{' '} {' '}
Limited time offer
SAVE % on your upgrade.

Page 1

FM NR. 8 JUNI 2012

fylkesmagasinet.no

Ut p책 tur


VOLVO V60

FRYDENBØ EDITION

Tilbod!!

3 år/60.000 km service (full pris 12.520,-) NO KR

6000,-

ra

FRYDENBØ EDITION-PAKKE INNEHELD M.A.: Vinterhjul • Navigasjonspakke RTI m/7’ skjerm • High Performance multimedia 4x40W/8 høgtalarar • USB/Bluetooth/Audiostreaming • Dieselvarmar • Alarm • Skinninteriør • Xenon hovudlys • Elektronisk klimaanlegg • El. setejustering m/minne førarstol • Regnsensor • Ryggesensor • Vassavstøytande sideruter framme

2012 MODELL

ra kr

VOLVO V60 D2 FRYDENBØ EDITION kr

389 900, -*

VOLVO V60 D2 115 HK, MAN FrÅ kr

319 900, -*

FOR PRØVEKØYRING – SEND SMS ”V60” TIL 2330 * Pris inkl. frakt- og leveringskostnader levert Sogn og Fjordane. Gj.sn. forbruk 4.5 l/100 km, CO 2 -utslepp 119 g/km (V60 D2). Tilbodet gjeld alle nye 2012 modellar (unnteke Flexifuel) ut juni 2012 eller så langt lageret rekk. Alle Volvo sine dieselmodellar har partikkelfilter som standard. Atterhald om trykkfeil. Avbilda bil kan ha ekstrautstyr. Treff Volvo på facebook.com/volvocarsno og volvocars.no. For meir info skann QR-koden til venstre eller send SMS ” VOLVO” til 2330.

LAST NED NORSK VOLVO APP

VOLVO V70

FRYDENBØ EDITION

Tilbod!!

3 år/60.000 km service (full pris 12.520,-) NO KR

6000,-

KAMPANJETILBOD Inneheld m.a.: Dieselvarmar m/tidsur • Skinnratt • Køyrekomputer • 2 sona klimaanlegg • Fjernstyrt sentrallås • IAQS -- Interior Air Quality System • Cruise control • Innsynsvern • Radio/CD m/fjernstyring i ratt • Oppvarma baksete • El. vindauge • Takrails • Vinterhjul m/alu.felgar

2012 MODELL

VOLVO V70 DRIVe KR

389 900,-

Tillegg for Momentum kr 10.000,Tillegg for Summum kr 20.000,Tillegg for R-Design kr 30.000,Kan også leverast m/automat.

VOLVO V70 Pris inkl. frakt- og leveringskostnadar levert Sogn og Fjordane. Gj.sn. forbruk 4,5 – 10,3 l/100 km. CO 2-utslepp 119 – 237 g /km. Tilbodet gjeld så langt lageret rekk, ved bestilling av ny 2012 modell. Alle Volvo sine dieselmodellar har partikkelfilter som standard. Atterhald om trykkfeil. Avbilda bil kan ha ekstrautstyr. Treff Volvo på facebook.com/volvocarsno og volvocars.no. For meir info skann QR-koden til venstre eller send SMS ”VOLVO” til 2330.

LAST NED NORSK VOLVO APP

SANDANE: 57 86 84 00

SOGNDAL: 94 81 80 81

FØRDE: 57 83 72 00

MINDE: 55 59 97 00

ÅSANE: 55 53 68 00

BERGEN VEST: 55 50 15 42

www.frydenbo.no


I denne utgåva kan du lese om:

FM FYLKESMAGASINET

Redningsselskapet på nye tokt | Luksus vs spartansk | Topp15 | Sveitte og champis | Sjef til fjells Fullbyrdar draumen om å fly | Fjellfolk | Provisorisk sommar | Glampingtid | Luksus og enkelt, hand i hand Alle gode ting er faktisk tre! | Festivalsommar i Sogn og Fjordane og Hordaland | Shoppingperler i Sogn og Fjordane

Trend og mote med Regine | Biltest: BMW-1 serie cabriolet | Er kranglesesongen her? Feirar 80 år med 2200 km sykling | Rett på med Andrine | Kulturutveksling med husbytte | Sommarens storfilmar

X-ord | Lokal mat, historie og opplevingar | God bok god sommar | Bilferie til lysets land Ei natt i havgapet | Digitaliserer fortida | Jølster-panorama

Fylkesmagasinet kjem ut til alle husstandane i Sogn og Fjordane Grunnlagt 2001 Øyrane 3, boks 353, 6802 Førde

Tlf. 95 93 99 99 REDAKTØR

ROY SUNDE roy@fylkesmagasinet.no Tlf. dir. 95 93 99 90

– Vi er opptekne av å finne dei gode, positive tinga som skjer i vårt fantastiske fylke. Vi klarer ikkje å fange opp alt, så har du tips om saker som du meiner vi burde skrive om – ta kontakt med meg!

MARKNADSANSVARLEG

MAI-KRISTIN TIDEMANSEN mai.kristin@inform-media.no Tlf. dir. 95 93 99 97

Ønskjer du å nå alle husstandane i heile fylket med din bodskap – ta kontakt med meg!

Eige fylke som feriemål Kvart år vitjar hundretusenvis av menneskjer Sogn og Fjordane. Og svært mange av dei kjem fordi vi bur midt i det mange omtalar som eit av verdas flottaste reisemål: Dei norske fjordane. Spesielt kjem dei i store mengder med cruiseskip, der både talet skip og turistar totalt er aukande. Ei relativt ny cruiseskiphamn som Skjolden har allereie merka straumen, og neste år er talet skip dobla. Det byr sjølvsagt på høve, men også utfordringar. Ei ulempe med cruisepassasjerar er ofte at dei har lite tid, og legg att lite pengar. Difor er det gledeleg å sjå at tilbod som legg til rette for opplevingar i naturen, gjerne via guidar, breiar om seg. Jostedalen er i seg sjølv eit godt eksempel på aktiv ferie, der folk kjem for å gå i fjellet, eller på breen, eller for den del padle til breen, gjerne med følgje av guidar. Eit anna eksempel på at ein prøver å få meir ut av naturen er Via Ferrataen i Loen. Også ei typisk cruisebygd, der skipa legg til og hesebles gjennom bygda. Men samtidig har dei alltid vore flinke til å tilby varer og tenester, enten det er lokal manufaktur, spa og badeoppleving, eller suvenirar. Med Skåla Rett Opp 1848 moh gjorde dei motbakkeløp til god butikk, og med sin nye Via Ferrata satsar dei sterkare på opplevingar i naturen enn noko gong. Slike klatrestiar der ein sikrar seg med wire har vore vanlege i Sør-Europa, der dei faktisk vart bygd til heilt andre formål enn rekreasjon under første verdskrig. Loen sin blir den femte i sitt slag i Norge, og gjev fleire høve til å smake på enno luftigare fjellturar. Selskapet Loen Active skal også tilbyr turar med sykkel og båt, samt turar på Skåla. Natur har potensiale for å vere meir enn utsyn, og det er kjekt å sjå at stadig fleire aktørar hentar ut meir av næringspotensialet som ligg i å ha eit stort tal turistar på vitjing. I nabofylket Hordaland ligg eit kroneksempel på frisk satsing: Eit unikt bygg, som inneheld ein vindtunnel, der fallskjermhopparar kan trene, og turistar få prøve å fly. Det har alt generert seks direkte arbeidsplassar der, og trafikken tilseier auke. I tillegg aukar dei mangfaldet i bygda, gjer turistnæringa ein ny fot, og gjer såleis heile lokalmiljøet rikare, både for turist og fastbuande.

Ansvarleg utgjevar og grafisk formgjeving Inform Media Trykk Mediatrykk Bergen Distribusjon Posten Opplag 42.000

Skal ein ha heilårsdrift og arbeidsplassane som føl med treng ein dei lokale med på laget. I det ligg eit ansvar hos turismeaktørane lokalt i å tilby noko dei vitjande vil ha, enten det er mat av høg kvalitet, moglegheitene til å sjå ned på lokale bygder guida opp spektakulære ruter ein ikkje hadde gitt seg ut på åleine, eller luksus i form av hotell og spa. Og så ligg det ei mild forplikting hos oss som bur her omkring: Når sist reiste du til Måløy, Bremanger, Stryn eller Lærdal på søndagstur, eller la badeturen til ei av fylkets flotte strender? Eller unna deg ei helg på eit av våre mange spahotell, ein guida fjelltur du har drømt om lenge, eller for den del leigde deg plass på ein havfisketur? Kort og godt, når nytta du deg av ei opplevingar og attraksjonar i eige fylke? I blant kan det vere greitt å minne seg sjølv på kvifor så mange reiser langt for å oppleve Sogn og Fjordane, fjordane og fjella våre. Ta deg ein tur i sommar, og sjå kvifor. Redaktør: Roy Sunde

Verdas største V

SILDEBORD • • •

kl 18.30 Åpning ved ordførar Bengt Solheim-Olsen kl 18.40 Vegard Leite frå Værlandet og Idol spelar og syng kl 19.10 Kåring av Årets sildekonge v/ordførar Bengt Solheim-Olsen

• • • •

kl 19.15 kl 19.45 kl 20.15 kl 21.00

Blue Horn Jazzband spelar gladjazz Vegard Leite frå Værlandet og Idol spelar og syng Blue Horn Vi tre band spelar til Sildedans i Flora samfunnshus

Fredag 15. juni kl 18.30 Strandgata - Florø

SAFARI ENGROS AS

FM 8•2012

3


Martin Igland Malkenes og Tanja Smelvær frå Redningsselskapet speidar etter folk som må kursast.

Redningsselskapet på nye tokt Sommaren nærmar seg, og med den høgsesongen for båtlivet. Redningsselskapet i Florø er allereie godt i gang med årets fokus på sjøvett-opplæring. TEKST OG FOTO: Roy Sunde

FM 8•2012

4

– Vi er alt i gang vi, smiler Tanja Smelvær, som er Sjøvett og opplæringsansvarleg i Redningsselskapet i Sogn og Fjordane. – Vi var med i den Kulturelle Skulesekken i Bremanger kommune, og hadde sjøvettdagar der i slutten av mai. Og vi er på tryggleikstokt denne veka, kor vi har sjøvettdagar i samarbeid med politi, Røde Kors og brannvesen til 5,6 og 7. klasse i Eivindvik, Hardbakke, Selje og Måløy. Så følgjer sommarskule for barn mellom 9-13 år her i Florø, Måløy og Atløy. Elles prøver vi å bevege oss rundt i fylket så godt som råd, det er jo gjestehamnar i Årdal også, smiler ho. Er du mellom 14-17 år, og har lyst å ta båtprøva, har Redningsselskapet eit unikt tilbod. – Svanhild skal på ungdomsseglas, Florø-Ålesund-Florø, i veke 27. Du treng ikkje vere medlem i Redningsselskapet for å delta, og du har høve til å ta båtførarprøva undervegs. Der får dei prøvd ut teorien i praksis, smiler Tanja. – Det er ein fantastisk høve til å kombinere ferie og nytte, og det er kjempekjekt å segle med Svanhild. Eg har sjølv vore på tur med den til Danmark, reklamerer Martin Igland Malkenes, sals og marknadsansvarleg. – Og det er jo trendy å kombinerer ferie og læring, smiler han. Med russetida fersk i minne er det lett å skulde ungdom for alt. Men på sjøen er voksen verst. – Det er ei gruppe som aldri ser ut til å bli betre, og det er vaksne menn over 40. Dei treng sjøvettopplæring mest, men oppsøker det minst. Det er den gruppa som bruker minst redningsvest, oftast nyt alkohol på sjøen og held høg fart. Den typiske ulykka er å stille seg på ripa og urinere, med promille. Statistikkar for fylket viser at talet på ungdomsulykker på sjøen går veldig ned, og det same gjeld landet elles.

– Ein blir aldri utlært på sjøvett. Behovet er enormt, seier Tanja. – Og det er tre ting som går igjen: Fart, promille og manglande redningsvest. – Styr unna alkohol når du styrer båt, elles blir det styr, konstaterer han og held fram. – Behovet for sjøvett aukar. Tenk på båtane no. Før gjekk du i 8 knop, og ungane sat med kvilepuls på dekk og slappa av. No fyk ein i 40, og mange har båtar som gjer 60 knop. Har du ikkje redningsvest då har du eit problem. I slik fart bør ein verkeleg vite kva ein held på med og tenkje sikkerheit heile vegen. – Kva gjer at talet på ungdomsulukker går ned? – Det viser at det nyttar å drive opplæring og informasjon, seier Martin. – Barna blir kjent med tryggleik via Eliasbåten og Redningsselskapet, får inn gode vaner med redningsvest frå dag 1, så det blir naturlig, og redningsutstyret er lettare og betre i dag. – I tillegg er det jamt bra trykk frå media på dette, over tid, seier Tanja. – Viktige tips? – Gode haldningar på fart, unngå promille og bruk redningsvest. Skal du opp i fart, vær sikker på at båten fungerer og at området du ferdast i er egna for fart. La fagfolk ta servicen før sesongen. Og det er lurt å ta båtprøva, same kor gamal ein er, seier Igland Malkenes, som gjerne vil ha fleire på sjøvettlaget. – Vi har blant anna snakka med gjestebrygga i Florø, og Knutholmen i Kalvåg. Målet er å gjere gjestehamner, der masse båtfolk ferdast, meir frampå, og samarbeide med oss. Vi ønskjer å nå ut med informasjon, og rekruttere, medan dei er med å skape tryggleik blant sine kundar og gjestar. Det er vinnvinn for alle partar, seier han.


Dekker opp til 5000 kvm!

5499,Veil. 10688,-

Bil Båt Hjem Fritid www.mekk.no Førde - Førde senter tlf. 57 82 66 20 Florø - Leirvåggata 57 tlf. 57 75 00 20 Sogndal - Sogningen senter tlf. 57 67 20 30

1999,Veil. 2999,-

Skeeter Vac myggfelle

................................................................

Tiltrekker og fanger mygg, reduserer myggbestanden, propandrevet - ingen kabler & ledninger. Tiltrekker med blinkende UV-lys, Vac&TacTack - dobbel felle. TacTrap - klebepapir med tiltrekkende mønster. Stillegående, luktfri og barnesikker. (V.nr. 146390)

Utepeis m/grillrist

...................................................................................................

Stålskål med kobberfinish. Bunnrist i stål. Gnistfanger med håndtak. 70 cm høy, 91 cm bred. (V.nr. 169257)

399,Veil. 699,-

10,-

Sigma autovest 150N

1299,Veil. 3900,-

Sammenleggbar sykkel

2 pk mygglys

..................................................................

.........................................................................

Med sitronduft som holder myggen på avstand. (V.nr. 148666)

1990

Ryddesag 32,6 CC

MEKKPRIS 1499,-

Penselsett 4 deler

..............................................................................

........................................................

Med 4 størrelser egnet til fasademaling. (V.nr. 172296)

Automatisk utløsning i kontakt med vann! Oppdrift på 150N, beregnet for voksne. Justerbart belte. Rustfri D-ring for feste av sikkerhetsline. Enkel repakking av vest – med beskrivelse på vesten. (V.nr. 172740)

Praktisk å ha med på tur enten i bil eller båt. Leveres med bæreveske. Stålramme. 6 Shimano gir. (V.nr. 154683)

Inkl. metallblad

Veil. 119,-

...............................................................................

Luftkjølt 2-takts bensinmotor, maks 9000 o/min, tomgang 2500 o/min, startsnor, 750 ml tank. 255 mm metallblad, 25,4 mm senterhull, rotasjon mot klokken. Maks kuttediameter 44 cm. Vekt 6,7 kg. Støynivå: <110 dB. (V.nr. 172616)

399,-

1999,Veil. 2490,-

Veil. 550,-

Landmann gassgrill 3 brennere

............................................................

Flatbed Eco kommer med praktisk sidebrenner. 3 flametamers sprer varmen. Med emaljert grillrist og termometer i lokket. Grillflate B53xD40 cm. Forbruk ved full effekt: 915 gr/t. (V.nr. 172290)

Kjøleboks E21S 12/230V, 21 liter

................................................................

Kjøler ved bruk av uttak i bil. Nettstrøm 230V. Til bruk i bil, båt, campingvogn, hytte og lignende. (V.nr. 139676)

Park & Garden gresstrimmer 43CC

......................................................

4 stk kun

49

4990 Veil. 149,-

90

inkl. terrassevasker

Med Tap&Go trådmating og dobbel tråd. Trimmediameter 44 cm. 2 takts motor på 1,7 HK / 43 cc. Tankvolum 1,2 L. Nettovekt 12,5 kg. (V.nr. 154481)

1299,Veil. 1999,-

Foma høytrykkspyler 450

1499,Veil. 1999,-

......................................................

Gasspatron til minikjøkken og gassgrill

.............................................................................

