

Kr 214 000,-

Kr 489 000,-

Kr 245 000,-

Kr 199 000,2011 Skoda Octavia stv. 105HK

Kr 399 000,2009 Audi A4 3.0 TDI Quattro, Lim.

Kr 349 000,2014 VW Golf 105 TDI 4Motion 5D

2010 Audi A4 TDI 143HK Quattro

Kr 219 000,-

2011 Audi A6 3,0 TDI 204 HK Lim.

3,95% 2009 VW Touran 105 DPF Excl. 7S

Kr 289 000,-

2011 VW Golf 105 TDI Comfort

2010 VW Passat stv. 105 TDI

Kr 147 000,2011 Skoda Fabia Amb. 75HK

Kr 274 000,2010 Subaru Forester 2,0D AWD

rente

Låneeksempel: Bilpris kr 199.000,-. Eigenkapital kr 69.650,-, tinglysning kr 1473,-, etabl.gebyr kr 2.717,-, lånebeløp kr 133.540,-, kredittkostn. kr 21.637,-, kredittkjøpspris kr 220.637,-. Nom rente 3,95%, eff.rente 6,38 % Renter og avdrag pr mnd kr 2.541,- i 60 mnd.

Kr 399 000,2013 VW Transporter 140HK 4Mot

Kr 129 900,2008 Skoda Roomster 70 HK TDI

Kr 169 000,2011 Skoda Fabia stv 105HK DSG

Kr 110 000,2003 Nissan X-Trail 2,2

Kr 279 000,2009 Audi A6 2,0 TDI Avant

Dette er berre nokre få av dei. Sjå alle bilane på berge.no – Følg oss på Facebook. Kr 295 000,2010 VW Transporter 140 4Mot.

Kr 289 000,2010 Audi A4 TDI 143 HK Quattro

Kr 359 000,2013 VW Passat 122 TSI DSG stv.

Alle våre bruktbilar har gått gjennom ein kvalitetskontroll. Du får med skriftleg rapport om bilens tilstand.

Atterhald om trykkfeil og selde bilar.

Stort utval – over 100 brukte bilar!

9


Byferie i Florø

Det er fint å gå i bygater. Men skal ein sjå ein by, ja då er «byfjellet» staden for å få oversyn. Frå toppen av Brandsøyåsen ser du heile Florø og mesteparten av skjergarden.

– Då tek Kristine Førde, eg tek Måløy, og du tek Florø, seier Tore! Vi har redaksjonsmøte i høve «Ut på tur»-utgåva. Eg skal vere eit døgn i Florø, som turist på jakt etter urbane opplevingar. TEKST OG FOTO: Roy Sunde

Så der sit eg: Åleine i Florø på ein søndag, ein dag før deadline, og skal feriere med hovudet fullt av stress, og vere turist under seks mil heimfrå. Men veit eg eigentleg så mykje om Florø? Eg er fødd her, i 1971. Men bortsett frå at eg ved tre høve har vore innlagt på sjukehuset, er det ikkje så mange døgn eg har bak meg i byen. Så eg kjem nok godt innom turistomgrepet.

10

Strandgata, fylkets mest urbane? Eg vaks opp i Førde, og har budd sett det meste av livet der, med unntak av tre år i Volda. Og når eg attpå til

er busett rett under Hafstadfjellet, kan ein gå litt i manko på sol i blant. Så når eg kjem ut til Florø, ein solskinnssøndag i slutten av mai, og verda opnar seg, himmelen blir høgare og horisonten vidare, gjer det noko med meg. Eg blir glad. Måkene, som i Førde er irriterande, blir eit meir naturleg tilskot til faunen her. Sjølv ein førdianar kan bli misunneleg på Strandgata. Eg er ikkje noko storshoppar. Men hugsar med glede den tid då alle butikkar var «unike». Det gledar å tusle i Strandgata. Namn som Fargeklatten, Thomasine, Frisk Flora, Viki: Klær i gata, Rognaldsens Gartneri, Barn og Brukskunst, Sissels Mote, Galleri Ultramarin, Lille Marked og mange andre vitnar om butikkar som enno prøvar å vere unike. Det gjer truleg handelen meir spennande. Gata byr og på eit rikt utval av kafear og utestadar, så her burde det vere mogleg for urbane opplevingar.

Kva kan ein gjere på ein søndag? Eg skal bu på

Quality Hotel Florø. Skal eg til kystbyen vil eg sove ved sjø. Eg entrar hotellet til lyden av Metallica i resepsjonen. Eit pluss i mi bok. Eg sjekkar inn, og får rom i andre etasje med sjø på begge kantar. Og er nøgd med det. Men her skal det ikkje slappast av, eg har ein by å oppleve. – Korleis kan eg fordrive nokre timar i Florø i ettermiddag, spør eg i resepsjonen. – Det går film på kinoen i dag, seier den blide resepsjonsdama. Det hadde passa meg. Eg er glad i film. Men på ferie skal ein oppleve noko anna enn til dagen. – Har du fleire forslag, frittar eg vidare. – Det er mange fine turar du kan ta frå sentrum. For eksempel til Litleåsen. Ein flott tur, som tek under 20 minutt frå hotellet, og gjev fin utsikt over byen og øyane. Oppovertur er ute av kvardagssona mi. Men 20 minutt høyres lite ut. – Prøv Brandsøyåsen. Det tek ein time herifrå, og 30 minutt frå Torvmyrane skule. Då får du flott utsikt over Florø og skjergarden, og innover andre vegen.


OPPE: Eivind Nordvik Hauge er glad i heimkommunen sin. Og tipsar gjerne om kva du bør få med deg. NEDE: Kystmuseet bør ein ta seg tid til når ein er i Florø. Og om du har oljerelaterte spørsmål, kan ein guida tur på 25 minutt gje svar på det meste, lovar formidlingsleiar Anne Bakke.

293 meter over havet. 293 høgdemeter er ikkje mykje. Men med steikande sol, fotobag på 10 kg og tronge dongeribukser merkar ein det. Formen er ikkje så god heller. Men første halvdel går som ein leik. Fjes på treplater, kreert av glade barn, viser veg. Så stig det. Og stig og stig. Til no har alle vegvisarfjes vore muntre. I den første seige mota står eit surare fjes. Eg tippar vi ser ganske like ut. Bortsett frå at eg hiv meir etter pusten. Urbane opplevingar liksom, tenkjer eg og fokuserer på å flytte beina eit steg om gangen. Og snur meg, og får første hint om at det er verd det. Utsynet over Florø og skjergarden er fantastisk. Oppmuntra forserer eg siste strekket opp. Vel oppe med varden, er det verd det. Florø strålar i kapp med sola der nede, og badar verda i lys og skjønnleik. Det einaste som kunne gjort det betre var ei kald Kinn, til å nyte utsynet mot Kinn med. Turen ned går fortare. Det er tungt å bremse

95 kg i sprelske klyv, men tanken på ein dusj, varm mat og noko kaldt å drikke held mjølkesyra på avstand. – Kor går det ann å få seg ein middag i kveld, spør eg i resepsjonen. – Det er diverre ikkje så mange alternativ i dag, men dei har pizza på Hjørnevikbua. Eg tuslar dit, bestiller pizzaen Florø Mann, med bacon, kjøttdeig, skinke og biff, pluss eit glas øl. Medan eg ventar på mat drikk eg øl og nyt livet. Sola skin på Flåten, den flytande uterestauranten til Hjørnevikbua, som duvar med dønningane. I bakgrunnen høyrer eg Brann tape. Maten smakar så godt som mat gjer i ein sliten kropp. Stort betre går det ikkje ann å ha det. Her kunne eg blitt lenge.

Florøpatrioten. Men ein kan ikkje berre kose seg. Kva er det som gjer Florø unikt? – Å ha havet på alle kantar påverkar oss. Floraværingane likar seg på eller nær sjøen. Florø er

endestasjon på Rv5, men på ein liten «klatt» har du ei urban gate, åsar og vatn og masse grøne lunger. Det er liten avstand mellom mange tilbod, som gjer oss til ein fin liten by. Og lyset. Å bu der du ser sola gå ned i havet er ein attraksjon i seg sjølv, seier Eivind Nordvik Hauge, ein kar som brenn for Florø. – Kva bør ein ha med seg i løpet av eit opphald i Florø? – Sørstrand Folkepark, som «tetta eit hol», ved at vi har fått ei skikkeleg strand. Den ligg lunt til på sørsida, er universelt utforma og tillaga for grilling. Vi jobbar vidare med servicebygg, større parkering og lettare tilkomst. Ta og turen på Åsane, rundt Store- og Litlevatnet, kystmuseet, byakvariumet og opplev bylivet her, seier han. – For meir aktive opplevingar anbefaler eg øyane, som ligg nær byen og gjev den særpreg. Dei byr på store naturopplevingar. For eksempel Kinn og Reksta, som høver fint for både dei som vil tusle i fjæresteinane, og dei som har lyst på toppar. Det går rutebåtar morgon og kveld med

<<

– Då prøver eg den, seier eg, og legg i veg. Dog første etappe i bil. Effektivitet og sånt.

11


<<

fantastisk service, så ein kan øyhoppe. Ta med loff, reker og nokre flasker lokalt øl, og opplev solnedgang frå øyane. Eller møt alpakka, villsau og «sprø» øyingar på Reksta. Øyingane er litt sprø, det må ein nok vere for å bu der ute, men gjestmilde og sjenerøse. Flora Turlag har gratisturar tysdagar og onsdagar i sommar. Du betaler berre båtbillett, og alle er velkommen. Ein rundtur til øyane med rutebåten er ein attraksjon i seg sjølv, seier Eivind. – Skjergarden er eit eldorado for kajakk, vassport eller skattejakt i fjøra for ungane. Det er bygd frihamner på Hovden, Skorpa, Hillersøy og Ålvora, som er gratis å nytte, med kai, langbord, kjøkken og høve til overnatting, der ein kan legge til og ha det kjekt i naturen. Når eg fiskar legg eg til der og steiker fisken. Gjestane mine trekk ofte det fram som den beste opplevinga. – Er Florø den beste byen i Sogn og Fjordane? – Det er den einaste byen i fylket, seier Eivind med glimt i auget. Sola legg seg lågare. Eg tuslar til hotellet, og nyt den største luksus ein kan ha i eit hektisk samfunn: Eit par timar for seg sjølv, med eit glas raudvin, ei bok og ein altan med utsikt.

Sørstranda folkepark og kystmuseet. Der søndagen var solfylt er måndagen meir beskjeden. Havskodde og yr. Lite innbyr til bading. Det måtte bli Havhesten i så fall. Men ein kan jo spasere rundt Sørstranda Folkepark. Strandområdet, med beachvolleybane, grillar, benkar, sandstrender og bruer ut på holmane er nok ein flott stad å vere når sola skin. Ved inngangen kan ein kikke på flya på veg opp eller ned til Florø Lufthamn. Like ved, nærare bykjerna, ligg Kystmuseet. Fordelt i tre bygg fortel det historia til kysten og Florø. Eit bygg er via båtar, eit daglegliv i tidlegare tider og eit oljehistoria til fylket vårt. – Vi har omvisningar her om sommaren, som tek cirka 25 minutt, fortel Anne Bakke, som er formildingsleiar og sjef for guidane på museet, og viser inn i seksjonen som fortel oljehistoria til fylket vårt. – Vi startar med Snorre, som byrja å produserer olje i 1992, og ender med den flytande Gjøaplattformen, som ligg 65 km utanfor Florø. Er det utanlandske gjestar snakkar vi gjerne litt om korleis oljen har forma norsk økonomi også, seier ho og viser bort til ein liten kinosal. – Her kan ein også sjå ein ti minutt lang film, som er den same som møter nye arbeidarar på Gjøa. Slik får ein eit lite innblikk korleis det føregår der ute. Ein kan også teste labyrinten, som simulerer ei evakuering i mørke, seier ho og tilbyr meg å prøve. Det er stupmørkt, ujamt golv, og brå møte med veggar. Men ut kjem eg. Truleg lettare når ein veit ein ikkje ruslar rundt på ei potensiell gassbombe. Og museet er vel verdt eit besøk.

Byakvariumet. For tre år sidan fekk Florø ein ny

12

attraksjon, midt i Strandgata: Byakvarium. – Tanken kom for 7-8 år sidan, når vi fekk ein maritim næringshage i Florø. Eg bestemte meg for at eg skulle få til eit akvarium av litt storleik i Florø. Det er ikkje grunnlag for eit verkelig stort eit, seier Monicha Landøy, som driv Florafauna Visningssenteret. – Akvariet er på 20.000 liter. Eit større ville uansett ikkje kunne samanliknast med dei i Bergen og Ålesund, så eg får heller satse på høg kvalitet, og mykje aktivitet. Med berre eitt akvarium blir ungane liggande og studere fisken lenge. Har du fleire spring dei frå eit til det neste, smiler ho og fortel at dei nett har fått laks i akvariet, i tillegg til dei 30 artane fisk og sjødyr ho har frå før.

Når ikkje fjella står i vegen kan ein følgje sola sin veg mot havet. Og då blir sjølv ei hamn vakker.

Lille Marked er ei perle som gjer Florø rikare. Eg vil påstå at dei er ei god årsak i seg sjølv til å ta turen ut dit. Det er komplisert å gjenskape floraen og faunaen under vassflata i ein tank. – Det er mange sortar tang og tare: Blant anna algar som veks i knallraude busker, grøne algar kalla havsalat, lange brune algar, og lilla kalkalgar. Eit mangfald som er vanskeleg å få til i eit akvarium. Det er eit sårbart, samansett økosystem. Det skal lite til før tang og tare sluttar å vekse. Vi har eit system som filtrerer sjøvatnet, og får til noko unikt ingen andre har, seier ho. – Det er vanskeleg å få dette til å gro i eit akvarium. Akvariet har blitt eit populært tilskot til opplevingsfaunaen i Florø. – Barnehagar, tilreisande, turistar og folk som bur her er flinke til å bruke oss. Vi prøver å ha ulike arrangement også, for å lage eit godt tilbod. Kvar advent har vi Messa Julehuset. Det er ikkje ei salsmesse, vi fokuserer på kos. Familiar kjem dit og lagar ting. Messa er blitt så populær at i

sommar lagar vi ein kreativ hobbyverkstad, der born, unge og vaksne kan utfalde seg. Eg synest det er så få tilbod til dei kreative unge. Det er mykje fokus på kultur og idrett, men få arenaer der ein kan skape. Difor lagar vi hobbyverkstad her i to månadar i sommar.

Lille Marked – ein perfekt slutt. Etter to timar trakking på turar i Florø, Kystmuseumet og Sørstrand, gjenstår berre eit måltid til i Florø. Eg har høyrt gode ting om Lille Marked, og veljer det. Den vesle etestaden, som og sel spesielle matvarer og anna ligg i Strandgata, i eit triveleg, kvitt hus. Inne tek dagleg leiar Gitte Kathrine Kroppan Villand, og ei tavle med freistingar, mot. – Eg tek eit fat med antipasti. (Italiensk antipasti: kald mat som ost og rå, grilla eller marinerte grønnsaker, skinke, salami og andre typar kjøt.)


Om du har lyst å kikke nærmare på rundt 30 ulike fiskar og sjødyr bør du ta turen innom Byakvariet i Strandgata, drive av Monicha Landøy.

tørka tomatar og sylta artisjokk. Brøda er Foccacia, Briochet og knekkebrød frå Finnøy, heimelaga majones og fikenmarmelade, fortel han og ønskjer meg eit godt måltid. Og det vart det! Lille Marked er ei perle som gjer Florø rikare. Eg vil påstå at dei er ei god årsak i seg sjølv til å ta turen ut dit. Besøk dei ved kvart eit høve. Det skal eg!

Konklusjon: Er Florø staden for ein byferie? Ja! Florø byr på natur- og byopplevingar, kompakt pakka inn i ein sjarmpakke av ein by. Glad i turar i skog og mark? Vær så god: Gå frå sentrum og opp på små toppar på 10 til 30 minutt. Eksotiske øyar ligg ein kort båttur unna. Bad inne eller ute, handl i småbutikkar, et god mat, ta inn kultur eller nyt livet på ein flåte med noko godt i glaset.

Rein Design

– Håpar det smakar! Eg studerer godsakene på trefjøla. Eirik Villand er på veg forbi, så eg spør kva eg har fått. – Blåmuggosten Kraftkar frå Tingvoll, Brie de Meaux frå Frankrike, Valençay, ein fransk geitost og Langres, ein raudkittost frå Champagne. Vidare Bresola, biffkjøt av storfe, som er lufttørka, salta og modna. Salami med pepar og trøffelsalami, serranoskinke, oliven, hasselnøtter, sol-

Er du svolten, fysen eller berre lyst å smake noko godt? Stikk innom Lille Marked. Du blir garantert ikkje skuffa. Maten deira er utruleg god.

Forandring frydar! V Vii har bytta a ut W Wella ella e sine fargar fa med Kevin.Murphys COLOR.ME COLOR.ME inneheld Shea Butter og Granateple og er så naturleg som mogeleg mens den samtidig har styrken til ein permanent hårfarge. å Den dekkar grått å hår å og gir håret å ein fantastisk glans.

KLIPP FARGE FARGE A BRUD STUDENT RABA RABATT AT TT DROP IN EXTENSIONS MAKE-UP Besøk vår facebookside Fr Fresh esh Frisørsalong

Hafstadvegen 34 | 6800 Førde TTimebestilling imebestilling 47 70 73 80

13


Byferie i Måløy

Kannesteinen - eit ynda fotoobjekt som «alle» må ha eit bilete av.

Det er med litt blanda kjensler eg har teke på meg oppdraget å finne ut kva ein kan få ut av ein byferie i Måløy. Hadde det no vore Paris eller London eg skulle utforske, så… TEKST OG FOTO: Tore Fossen

14

Vel, jobben måtte gjerast, og ein måndag ettermiddag i mai sette eg meg i bilen for å køyre til Måløy. Det er ikkje sånn at eg ikkje har vore i Måløy før, men kva i alle dagar skulle eg finne på i Måløy by? For sikkerheits skuld fann eg ut at eg skulle bestille rom på førehand. Eit søk på Google gav meg fem alternativ, og eg tok det første eg drog

kjensel på, nemleg Best Western Måløy Hotell. Rom fekk eg. Einaste eg sleit med var å komme meg fram til hotellet med bil. For eg køyrde nemleg ned hovudvegen og kom ned i Gate 1 som er einvegskøyrt. Etter litt fann eg ut at eg skulle ha svinga av rett etter den elegante Måløybrua, for då kunne eg nemleg parkere rett utanfor inngangen til hotellet. Måløy vart by i 1997, og litt bypreg får ein straks ein må betale for å stå i gata. Rett nok er det berre nokre kroner i timen, og frå 8 til 16. Men greitt å skaffe seg ein lapp slik at ein kan ligge litt frampå, i tilfelle hotellet har gode senger og god frukost.

Kveldsmat må ein ha. Etter å ha blitt møtt av ei hyggeleg dame i resepsjonen og fått sjekka inn, kunne ho fortelje at dei hadde ein enkel kvelds-

buffét. Men dei hadde også restaurantar i byen, og ville eg ha mat kunne eg prøve Natas (thaimat) eller Kraftstasjonen. Litt asiatisk kunne passe, så Natas vart oppsøkt. Dessverre hadde den stengt denne måndagen, så då vart det Kraftstasjonen. Og det var ikkje noko dårleg val. Biff med soppsaus, asparges og fløytegratinerte poteter, samt sjokoladefondant med is og bær til dessert går definitivt greitt ein måndagskveld, skylt ned med litt raudvin. Så var det blitt kveld, og tid for ei natts søvn, sidan byen skulle utforskast neste dag.

Frukost må ein også ha. Hotellet serverer frukost fram til kl 10.30, noko som passar meg heilt ypparleg. Då treng ein ikkje stresse, og ein har tid til å steike seg ein vaffel også. Hugs berre på å smøre vaffeljarnet, elles heng det ei halv vaffel-


Oppe: Refviksanden er innbydande på ein solskinsdag. Hadde dei berre kunne gjort noko med temperaturen i vatnet… Nede: Vindmølleparken på Mehuken. Ikkje alle vil kalle det ein attraksjon, men majestetiske er dei, der dei står.

plate i loket, og ei tilsvarande i botnen. Ja, eg skal ikkje utnemne meg sjølv som profesjonell vaffelsteikar, så det får tilskrivast tabbekontoen. Unnskyld til dokke på hotellet som måtte skrape resten av jarnet fritt for røre.

Kva kan eg oppleve her i Måløy by? Spørsmålet vart stilt til resepsjonisten då eg sjekka ut. Har du vore her før? spurte ho. Eg laug, og sa nei. – Då vil eg anbefale at du tek turen til Kannesteinen, sa ho, og fann fram kart.

Eit ynda fotomotiv. Ja irriterande ynda. På veg ut til Kannesteinen, ein attraksjon som er godt skilta, stakk eg eit tur innom Vågsberget, ein godt ivareteken handels- og gjestgjevarstad. Eg rusla ned i tunet, og observerte at det gjekk føre seg restaureringsarbeid der, og beskjeden som eg er, ville eg ikkje uroe Tømrar Elin og dei andre som var i sving. Eit par bilete vart tekne, og så drog eg vidare mot Kannesteinen.

<<

Temperaturen i vatnet var det motsette. Ikkje pokker om det var tema å gjere noko anna enn å vasse.

– Elles har vi Refviksanden og Kråkenes fyr. Det er veldig populært. – Men her i sjølve byen, då? spurte eg. – Vel, vi har ikkje så mange attraksjonar her. Men vi har gode restaurantar og kaféar, ja og så har vi Rema og Kiwi, sa ho og lo. Eg takka, og fann ut at eg ville starte med Kannesteinen.

15


Kråkenes fyr. Her kan du overnatte, og det er sikkert fantastisk, uansett om det er storm eller stille.

<<

16

Dei fleste har vel sett Kannesteinen på bilete, men eg ville no ta eit bilete eg også når eg først var på staden. Akkurat det hadde ein tyskar også funne ut. Han hadde rigga seg nedanfor plattingen der «vi vanlege turistane» kan stå. Med stativ, krum rygg og kona som medhjelpar knipsa han bilete i aldri den tid. Han sjekka skyer, vind og bølgjer. Skifta linser og filter og studerte kvart einaste bilete på LCD-skjermen sin. Og gav seg blanke i at det stod fleire på plattforma og faktisk ville ta eit bilete dei også. Stakkars dei som må lide seg gjennom tyskaren sine lysbileteshow når han er tilbake i heimlandet. Og stakkars kona hans dersom dette var prosedyren kvar gong han kom til ein turistattraksjon. Kannesteinen er forma av naturkreftene gjennom tusenvis av år. Den står som eit staup på ein

tynn fot. Den er vakker å sjå til, og står stolt og majestetisk med storhavet i bakgrunnen, som denne dagen viste seg får ei særs roleg side.

Litt tidleg for bading, men likevel verd eit besøk er Refviksanden. Men skal ein nyte den i mai kan det vere lurt å ha noko å sitte på. Derfor måtte eg innom Kaibutikken i Måløy sentrum. Dersom du ikkje har vore der, så må du nesten ta turen. Det er ein veldig spesiell butikk, der ein har alt. Kanskje ikkje så lett å finne fram, men spør dei som jobbar der etter det du har bruk for, og mest truleg finn dei det til deg. Dessverre så hadde dei ikkje den type strandstol eg var på jakt etter, men dersom det var slukar eller anna til fisketuren eg såg etter, hadde dei garantert kunna hjelpt meg. Det same om det var fritidsklede eller verneutstyr. Utan stol drog eg vidare til Refvika. Tempera-

turen låg på behagelege 17 grader, og det var nesten ikkje vind i det heile. 4 meter pr sekund stod det på Måløybrua tidlegare på dagen. Eg bretta opp buksebeina og trakka over den kvite sanden, i retning storhavet. Stranda var innbydande. Temperaturen i vatnet var det motsette. Ikkje pokker om det var tema å gjere noko anna enn å vasse. Men at stranda er vakker, og naturen rundt like så er det ikkje vits å diskutere ein gong.

Ytst mot havet ligg Kråkenes fyr, den tredje attraksjonen resepsjonisten meinte var verd eit besøk stod for tur. På veg over Kvalheim dukka dei majestetiske vindmøllene opp. Altså nok ein attraksjon – i alle fall i mine auge. Og så får motstandarane seie kva pokker dei vil. Eg synest vindmøller er tøft. Eg nektar å gå med på at dette er øydeleggjande for naturen. I alle fall så lenge vi


Kaibutikken i Måløy sentrum må opplevast. Eit fantastisk utval av fiskereiskapar og kle – og veldig mykje meir du ikkje visste du kunne komme til å få bruk for.

ikkje har dei ståande på kvart eit nes langs heile kysten. Det har vel heller aldri vore meininga heller. 13 i talet telte eg, og ei av dei hadde teke ein pause. Vidare nedover og utover, retning rett vest, ligg så Kråkenes fyr. Eit fyr som stod ferdig i 1906, og vart fullautomatisert i 1986. Altså, i 80 år stod ein eller annan der kvar einaste dag, i alt slags ver, og såg til at fyret gav signal til sjøfarande om kvar dei var – og aller helst ikkje burde vere, visst dei var for nær. Som nemnt var denne dagen av det stille slaget, men ser ein på naturen rundt og les litt historie, så veit ein at her kan det vere tøft. Skikkeleg tøft. Fyret kan i dag leigast, og ein plakat på veggen fortel at her leiger ein ut fem dobbeltrom og ein brudesuite. Sistnemnde kan jo vere aktuelt dersom ein ønskjer ei stormfull bryllaupsnatt, sjølv

Oppe: Ein skikkeleg fiskebutikk. Snorre Sjømat tilbyr deg det havet tilbyr deg. Nede: Mat må ein ha, og eit godt alternativ er vårrullane du får servert hos Natas thaimat i Gate 1.

om det nok kan storme i ekteskapa seinare i livet også. Ein kan også bestille ein SlowTur, eit opphald som går over fleire døgn, og skal gje deg både naturopplevingar og rekreasjon, gjerne kombinert med meditasjon og massasje. Det skal eg prøve ein gong eg har tid.

