Fylkesmagasinet nr 8

Page 25

Tore har smilt sidan han testa flyging hos Vossvind. Kenny Andre Soldal instruerer, og gir tommel opp, medan dagleg leiar Hans Christian Amlie styrer vinden i bakgrunnen.

Som fuglen Tyngdekrafta blir utan effekt når vinden spelar på lag. Og i proffane sitt tilfelle er det full kontroll, og samspel. I dette tilfellet mellom to, men tunnelen kan romme 8 stykker om ferdigheitsnivået er høgt nok.

opplevinga cirka 1,5 time alt i alt. Vi sel familiepakkar, der flytida kan delast på familien, og har eit tilbod som heiter Voss Vind og Vatn, som kombinerer flyging i vindtunnelen med rafting, samt overnatting på Fleichers Hotell eller Vandreheimen. Ein kan og få video av opplevinga.

Samarbeid Vossvind er fersk, men ideen er ganske gammal. – Vindtunnelar har eksistert sidan 60talet, og ideen har eksistert lokalt sidan 80talet. Men i 2005 tenkte grunder Thomas Hårklau, vi kan ikkje berre prate om det, vi må gjere det. Han hoppar ikkje fallskjerm sjølv, men er elektroingeniør. Han sette seg ned og teikna. Canica AS er største investor, med 57 prosent. Constructa Entreprenør bygde huset, og er investor i bygget med 12,5 prosent. Resten eig lokale investorar. Indoor Skydiving Germany står for vindtunnel. Investeringskostnaden er dekka inn med lån frå Voss Veksel og Landmannsbank, Voss Sparebank, samt Innovasjon Norge, som og gav tilskot. Heile bygda står bak, for å realisere eit nytt produkt som utviklar Voss og forsterkar statusen som aktivitetsbygd. Strategien er at Voss skal bli den typiske destinasjonen for den som søker natur og action, avsluttar han.

«Learning to fly» syng Pink Floyd. Og det hadde eg også lyst å lære. TEKST: Tore Fossen FOTO: Roy Sunde

Som liten drøymde vi om å kunne fly. Trur det må ha vore før eg oppdaga at eg hadde høgdeskrekk. Ikkje det at eg har problem med å vere om bord i eit fly, eller helikopter. Men gje meg ein stige, og det byrjar å knyte seg i mageregionen ved tanken på at eg skal opp nokre trinn. Ei heller likar eg meg på hustak eller i bratte fjellskrentar. Altså, eg kunne aldri blitt kranførar, feiar, målar eller linjemontør. Men det har sine fordelar å slite med høgda. Det er ei ypparleg orsaking for å sleppe å måle huset, eller skrape mose av hustaket. Ein gong tok eg affære i høve til høgdeskrekken min, og takka ja til eit tandemhopp i paraglider. Ei oppleving som lettast kan kategoriserast som skrekkblanda fryd. Eg var pisseredd og oppdaga at eg tviheldt i snorene, der eg hang i stolen under føraren av paraglideren. Som om det hadde hjelpt særleg mykje om skjermen skulle klappe i hop. Det vart med det eine hoppet. Ein tidlegare sjef eg hadde sleit også med høgdeskrekk, men i langt større grad meg. Han sveitta berre han gjekk inn i ein flycabin. «Hadde det vore meininga vi menneske skulle kunne fly, hadde vi hatt vengjer», sa han. No var lysta komen til igjen å prøve å fly. I vindtunnel på Voss. Merkeleg nok var eg lite nervøs for det som skulle skje. Ein tilsynelatande roleg instruktør gav ei rask innføring om korleis ein skulle flyte på luftstraumane som strøymer oppover i den store glaskolben, som er arena for dette «umoglege»: At vi menneske skal kunne fly. Inn i slusa, på med vinden, og instruktøren tek tak i meg i det eg entrar døropninga. Og så flyg eg. Først er det nesten ikkje til å tru. Eg berre svevar. Og gliser. Sjølvsagt slit eg litt med å finne balansen, halde haka opp når eg vil ned og svinge med armane. Men bevare meg vel kor moro. Etter halvanna minutt er første omgang over. Ein liten pause, og litt forklaring på kva eg gjorde rett og gale, og så er det på hovudet inn att i tunnelen. Halvanna minutt seinare er det pause igjen, og så ei bonusrunde. No gjekk det sjølvsagt mykje betre, og meistringskjensla tek overhand. Eg flyg oppover, og så skal eg svinge, men det har eg visstnok ikkje full kontroll over enno. Kroppen min tek retning mot glasveggen, og i det eg skal ta meg for, blir eg «kylling». Har du ikkje armane framover og kroppen i horisontal posisjon, så har du heller ikkje oppdrift. Resultat: Eg deisa i golvet med rygg og hovud først. No er golvet heldigvis av netting, så det gjorde ikkje vondt. Men eg vart ei erfaring rikare. Skal du fly, må du lære å flyte på luftstraumane. Ikkje feige ut og krølle saman armar og bein. Etter tredje og siste flygeopplæring, er konklusjonen tindrande klar: Eg skal tilbake til Vossvind og prøve igjen. Sjølv tilårskomne kroppar som min, med stive hofter og dårleg kroppskontroll, vil ha stor glede av nokre minutt i vindtunnelen. Men eg vil aldri gjere noko for å bli kvitt høgdeskrekken, for det blir det berre sånt mas som i Butinox-reklamen: «Tore, skulle ikke du male huset?».

FM 8•2012

25


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.