227 gram ventilboks. (V.nr. 135004)

Makstrykk 110 bar. Leveres med terrassevasker. Med 5 meter fiberarmert høytrykkslange, terrassevasker, servopistol, vaskelanse med kombidyse, vannkobling og rensenål for dysen. Maks vannforbruk 380 l/t. (V.nr. 172269)

Nøkkelsliping i alle Mekkbutikkene

www.mekk.no

FM 8•2012

5


Kampanjepris

359 900,-* Kundefordel 43 500,-

Kjøp nü! Begrenset antall

INSIGNIA SPORT LIMITED EDITION

ENESTĂ&#x2026;ENDE SLAGKRAFTIG ENESTĂ&#x2026;ENDE SLAGKRAFTIG Den beste bilen vi noensinne har laget.

Den beste bilen vi noensinne har laget.

Opels toppmodell INSIGNIA kommer nĂĽ som Sport-utgave i et begrenset antall. Uten tillegg i prisen fĂĽr du INSIGNIAs eksepsjonelle kjøredynamikk og elegante design i en ekstra slagkraftig, sporty utgave â&#x20AC;&#x201C; sĂĽ lenge lageret rekker. Sport-utgaven leveres med en * turbo bensinmotor pĂĽ 140 hk og som 5-dørers kombi-kupĂŠ eller stasjonsvogn uten pristillegg. Den er ogsĂĽ tilgjengelig med dieselmotor pĂĽ 2.0 CDTI 130 hk og automatgir for de som ønsker det.

Insignia Sport Limited Edition

â&#x20AC;˘ Sikt & Sport Lyspakke â&#x20AC;˘ Mobiltelefonportal med Bluetooth Insignia Limited Edition â&#x20AC;˘ OPC eksteriørpakke â&#x20AC;˘ Sportsseter foran Â&#x2021; ´DOXIHOJHUGREOHHNHU Â&#x2021; 6LNW /\VSDNNH Â&#x2021; 7nNHO\VIRUDQ â&#x20AC;˘ Bi-Xenon adative/svingbare hovedlys â&#x20AC;˘ 18â&#x20AC;&#x2122;â&#x20AC;&#x2122; alufelgar, 5 doble eker Â&#x2021; 23&HNVWHUL USDNNH Â&#x2021; )OH[5LGHDGDSWLYWFKDVVLV Â&#x2021; %L;HQRQDGDSWLYHVYLQJEDUHKRYHGO\V â&#x20AC;˘ Utvidet parkeringshjelp Â&#x2021; 6HQNHWVSRUWFKDVVLVâ&#x20AC;˘ TĂĽkelys foran Â&#x2021; 8WYLGHWSDUNHULQJVKMHOS Â&#x2021; 6SHHGVHQVLWLYHVW\ULQJ Â&#x2021; 5DGLR1DYLJDVMRQ â&#x20AC;˘ Radio/Navigasjon 600 â&#x20AC;˘ FlexRide-adaptivt chassis Â&#x2021; Aut. klimaanlegg S Â&#x2021; 0RELOWHOHIRQSRUWDOPHG%OXHWRRWK Â&#x2021; 0HWDOOLFODNN â&#x20AC;˘ Senket sportchassis Â&#x2021; 6SRUWVVHWHU IRUDQ 6SRUWVVHWHUIRUDQ â&#x20AC;˘ Speed-sensitive styring â&#x20AC;˘ Aut. klimaanlegg www.opel.no â&#x20AC;˘ Metallic lakk &2XWVOLSSIUDJNPONP*MHOGHUGULYVWRIIRUEUXNRJXWVOLSSEODQGHWNM ULQJ(XUR)UDNWRJOHYRPNRVWLQNO$YELOGHWELONDQKDHNVWUDXWVW\U,PSRUW U2SHO1RUJH$6 &2 XWVOLSS IUD JNP  O NP *MHOG

25 ĂĽr

1987-2012

Førde Halbrendsøyra, 6800 Førde Tlf. 57 82 99 00 www.opusas.no

LITT BRUNERE - mye vakrere -

Opplev bygda ved breen

   

Kombiner fjelltur i FjĂŚrland med jakt i Den norske bokbyen etter       

 boka du har leita lenge etter. Overnatt eller nyt eit betre mĂĽltid pĂĽ Hotel Mundal eller FjĂŚrland Fjordstue Hotel. SjĂĽ Ivo Caprino sin     



      storslegne film frĂĽ Jostedalsbreen og bli med pĂĽ ei! reise gjennom 5              milliardar ĂĽr pĂĽ Norsk Bremuseum.      "    #

Besøk Brun og blid Førde

Hafstadvegen 34

 $%   Anten du vil nyte fantastisk utsyn frå Flatbrehytta eller rusle på stølsvegane i Mundalsdalen - Fjærland har turar for alle. Kart får &           

    du kjøpt i FjÌrland.

 '    (          SjĂĽ www.fjaerland.org for dei mange spanande arrangementa i  '    sommar.

Ă&#x2026;PNINGSTIDER ER: 07:30 â&#x20AC;&#x201C; 23:00 09:00 â&#x20AC;&#x201C; 19:30 10:00 â&#x20AC;&#x201C; 23:00

23. juni: Boknatti  )))     14. juli: Andrea Rice med band  24. juli: Plumbo-konsert

8â&#x20AC;˘2012

*+ ,%

 -. ,&/0 *. ,1 2

NĂŚrmeste Brun og blid solsenter ďŹ nner du ved ĂĽ sende: BB HVOR til 1960 Besøk oss pĂĽ facebook: www.facebook.com/Brunogblid Grønt nr: 800 34 033, www.brunogblid.no

Foto: Trond J.Hansen

Foto: Hotel Mundal

Foto: Gaute Dvergsdal Bøyum

Foto: Terje Eggum

Foto: Finn Loftesnes

6

 ,3 4 

FM

Man-Fre: Lørdag: Søndag:

      




Luksus vs spartansk Ferie kan vere så mangt. Og så ulikt prisa. Vi har prøvd korleis det er å omgje seg med luksus, og vi har prøvd korleis det er å oppleve noko – nesten heilt gratis.

FM 8•2012

7


Eit lite stykke luksus Luksusferie i Sogn og Fjordane – Går det? Svaret er ja, og staden er Hotel Alexandra. TEKST: Kristine Slettehaug FOTO: Mai-Kristin Tidemansen

Sjefen masar og ungane er umoglege. Eit normalt søvnmønster har du ikkje hatt sidan det byrja å komme ungar ut av deg for nokre år sidan. Musklane verker av stillesittande arbeid og på middagsbordet står det pølser og atter pølser. Ja, for det er jo det einaste ungane likar. (Og det einaste du har tid til å lage i den hektiske kvardagen.) Kjenner du deg igjen? Då skal eg gje deg eit tips. Eit luksustips. Det kostar, men vegen er kort og det er verdt det. Her i Sogn og Fjordane har vi nemleg noko så fantastisk som eit luksus-hotell omringa av det vakraste vakre. Med deilige spa-behandlingar og mat så god at du et til du blir flau. Du må ikkje ha fin bil for å reise på luksus-weekend på Hotell Alexandra, men vi valde å ha det og lånte oss ein BMW av nyare klasse. Skal det vere, så skal det vere. Saman med reisefølgjet mitt svingar vi difor standsmessig opp mot hotellet i Loen ein ettermiddag i mai. I resepsjonen ønskjer dei oss velkomen, og det kilar i magen når vi får overrekt nøkkelen til suiten. Ja, for vi er på luksusferie og skal jo så klart ha suite. I gangen utanfor rommet tek vi oss ekstra god tid. Nokon må sjå at vi låsar oss inn. Det er halve moroa. Kor mange gongar har eg låst meg inn i ei suite liksom? Tenke, tenke. Aldri. Ingen kjem, og litt av gleda er borte. Men det er fort glømt når døra går opp.

8•2012

8

Etter å ha trykt i oss så mykje frukt og sjokolade som vi orkar, kjem vi på at spaet ventar. Vi har sjølvsagt tinga spa-behand-

<<

FM

For eit rom! Å kalle det for eit rom blir forresten feil. «Rommet» består nemleg av stove, bad, gang og soverom og er større enn ein normal studenthybel. Men det beste av alt – sett vekk frå gedigen seng, TO TVar og badekar – er balkongen som slyngar seg rundt suiten. Med utsikt til fjorden og fjell så høge at du blir svimmel, freistar det å slå seg ned i ein av solstolane og berre kvile auga på det vi er omringa av. Etter ein kjapp inspeksjon av suiten oppdagar vi eit bognande fruktfat fylt med frukt og sjokolade på bordet. På fatet står det eit kort med helsing frå familien Grov som driv hotellet med ønskje om eit fint opphald. Hyggeleg! Og veldig luksus!


100% velvĂŚre: Ved bassengkanten i spa-avdelinga til Hotel Alexandra kan ein verkeleg stresse ned og nyte livet.


1

2

3

<<

FM 8•2012

10

ling, og har difor fri tilgang til spa-avdelinga. Og som seg hør og bør pakkar vi oss inn i store, mjuke badekåper før vi går inn i den velutstyrte avdelinga. «Kor skal eg begynne?» undrar eg og veit med meg sjølv at eg må innom absolutt alle typar steamdusjar, boblebad og basstuer før eg kan finne roa. Den neste halvtimen går difor med til å springe inn og ut av blant anna «tropisk regn», «sommar-regn», «afrikansk regn», boblebad inne, boblebad ute, basstue, kuldekulp (den går eg ikkje ned att i) massasjefoss og utprøving av solsengene. Når det er gjort har eg endeleg ro til å synke ned i det store, innandørs boblebadet i lag med ein god drink og favorittmagasinet mitt. Tankar som «Lotta må ha ny regnbukse» og «Det er på høg tid å ta vindaugsvasken» skyv eg bestemt vekk og dei to neste timane blir brukt til 100% velvære. Så godt har eg det at eg nesten får dårleg samvit. Men berre nesten. For det er vel berre sunt å unne seg litt eigentid og luksus innimellom? Etter ein siste dusj i «Tropisk regn» luktar kroppen så godt at det blir nedtur å gå i garderoben og ta ein «vanleg» dusj. Heldigvis heng lukta av dei tropiske oljane eg er blitt dusja i igjen lenge etterpå.

men kaviaren var så der. Den kan rikfolket ha for seg sjølv. Det neste på menyen er entrecote steikt der og då av ein italiensk kokk som tydelegvis kan sine kunstar. At det dannar seg kø framfor grillen skjønar vi etter første tygge. Perfekt steikt og med ein buffé av tilbehøyr er det to som et, nyt og kosar seg med fjordutsikt og noko godt i glaset. Pølser har dei visst og, men dei får ikkje plass på fatet i dag. For å ikkje trille ut prøvar vi å avgrense oss når dessert-buffeen står for tur. Eit kakebord som går konfirmasjon i Sunnfjord ein høg gang fristar oss likevel til å fylle opp fatet og vel så det. «Er det buffet, så er det buffet».

Det er tid for mat, og alle hjerter og magar gler seg. Buffeen på Hotel Alexandra er noko av det vi har sett mest fram til, for den har vi høyrt det er klasse over. For andre gong i dag spør eg «kor skal eg begynne» og eit klassisk i-landsproblem melder seg: Det er så mykje godt på matbordet at vi klarar ikkje å velje. Omsider går vi for litt kaldmat til forrett, og hummar og kaviar finn vegen til fatet mitt. «Må jo prøve, vi er jo på luksusferie.» Hummaren var god,

Etter middagen ville det kanskje vore naturleg å gå vidare i baren, men for to småbarnsmødre lokkar ei stor seng i fredlege omgjevnader mest. Det er luksus det. Gode og mette kryp vi opp i nyoppredde senger med stoore puter, seier god natt til fjorden og sovnar sikre på at vi ikkje blir


4

1) BUFFÉ: Meter på meter med all verdas smakfulle rettar er det som møter deg i buffeen på hotellet. 2) MATRO: For småbarnsmødre flest er matro sjeldan og difor ekstra godt når ein først får det. 3) HYGGJELEG VELKOMST: Familien Grov ønskjer velkomen på ein svært hyggjeleg måte. 4) TIL POLYNESIA: Spaterapeut Bea tok oss med på ei to timars reise til Polynesia med hjelp av element frå øyane der. 5) LUKSUSSENG: Her søv ein garantert godt. 6) NYE SUITER: Dei nye romma på Hotel Alexandra er inspirerte av naturen rundt og kan blant anna skilte med utsikt til Skåla.

5

6

vekt av ungeskrik i løpet av natta. Og vi søv og vi søv. Heilt til vekkarklokka vekker oss. Det er tid for hotell-frukost etterfulgt av spa-behandling. Livet er herleg! Frukosten skuffar heller ikkje. Egg og bacon er obligatorisk, og det beste av alt er at det er nokon andre som lagar den til oss. Rundt oss sit det forventningsfulle utanlandske gjestar klare for nye eventyr i dei omliggande bygdene. Sikkert kjekt det, men vi har ikkje tid for vi skal på spa! Ein snartur til Nepal står på programmet. Spa-avdelinga på hotellet har byrja med ei heilt ny behandling med element frå Nepal, og spent på kva dette er for noko tullar eg meg nok ein gong inn i den mjuke, gode badekåpa. Spa-terapeut Bea pratar akkurat passeleg mykje og er oppriktig interessert i at du har det bra. Eg får både skrubb med salt, eit eksotisk boblebad, massasje med steinar samt massasje med oljar. Behandlinga er 100% velvære frå start til slutt, og ør frå nattas lange, djupe søvn er det av og til vanskeleg å halde seg vaken. Eit godt teikn på at ein er så avslappa som det går an å bli. Etter den søte kløe kommer den sure svie. Det kostar å vere kar, og for ei helg med luksus og velvære må ein rekne med å betale litt. Drøymer du om å oppleve luksus i eige fylke og sleppe lang reisetid, kan Alexandra Hotel vere løysninga. Utkvilte, mette og med babyhud etter spa-behandlinga, reiser vi heim til jobb og familie, fulle i energi. Vi synest det var verdt det!

– Vil ha luksus Ingrid Grov Kämpf er avdelingsleiar på Hotel Alexandra og kan fortelje at etterspurnaden etter luksusopphald aukar. – Dei siste åra har vi merka at fleire gjestar ønskjer å leve ekstra godt når dei først skal bu på hotell. Dei vil ha store, fine rom, komfort, spa-behandlingar og ete godt, seier Kämpf. Kvifor luksusbehovet har auka er ho ikkje sikker på, men ho trur det er fordi folk generelt har fått betre økonomi og vil unne seg litt luksus når dei er på reise. Hotellet har difor ei større utbygging på gang, der fleire av romma kjem under luksus-kategorien. – Vi merka at vi ikkje klarte å ta unna toppane og valde difor å bygge ut hotellet, seier ho og lovar fine rom. – Det eine rommet vil gå over to etasjar, ha eit svært velutstyrt bad og vere over hundre kvadratmeter stort, fortel Kämpf. Romma har store vindauge og utsikt mot det 1843 meter høge fjellet Skåla og luksuriøse bad. Interiøret er inspirert av fjella og naturen rundt hotellet, og på veggen heng det kunst måla av ein kunstnar frå Sunnmøre. Også dei inspirert av fjella i området. – Vi gler oss til fløyen står ferdig og kjenner oss sikre på at desse romma blir populære, seier Kämpf.

FM 8•2012

11


Sparebluss-ferie Av og til gløymer ein at det enkle og spartanske kan vere like fint som den flottaste luksusferien. Vi fekk jobben med å bevise det. TEKST: Tore Fossen FOTO: Joachim Vie

8•2012

12

<<

FM

– I can’t afford it, look, it’s too expensive here. Tyskaren framfor oss smiler medan han målar tjuknaden på lommeboka mellom tommel- og peikefinger. Han set bokstavleg talt peikefingeren på årsaka til at vi står ytst på Bulandet med eit minimum av bagasje. Nokre timar tidlegare gjekk vi om bord på ferga ”Eid” frå Askvoll til Værlandet. Ferja var fri for kostbare freistingar, med unntak av kaffiautomaten. Vi kjem til Værlandet utan avtalar, utan å ha reservert sykkel eller overnatting. På ferjeleiet stikk vi innom Værlandet Handel, ein liten Jokerbutikk med alskens risenkram. Her kan ein kjøpe det meste, men vi skal jo kjøpe minst mogleg. Vi plukkar med oss noko proviant og leiger to syklar, så mykje at vi kjem oss rundt på øyene. Som dei to gode uteliggarane vi no er, utstyrer vi syklane med kvar si banankasse, slik at vi kan ta med oss nyttige ting vi finn undervegs. Det er tidleg på dag, sola skin, vi er utkvilte, terrenget forholdsvist flatt og landskapet er storslått. Tenåringsfar Fossen testar utsegnet «har du først lært det, gløymer du det aldri» – han er godt nøgd med at han framleis kan sykle. Stemninga er upåklageleg. Den eine motbakken etter den andre forserer vi med liv og lyst, medan vi ser etter strender eller andre stader som kan gjere nytte som overnattingsstad for natta. Sidan det framleis er tidleg føremiddag blir leitinga litt halvhjerta. Vi har sett kursen mot Bulandet, ein sykkeltur som er på ca 10 kilometer. Lette i trakket forserer vi bruer og kosar oss i det vakre landskapet. Undervegs ser vi mange skilt som fortel om både badeplassar og turstiar. Det skal dei ha, i øyriket; dei har vore utruleg flinke å sette opp skilt. Framme i Bulandet følgjer vi eitt av skilta til toppen av ein kolle. Der sit vi og fabulerer om hytte- og konferansesenter i skrenten, med utsikt rett til havs. Tanken er god, men det blir ikkje i dag i alle fall. Medan vi sit der, dukkar ekteparet Jørgen og Sonja Øen opp, i lag med fire tyskarar. Dei driv hytteutleige i Sørbøvåg, og har teke med seg dei tyske turistane på sightseeing til Bulandet og Værlandet. Etter å ha slått av ein prat med desse, tok vi pedalane fatt igjen, og trakka oss mot dei to damene Berte Hillersøy og Hansine Tis-


FM 8•2012

13


FM 8•2012

14

<<

tel. Skulpturane er sett opp til minne om desse to som redda sju menneske frå drukningsdøden etter at skonnerten «Gugner» gjekk på grunn i eit forferdeleg uvêr i 1885. No er det tid for å planlegge overnatting og middag. Vi har så smått diskutert om vi skal leige oss i rorbu eller skaffe oss tak over hovudet på anna vis. Men vi er framleis opne for å ligge ute under open himmel. Uansett, så dreg vi attende til utgangspunktet vårt; ferjekaia på Værlandet. Der hentar vi sekkane våre og blinkar ut Tante Grys pub som neste mål. Det hadde jo smakt fortreffeleg med litt pizza, og tanta til Vegar Leite vart jo kjendis over natta, då ho tilsette trellen sin.