Og når svolten nok ein gong tek tak, er det berre å komme seg i bilen igjen. Inn til Måløy by igjen, putte pengar på parkometeret og prøve på nytt å få litt thai-mat. Denne gongen gjekk det mykje betre, sjølv om det ikkje var a la carte på tysdagane. Men kva gjer vel det, så lenge ein får vårrullar og Khow Phad (steik ris med svin). Ja, restauranten Natas kan, på same vis som Kraftstasjonen, absolutt anbefalast. Det kan sikkert dei andre kaféane, pub’ane og

barane i Gate 1 i Måløy også, utan at eg var innom dei. Det fine er at Måløy faktisk har massevis av alternativ til å kunne kose seg med både mat og drikke, og det trass i at det ikkje er så mange tusen innbyggjarar der. Før turen gjekk heim att, måtte eg berre ein kjapp tur innom Snorre Sjømat på kaia i Måløy. Det er godt å komme inn i ein sånn butikk, men så skulle det vel berre mangle at ein ikkje hadde ein fiskebutikk i Måløy.

Konklusjon: Ja, Måløy er ein by. Den byr ikkje på så mange attraksjonar i bysentrumet, men har du med deg bil (eller er frykteleg glad i å sykle langt) kan du få storslagne naturopplevingar – og det uansett om det er storm eller stille.

17


Fylkesmagasinet på Instagram! Følg oss du og!!! @millasitron

@eslettehaug

@elisabethaasen67

Neste konkurranse: Skal du på festival i sommar? Del det med oss på Instagram 3 av bidraga blir belønna med 5 Flaxlodd.

Biletet sender du til thoraage@ fylkemagasinet.no eller hashtagger på Instagram med #fmfestival.

Andre tilfeldig utvalde bilete:

18

Andre tilfeldig utvalde bilete:


klinikk førde

10

år

2004-2014

hud • laser • varicer

Sommartilbod:

20% rabatt

SPESIALISTAR:

på Restylane-behandlingar i veke 24 og 25.

Plastikk-kirurgi

Restylane er verdas leiande dermale fyllstoff for hudforyngelse og estetiske korrigeringar. Både sikkerheit og effekten av Restylane er klinisk dokumentert og vert støtta av omfattande kliniske studiar føreteke over 15 år og med over 15 millionar behandlingar. Restylane er det klare førstevalet for estetiske behandlarar verda over og er ansett som «GOLDEN STANDARD» innad i bransjen.

Dr Håvard Seland. Spesialist i plastisk kirurgi (arb.stad: plast. kir. avd. Haukeland Sykehus) Dr med. Hans Vintertun. Spesialist i plastisk kirurgi (arb.stad: plast. kir. avd. Universitetsjukehuset i Jønkøping, Sverige). Dei tek konsultasjoner og opererer på Klinikk Førde

1

2 4 5

Privatpraktiserande kvinneleg gynekolog

3

Dr Gudny Sando, spesialist i gynekologi og obstetrikk.

Det er berre utvalde klinikkar, og med medisinsk ansvar- Privatpraktiserande leg lege, som får behandle med Restylane. Klinikk Førde spesialist i ortopedi har autoriserte Restylanebehandlarar med ID-kort. Dette, Dr med Jan Roar Orlin. Spes. samt produktet sin unike kvalitet, sikrar optimal tryggheit. generell kirurgi og ortopedisk kirurgi med særleg vekt på Andre behandlingstilbod: smerter i rygg, armar og bein. Azzalure/Botox • Permanent hårfjerning med diodelaser • CO2-laser • Restylane • Fraxellert CO2-laser • Peeling (Bluepeel, Light peel) • Medisinsk kremprogram (Obagi, Duvè Medica) • Aknebehandling • iClearXL, raudt og blått lys • IPL mot cuporose og spiders • Sveittebehandling m/Botox • Sprengte blodkar • Laseroperasjon av åreknutar • Tannbleiking • AWT - cellulittbehandling (FDA-godkjent)

OPNINGSTIDER: Tirsdag, onsdag og fredag kl 10-16 og elles etter avtale. Pasientar kan henvende seg direkte for konsultasjon, eller dei kan tilvisast frå lege.

Varicer/åreknutekirurgi Utredning med ultralyd. Behandling med ILVO (innvendig laseroperasjon). Skleroterapi. Dr Jens Ola Evjensvold. Spesialist i generell kirurgi og karkirurgi.

Muligheit for bubil

Timebestilling hos alle legane: 57 72 04 40 / 976 79 662

Klinikk Førde AS

Medisinsk ansv.: lege/karkirurg Jens Ola Evjensvold Førdetunet, 2. etasje, Hafstadvn 25, 6800 Førde • Timebestilling: 57 72 04 40 / 976 79 662

klin-fo@online.no • www.klinikkforde.no

'XÀQQRVVSn‘\UDQH 'XÀQQRVVSn‘\UDQH

NYHET

Finnes det noet vakrere enn et nymalt hus? Det formidler liv og lyst og sender ut signaler som kan tolkes som “Jeg er sterk”. Og det er akkurat det som er malingens egentlige oppgave – å klare å stå imot når vinden uler rundt hjørnene og værgudene gjør alt for å bryte ned huset. Men det er ikke bare husfasader som må beskyttes. Også terrasser, utemøbler, gjerder og så videre må beskyttes. Og det gjøres best med Beckers utendørsprodukter.

Rein Rein Design

3HUIHNW$NU\ODW3OXV 3HUIHNW$NU\ODW3OXV

Beckers er det beste GXNDQJLKXVHWGLWW

Alle bilder er henta frå beckers.no

Flovegen 5, 6800 Førde • 57 82 85 00 • Fax 57 82 85 01 • neumann.no

Opningstider: Mandag - Fredag 07.30 - 16.30

19


Kortreist for dei minste Kortreist ferie er i vinden, og du treng ikkje krysse landet for å finne aktivitetar for barn. Vi tok med oss fire år gamle Thalie og brukte ein heil dag i Sogn på opplevingar for dei minste. TEKST OG FOTO: Kristine Slettehaug

For dei med barn handlar ferien ofte om å oppsøke opplevingsparkar og anna som kan gjere dei små nøgde. Om det ikkje passar reise langvegs i sommar, kan turar i nærområdet vere løysinga – og det er mykje å velje mellom i Sogn og Fjordane. Etter litt research, valde vi oss Sogn som utgangspunkt for ein dag med opplevingar for barn. Thalie (4),dotter til underteikna, er den heldige forsøkspersonen, og forventningane var store til dagen.

Turen startar i Førde, og ein god time seinare svingar vi inn framfor Norsk Bremuseum. Det første som fengjer er «elefantane» som helsar oss velkommen. Det som eigentleg er tre skulpturar av mammutar, og første del av den pedagogiske leikeparken dei er i gang med å bygge utanfor museet, blir studert nøye av fireåringen. Spørsmåla er mange, og eg lovar at vi skal besøke museet ved eit seinare høve i sommar, slik at ho kan få svar på blant anna korleis mammuten fann mat, viss jorda var dekt med is(?!). Museet har mange spennande utstillingar, og fleire av dei passar barn og unge. Du kan blant anna delta i ulike iseksperiment, finne ut kor mykje kraft du kan skape ved å sykle, vandre under breen, eller bli betre kjend med den 5300 år gamle ismannen Ötzi.

20

Vi vinkar farvel til mammutane, og vender nasa mot Den norske bokbyen. Langs vakre Fjærlandsfjorden finn ein om lag 4 hyllekilometer brukte bøker til sals i eit titals utsal av ymse storleikar og opphav: ferjeventerom, fjøs, bank, fryseri og postlokale. Det finst bøker i alle kategoriar – også for barn. Tronge, smale trapper som tek oss til loft som knirkar og luktar slik som gamle hus gjer, er eit eventyr og ei oppdagingsferd i seg sjølv, og små barnefingrar glir langs uendelege rader med nedstøva bøker. – Men kor er barnebøkene, mamma? Spør fireåringen etter litt vandring i bokbyen. Vi finn avdelinga for barn, og ivrige barneauger leiter rundt i rommet. I tillegg til hyller med barnebøker, er der både teikneutstyr og litt leikar. Ho vekslar mellom å teikne og bla i bøker, og vil helst vite nøyaktig namn og alder på dei tidlegare eigarane av bøkene. I nokre av bøkene finn vi faktisk namnet på førre eigar, og fireåringen konkluderer med at «dei var vel blitt lei av bøkene, eller for gamle til å lese i dei då» som årsak til at dei har hamna her. Spennande er det uansett, at eit anna barn tidlegare har bladd i og hatt glede av akkurat denne boka vi har i handa. Når eg ber ho om å velje ei bok til seg sjølv og ei til veslesøster, må det tenketid til. Både Mummi

og anna freistar, men ho endar til slutt opp med ei Pippi-bok til seg sjølv, og ei om apen Julius til lillesøster. Med bøkene under armen seier vi adjø til den koselege bokbyen, og set kursen mot Sogndal for litt å ete.

Litt utanfor Sogndal, i Kaupanger, finn du Vesterland leikeland. Ein 1550m2 innandørs leikeplass innbyr til timar med leik og moro. Leikelandet består av eit stort klatrestativ med rutsjebaner, tunellar, labyrintar, ballbinge, ballkanonar og glidebane. I tillegg til hoppeslott, leikebilar, diverse ballspel og klatrevegg. Her er også basseng for dei som ønskjer å bade. Dette har vi både snakka om og gleda oss til, så skuffelsen er difor stor når vi oppdagar at leikelandet har tatt siesta akkurat når vi kjem. Vi var der i mai, så dette unngår du om du kjem i sesongen. Det kan vere utfordrande å forklare ein tårevåt fireåring at dette fantastiske leikelandet har tatt pause akkurat når vi kjem, men heldigvis klarar eg å lokke med neste destinasjon som er vel så spennande: Lustrabadet! Men før vi hoppar i badekleda, har vi lyst til å besøke eit bakeri vi har hørt så mykje om, nemleg Lustrabui. Vi køyrer frå Kaupanger til Luster, og to sukkerglade jenter er spente på kva som ventar. Samvirkelagbygget, som lenge sto tomt, fekk i 2008 nytt liv av Tordis og Gudny Alme. Dei har vore på opplæring i bakarkunsten i Lom hos Morten Schakenda, og driv no sitt eige bakeri og kafé i Luster. Her har dei eigen bakaromn, og det er ekte handverk dei sel. Velfylte brødhyller og ein disk som bognar av freistande bollar ventar oss, og vi får litt problem med å velje. Til slutt går vi for ein gedigen kveitebolle, som smakar minst like godt som den ser ut. Vi anbefaler både store og små til å stoppe her i ferien. Aldri har vi smakt betre bollar, og med ferske valnøttbrød i posen, gler vi oss allereie til kveldsmaten.

Lamasafari og gardsbesøk på Skjolden er noko vi begge hadde lyst til, men ikkje fann tid til denne dagen. Guida turar med fredelege og intelligente dyr langs Mørkridselva, til eit vakkert område der fleire lamaer beitar, høyrest ut som ei fin og spesiell oppleving for heile familien. Det får bli ein annan gang, for no skal vi bade!

Lustrabadet er eit nytt, flott badeanlegg i Gaupne for heile familien. Med store vindaugeflater retta mot fjell og fossefall som omringer bygda, er det dette som fenger mor mest når vi entrar badet. Fireåringen spring rett i knøttebassenget. Der er det sklie og fontene, og ved sidan av eit barnebasseng med bobler. I tillegg er der fleire stupetårn, klatrevegg, ei kort sklie og ei lang med tidtakingssystem. Det vart ikkje rekord på oss denne dagen, men sklia fekk kjørt seg – for dette var kjekt! I velværeavdelinga finn vi ro og avslapping, og i varmebassenget må vi prøve liggebenk med massasje. Grotta må vi óg besøke. Den gjev ei heilt spesiell, og litt skummel, oppleving. Spesielt fascinerande er det for fireåringen at grotta skiftar farge ettersom lysa gjer det. Vi avsluttar badet med ein tur i varmekulpen ute, og Thalie er samd i at dette var skikkeleg deilig. Litt overraskande at velværeavdelinga skulle falle så i smak hos ein fireåring, men dei treng vel litt avkopling dei òg frå ein travel kvardag. Det må naturlegvis ein del overtaling til for å få jentungen ut av bassenget, og vi inngår eit kompromiss om ein siste tur i sklia, før vi går i garderoben. På turen heim er vi samde om at det har vore ein fin dag. Stor strek i rekninga er det likevel at vi ikkje fekk besøkt leikeland, og kjenner eg fireåringen rett, er dette noko som vil bli tatt opp igjen ein del framover. Heldigvis er sommaren lang, med fleire høve til å besøke Sogn. Ganske nøyaktig ti minutt etter at vi køyrer frå Gaupne, sovnar Thalie. Eit godt teikn på at det har vore ein innhaldsrik dag.

Tips til nokre andre aktivitetar for barn i Sogn og Fjordane • Grotlesanden – Ei to kilometer lang badestrand ved den vesle bygda Grotle i Bremanger. Sydenstemning på solfylte dagar, og ei spektakulær naturoppleving på dagar med ruskever.

• Værlandet Gjestehamn sykkelutleige – Med lite trafikk, lett kupert terreng og eit mylder av øyer som er knytt i saman av bruer, er Bulandet og Værlandet eit sykkeleldorado for liten og stor.

• Norsk Fjordhestsenter – Arrangerer rideleirar sommaren gjennom, kurs og rideturar i fjellet.

• Refviksanden. Den 1,5 km lange sandstranda er med sin kritkvite skjelstrand ei av Norges finaste badestrender. Stranda ligg i Refvik, ca 10 km frå Måløy.

• Florafauna – Byakvariet i Florø sentrum. Mange aktivitetar for familien, knytt til flora og fauna. • Fossheimen naturpark – opplevingssenteret som er tufta på natur, kultur, dyr og historie i Gaular.

• Nordfjord Adventure – Arrangerer eigne familieturar til gapahukar, anten ved sjøen eller i skogen. Planen for turane er å la heile familien delta aktivt i friluftslivet – uansett alder og erfaring. Fokus på å lage mat ute, kombinert matkurs.


21


22


Eg heiter Joachim Vie, eg er 33 år gammal, sambuar med Lena og far til Nomi og Alvin, tre og eitt år gamle. Det før så aktive friluftslivet med tid til både lange turar, impulsiva turar, klatring, toppturing, flogefiske med meir, blei straks meir utfordrande med barn. Denne spalta har sidan 2012 gjeve ein del svar på korleis ei rastlaus sjel kan kombinere barn og friluftsliv - men jakta på dei store turopplevingane i ein travel kvardag held fram.

Generalprøve – I dag skal vi sove i telt, gå i fjellet, drive fjellklatring, eeeh, sove i telt, og så reiser vi heim. Forskjellen frå alle dei andre gongane Nomi og eg har vore på veg til eventyr, er at Alvin er med oss. Han sit bedageleg i setet og høyrer Nomi fortelje om kva vi skal. Eg spør ho korleis ho trur det vil gå. – Det trur eg går fint, seier ho, og stadfestar at ho veit ho må vere stille når han skal sove. Ho har klokketru på denne turen, som eigentleg er eit lite eksperiment. Sola skin, det er behagelege 17 grader ute. Det er blitt ettermiddag, men framleis eit par timar att til vi må finne soveposen. Vi er ikkje på langtur, likefullt er det ei betydeleg utfordring på gong.

Gamle problem, nye løysingar. No er det ikkje slik at Alvin ikkje har vore med på tur før, eller sove i telt. Den store skilnaden er at han har sovna med ein smokk, ein smokk som tilfeldigvis også er sambuaren min. I dag er ikkje «smokken» med. Til sommaren skal nemleg Nomi, Alvin og eg feriere mykje i lag, sidan sambuaren/«smokken» skal jobbe ein del. Det vil seie at vi må finne ut av ting. Som på dei første turane med Nomi, er logistikk ei stor utfordring. Dette gjeld alltid når ein skal ha med seg ein som ikkje går så langt for eiga maskin. I motsetnad til med Nomi, har eg no valt ein annan strategi. Beremeisen er ikkje brukande på lengre turar, om ein ikkje har med ein person utanom til å bære nødvendig bagasje. Til denne turen har vi difor pakka i ein stor pakkråme-sekk på 130 liter.

Alvin skal eg ha på magen i ein Ergo-baby. Den andre utfordringa handlar om Alvin og soving. Med Nomi måtte vi ofte legge oss ned med ho til ho sovna, så det var ikkje så stor overgang å gjere det same i eit telt. Alvin derimot er vant til å leggje seg åleine i ei seng. Så pratar han, syng og sovnar av seg sjølv. Det blir ikkje heilt det same i eit lyst og varmt telt, med ei storesøster som ofte skal «hjelpe til».

Rædd. – No kjem vi inn i mørkeskogen, seier Nomi med mørk, tilgjort stemme og ser på Alvin, mens ho legg ut om ulvane og trolla som gøymer seg her. Han forstår ikkje så mykje av leiken Nomi og eg har laga, men smiler og ler til storesøstera. For kvar gong vi køyrer på plassar med tette tre som skuggar for sola, fortel vi kor skummelt det er i den mørke skogen. Så kjem vi ut av mørkeskogen og alt er lyst og fint, inkludert stemma til Nomi. Vi køyrer på grusvegen som tek oss frå Naustedal og Solheim opp til Storevatnet. Normalt snakkar Nomi og eg mykje på turane våre. No merkar eg at Nomi snakkar like mykje til Alvin, som til meg. Det gjer at det blir litt rolegare for min del når vi køyrer. – Eg e rædd, det er langt ned, seier Nomi plutseleg bekymra frå baksetet. Ho vil ikkje at vi skal vere på tur. – Eg vil heim igjen, seier ho tydeleg misfornøgd med kvaliteten på vegen og terrenget rundt. Plutseleg får eg det travelt igjen. Det går for fort, for sakte, stort sett gjer eg feil uansett korleis eg køyrer. Etterkvart går det fint, og vi er framme ved Storevatnet. Det slår meg atter ein gong kor privilegerte vi er som kan køyre ein halvtime heimafrå, og plutseleg stå midt i reine villmarka. Vi snur og køyrer attende til ei utkøyring nær ein fin teltplass med god utsikt over dalen. Sekken, eller beistet, ligg ferdigpakka i bagasjerommet og vi er raskt klare til å byrje å gå.

Eit telt tek form. – Eg må spikke med spikkepin-

nen, seier Nomi. Ho fekk ein flott kniv i lærslire av «tante» Maren. Nomi kan ikkje vente med å få nytta den. – Vi må finne ein plass å slå opp teltet først, seier eg. Nomi er ivrig og skal hjelpe til med det, så vi kan kome i gong med det viktige; spikke bjørkekvistar. Vi er i gong med første del av eksperimentet; prosjekt logistikk. Sekken er på, og Alvin heng i sela på magen og prøver å ete nasen min kvar gong eg nærmar meg ansiktet hans. Det skal ikkje vere for bratt eller for mykje bøy og tøy med denne oppakninga tenkjer eg. Vi går nokre hundre meter før vi planlegg leir. – No må vi finne ein god teltplass Nomi. Ser du ein flat og mjuk plass vi kan ligge? – Nææei, her var det litt vått. Her er det stein. Kanskje her? Nomi går veslevaksen rundt og sparkar i mosen og kikkar seg rundt. Ho tek oppgåva alvorleg. Vi finn ein fin flekk vi kan overnatte på. – Kor skal den her være, spør Nomi, og held i teltstanga som er tre gongar så lang som ho. – Sjåååå pappa, det er ei fiskestong. Eg har fått fisk, seier ho og gyngar den opp og ned. Alvin stabbar rundt i strømpebuksa og et på bjørkekvistar, mose og anna snacks han finn. Han skal også hjelpe til med teltstengene. Så fort den eine delen av teltet er oppe, er både Nomi og Alvin på veg inn. Eg hiv dei ut og prøver å få spent opp teltet før dei snik seg inn att.

Spikkepinnen. – Oh, her er det koshli, seier Nomi, og Alvin stemmer i med entusiastiske rop og hyl. Ingen vil påstå at eg er spesielt ryddig og strukturert, men på tur er eg oppteken av eit visst system ved leirplassen. Eg prøvea å lære vekk litt av dette. – Her er soveposane. Desse kan du pakke ut, og trekket til posen legg du i øvste lomma på veggen i teltet. – Det kan eg ordne pappa, seier Nomi.

<<

Denne sommaren skal Nomi, Alvin og eg feriere ein del utan at mor er med. Planane er mange, men vi har ikkje fått «øvd» så mykje enno. Det må vi gjere noko med.

23


Nomi og Alvin var like hjelpsomme og småtrøtte, både når vi pakka opp teltet og når vi til slutt måtte gje opp og pakke det ned att.

<<

– Få spikken min og, ropar ho ut. Ikkje lenge etter sit ho med kniven oppå det oppblåsbare liggeunderlaget. – Nei, nei, nei! Ho legg den på plass i teltlomma. Nomi rekk knapt legge ting der dei skal vere før Alvin kjem med nytt forslag til system. Det verkar ikkje som at Nomi let seg affisere av omorganiseringa. Vi får til slutt rydda nokolunde på plass. Det er tid for ein liten spasertur slik at Nomi får spikke og Alvin får strekt på beina før legging. – Det er veldig fint her pappa, seier Nomi medan ho finn seg ein pinne, klar til å spikke. – Aaaoo, det er blø her, seier ho plutseleg og held fram handa. Om lag 10 sekund frå ho opna slira til ho skar seg. Det byrjar bra. – Du har sånn doktorplaster du pappa. Mamma har Hello Kitty, seier Nomi og får plaster på fingeren. Eg svarar med vaksne ord om skarpe knivar og korleis ein skal spikke. Ikkje lenge etter tek vi kvelden, og primusen er i gong utanfor teltet. – ALVIN, neeei, tonen innanfrå er ganske typisk søsken. Alvin ler og har noko på gong, medan Nomi synst det er stas å berre ligge i soveposen, men ho får ikkje ligge i fred.

Premierenerver. – No er det kvelds!

24

Vi har varma maten. – Eg er ikkje svolten, seier Nomi. Alvin er både svolten og klar for meir leik – det er ein vanleg, men dårleg kombinasjon. Etter at alle soveposane har fått mat og rosin, er dei to som skal ligge i dei, klare for senga. Alt har gått nokolunde etter planen, og vi er framme ved det kritiske punktet.

Det tok om lag ti sekund frå Nomi fekk kniven ut av slira, til det første obligatoriske kuttet i fingeren.

Han får nattdosen med mjølk i håp om at det kan roe han. Det varar i tre minutt, tålmodet mitt varar i omlag to timar til. – Skal vi sove no? – Eg lika soveposen. Eg skal sove lenge. Da må ikkje Alvin vekke meg. Nomi er lei av å bli vekt av morgonfuglen ho skal dele telt med. Alvin på si side svarar på spørsmålet med å sparke seg ut av soveposen, leike med nokre stroppar i taket og tømme mjølka utover liggeunderlaget. Nomi ser på meg med uro. – Det går ikkje så bra det her pappa. Vi prøver alt. Vi syng. Vi voggar. Vi leikar litt meir. Vi pakkar han godt inn. Vi bles på den sveitte panna hans. Vi syng litt til. Han roar seg. Han skrik. Han flirar og syng. Han hylskrik. Han hostar. Han vil ikkje sove. Han vil verkeleg ikkje sove. – Eg er trøtt pappa, seier Nomi som har krype godt ned i posen sin. – Du kan sove Nomi, seier eg stille før Alvin

hiv seg over ho som eit smilande rovdyr. Situasjonen er kaotisk. Han får nattdosen med mjølk i håp om at det kan roe han. Det varar i tre minutt, tålmodet mitt varar i omlag to timar til. – Nomi, kle på deg. Vi reiser heim igjen, dette fungerer ikkje. – Jaaaa, ropar ho og tenkjer sikkert på senga si, som står på eige rom. Eg greier ikkje vere sint. Desse to smårøvarane mine, trøtte i auga mens dei hjelper til med å pakke ned teltet. Like ivrige som då vi slo opp teltet. Alltid glade, alltid med på noko nytt. Sjølv om dette «noko nytt» ikkje alltid lukkast første gongen, så er det eit steg i rett retning. Det er noko som heiter at ei svak generalprøve gjev ein god premiere – den lit vi på! Heile sommarferien kvilar faktisk på at det slår til. Premieredatoen er sett, hovudrollene er fordelt, og vi har ingen reserve.