Men det vart dårleg med pizza, for akkurat denne helga var det konfirmasjonstid på øyene der ute. Og like dårleg var det med overnattingsplass på Værlandet også, nettopp av same grunn. Tante Gry gav oss eit par alternativ vi kunne ta kontakt med på Bulandet for overnatting, og nok ein gong lot vi sykkelstyret peike mot Bulandet. No er det sånn at 2 x 10 kilometer på sykkelsetet, faktisk var meir enn nok til å gje oss såre rumpeballar. Resultatet vart at vi slo oss til ro under første brua vi kom til. Der såg det ut til at vi kunne få ein flott kveld og ei fin natt i soveposane våre. Sidan vi var på sparebluss-ferie, vart det fyrt opp bål, og to boksar Cowboy-gryte stod på menyen. Medan dei småputra på bålet, jekka vi oss opp kvar sin boks med godsaker frå Hansa, og meinte at betre enn dette kunne ein knapt ha det. For det er noko spesielt når ein sit på svaberget og praten pendlar mellom det seriøse og fullstendig meiningslause. Alle distraksjonar er vekke. Det er ikkje så mykje ein skal rekke på ein sånn kveld. Ein har plutseleg tid til å sjå at sjøen fjøra og heile fargespelet når sola går ned i havet ein stad. Mette av cowboy-gryte, mykje snakk, øl og akevitt er det på tide å ta kvelden. Tenåringsfaren har raska med seg eit flatbrød av eit liggeunderlag og ein sovepose som «knapt hadde fungert innandørs». Utpå morgonen låg han og såg på solstrimane som aldri fann vegen under brua. Etter ein rask frukost saman med soloppgang og måkesong, sette vi oss atter ein gong på syklane. Vi sto meir enn vi sat på veg attende til Værlandet kai. Småbarnspappaen hevda hardnakka at setet på syklane er av verste sort, og at det normalt ikkje er så ille å sykle. Nok ein gong passerer vi skiltet til biletkunstnar Anita Søreide, med løfte om at vi neste gong skal innom og sjå galleriet hennar. Ein av eigarane av Joker Værlandet, Arnt-Henning Blom, skulle hatt fri i dag, men det gode veret på Værlandet gjorde at det er behov for han i butikken. Han fortel at det er sommaromsetnaden dei lever av. Og det kan vi forstå. Værlandet og Bulandet er to sommarperler! Det seiast at dei har tre vindstille dagar der ute, og vi fekk to av dei. Å ta ein budsjett-ferie når sola skin og det er unormalt varmt er ei enkel sak. På Vestlandet må ein vere budd på verre dagar. Normalt sett ville vi hatt med eit telt eller ein presenning på ein slik tur, og om du legg turen til fjells eller i skogen vil ein primus vere eit greitt val framfor bål (generelt bålforbud 15. april til 15. september). Utover det så treng du ikkje så mykje til ein slik tur. Ein kan reise åleine, men det er så mykje, mykje kjekkare med godt selskap og alt for mykje å prate om.


Foto: Christian Prestegård

2012

Lau

OP OG T

. 0–1116 m.o.h

UP

SC E G R

NO

7 km

P

ALL FOR TUR

E

–10:00 6 8:00 :1 kl. 0 ar kl. 11 e ss kla lass Trim rransek ku Kon

V Foto: Molden opp

.6 6 1 g rda

elkkommen elkommen ttilill festivalnatt! festivalnatt! t

Denne kvelden har du u sjansen til å ta Førdefestivalen Førdefestivalen heftigaste Cuba,, på pulsen, med dei he eftigaste rytmane frå Cuba Mali, Ungarn og Mada Madagaskar. agaskar.

START: Tørvis Hotel i Marifjøra ved Lustrafjorden 0 m.o.h.

Info og påmelding:

moldenopp.no

Festivalnatta er den naturlege Festivalnatta n møteplassen møteplassen for alle festiv festivaldeltakarar, aldeltakarar, fastbuande og tilreisande ei Sunnfjord.

HOVUDSPONSOR:

Pusse opp i sommar? LANGTIDSBEIS! Fasadebeis er en alkyd-akrylat hybridbeis beregna på ny- og ombeising av trefasadar og anna utandørs treverk.

Laurdag 7. juli kl 23.00 på Rica Su Sunnfjord nnfjord Hotel & Spa Aldersgrense Alde ersgrense 20 år

FLOTT FINISH! Terrassebeis er en alkydolje-akrylat hydridbeis beregna på beising av terrasser, gjerde og hagemøblar. Fungerar utmerka på trykkimpregnert treverk og ubehandla furu samt gran.

UTRULEG LETT Å STRYKE! LINOLJEBASERT! Perfekt Dekkbeis dekkande trebeskyttelse er en alkydolje-akrylat hybrid, beregna for ny- og ommaling av trefasadar og andre treoverflater. års SVANEMERKA MALING! 15 ge far nti! Perfekt Akrylatmaling er ein unik a gar

fasademaling i absolutt toppkvalitet. Den beheld glans og farge i mange, mange år.

Velkommen til Bartine – ein hyggeleg stad å treffa ast treffast Smår Småretter, etterr, drink drinkar, arr, vin, øl, fforfriskningar orfriskningar og snack snackss

An Andre dre fe festival stivalarrangement a angement på hotellet arr hotellet

8•2012

• Fredag 6. juli:

Apsilies Apsilies – Gr Gresk resk på menyen! kl 22.00 • Fredag 6. juli: Columbi Colu umbi Egg, kl 24.00 • Laurdag 7. 7 juli: Columbi Colu umbi Egg, Egg kl 23.00 23 00 • Søndag 8. juli: Aasmund Aasmund Nordstoga & Abildsø Abil dsø Spelemannslag, kl 21.3 21.30 30

Tlf.: Tlf.: 57 57 83 83 40 00 – ric rica.sunnfjord.hotel@rica.no a a.sunn fjord.hotel@rica.no

Opningstider: Man - fre 07.30 - 16.30

FM 15


RIMELIG OVERNATTING sentralt i Bergen Fra Kr.

195,  

EN GOD NATTS SĂ&#x2DC;VN

    

Vi tilbyr alle typer rom og sengeplasser, gratis bruk av kjøkken. Sengetøy / hündkle for leie.

   



 

  

 

Den kraftigaste og beste sjølvvasken?

Kvar 6. bilvask gratis Foto: Privat

Topp15

Prøv sjølv! Sjølvvask / maskinvask â&#x20AC;&#x201C; Gratis bruk av støvsugar

Fü 30 øre i rabatt frü første liter med Statoil-kortet. Statoilbutikk Førde tlf. 57 82 11 28 Statoilbutikk Jølstraholmen tlf. 57 72 69 69 Statoilbutikk Sogndal tlf. 57 67 39 00

Topp15 er 15 fottu- Alle turane fĂĽr internasjonal merking. Dette skal gjere rar av ulik vanskeSunnfjord til ein destinasjon internasjonal format for grad i Førde, Jølster, av turgĂĽarar, i tillegg til ĂĽ vere Gaular og Naustdal. viktige turar for innbyggarane. Dei fleste vil bli ferdigTurane bitt indre merka i ĂĽr. 8 av turane har Sunnfjord saman og utgangspunkt ved Nasjonal Turistveg Gaularfjellvegen, gjev turgĂĽarane som har første sesong i ĂĽr, fortel Ă&#x2026;shild Kjelstad SeljesĂŚter i varierte og kontraSunnfjord NĂŚringsutvikling. strike naturoppleving. Potensiale

EIENDOMSMEGLING

Markedes laveste provisjon og kostnader.

OPPGJĂ&#x2DC;RSOPPDRAG Selge bolig selv? Vi tar papir- og oppgjør for fast pris pĂĽ kr. 7.500,-

Storehagen 7, 6800 Førde | Tlf. 57 72 01 00 ord@fjordadvokat.no | www.fjordadvokat.no Advokat Ole Rune Døskeland og Torbjørn Kolüs

â&#x20AC;&#x201C; Fotturane skal vere enkle ĂĽ finne, godt skilta, merka og gradert, og hjelpe turgĂĽarar til ĂĽ velje rett vanskegrad i høve kva som passar den einskilde.

FM 8â&#x20AC;˘2012

16

20.995,SPAR KR. 6.370,-

EL-PAKKE MED LED-LYS OG STIKKONTAKT I SKUFF

22.995,KANTATE 101 CM MED SPEILSKĂ&#x2026;P

Kvit matt Svart gummilakk GrĂĽ gummilakk

Best i test, helt enkelt.

Veil. pris kr. 30.160,-

SPAR KR. 7.165,-

FARGE

â&#x20AC;&#x201C; Tiltaket er forankra i lokalmiljøa: Lag, grupper og grunneigarar hjelper til med ĂĽ fĂĽ alt pĂĽ plass. Interessa for vandring er stigande og vĂĽr region har store

høve til ü utvikle dette vidare. I dag er merkinga i stor grad tilpassa nordmenn, erfaringar tilseier at turistar frü andre land treng tydlegare tilrettelegging. Mület med prosjektet er ü utvikle vandring som godt tilrettelagt aktivitet for vitjande og vidareutvikle aktiviteten til ü vere ein del av ei produktpakke for turoperatørar. Dette er ein del av eit Vestlandsprosjekt der Gjensidige Stiftelsen og Sogn og Fjordane fylkeskommune gav dei fire fjordfylka 10 mill. sÌrskilt øyremerka til merking og skilting for vandring, sykkel, sti og padling. Topp 15-prosjektet har fütt tildelt 201.664 kroner.

101 cm Kantate porselensservant og servantsküp med to skuffer. Spegelsküp med avlange lysfelt, stikkontakt og lysbryter. Inkl. integrerte grep og tilbehør. Ekskl. armatur. Veil. pris kr. 27.365,-

Best i test* x4

STIHL HĂ&#x2DC;YTRYKKSVASKER RE 128 PLUS Armert slange â&#x20AC;&#x201C; holder lengre Integrert slangetrommel â&#x20AC;&#x201C; ingen problemer med slangen Integrert lagring â&#x20AC;&#x201C; alltid tilgjengelig

Markedspris:

2 990,-

* Se testresultat pĂĽ sthil.no

Besøk oss i den Serviserende Faghandelen Her für du rüd og tips om hvilken maskin som er best for akkurat deg!

www.comfort.no ďŹ rmapost@dale-ror.no

Hagia Førde - Førde Motorsport Storehagen 3 | Tlf: 41 53 42 45

www.stihl.no


Sommarhygge på nye Elvetorget!

Førde Torg & Elvegården har blitt til Elvetorget - Velkommen til oss

Opningstider:10–20 (10-16) Matvarebutikkane har eigne opningstider Følg oss på

ORRTT GÅÅVEKO

Vårt elektroniske gåvekort kan nyttast i våre butikkar!

Reklamebyrået Inform Media

Gyngehesten | Leikebutikken Yes | Førde Libris | Bunnpris | Rema 1000 | Førde Multimedia Torg | Telehuset | Gullsmed & Urmakar H. Brændmo & J. Pettersen Nille | Audhild Viken | Jernia Førde | Mozart | Kid | Sybutikken | Ting | Olefine - Naustdal Dampbakeri | Spisekroken | Bik Bok | Carlings | Non Stop Sko | Cubus Dressmann | Chatlet Sport1 Førde | Yrkesklær AS - Jobb og Fritid | Lindex | Bokuben | Non Stop Sko | Smia Dame | Smia Herre | Skoringen | Centrum Salong Vivikes | Parfymelle | Link Bingo | Førde Glassmagasin

FM 8•2012

17


Sveitte og champis I Syd-Europa finn du hundretals av dei, og dei blei ikkje bygd for rekreasjonen og sport. Det sto om livet! Via Ferrataen i Loen er bygd for turistar og tilreisande, men det gjere ikkje turen mindre spennande. TEKST OG FOTO: Joachim Vie

– Takka vere engasjerte klatrarar og friske investorar har vi no eit Via Ferrata- tilbod i Loen, fortel Erik Brendefur, dagleg leiar i Loen Active. Selskapet har investert store summar for å bygge eit anlegg på høgde med dei europeiske i kvalitet og tryggleik. Dei skal stå for all aktivitet i Via Ferrataen, og stiller med guidar og utstyr til turistane som kjem til Loen. Selskapet skal ha ansvar for turar til Skåla, og på sikt utleige av syklar og båtar. På plassen mellom Hotel Alexandra og Loenfjord er eit bygg i glas og stål i ferd med å reise seg, det blir Loen Active sin base. – I dag er det berre Hoven og Via Ferrataen det skal handle om, seier Brendefur, etter å ha fortalt litt om ideen og tanken bak selskapet.

Ein lang veg

FM 8•2012

18

Under første verdskrig, spesielt i åra 1916-1917, gjekk det hardt føre seg i Dolomittane i Italia. Austerrikarane og italienarane kjempa mot kvarandre på 3000 meters høgde om dette viktige fjellområdet. Snøras, fallulukker og beinharde vintertilhøve tok mange liv. Løysinga blei å grave tunnelar i fjella, hogge ut trapper og lage vaiersystem for å sikre seg mot å ramle i døden. Dei livsviktige installasjonane under første verdskrig er rekna som dei første Via Ferrataene, eller «klatresti med wire» på norsk. I Norge er Via Ferrata ein ung aktivitet, og per i dag finst berre 5 slike ruter i Norge: Hemsedal, Lom, Odda, Leksvik og no i Loen. – Vi hadde eit austerriksk selskap opp for å utføre installasjonen av wiresystem, boltar og stiger. Deretter kom ein anna kar for å vurdere kvalitet og vanskegrad. Han klatra ruta barbeint, seier Brendefur og glisar medan han trekk på seg klatreselen i hagen på Alexandra. Guiden, Mats Yri, står føre oss, peikar og fortel om kva vi har i vente. Men før ein kan byrje på moroa må ein varme opp. Om lag 40 minutt bratt og ulendt marsj sørgjer for at vi er gode og varme i beina, og at mjølkesyra sit nett der den skal. Etter sjarmøretappen står ein på eit utkikkspunkt i tre, trua opp i fjellsida. Her kan ein ete ein banan medan guide og reisefølgjet kol-

lektivt nyt utsikta inn i Lodalen. Ein fantastisk dragkamp, der grøn sommar et seg opp snøkledde sider med den bregrøne elva som taust vitne – alt under ein knallblå himmel med uvanleg fønvind.

Barnslig – No er det tid for Jomfruberget, seier Mats. – Kjem ein ikkje over her er det like greitt å snu med ein gong, åtvarar han med eit glis. Ein skal ikkje investere så veldig mykje tid for å kome inn i teknikken med dei to korte taulengdane og karabinarane. – Ein løyser aldri ut begge på same tid, seier guiden, for første gong alvorleg. Hekt begge karabinarane på wiren. Når ein kjem til ein bolt løyser ein ut den eine, hekter den inn på andre sida av bolten, så gjere ein det same med den andre – idiotsikkert. – Elles må ein gå attende til barndomen og gammaldags klyving, seier han og sender første mann opp i ruta. Ein kjem inn i fin rutine med rørsle, sikring, nyte utsikt, vente på den føre seg, klatre vidare, sikre, nyte utsikt, og slik held ein det gåande. Undervegs fortel guiden kor vi er i ruta, kor langt


Erik Brendefur er dagleg leiar i Loen Active og leiar an på veg opp Via Ferrataen i Loen.

vi er komen, kor langt det er att og kvifor ruta har ulike namn, som Ormen Lange, Olden-Innvik og andre historienamn du får høyre når du skal gå turen sjølv. Vi gjekk så tidlig i sesongen at det enda låg nokre snøflankar på stien, det gav ein ekstra dimensjon. Det er høgt. Det er til tider luftig. Det er alpint.

Del-Liker Erik går føre meg i dei same joggeskoa han nyttar i Skåla Opp. – Ser du Skålatårnet, spør han og peikar. – Er det ikkje fantastisk det her, slår han utan å vente på svaret. Eg ser atter ein gong berre ryggen hans, medan han ivrig klippar seg forbi ein bolt. Dei brenn for dette, det er ikkje vanskeleg å merke. Guide Mats er eit oppkomme av positivitet. No kjenner eg ikkje til alle guidane som skal jobbe her, men er alle som Mats er det ingen fare. Ingen fare

for at dei som er redde skal «fryse» fast og få panikk. Ingen fare for at den som går seint skal få «kjeft» for det. Eg skal ikkje legge skjul på at det er ein tur som krev at du har gått i fjellet før. Når det er sagt; greier du turen til Skåla-tårnet, så greier du også denne, lett. Når du er komen til topps på Hoven og skal ned til Oppheim, passerar du punktet der dei dristige basehopparane hiv seg utfor. Anbefalar ein stopp der for å få kjensla av kva dei driv med. Vel nede att er det ei bittersøt kjensle av glede over å ha slitt seg ut, og tanken om at eg må heim att same kvelden. Dette konseptet er ikkje laga for at ein berre skal reise heim att og dele opplevinga på Facebook eller anna fjas. Denne turen skal kronast med luksus i form av eit varmt bad, ein betre middag og noko godt i glaset. Aller helst delar ein opplevinga med den som sveitta på deg medan du smilande kikka opp, og den under deg som du sveitta på medan han eller ho like smilande kikka opp på deg.

FM 8•2012

INNFELT 1: Svein Arne Vik var i starten skeptisk til høgda, men det gløymde han raskt i sola på veg opp til Hoven. INNFELT 2: Jo lenger ein kjem oppover, jo finare blir utsikta innover den vakre Lodalen.

19


Dagleg leiar i Reisemål Stryn og Nordfjord, Inger Elin Nes Hjelle saman med reisefylgje etter jomfruturen i Via Ferrata Loen. Frå venstre Erik Brendefur i Loen Active , Svein Arne Vik og guide Mats Yri.

Sjef til fjells Inger Elin Nes Hjelle har eit halvt år i stillinga som dagleg leiar for Reisemål Nordfjord og Stryn. Som røynd fjellvandrar er ho er vant til at det kan blåse friskt på toppane. TEKST OG FOTO: Joachim Vie

FM 8•2012

20

– Eg har høyrt om Via Ferrataen sidan eg starta i jobben, seier ho og kikkar opp på Hoven, fjellet som no er tilrettelagt for turisme. FM utfordra reiselivssjefen til å invitere oss med på ein minnerik tur i Nordfjord. Ho kom attende med den heilt ferske Via Ferrataen i Loen. I korte drag går det ut på å klyve opp fjellet langs faste sikringsmidlar, som stålwire, bøylar, stiger eller bruer. Er ein i normal form skal dette vere overkommeleg, meiner dei som kan det. (Sjå eiga sak om korleis vi opplevde turen opp Via Ferraten) Inger Elin seier vi er blant dei første som går denne turen, og ho gler seg! – Eit kjempebidrag for aktivitetsturismen!, seier ho og fullrosar satsinga.

Fjord og fjell Inger Elin reiste frå Nordfjord i 1993 for å studere. I samband med tilsetjinga henna, skreiv dei følgjande på bloggen for reiselivet i Nordfjord: «Inger Elin Nes Hjelle er 37 år og kjem opphavleg frå Nordfjordeid. Har siste åra budd på Lillehammer, der ho jobba som internasjonal rådgivar i Oppland fylkeskommune. Internasjonalisering er sentralt i val av studium og arbeid. I studietida hadde ho sommarjobb som guide, så ho har vore med mange busslaster med cruiseskipturistar på overlandsturar og i Briksdalen. Aktivitetsbaserte opplevingar er den store interessa. Inger Elin er på tur så ofte som råd, og ein flittig brukar av naturen.» – Eg har kunnskap om å vere på tur, det kjenner eg er relevant no som

Nordfjord satsar på vandring og aktivitetsturisme, seier ho. Dette er vi er sterke på her, og må satse på det. Det er mange spennande reisemål i verda, men vi må spele på naturen, mangfaldet og alt ein kan oppleve. Vi tilbyr stor variasjon på eit lite geografisk område, det er unikt, fortel ho entusiastisk.

Tenk stort nok – Vår jobb i Reisemål Stryn og Nordfjord startar før turistane kjem. Vi skal gjere Nordfjord attraktivt og skape reiselyst, smiler ho og poengterar at destinasjonsselskapet har drive i 15 år, utan altfor mange utskiftingar i mannskap. – Marknadssjefen har jobba her sidan oppstart, det seier litt om arbeidsmiljø og kontinuiteten, fortel ho, men legg ikkje skjul på at det er utfordrande. – Vi er berre fire personar som jobbar fast med dette. Det ligg i korta at vi ikkje rekk over alt til ei kvar tid. Det vil alltid finnast dei som meiner vi ikkje gjere ein god nok jobb med deira kommune, seier ho. Det er vedteke at ein i Norge skal jobbe for å få færre, men meir slagkraftige destinasjonsselskap, slik som Reisemål Stryn og Nordfjord. – Vi samarbeidar godt i Nordfjord, men det er klart at med enda større satsing på regionale destinasjonsselskap, meir ressursar og pengar, så får ein gjort meir av alt, seier ho og ser bakover i statistikken. Ho håpar ein får sjå att dei gode besøkstala frå 2007 til 2009. – Talet på overnattingar toppa før finanskrisa slo inn for fullt. Ei foreløpig spørjerunde hos aktørar i regionen viser forsiktig optimisme, og kanskje ei lita auke, seier ho med glimt i auge. Sidan 60 prosent av overnattingane er nordmenn, og nordmenn reiser etter vêret, så må ho ha YR og andre vêrtenester med på laget. – Vi tåler regn, men det er så fint i Nordfjord at utsikta må vi ha, seier ho og minnast attende til utsikta frå Hoven i Loen ein dag med skyfri blå himmel og snøkledde fjell med grøne dalar.


Eit sommarkupp! Sofa London

20-30% avslag Følg med oss! Det skjer spennande ting framover...

Stol m. skammel

2.995,-

For flere gode tilbod sjå www.fagmiljo.no Opningstider: Mån–ons Torsdag Fredag Laurdag

10.00–16.30 10.00–18.00 10.00–16.30 10.00–14.00

SPAR 500 MILJØ FM FAG Førde Varme og Interiør

Hafstadvegen 39 (ved Esso) | 6800 Førde | www.fagmiljo.no

tlf. 57 72 10 60 www.fagmiljo.no

FOTO KIKKERTAR UR GULL SØLV MUSIKK FOTO KIKKERTAR UR GULL SØLV MUSIKK FOTO KIKKERTAR UR GULL SØLV MUSIKK

Atterhald om utselde varer og eventuelle prisendringar.

Canon-sterke sommartilbod CANON Eos 600D m/Canon EF-S 18-55IS

4995,-

6990,ALTERNATIV Eos 600D: NB! CashBack kr 200,med Canon EF-S 18-135 IS, kr 6.990,med Canon EF-S 18-200 IS, kr 8.990,- (NB! CashBack kr 400,-) Til alle alternativa med Eos 600D kan du få utstyrspakke som inneheld Canon-bag, starter-DVD og 4GB minnekort: kr 495,- (Verdi kr 999,-) CANON EOS 1100D m/Canon 18-55DC obj.

NB! CashBack kr 200,-

4990,-

ALTERNATIV: Canon Eos 1100D med Canon EF-S 18-55 IS, kr 3.495,-

Utstyrspakke: Canon læretui og 4GB minnekort (verdi kr 498,-)

ALTERNATIV Eos 60D: med Canon EF-S 18-135 IS, kr 9.495,med Canon EF-S 18-200 IS, kr 11.290,(NB! CashBack kr 400,-) med Canon EF-S 15-85IS USM, kr 12.990,(NB! CashBack kr 550,-)

CANON IXUS 500HS

CANON IXUS 240HS

2499,- 1999,12 x optisk zoom

Eit enkelt og stilig kompaktkamera.

WiFi

CANON Legria HF-M 506

3999,CANON Legria HF-R 26 HD

1995,-

3.299,-

PowerShot G12 kr

2.999,-

PowerShot G1x kr

CANON EOS 7D kamerahus

Personleg service og god pris. Vårt mål er at alle våre kundar skal få hjelp og rettleiing til å finne akkurat det produktet og den løysinga som høver for kvar einskild. Sjå vår heimeside www.alfhelgheim.no for oppdaterte og konkurransedyktige prisar.

5x optisk zoom

kr

7295,-

ALTERNATIV Eos 7D: med Canon EF-S 18-135 IS, kr 12.490,med Canon EF-S 18-200 IS, kr 13.990,(NB! CashBack kr 400,-) med Canon EF-S 15-85 IS USM, kr 14.990,med Canon EF-17-40 F.4,0 L USM, kr 15.990,(NB! CashBack kr 550,-)

999,ANDRE POWERSHOT-KAMERA: PowerShot S100

CANON EOS 60D kamerahus

2995,- 9995,CANON EOS 1100D m/ «dobbel zoom kit»: Canon EF-S 18-55DC og EF-S 55-250IS

1999,inkl. utstyrspakke

CANON Eos 600D m/ «dobbel zoom kit»: Canon EF-S 18-55IS og EF-S 55-250 IS

CANON PowerShot A2300/A3200

CANON IXUS 230HS

6.995,-

CANON OBJEKTIVKAMPANJE Velg mellom 20 objektiv, 3 blitsar eller 2 extanderar og få tilbake inntil kr 1600,- i Cash-Back. Tilbodet gjeld t.o.m. 30. juni. EKSEMPEL: Pris Cash-Back Canon EF-S 55-250IS 1.995,Canon Speedlite 430 EX II 2.295,Canon EF-S 18-200 IS 3.995,Canon EF-S 15-85 IS USM 5.695,Canon EF-S 18-135IS 3.195,Canon 60 mm F. 2,8 Macro 3.495,Canon EF 100 mm F. 2,8 IS Macro 6.995,Canon EF 70-300 IS USM 4.195,Canon EF-S 10-22 USM 6.395,Canon EF 100-400 F. 4,5-5,6 L IS USM 13.195,Canon EF 70-200 F. 2,8 L IS USM II 18.995,-

200,200,400,550,200,250,550,400,550,700,1.600,-

Du finn alle Cash-Back produkta på www.alfhelgheim.no

Alf Helgheim & Co AS Skei Sentrum, 6843 Skei i Jølster Tlf. 57 72 83 11 • Fax 57 72 83 29 www.alfhelgheim.no • post@alfhelgheim.no

FOTO KIKKERTAR UR GULL SØLV MUSIKK FOTO KIKKERTAR UR GULL SØLV MUSIKK FOTO KIKKERTAR UR GULL SØLV MUSIKK

FM 8•2012

21


%DVVHNRX.RX\DWp 1JRQL%D_0DOL

1962 - 50 ĂĽr - 2012

â&#x20AC;˘ Open heile ĂĽret, 01.01â&#x20AC;&#x201C;31.12 â&#x20AC;˘ Caravanplassar med strøm, vatn/avløp. For kortids- og langtidsleige â&#x20AC;˘ Komfortable hytter, for døgnleige og mĂĽnadsleige â&#x20AC;˘ Leilegheiter, nye 2012 â&#x20AC;˘ Nytt, moderne sanitĂŚranlegg (2011) â&#x20AC;˘ Flott leikeplass â&#x20AC;˘ 50 m. lang vannsklie med oppvarma vatn

FM 8â&#x20AC;˘2012

22

â&#x20AC;˘ 12 hols minigolfbane â&#x20AC;˘ Utandørs bordtennis Har du ønske nske om aktivitetar a har vi gode naboar; Sunnfjord golfklubb, golfklubb Jølster Skisenter, Jølster Rafting, Jølstramuseet, museet, Jølstra st a med ďŹ ske og vi har masse ďŹ&#x201A;otte turomrĂĽder. mrĂĽder.

.iOPiQ%DORJK*\SV\ &\PEDORP%DQG_8QJDUQ

6HUGHJSn IHVWLYDOQDWWD 'HQQHNYHOGHQKDUGXVMDQVHQWLOnWD)ÂĄUGHIHVWLYDOHQ SnSXOVHQPHGGHLKHIWLJDVWHU\WPDQHIUn&XED0DOL 8QJDUQRJ0DGDJDVNDU)HVWLYDOQDWWDHUGHQQDWXUOHJH PÂĄWHSODVVHQIRUDOOHIHVWLYDOGHOWDNDUDUIDVWEXDQGHRJ WLOUHLVDQGHL6XQQIMRUG

9HONRPPHQWLOIHVWLYDOQDWW /DXUGDJMXOLNOSn 5LFD6XQQIMRUG+RWHO 6SD$OGHUVJUHQVHnU %LOOHWWDUNMÂĄSHUGXSnELOOHWWVHUYLFHQR 3ULVNU   PHG)HVWLYDOSDVVNUSUELOOHWW PHG6WXGHQWSDVVNUSUELOOHWW

6MnIRUGHIHVWLYDOQRIRUPHLULQIRUPDVMRQRPIHVWLYDOSDVV

)ÂĄUGHIHVWLYDOHQ Sn)DFHERRN

PlusCamp Jølstraholmen Camping og Hytter 6847 Vassenden post@jolstraholmen.no tlf.: 95 29 78 79

'DPLO\_ 0DGDJDVNDU

IRUGHIHVWLYDOQR

JDVWDQR

6HSWHWR6DQJLDJXHUR_ &XED


Fullbyrdar draumen om å fly

FM 8•2012

23

På Tvildemoen ved Voss strevar eit tårn 37 meter mot himmelen. Bygget er siste tilskotet til vinter- og ekstremsportsdestinasjonen Voss: Vossvind sin vindtunnel, som gjev deg høve til å fly som fuglen. <<

TEKST OG FOTO: Roy Sunde


<<

– Vindtunnelen er den første i sitt slag i Skandinavia, så vi håper vi blir eit landemerke og eit samlingspunkt for bygda og menneskjer som søker opplevingar, seier daglig leder Hans Christian Amli i Vossvind Drift AS. – Vossvind er eit naturlig tilskot til ekstrembygda, som styrkar og utvider marknaden. Vi er einaste innandørstilbodet i bygda, og kan nyttast året rundt, uavhengig av ver.

Populært

FM 8•2012

24

Vindtunnelen opna 28.april etter eit års byggetid, og har alt blitt ein populært stad. – Pågangen for å prøve vindtunnelen er stor og vi ser mange blide ansikt her. I år satsar vi på å tilby cirka 1.100 flytimar i tunnelen og omsette for 11 millionar kroner. På eit fullt driftsår trur vi omsetnaden vil ligge på 16 millionar, fortel Hans Christian, og seier at dei 6 årsverka dei starta med truleg raskt blir for lite. – Vi treng fire timar flytid dagleg for å gå i pluss. Det er vi alt forbi. Det er kjekt, og betyr at vi må tilsette. Truleg er vi ni faste om eit år, samt 5-6 frilansinstruktørar, seier han og understrekar at det ikkje er fullt. – Kapasiteten er enorm, og vi er langt frå fullbooka, sjølv om vi har mykje bestillingar i sommar, seier han og fortel at dei yngste brukarane er i fleirtal. – Spesielt i alderen 8 til 18 år, fordi vi har marknadsført oss mest mot dei. Vi vil satse meir på bedriftsmarknaden, utdrikkingslag og turisme framover. Vi siktar oss inn på 50/50 på turistar og proffsegmentet. – Kvifor kjem folk? – For å fly. Vi har vel alle hatt ein draum om det som barn, og den får du realisere her. Folk går ut av kammeret med eit ønskje om meir, og eit smil rundt munnen.

Både for proff og amatør Inne i tårnet til 53 millionar, teikna av arkitekt Petter Tenold i OG Arkitekter, ligg fire vifter som kan akselererer lufta til 300 km i timen i det 12 meter høge flykammeret. – Vindstraumen kan regulerast frå 120-300 km/t, så både turistar, privat-

Kenny Andre Soldal er ein av instruktørane på Vossvind.

personar og fallskjermhopparar kan nytte oss. Landslaget trener her og Voss Fallskjermklubb nyttar oss til grunnkursing før nybyrjarar skal hoppe. Det gjev god læring, det er ingen frykt i tunnelen. Du er trygg, og alle kan prøve, unnateke folk med store skulderproblem. Aldersgrensa er sett til fem år. Vi kunne teke mot mindre barn, det er så godt som ufarleg, men vi har satt grensa der. Det hender proffane gjev for mykje gass, og har dobbelt så høg fart og momentet, men det er ikkje høgare risiko enn på eit tivoli, i verste fall risikere ein ei forstuing. Det er plass til åtte hopparar i kammerset, avgrensa av ferdigheitene til dei som flyr. Over 12 meter vidar kammerset seg ut, og farten går ned, så høgda regulerer seg sjølv.