Sto tort kart

6si2de4r enn eirr en Mei

10fo0toto0 66 opplev 3 ing

I sommer kan du blant annet padle kano pü Skomakerdiket, prøve den spennende rebusløypen eller leke pü den splitter nye lekeplassen. Fløibanen tar deg opp og ned. Velkommen til Fløyen!

ar

116 116

flyfoto fly yfoto med med innteikna inn teeikna rruter uter

4 4FMKB'PSMBHtUMGtXXXTFMKBOP FMKB'PSMBHtUMGtXXXTFMKBOP

PĂĽ VilVite ďŹ nner du morsomme og lĂŚrerike aktiviteter for barn og voksne i den store utstillingen. FĂĽ ogsĂĽ med vitenshow, verksteder og 3D-ďŹ lmer! Fotball-leker pĂĽ uteomrĂĽdet fra 30. mai. Ă&#x2026;pningstider og program pĂĽ vilvite.no.

Bergens ďŹ&#x201A;otteste badeland har bassenger for liten og stor. Prøv spennende super bowl, rutsjebaner og klatrevegg. Maskoten Duffe underholder. Badeland har 110 butikker vegg i vegg.

Advokatfirma Blikra, Slotterøy og Fonn AS har sitt hovedkontor i Førde og avdelingskontor i Florø, og vi er den største privatpraktiserende leverandør av juridisk bistand lokalisert i Sogn og Fjordane. Firmaet yter juridisk bistand innenfor de fleste rettsomrüder. Vi dekker hele fylket med bistand til privatpersoner, kommuner og privat nÌringsliv.

FĂĽ byer i Norge byr pĂĽ sĂĽ mange gøye og spennende opplevelser for barna. PĂĽ BarnasBergen.no ďŹ nner du en oversikt over gøyale og lĂŚrerike aktiviteter fra familiefavorittene Akvariet, Fløibanen, Vannkanten og VilVite. Lik Barnas Bergen

Vi har medlemsavtaler med en rekke lag og organisasjoner bĂĽde lokalt og nasjonalt.

Førde: Postboks 570, 6803 Førde Florø: Postboks 35, 6901 Florø Telefon 57 83 39 00 â&#x20AC;&#x201C; Telefaks 57 83 39 01 www.fylkesadvokat.no

Bergen Reiselivslag â&#x20AC;&#x201C; visitBergen.com

IdĂŠ og design: knowit. Produksjon: Frank Modahl GraďŹ sk

PĂĽ Akvariet skjer det spennende ting for barn og voksne. Møt lekne sjøløver, skumle krokodiller, spennende ďŹ sk fra inn- og utland og fascinerende slanger. Filmvisning i kinosal og fĂ´ring av dyr hele dagen.

25


26

Måløy:

Førde:

Stryn:

Nordfjordeid:

Verlo e AS Tlf: 57 85 11 77

Hagia Førde (Førde Motorsport) Tlf: 57 82 10 54

Jernia Johan Flo & Søn Tlf: 57 87 60 60

Rindal Maskin Tlf: 57 86 04 63

Fjaler:

Florø:

Sogndal:

Dale i Sunnfjord:

Øvre Årdal:

Fure Mekaniske Tlf: 57 73 75 42

Jernia Snorre Jernvare Tlf: 57 74 28 08

Jens Barsnes Tlf: 57 67 25 33

Andreas Haaland Bil Tlf: 57 73 63 72

Byggmakker Andersen Tlf: 57 66 57 70


TROLLSTIGEN <<

– 8 år på overtid

27


Fint her. Ein treng vel strengt tatt ikkje gå særleg mykje lenger ut på kanten av utsiktsplatået, meiner Fossen, og lenar seg godt inn mot trygg grunn. Han er lite glad i store høgder.

<<

Etter 14 år med Fylkesmagasinet, og ni år med spesialutgåva «Ut på tur» i juni, minkar det på kvite flekker på kartet over nærområdet for meg og Fossen. Men, nokre er det, spesielt om vi hoppar over fylkesgrensa i nord. TEKST OG FOTO: Roy Sunde

28

Det er klart for vår årlege «Ut på tur»-utgåve, og då må ein ha ein biltur eller to. – Vi skal ikkje prøve oss på Trollstigen, Roy? Fossen er ivrig på å få seg ein biltur. Og kva er betre enn vår, ein bil, open landeveg, og 11 hårnålssvingar av beste sort, i vill vestlandsnatur? – Eg er med! Samtalen kunne våre frå i år, men er frå 2006. Og gjentok seg med nokre års mellomrom. Men Trollstigen har blitt liggande der i «kanskje, viss, om og men korga» år etter år. I likskap med eit par andre vegstrekk, som har visst seg vanskeleg å få til. Utfordringa? «Ut på tur» blir laga i mai. Den vakraste månaden vi har. Og då har mange av dei finaste vegstykka på Vestlandet ofte dugeleg med snø. Men i år var dagen kommen for Trollstigen: opning 8. mai, den tidlegaste opningsdagen på 23 år, etterlet ingen tvil.

Ut på tur. Trollstigen ligg 4 timar og 15 minutt frå Førde. Knapt nok ein episk biltur, men det er landskapet, som går gjennom hjartelandet av turist-Norge. Vi la ruta over Stryn og Hornindal, for å sleppe ei ferje. Og sjølv om dagen er grå når vi byrjar, valde vi å køyre kabriolet. I eit lønnleg håp om å kunne ta ned taket. Til no, etter 50-60 bilturar ilag i sommarhalvåret, fordelt over 15 år, er det knapt ei handfull vi ikkje har sett sol på. Og kabrioleteigar Fossen er så rutinert at han har utarbeida ein lov for når taket skal ned: Om det er over 10 grader, det ikkje regnar, og du køyrer kabriolet, er du moralsk forplikta til å slå ned taket. (Det er lov å ha siderutene opp, og varmeapparatet på fullt.) I starten av turen er eit av dei to kriterium uoppfylt: Det dryp litt regn. Vi har prøvd å køyre kabriolet i regn før. Det set rimelege harde krav til snittfart, så det prøvar vi ikkje igjen. 14 grader og opphald. Rett etter Stryn er 10 graders regelen oppfylt, med 14 grader, null regn, så taket glir av. Og verda blir litt opnare, friskare og luftigare, på godt og vondt. Du merkar gyllen betre utan tak. – Lurer på korleis det er å rulle rundt med ein kabriolet, tippar det er rimeleg skremmande, ytrar eg frampå medan eg skular på vestlandske fjell, dalar og juv.

– Du, det har eg ikkje tenkt å finne ut av, seier den meir røynde sjåføren. Om vi skulle samanliknast med nokon, måtte det bli Solan og Ludvig. Med underteikna som Ludvig. I byrjinga er det småkjøleg å trille gjennom vestlandsvåren taklaus, men varmeapparatet hjelp. Og snart tek sola hintet. – Skulle teke taket ned før, så hadde nok sola komme før også, hevdar Fossen. Men sjølv ikkje sol bit noko særleg forbi Hornindalsvatnet, som utpregar seg med å være det kaldaste punktet på turen. Med panoramautsikt går turen som ein leik. Det er mykje å sjå, når du har fritt utsyn alle vegar. I alle fall for passasjeren. Også inkludert å faktisk sjå kor mykje laus stein det ligg langs bratte skråningar langs vegane. Du kan bli redd av det i blant. Eit minus med kabriolet er tunnelar, som Vestlandet har nok av. Ein ting er at dei er kalde, og i blant byr på våte drypp, ein anna ting at støynivået stig nokre knepp. – Skulle nesten vore kurs i døvespråk for folk med kabriolet, skrik eg til Fossen i ein tunnel. Er i grunn ikkje sikker på om han fekk det med seg. Men turen til pizzabygda Stranda går i ein stadig stigande idyll klimamessig. Ferja over til Liabygda har attpå til vore sjenerøs nok til å ha oss i tankane: Den har nett gått, og gjev oss høve til


ein pitstopp: Bensinstasjonshamburgar på kaia. Vi rekk å ete den opp før ferja «Sykkylvsfjord» tøffar over fjorden mot oss. – Det der er ein trufast slitar Fossen, seier eg og konstaterer at den har sett betre dagar. Litt rust og slikt ber bod om det. – Den der går til evig tid, utan større problem, slår Fossen fast.

Trollstigen. I det vi nærmar oss Trollstigen byrjar naturen sjølv å fortelje at den har gira om. Først med Gudbrandsjuvet: Eit elvegjel som byr på visuelle opplevingar, lett tilgjengeleg via gangbruer i rusta stål og glas, fram og tilbake over juvet. Den vassrike elva renn gjennom kløfter og sprekkar, og møtast igjen frå uventa vinklar, før den passerer under ei bru og forsvinn ned dalen. Dei ulike bruene og plattformane gjev rikt høve til å studere krumspringa til vatnet, og er akkurat passe til å kitle litt i høgdeskrekken om ein har slikt. Gudbrandsjuvet byr også på kafé om ein blir svolten av å trakke fram og tilbake, og ikkje minst spektakulære Juvet hotell, der romma står på stylter, med utsyn over den imponerande naturen og juvet. Men dit skal vi ikkje i dag, vi skal høgare. Opp dit nutane står høgare, meir nakne og mykje villare. Her oppe forstår sjølv innbarka vestlendingar kvifor over 750.000 menneske vitja Trollstigen i 2012.

Gudbrandsjuvet. På veg til (eller frå) Trollstigen dukkar Gudbrandsjuvet opp. Her er det godt tilrettelagt med gangstiar slik at du kan studere det naturskapte juvet – og ikkje minst den gamle steinbrua over juvet.

Og brått er vi der: På parkeringa framfor eit minimalistisk bygg i betong og rusta stål, kransa av stein og iskaldt vatn. Ikkje prangande, men brutalt vakkert. Vi snirklar oss over den vesle, men strie, elva. På ein sti av stålplater tuslar vi bort til utsiktspunktet. Fossen først, med eit kroppsspråk som gjer han eldre enn han er. Stiv, med gjennomtenkte skritt, og fast blikk. Han er ikkje glad i høgder. – Fy flate, seier Fossen. Han har stukke hovudet nokre centimeter ut forbi gjerdet på utsiktsplattform nummer to, den med luftigast utsyn, og tek inn avgrunnen. Nokre hundre meter lenger nede sniglar små modellbilar seg oppover. – Eg misunner ikkje dei som bygde vegen, og ikkje minst bruene konstaterer han.

Eit historie om slit, og tålmod. Det er med moderne auge vanskeleg å førestille seg den kraftprestasjonen ein veg som Trollstigen representerer. Sjølv om ein klagar på tempoet i vegbygging i dag, så er det blåbær mot den gang då: Åtte år tok det å slite vegen opp dei 11 hårnålssvingane. Til samanlikning vart storverket Lærdalstunnelen, på 24,5 kilometer, bygd på under fem år! Som eit testament om slit og mannekraft har kvar sving blitt kalla opp etter arbeidslaget, eller basen, som bygde det strekket. Rekna nedanfrå heiter dei: Otmar Østigård, Johan Voll (sving 2 til

4), Kjelstad, Anton Fiva, Lars Daniel Tafjord, Martin Uri (nr 8 og 10), Arthur Langdal og øvst Volda-svingen (no kalla Bispesvingen.) I dei beste åra har trafikken vore oppunder 2000 bilar i døgnet på strekninga. Og i løpet av den hektiske sommarsesongen passerer pluss/ minus 130.000 bilar strekninga. Det kunne vel knapt arbeidslaga som bygde vegen førestilt seg ein gang. Same år som vegen sto ferdig, i 1936, var det 69.917 køyretøy i Norge. Eitt per 41 innbyggar. Det er ikkje mange meter i luftlinje frå toppen av Trollstigen og ned på rasteplassen langt der nede. I veglengd snakkar vi nokre kilometer. Vi brukar omtrent åtte minutt på å snirkle oss ned. – Lurer på kor fort det er råd å køyre strekket, om ein snakkar Petter Solberg og stengt veg? – Ikkje veit eg, men ikkje pokker om eg vil sitta på, slår Fossen fast. (Om Petter Solberg les dette: Eg trur han er mogleg å overtale. I alle fall til å sitte på oppover.)

Åndalsnes. Eit kvarter køyretid unna Trollstigen ligg Åndalsnes, administrasjonsstad for Rauma kommune som har 7421 innbyggarar, og dagens endepunkt. Og berre 2264 innbyggarane i kommunen bur i byen Åndalsnes. – Lurer på om Åndalsnes er Norges minste by? – Er Åndalsnes ein by, spør Fossen vantru.

<<

Minimalistisk. På toppen av Trollstigen ligg eit pent utforma servicebygg, der materialvalet er betong, glas og stål. Mindre minimalistisk var overnattingsvalet vårt, Grand Hotel Bellevue, men namnet er kult.

29


<<

Takka vere Google, 3G og iPhone slepp ein lure lenge, sjølv langt ute i «øydemarka» kransa av toppar på 1400 meter og oppover. Og det viser seg kjapt at byen er reine «storbyen» samanlikna med den minste, ein tittel som går til Kolvereid, i Nord-Trøndelag: med 1601 innbyggjarar grusar Kolvereid Åndalsnes ned i støvlane. Og om den ikkje er minst, kan i alle fall naturen rundt seiast å spele i høgste liga: ville «alpar», frodige fossar, som brått opnar seg i store slettelandskap ned mot fjorden. Stort penare blir det ikkje. Vi gjev terningkast 6.

Grand Hotell Bellevue. Og om byen er liten, er namnet på hotellet vi skal bu på grandiost: Grand Hotell Bellevue! Eit namn som ber bod om Paris, Monaco eller den franske rivieraen. Om palmar, supermodellar, kasino med storspelarar, og bilar i øvste prisklasse. Hotell kunne sikkert glidd utsjånandemessig, om ikkje motstandslaust, inn i scenarioet. Om det manglar både palmar og dyre bilar, og supermodellane glimrar med sitt fråvær, så er hotellet fint og kan anbefalast. Vi sjekkar inn, og siktar oss inn mot hotellets restaurant. Etter ein god middag, med breiflabb til Fossen og oksemedaljong på underteikna, vaknar trongen til litt ein kald, brusande drykk. Vi ruslar ut i vårkvelden, hellig overbevist om at det ikkje kan vere vanskeleg å orientere seg i Åndalsnes. 30 minutt seinare har vi konstatert følgjande: byen har den same 60-70-tals assosierande estetikken mange av byane og tettstadane i Møre og

Geiranger. Vi tok turen om Geiranger på heimvegen. Denne dagen var det berre eitt cruiseskip å sjå på fjorden. Men cruiseturistane fekk i alle fall med seg at sola ikkje alltid skin – sjølv om turistbrosjyrene ofte gjev inntrykk av det.

Romsdal har, kanskje eit teikn om at urbaniseringa her som andre stader tok jerngrep på 80talet. Sjølv om enkelte bygg har komme til seinare, og det er ein viss byggeaktivitet der. Og rådhus har dei, som strekk seg ein etasje lenger opp enn Førde sitt. Men noko skjenkestove finn vi ikkje, tross heftig kartorientering nede med fjorden, og tung oppfølging via Google.

Facebook tok knekken på utelivet. 25 resultatlause minutt seinare, men desto rikare på inntrykk av ein liten, vakker by, gjev vi opp og vender heim til Grand Hotell Bellevue. – Kor finn vi ein pub her i byen, spør Fossen nattevakta på hotellet, som nett har byrja på kveldens teneste. – Den finn du ikkje, smiler nattevakta, og for-

FULLPAKKA MED INNOVATIV TEKNOLOGI SOM GIR DEG EIN TRYGG OG KOMFORTABEL KØYRETUR

Vi har leveringsklare bilar på lager! NYE NISSAN NOTE

frå kr 177 300

Lanseringsrente

2,95%*

Den nye Nissan Note får du no med eit sportsleg styling kit og ein svært effektiv 1,2-liters kompressormata bensinmotor på 98hk. Den innovative Safety Shield-teknologien frå Nissan vil hjelpe deg med å unngå faresituasjonar og køyre tryggare.

30

www.autoforum.sf.no

AutoForum AS Sanderplassen 2 6800 Førde Telefon: 57 83 09 60

Forbruk: 3,6-4,7 l/mil. CO2- utslepp 92-109 g/km. Bilda i annonsen kan avvike frå tilbod.

AutoForum AS Leirvåggata 1 6900 Florø Telefon: 57 75 29 30

Følg oss på Facebook: facebook.com/AutoForum.sf.no


Dalsnibba. Siste stopp på turen var ein svipp oppom utsiktspunktet på Dalsnibba, 1500 meter over havet. Sjølv om det duskregna og tåka ikkje heilt hadde sluppe taket, er utsikta formidabel.

klarar at det før var i fem pubar, som gradvis forsvann ein etter ein. – No er det berre ein uteplass på hotellet her, som er open på laurdagar. Men folk går jo ikkje ut lenger. Dei sit heime og trykker på Facebook og trur dei er sosiale, og om dei går ut kjem dei ein halvtime før stengetid, med høg promille.

Vi tek god natt-øla i resepsjonen, pratar litt med ho, og gjer vårt beste for å fortrenge trongen til å nett berre sjekke Facebook.

Takrik heimfart. Eg vaknar i takt med stigninga i dagslys. Mykje takka vere at eg ikkje trekte for gardinene om kvelden då eg la meg. Ikkje overraskande ligg tåka tungt ute. Det blir vel fort slik

når du har fjellheimen i ryggen, fjorden i fronten, og ei velvaksen elv i midten. – Trur vi skal vere glade for at vi tok det meste vi skulle av bilete og film i går Fossen, konstaterer eg mellom bitane med melon og eggerøre. – Kan bli seigt å få noko i dag. – Vi ventar litt og ser om det lettar, svarar han. Det gjer det for så vidt, bortsett frå at regnet tiltek. – Tviler på det blir biltur med taket ned i dag, slår eg fast, sjølv om vi er innan 10 graders regelen per no. – Vi får sjå, seier Fossen, og nektar gje opp håp. Vi legg Trollstigen bak oss, og gjev oss inn mellom fjella på veg heim. Bruce Springsteen spreier godkjensle, sjølv om regndropane klaskar i ruta. Og brått forsvinn Bruce, og over høgtalarane høyrer vi: «Her er ei trafikkmelding frå NRK Møre og Romsdal. Ferja mellom Liabygda og Stranda er ute av drift grunna tekniske problem.» – Eg hadde uansett bestemt at vi skulle køyre om Geiranger heim, seier Fossen, og så seier vi ikkje noko meir om «Sykkylvsfjord» på denne turen. Lunsjen tek på vi Hotell Union i Geiranger. Bacalao og risotto med skaldyr. Godt og mettande, begge deler. Vi rekk ein tur innom Dalsnibba, 1500 moh, med kanonutsikt over Geiranger også. Må kunne vere litt turist, sjølv om ein er på jobb og eigentleg er på heimtur. Men med temperaturar nede i fire plussgrader er det ikkje kabrioletvér akkurat. Før vi kjem ned av Strynefjellet. Då ryk taket ned igjen. For i heimfylket, der skin sola.

Den mest køyreglade firehjulstrekkar i klassen vart akkurat endå meir fristande FORD KUGA AWD Kuga har sjølvsagt intelligent firehjulsdrift som tilpassar seg terrenget og køyretilhøva som standard. Du kan i tillegg velje blant teknologiar som automatisk bakluke, adaptiv cruisekontroll, Active City Stop, parkeringsassistent, Ford SYNC med nødhjelpsassistanse, blindsone informasjonssystem og mange fleire. Sjå alle teknologiane på ford.no. FORD KUGA frå kr

Ute etter ein bil med hengarvekt? Prøv ein Kuga, den er heilt perfekt!

381.000,-*

* Prisen er eks. leveringsomkostningar. Årsavgift kjem i tillegg. CO2-utslepp frå 154–179 g/km (2,0 TDCi 140 HK – 1,6 EcoBoost 182 HK Automat). Blanda drivstofforbruk frå 0,59–0,77 l/mil (2,0 TDCi 140 HK – 1,6 EcoBoost 182 HK Automat)

Autoforum Florø Leirvåggata 1 6900 FLORØ Telefon 57 75 29 30

Autoforum Førde Sanderplassen 2 6800 FØRDE Telefon 57 83 09 60

Les meir på ford.no

31


6 av kajakklubbens 26 unge padlarar, saman med instruktørar. Roald Apalseth ( instruktør), Jenny D. Korsøen, Karoline Fimland, Mathias T. Bjørnhaug, Alfred D. Korsøen, Petter Erik Leirhaug (instruktør), Gunhild D. Korsøen, Aasmund M. Leirhaug, Øyvind (instruktør) og Jørgen Korsøen.

Full rulle i kajakk! Øyvind J. Korsøen er tidlegare landslagsutøvar i padling. Han har jobba med fiskevelferd på Havforskningsinstituttet i Matre. No skal han konsentrere seg om vestlendingen og ein annan type velferd. TEKST: Joachim Vie

32

Kom an igjen, to meter mellom kajakkane, ropar Øyvind J. Korsøen, og avslørar at han er ganske streng. – Vi trenar mykje på posisjonering, seier Korsøen. Ute i Førdefjorden ligg det ti kajakkar med god avstand. Kanskje er det fordi dei er unge. Dei synest i alle fall ikkje at det er spesielt spennande å ligge med kajakkane i tett formasjon. – Dette er ein fantastisk kajakklubb, seier Øyvind med eit hint av finare bergensdialekt. Han kom frå Bergen til Førde for tre år sidan. – Eg melde meg inn med ein gong eg kom hit. Hausten 2012 starta eg juniorgruppa, og i 2013

vart eg leiar for klubben, fortel Korsøen om sitt møte med Sunnfjord Kajakklubb, først som medlem, seinare som aktiv eldsjel i klubben. Han har akkurat utstyrt og kledd opp eit godt knippe unge padlarar og sendt dei av garde med to instruktørar. Vi skal møte dei att seinare ved Langebrua, som går over elva Jølstra.

Juniorgruppa. – Eg brenn for det her! Øyvind blir veldig engasjert. – Eg ser gleda hos barna med dette. Dei synest dette er kjekt å halde på med, fortel han entusiastisk. For å få i gong juniorsatsinga i klubben skreiv han ei rekke søknader og fekk midlar frå Norges Padleforbund, Gjensidigestiftinga, Førde og Gaular kommune, i tillegg til ei rekke bedrifter. I dag, to år seinare, har klubben ein stor utstyrspark for unge padlarar i klubbhuset ved båthamna i Førde. Dei har eige rom med små kajakkar i Førdehuset, slik at dei kan trene heile året. Korsøen er ikkje beskjeden når han fortel om fordelane med kajakkpadling. – Kajakk er mosjon, og det treng vi. Alle snak-

kar om mosjon og kor bra det er for kroppen – det får du i ein kajakk. – I tillegg er det mestring, og folk kjenner at dei mestrar padlinga etter kort tid, og det er ei annleis form for mestring, fortel han entusiastisk vidare. – Kajakk er naturoppleving, stemning, vêrskifte, spenning og fargar. Vi kan sjå sel, mink, oter og fuglar på turane våre. Kort og godt handlar det om naturoppleving, livskvalitet og mestring på ein roleg og avslappa måte. Øyvind formidlar opplevingar og fordelar med kajakkpadling på ein måte som gjer at du trur på han.

Eigne bein. – Heldigvis er kona med på dette. Som leiar og styremedlem i klubben går det noko tid på hobbyen og livsstilen. Han anslår at 2-3 kveldar går med til klubbarbeid; søknadsskriving og styrearbeid. Sjølvsagt med eit par tre treningstimar utanom... – Sogn og Fjordane er som skapt for kajakkpadling! På kort tid kan ein finne ønska tilhøve, rolege vatn og fjordar, eller tunge havdønningar langs dei ytre øyene, fortel han.


lar om å få folk til å sjå kor enkelt det er, og kor kjekt det kan vere. Han legg ikkje skjul på at det krev ein del utstyr og at det kan koste, men klubben tilbyr utleige av kajakkar, i tillegg til kurs og turar ein kan vere med på. – No håpar eg dei vaksne blir meir aktive. Det vil gje dei store naturopplevingar i tillegg til å vere bra for mange, i høve til dømes ryggplagar, fortel Korsøen. Sjølv om eg er leiar for klubben, så skal mitt føretak og klubben leve side om side i høve kurs og rekruttering. Vi treff att ungdommane oppe i elva, der det delast ut sjokolade før dei skal returnere til klubbhuset. Før dei tek turen ned att, viser Aasmund M. Leirhaug kor enkel ei eskimorulle kan gjerast. – Ved å ta kurs lærer ein god teknikk, og med tida prøver ein seg på eskimorulla. Klarer ein det er dette ein av dei tinga som gjev god meistringskjensle, og den kjensla er fantastisk, avsluttar Korsøen.

Fakta om Sunnfjord kajakklubb • SKK har 9 havkajakkar og 3 toarkajakkar for utleige til medlemmar og kursverksemd. • Gratis bruk av desse på torsdagstreningane, og kr 50 pr. dag/kveld, og kr 100 pr. døgn elles.