Grunnpakken er fin start Turistar kan velje tre ulike pakkar med flyging, frå 690 til 1990 kroner. – Grunnpakken er av 2x 1,5 minutt, medium seks minutt og stor pakke på ti minutt. Det er inkludert 30 minutters briefing med innlæring av teikn og korleis ein skal oppføre seg i tunnelen, samt lån av klede og utstyr. Det høyres ikkje lenge ut, men du blir sliten, det er ei intens oppleving. Kjem det eit utdrikkingslag der han som skal drikkast ut får ti minutt, er han ganske sliten når han ferdig, og totalt tek


Tore har smilt sidan han testa flyging hos Vossvind. Kenny Andre Soldal instruerer, og gir tommel opp, medan dagleg leiar Hans Christian Amlie styrer vinden i bakgrunnen.

Som fuglen Tyngdekrafta blir utan effekt når vinden spelar på lag. Og i proffane sitt tilfelle er det full kontroll, og samspel. I dette tilfellet mellom to, men tunnelen kan romme 8 stykker om ferdigheitsnivået er høgt nok.

opplevinga cirka 1,5 time alt i alt. Vi sel familiepakkar, der flytida kan delast på familien, og har eit tilbod som heiter Voss Vind og Vatn, som kombinerer flyging i vindtunnelen med rafting, samt overnatting på Fleichers Hotell eller Vandreheimen. Ein kan og få video av opplevinga.

Samarbeid Vossvind er fersk, men ideen er ganske gammal. – Vindtunnelar har eksistert sidan 60talet, og ideen har eksistert lokalt sidan 80talet. Men i 2005 tenkte grunder Thomas Hårklau, vi kan ikkje berre prate om det, vi må gjere det. Han hoppar ikkje fallskjerm sjølv, men er elektroingeniør. Han sette seg ned og teikna. Canica AS er største investor, med 57 prosent. Constructa Entreprenør bygde huset, og er investor i bygget med 12,5 prosent. Resten eig lokale investorar. Indoor Skydiving Germany står for vindtunnel. Investeringskostnaden er dekka inn med lån frå Voss Veksel og Landmannsbank, Voss Sparebank, samt Innovasjon Norge, som og gav tilskot. Heile bygda står bak, for å realisere eit nytt produkt som utviklar Voss og forsterkar statusen som aktivitetsbygd. Strategien er at Voss skal bli den typiske destinasjonen for den som søker natur og action, avsluttar han.

«Learning to fly» syng Pink Floyd. Og det hadde eg også lyst å lære. TEKST: Tore Fossen FOTO: Roy Sunde

Som liten drøymde vi om å kunne fly. Trur det må ha vore før eg oppdaga at eg hadde høgdeskrekk. Ikkje det at eg har problem med å vere om bord i eit fly, eller helikopter. Men gje meg ein stige, og det byrjar å knyte seg i mageregionen ved tanken på at eg skal opp nokre trinn. Ei heller likar eg meg på hustak eller i bratte fjellskrentar. Altså, eg kunne aldri blitt kranførar, feiar, målar eller linjemontør. Men det har sine fordelar å slite med høgda. Det er ei ypparleg orsaking for å sleppe å måle huset, eller skrape mose av hustaket. Ein gong tok eg affære i høve til høgdeskrekken min, og takka ja til eit tandemhopp i paraglider. Ei oppleving som lettast kan kategoriserast som skrekkblanda fryd. Eg var pisseredd og oppdaga at eg tviheldt i snorene, der eg hang i stolen under føraren av paraglideren. Som om det hadde hjelpt særleg mykje om skjermen skulle klappe i hop. Det vart med det eine hoppet. Ein tidlegare sjef eg hadde sleit også med høgdeskrekk, men i langt større grad meg. Han sveitta berre han gjekk inn i ein flycabin. «Hadde det vore meininga vi menneske skulle kunne fly, hadde vi hatt vengjer», sa han. No var lysta komen til igjen å prøve å fly. I vindtunnel på Voss. Merkeleg nok var eg lite nervøs for det som skulle skje. Ein tilsynelatande roleg instruktør gav ei rask innføring om korleis ein skulle flyte på luftstraumane som strøymer oppover i den store glaskolben, som er arena for dette «umoglege»: At vi menneske skal kunne fly. Inn i slusa, på med vinden, og instruktøren tek tak i meg i det eg entrar døropninga. Og så flyg eg. Først er det nesten ikkje til å tru. Eg berre svevar. Og gliser. Sjølvsagt slit eg litt med å finne balansen, halde haka opp når eg vil ned og svinge med armane. Men bevare meg vel kor moro. Etter halvanna minutt er første omgang over. Ein liten pause, og litt forklaring på kva eg gjorde rett og gale, og så er det på hovudet inn att i tunnelen. Halvanna minutt seinare er det pause igjen, og så ei bonusrunde. No gjekk det sjølvsagt mykje betre, og meistringskjensla tek overhand. Eg flyg oppover, og så skal eg svinge, men det har eg visstnok ikkje full kontroll over enno. Kroppen min tek retning mot glasveggen, og i det eg skal ta meg for, blir eg «kylling». Har du ikkje armane framover og kroppen i horisontal posisjon, så har du heller ikkje oppdrift. Resultat: Eg deisa i golvet med rygg og hovud først. No er golvet heldigvis av netting, så det gjorde ikkje vondt. Men eg vart ei erfaring rikare. Skal du fly, må du lære å flyte på luftstraumane. Ikkje feige ut og krølle saman armar og bein. Etter tredje og siste flygeopplæring, er konklusjonen tindrande klar: Eg skal tilbake til Vossvind og prøve igjen. Sjølv tilårskomne kroppar som min, med stive hofter og dårleg kroppskontroll, vil ha stor glede av nokre minutt i vindtunnelen. Men eg vil aldri gjere noko for å bli kvitt høgdeskrekken, for det blir det berre sånt mas som i Butinox-reklamen: «Tore, skulle ikke du male huset?».

FM 8•2012

25


Fjellfolk Har du ynskjer om ein tur som er litt brattare og litt skumlare enn du er god for? Hos Norgesguidene kan du ikkje berre lytte til erfarne fjellfolk, du kan få dei med deg. TEKST OG FOTO: Joachim Vie

– I Alpane er det heilt vanleg å nytte seg av ein guide når ein skal til fjells. I Norge trur eg det lenge har gått prestisje i å greie seg utan guide, seier den store skjeggete dansken framfor meg. Øjvind Kåre Øst er ein av grunnleggarane av Norgesguidene AS og er busett i Jostedalen i Sogn. Selskapet har hatt ei jamn auke i omsetnad kvart år, og 95 prosent av kundane er nordmenn, noko som stadfestar at trenden har snudd. – Det er fleire forklaringar på at omsetnaden vår aukar. Vi har eit betre og større nettverk av guidar, folk tek fri også utanom den vanlege ferietida og ikkje minst er det fleire som vil ut i naturen no, fortel Øjvind, som er kundens første møte med Norgesguidene. Han helsar på Peder Kjærvik, leiaren av Breheimsenteret, og hentar ei kanne med kaffi.

Tradisjonelle – Eg fungerer som dagleg leiar no, men vi har ein veldig flat struktur, fortel han. Dei er seks aksjonærar. Øjvind sin jobb i tilleg til fjellføring er å ta i mot bestillingar frå kundar, sette dei i kontakt med den guiden som er aktuell for aktivitet og område. – Vi har ikkje eit reisekontor der du kan tinge billett for å vere med oss på tur, slik dei har her i Jostedalen, med breførar som tek deg med på faste turar opp på breen. Vi har eit nettverk på om lag 25 guidar forskjellige stader sør og vest og nord i Norge. Dei som tek kontakt med oss veit kor dei vil, eller kva dei vil, men dei er gjerne ikkje i stand til å kome seg dit på ein trygg og god måte, fortel han. Medan vi sit i det provisoriske teltet til Breheimsenteret i Jostedalen, kjem ein og annan turist innom og kikkar på dei få suvenirane som er pakka ut. I Norge er det ingen som hindrar deg i å ta betalt for å guide ei gruppe turistar til fjells. Det er ingen yrkeskrav for å drive med guiding. Likevel er ansvaret stort når ein vel å ta med seg folk høgt og bratt til fjells. Norgesguidene vart etablert av dei profesjonelle, og fem av hovuddveg-leiarane i Norgesguidene er utdanna tindevegleiarar. – Det er den høgste profesjonelle utdanninga ein kan ha innan fjellsport, seier Øjvind og held fram. – Med denne utdanninga har ein solid erfaring i tillegg til å ha fått god oppfølging av dyktige vegleiarar gjennom utdanninga. Øjvind fortel at turane deira ofte føregår høgt, bratt og i potensielt farlege område. - Som arrangør er det trygt å vite at guidane er vande til å greie seg aleine, langt frå folk og har stor sjølvtillit innan fjellsport. I tillegg skal dei gje folk ein meirverdi nettopp fordi dei kan gjere trygge vurderingar og auke kompleksiteten på turen. Dei kan gå brattare fordi dei kan å sikre seg og gruppa i bratt terreng. Dei kan vurdere skredfaren i den fine fjellsida, slik at du kan nyte nedkøyringa på ski slik den skal nytast. Eller dei kan ta deg med til ukjende naturperler, fordi dei som regel er lommekjende i området, fortel han entusiastisk idet eit helikopter flygande over breen og landar nede i dalen.

Naturleg friluftsliv – Altso, eg har ikkje noko i mot at Statkraft, som trass alt leverar grøn energi, flyg opp og ned på fjellet, seier Øjvind medan han leitar etter dei rette orda. – Eg slit med lyd-forureininga, seier han endeleg. – Norgesguidene er ikkje innovatørar. Vi nyttar gamle og velkjende metodar for å bevege seg på bre eller i høgfjellet. Det er naturen, opplevinga og å vere undervegs som er i fokus, fortel han engasjert. Når vi opplever ein heil dag med helikoptertrafikk, der dei fraktar mat og utstyr til turisthyttene,

Øjvind Kåre Øst er grunnleggar av Norgesguidene og forkjempar for eit naturleg friluftsliv. Han er busett i Jostedalen, med kort veg til storslått natur.

Kom deg ut • Solund/Sognesjøen munninga av Sognefjorden Kva som helst som ikkje bråkar for mykje, men som flyt, kajakk, seglbåt, snekke. Medan du reiser frå øy til øy kan du nyte fabelaktige konglomeratformasjonar. Dette er gammel morene, kanskje Norges største endemorene, frå da Norge blei skapt. Fjorden er 1300 meter djup, men ytst er det berre 20-40 meter. • Store Austabotntind Det perfekte fjell. Ikkje for mykje stigning, bratt luftig og stilig, fantastisk utsikt. • Overraskinga Gå ut i naturen heime og sjå kva som skjer. Den er heilt fin og absolutt verd tida du nyttar på det, sjølv om den ikkje har vore på framsida av Fri Flyt! Om den ikkje er spennande nok for deg, bør du ta deg sjølv opp til vurdering.

så er det eit «drawback» for turfølgjet, det kan ein ikkje leggje skjul på. Han snakkar om personlege haldningar til tur- og naturopplevingar. Norgesguidene har ingen politiske agendaer eller mandat, men dei tek folk med seg på turar der naturen set premissane for opplevinga, ikkje nødvendigvis kva reiselivsbransjen meiner er riktig. På nabobordet sit dagleg leiar ved Breheimsenteret Peder Kjærvik sit på nabobordet og pratar engelsk med noko som ser ut til å vere reisejournalistar frå framand land. – Så lenge det er berekraftig å drive slik vi gjer, så vil vi det. Vi betalar fjellførarane før vi betalar eigarane for det administrative arbeidet, og slik må det vere. Vi starta ikkje Norgesguidene for å bli rike og berømte, men for å leve av det vi likar å drive med, fortel han og sparkar til dei som er premissleverandørar for reiselivet. Bransjen snakkar om kva turistane etterspør, utan å ta omsyn til det vi har og er gode på; nemlig geo-turisme. Om vi skal gjere alt for å tekkes etterspørselen risikerer vi å øydelegge mykje på vegen. Han meiner ein må ha nasjonale føringar for vern av natur – Og den planen bør handle om det klassiske og eviggyldige «enkle friluftsliv», urøyrd natur og ikkje motorisert ferdsel. Dette er unike handelsvarer som blir sjeldnare og sjeldnare på eit globalt nivå, avsluttar han. Helikopteret tek den siste scooteren ned frå fjellet og dansken set seg i bilen og køyrer ned den idylliske Jostedalen klar for ein aktiv sommar.

FM 8•2012

27


Frå branntomta til Breheimsenteret ser ein ned på teltet som etter planen skal erstattast av eit nytt bygg sommaren 2013.

Provisorisk sommar Breheimsenteret i Jostedalen er nav i turisttrafikken i Jostedalen, og organiserer straumen av turistar til aktivitetar og opplevingane der. Når bygget brann i fjor var gode råd dyre, men det løyste jostedølane lett. Og dei ser lyst på nok ein sommar med mellombelse løysingar. TEKST: Roy Sunde FOTO: Joachim Vie

FM 8•2012

28

– Vi kasta oss rundt, smiler Peder Kjærvik, leiar på Breheimsenteret sidan 1996. – Det brann om natta, neste dag serverte vi tre rettars lunsj til 70 gjestar. Vi hadde ikkje ei avlysing som følgje av brannen, som ikkje skal bremse oss i år heller, sjølv om vi må jobbe i mellombelse lokale. Det var ei utfordring å få tak i alt vi trengte, samt straum, vatn osv, men det gjekk greitt, og no har vi det flott: Vi har blant anna leigd oss konteinarar med ferdige storkjøkken vi lagar mat i, og eit stort rammetelt med plass til å servere 100 personar i. I tillegg har vi lokale til all organisering av turar og turistar, sal av suvenirar, turistinformasjon osv, smiler han. – Vi har alle funksjonar vi hadde i Breheimsenteret, bortsett frå utstillingane, der klarar vi ikkje å lage provisoriske løysingar I desse dagar går spaden i jorda, og eit nytt Breheimsenter skal reise seg av oska. Det betyr starten på ein hektisk sesong, følgt av ditto vinter og enno meir hektisk 2013-sesong. – Bygget skal stå klart i 2013, så vi det er nok å henge fingrane i med både bygg, og å lage til ustillingar. Så det blir nok ein hektisk vinter også i år, seier Peder.

Lys framtid Årets sesong er godt i gang, og startar tidlegare og tidligare.

Aluminiumsskyvedører Vi monterer nye, vedlikehaldsfrie skyvedører.

Halbrendsøyra 7 • 6800 Førde Tlf. 57 83 08 50 • www.holvikglas.no

Leiar på Breheimsenteret, Peder Kjærvik.

–Talet og storleiken på cruiseskipa som kjem til Skjolden, som vi får trafikk frå, aukar, og kjem også tidligare på sesongen. Førre veke var det ein båt med 3000 passasjerar her, det gjekk bra for både Skjolden og oss, smiler han. – Neste år kjem 40 cruiseskip, mange av dei store, det er ei dobling frå i år. Det blir interessant å sjå korleis vi taklar, seier Peder med glimt i auget, og fortel at årets sesong ser normal ut i tal turistar. – Vi har ikkje merka noko til krisetider i Europa. Dei første som kjem er tyskarar, nederlendarar og spanjolar. Vi ser kanskje ein liten tendens til færre spanjolar, men det er for tidlig å trekke bastante konklusjonar. Og tradisjonelt er det turistar som er ganske godt økonomisk stilt som kjem til Norge på ferie, så eg trur ikkje vi blir hardast råka. Det kjem fleire hit frå Asia, Korea, Taiwan, Malaysia og Thailand blant anna, takka vere reiseløft i Asia, der talet reisande auker. Norge er godt marknadsført der, og Sognefjordregionen er ein spydspiss . Vi merkar tydlig at fleire ønskjer aktive feriar, kanskje spesielt norske turistar, og å ta del i aktivitetar som brevanding, fjellturar, vandring, kajakkpadling, guida turar osv. Det er jo godt nytt for oss, smiler Peder til avslutning.


DRØYMER DU OM EIT LIV UTAN LINSER OG BRILLER? Vi opererer langsynte, nærsynte, skeive hornhinner, alderslangsynte, grå stær og deg med dårleg mørkesyn. Smertefri, rask behandling for eit nytt liv! Rentefri delbetaling. Uforpliktande forundersøkelse! Ein av Europas dyktigaste synskirurgar TTa kontakt for meir informasjon og referansar!

Madama

Butterfly Av G. Puccini Operahuset Nordfjord, Nordfjordeid

Premiere: 29.09. Kl. 18.30 Matiné: 30.09. Kl. 14.00 Øvrige forestillingar: 2.10, 3.10, 5.10, 6.10, 9.10, 10.10, 12.10, 13.10 Alle kl. 18.30 Musikalsk leiing/regi: Michael Pavelich

Synskirurgi er ei tillitssak

I rollene: Lise Granden Berg/Janne Berglund, Thomas Ruud, Trond Halstein Moe, Angelica Voje, Jan Erik Fillan, Per Andreas Tønder

Er du lei briller og linser? Vi opererer auga dine trygt og raskt, med topp moderne utstyr. Etterpå kan du legge vekk briller og linser for godt, og nyte eit aktivt og godt liv.

Billettar: www.operahuset.no Eid Bibliotek, tlf: 57 83 49 76

Tilknytta kirurgar: dr.Thilesen, dr.Plesner, dr. Meberg

Sogn og Fjordane Synskirurgi, Sørstrandsvegen 9, 6823 Sandane Tlf.57 86 74 00 • www.synskirurgen.no

www www.operanordfjord.no .operanordfjord.no

Firda Billag AS Storehagen 4 • 6800 Førde Tlf. 57 72 50 00 www.firda-billag.no

FM 8•2012

29

Tema i avisa er ut på tur Skal du på ein litt lengre tur, treng du sikkert ein turbuss. Vi har turbussar i fleire storleikar og utstyrsgrad og køyrer deg der du vil. Kontakt oss på telefon eller kom innom så lagar vi tilbod etter ynskje

• Skadereparasjon • Glass, frontrute reparasjon/skift • Lakkering • Klimaanlegg reparasjon/påfyll • Solfilm Vi takserer skadar for private og forsikringselskap kvar dag! Er det ynskjeleg kan vi òg hjelpe med skademeldinga.

Opningstider: Mandag - fredag 730 - 1600

Riis Bilglass i Sogn og Fjordane: Bilskadesenteret AS, Førde


Glampingtid Glamping betyr glamorøs camping. Eit fenomen som omfattar Norge etterkvart. TEKST OG FOTO: Roy Sunde Bjarte Sunde viser fram 10 meter med campingvogn. Stort nok for dei fleste?

Ei studie Turismens utredningsinstitut (TUI) utførte for Sveriges camping- och stugföretagares riksorganisation (SCR) viser at campingturistane vil ha luksus. – Dei har høgare krav til komfort enn før, seier Martin Juhos, i SCR til Aftonbladet. – Camping er i rivande utvikling. Campingvogner og bubiler har snart like høy standard som kva som helst leilegheit, seier Hilde Charlotte Solheim, Direktør Reise Norge, til Dagbladet og spår fleire highend campingplasser. – Vi føretrekk hytte, leilegheit eller camping før hotell, og fleire stiller strenge krav til plassering og fasilitetar. Vi spurte den lokale bransjen korleis dei ser utviklinga.

– Vi tenkjer ikkje på oss sjølv som luksus, men ein middelstorcamping på Vestlandet. I blant er eg redd folk kjem med for høge forventingar, men det er ei hyggeleg spore til å bli betre. På studietur i Austerrike og Italia før siste utbygging såg vi glamping, mellom anna Europas beste camping, med innandørs skøytehall, basseng inne og ute, hesteriding, restaurantar, frisør, fysioterapeut, og meir, fortel ho, og seier framtida er vanskelig å spå. – Brått svingar det, og folk vil ha det meir nøkternt. Når vi starta var vognene små, og bubil Volkswagen-bussar. Før ville folk bu på hytte, no vil ein ha eigen base med tilgang til godstol, fjernsyn og internett, som er det første folk spør om. – I 2010 kom nye sanitæranleggkrav. Før hadde ein fellestoalett, med båsar. Vi har no tolv låsbare bad, vanlege og familierom, og stellerom for dei minste med spesialbygd babybadekar i stellebord, og hjørnebadekar til dei store, smiler ho. – Det er kanskje luksusen vår, saman med dei to utandørs badebassenga.

Frå VW-buss til luksusdoningar

FM 8•2012

30

På Byrkjelo Camping overtok Kristin og Anders Bjørkelo for fullt i 1989. – Ein ser tendensar til campingluksus og større einingar, men vestlendingar ligg litt etter. Køyrer ein mykje lokalt ønskjer ein ikkje dei største einingane. Blant utlendingane er trenden store vogner og enorme bubilar, spesielt tyske, belgiske og hollandske turistar, sjølv om vegstandaren skremmer ein del. Nordmenn er meir beskjeden, eg har ikkje sett ein norsk familie med bubil på 11-12 meter. Dei størst er som små vogntog, seier ho og fortel at sjølv om slike bilar kostar, så er alternativet dyrt og. – Sjølv dyre bubilar er ofte billigare enn hytter i dag. For mange er bubil/vogn hytte i praksis, ein trend der er at ein både har fastvogn, og ei køyrevogn/bubil å reise med, smiler ho. – Største vogner har nok fastliggarar, og større einingar stiller ditto krav til oss. Underlaget må vere bra, med fundamentere vegar og oppstilling, gjerne asfalt, elles køyrer dei seg fast. Tomtene har auka frå 8x10 m til 12x15 m, fortel ho og seier kåringa til årets campingplass i 2009 var overraskande.

Større og større år for år

Kristin Bjørkelo

Vaks du opp i Sogn og Fjordane har du irritert deg over undermotoriserte bubilar, som lunkar. Dagens doningar verken lunkar eller er små. Vi selde nett ein Concorde Liner 1150 miniGmax, for 3,490 millionar. Den dyraste bilen Arve Opsahl AS har levert i Norge. Gøy sidan Førde er minste avdelinga, seier Jarle Undeland, dagleg leiar på avdeling Førde. – Prisen inkluderer alt du treng, og litt til, bortsett frå bilen som skal stå i den innebygde garasjen i buken. – Bilen veg 15 tonn, er 11,5 meter lang og 2,5 brei, er registert for 6 personar under køyring med soveplass til sju. Den krev sertifikat for tunge køyretøy, men er ikkje vanskeleg å køyre, seier han om beistet som skal til Rogaland og fortel at det går dyre bilar her også. – Eg leverte nett ein bil til 2,2 millionar i Førde. Vi har rekordsal i


Slik ser det ut inne i ein Concorde Liner 1150miniGmax som i tillegg har eigen garasje under soverommet.

Mobile hytter, som helst står i ro

– Telta har golvvarme, stor TV, varmepumpe, bilete på veggane, sofagrupper og alt du finn i stova heime. Sjølv har eg «hytte» på Reed, då ein ser eit aukande tal faste fortelt. Eg har sjølv, det gjev god plass, så vi har gått ned i vognstorleik, seier trebarnsfaren. – Dei som har barn vil gjerne ha store vogner med faste sengeplassar du slepp styre med. Folk stiller krav til høg standard, god service på campingplassen, og i tillegg til vassuttak og straum vil ein ha kabelfjernsyn, internett, gode sanitæranlegg og kiosk med varm mat. Etterspurnad etter fast vognplass er stor, mange campingplassar har ventelister, men totalt er det for få campingplassar. – Kva er det med camping som lokkar slik at du både lev av det, og med det? – Det er sosialt og avslappande. Ungane storkosar seg, då kosar dei vaksne seg og. Camping lokkar alle typar folk i dag. Camping er fridom, samtidig som det er billigare enn båt. Det og mobiliteten gjer at mange går frå båt til vogg. Bubil har nok ei «vaksen» kjøpargruppe, dei kostar meir enn vogner.

– Vi sel mest halvstore/store vogner, frå 5,6 meter og opp til 8 meter, men marknaden for større vogner veks. Vi selde nett ei Kabevogn på 10 meter, fortel Bjarte Sunde på Caravan Vest AS, og prisforskjellen vogner er stor. – Du får vogner frå 150.000 levert med gass, batteri og frakt inkludert, medan dei største kostar 700.000. Det er ikkje tvil om at både vogner – Du får ikkje med sofagruppa inn og bubilar er av høgare kaliber enn for nokre år Har du tre millionar kan også du 20.-21. juli blir Eid fylkets største campingplass, sidan. Eg vil ikkje kalle det luksus, men folk vil ha rulle standsmessig rundt i verda, Malakoff-festivalen er årsak. same nivå på vogna som heime, og lettvint. Vi sel Flei ein Concord Liner. – Mange tilreisande har familie eller venner dei camxicamp fasttelt, vårt eige varemerke produsert i Bygstad, par hos, det er camping i nesten kvar ein hage i festivallevert med bakvegg, som er tett om vogna er vekke. Mange helga, ler festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal. vel mover med fjernkontroll, som køyrer vogna på tomta, til – Vi starta beskjedent i 2003 med 600 betalande tilskodarar. I nokre og tjue tusen, og vil ha parabol, vassboren golvvarme, komfyr 2006 kom 4500, og i fjor 14.000. Om vi får like mange innom i år er og multimedia. Eg leverte nett ei 780 vogn, til ein halv million der sentvi nøgd, men vi har kapasitet til15.000. Når det gjeld festival-camralstøvsugar, klimanlegg, multimediapakke osv er standard frå levepen overnatta 350 der i 2003, i fjor 4000. Det er maks. Camparane randør. Folk vil ha store bad og dusjkabinett, og vogner som er eit er folk frå 16-26, fleste frå Sogn og Fjordane, men ein del frå naboreelt og mobilt hyttealternativ. Dei ønskjer kvalitet, og legger meir krofylka. Det kom mykje nye folk frå Volda/Ørsta/Ålesund, og Bergensner i det enn for nokre år sidan. Faste fortelt gjer campingplassar til område. Det kjem folk frå andre stader også, men dei har gjerne ein «hyttergrender» du slepp rigge ned for vinteren.

FM 8•2012

31

<<

år: 30 Challenger og 9 Concorde. Normalt sel vi ca. 20 Challenger. Økonomien til folk flest er friare enn på lenge. Ein del går frå båt eller hytte til bubil, som har blitt «stovereint». Jo fleire som kjøper, jo fleire opplever kor flott bilane er og vil ha. Folk vil ha vedlikehaldsfrie ferie, ikkje måle og stelle hytta. Fridom er viktig årsak til at mange vel bubil. Stadig fleire unge kjøper bubil. Kundar vil ha moderne bilar og stiller store krav til bil og seljar, men bilen vi sel mest av er «nøktern»: Ca. 7 meter, med pris rundt 600.000 kr. Folk vil vere sjølvhjelpt: Bilen skal kunne stå ei tid utan straumtilgang: Varme frå dieselvarmar, Led-lys som senkar straumbruken, og aggregat. Inne vil ein ha alt frå oppvaskmaskin til surroundanlegg. Du bygger bilen som du vil.


<<

Arnt-Ivar Naustdal

slags relasjon hit, seier han og tenkjer høgt om kvifor campingen er så populær. – Campen og festivalområdet ligg «vegg i vegg». Nærleik er viktig, alt er på same stad. Dei færraste kjem med glampingforventingar, men krava stig. – Folk veit dei skal på festival, men mange vil ha anna overnatting enn telt. Hytter og hotell i Eid er fulle ut 2014 denne helga. Folk vi ha meir komfort, men kapasiteten er sprengt. Våre gjestar er innstilt på feltliv og har med rekvisita som spritar opp teltlivet: Sofagrupper, salongbord, kjøleskap, frysar, you namne it. Men slik må vi stoppe i døra, elles glir det ut, smiler han. – Kva seier dei som står der med sofaen då? – Dei skjønner det, men seier det var verdt forsøket! Campingstolar er greitt. Vi sel eigen Malakoff-stol, smiler han, og fortel kva ein må ha på plass. – Gode fasilitetar: Sanitæranlegg, toalett og kiosk. Vi fokuserer spesielt på toalett i år, doblar kapasiteten og satsar på vassklosett i same standard som heim. Luksus i festivalsamanheng, ler han. – Vi ønskjer bygge garderobeanlegg her. Området er mykje brukt året gjennom, i går var det 25 miniputtkampar her. Bestemmer vi oss kan det stå klart neste år, men ingenting er avgjort enno.

Største volumaktøren på caravan

FM 8•2012

32

Biltreff AS i Førde har agenturet på Hobbyvogner i Sogn og Fjordane, og er største volumaktøren på caravan. – Hobby har ein marknadsdel i Norge på vel 40 prosent, og Førde er «hovudstaden» i fylket på caravan, med tre store aktørar, seier Alf Avedal, salsansvarleg på Caravan. Han merkar trenden med store vogner, men seier folk flest held seg i midtsegmentet. – Mange fastliggarar, som har vogn og gjerne spikartelt i tillegg, kjøper større vogner. Dei som bruker vognene til å reise på tur vil helst ikkje opp i dei største vognene, spesielt ikkje om dei fartar mykje på typiske smale Vestlandsvegar, seier han og fortel at luksus kan komme i mindre pakkar. – Små/mellomstore vogner kan vere ganske luksuriøse også, seier han og viser Hobby sin siste, med utvending og innvending design som tåler kritisk blikk frå dei fleste. – Ein merker at folk flest har god råd i dag, og gjerne legg litt pengar i vogner og bubi-

Alf Avedal

lar. For familiar er det vogn med køyseng og plass som gjeld. I vest har vi tradisjonelt brukt vogna til ferie, men talet fastliggarar aukar. Vi har fått mange flinke campingplassar, blant anna i Nordfjord, Indre Sogn og Sogndal. Typiske turiststadar med lange tradisjonar. Dei satsar på gode sanitæranlegg, nokon på symjebasseng, flotte uteområde osv. Her i Sunnfjord og Ytre Sogn har vi ikkje vore like flinke, der ser eg ein marknad. For mange er campingvogna hytte dei reiser til i helgane. Det er veldig vanleg blant anna på Byrkjelo, Reed, Jølstraholmen og Sandane, som har mange fastliggarar, seier han og fortel av vi er ivrige på bubil. – Vestlandet er veldig godt representert på bubilstatistikk, i høve resten av landet. Nedover mot Oslo er det gjerne båtliv som gjeld. Det har vi ein del av her også, men ein ser at ein del båtfolk lokalt konverterer til bubil, fordi dei ikkje vil ligge og vente på finveret som aldri kjem, seier han, og gjev eit døme på kvifor fleire lokalt ser gleda i ein mobilheim. – Vi bur midt i attraksjonen og treng ikkje reise langt for å oppleve flotte ting. Har du lyst på fjelltur? Reis dit, parker og gå ut i naturen. Ta deg ein tur til Kalvåg og opplev sjømat og kystliv. Du blir veldig fri med ein bubil, seier han.


50 år med camping I 1962 ville stadig fleire turistar telte på den idylliske holmen i elva Jølstra. Engel og Leiv Hjelmbrekke satsa på campingplass. Namnet var gitt: Jølstraholmen. – Skilnaden på å drive camping no kontra for 50 år sidan er stor, spesielt krav til standard. Då var ein liten grasflekk med plass til telt, enkelt sanitæranlegg med herre- og dametoalett og vask, men ingen dusj, nok. Men alt då hadde vi luksusen i form av kranar med varmt og kaldt vatn, ler Egil Hjelmbrekke, son av grunderane, som driv Jølstraholmen med kona Eli. – Dagens turist er meir samansett. For 50 år sidan kom dei berre i sommarsesongen. Mesteparten var austlendingar, så kom tyskarar og nederlendarar. No aukar det frå Russland, Latvia, Litauen, Polen, Spania, Italia og Norge. I dag vitjar mange året rundt i høve jobbreiser og arrangement, og vel hytte før hotell. Dagens gjest har kortare opphald, men kjem han på besøk langt oftare.

Kvar mann sitt sanitærhus – Vi har gått heile vegen: Bygging av hytter, i starten med eit rom og 4 køyer, til dagens hytter med bad, TV med masse kanalar, peis, oppvaskmaskiner, varme i golv og så vidare. Telt er nesten slutt, bubilar og vogner har teke over. Det har ført til store endring på krav til standard. Dagens tomter tåler store bubiler og vogner året rundt, kvart tomt har eigen tilknyting til TV, eige vatn og avløp. Det neste vi trur blir aktuelt er eige sanitærhus til kvar vognplass! Mange køyrer bubil året rundt, og mange har fast plass til vogna og brukar den heile året. Sanitæranlegget er minst like bra som det private badet til folk: Vi har minibad, bad for røslehemma og familierom, kjøkken med komfyr, microbølgeovn og oppvaskmaskin, vaskerom med vaskemaskiner og tørketromlar. Vi har satsa mykje pengar på ein god og trygg leikeplass, minigolf, vassrutsjebane og ulike leikeapparat. Totaltilbodet er ei styrke: Stor daglegvarebutikk, open kvar dag, kafé og skjenkeløyve, samt langopen bensinstasjon.

Betre og betre – Ein må forbetre seg, kravet om standardheving er konstant. Kundane forsvinn fort om du ikkje følgjer opp. Campingbransjen er heldigare enn dei som driv distriktshotell, og har eit meir samansett produktet. Vi kan tilby svært høg standard, men også rimeleg overnatting om ein ønskjer. Ei utfordring er at norske reisande vil ha høg standard, men i blant er betalingsviljen på nivå for låg standard. Vi har framtidstru, på grunn av plasseringa, men det er utfordrande å henge med og ha kapital til å innrette seg og levere produktet kundane etterspør. Ein må å drive meir profesjonelt og i større målestokk enn før, for krava til inntening blir stadig tøffare, avsluttar han.