<<

Det er i følgje Korsøen mange som er nysgjerrige på kajakken, både som rekreasjon og som trening. – Vi i Sunnfjord Kajakklubb blir stadig spurt om å halde kurs, fortel Korsøen, som har starta selskapet, GoKajakk som skal drive med turpadling og opplæring for både unge og vaksne. Eg har gått på Etablerarkurs og knytta kontaktar med fleire andre instruktørar både i Sogndal og Gloppen. Vi skal stå for padleaktiviteten på Jølster Friluftsfestival, Våt Moro festivalen i Florø, vi skal leige ut kajakkar langs Jølstra under Folkemusikkfestivalen og har fleire andre spanande oppdrag på gang. – Eg har ein draum om at skulane skal få padling inn som ein del av gym-undervisninga. I tillegg ser han på bedriftsmarknaden og blåtursesongen som står for dør. – Eg ser at pengane gjerne ligg hos bedriftene, men eg ønskjer helst å jobbe med yngre og skuleelevar. I tillegg til å vere instruktør, og å lære folk padling, så er det for Øyvind like viktig å formidle gleda ved å padle. – Alle tilhøva ligg til rette for det, så det hand-

• Klubben har totalt 26 juniorpadlarar

33


Lyst å lære padling? <<

Her er kursa du startar med: Introkurs er eit kort 3 timars kurs, der du får ei kort innføring i det mest elementære for å kunne padle ein kort tur. Grunnkurset er eit meir omfattande kurs som går over 16 timar. Dei fleste flattvassklubbar gjennomfører grunnkurs eller nybegynnarkurs/ kajakkskule kvar vår/sommar, dei fleste kurs retta seg mot barn/unge i aldersgruppa 10-15 år, men det blir også arrangert kurs for vaksne.

Frå Norges Padleforbund Utstyr Før du kjøper kajakk er det greitt å vite kva slags utstyr du treng i tillegg. Det er ofte rimelegare å be om ein pakkepris når du kjøper kajakken, framfor å kjøpe alt enkeltvis. Eller du kan leige utstyr hos den lokale kajakklubben, før du bestemmer deg for å handle sjølv. • Åre • Våtdrakt eller padlejakke. • Redningsvest berekna for padling. • Spruttrekk så du ikkje får vatten opp i sittebrønnen • Åresnor for å feste åra til kajakken • Kajakkstativ og tralle er praktisk • Pumpe til å pumpe vatten ut av kajakken utan å måtte gå på land • Pakkposar for å halde tinga dine tørre -Sogn og Fjordane er eit padleeldorado ifølgje Øyvind J. Korsøen i Sunnfjord Kajakklubb. Her er hans tips til fine padleturar du kan ta i løpet av sommaren. Langtur – 5 dagar: Køyr bilen til Eivindvik, padle rundt i ytre del av Byrknesøyane med hundrevis av små holmar og skjær, tronge sund og kanalar. Garantert ly på en stille våg. Unn deg ein kald is med kongen på Skjerjehamn, kanskje vil du overnatte der eller finne deg ein teltplass. Sett så kurs mot Solund,

34

men kryss over Sognesjøen når været er bra! Solund er majestetisk og har mange overnattingsmoglegheiter, DNT sine hytter på Råkenes er kystkultur på sitt beste. Været bestemmer mykje på ein slik tur! Kjem du deg vidare til Værlandet og Bulandet, og deretter padlar inn til Askvoll eller kjem deg heilt nord til Florø, får du med deg mange fantastiske havstrekningar og stemningar! Deretter tar du Fylkesbåtane sin expressbåt ned til Eivindvik og hentar bilen

Helgetur – 2 dagar: Padle frå Flåm til Gudvangen med innlagt tur opp til Stigen gard. Ei naturoppleving av dei uunnverlege! Dagstur: Umogleg å velje den beste! For rolege forhold kan ein velje eit vatn med aure i. Dorge med kajakk er kjempegøy, trening og matauk på same tid. Jølstravatnet, Breimsvatnet, Haukedalsvatnet. Ved kysten er Florø sin skjærgard magisk, med alle moglegheiter for store eller små bølgjer, smale sund og stille våger.

M F no

fy

et. n i s a g a lkesm

Neste utgåve kjem 26. juni


IZY HRG 466 SK med bioklipp inkl. i prisen, veil. kr 6.495,–

Nå kr 5.495,SPAR 1.000,-

HF 2315 HM

veil. kr 40.860,–

Nå kr 37.490,HRS 536 SD veil. kr 7.535,–

÷15%

Nå kr 6.790,HRE 370 veil. kr 2.790,–

Nå kr 2.590,-

Møt sommeren med kvalitet fra Honda Vår bestselger! • Kulelager på fram- og bakhjul • Smart knivmateriale konstruert for å bøyes, ikke brytes, dersom kniven treffer en hindring • Forsterket håndtakfeste på clippechassiset • Valgfri bioklipp • Sammenleggbart håndtak • Oppsamlerpose med kraftig luftgjennomstrømming og støvbeskyttelse

HRX 537 HY veil. kr 10.890,–

Nå kr 9.990,-

UMK 435 UE, veil. kr 6.770,–

Nå kr 5.990,UMS 425 LN, veil. kr 3.790,–

Nå kr 3.490,Importør: Berema AS, www.berema.no

La robotklipperen Honda Miimo gjøre jobben

allprofil.no

Honda Miimo er en helt nyutviklet robotklipper med en mengde unike egenskaper; kraftige motorer, stor batterikapasitet og den unike retningsstabilisatoren (YAW-sensoren) som sørger for at den jobber like bra i skrått terreng som på flat mark. I tillegg jobber Honda Miimo i all slags vær!

Kom innom for å få en demonstrasjon! Førde Hafslo Hyllestad Måløy

Tools Nord AS, avd. Førde..................... Hillestad Traktorservice ......................... Hatleberg Bil & Maskin AS .................... Verlo AS ................................................

57 83 70 50 57 68 43 40 57 78 85 88 57 85 11 77

Nordfjordeid Rindal Maskin ....................................... 57 86 04 63 Selje Selje Auto DA ........................................ 57 85 65 45 Stryn Johan Flo & Søn AS .............................. 57 87 60 60

Din fagforhandler! DELELAGER, SERVICE OG VEDLIKEHOLD

35


H

ØGRE enn himmelen Sn Snart nart er det tid fo for fa fantastiske event eventyr ntty tyr og rolege dagarr i hengekøya. hengekøya. Mogelegheitene er uendelege – i bu M Mogelegheitene butikkane utikkane vå våre åre på Handels H Handelshuset huset har h ar vii alt l du d treng til il store og småå tturar.

3

1

Modellar: Anders Grønli frå Brilleland, med kle frå Match: Frontiers of Quebec blazer 1499,Jean Paul piqué 599,- Lee bukse 899,Belte 399,- Adax skinnveske 2499,frå Citybag. Ray-Ban Aviator solbriller 1399,- frå Brilleland. Mario Con ont nti t shorts, lin n Match

Lena Kvellestad frå Match, med kle frå Match: Frequent topp 199,Lee bukse 899,- Smykke 299,MaxMara solbriller 1999,- frå Brilleland. Lesestoff og nytrekt kaffi frå Narvesen. Ugg sko 999,- frå dna. Koffertar og vesker: 1 American Tourister 699,2 Elitebag 699,- 3 Sanisonite 1999 9,, 4 Bjørn Borg skulderveske 600,5 Elitebag 799,- 6 Sanisonite 1899,- sommarkampanje: ÷200,7 Miss Uniqe 499,Alt frå Citybag.

på farten får du hos Narvesen!

Veske, Mi Mis M s unique 299,Citybag Vavite topp 299,Match

e shorts orts or rt 399,Matc tch h

Ray-Ban Aviator 1399,Brilleland

Ve V eske, Miss unique 399,Citybag

2


De ign

Stø

kjøp sent lom m

Ny butikk: Sport Outlet opnar 12. juni!

6

5

4

7

Ray-Ban 1399,Brilleland rt rik

orfriskande og es

Lesestoffet finn du hos oss, vi har rikt utval i blad og magasin og prisgaranti på ei rekke bøker. Narvesen

...vi har d det!

n:

Produktta er leverte av:


38


Luftig oppleving Vi har mykje natur rundt oss her i fylket. I blant så mykje at det er vanskeleg å få overblikket. Løysinga er kanskje å sjå den frå ein annan vinkel. TEKST: Roy Sunde

Kjem du deg for eksempel eit stykke over Hafstadfjellet, så får ein i alle fall godt overblikk over Førde. Thor-Aage Lillestøl er marknadssjef i Fylkesmagasinet. Og ikkje vond å be når det dukkar opp ei utfordring. Under debatt rundt opplevingar i Sogn og Fjordane til denne utgåva dukka forslaget om luftige opplevingar opp. Og ThorAage melde seg frivillig. – Eg har lenge hatt lyst til å prøve paraglidar eller fallskjerm, så når høvet dukka opp var det berre å hive seg på. Sidan halve flokken her har høgdeskrekk var det ikkje stor debatt heller, smiler han.

Ingen sommarfuglar i magen. Dei fleste av oss har ein viss skepsis mot å misse bakkekontakt. ThorAage er frå Bergen, og følgjeleg mindre reservert enn mange av oss. – I forkant tenkte eg at dette kom til å bli fasinerande. Eg er ikkje så veldig skeptisk til å prøve nye ting, så eg hadde faktisk ingen sommarfuglar i magen i forkant. Og når du har ein så erfaren pilot som Bjørn, så føler du deg trygg. Med over 1200 turar bak seg var eg ikkje så redd for at det skulle gå gale, seier Thor-Aage. – Ein kan jo lure litt på kva ein skal til med når ein på førehand signerer på at ein fråskriv piloten

FØREBUING. Før ein tandemtur med paraglider kan gjennomførast, må ein sjekke at alt virkar som det skal, og naudsynte instruksar vert forklart for passasjeren.

alt ansvar om noko skjer, og det er jo ein viss risiko, men eg følte meg heilt trygg, seier ThorAage og fortel om starten på sin jomfrutur. – Turen byrja på Øyrane, der ein landar. Denne dagen var vi sju personar som skulle fly, både veteranar og «nybyrjarar». Eg skjønte fort at ein må vere fleksibel når ein driv med dette, for når tilhøva er passande kastar dei seg rundt på kort varsel og organiserer tur. Vi møttest for å diskutere litt, og så hoppa vi inn i bilen og krabba opp Hafstadfjellet. Det var ein humpete, men fin tur, og første gang eg har nådd toppen utan å vere andpusten. Det var ei kjekk erfaring, ler ThorAage. – Vel framme byrjar dei med vindmåling og lokaliserte staden der vi skulle flyge ut, ei opa slette ned mot Bekkjavatnet. Dei andre som skulle flyge åleine forsvann raskt opp i lufta, medan eg og Bjørn sto att. Det var ein del

instruksar eg måtte gjennom, blant anna dette med at det var eg som måtte vere drivkrafta for å sette oss i gang. Eg skulle springe til Bjørn sa stopp, sjølv om eg sprang i lause lufta. Det var litt vind, så vi måtte avvente litt, men eg kvidde meg ikkje. Eg såg på dei andre i lufta, var gira og ville berre opp til dei, seier han.

Fugleperspektiv. – Korleis var sjølve turen? – Akkurat like fascinerande som eg trudde på førehand. Og veldig gøy å sjå alle som trimma opp fjellet i fugleperspektiv. Dei vart små der nede. Og kjekt å sjå Førde frå lufta i roleg tempo, seier Thor-Aage, som fortel at dei i byrjinga var mest over Bekkjavatnet. – Det var der vi fekk oppdrift. Om vi gjekk over kanten andre vegen måtte vi ha byrja på innflyginga for landing, som tek omtrent 15 minutt, så først kosa vi oss. Og Bjørn underheldt meg

<<

Paragliding. Men paragliding er ikkje noko du berre kan hoppe i! Du treng erfaring og kunnskap for å trosse tyngdelova. Ein grei start er ei tandemflyging, der du trygt får smakt på opplevinga. Valet fall på Bjørn Høyvik. Med over 1200 turar bak seg er han kanskje ein av dei mest rutinerte paraglidarane på desse kantar. Til tross for at han først byrja å hoppe som 55-åring. – Kva fekk deg til å byrje med paragliding? – Eg har vore ein aktiv idrettsmann frå barnsbein av. Og i den tid var vi meir allsidige idrettsfolk enn i dag, der ein spesialiserer seg tidleg. Vi var med på alt, smiler Bjørn. – Eg var aktiv fotballspelar til eg var 33, då gjekk eg over til old boys. Langrenn og hopp heldt eg på med lenge. Då eg fylte 50 byrja eg å lure på kva eg skulle finne på. Eg kunne ikkje berre sette meg i sofaen, eg hadde ikkje lyst å bli «den fyren». Bror min var aktiv som paraglidar og instruktør. Dei skulle ha kurs i 1993, som eg melde meg på. Ja, eg var seint ute, men eg vart frelst med ein gang, fortel han. – På den tida gjekk eg mykje på ski i fjellet, og hadde med paraglidar. Eg gjekk opp, og flaug heim, seier han og fortel kva det var som gav tenning. – Du er fri som fuglen, som dei seier. Det er fantastisk å sveve rundt der oppe.

39


<<

med historier. Det var veldig kjekt for meg som er fotballinteressert å sjå all aktiviteten på Førdehuset og i Hafstad Idrettspark frå lufta, i tillegg til alt anna som skjedde i sentrum, seier han. – Og så fekk vi avslutta med litt akrobatikk og rundsnurring i lufta. – Korleis var Thor-Aage som passasjer då? – Han var fantastisk. Utruleg roleg, og han forsto ting heilt frå første stund. Eg prøver å forklare folk ein del ting når ein skal ut og fly tandem. Han tok absolutt alt. Han var ein god passasjer, veldig flink å ha med seg, rosar Bjørn. – Å fly tandem er veldig kjekt, og det blir spesielt god stemning når ein flyg to i lag. Ikkje minst i landinga, når det står folk og tek i mot oss. Sambuaren til Thor-Aage og borna tok i mot oss med flagg. Sånt er jo ekstra kjekt.

Framtidig hobby? – Kva var høgdepunktet på turen? – Avspranget, når vi lurte på om vi ville treffe vinden. Det var augneblinken, og det mest spennande. Det gjekk veldig bra, og det var ikkje mange meter før vi var i lufta. Derifrå var det berre å nyte opplevinga. – Freista det til gjentaking? – Absolutt. Eg høyrer ofte om folk som blir introdusert for paragliding i utdrikkingslag, men eg trur eg har meir igjen for det med å teste det ut i ei slik setting. Det er eit utruleg godt miljø dette, og det var ein kameratsleg tone frå start til slutt. Du føler deg godt teken vare på, og dei tek deg gjerne med på tandemtur om du vil prøve dette. Dei seier sjølv at ofte er ein bitt av basillen etter ein tandemtur. Det er ikkje ein lett hobby å byrje med, då ein er avhengig av folk som kan bistå i starten. Det er ikkje som fotball, der ein berre kan hive seg ut på bana og prøve. Ein tandemtur er ein god start, som kan anbefalast. Men eg er rastlaus av natur, og har lyst å prøve andre ting også. Neste trinn må bli strikkhopp eller fallskjermhopp, seier Lillestøl. TAKK. Nede på bakken etter ein luftig flytur vart Thor-Aage møtte av familien sin, med flagg for høvet, og som den h��flege bergensaren han er, takka han paragliderentusiast Bjørn Høyvik for turen.

Fjordane Luftsportklubb Fjordane Luftsportklubb har 45 medlemer.

40

– Med folk i frå 18 år og opp til meg, smiler Bjørn Høyvik. – Geografisk kjem dei frå Sunnfjord og Ytre Sogn, samt ein del frå Nordfjord seier han og fortel at klubben har lang fartstid. – Klubben vart starta i 1978, som Førde Hangglidarklubb. Sidan vart det til Førde Luftsportklubb, som etterkvart femna så breitt geografisk at vi bestemte oss for å endre namn til Fjordane Luftsportklubb. Og det har vi ikkje angra på, seier han. – Kva kjenneteiknar ein person som driv paragliding? – Det er vanskeleg å svare på, men ein må jo like ei utfordring. Og ein må tåle høgder, seier han og fortel at dei årleg har kurs, der ein kan prøve seg. – Desse brukar vi å halde i februar/mars. Det er enklare å lande på snø enn på gras. På kursa brukar vi å ha 7-8 elevar. Mange av desse held

fram ei tid, og i løpet av eit års tid har ein «skrelt» vekk ein del. Normalt blir cirka ein tredel av dei som deltek på kurs aktive sjølv, og det er vi nøgde med, seier han og fortel om utviklinga dei siste åra. – Rekrutteringa har vore god. Vi har fått mange flotte ungdommar til sporten, noko som fornyar miljøet. – Er det dyrt å drive paragliding? – Kurset ligg på 8-10.000 kroner. Godt utstyr til å fly med kan ein få billig. Det er mange pilotar som skal ha det nyaste på marknaden, og sel brukt utstyr billig. Ein kjem langt med 4-5000 kroner. Og så kan ein velje sjølv kor mykje pengar ein vil legge i dette, fortel han.

Bygge erfaring. Men for å komme vidare og bli ein god pilot, kan du ikkje berre drive på åleine. – Eg byrja sjølv etterkvart å følgje med folk som dreiv med dette, tok kurs, reiste på arrangement, og byrja å lære. Erfaring er ikkje noko du har, det er noko du får, seier han og fortel om ei lærekurve på fire trinn.

– På dei første to trinna får du ikkje lov å konkurrere, reise på langturar og slikt. Etterkvart som du går gjennom prosessen med instruktørar, og avlegg prøver, kan du få godkjenning slik at det blir fleire og fleire ting du kan gjere og vere med på, seier han og anbefalar dette. – Det er viktig å fly i lag med folk med erfaring. Det er tre viktige ting ein lærer av: Å sjå, lytte og spørje. Eg plar sjølv å reise på arrangerte turar med ulike kurs, og har blant anna vore i Brasil, Mexico og Frankrike, og var nyleg i Italia. Slike turar gjev god erfaring, seier han og fortel om det nyaste tilbodet lokalt. – Ein kar i Florø driv med opptrekk av paraglidarar frå båt, noko som har blitt veldig populært. Dette har han ved fleire høve gjort på Jølstravatnet også. Du får ein startfase som er heilt ulik frå vanleg paragliding. Eg har vore og prøvd og fekk nydelege turar, der eg nådde over øyane ved Florø. Akkurat det er vanskeleg å få til med tradisjonelle flygingar frå fjell. Med båt kan han dra deg opp i cirka 1000 meter, noko som gjev veldig god rekkevidde.


Annonse

Firda Billag vel Telehuset Førde! Kvalitet, framtidsretta og kostnadseffektivt var sentrale element då Firda Billag valde Telehuset Førde. For både Firda Billag Buss AS og godsselskapet Transferd AS er det svært viktig å til ei kvar tid nå sjåførane som er ute i felten. Kontora er avhengige av å nå sjåførane, og omvendt. – Dette set krav til kvalitet på både kommunikasjon og telefoni. Vi er avhengige av god dekning, seier Wilhelm Gjertsen ved økonomiavdelinga til Firda Billag-gruppa. Firda Billag-gruppa har difor inngått ein avtale med Telehuset Førde. Dei valde Telenor og Telehuset Førde sitt konsept FriAnsatt, i skarp konkurranse med andre leverandørar. Det inneber at dei tilsette får velje kva telefon dei vil ha, og kan bruke den til det dei vil innanfor «rimelegheitenes grenser». Det betyr full valfriheit og gratis telefon. – For oss er det viktig med standardiserte løysingar, og det er grunnen til at vi oppretta FriAnsatt-avtalen. Den inneheld ein del standardpunkt, samtidig som det er høve for den enkelte å velje tillegg som den tilsette sjølv svarar for. Avtalen er forutsigbar og set standarden for både tilsette og brukarar på alle plan i organisasjonen, forklarar Gjertsen.

Kostnadssparande avtale Med over 500 tilsette totalt i dei ulike selskapa, er det viktig for Firda Billaggruppa med ein god avtale. – Vi må ha gode rutinar og prosedyrar for at systema på tvers av ulike ERPsystem og dei menneskelege ressursar skal fungere godt og praktisk. Telehuset Førde yter all service og support på mobiltelefonar og mobile tenester, slik at Firda Billag sparar årsverk, samtidig som dei tilsette får tilgang på høgkompetent service. Alt kostnadseffektivt. – Det gjer at vi slepp å bygge opp kunnskap på ein del spesialområde, sparar pengar og kan halde fokus på dei kjerneområde og utfordringane Firda Billag-gruppa har.

Framtidsretta Gjertsen meiner det er viktig å henge med i utviklinga på kommunikasjonsfronten. Det gjer dei med god hjelp av Telehuset Førde. – Lync er sentralt. Møter går over video, og reisebudsjettet blir redusert. På nokre av selskapa har vi innført Mobilt Bedriftsnett, og er i ferd med å innføre det på alle våre selskap, og vil på sikt samkøyre alt med Lync. Med mobilt bedriftsnett slepp du kostbare fasttelfonsentralar, og alt er mobilt. Telehuset Førde står for oppsett og drifting, fortel Gjertsen. Firda Billag-gruppa skal på sikt også integrere Mobilt bedriftsnett med Lync

Økonomisjef i Firda Billag-gruppa, Wilhelm Gjertsen (t.v.), og dagleg leiar hos Telehuset Førde, Daniel Levy.

slik at for dei kontortilsette vil det ringe både via Lync og mobilt, men først må vi få starta opp i Nordfjord, seier Gjertsen. Firda Billag set pris på den gode servicen til Telehuset Førde. – Telehuset Førde yter framtidsretta og ærleg rådgjeving i forhold til løysingar og kostnadsnivå. Dei er proaktive i oppfølging av avtalen vi har med Telenor, slik at vi til ei kvar tid har beste vilkåra og rett type abonnement og tenester, avsluttar Gjertsen.

Telehuset Førde Førde • Øyrane 2 • 6800 Førde Telefon: 90 68 05 05 E-post: forde@telehuset.no

41


RETT PÅ

Ut på tur

Tore Fossen

Eg likar å reise, og når eg reiser, likar eg å observere ting. Det er faktisk ein viktig del av det å vere på tur. Har ein sett noko spesielt, så hugsar ein turen betre. Dessverre er det ikkje alt som er like moro å observere. Mellom anna var vi på eit hotell austafor og skulle innta dagens lunsj. I det vi hadde sett oss godt til rette, kom ei busslast med turistar inn i same hotellrestauranten. Etter språket å dømme kom dei frå eit land langt vekke. Dei gjekk laus på buffeten med stor iver. Dei fylte på mat og drikke. Ikkje noko gale i det. Det var berre det at eg la merke til at ting forsvann frå bordet og ned i bukselommar og innerlommar på dressjakkene. Er det mogleg? At vaksne folk tek med seg bestikket dei har brukt å ete med? Først trudde eg at eg såg feil, men Sherlock Holms var vekt i meg, og eg kikka diskret mot eine bordet. Jaudå. Der gjekk

forsyne meg saltbøssa same vegen som bestikket. Inn på innerlomma med den. Dessverre var eg for feig til å gje beskjed til vertskapet, men eg var lettare sjokkert. Tenk å komme på middag til ein slik familie, og så får du sjå eit bord dekka med knivar og gaflar frå Union Hotel Geiranger, saltbøsser frå Brimi fjellstugu, tallerkenar frå Oro og glas frå Ekebergrestauranten. Ein annan gong sat eg og dottera mi i frukostsalen på Gardermoen Airport Hotel. Rundt oss vrimla det av japanske turistar. Dei er også kjende for å kunne kreere dei mest fantastiske kombinasjonar av smakar. Eksempelvis er vaffelrøre på laks ein vinnar hos enkelte av dei. Det som fascinerte oss mest denne gongen, var ei lita og vever dame som hadde lessa to tallerkenar fulle av alt

Først trudde eg at eg såg feil, men Sherlock Holms var vekt i meg, og eg kikka diskret mot eine bordet.

mogleg, inkludert ein halv leverpostei av den typen som ligg i form på storleik med ein fiskepudding. Vi sat lenge og venta på korleis ho ville angripe denne leverposteien, men dessverre hadde ho god tid, maula og togg på alt mogleg – frå vassmelon til bacon. Til slutt måtte vi berre stikke, vi hadde trass alt eit fly vi skulle nå, så korleis denne leverposteien enda, og kva kombinasjon den vesle japanske turisten valde for å få sett den til livs, veit nok truleg berre ho sjølv. Kanskje kan det vere like greitt. I midten av mai, var eg ein tur til Liverpool. På eit kasinobesøk måtte eg innom toalettet for å late vatnet, som det heiter på finare språk. Medan eg står i pissoaret, høyrer eg det flushar i eit av avlukka bak ryggen min. Utan å tenke nemneverdig på det, registrerer eg at det kjem ein mannsperson ut, går forbi meg og rett bort til handtørkaren. Den startar å blåse, og etter eit par sekund forlet han toalettet. Då er det det går opp for meg: Fyren gjekk rett frå toalettet til handtørkaren. Men i helsike? tenkjer eg. Vaska han seg ikkje? Nei, han gjorde faktisk ikkje det. Lettare sjokkert stod eg att og lurte på om han hadde skylt nevane sine i toalettskåla, eller om han berre hadde pissa på dei. Det svaret får eg heller aldri. Kanskje det også kan vere like greitt. Ha ein strålande sommar!

VISA VIS A Gåvekort Den perf perfekte ekte g gåva! Kan brukast både i butikkar og på nett. K an bruk ast bå Kjøp på s ssf.no/gave sf.no NO OGS OGSÅ Å FOR FOR BED BEDRIFTER!

42

Har du ttenkt enkt på a att du d kan bruke VISA Gåvekort som gå gåve ve til dine tils tilsette? Sjå ssf.no/bedriftsgave

meirennbank.no


Rein Rein Design

Sommartilbod på superraskt breiband!

Sidan 2001 har vi tatt verda til Sogn og Fjordane. Det betyr at du og resten av innbyggarane i fylket kan få alt som er der ute rett inn i stova. Bruk nokre få minutt på å bestille internett frå Enivest i dag, så får du superraskt breiband samtidig som du er med på å skape lokale verdiar.

Vi nn Vinn weeken weekend for d 2! for 2! Verdi kr

Surf globalt, vel lokalt! Skjerjehamn

FRÅ F FR RÅ R Å

298,2 98,,-98 98,-

8.000* 8.000*

j enives v t.no/kamp panjje for or meiir iinfo f rma r sjon om konkurransen

PR. P PR R.. M R MN MND MND. N ND. ND D D..

Bytt til Enivest i dag! Bruk bestillingsskjemaet på nett; enivest.no/bestill, eller ring kundeservice på 57 00 91 00.

**I tillegg får du fri etablering og modem for kr 0,- (ord. pris 1.424,-). Pris første året frå kr 3.576,-. Tilbodet Tilbodet gjeld nye kundar på superraskt breiband (ADSL Maks og VDSL), og føreset 12 mnd. binding. Bestillingsfrist: 31. august 2014.

FFoto: oto: Gøril Sæ Sætre tre

Vi spanderer 100 100 kroner kvar månad i eit år.**

Resten ordnar vi.

LES MEIR PÅ

enivest.no/kampanje

43 Din lokale breibandsleverandør i Sogn og Fjordane

57 00 91 00 | enivest.no


1

På biltur til dei rike si Kva er det første ein mann som har fått seg Porsche Panamera spør seg om? Jau, han lurer på kor fort bilen går. Det andre han tenker på er kvar han kan teste den. Og det tredje han tenker på er kor mange idiotar han kan få med seg til å finne svar på dei to første spørsmåla. TEKST: Tore Fossen FOTO: Tore Fossen og Freddy Ulltang

44

Porsche-eigaren, eller bilvaskaren som han gjerne blir kalla i denne avisa, fekk med seg fem karar i sin beste alder, «estbana» vart lagt på strekkja Førde–Monaco, og svaret på kor fort bilen går vil aldri bli svara på i denne artikkelen. Einaste som kan røpast er at ein Panamera går ganske fort, brukar ein del bensin, og fungerer heilt fint som langdistansefartøy for folk som er glade i å køyre bil.

Første etappe. Ein tidleg morgon, med solskin og

god temperatur, tok Panamera’en av frå Førde, i selskap med ein BMW X6, tilhøyrande ein lastebileigar frå Sunnfjord. Utan GPS kom vi oss trygt til Bergen, der vi mønstra på Fjordline sitt nye skip, MS Bergensfjord. Frå soldekket kunne vi nyte kyststripa til Stavanger, før vi inntok eit måltid på ein av båten sine mange etestader. Det skal seiast at det ikkje tok nemneverdig «av» på nattklubben denne måndagskvelden, men det kunne vere like greitt. Vi skulle tross alt i land i Hirtshals kl 08.00 neste morgon, og derifrå til Monaco var det cirka 1919 kilometer som skulle tilbakeleggast i bil. Målet var å få seg nokre timar søvn, før frukosten skulle nytast onsdag morgon i verdas nest minste land.

Andre etappe. Litt over åtte var vi på dansk jord. Nokre timar seinare hadde vi fått i oss nokre raude pølser, fylt drivstoff, sett monstermaster og vindmøller, og gjort oss ferdige med Danmark. Vi konkluderte med at det truleg er enklare å bygge vegar der enn her til lands. Så stod Tyskland for tur. Vel 100 mil med Autobahn og – i følgje bilvaskaren – fri farts-

grense låg framfor oss. Når det gjeld vegstandard kan vi dra konklusjonen med ein gong: Den er god, den. Trass i enkelte område der vegbana var snevra inn frå tre til to felt på grunn av utbetringar og nye vegar under bygging, var det lite problem med å halde høg snittfart. Autobahn fungerer fantastisk som transportåre. Trafikken flyt, og mil blir slukt i stort tempo. I vårt tilfelle vart vi, via GPS’en, leia utanom Elbtunnel og inn mot München fordi trafikken stod i stampe – av ukjend årsak. Hadde eg følgt betre med i tysktimane (valfag) på ungdomsskulen, kunne eg kanskje ha forstått litt av dei mange meldingane om trafikken som heile tida braut av skurringa på radioen til bilvaskaren (den står innstilt på P1). Etter å ha tatt nokre titals mil til, var det atter på tide å fylle opp diverse tankar. Både folk og bilar må ha næring til lange turar. For kvar femte mil er det høve til å tanke opp med mat og drikke langs dei tyske hovudtransportårane. Og for 0,7 euro (5-6 kroner) kan du nytte eit reint og velluktande toalett. I tillegg kan du få eit skikkeleg måltid på same staden, t.d. entrecote eller argentinsk biff.


2

3

4

5

leikegrind Etter pausen var det tid for sjåførskifte, og nye mil mot den austerrikske grensa låg føre oss. Ein eks-entreprenør hadde teke plass bak rattet i Panamera’en, la den kjapt ut i venstrefila og kosta

1. Ikkje noko å seie på utsikta frå verandaen på Mariott Hotel. Det ligg båtar for nokre millionar og duppar der, ja. 2. Mil etter mil på tyske motorvegar. Stort sett tre felt, høg snittfart og disiplinerte bilistar får deg kjapt gjennom landet. 3. Sveitsisk landskap minner mykje om det norske. Til og med deler av vegane har norsk standard, det vil seie to felt med møtande trafikk og mykje svingar oppetter og nedetter fjell. 4. Bilvaskar Holvik er oppteken av totalvekta, og passar på at det aldri er for mykje olje på Porschen sin. Ståle Aasen (med oljeflaska) og Freddy Ulltang tek imot ordrar. 5. Lunsj er obligatorisk på tur gjennom Danmark. Snitzel, potetsalat og ei Carlsberg er sjeldan feil.

av garde i rundt tregangen av det som er lovleg fart på E39. Eit stykke framme var det nokre bilar som hadde vasa seg ut i same fila, og farten gjekk ned til 150 km/t. Etter ei lita stund i denne farten,

kom det tørt frå eks-entreprenøren: – Og so vart da bom stopp!

Toll-tull I. No er det ikkje all verda å sjå langsetter

2k kort ort på tur Reis Reis smart med ekstra ekstra kort kort i bagasjen. Bestill Bestill no!

<<

Sjå ssf.no/2kort ssf.no/2kort

45 meirennbank.no meir ennbank.no


<<

Autobahn, så derfor var det greitt å gjere seg ferdig med Tyskland, for så å ta ein aldri så liten tur innom Austerrike. Men ikkje før vi hadde akklimatisert oss, var det nok eit land i vente: Sveits. Med sin BMW X6 hadde lastebileigaren på eit eller anna forunderleg vis greidd å passere den sveitsiske grensa utan å ha blitt stoppa. Bilvaskaren sin norskregistrerte Porsche derimot, den fatta stor interesse for sure, sveitsiske tollbetjentar. Dei kravde legitimasjon; pass eller anna identifikasjon. Den sure tollaren fekk overlevert tre stykk førarkort pluss eit bankkort. Han kikka surt på bankkortet og sa: – I am not a bankomat! Like sur var han då han fekk eit pass som erstatning, og endå surare vart han då vi måtte vere med inn i bua hans for å kjøpe oblat for å køyre lovleg i Sveits. Der sleit dei med EDB’en sin. Men som sindige sunnfjordingar, så følte vi lite trong til å hisse oss opp. Desse karane hadde både pistolar og handjern hengande laust i beltet. Det hadde ikkje vi, og derfor baud vi ikkje opp til duell. Med oblat på plass i ruta, tok vi fatt på vegen som skulle føre oss til San Bernadino-passet. No vart vegane brått som i Norge. 80-soner, innslag av tofeltsveg, svingar og bakkar. Naturen derimot, vart langt meir interessant, bortsett frå at det var blitt så seint på kveld at vi snart ikkje såg anna enn det som billyktene lyste på. Og det var asfalt og svære insekt som klaska mot frontruta. Ja, og så fann vi ut at det var utruleg mange kyrkjer og borger gjennom Sveits, for dei var godt opplyste oppetter fjellskråningane. Der og då vart det bestemt at vi skulle ta same

krabbe estivalen ffe

46

ruta tilbake til Norge, for dette området ville vi sjå i dagslys.

Toll-tull II. Seint på kveld kom vi til ein ny grensepost, denne gongen frå Sveits til Italia. Nok ein gong hadde den kvite BMW X6’en lista seg forbi dei italienske grensevaktene, medan Porschen til bilvaskaren igjen skulle bli gjenstand for merksemd. Identifikasjon var no ein ting. Det såg tilsynelatande greitt ut. Men på spørsmål frå den italienske tollaren om vi hadde mykje kontantar på oss, kunne bilvaskaren fortelje at jau, han hadde rikeleg med norske kroner på seg. Meir skulle det ikkje til før vi nok ein gong vart vinka til sides. Ut med all bagasje, sjekk av bag’ar og kupé, før bilvaskaren fekk vere med tollaren inn på eit kontor og forklart at eit par tusen norske kroner ikkje er så mange euro, og at han var den einaste med cash (sjølvsagt). Derfor kunne vi pakke bilen att, og ta fatt på den italienske delen av turen. Frå grensebyen Chiasso i Sveits til Grimaldi i Italia, som er den siste byen, før vi skulle nå fransk jord, var det berre skarve 340 kilometer. På grunn av alt toll-tullet låg karane i X6’en 45 minutt framfor oss no. Etter å ha gjort oss ferdige med gode italienske vegar, som har litt å gå på med når det gjeld asfalt- og bruskøyter (ka-boom, ka-boom, kaboom), og lite anna å sjå enn endå fleire opplyste kyrkjer og slott oppetter fjellsidene, dundra vi inn i Frankrike. Herifrå var det berre nokre mil før vi

kunne ta av frå motorvegen A8 og inn på ein smal og krunglete veg som førte oss fram til Riviera Marriott Hotel La Porte de Monaco. Endeleg skulle vi vandre rundt nokre dagar i dei rike si leikegrind, nyte synet av svære båtar og feite bilar, gå på kasino og nyte livet. Ja, rett og slett late som om vi var rike krøsusar.

Konklusjon. Over ei øl på hotellrommet kunne vi oppsummere: • Vi hadde brukt ca 18 timar på dei 1919 kilometrane. • Vi hadde stoppa og ete to gonger. • Vi hadde fylt drivstoff tre gonger. • Vi hadde køyrt fort. • Vi var komne vel fram. • Vi var trøytte. • Vi hadde gjort det same igjen (noko vi var pent nøydde til, sidan vi skulle heim igjen). • BMW X6 og Porsche Panamera er gode bilar. • Norske vegar er sjarmerande – men ei skam, og ubrukelege som effektive transportårer. • Seks menn på biltur er gøy. • Seks menn har utruleg mange historier å dele med kvarandre. • Fotoboksar finst gjennom heile Europa og kanskje kjem det fine bilete av oss i posten om ei stund.

Les meir om Monaco på side 48.


musea

N TURE G G LE G AVAN T S M INNO

I SOGN OG FJORDANE

Norsk Kvernsteinsenter

Meir informasjon på:

FYLKETS STØRSTE CARAVAN FORHANDLER

Rein Design

www.misf.museum.no

VELKO OMMEN TIIL STTAVA AN MARINA ANG OG NÆRBUTIKK! No oppgrader t med ny flytebr ygge, nytt anlegg for båt-diesel, samt nytt gjestetoalett og vaskerom. Ta turen innom Stava Stavang for eit koselig opphald i sommarr. Stavang Landhandel AS og Farsund & Naustheller AS

Vi utfører service, reperasjoner, fukt og gasstester for din sikkerhet.

Øyrane 6, 6800 FØRDE Tlf. 578 21 688 - www w.farsundnaustheller . r..no

47


Monaco

1

Verdast nest minste land, Monaco, er to kvadratkilometer stort. Om ikkje landet er stort, har dei i alle fall høg tettleik av dyre bilar og svÌre bütar. Og folk med mykje pengar. TEKST: Tore Fossen FOTO: Tore Fossen og Freddy Ulltang

Ă&#x2026; vandre rundt i Port of Fontvieille eller Port of Monaco og sjĂĽ pĂĽ dei digre yatchâ&#x20AC;&#x2DC;ane er berre fantastisk. Det er dĂĽ ein forstĂĽr at enkelte menneske i denne verda har uforskamma mykje pengar til rĂĽdvelde.

Gutestad. Kor mykje desse digre bĂĽtane, enkelte med eige helikopterdekk, eigentleg er i bruk veit eg ikkje. Men dei er i alle fall godt vedlikehaldne. Over alt vert det pussa og gnikka pĂĽ mahogni og stĂĽl. Ă&#x2026; tippe prislappen pĂĽ bĂĽtane er umogleg. Driftsutgiftene likesĂĽ, men det er strengt tatt ikkje sĂĽ nøye. Det er dei fĂŚrraste av oss som nokon gong kjem i den posisjon av vi kan ta del i denne moroa. Heldigvis kostar det ingenting ĂĽ drøyme, og det kostar heller ingenting ĂĽ sjĂĽ pĂĽ farkostane. Og medan vi vandrar langs hamna, kjem dei glidande â&#x20AC;&#x201C; Ferrarriâ&#x20AC;&#x2122;ar, Rolls Royceâ&#x20AC;&#x2122;ar, Lamborghiniâ&#x20AC;&#x2122;ar og alt det vi gutane drøymer om. â&#x20AC;&#x201C; Monaco er ein gutestad, sa bilvaskaren. Han har heilt rett. Berre lydane er nok til ĂĽ vekke kjensler hos folk som har litt interesse for mange sylindrar og stor fart. Det spelar lita rolle om du vaknar til lyden frĂĽ eit helikopter eller ein Lamborghini. Det er like fett uansett.

2

Casino. Er ein først komen til Monaco, sü kan ein ikkje la vere ü ta turen

NORDENS MEST POPULĂ&#x2020;RE ALUMINIUMSBĂ&#x2026;T

%XVWHU

rHLWEHN\P ULQJVIULWWYDO

48

50

fortelje oss litt om den. Monaco Grand Prix har vore arrangert ĂĽrleg i dei tronge gatene sidan 1929. Elles var det lite ĂĽ sjĂĽ til Albert og resten av Grimaldi-slekta. Stephanie, som vi alle hadde vĂĽte draumar om pĂĽ 80-talet, sĂĽg vi heller ikkje snurten av. Derimot sĂĽg vi andre damer, bĂĽde av sorten som ville ha betalt for eit nĂŚrare bekjentskap, og dei som ikkje ville ha betalt, men som heller ikkje

57

Rein Design

sjü pü i Monaco. I alle fall for vür del. Fyrstepalasset og hagen deira fanga ikkje vür interesse. Eit bilmuseum derimot, det er aldri feil for seks menn, spesielt ikkje etter ü ha inntatt eit par kalde forfriskingar pü ein uterestaurant. Sjølvsagt mütte vi av garde for ü sjü at dei heldt pü ü rigge til Monaco Grand Prix, og vi fekk ogsü ein drosjesjüfør til ü køyre den legendariske løypa og

72

SjĂĽverdigheiter. Med unntak av bilar og bĂĽtar, er det ikkje sĂĽ veldig mykje ĂĽ

1. Ei av hamnene i Monaco. Ikkje berre mega-yachtâ&#x20AC;&#x2122;ar ĂĽ sjĂĽ, men meir enn nok til ĂĽ gjere spaserturen langs bryggekanten interessant. 2. Ein tur pĂĽ bilmuseet mĂĽ du ta om du er i Monaco. Her Mercedes Benz med ÂŤmĂĽkevingerÂť. I bakgrunnen stĂĽr ein spesialbygd Lexus LS600 med glastak som vart nytta dĂĽ Prins Albert II gifta seg med Charlene Wittstock, ein bil det tok 2.000 timar ĂĽ bygge om.

pĂĽ Ska bi de 83 len?

innom kasinoet. Ikkje det at vi trur vi blir rike av ein sĂĽnn tur, men meir for berre ĂĽ ha gjort det. Den store og vakre bygningen rommar rikeleg med bord for poker og black jack, roulett og speleautomatar. Euroane forsvinn i eit tempo som ikkje ein gong dei rammaste handlegale damer kunne greie ĂĽ halde følgje med. Derfor blir besøket vĂĽrt relativt kortvarig. Ein mann med asiatisk utsjĂĽnad, skreddarsydd dress og ruskjen frisyre, svei av 32.000 kroner i løpet av halvanna minutt ved bordet vĂĽrt. â&#x20AC;&#x201C; Tja, sa ein i følget. â&#x20AC;&#x201C; Ă&#x2026; svi av over 30.000 pĂĽ eit par minutt, det kunne han gjere, men ĂĽ bruke 500 kroner pĂĽ ein frisør, det hadde han ikkje teke seg rĂĽd til! Ut frĂĽ bilparken som stod utanfor kasinoet, kunne vi konkludere med at ogsĂĽ her var det folk med meir pengar enn oss som slo i hel nokre timar.

ANTIRUSTBEHANDLING Tuff-Kote Dinol behandling, den mest avanserte og omfattande rustbeskyttelsebehandlinga.

9LKDUĂŻHLUHPRGHOODU XWVWLOWLEXWLNNRJSž ODJHUWLQJEžWIRU OHYHULQJQR Angedalsvegen 59, 6800 FĂ&#x2DC;RDE Tlf. 578 22 808 / 958 66 866 www.doskeland.net

Vi tilbyr ogsĂĽ lakkonservering frĂĽ Diamondbrite med 6 ĂĽrs garanti uten rebehandling.

Tlf: 57 83 72 50 post@bilskadesenteret.no www.bilskadesenteret.no Man-fre 07:30-16:30 Følg oss facebook.com/Bilskadesenteretas


3

5

4

6

3. Mangusta 165 â&#x20AC;&#x201C; verdas største og raskaste Open Yacht. SĂĽnn cirka 130 millionar mĂĽ du ut med for ein sĂĽnn. FĂĽr vel begynne ĂĽ spareâ&#x20AC;Ś 4. Og tørsten kan sløkkjast i ein av Monacos mange oasar, til dømes hos Gerhardâ&#x20AC;&#x2122;en. FrĂĽ venstre: Inge RĂĽheim, StĂĽle Ă&#x2026;sen, Tore Fossen, Per Bortheim og bilvaskar Holvik. 5. Gammal greie. Enzo Ferrari 2002-modell. Men sjølv 12 ĂĽr gamle bilar kan parkerast utanfor kasinoet utan at ein skjemst over det. 6. PĂĽ tur i avdelinga for dei med litt meir pengar enn dei fleste av oss andre har. Det gĂĽr sikkert fint ĂĽ kunne tilbringe eit døgn eller to i slike bĂĽtar.

Rein Design

Dyrt? Nei, det er ikkje sĂĽ avskrekkande dyrt ĂĽ ete, drikke eller bu pĂĽ hotell i Monaco. Prisane er om lag som pĂĽ norske restaurantar og hotell. Syslar

du med tanken om ü kjøpe deg eit krypinn i det monegassiske riket, sü har landet verdas dyraste eigedomsprisar. Eksempelvis ligg det ei leilegheit til sals, med utsikt over hamna, 3 soverom, 3 bad og i utmerka stand, til den nette sum av 15 millionar. Berre for

Sandvikshornet

Byggjeplanar? Du kan velje mellom 43 hustypar eller vi kan skreddarsy bustaden etter dine ønske. Sjü vür nettside www.vestlandshus.no

ĂĽ ha det presisert: 15 millionar euro. DĂĽ har du tilgang til symjebasseng og treningssenter. Skulle berre mangle. I eit nytt leilegheitskompleks finn du ogsĂĽ ei av verdas dyraste leilegheiter â&#x20AC;&#x201C; ikkje mindre enn 2,4 milliardar kroner. Berre sĂĽnn til informasjon.

Fjordane Bilutleige

Rein Design

var nemneverdig interesserte i ein delegasjon frĂĽ Sunnfjord.

Avis tilbyr bilar til dei ďŹ&#x201A;este føremĂĽl, stasjonert pĂĽ fylgjande stadar: s s s s

FLORĂ&#x2DC; FĂ&#x2DC;RDE LEIKANGER MĂ&#x2026;LĂ&#x2DC;Y

s SANDANE s SOGNDAL s STRYN

Din lokale forhandlar:

VESTBYGG GRYTĂ&#x2DC;YRA

VESTLANDSHUS STRYN

Telefon 57 73 72 60

Telefon 57 87 62 00

VESTLANDSHUS FLORĂ&#x2DC;

BTHUS AS FĂ&#x2DC;RDE

Telefon 57 75 21 70

Telefon 91 66 17 00

VESTLANDSHUS MĂ&#x2026;LĂ&#x2DC;Y

VESTLANDSHUS SOGN, KAUPANGER, Telefon 57 67 33 88

Telefon 95 72 22 52

Budget bilutleige er tilgjengeleg pĂĽ flyplassane: s FLORĂ&#x2DC; s FĂ&#x2DC;RDE

s SANDANE s SOGNDAL

49 Pristilbod og reservasjon tlf: 57 72 50 80 og wwwAVISNOsWWWBUDGETNO


INTERIØR

Les meir om interiør på min blogg: husetvedfjorden. blogspot.no

med Bjørg Njøsen

Kommode Før/Etter: Kommoden fann eg på loppemarknad. Den var slitt og stygg i treverket. Men eg likte fasongen og kvaliteten var god. Først vaska eg med salmiakkvatn, pussa den, tørka av støv og grunna den med sperregrunn. Eg måla sjølve kommoden i lys rosa, og skuffene fekk ein nydeleg pastellgrøn farge. Å bruke fargar på denne måten skapar ein moderne vri på gamle møbler. No står den så staseleg på yngste dottera vår sitt rom.

Krakk Før/Etter: Krakken fann eg på ein bruktbutikk. Den var sjarmerande slitt, noko eg likar veldig godt. Men den var litt kjedeleg. Difor gav eg den trendy rosa «sokkar». Eg maskerte så langt opp som eg ville ha «sokkane» , og så måla eg i veg. Det vart ei kjemperask fornying med stor effekt.

Frå skrot til skatt Ein «interiørfreak» som meg er alltid på jakt etter noko nytt til heimen. Det kjem vel difor ikkje som noko bombe at eg er glad i ein handletur i ny og ne. Sjølv om eg er veldig glad i å gå i butikkar og handle det siste nye, så bankar hjartet mitt litt ekstra for å gjere bruktkjøp.

50

Å gå på loppemarknad og i bruktbutikkar er for meg som det er for ein liten unge å gå i godtebu-

tikken. Magen får eit barnsleg sug av forventning. Ventar eg for lenge mellom kvart besøk, kjenner eg rett og slett abstinensar. Det er så spennande å gå på oppdagingsferd på slike stader, for ein veit aldri kva ein kan finne. Det aller kjekkaste er å finne gamle, sjarmerande ting i flott stand. Som berre er å plassere i heimen. Slike ting gjev interiøret sjel og eit meir personleg preg, synest eg. Det er rein lukke for meg om eg finn ein gammal

koffert, antikke rammer, flotte fat, gamle kommodar og liknande som gjev det vesle ekstra til heimen vår. Ein skal heller ikkje undervurdere den slitne kommoden eller den stygge stolen som ved første augekast ser ubrukeleg ut. Slike møblar er i tillegg ofte billege, så her kan du gjere kupp. Bruk fantasien og kreativiteten. Plutseleg ser du at forma på


Velkommen til hotellet ÂŤmed fjorden i hagenÂť â&#x20AC;˘ Kort avstand til mange turmĂĽl â&#x20AC;˘ Roleg â&#x20AC;˘ Ny badestrand

Innvik Fjordhotell Misjonsheimen AS 6793 Innvik Tlf. 57 87 49 90 â&#x20AC;˘ Fax 57 87 49 99 E-post: post@innvikfjordhotell.no Web: www.innvikfjordhotell.no

DIN BUBIL-VERKSTAD I FĂ&#x2DC;RDE s Service og reparasjonar s Periodisk køyretykontroll (EU-kontr.) s Hjulstillingskontroll med 4-hjulsmĂĽling s Fabrikkoppdateringar og garantiarbeid pĂĽ chassis s Service/fylling pĂĽ AC-anlegg s Ettermontering av cruise control og ryggekamera

VISSTE DU AT s 2 av 3 bubilar er bygd pĂĽ Fiat Ducato? s Autoservice er Norges eldste Fiat-forhandlar, etablert i 1966, og Iveco-forhandlar frĂĽ 1974?