– Når vi starta var varmt vatn luksus, nå må vi snart ha eigne sanitæranlegg til kvar vognplass, smiler Egil Hjelmbrekke, og prøver overliste kona Eli i minigolf.

SUVI 4700

Sommertilbud

SR DUO

Aquilo

Tilbud

Super nybegynnerkajakk i glassfiber. Inkl ror.

kr 119.900,m. Yamaha F40FETL

Selvlensende skjærgårdsjeep som kan bli sommerens nye favoritt!

eXplore

Lengde: 520 cm Bredde: 60 cm Vekt: 24 kg.

Hobbyfisher P220

kr 8.900,-

kr 10.900,-

Teine/garn- haler

Døskeland Marine Angedalsvegen 59, 6800 FØRDE tlf. 958 66 866 • www.doskeland.net

FM 8•2012

33


Velkommen til hotellet «med fjorden i hagen» • Kort avstand til mange turmål • Roleg • Ny badestrand

Innvik Fjordhotell Misjonsheimen AS 6793 Innvik Tlf. 57 87 49 90 • Fax 57 87 49 99 E-post: post@innvikfjordhotell.no Web: www.innvikfjordhotell.no

DIN BUBIL-VERKSTAD I FØRDE • Service og reparasjonar • Periodisk køyretykontroll (EU-kontr.) • Hjulstillingskontroll med 4-hjulsmåling • Fabrikkoppdateringar og garantiarbeid på chassis • Service/fylling på AC-anlegg • Ettermontering av cruise control og ryggekamera

VISSTE DU AT • 2 av 3 bubilar er bygd på Fiat Ducato? • Autoservice er Norges eldste Fiat-forhandlar, etablert i 1966, og Iveco-forhandlar frå 1974?

Kusslid, 6800 Førde – Tlf. 57 83 38 80 www.as-autoservice.no

Alle bilmerke - opptil 7,5 tonn

- reparasjon - vedlikehald - service - EU-kontroll - hjulstillings-kontroll - aircondition-service Vi er med i verdas største og mest kunnskapsrike verkstadkjede. Hos oss får alle bilmerke profesjonell hjelp til hyggeleg pris.

– MED KVALITET OG SERVICE SOM VAREMERKE –

FM 8•2012

34

Sogn og Fjordane

Revisjon & Rådgjeving www.rg.no Økonomisenter www.r-r.no Ta kontakt eller gå inn på r-r.no om våre løysingar for begrensa revisjon og økonomitenester

Tlf: 57 82 40 90

Luksus og enkelt, hand i hand Ein høyrer ofte om trendar i reiselivet: No er det topptur. Eller vandring. Eller gardsmat, byferie, eller høgkultur i rurale strok. Men stemmer kart og terreng? TEKST: Roy Sunde FOTO: Tore Fossen

– Det er vanskeleg å seie noko om trendar i reiselivet, seier Carlo Aall, forskingsleiar ved Vestlandsforsking. – Reiselivstrender på forsida til Dagbladet er stort sett randendringar, små grupper av totalen. Den som hadde svar på kva turistane faktisk kjem til å gjere – ikkje berre kva dei seier dei kunne tenke seg å gjere - ville blitt rik. Som forskar ser ein eit sprik mellom kva folk seier dei vil ha, og kva dei faktisk vil ha av reiselivstilbod. Ein har t.d. lenge fokusert på at turistar har aukande miljøbevistleik. Men når det kjem til stykket er det liten betalingsvilje for det. Spennet mellom trendanalyse, og faktiske endringar, er stort. Det stemmer bra med studia Vestlandsforsking gjorde for nokre år sidan, med tittelen: Ferielivets merkelige uforanderligheit. Likevel, det er nokre endringar som viser seg i reiselivet det siste tiåret; også i Sogn og Fjordane. Ein trend er at det truleg er viktigare enn før at reiselivsaktørar må finne seg ei nisje, som dei må bli verkeleg god i. – Turistmarknaden som heilskap drar i mange retningar, men den enkelte aktør må vere ganske spesifikk i ein marknad. Generalistar utan klare tankar om kven dei rettar seg mot, enten det er japanarar, fisketuristar, toppturistar eller anna, dei slit. Ein kan gjerne ha fleire jarn i elden, men dei tinga ein satsar på lyt ein vere god til, seier Aall. – Spesielt no som kronekursen gjer marginane mindre, og konkurransen er aukande. Då er det enno viktigare å bli dyktig, ein innsikt som kan fangast opp i slagordet «eit kunnskapsbasert reiseliv».

Dårlig økonomi Parademarsjar av studiar og ekspertar har i ei årrekkje slått fast at økonomien i reiselivet er dårlig. Då er det eit paradoks at det somme stader i reiselivet likevel satsast svært store summar.. – Generelt kjem reiseliv og landbruk ofte dårlig ut på målingar av økonomisk suksess, på kriterium som eigenkapital og lønnsemd. Det har ikkje skjedd noko drastisk på dette området dei siste åra. Men tradisjonelle målingar gjev ikkje heile bilete, sidan ein berre tek tal frå AS. Mange aktørar er personlige selskap, kanskje berre meint som eit bidrag til familiens totale økonomi. Og det er mykje pengar i enkelte segment. Lokalt ser vi tung satsing på historiske hotell i Sogn og Nordfjord, som av og til synast vel så mykje filantropisk motivert. Men vi ser også eksempel på kommersielt

motiverte satsingar, som hyttelandsbyen i Myrkdalen, eit milliardprosjekt. I somme av dei store skidestinasjonar har det vert snakka om å ta heile destinasjon «på børs». Det er store ressursar og framtidstru i enkelte område, men det er og ein bransje der mange satsar kortsiktig. Mange ser føre seg å etablerer storskala kommersiell vinterturisme her i fylket, og etter denne vinteren er det lett å vere positiv. Men i lenger perspektiv har ein sett at det eine året er mykje snø, neste år omlag ingenting. Ein representant frå ein større bank i fylket sa til meg: Det eine snøfattige året søker skisentera om utsetjing på betaling, og neste år med snørik vinter kjem dei same til banken for å låne meir pengar til nye utbyggingar. Det er viktig å tenkje langsiktig når ein skal leve av og med natur – slik reiselivet i Sogn og Fjordane må. Men overraskande mange synast å tenkje veldig kortsiktig.

Den flyktige turist – Lokalt og nasjonalt ser ein at cruiseskiptrafikk har sterk auke, det skaper stor optimisme i den delen av reiselivet i fylket som er knytt til cruiseturismen. Men reiselivet er og ein bransje prega av ein viss nervøsitet. Ein trend ein ser er meir «flyktige» turistar, som er inn og ut på kort tid. Reiselivet har ei utfordring i å få turistar til å bli verande lenger på destinasjonen. Samtidig ser ein at skuldersesongen utvidar seg, altså at det ikkje berre kjem turistar i høgsesongen. For eksempel kjem det gjerne japanarar med Flåmsbana i mars, der dei før kom i mai. Ein snakkar mykje om den individuell opplevingsbasert turismen kontra masseturisme. – Enkelt sagt aukar både låg og høgsegmentet om ein tenker kvalitet og standard. Folk vil ha høg kvalitet på produktet, men det betyr ikkje at standarden materielt sett eller komfortmessig treng vere høg. Tenk guida brevandring, det er verken høg standard eller komfort, men kvaliteten på det dei leverer er høg. Ein ser auke på dette med vandre- og toppturisme, samtid som folk gjerne vil ha høg kvalitet på hotell, hytter og andre overnattingstilbod. Men det er ikkje eintydig, for også mange campingplassar med låg standard aukar lokalt, eigentlig mot straumen. Så det er ei segregering her der midtsegmentet, som verken har luksuriøse rom eller aktivitar/natur av høg kvalitet, slit. «Testosteronturismen» aukar, altså dei som vil ha det spennande og aktivt. Mange bruker litt lenger tid på å oppsøke ekte opplevingar. Vi


reiser lengre og oftare. Storbyferie i helger osv. Flytrafikken ut av landet har auka 800 prosent på 20 år, anna transport 50-100 prosent. Charterturismen er stabil, men andre flyreiser har auka voldsamt.

utvikling der ein er i ferd med å utvikle ein genuin norsk matprofil, utan å falle i fella å berre servere «gamaldags» mat, avsluttar han.

Natur, men også mat og kultur Globale trendar – Ein ser at stadig fleire i verda får betre råd, og dermed kan reise på ferie. Dette aukar det talet turistar, fortel professor Stefan Gössling ved Vestlandsforsking, men det er grunn til å minne at om i eit normalt år vil 95 prosent av verdas befolkning ikkje ta del i ei internasjonal flying. Talet på turistar vil halde fram å auke, takka vere at stadig fleire blir rikare også. Kor langt kvar reisande dreg aukar også, det same gjer utsleppa som følgje av global turisme. Ein ser også at formar for turisme som er svært energikrevjande, som for eksempel cruiseskip, aukar. Folk reiser oftare, gjerne over kortare tidsspenn. Ein ser også at straumen av turistar går frå det rurale til det urbane, spesifikt årsaka av lågprisflyselskap. og ikkje minst ser ein auke i turisme retta mot spesielle interesser, seier Gössling

Frå kopimat til kvalitetsmat – Mor mi er amerikansk, og i 1960 gjorde ho som nyinflytta ein «grand tour» på Vestlandet. Ho skreiv eit langt reisebrev om opplevinga til sine foreldre i USA. Ut over den vanlege begeistringa for norsk natur, inneheld reisebrevet ei interessant refleksjon om standarden på maten som blei servert. Ho omtalte den som ein dårleg kopi av amerikansk mat. For ca 15 år sidan deltok eg på eit kurs for reiselivsnæringa arrangert av Innovasjon Norge: Dei fortalte m.a om kor viktig det var at hotella serverte engelsk frukost til engelske turistar; tysk frukost til tyske turistar osb – og at ein til nød kunne tillate seg ein norsk brunost på frukostbordet. No er situasjonen annleis, og Sogn og Fjordane har vore fremst i å endre situasjonen når det gjelder matkvalitet i reiselivet. Eg har hatt høve å følgje utviklinga frå innsida – via kona mi Åse Kongsvik og hennar arbeid som kokk ved Henjatunet og forfattar av kokebøker som «Fjordamat» og «Ta kaka». Her har det skjedd i radikal forbetring av matkvaliteten og ei

Vi tar jobben. Uansett kvar du skal til eller frå. Over heile landet – eller ut av landet.

Alle bilar treng bilpleie • • • • •

Vi utfører: Utvendig vask, innvendig vask/reins, polering, frontruteskift, Ditec lakkbehandling og Tectyl understellsbehandling.

Flytting Lagring Pakking Forsikring Utleige av vare- og lastebilar

Kom innom oss og få fast pris Bilpleie – det kan vi! inform-media.no

Flytte langt? Flytte heim? Flytte ut?

– Vi får ulike turistar lokalt i Sunnfjord. Både den typiske bussturisten, som kjem til middag og reiser etter frukost, og dei som kjem hit for å nytte og nyte naturen. Vi har fantastiske ressursar i form av fjell, bre og fjord, som blir oppsøkt av turistar på jakt etter aktivitet, som for eksempel spektakulære fjellturar i Sunnfjord, åleine eller med guide, men det er viktig å bruke heile fylket i reiselivssamanheng, anten det er brevandring på Haugabreen, padling på fjorden eller vindsurfing på Stad. Mat og opplevingar trekk også turistar, for eksempel hadde Førde Folkemusikkfestival 25.000 besøkande i 2011, og ein ser også at aktørar som Åmot Operagard kombinerer mat og kultur på unikt vis. Sommarfest i Sunnfjord er eit samlingspunkt, der spesielt ungdom inviterer studievener frå heile landet, seier Anne Oline F. Gullaksen på Fjordane Reisebyrå. – Ser de globale trendar her lokalt? – Det nyaste vi som reisebyrå har merka er auke i aktivitets- og helserelaterte reiser. Kunden vil i større grad enn før vere aktiv i ferien. Vår «bestseljar» i år er Pilgrimsvandring til Santiago De Campostela, som går (bokstavelig talt) både som vår- og hausttur. Vi har og eigne treningsreiser med lokale aktørar og Yngvar Anderson som sel godt i heile landet. Spa- og yoga-reiser blir meir og meir etterspurt. Detox-reiser kjem for fullt – i dei større byane, fortel ho og seier eit aukande tal nordmenn søker til heimlandet på ferie. – Mange har reist mykje utanlands, og vil vere turist i Norge igjen, med natur og aktivitet i høgsete. Vi har fantastiske muligheiter til spektakulære opplevingar i Norge, og mange er blitt gode til å marknadsføre reisemålet sitt. Lofoten er eit godt eksempel på god marknadsføring av eit mangfaldig reisemål, seier ho og fortel kva dei hottaste turane ut av landet er. – Cruise, Midt-Austen og storbyferie toppar statistikken. Tendensen er at folk vil ha andre opplevingar enn typiske turistmål, men tradisjonelle sydenturar toppar enno statistikkane i Norge.

• Halbrendsøyra 6, 6800 Førde • Tlf. 57 82 01 76 www.bilpleiehallen.no

BILPLEIEHALLEN

FM 8•2012

35


Alle gode ting er faktisk Kor langt er du villig til å køyre for eit godt måltid? Om svaret er 660 kilometer to gangar, pluss ein tur-retur Ålesund på kjøpet, fordelt på fire år er du på bølgjelengde med oss. For så langt har vi kjørt for å ete på Bjartmars Favorittkro. TEKST OG FOTO: Roy Sunde

Var det verdt det? Svaret kjem seinare. Først skal vi tilbake i tid. Til mai 2008. – Vi køyrer Atlanterhavsvegen! Fossen har lenge hatt lyst, og no er tida komen. Ruta blir planlagt, og Fossen finn svaret på spørsmålet om kvar vi kan ete i nærleiken av: Bjartmars Favorittkro! Assosiasjonane til tidligare kringkastingssjef Gjerde, truckstoppar med slitne kjøtkaker og anna slikt stoggar ikkje Fossen. Han var seld i det han såg namnet, og smått utrøstelig når vi etter ein lang, lang dag på vegen kom fram til det 160 år gamle trønderlånet, flytta frå Malm i Trøndelag. Der lærte vi at Bjartmars er ein kvalitetsrestaurant, med fokus på lokal mat, ikkje ei ordinær kro. Meir om det følgjer. Vi lærte også at Bjartmars berre var ope tysdag til laurdag. Kjedeleg, sidan vi reiste ein måndag, men ein dryg time, og ei ferje seinare, var ein småfrosen Fossen nøgd, og mett på bacalao i Kristiansund. Tre år seinare, og ein vekedag seinare, baud høvet seg igjen. Ein rastlaus duo står i Ålesunds gater, på jakt etter berre litt fleire opplevingar. – Du, vi stikk opp og et på Bjartmars! Så tenkt, så gjort. I bilen, og køyre. Etter litt melder uroa seg, trass at vi er kommen til tysdag. – Sjekk at dei har ope i dag! Nedturen over at dei hadde flytta seg ein dag feil veg, og no berre var open frå onsdag og ut veka, var påtakeleg, dog var det greitt å finne det ut etter ti minutt. Men skam på den som gjev opp, og brått var dagen der. Opningstider sjekka, mailar sendt ut og besvart, og alt på stell.

Høver på både norsk og nederlandsk

FM 8•2012

36

Ein tidlig fredag ettermiddag rullar vi i land frå Atlanterhavsvegen, og stoggar der Averøya og havet møtast. – Kvifor i all verden kallar du restauranten for Bjartmars Favorittkro? – Det er namnet til sonen min, smiler Quiren Van Oirschot, som driv og eig Bjartmars Favorittkro med mannen sin, Jarle Nedal, til velkomst: Fire år og 1200 km etter at vi skulle møtt henne, og nikkar når eg nemner kringkastingssjefen. – Mange tenker på Bjartmar Gjerde, faktisk, men eg kjente jo ikkje til han når eg valte namnet, sidan eg er frå Nederland. Eg syntes det var eit litt rart, men koselig namn, som fungerte både på norsk og nederlandsk, ler ho, og fortel at det skaper ei og anna misforståing. – Mange lurer på kven Bjartmar er, og trur det er kokken. Det har også hendt at folk ringer og skal snakke med Bjartmar, og ikkje meg. – Hent Bjartmar, eg har snakka med han før. Då blir det stilt når eg fortel kor gamal Bjartmar er, smiler ho og fortel at det ikkje berre var gamle NRKprofilar som gav kultursjokk på Nord-Møre. – Eg måtte endre heile garderoben, som innehaldt mykje sommar-klede og sko, som eg ikkje treng her oppe! Her er det gjerne ullgenser som lyt fram, året rundt, ler ho og moderer seg litt. – Heime i Nederland trur dei det er enno verre, men det er jo ikkje så ille. Det er litt kaldare og mørkare om vinteren.