Kusslid, 6819 Førde â&#x20AC;&#x201C; Tlf. 57 83 38 80 www.as-autoservice.no

5(9,6-215(.1(6.$3 Â&#x2021;)5$07,'65(77$ OG ())(.7,97 OPPLEGG FOR REKNESKAPSRAPPORTERING Â&#x2021;Â&#x2018;.2120,67<5,1* Â&#x2021;Â&#x2018;.2120,6.5c'*-(9,1* Â&#x2021;3267#5512Â&#x2021;:::5512 )Â&#x2018;5'(Â&#x2021;)/25Â&#x2018;Â&#x2021;(,'Â&#x2021;0c/Â&#x2018;<Â&#x2021;675<1

7$.217$.7)

25

7,/%2'3c

5(.1(6.$36)Â&#x2018;

5,1* 2*5(9,6-21 

Rørstol Før/Etter: Rørstolen fekk eg frü Ungdomshuset i nabobygda som skulle skifte ut stolane sine. Først skrudde eg av treverket. Det vart vaska, pussa og müla med 2 strøk vassbasert müling. Metallet har eg vaska, pussa og spraya 2 gonger med kvit spraylakk. Resultatet vart ein kul stol, som i tillegg er god ü sitte i.

PĂĽ tide med service? ALLE BILMERKER OPPTIL 7,5 TONN.

EU-KONTROLL VARE- OG BOBILVERKSTED HJULSTILLINGS-KONTROLL 3D AC/KLIMA-SERVICE FLUSH/RENS AUTOMAT-GEARKASSE

ET ET TRYGT TRYGT V VALG ALG A AV V BI BILVERKSTED LVERKSTED VER V

møbelet er fin og kvaliteten er god. Den treng rett og slett berre ei oppdatering med mĂĽlekosten. Ă&#x2026; mĂĽle eit møbel er ikkje sĂĽ stor jobb som mange trur. Møbelet treng ein god vask med salmiakkvatn, ein omgang med pussepapiret, tørke vekk støvet , somme gonger grunning og eit par strøk med mĂĽling. Bruker du vassbasert mĂĽling og

dekker til golvet før du startar, kan du fint sitte i stova framfor TV-en og müle. Det er i alle fall hyppig gjort her i huset. Eg blir ofte ekstra glad i møblar som eg har fornya sjølv. Fordi eg har brukt farger eg likar godt, og møbelet er noko som ingen andre har maken til. I tillegg blir ein litt stolt og kry av ü ha gjort det sjølv. Du har rett og slett gjort om skrot til ü bli ein skatt.

ME MECA C A Car C a r Service S e r v i c e er et trygt v al g av a v bilverksted. bil ve r ks t e d. Vi Vi stür st ü r for fo r riktig r i kt i g utu tt r ygt valg ført prisgunstig Al t arbeid a r b e id utføres u t fø res med reservere s e r vefø r t og og p r i sg u nst i g verkstedsarbeid. ve r ks t e d s a r b e i d. Alt deler gje ld er alle bilens bile ns garantier g a r a n t ie r d el er av a v originalkvalitet, o r i g i n al k v ali t et, og o g selvfølgelig s el v føl ge li g gjelder fortsatt nür hos oss. os o s s. fo r ts a tt n ü r bilen bil en har h a r vÌrt vÌr t h Ring R i ng oss o ss i dag d a g og o g bestill b est ill tid. t i d. Tlf.: T l f.: 57 79 68 80

Rutebilane Ru tebilane i B Bremanger remanger as Avd: ME Avd: MECA CA Terdal Terdal bilservice bilser vice Bremanger 6727 B remanger

www.meca.no

Betal nĂĽr det passer for deg! Opptil 24 mnd. rentefri nedbetalning.

51


Mitt framkomstmiddel

Ein gammal pick-up Freddy Ulltang frå Førde likar bilar. Han likar spesielt godt amerikanske bilar, og han likar store motorar. Ei stund var det Ford Mustang som var gjeldande. I dag er det ein knall raud 1965-modell Chevrolet C10 stepside som får litt ekstra merksemd i garasjen. Og fleire bilar med store motorar finn snart vegen til tunet hans. FOTO: Tore Fossen

52

– Kvifor køyrer du amerikansk? – Har ikkje akkurat noko god forklaring på det, men det ligg vel mykje i utsjånad og at det er V8 i dei fleste av dei. Og så

har eg alltid vore litt oppteken av amerikanske bilar.

denne bilen er meir som ein bruksbil og rekne, og absolutt ikkje noko utstillingsbil.

– Seier bilen noko om di personlegheit? – Ja.

– Kva blir den brukt til? – For meg har den stort bruksområde. Den blir brukt til alt frå henting av ungane i barnehagen, til levering av boss i Hesjedalen.

– Kva er det beste med ein gammal pick-up? – At det faktisk er akkurat ein gammal pick-up. – Den kjem vel ikkje i kategorien miljøvennleg. Har du nokre tankar kring det? – Nei. – Får du kommentarar på bilen din? – Ja det kjem masse folk og slår av en prat. Dei aller fleste tykkjer at den ser fin ut og at den har det rette karosseriet. – Steller du pent med bilen din? – Nei. ikkje noko spesielt. Det går sjølvsagt med litt tid på den, men

– Og den neste bilen din. Kva blir det? – Det blir ikkje den neste, men dei neste. Det kjem tre bilar med båt frå Amerika om nokre dagar. Sjølvsagt amerikanske. I containerane står det to stk Chevrolet 57 Bel Air og ein 70 Oldsmobile 442. Det er vel ikkje naudsynt å seie at eg gler meg til båten klappar til kai i Norge.


ØKONOMI

Panikken stig…

Har du tenkt deg på tur i sommar? Vi nordmenn drøymer om late, varme sommardagar, gjerne blanda med nokre spennande opplevingar, god mat og avkopling. Det er noko med å nyte ferien

Før du reiser bør reiseforsikring vere i orden, og dersom banken din opererer med regionsperre på kort, kan du kjapt gå inn i nettbanken og oppheve denne i det området du skal reise til. Regionsperre hindrar til dømes svindlarar i å kopiere kortet ditt og misbruke det andre stader i verda. Veldig greitt å ha, men ganske irriterande om ein skulle gløyme det før ein reiser. Skulle du gløyme det, så fiksar du det med ein rask telefon til banken. Ingen ferie utan litt shopping! Det er ofte billegare å betale med kort direkte i butikk og restaurant, enn å ta ut i minibank. Då unngår du even-

Opplevingar for livet!

tuelle minibankgebyr. Skjul tastaturet når du tastar inn koden og oppbevar aldri koden saman med kortet. Du får forresten den beste kursen om du betalar i lokal valuta med kortet, og ikkje norske kroner. Om ulukka skulle vere ute, og kjeltringar får tak i kortet ditt, så er det greitt å ha telefonnummer til sperretenesta liggande tilgjengeleg. Lagre det gjerne på mobilen din og skriv det på ein lapp som du legg på ein trygg stad saman med pass, ekstra bankkort og andre verdisaker. Så, då skulle det meste som har med bank vere klart for avreise. God ferie!

Skriven av Mette Grytten, grafisk designar Sparebanken Sogn og Fjordane

findriv fin driv.no

Det er nok ikkje berre eg som har stått der, fortvila og frustrert med klump i halsen og lurt på «kva no?» Heldigvis har eg gode vener som hjelpte meg ut av krisa økonomisk, og eg fekk sperra kortet før det var for seint. Opp i alt lærte eg noko. Neste gong stilte eg med to kort. Den vanlege Visa Classic`en i veska og eit flunkande nytt Mastercard godt pakka ned ein annan stad i bagasjen. Litt kontantar i lokal valuta fordelt litt her og der, så var eg klar!

og gløyme alt av kvardagens trivialitetar. Å tenke på slikt som bank og forsikring høyrer kvardagen til, og tenkjer du litt smart før du reiser, slepp du i alle fall å bekymre deg for slikt. Dess meir førebudd du er, dess meir kan du slappe av undervegs!

© O. Apneseth

Eg leitar febrilsk i lommer og veske. Lommeboka er vekke! Eg er på ferie i utlandet og manglar no både bankkort og kontantar. Nokon har teke bankkortet, og er dei truande til å ta det, er dei også truande til å misbruke det.

ffordefestival.no or ord de efe estiv t va va al.no billettservice.no billettservice.no

53


Ung om ferie Amalie Os Mallasvik, 13 år, Naustdal. – Kor skal du på ferie i år? – Vi skal til Frankrike, og eg skal vere der i 3 veker med familien min. Vi har leigd hus der, var der i fjor og. Kjempefint. – Kva er drømmeferien din? – Min drømmeferie er å reise til New York fordi det er mange kjendisar der, og eg har lyst til å utforske New York. Det er mange butikkar der, så eg kan gå på shopping. Sikkert mykje å oppleve der. – Kva er det beste med å ha ferie? – Det beste med ferie er at du får meir tid til venner, du slepp lekser og skule, ha det gøy med venner, berre slappe av og nyte ferien.

TEKST OG FOTO: Maria Nielssen. Utplassert frå Naustdal Barne- og ungdomsskulen.

14 år, Naustdal. – Kor skal du på ferie i år? – Det er ikkje heilt bestemt kor vi skal på ferie i år.

– Kva et du mest av i ferien? – Eg et mykje is, pizza og grillmat. Det er snadder om sommaren.

Arian Solsvik

– Kva er det beste med å ha ferie? – Å kunne bruke meir tid med familie og venner. Ha fri frå skulen, og kan gjere det eg vil. Då kan eg bade, sole meg og få meir tid til og slappe av, å vere med gode venner er kjekt i ferien.

9 år, Holsen. – Kor skal du på ferie i år? – Eg veit ikkje heilt kor eg skal på feire i år, men eg håper at pappa bestiller ein tur til Syden. For der liker eg meg godt.

– Kva et du mest av i ferien? – I ferien et eg god mat. Snacks, frukt og grillmat. Eg liker å grille når det er ferie, vi et litt mindre sunt i ferien enn vanlig. Det er gøy å grille med familien, då kosar vi oss i lag.

– Kva et du mest av i ferie? – Eg et masse is og grillmat. Eg et mest grillmat fordi det er godt, og det er kjekt å grille med familien. Vi koser oss når vi griller i lag.

Karoline Sørland Endestad,

best med ferie er å ha fri, spele fotball heile dagen, bade og spele Playstation.

– Kva er drømmeferien din? – Min drømmeferie er og reise til Los Angeles, Hollywood og London, reise på shopping og sjå korleis byane er, og ha det gøy. Har lyst til Los Angeles og Hollywood på walk of fame. Så har eg lyst til å oppleve strendene der.

– Kva er drømmeferien din? – Drømmeferien min er å reise på campingtur. Eg har lyst til at pappa kjøper campingbil, om det ikkje blir sydentur. Campingtur er gøy, for då kan vi reise til mange forskjellige plasser og sjå masse nye ting.

Marius Klopstad,

– Kva er det beste med å ha ferie? – Det beste med å ha ferie e å ha fri frå skulen, då kan eg sove lenge, vere ute med venner å leike kor lenge eg vil. Likar best at det er sol, då kan eg sole meg og bade.

10 år. Frå Florø, bur i Rælingen. – Kor skal du på ferie i år? – Det er ikkje heilt bestemt enda. Vi får sjå. Skal i alle fall til Naustdal. – Kva er drømmeferien din? – Min drømmeferie er å reise til Liverpool og sjå på fotballkamp. Det hadde vore toppers.

– Kva et du mest av i ferien? – Når det er sol og varmt et eg masse is, og grillmat er kjempegodt.

– Kva er det beste med å ha ferie? – Det eg liker

VURDERER DU SYNSOPERASJON? fra k r ris fr Pri

a. va. mv kll.. m ink 5,,- in 75 87 9.8 69. 1 16



R RANGER ANGE R 900 9 0 0 XP XP EPS E PS

R RANGER ANGE R DIESEL DIE SE L HD HD

 







R RANGER ANGE R 800 80 0 6X6 6X6

VELG TR RYGT - VELG MARKEDSLEDEREN

Pb. 122 | 6781 STRYN | Tlf.: 578 72 000 | Telefaks: 578 72 017 jon@lars-kveen.no | www.kveenmotor.no

54 W WWW.POLARISINDUSTRIES.NO WW.POLARISINDUSTRIES.NO • FACEBOOK.COM/POLARISNORWAY FACEBOOK .COM / POLARISNORWAY
















Sildebordet

20.06.2014

9HONRPPHQWLOĂ&#x20AC;UHWV6LOGHERUGL6WUDQGJDWD 9 HONRPPHQWLOĂ&#x20AC;UHWV6LOGHERUGL6WUDQGJDWD )ORUĂ&#x201C;IUHGDJMXQLNO )ORUĂ&#x201C;IUHGDJMXQLNO â&#x20AC;˘ â&#x20AC;˘

Vi har hatt ďŹ&#x201A;eire ĂŚrefulle oppdrag innan identitetsutvikling siste tida. Takk for godt samarbeid og gratulerer med ny visuell identitet!

â&#x20AC;˘ â&#x20AC;˘

2ĆŻVLHOORSQLQJNO 2ĆŻVLHOORSQLQJNO . .Ă&#x20AC;ULQJDY UHWV6LOGHNRQJHYRUGIĂ&#x201C;UDU%HQJW6ROKHLP Ă&#x20AC;ULQJDY UHWV6LOGHNRQJHYRUGIĂ&#x201C;UDU%HQJW6ROKHLP 2 2OVHQ OVHQ ,,UVNPXVLNNDYEDQGHW7XSHORRJ)ORUĂ&#x201C;6WRUEDQG UVNPXVLNNDYEDQGHW7XSHORRJ)ORUĂ&#x201C;6WRUEDQG 6 6LOGHGDQVSĂ&#x20AC;)ORUD6DPIXQVKXVIUDNO LOGHGDQVSĂ&#x20AC;)ORUD6DPIXQVKXVIUDNO

' 'HWWHHUEHUUHOLWWDYGHWGXNDQRSSOHYHL)ORUĂ&#x201C;GHQQH HWWHHUEHUUHOLWWDYGHWGXNDQRSSOHYHL)ORUĂ&#x201C;GHQQH K KHUOHJHIUHGDJVNYHOGHQ HUOHJHIUHGDJVNYHOGHQ ) )RUPHLULQIRRJNRPSOHWWSURJUDPVLOGHERUGHWQR RUPHLULQIRRJNRPSOHWWSURJUDPVLOGHERUGHWQR

Sponsorar

Kr: 914.000,-

Rein Design

KJĂ&#x2DC;P BOBIL I JUNI

Kr: 827.000,-

Og fĂĽ den ferdig registrert til ferien. Inkludert: Markise, radio/CD med ryggekamera og navigasjon, batteri, gassďŹ&#x201A;aske, røykvarsler, brannslukker, gassalarm.

Les meir om oss og arbeid vi har gjort pü reindesign.no Ta kontakt med oss for eit uforpliktande møte!

kontakt@reindesign.no /reindesign2013 rein_design

Kr: 719.000,-

Kr: 778.000,-

95 93 99 99

Kommunikasjonshuset

Adresse: Ă&#x2DC;yrane 3 A, 6800 Førde

55


Det gode måltid i Sogn Eit godt måltid er ei oppleving i seg sjølv, og i sommar kan du ha fleire av dei i Sogn og Fjordane. Vi har spurt kokkar og andre matinteresserte om kva matopplevingar dei anbefaler i fylket. Tekst: Kristine Slettehaug

1. Kva er den beste matopplevinga du har hatt i Sogn og Fjordane? 2. Tre stader ein kan ha ei god matoppleving i fylket 3. Kva serverer du i sommar?

Joar Søhoel – Villmarkskokk og tidlegare deltakar i Farmen. 1. Det er ein plass eg kan anbefala der ein får unike matopplevingar: Haukåsen! 2. På Haukåsen har eg hatt mange fine oppdrag som kokk. Her står Torodd Kvam og snurrar på heilgrilla hjortekalv, og eg grillar laksar som gjestene nettopp har dratt opp sjølv frå vatnet. Men først skal gjestane ha forrett. Sjøkreps får eg levande frå fiskar Vidar Åsen. Dei tek eg med levande: viser til gjestane og peikar på Sognefjorden like nedom Haukåsen. Krepsen grillar eg med urtesmør, medan gjestane ser på. Alt som vert servert kjem frå fjord og skog ein kan sjå rundt Haukåsen. Hjorten som Torodd snurrar, kjem òg frå Haukåsen, og gjestane er ofte heldige og får sjå hjortar beite like ved. Tilbehøyret til hjorten er kantarellar og tyttebær som ein finn like ved. Heile måltidet vert servert ute i ein stor gapahuk med plass til 40 gjestar, der utsikta er mot Sognefjorden og det flotte fjellet «Bleia». 3. Til sommaren skal eg rundt i Sogn med matvogna og selje produkt eg lagar sjølv: dampepølse av hjort, spekepølse av hjort, viltkarbonadar, kjøttkaker, røykjelaks og varmrøykt laks.

56

Inger Lofheim – Ein av tre kokkar som driv Askvoll sjømat og delikatesser. 1. Eg åt lunsj hos «Lille marked» i Florø for ei tid tilbake, og synes det var ei god oppleving. Elles vart vi veldig positivt overraska over Fossen bryggeripub i Dale der vi åt middag ein søndag. Vi fekk god mat, med ordentlige grønsaker og ikkje berre pommes frites og kinakål. 2. Eg vil jo sjølvsagt anbefale folk å ta turen innom oss hos oss i Askvoll, men elles har vi mest erfaringar med råvarer frå fylket. Vi har ikkje så ofte høve til å reise rundt, men har veldig god erfaring med råvarer frå Kandal Kjøtt, Svanøy røykeri, Vereide kjøtt, fisk frå Snorre Seafood og ost frå Underdal. Dette er gode produkt som du sjølvsagt finn i våre hyller. 3. Vi har ein enkel og god lunsjmeny på uteserveringa vår når været tillèt det. Der finn du som regel fiskeburger, skalldyrsuppe, påsmurt med husets vestkystsalat med meir. Vi varierer menyen alt etter det vi får inn av råvarer. Men elles har vi eit godt utval av heimelaga delikatesser og likande som du kan ta med deg heim.

Bodil Fjellestad Eikrem – kjøkkensjef Gloppen hotell. 1. Den beste matopplevinga eg har hatt i Sogn og Fjordane, er nok mors heimelaga kompara med saltkjøt, kålrabistappe og familien rundt meg. Når det gjeld restaurantar/hotell, vil eg trekke fram ei oppleving eg hadde på Knutholmen for nokre år tilbake: Ein flott skaldyr-buffé, og utval av alt ein kan ønske seg av fisk og skaldyr. 2. Vår eigen restaurant stovene på Gloppen hotell, Bakar Jon på Byrkjelo (dei har eit stort spekter av lokale produkt og varer, samt ein flott kafé) og Kraftstasjonen i Måløy som har veldig god mat. + Operagarden i Bygstad. 3. I sommar serverar eg Gloppehjort, heimerøykt laks, Gloppelam, svin frå Fjellbygda, okse frå Breim, kveite, laks, lokale bær frå Gloppen, eple, sjokolade og ostar frå Tingvol. Dette er berre eit lite knippe av menyen der ALT sjølvsagt er ureist mat og heimelaga!


og Fjordane

Christel Eide – Driv «Mitt lille kjøkken» og er

Terese Balsnes – vertskap på Balsnes gard på

Else Slettehaug – sjefskokk og dagleg leiar på

kokk på Operagarden i Bygstad.

Nordfjordeid, som har fokus på og lidenskap for mat.

Håjen kafé i Naustdal, som serverar tradisjonsmat av lokale råvarer.

1. Då Leon Knapskog hadde gjestespel på Nordfjord Hotell for nokre år sidan.

1. Må vere på Fossen Bryggeripub i Dale. Lammeskanken der var verkeleg god! Og så var det jo godt øl å få til så eit bra måltid!

2. Eg må jo verkeleg anbefale Bygstad, og å ete seg gjennom bygda. Åmot Operagard, og gjerne restaurantkveldane, Nysna gard og Tønna med havets festbord no i sommar. Bondens marked er alltid kjekt å få med seg. 3. «Mitt lille kjøkken» har mange bestillingar på tapas og fingermat i sommar, og lokale råvarer skal det være. Vi bur jo midt i matfatet, og kan verkeleg velje på øvste hylle av råvarer og kvalitet. Breiflabb og cidersaus er ein favoritt, samt langtidsstekt kalvekjake. Men det blir også gjerne ein hjortebiff på grillen heime privat.

2. Kraftstasjonen i Måløy for ein utsøkt fiskemiddag. Gloppen hotell på Sandane for den verkeleg gode lokalmat-opplevinga. Nordfjord Hotell på Eid for eit framifrå måltid ikkje langt frå heime. Og så har eg verkeleg lyst til å prøve gardsrestauranten på Åmot Operagard. 3. Vi serverer røff gourmetmat som passar for alle, med dei best tilgjengelege råvarene i tida. Sidan dette kan variere frå dag til dag har vi ingen faste menyar. Vi serverer tre rettar eller fem rettar på kveldstid og lunsj på dagtid (stengt søndagar).

2. Askvoll sjømat og delikatesser, Håjen kafé i Naustdal og Lustrabui i Luster, bollane der kan ein godt køyre langt for! 3. På privaten trur eg at det må bli grilla eller varmrøkt makrell med nypoteter, ramsløkdressing og salat til. Helst sjølvfiska makrell! Som kokk på Håjen serverar eg gjerne hjorteburger i havreblings, med potetbåtar og plommechutney til.

<<

1. Det må være nygrilla sjøkreps under Osfossen, nybakt brød og ramsløkmajones.

Kjærleikssaum •Med Vikingfestival• Laurdag 2. august

Sundag 3. august

12.00: Vikingfestivalen opnar. Markering av grunnlovsjubileet.

11.00: Friluftsgudsteneste

20.00: Kjærleikssaum – premiere

12.00: Vikingfestivalen opnar 13.00: Kjærleikssaum 16.00: Kjærleikssaum

Kjærleikssaum: Som Atle Jarl: Nils H. Sletta. Regissør: Torkil Sandsund. Musikk: Magne Rutle. Forfattar: Rolf Losnegård. Etter ide av Egil Hjelmeland.

På Osen gard, Bygstad • 2. – 3. august Ein del av Dalsfjordveka • www.gaularspelet.no

57


Ny kjøkkensjef i verdsklasse på Balsnes gard Den erfarne gourmet-kokken Leon Knapskog vil tilføre det vesle hotellet unike matopplevingar. TEKST: Kristine Slettehaug

Terese Balsnes eig og driv Balsnes gard, eit lite boutiquehotel som ligg på Haugen, mot Hjelmelandsdalen - midt i Nordfjord. Ho er strålande fornøgd med å ha tilsett Leon Knapskog, som har vekse opp eit steinkast frå garden. – Vi var ute etter ein kjøkkensjef som kunne kombinere norske mattradisjonar og råvarer med meir moderne matlaging. Ein med kunnskap om og erfaring frå gourmetverda, men med røter i Nordfjord. Det kan i utgangspunktet vere ein sjeldan kombinasjon. Så då vi fikk høyre at Leon vurderte å flytte heim ringte vi han med ein gong, fortel ho. Knapskog lagar mat av ypparste klasse som ein ikkje finn mange andre stader i Sogn og Fjordane. Han har tidlegare jobba på Det Kongelige Slott og Kongeskipet Norge, og i Bergen har han erfaring frå Restaurant Lucullus og Jacobs Bar & Kjøkken. Knapskog har også jobba på Michelinstjerne-restaurantane Bouchon og The French Laundry i California, USA. Ikkje minst har han vore kjøkkensjef på Den norske ambassaden i Paris, Frankrike. – Korleis klarte de lokke han heimatt? – Heldigvis hadde Leon høyrt om Balsnes gard før vi tok kontakt, så han visste at vi hadde rykte på oss for å servere god mat. At vi satsar på kvalitet i heile opplevinga har nok òg vore viktig for å kapre han hit til oss. I tillegg var ein av nøkkelpunkta for Leon moglegheita til å vere friare i utføringa av yrket. Han bestemmer menyane, og nyttar dei råvarene som til ei kvar tid er tilgjengelige. Han dyrkar eigne grønsaker og plukkar urter i skogen. Knapskog er tilsett i ei 100% stilling. Det har opna for at Balsnes kan utvide opningstidene. – No har vi ope onsdag, torsdag, fredag og laurdag kl.20, og ein treng ikkje vere mange for å booke bord. Men hugs å booke bord seinast dagen før. Balsnes lovar nye menyar kvar dag som vil både smake, overraske og imponere. – Ei matoppleving på Balsnes passar dei fleste. Vi har ulike tilbod tilpassa gjestane: Alt frå ei eksklusiv fem-rettar «røff gourmet» -oppleving, til ein meir uformell delingsmeny i Smia, som er skjenkestova vår. I tillegg har vi stort utval i drikke, og set opp øl- og vinpakkar til menyane våre. Vi har også eigen sertifisert ølkelner, avsluttar ho.

Spesialist på gamle klokker, veggur, lommeur og armbandsur. Har klokka di høg personleg verdi, kanskje eit uerstatteleg arvestykke? Treng den ettersyn, reparasjon eller restaurering? Urmakarverkstad i Førde med ekspertise og lang erfaring på reparasjonar av alle typar ur. Henting og levering etter avtale om ønskjeleg. Gratis fast prisoverslag. 5 års garanti på overhaling av veggur.

Alle bilmerke - opptil 7,5 tonn

- reparasjon - vedlikehald - service - EU-kontroll - hjulstillings-kontroll - aircondition-service Vi er med i verdas største og mest kunnskapsrike verkstadkjede. Hos oss får alle bilmerke profesjonell hjelp til hyggeleg pris.

Roger Pettersen A/S

- viktige tenester til folk i fylket!

Offentl. godkjend urmaker

58

Presteholten 25, 6810 Førde Tlf. 907 32 380

www.sfj.no – MED KVALITET OG SERVICE SOM VAREMERKE –


Rein Design

Byggje nytt hus?

Innbyttegaranti: Eikefjord

Vi gjev kr 15.000,- for din innbyttebil ved kjøp av bil over kr 100.000,Bilen må vere registrert, årsavgift betalt og i køyrbar stand. Leverast med 2 sett hjul.

Vågsøy

Sjjå vår flotte huskatalog og la deg bli inspirert!

Kontakt oss i Dvergsdal & Sunde, og saman finn vi din draumebustad, uansett kor du vil bu i Sogn og Fjordane. Vi har avdeling i Førde, Sogndal og Eid.

Tlf : 57 72 65 00 | dvergsdalogsunde.no

2013 Peugeot 3008 Hybrid, 2,0, 8.000 km

2012 Mercedes-Benz GLK 220CDI 4Matic, 2,1 40.300 km

kr 399.000,-

kr 498.000,-

Peugeot 2002 2006 2008 2011

307sw 207 308 5008

1,6 1,6 1,6 1,6

201.000 km 101.000 km 110.000 km 53.000 km

kr kr kr kr

49.000 89.000 129.000 279.000

2,1 2,1 2,1 2,1 3,0 3,0 2,1 4,0 2,1 2,1 1,8 1,6 1,6 1,8

145.000 km 297.000 km 123.000 km 138.500 km 99.000 km 157.000 km 448.000 km 84.000 km 28.000 km 267.000 km 38.500 km 26.500 km 10.000 km 12.000 km

kr kr kr kr kr kr kr kr kr kr kr kr kr kr

154.000 125.000 179.000 152.000 599.000 349.000 249.000 767.000 464.000 469.000 369.000 429.000 309.000 352.000

2,0 1,7 2,0 3,0 2,0 2,0 1,5 1,6

97.100 km 123.000 km 78.000 km 146.000 km 80.000 km 46.000 km 31.600 km 19.000 km

kr kr kr kr kr kr kr kr

179.000 99.000 254.000 329.000 253.000 199.000 139.000 218.000

Mercedes-Benz 2004 2005 2006 2006 2007 2007 2007 2010 2011 2011 2012 2013 2013 2013

E-klasse 200Cdi E-klasse 220cdi C-Klasse 200 C-220Tcdi Gl 320cdi 7seter GL 320 Viano 8 seter GL 450 E-Klasse 200 E-Klasse 250 4M B-Klasse 200 A-Klasse 200 aut A-Klasse 180 B-Klasse 180

Andre merke 2007 Subaru Forester 2007 Opel Astra 2008 Bmw 320d 2008 Bmw 330xd 2008 Mitsubishi Outland 2008 Mazda 6 2010 Renault Megane 2011 Ford Focus

59 Seljarar: Roy – 913 19 474 • Jarle – 474 66 070


Førdefestivalen: Ana Moura, Portugal

d o G − l a v i t s fe ar m m so ar.

i somm ø k i r å t s gane n i v e l p p o l a v eg. sti d e f d e e d m o a g h i e D DU må a v k t u u d Her finn

60

y Sunde

TEKST: Ro

Har frakta verda til Førde i 25 år Førde Internasjonale Musikkfestival vert i år arrangert for 25 gong. – Såg du for deg å feire 25 år med Førdefestivalen då du byrja her? – At festivalen skulle bestå ja, men ikkje at eg skulle vere med i 25 år. Men det har vore ei spennande reise, seier Hilde Bjørkum, direktør for festivalen, og trekk fram nokre høgdepunkt frå desse åra. – Dei er mange. Eit er gruppa Semel Fazisi frå Georgia. Landet sto midt i kampen sin i 1991, for å bli ein sjølvstendig nasjon. Gruppa spelte for 2000 i Førdehuset, og avslutta med å syngje «Ja vi elskar» på norsk. Eit utruleg sterkt augneblikk, både for publikum og for artistane. – Eit anna høgdepunkt var då Bjørgulv Straume trollbatt 2000 i salen med å spele ein slått på munnharpe, åleine på scena. Og når fiolinisten Dr. L. Subramaniam spelte for 40 personar i ei lita stove. Han brukar å spele på enorme arenaer, så det var spesielt for både tils-


Malakoff: Oslo Ess, Foto Thomas Behn

Over 300 artistar og meir enn 30 scener. – Korleis ser årets program ut? – I år har vi med fleire artistar som har vore her før, så publikum vil nok oppleve at dei kjen-

ner meir til artistane enn dei vanlegvis gjer. For første gong har vi program over fem dagar. Vi startar onsdag 2. juli, og har færre parallelle konsertar enn før. For første gong har vi også konsert i Florø, seier Torhild Faleide, kommunikasjonssjef i Førdefestivalen, og fortel at dei har over 30 arenaer det skal skje noko på. – Vi legg mykje arbeid i å plassere artistane på rett arena for å gje dei beste musikkopplevingane. I år tek vi i bruk det nye rådhuset og Langebrutorget. Det blir kjekt å ha festival i eit nytt sentrum, mindre prega av byggeaktivitet. Mange synest det er ei oppleving berre å vere i Førde under festivalen. Det er for mange dei aller beste dagane i året. Mine beste, også! – Kva er høgdepunktet i årets festival for deg og kva blir dei store publikumsmagnetane i år? – Ana Moura frå Portugal. Fadosongaren skapte magi her for to år sidan, og mange forelska seg i fado då. Andre favorittar er Le Trio Joubran, dei palestinske oud-brødrene, som eg er stor fan av. Mahsa og Marjan Vahdat frå Iran siglar opp som favorittar, og Fargespill si FargeFestframsyning på søndag, med over 70 born og unge frå 30 land på scena, seier Faleide, og deler nokre grunnar til å komme på årets festival. – Nyt fantastisk levande musikk med strålande utøvarar. Verdas beste! Klyp deg i armen under jubileumsgallaen med ei artistliste til å dåne av. Og få tidenes konsert blant trekronene på Festplassen, med den afrikanske ngoni-kongen Bassekou Kouyaté, elleville Taraf de Haïdouks frå Romania og ein sprelsk DJ til slutt, seier Faleide. – Korleis markere 25 års-jubileet? – Vi har ikkje tradisjon for å hente tilbake artistar, men i år har vi konsertserien Gjensynsglede, der vi spurte folk kven dei ønskte å oppleve på ny, og hentar nokre av desse. Annbjørg Lien samlar sine String Sisters, til å framføre eit bestil-

lingsverk. Draumelaget Sogn og Fjordane samlar fleire av fylket sine beste artistar, vi har fotoutstilling med nokre av dei beste fotografane i fylket ute, kurert av Oddleif Apneseth. Og markerer jubileet på mange andre vis, seier Bjørkum.

Malakoff 2014 – kongen på haugen Kven kunne sjå for seg kva Malakoff skulle bli ut frå den spede starten i 2003? 650 kom på første festivalen. I fjor var over 20.000 innom i løpet av festivalen. Årets program er knallsterkt, med både legender og nye spennande band. Mastodon (US), The Bronx (US), Dropkick Murphys (US), Highasakite, Karpe Diem, Oslo Ess, Kåre & The Cavemen, The Bots (US). Vintage Trouble (US) Timbuktu (S), Monica Heldal, Sivert Høyem, Stein Torleif Bjella, Bernhoft, Hedvig Mollestad Trio, Skambankt, Sigrid Moldestad, Ylvis, Svelene, Johndoe, Carnival Kids, Boka, Tripod, Odd-Erik Lothe, Line, Arnt Herman Hagen, Silje Søgnesand og Håvard Endal Husevåg. – Kva er høgdepunktet i årets line-up for deg, festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal? – Å få Dropkick Murphys, Mastodon, Kåre & The Cavemen og Opeth til Nordfjordeid er fantastisk, smiler Arnt-Ivar. – Men det kan godt vere at dei musikalske høgdepunkta skjuler seg blant dei meir «ukjente» innslaga. Vi har fleire band vi

<<

kodarar og artist. Variasjonen mellom det storslagne og det intime er vårt varemerke som festival, seier Hilde og fortel kvifor ho har halde på så lenge. – Når folk kjem ut frå ein konsert med stjerner i auga, og seier: «Dette vil vi huske resten av livet!» Det gjev meg veldig energi til å halde fram. – Kva er hovudårsaka til at festivalen har vakse og blitt så stor? – Det er viktig at vi har vore tru mot den opphavlege ideen til festivalen, og presenterer artistar av høg kvalitet. Vi er ein internasjonal møteplass med musikk frå heile verda folk flest ikkje har høyrt før. Det har vore spørsmål om kvifor vi ikkje tek inn meir av det alle andre har, men vi vil heller vise det ingen andre har. Det gjer Førdefestivalen unik. Du kan berre oppleve dette her. Og dei frivillige, som går på år etter år, og får gjestar og artistar til å føle seg godt mottekne. Og det gjer dei, for 8 av 10 som har vore på festivalen kjem tilbake, seier Bjørkum, og åtvarar mot å tru at ting går av seg sjølv. – Vi kan ikkje berre gå opp gamle spor. Vi må by på nye arenaer og konsept, slik at ein alltid opplever noko nytt. Vi må utvike oss og levere varene, slik at publikum kan stole på oss, og halde fram med å vere ein kvalitetsfestival. Siste åra har det komme meir utanlandsk presse hit. Vi er kåra til ein av dei 25 beste festivalane i verda på vårt felt. Og nyleg omtala den engelske storavisa The Guardian Førdefestivalen på ei topp 10 liste over dei beste småbyfestivalane i Europa. Den utviklinga håpar vi å halde fram. Det er mykje flott musikk der ute å ta tak i.

61


Våt Moro. Foto Cecilie Eikås Nygård.

<<

62

trur vil overraske publikum positivt: The Bots, Vintage Trouble og Hedvig Mollestad Trio. Eg trur Ylvis og Karpe Diem blir dei breie «publikumsvinnarane». – Tre gode grunnar til å vitje festivalen? – Ein line-up det luktar svidd av, og ei festivaloppleving utanom det vanlege: 4500 på campen og 20.000 innom. Og ein trygg og god festival, med lite køar, gode fasilitetar, hyggelege frivillige og eit festivalpublikum i modus for å ha det supert ei heil festivalhelg – Kor mykje publikum ventar de? – Det ser ut til at vi blir utselt, altså over 20.000 selte billettar. Billettsalet ligg føre tala frå i fjor. Vi har ikkje auka kapasiteten, men satsar på å jobbe med kvaliteten og opplevinga av festivalen. – Korleis er det å arrangere ein så stor festival på Eid? – Inspirerande, men og mykje arbeid og ansvar. Vi ynskjer at alle som kjem hit skal ha det bra. Arbeidet med tryggleiken er viktigare no enn for nokre år sidan. Mykje folk på ein liten plass fører til ein del utfordringar, men det løyser vi, smiler Naustdal. – Krava til oss aukar for kvart år. Publikum har hatt flotte opplevingar på Malakoff før og forventar det same i 2014. Og det skal dei få. Ein må alltid bli betre. Det vi ikkje var nøgde med i 2013 forventar vi og publikum skal vere fiksa året etter. Vi er sjølv vår strengaste dommar, vert aldri heilt nøgd og ynskjer alltid å lage ein betre festival enn året før. Folk kan stole på kva Malakoff skal handle om: Musikk! Mange kjem for totalopplevinga og det sosiale, men musikken skal alltid stå i fokus. Årets artistliste viser at vi tek rocken på alvor, og at Malakoff skal vere ein tydeleg rockefestival også i framtida, avsluttar han.

Utkant 2014 – Utvida med ein dag ekstra Utkant viser at alt kan skje, når ein har eldsjeler på laget. Sidan Utkant vart fødd i 2007 har den vokse både i omfang og popularitet. 23.-26. juli lagar dei sin største festival til no. – Og i år er festivalen utvida med ein dag. Vi byrjar alt på onsdagen, og byr på det største programmet i Utkant si historie, seier Linn Dyveke Wilberg, styremedlem i Utkant, og trekk fram dei største trekkplastera og nokre anbefalingar. – Vi byrjar med Kari Bremnes på onsdag. Torsdag står CC Cowboys på utescena, og fredag er Sivert Høyem det store trekkplasteret. Laurdag toppar Lars Vaular og Ida Marie plakaten. Av andre artistar vi er nøgde med å ha fått nemner eg Erlend Ropstad, Jonas Alaska, Aurora Aksnes, Violet Road og Stein Torleif Bjella. – Kva gler du deg mest til? – Erlend Ropstad, som har gitt ut to knallsterke album dei siste åra, som eg har høyrt mykje på. Dei svenske jentene i Tiger Bell trur eg blir ei heftig og intens konsertoppleving. Eg ser veldig fram til avsluttingskonserten laurdag, med Ida Marie, med fullt atrium og glade festivaldeltakarar. – Tre gode grunnar til å vitje Utkant 2014?

– I ei helg på Utkant er ein fråkopla resten av verda. Nyt musikk, stemning og atmosfære og gløym alt anna. Vi har eit knallsterkt program med musikk frå alle sjangrar, både store headlinerne og dei nye artistane du kjem til å høre masse til dei neste åra. Og ikkje minst: Ei scene ut mot havet, sola i horisonten og kongen bak deg, kan du bli heime, spør ho og fortel at dei ventar å bli utseld i år også. – Alt ligg til rette for at vi går mot nok eit fantastisk Utkant-år! – Kor mykje galskap er det å arrangere ein slik festival på Skjerjehamn? – Det er jo absurd å arrangere festival på ein bitte liten holme i Ytre Gulen. Det krev vanvittig planlegging for å få folk inn og ut, men etter å ha arrangert festivalen i mange år har vi fått rutinar på korleis vi løyser dette, skaffar frivillige og ser til trygg og god avvikling. Utkant har blitt så stort at styret jobbar med planlegging året rundt. Og vi er så heldige at vi har ein super gjeng frivillige, som stiller opp år etter år og hjelper oss med å gjere Utkant til årets happening.

Full Fres! Kvar sommar sidan 2005 har garden Skau i den vesle bygda Fresvik i Vik kommune vore vertskap for Fres Festivalen. 24. -27. juli mangedoblar den folketalet i den vesle bygda. – Vi ventar på nokre godbitar til, men er stolte av programmet til no, med rockeacts som Thulsa Doom og Rumble In Rhodos, samt elektronika-


Utkant. Foto: Gøril Sætre

artistar i verdsklasse som Lindstrøm. Og som vanleg har me og lokale band som til dømes Slegest, fortel Lars Tore Skau frå Fres Festivalen. – Tre gode grunnar til å vitje festivalen? – Bygda, banda og den intime stemninga, seier han og fortel at dei som vanleg satsar på å selje 500-1000 festivalpass over tre dagar. – I tillegg kjem det nok enkelte med dagspass laurdagen. – Kor utfordrande er det å arrangere festival i ei så lita bygd? – Me ser ingen utfordringar, berre mogelegheiter. Nei då, det er ikkje heilt sant, smiler han. – Det er eindel logistikk og infrastruktur utfordringar, men sett bort frå det er det til tider ein fordel å kunne skryte av naturen og opplevingar ikkje alle større plassar kan skilte med.

Våt moro – med kysten som leikegrind Våt Moro byr på både fallskjermhopping, havrafting, sandvolleyball og konsertar. Mykje moro, både for den som vil sjå på, og den som vil vere meir aktivt deltakande. – Programmet inneheld ei rekke aktivitetar: surfing på Stad, elverafting i Jølstra, havrafting ved

Kinn, fallskjermhopping over Florø, dykking ved skipsvrak, flyboard i Florevika, Stand Up Padle kurs ved Rota og mykje meir. Fullt program finn ein på www.vatmoro.no, seier Fredrik Halland. – Kva er høgdepunkta i årets Våt Moro for deg personlig? – Sandvolleyballturneringa i Florø sentrum. Vi bygger sandvolleballbane i sentrum, invitere til turnering og satsar på folkefest på tribunene og akrobatikk i sanden for å vinne trofeet. Elles trur eg havrafting med fjellturar, surfing på Stad og flyboard blir populært. – Tre gode grunnar til å vitje Våt Moro? – Florø er fantastisk på sommaren, vi har mykje artig å vere med på, som fallskjermhopp over Florø og havrafting med tur på Hornelen. Det blir ei oppleving: hav og fjell på ein tur, seier han.

Norsk Countrytreff – for tjuande år 9.-13. juli er Breim staden å vere for alle som er glade i country. – I år byr vi på 28 grupper/artistar, som viser breidda innan country. The Desert Rose Band og Mark Chesnut er dei to store amerikanske gruppene. Av norske kan vi nemne Rita Eriksen, Gunslingers, Odd Nordstoga og Empty Bottles

Broken Hearts, samt mange andre lokale, nasjonale og internasjonale artistar frå våre 17 scener, seier Kristin Sandal, koordinator for NCT. – Kva er høgdepunktet i årets festival for deg? – Dei står i kø. Eg er veldig glad i bluegrassmusikk, så dei tre bluegrass-banda gler eg meg til. Odd Nordstoga og Sigrid Moldestad sitt prosjekt Blågras trur og vert av høgdepunkta i år. Og The Desert Rose Band, eit legendarisk countryrockband med store musikar, seier Sandal og nemner kven ho trur lokkar mykje publikum. – The Desert Rose Band blir dei store, for dei som vaks opp med musikken deira. For dei yngre veit vi at Gunslingers er eit band mange ser fram til. Både Rita Eriksen og Odd Nordstoga leverer konsertar av høg kvalitet, og blir nok publikumsmagnetar. – Tre gode grunnar til å vitje NCT i år? – På NCT finn du konsertforma som passar deg. Frå små intime bluegrasskonsertar i gamle lader, til store countryrock-konsertar på hovudarenaen. Og unike musikalske augneblikk du berre får oppleve her, som Blågras med Sigrid Moldestad og unge talent som opptrer ilag. Både The Desert Rose Band og The John Jorgenson Bluegrass Band har Breim som einaste konsertstad i Europa i år. Vi har noko for ei kvar aldersgruppe: Frå Barnas Countrytreff til konsertar på institusjonar og omsorgsbustadar for dei eldste, seier ho. – Kva gjer NCT spesielle i den lokale festivalfaunaen? – NCT er den einaste reine årleg arrangerte countryfestivalen i fylket. Vi viser breidda i sjangeren, og har spennande artistar i grensa til andre sjangrar, men er tru til countrymusikken. NCT har eit tilbod til alle målgrupper. Vi har aktivitet heile året og er stadig i utvikling med tiltak og arrangement utanom festivalen, som Norsk

63


Utkant: CC Cowboys. Foto Per Heimly

<<

Countrytalent i mars. NCT er bygd på frivillig innsats. Om lag 700 personar jobbar dugnad denne helga. NCT har festivalcamp, så mange bur hos oss i desse fire dagane.

Målrock 8.-10. august brakar det laust med Målrock, med eit par store norske artistar øvst på plakaten i form av Seigmen, Karpe Diem og Bernhoft. Festivalsjef Katrine C. Fredheim er godt nøgd med årets program. – Seigmen speler berre eit lite knippe konsertar i år. Ein av dei blir på Målrock. Det blir eit høgdepunkt for meg. Bernhoft blir eit anna. Gruppa Narum spelar med Skåri som råme. Det vil ein ikkje gå glipp av i år. Det blir fleire høgdepunkt også. Eg er ikkje så glad i hip hop, men Karpe Diem er eit nydeleg unnatak. Dei er kanonbra live. – Kven blir dei store trekkplastera i år? – Dei eg har nemnt, men Fish vil nok og trekke mykje folk. Eg trur på fleire positive overraskingar. Håpar at Imperial State Electric og Kari Bremnes står for eit par av dei. Det er ofte dei du ikkje trur vil overraske som gjer det, seier ho og gjev tre gode grunnar til å komme. – Fantastiske omgjevnader, sterkt musikalsk program, med noko for alle, med fokus på mål og dialekt som ingen andre har. Og så god atmosfære og høg trivselsfaktor, lokkar Katrine og seier dei håpar å halde fram den gode utviklinga.

– I fjor kom det 4750. Vi ventar omtrent like mange i år, og drøymer om litt fleire. Men har ikkje store ambisjonar om å bli mykje større. Sjølv om det er plass til litt fleire gjester må vi og vere realistiske. – Kva gjer Målrock spesielt i festivalfaunaen? – Fokuset på musikk på eige språk, og omgjevnadane med natur og industri og alt som høyrer med. Skåri er ei oppleving du ikkje vil misse. Målrock er ein knakande triveleg festival, og eit viktig samlingspunkt for regionen.

Opplev Bremanger – ti dagar til endes I mange år var Rockweekend ein populære festival, men brått var det over. 4.-13. juli vil eldsjeler i Opplev Bremanger sette kommunen på festivalkartet igjen. – Dette vidarefører tradisjonen som byrja på tidlig 80-tal. Musikkinteresserte ungdomar ville at det skulle skje noko i bygda, og bygde opp ein solid festival. Til slutt tapte ein kampen mot stadig fleire festivalar i meir sentrale strøk, og tona ned igjen til det som vart Musikkweekend: Ei

helg med kvalitetsmusikk på klubbscena på Havly, fortel Roger Igland frå Opplev Bremanger. – No tek vi opp arrangementet nokre hakk, meir likt det Rockweekend var, og knyt det saman med Vetenløpet. Rockweekend er første helga i juli, og Vetenløpet andre helga. Dagane i mellom fyller vi med arrangement, blant anna stand up, dansefest, bygdefest, konsertar og mykje meir. – Kva er høgdepunktet under Opplev Bremanger for din del? – Konserten med Violet Road og Katzenjammer 5. juli blir mitt høgdepunktet i Rockweekend. Men det mest spektakulære skjer veka etter, 10. Juli: Utekonsert i fantastiske Vetvika. Føl ein skipsleia nord langs Olderveggen opnar det seg ein port i fjellet, til ei stille bukt, med ei tindrande kvit sandstrand og den vakre bygda Vetvik. Der skal det irske bandet Tupelo spele på ei scene skapt av vêr og vind i tusenvis av år. Bandet omtalar konserten som den mest spektakulære på lange tider, og gler seg. Om veret er med oss blir dette ei storhending som vil bli lagt merke til. – Tre gode grunnar til å bli med på Opplev Bremanger? – Musikk- og kulturarrangement som treff alle aldrar, og band av ypparste klasse. Konsertane blir i teltet til Sirkus Agora, så ein er ikkje så vêravhengig. Bremanger har det meste: Grotlestanden, finaste badestranda i landet, tursti til Hornelen, Nord-Europa si høgste sjøklippe, Vetvik, ein fantastisk grend ved storhavet, pubar og kafear, bubilparkering og gjestehamn, fiskeværet Kalvåg, Vingen, Sør-Norges største helleristningsområde, eit drivandes musikkmiljø og glade folk. Det er alltid godt å komme til kysten, kjenne havluft, nyte roen og god festivalstemning.


Målrock: Seigmen. Foto Bjørn Opsahl

Jordeplerock: poteter og rock Glopperock – – hand i hand landets eldste 27.-29. juni byr Jordeplerock i Lærdal på norsk musikk i topp klasse. rockfestival

medan det har komme mange nye tilbydarar til. Me ser likevel lyst på framtida, då vi har eit unikt konsept, og stor oppslutnad lokalt.

–Eva & the Heartmaker, rockebandet Drusar, Cir.Cuz og Elg Band. I tillegg blir tre band til offentleggjort seinare, fortel festivalsjef Helge Evensen Bjørkum. – Kva blir dei store trekkplastera i år? – Eva & the Heartmaker, Cir.Cuz og Elg band vil trekka mange gjester. Me som står bak festivalen gler oss like mykje til å sjå alle banda på scena. Høgdepunktet er utan tvil å sjå at publikum storkosar seg på Jordeplerock, seier han. – Tre gode grunnar til å ta turen til Jordeplerock? – Unike musikalske opplevingar i dei vakre naturomgjevnadane inst i Sognefjorden. Og eit spesielt konsept basert på jordepler, poteter, som ikkje finnast maken til i landet. Maten er heimelaga, og god grunn i seg sjølv til å komme. Og den fantastiske stemninga på festivalområde er noko å sjå fram til, seier Evensen Bjørkum, og fortel at dei har von om minst 1000 gjestar. – Vi er ein relativt nystarta festival, og det er vanskelig å vere ny. Festivalmarknaden er tøff. Publikumsmassen har halde seg stabil over tid,

Årets Glopperock byr på ein blanding av ein veteran og nokre «ferskingar». – Korleis ser årets program ut? – Vi byrjar 20.juni med Henning Kvitnes og bandet hans, som i Trivselshagen. Dagen etter er det konsert på Heradsplassen med Erik & Kris, Atle Pettersen med band og det lokale bandet Furutre, fortel Remi Tystad frå Glopperock. – Kva er årets høgdepunkt i programmet? – Det blir nok Henning Kvitnes i Trivselshagen. Men Erik & Kris vil nok også bli ein publikumsmagnet, seier Tystad. – Tre gode grunnar til å vitje festivalen? – Gode konsertopplevingar for alle – med gode artistar og fin stemning, seier Tystad. – Korleis kjennes det ut å jobbe med Norges eldste rockefestival? – Det kjennast fint og vi skal vidareutvikle konseptet som vi har no, med konsertar i ulike lokale på Sandane, avsluttar Tystad.

Himmel og hav Klar for ei helg med laks, sild, kultur og store opplevingar. Himmel og Hav Kystfestival omfattar Sildebordet, laksens dag, konsertar og det historiske spelet «Kinnaspelet - Songen ved det store djup»: Ei kulturhelg, der næringsliv, frivillige organisasjonar og lokalbefolkninga spelar på lag for å skape fest i Florø. Det 23. Sildebordet i rekka skjer 20. juni i Strandgata. Verdas lengste sildebord blir dekka, og alle får ete seg mette på rettar som banansild, rømmesild, fruktsild, yoghurtsild og fleie til, med sildebrød, poteter og drikke. Alt er gratis, arrangert på dugnad og sponsa av næringslivet. Laksens dag 21. juni er ei markering av rolla oppdrettslaksen har på kysten og i Florø, med konsertar, underholdning for born, kokkekonkurransar og kunnskap om norsk laks. Arrangementet vert finansiert av laksenæringa, og organisert av representantar frå næringa lokalt. Etter 116 framsyningar og nær 90 000 publikum, står Kinnaspelet føre sitt 30. speleår. 21. og 22. juni ønskjer dei på nytt velkommen til Kinn og «Songen ved det store djup»! Tradisjonen tru inviterer Rockeklubben i Florø til storfest på Haavebua under Himmel og Havhelga. Fredag 20 Juni blir det ein heil-irsk kveld: Dei irske banda Tupelo og The Young folk sender stemninga i taket og temperaturen til topps. Dagen etter blir det i tillegg til irsk musikk ein heidundrande fest med reggaebandet The Legends, frå London.


Kalvåg Kystfestival: Ausekarane

<<

Kalvåg Kystfestival Kalvåg Kystfestival byr på ei knallhelg på kysten, med The Waterboys og mykje anna.

66

– Korleis ser årets program ut? – Først ut er Ausekarane med sin Showboat 31.juli, eit humorshow med Bjørn Jensen, Tor Endresen og resten av gjengen. Dagen etter får Ole Ivars i gang dansefoten, før Dance With A Stranger overtek scena. 2.august kjem først Claudia Scott, så avsluttar vi med The Waterboys, seier Jan André Bolset, leiar i Aktiv Kalvåg. – Kva ser du personlig mest fram til? – Å oppleve god stemning i publikum, og høyre musikken til The Waterboys. Blandinga av hardt arbeid, hyggeleg publikum og fantastisk musikk er ei utruleg oppleving. Eg gler meg, slår Bolset fast og seier at The Waterboys nok dreg mest publikum. – Men vi såg i fjor at det kom busslass med folk som helst ville sjå oppvarmingsbandet. Det hadde vore kjekt om det vert slik som Ole Brum pleier å seie: «Ja takk, begge deler», seier han. – Tre gode grunnar til å vitje Kalvåg Kystfestival? – Opplev unik kystkultur i Bremanger: Få informasjon om jobben til Kystvakta, 330 skvadronen og redningsselskapet, familieidyll, blikk stille vatn, yrande båt- og sommarliv med sol og

latter på kvar ei kai. Sommarminne som varer for alltid! Og musikk av høg klasse, som har levd i generasjonar: Ole Ivars feirar 50 år, DWAS er 30 år og ute på sin siste turne. Du får og dronninga av Countryrock, Claudia Scott, og dei evig unge folkrockarane The Waterboys. Siste grunnen kan summerast i eit dikt: «Livet kan nytast på forskjellige måtar, kom til Kalvåg og bu blandt rorbu og båtar. Her finn du velvære og ro, det er på slike plassar lykka kan spire og gro.», seier Bolset.

Strynefestival! Historias første Strynefestival 6.-9. juni samlar ski- og brettkøyrarar, syklistar, klatraren, padlaren, turfolket og ikkje minst publikum seg til ei langhelg på Folven i Stryn, spekka med opplevingar og utfordringar i et av Norges vakraste naturområde. Dyktige instruktørar held kurs og clinics innan klatring, kajakkpadling, sykling, ski/brett og tryggleik. Du kan delta på korte og lengre toppturar eller melde deg på frikjøringskonkurransen Freeline Jam.

beys fra Førde og Steinar Engelbrektson er lokale tilsnitt. Saman med Bjørns Orkester og Ingemars med Odd Arne Sørensen gjev det dansegalla av ypparste merke. Det blir også «partypub» i Fjøsen, med Ole Martin Iversen og Torbjørn Gran.

Lærdalsmarknaden Tredje helga i juni er det «Lærdalsmarknad» og «Haustmarknad» i månadsskiftet september/ oktober. Begge går føre seg i det idylliske trehusmiljøet på Lærdalsøyri. Folk handlar i boden, ser på utstillingar, kjøper seg mat, nyt variert underhaldning frå scena og møter folk.

Villsaufestival i Solund 20.-22. juni er det Solund Villsaufestival, med kurs i gamle mat- og handverkstradisjoner, utstillingar, konsertar, marknad, turar i lyngheiene og til øyane med båt, «fåredrag» med sjå og delta i bygging av grindehus, dans, høve til å smake spennande mat og finne unike ting frå Island, Shetland og Orknøyane.

Florø Friidrettsfestival

Boknatt i Fjærland

7. juni arrangerast Norwegian Grand Prix Florø, eit friidrettstemne med nasjonale og internasjonale utøvarar.

7.-8. juni. Fjord og Fjell dagane er eit årleg arrangement i Årdal med marknad og underhaldning.

21. juni er det igjen klart for Boknatt i Fjærland. Har du for mykje bøker i hyllene? Kom til Fjærland og sel dei. Dette er grunnlaget for boknatta. Ein sommarkveld i ei villvakker sognabygd, fylt med litteratur. Ein marknad der du kan selje dine bøker. Bygda fyllast med telt og det blir bokfest med konsertar, opplesingar, forfattarar, og mat og drikke.

Dansegalla på Skei i Jølster

Grunnlovsjubileet Gulatinget

7. - 8. juni er det dansegalla på Skei i Jølster. Gil-

28. juni inviterer Sogn og Fjordane fylkeskom-

Fjord og fjell dagar


Norsk Countrytreff

mune og Gulen kommune til folkefest på tusenårsstaden Gulatinget. Mari Boine og Sigrid Moldestad er med på å setje ramma rundt ein dag med historisk sus på. Arrangementet er fylket si markering av Grunnlovsjubileet. Det vert talar, helsingar og musikk, frå amatørar og profesjonelle, vikingmarknad, fest, leikar og aktivitetar for store og små.

«Nordsjøporthelg» 4.-6. juli feirar øysamfunnet i vest vegen og bruene mellom Værlandet og Bulandet! I år skal det meste skje på Værlandet. På programmet står blant anna marknad i Værøyhamna og motbakkeløpet Alden opp.

Losnaspelet (Frå Fru Sigrid til Losna til Anna Herland) 11. - 13. juli 2014 blir Losnaspelet framført på Losna, i Solund kommune.

Festivalsommar i Askvoll Skjærgardstreff i Askvoll 18. og 19. juli lovar mange aktivitetar og moro for store og små, på land og på sjø, yrande folkeliv og masse båtar. Fredag kveld blir det konsert på Rådhusplassen, eit rusfritt arrangement utan aldersgrense, med blant anna popfenomenet Cir. Cuz. Hovudkonserten på Rådhusplassen på laurdag byr på Grand Prix, Ni Liv og Staut.

Krabbefestivalen på Atløy 25.-27. juli er det Krabbefestival på Atløy: Et så mykje krabbe du orkar på kaia til trekkspelmusikk. Det blir salsboder med lokal mat og heime-

Glopperock: Atle Pettersen. Foto Marius Viken

laga varer, aktivitetar for ungar, og på kveldane blir det dans med levande musikk.

Rundballefestivalen

Dalsfjordveka 2014

29.-31. august blir det Rundballefestival i Fjærland. Eit årleg arrangement som byr på kunst, galskap og moro i bre- og bokbygda.

– Kulturopplevingar i landskapet - går frå 1.- 10. august i kommunane rundt Dalsfjorden. Her er det mykje spennande å få med seg - som turar, konsertar, matopplevingar, gatefest og torgdag.

Sprek sommar Her kan du delta på motbakkeløp i sommar: 7. juni: Aosen Opp, Årdalstangen. 4,0 km.

Gaularspelet og Vikingfestivalen

7. juni: Trappeløpet, Høyanger. 0,6 km.

Går av stabelen 2. og 3. august 2014 på Osen gard i Bygstad!

21. juni: Molden Opp. Marifjøren. 7 km. 22. juni: Svinestranda Opp. Sandane. 8 km. 28. juni: Storehesten Opp. Gaular. 11 km.

Sandanedagane

4. juli. Alden Opp. Bulandet. 2 km.

Sandanedagane 15.-17. august er handelsdagar med aktivitetar for store og små, gode tilbod i butikkar og på stands, tivoli og underhaldning frå scene i sentrum.

12. juli: Vetenløpet. Bremanger. 4,6 km.

Gloppen Musikkfest 2014 28.-31. august er det Gloppen Musikkfest: konsertar, kåseri og framsyningar med dei beste musikarane. I år blir grunnlovsjubileet feira, med musikk frå Noreg og ulike andre land, kåseri og historiske tilbakeblikk.

19. juli: Rallarvegsløpet. Flåm. 81 km. 26. juli. E-CO Rimstigen Opp. Aurland. 2,7 km. 9. august: Fanaråken Opp. Turtagrø. 8,4 km. 16. august: Skåla Opp. Loen. 8,2 km. 30. august: Førde Opp. Førde. 6. september: Heirsnosi Opp – Tur til 1000. Årdal. 11,5 km.

Fjell- og fjordmoro i Sogndal 29.-31. august blir Fjell- og fjordmoro arrangert i Sogndal av Bratt moro AS ilag med ei rekke samarbeidspartnarar. Målet er å syne kvalitetane i naturen i Sogndalsregionen til dei som bur her, dei som burde budd her, dei som har lyst til å bruke naturen her.

67


Produsert av Fride H. Haugen / fride.haugen@gmail.com

Namn: Adresse: Postnr./Stad

68

E-post:

95 Kryssordet kan også lastast ned frå fylkesmagasinet.no

Løysinga sender du innan 13. juni til: Fylkesmagasinet, Boks 353, 6802 Førde. Merk konvolutten «Fylkeskryss nr. 95». Vi trekkjer tre vinnarar med korrekt løysing som kvar får fem FLAX-lodd.


FOTO KIKKERTAR UR FOTO KIKKERTAR UR FOTO KIKKERTAR UR

STEINER KIKKERTAR

Steiner Ranger Xtreme

Steiner Skyhawk 3.0

Når nye rekordar i sin klasse. Lysgjennomgangen er auka til 92%, og synsfeltet er også blitt større. 10 års garanti.

Perfekt til naturelskaren og fuglekikkaren. Med ny optikk med høg oppløysing og høg kontrast får ein skarpe og klåre bilete, samt eit større synsfelt. 10 års garanti.

Steiner Ranger Xtreme:

Steiner Skyhawk 3.0:

8x32

kr 4.499,-

10x26

kr 1.999,-

8x42

kr 5.499,-

8x32

kr 3.299,-

10x42

kr 5.699,-

10x32

kr 3.499,-

8x56

kr 6.499,-

8x42

kr 3.999,-

10x42

kr 4.199,-

Personleg service og god pris. Vårt mål er at alle våre kundar skal få hjelp og rettleiing til å finne akkurat det produktet og den løysinga som høver for kvar einskild.

94

VINNARAR AV KRYSSORD NR. 94

Alf Helgheim & Co AS

Oddlaug Herdis Hammer, Sogndal Eva Flatland, Leikanger Svein Nordeide, Askvoll

6843 Skei i Jølster • Tlf. 57 72 83 11 www.alfhelgheim.no • post@alfhelgheim.no Opningstider: Månd.-fred. kl 09-17. Laurdag kl 09-15.

Kryssordforfattaren tek no i mot bestilling på BURSDAGSKRYSSORD for spesielt interesserte - ta kontakt for meir informasjon: fride.haugen@gmail.com eller tlf 97503311.

FOTO KIKKERTAR UR FOTO KIKKERTAR UR FOTO KIKKERTAR UR

Å J S G O M O N N I M KO ER!

R Rein ein Design

Løysing

T I E H Y N VÅRE

KAMPANJEPRIS

59.990,Frakt kjem i tillegg

Veil. pris: 89.490,-

Opnin ngstider: Måndag–fredag: 07.30–16.30. Lau urdag: 10.00–14.00. Vi tar forbehald om fargeavvik og tr ykkfeil.

R Rørle ø r l e g ge g e re r e n i næ n æ rhete rh e te n

Tlf. 57 72 55 90 - Mob. tlf. 992 13 790 Flovegen 4, 6800 Førde - www.comfort.no

69


E-PRAT

Torkjell Djupedal

Bustadkommune:Førde Alder: 57

Aktuelt: Selja Forlag har hatt suksess med serien med Opptur-bøker. 4- 5. juni er det bokslepp på Opptur-bok nummer 7, høvesvis i Måløy, Florø og Bergen. Forfattarar er Torkjell Djupedal og Knut Magne Nesse. – Kvifor valde de å ta for dykk kysten Bergen-Stad denne gongen? – Vi har ein fantastisk kyst på Vestlandet som er perfekt for all slags aktiv ferie og fritid, både til fots, på sykkel eller i båt. I boka prøver vi å fortelje om det ein kan oppleve på kysten nordover frå Bergen. Her er nasjonale kulturminne som Gulatinget, kvernsteinsparken i Hyllestad, Kinn og klosterruinane på Selja. Og eit betre punktum for reisa enn Vestkapp-platået på Stad finst ikkje. – Kor mykje arbeid ligg det bak ei slik bok? – Det er uråd å telje timar. Vi har arbeidd med boka i 3-4 år, og det siste halvåret har all fritid gått med. – Kva forventingar har de til mottaking av bok nummer 7? – Vi er spente, sidan dette er eit litt annleis Opptur-bok med turar i låglandet og langs kysten. Men vi merkar stor interesse, og gler oss til boksleppet. – Kor mange Opptur-bøker har de selt totalt, og kor viktig er Opptur for Selja Forlag? – Oppturserien er bestseljarane til Selja Forlag, og kvar bok er seld i mange tusen. Både Opptur Sogn og Fjordane og Opptur Hordaland har passert 20 000. Det seier seg sjølv at dei er viktige for eit lite forlag som Selja Forlag. – Planar om fleire tilskot til Opptur-serien? – Ja, vi er alt godt i gang med Opptur Oslo, som kjem ut i august. – Om du fekk vere ordførar i kommunen din eit år,

kva ville du fokusert på? – I Førde ville eg stoppa alle planar om fleire kjøpesenter på dyrka mark, og satsa endå meir på eit tettare og trivelegare sentrum, med god plass til fotgjengarar og syklistar, og mindre plass til bilar. – Kor mykje tid nyttar du på sosiale media ein vanleg dag? – Har ein profil på fjesboka, men er svært lite aktiv. Brukar nesten ikkje tid der i det heile. – Kva er din beste eigenskap? – Trur eg er tolmodig, uthaldande, og har jamt godt humør. – Du får makt til å realisere eit vegsamband i Sogn og Fjordane. Kva for eit ville du bygd? – Viktigast å få god standard og gul stripe på alle viktige europavegar og riksvegar.

Tid for ferie! 399,-

– Kven ser du opp til, og kvifor? – Ivar Aasen, som skapte eit norsk skriftspråk ved iherdig og systematisk arbeid. – Kva er din største epost-tabbe? – Kan ikkje hugse nokon spesiell tabbe. – Du vinn 25.000 kroner i lotto. Kva nyttar du pengane til? – Ei reise for to. – Om du skulle utdanna deg på nytt/valt eit nytt yrke, kva ville du gjort ? – Eg trur eg har hamna på rett hylle i livet. – Kva ser du mest fram til nett no? – Boksleppet på Opptur kysten Bergen-Stad.

5m

329,-

899,-

Vindskjerm Av polyester. Med plugger, barduner og stenger. Oppbevaringspose medfølger. Mål: 500 x 140 cm. Vekt 3 kg. 37-299

Koffert

Reiseseng Stabil og kompakt reiseseng, som enkelt legges sammen / slås ut. Maks: belastning: 15 kg. Med oppbevaringsveske. 45-906

7990 70

Bagasjevekt Håndholdt. Med digitalt LCD-display, 29 x 10 mm. Kapasitet: 30 kg. Drives med litiumbatteri CR2032 (medfølger). 45-410

Av polykarbonat. Ekstra slitesterk og lett konstruksjon. Innvendig skillevegg. TSA kodelås. Høyde på håndtak: 105 cm. Mål: 79 x 54 x 31,5 cm. 4,6 kg. 45-906

97 liter

1999,City Folding 20” Robust, sammenleggbar aluminiumssykkel med god ytelse. Shimano Nexus 3 innkapslede gir med fotbrems. Rustbeskyttet kjede. 27-1421 FØRDE, Kronborgveien 5, 6800 Førde SOGNDAL, Stedjevegen 38, 6856 Sogndal Man-fre 8-20, lør 9-18 815 32 815 - www.biltema.no


SÅ MYE M{ZD{ KOSTET SÅ LITE! ALDRI HAR

KAMPANJE M{ZD{ 2 EDITION, NÅ OGSÅ INKL. VINTERHJUL! Med Mazda2 Edition 1.3 bensin (84 hk) får du det meste av utstyr uten å betale ekstra for det. Nå får du også vinterhjul inkludert i prisen! Mazda2 er en småbil som er hurtig, drivstoffeffektiv og morsom å kjøre.

M{ZD{ 2 EDITION: • Automatisk klimaanlegg • Radio/CD med AUX-inngang og fire høyttalere • Tåkelys foran • Eksteriør sportspakke • 15” lettmetallfelger • Skinntrukket ratt m/multifunksjon • El. vindusheiser foran og bak • Kjørecomputer med mer

PRIS KUN

167 900,INKL. VINTERHJUL (VEIL. PRIS 187 900,-)

Fem stjerner i Euro NCAPs kollisjonstest. Mazda2: Drivstofforbruk kombinert kjøring 4,2-6,3 l/ 100 km. CO 2 -utslipp 110-146 g/km. Alle nye Mazda personbiler selges med 5 år/100.000 km nybilsgaranti, 12 års rustbeskyttelsesgaranti og 10 års veiassistanse. Prisen inkl. frakt og leveringsomkostninger. Årsavgift kommer i tillegg. Mazda Credit tilbyr gunstig finansiering. Ustyrsnivået på avbildet bil kan avvike fra priseksempelet. Begrenset kampanjeperiode.

www.rikoforde.no

Sjå vårt utval av brukte bilar! HYUNDAI Hyundai ix35 2.0 CRDI Premium 4WD Offroad Hyundai Santa Fe 2.2 150hk 7seter 4WD Aut. Flerbruksbil Hyundai Santa Fe 2.2 CRDi LUX 7-seter 4x4 Aut. Flerbruksbil Hyundai i30 1.6 CRDI 90Hk WC Edition 5-d Hyundai i30 1.6 CRDI 90Hk WC Edition Stv. Hyundai i30 1,6 CRDi 90Hk Comfort Stv. Hyundai H-1 H1 2,5 CRDI H1 Kasse Hyundai i20 1.2 Bensin 77Hk Classic 5-d Hyundai Trajet Flerbruksbil Hyundai Atos MAZDA Mazda 3 2.2 DE Optimum Mazda 5 1.6DE Advance Pluss Flerbruksbil Mazda 5 2.0DE ADVANCE PLUS 110 HK Flerbruksbil Mazda 5 2,0 DE AdvancePlus Flerbruksbil Mazda 6 5-d Mazda 3 SUBARU Subaru Outback 2.0D Premium 4WD Stv. Subaru Forester 4WD Stv. Subaru Impreza Premium 4WD 5-d Subaru Forester 4WD Stv. Subaru Justy 1.0 Bensin 69Hk 5-d Subaru Forester 4WD Subaru Outback 4WD Aut. Stv. ANDRE MERKER Toyota Avensis 2.2D Premium Stv. Volkswagen Sharan 1.9 TDI Mitsubishi Space Star 5-d Kia Carnival 2,9 Aut. Flerbruksbil Honda Accord 2,2 150Hk Elegance Audi A3 1.9TDI 3-d Ford Mondeo 2,0 TDCi Ghia Aut. Stv. Peugeot 307 1.6D Stv. Renault Clio Kan selges som rep-objekt 3-d

Farge Sølv Svart Blå Grå Grå Blå Svart Grå Sølv Svart

År 2012 2006 2007 2010 2010 2008 2011 2011 2004 2000

Km-stand 21 000 83 500 180 000 85 800 78 100 71 000 43 000 37 700 136 000 68 000

Pris 349 000 269 000 259 000 169 500 169 500 149 000 139 400 139 000 89 000 25 300

Grå Svart Svart Rød Grå Grå

2014 2012 2009 2008 2008 2007

2 000 40 000 50 000 89 500 39 000 107 000

318 755 258 700 199 000 179 900 159 000 85 400

Hvit Grå Svart Rød Sølv Grønn Sølv

2012 2009 2009 2006 2010 2000 2013

165 000 96 000 96 042 190 000 61 800 198 000 21 000

339 000 279 000 182 000 129 500 99 000 68 000 469 000

Grå Sølv Sølv Sølv Hvit Rød Svart Sølv Rød

2010 2003 2000 2006 2009 2003 2005 2005 1998

70 000 180 000 167 000 82 000 145 000 220 000 180 000 107 000 135 000

249 000 52 800 25 000 89 000 198 000 69 000 98 000 89 000 18 000

DEMOBIL 2013 Hyundai Santa Fe 2.2 Diesel 197 hk Prem. 4WD Aut. Fleirbruksbil. Svart 5 200 km. Kr 599 000,-

DEMOBIL 2013 Mazda 6 2.0 Vison Automat Aut. Stv. Rød. 20 500 km. Kr 349 900,-

DEMOBIL 2013 Subaru Forester 2.0D-S SPORT 4WD. Beige. 3 500 km. Kr 458

000,-

DEMOBIL 2013 Subaru XV 2.0DL-S Premium 4WD Offroad. Hvit. 4 000 km. Kr 389

000,-

Årsavgift kjem i tillegg. Atterhald om feil i prisane og utselde bilar. Alle prisar er inkl. omreg. og sommar/vinterdekk

www.rikoforde.no

71


BMW X3

NYE BMW X3.

www.bmw.no

Ren kjøreglede

Nye BMW X3 har et forbedret design med helt ny front, oppgraderte LED-lys og nye motoralternativer, som gir økt kraft i perfekt kombinasjon med čś&#x2018;OFSFJOUFSJ¸SEFUBMKFSPHMBWFSFVUTMJQQ Kontakt oss i dag for prøvekjøring!

LEASINGKAMPANJE MED 1,95% RENTE, PĂ&#x2026; BMW X3 20dA MED BILTREFF EDITION: â&#x20AC;˘ Metallic lakk â&#x20AC;˘ Automatgir â&#x20AC;˘ Skinninteriør â&#x20AC;˘ M-sportspakke â&#x20AC;˘ Advantage Edition â&#x20AC;˘ Navigasjonspakke

â&#x20AC;˘ EDC â&#x20AC;˘ 19" Sommerhjul â&#x20AC;˘ Hengerfeste â&#x20AC;˘ Hi-Fi høytalersystem â&#x20AC;˘ Org. BMW vinterhjul m.m.

BMW X3 20dA Biltreff Edition: Kr 99.000,-* inkl. mva. i forskudd, md. beløp 4.993,-* inkl. mva.

Biltreff AS *Pris er inkl. frakt og lev.omkost. levert forhandler. Ă&#x2026;rsavgift kommer i tillegg. Bilde kan avvike fra tilbudt modell. Forbruk bl. kjøring inkl. alle modeller: 0,47-0,83 l/mil, CO2-utslipp: 124-193 g/km.

forde.biltreff.bmw.no T: 57 72 56 60 Hafstadv. 76, 6802 Førde

Mitsubishi ASX

HALV PRIS PĂ&#x2026; 4WD*

Spar kr 18.000,*Gjelder et begrenset antall modeller.

ASX 2WD INTENSE+

Spar kr 22.000,ASX Intense Vision Pack med bl.a. panorama glasstak, Xenonlys og ryggekamera inkludert i prisen. NĂĽ fra kun kr

256.500.GARANTI

5 Ă&#x2026;R 100.000km

NYHET! Mitsubishi ASX 4WD med automatgir Det er lett ĂĽ skjønne hvorfor Mitsubishi ASX har blitt sĂĽ populĂŚr. Som skapt for norske forhold hører den like mye hjemme i bybildet som pĂĽ vinterfjellet. NĂĽ fĂĽr du ogsĂĽ ASX med automatgir sammen med en ny kraftig 2.2 l dieselmotor som yter 150 HK og heftige 360 Nm og gir deg det kraftoverskuddet du mĂĽtte trenge. Mitsubishi ASX er den perfekte crossover â&#x20AC;&#x201C; uansett hvor du hører hjemme.

ASX 2WD fra kr 241.500.ASX 4WD AT fra kr 356.900.-

ASX 4WD fra kr 337.400.-

Pris er inkl. frakt og andre lev. omk. Utstyrsdetaljer kan avvike fra standard. Forbruk: 4,8-5,8 l/100 km variert kjøring. CO2-utslipp: 125-153 g/km. Med forbehold om evt. trykkfeil.


Fylkesmagasinet 7 upt 2014