Quiren Van Oirschot kunne endeleg ønske oss velkommen inn til eit godt måltid, eller fleire feilsåtte forsøk frå vår side.

– Men kvifor har det berre ope på «feil» dagar! – Vi må tilpasse oss etterspurnaden, så vi byrjar med ala carte og ope fem dagar i veka frå 1. april med ala carte på tre av dei. Frå 1. mai har vi ope og ala carte fem dagar i veka, og frå 24. juni, kvar dag. Om vinteren har vi berre ope torsdag og søndag, og då har vi gjort nokre grep. Potetball på torsdag, og middagsbufe på søndag. Det er slike ting det er etterspørsel etter på den tid, og dei to dagane det er trykk lokalt, seier ho.

Høve i havgapet Quiren viser oss inn, og opp i andre etasje. Dei gamle tømmerveggane vitnar om lang teneste som heim gjennom generasjoner, medan interiør og design talar om framtid som restaurant. Utsikta vitnar om både meny, det skiftande veret og slitet med å hente maten ut av havet gjennom hundreåra. Veret skiftar raskt her oppe, med storhavet som nabo på fleire kantar. Huset vart flytta i 2005, og etter lange førebuinga opna dei første gang i 2006, på 17. mai. – Første gang eg kom hit såg eg kor fint det er her, og moglegheitene for å drive med servering av mat her, takka vere Atlanterhavsvegen. Eg tenkte at om eg ikkje fikk anna jobb, så kunne eg starte kafé her. Det var slik det starta, og etterkvart byrja eg å tenke seriøst på moglegheita, fortel ho.

Ekte og nært Frå start av har ho satsa på sin eigen filosofi: – Ekte, lokal mat, laga frå botnen av, noko genuint. Men samtidig må ein også tilby det kundane etterspør, og finne ein kombinasjon. Du må kunne lage mat fort, samtidig som det er godt og ekte. Du har ikkje alle kundar her i to timar, då må du tilpasse deg både dei som vil ha ei matoppleving, og dei som vil ete ein rask lunsj, slår


tre!

Delikat fisk, i form av pannesteikt kveite, følgt av nydelig Pannacotta.

ho fast. Våre to mest populære rettar er bacalao og fiskesupper. Vi er ikkje ein rein fiskerestaurant, men fisk og sjømat er veldig populært. Vi sel mykje klippfisk og kveite. Folk er nok påverka av turen over Atlanterhavsvegen, dei har kjent på sjølukta og har lyst på fisk. Kveita vår er oppdrettskveite. Yngelen kjem frå Bergen, og veks på Averøy hos Nordic Seafarms, før dei blir sett ut i Kvernesfjorden. Møremat er ei av dei eldste fiskeforedlings, og leverer blant anna saltfisk, tørka klippfisk, og produkt av aure og laks. Sigurd Folland AS på Averøy lagar klippfisk på den sakte måten. Det tek fire månadar frå skrei til ferdig klippfisk. Vågen Gard As leverer produkt av sau, som går ute året rundt. Ostane våre kjem frå Derringarden på Eide, like ved her, og frå Tingvollost, eit familiedrive gardsmeieri i Tingvoll. Brød bakar vi med mjøl frå Volda Elektriske Mylne, osv. Det meste har lokal forankring, slår Quiren fast.

Nokre snur, og leitar etter pizza – Hender det at folk blir «lurt» av namnet, og trur det er ei standard vegkro? – I blant, og nokre snur når dei ser at vi ikkje har pizza og slikt på menyen. Vi har gjort nokre justeringar av den grunn, blant anna biffsnadder på menyen, smiler ho. – Det tek litt tid å finne eigen identitet. Ein har sine eigne ønskjer og idear om å drive ein fin restaurant, samtidig som det ikkje er så mange stader å ete her, så ein må tilpasse seg litt i høve dei som kjem her og ha ting dei ynskjer ete. Vi er som sagt veldig sesongprega, og må tilpasse oss sesong og etterspurnad. Vi har ein fast avtale med hurtigruta, der vi får varsel ein dag i førevegen,

og så må vi kanskje ha klar middag til 80 dagen etter, medan andre dagar er stille. Om sommaren kjem det mykje turistar, elles er det gjerne mykje regional trafikk, for eksempel dagsturar mellom Molde-Kristiansund osv.

Var det verdt det? Quiren forsvinn ned på kjøkkenet. Ikkje så veldig lenge etter kjem ein servitør opp den smale trappa, rutinert balanserande på to tallerkar med kritkvit fisk: Pannesteikt kveite, servert på ei seng av grøne grønsaker, deriblant asparges og erter, med ein lime til å smakssette med, samt saltbakte mandelpoteter og ramsløksmør. Kombinasjonen av grønt og kvit er ein visuell fest, som byr smaksløkane til dans. Praten stilnar av. Berre klirring av bestikk, og tankefulle blikk ut vindauget på havet uroar matfreden dei neste minutta. I det den tredje regnskura på tretti minutt blir avløyst av ditto solglimt legg vi ned kniv og gaffel. – Ditta var godt! Fossen lener seg bakover og vaskar siste biten ned med blå Farris. Eg nikkar. I augekroken ser eg servitøren på veg opp trappa igjen to porsjonar Pannacotta. Eit lunt smil breiar seg. Det er godt å være sunnfjording i havgapet, i alle fall når ein får god mat på kjøpet. Om det var verdt 2,5 turar tur-retur Førde-Karvåg? God mat er alltid verdt å køyre så langt som du må for. Men det hjelp å ha eit aldri så lite glimt av galskap i augekroken, og ein evig trong til å sjå meir av kva Vestlandet har å by på. Og, om du ikkje reiser for maten åleine, så er det saktens anna å gjere i nærleiken også.

FM 8•2012

37


Festivalsommar i Sogn og Fjordane og Hordaland Eggstock 6. – 8. juni Bergen. Sjanger: Rock: Cretura, Pilot, Black Crickets, Lucarus. Bergenfest 21. – 24. juni Bergen. Sjanger: Pop og rock: Turboneger, Laleh, Kings of Convenience, Bernhoft, Patti Smith. Ekstremsportveko 24. juni – 1. juli Voss: Ekstremsport, kultur: Lars Vaular, De La Soul, Team Me, Raga Rockers.

Laleh

Hardingtonar 22. - 24. juni Norheimsund. Sjanger: Klassisk musikk: TrondheimSolistene, Dag Arnesen, Det Norske Solistkor. Osøren Blues & Jazzfestival 28. juni – 1. juli Os. Sjanger: Jazz og blues: Jolly Jumper & Big Moe, Magne Lunde, Orbo & The Longshots.

Rock n’lol 6. – 7. juli. Søfteland. Sjanger: Rock og pop. Kvelertak, Samsaya, Datarock, Audrey Horne, Enslaved, John Olav Nilsen & Gjengen. Bygdalarm 6. – 7. juli Øystese: Pop og rock: The Dandy Warhols, Teenage Fanclub, Souldrop, Team Me, Jonas Alaska. Tysnesfest 11. – 15. juli Tysnes. Sjanger: Musikk- og familiefestival: Kaizers Orchestra, Bjørn Eidsvåg, Marit Larsen, Kim Larsen, Aqua.

Dei Nynorske Festspela Når: 28. juni – 1. juli Ivar Aasen-tunet, Hovdebygda. Sjanger: Nynorsk kultur: Hellbillies, Stein Torleif Bjella, Ragnar Hovland. SommarFlora 29. – 30. juni Florø. janger: Pop og rock: Lise Karlsnes, Tooji, Drusar, The Rainmakers, Dag Ingebrigtsen. Skånevik Bluesfestival 5. – 7. juli Skånevik: Sjanger: Blues og rock: Beth Hart, Shemekia Copeland, Vidar Busk.

Førdefestivalen 5. – 8. juli Førde. Sjanger: Flerkulturell musikk: Anoushka Shankar, Benedicte Maurseth, Knut Hamre, Bassekou Koyaté.

Norsk Country Treff 11. – 15. juli Breim. Sjanger Country: Vince Gill, Bobby Bare, Hellbillies, Vassendgutane.

Malakoff Rockfestival 20. – 21. juli Nordfjordeid. Sjanger: Pop og rock. Seigmenn, Turboneger, DumDum Boys, Lars Winnerbäck.

reo, Baertur, Avind, Honeybadger og Super Unicorn. Festidalen 3. – 4. august Uskedalen. Sjanger: Pop og rock: John Olav Nilsen & Gjengen, Bigbang, Michael Paskalev, Matti Røssland.

Sande dansefestival 20. – 21. juli Sande. Sjanger: Danseband: Ikke klart enno.

Målrock 10. – 11. august Årdalstangen. Sjanger norsk pop og rock: Kaizers Orchestra, Raga Rockers, Jan Eggum, Madcon, Jan Teigen, Susanne Sundfør, Lars Vaular.

Utkantfestivalen 26. – 29. juli Skjerjehamn. Sjanger: Pop og rock. Bjørn Eidsvåg, Marit Larsen, Raga Rockers

DumDum Boys

Morellfestivalen 25. – 29. juli Lofthus. Sjanger: Mat og kultur. John Olav Nilsen & Gjengen, Finn Tokvam og Claus Sellevoll, Gisle Børge Styve og Heine Totland.

Lars Vaular

Fres-festivalen. 26. – 29. juli. Fresvik. Sjanger pop/Rock: Harrys Gym, Souldrop, Grand Island, The Megaphonic Thrift, Highasakite, El Doom & The Born Electric, Ungdomskulen, Vreid, The Samuel Jackson Five, Bloody Beach, TYYL!, The Generous Days, nrwy, Monste-

Balkanfest 24. – 26. august Evanger. Sjanger: Balkanmusikk: Oslo Brass Band, Novgorod, Balkan Baluba.

Periferifestivalen 24. – 25. august Glesvær, Sotra. Sjanger Pop og rock: Kaizers Orchestra, DumDum Boys, Sivert Høyem, John Olav Nilsen & Gjengen. Hard Anger Open Air Metal Festival 31. august – 1. september Eidfjord. Sjanger: Metal: 66 Crusher, Claymords, Skogen, Susperia. Gloppen Musikkfest 31. august – 2. september Sandane. Sjanger: Klassisk musikk: Mathias Eick, Nordic Voices

KKvalitet du kan vere ttrygg på www.vestlandshus.no vii shornet dv ndvik ndv and San Sa S

Sogn og Fjordane fylkeskommune

Forhandlarar i Sogn og Fjordane • Vestbygg Grytøyra Tlf. 57 73 72 60 • VestlandsHus Florø Tlf. 57 75 21 70 • VestlandsHus Måløy Tlf. 95 72 22 52 • VestlandsHus Stryn Tlf. 57 87 62 00 • BTHUS AS Førde Tlf. 916 61 700 • VestlandsHus Sogn, Kaupanger, Tlf. 57 67 33 88

- viktige tenester til folk i fylket • Folkehelse • Samferdsle • Næringsutvikling • Kulturtiltak

www.sfj.no

FM 8•2012

6 særs gode grunner:

38

Anders Solum – VM mester i fotballtriksing Vegard Leite og Bård Leite Tramps Up helly Aa – besøk fra Shetland Sildebord Lunds Tivoli

22 -24. juni

Fleire like gode grunnar finn du på: www.maloydagene.no


klinikk førde hud • laser • varicer

Kjølerom i alle størrelsar

Uønska hårvekst? Restylane er verdas leiande dermale fyllstoff for hudforyngelse og estetiske korrigeringar. Både sikkerheit og effekten av Restylane er klinisk dokumentert og vert støtta av omfattande kliniske studiar føreteke over 15 år og med over 15 millionar behandlingar. Restylane er det klare førstevalet for estetiske behandlarar verda over og er ansett som «GOLDEN STANDARD» innad i bransjen.

Vinterbleik hud er det beste utgangspunkt for permanent hårreduksjon. Vi har marknadens beste hårfjerningslaser – DIODELASER (vitenskapleg dokumentert!)

1

Andre behandlingstilbod: 2 4 5

3

Det er berre utvalde klinik- 1. Bekymringsrynker 2. Nase til munn kar, og med medisinsk 3. Smilerynker ansvarleg lege, som får behandle med 4. Leppelinje 5. Leppevolum Restylane. Klinikk Førde har autoriserte Restylanebehandlarar med ID-kort. Dette, samt produktet sin unike kvalitet, sikrar optimal trygghet.

• Kosmetisk plastisk kirurgi i samarbeid med Håvard Seland og Hans Vintertun (Aleris) • Botox • CO2-laser • Restylane • Fraxellert CO2-laser • Peeling (Bluepeel, Light peel) • Medisinsk kremprogram (Obagi, Duvè Medica) • Aknebehandling • iClearXL, raudt og blått lys • IPL mot cuporose og spiders • Sveittebehandling m/Botox • Sprengte blodkar • Laseroperasjon av åreknutar • Tannbleiking • TEI Muskelstimulator

Lag ditt eige kjølerom på 1-2-3

Jakt-kjølerom - ideelt for kjøling av vilt Vi har eit stort utval kjølerom med mange moglegheiter • Jaktkjølerom for slakt • Kjølerom etter dine mål. Vi leverer alt av kjølerom og kjølehjørner på mål. • Multirom. Frittståande • Spisskammer som rommar like mykje som fire kjøleskåp

• Vin kjølerom av topp kvalitet

OPNINGSTIDER: Tirsdag, onsdag og fredag kl 10-16 og elles etter avtale. Pasientar kan henvende seg direkte for konsultasjon, eller dei kan tilvisast frå lege.

Klinikk Førde AS

Medisinsk ansv.: lege/karkirurg Jens Ola Evjensvold Førdetunet, 2. etasje, Hafstadvn 25, 6800 Førde • Tlf. 57 72 04 40 / 976 79 662

klin-fo@online.no • www.klinikkforde.no

Vi har montører i: Florø | Førde | Høyanger/Balestrand | Askvoll | Lavik | Dale | Hyllestad

Siste utgåve før ferien kjem 28. juni.

M F

FM 8•2012

o

et.n n i s a g a esm

39

fylk

Bestill annonseplass på telefon 959 39 997 innan 19. juni

Interiørbutikk med koseleg minikafe i nostalgisk landhandelstil! Vi held til i Sentrum Sør | Tlf: 57 82 18 18


Vill, vakker og våt

er den storslagne og mektige ve frå vår natur er nødvendig for ei Verdiar og kunnskap, gjennom

Fornybar kraft frå Sogn og Fjordane Vår storslagne natur er ikkje berre energi for kropp og sjel, men også vår viktigaste kilde til fornybar energi.

GOD SOMMAR!

www.aurland-energiverk.no

www.laerdalenergi.no

www.sognekraft.no

www.ardal-energi.no


www.lusterenergiverk.no

www.stryn-energi.no

www.sfe.no

www.sunnfjordenergi.no

www.inform.as

landsnaturen! Fr책 denne har folk i generasjonar henta energi og livskraft. Verda st책r framfor store energi-utfordringar, og rein energi rekraftig utvikling. Samspelet mellom menneske, natur og ressursar har aldri vore viktigare, men vi treng stadig ny og betre kunnskap. ktige og engasjerte medarbeidarar, er den solide plattforma vi st책r p책.


1

2

3

Shoppingperler i Sogn og Fjordane Shopping er kanskje ikkje det Sogn og Fjordane er mest kjent for. Men den som leitar finn. Spreidd utover fylket finn du mange små nisjebutikkar som sel ting og saker som elles kan vere vanskeleg å få tak i. Fylkesmagasinet har vore på shoppingturne i eige fylke for å finne nokre av perlene! Tekst: Kristine Slettehaug

Eikefjord • In-Spire: Kombinert interiør- og blomsterbutikk som sel blomster, interiørartiklar og litt dameklede. Merker: Nordahl, Bloomingville, Nilsen Dekor, Greengate, Wikholm m.m Mån-fre: 10-17. Tors:10.19. Laur: 10-15.

Sandane

FM 8•2012

42

• Hjartet på rette staden sel både interiør, kunst, klede, hageutstyr og asccessories. Kafé i same lokalet. Merker: Ilse Jacobsen, Bloomingville, Sagen Vintage Design, Bastion Collections m.m. Mån-fre 10-18. Laur: 10-15.

Eid • Didriks Kafe og Gaver er kombinert kafe og gåvebutikk som i tillegg til mat og kaker sel interiørartiklar, smykke og har eit stort utval i te og kaffi. Mån-fre 10-16. Laur: 10-15 • Primula Design har godt utval i stoff og sel i tillegg interiørartiklar, klede og litt cupcakes-utstyr. Merker: Lisbeth Dahl, Mille Moi, Ib Laursen m.m Mån-fre 10-16.30. Laur: 10- 14. • Lagerutsalget tek inn restparti og andresorteringsvarer slik at du kan gjere kupp på blant anna ullklede. Har og ein del ordinærvarer. Merker: Janus, Joha m.m Mån-fre: 09-16.30 Laur: 09-15

Måløy • Pur Glede er ein av dei største forhandlarane i landet på merket Rice. Dei sel smykker, interiør, klede, godsaker, leikar og meir.

Merker: Katvig, Rice, Maileg, Noa Noa, By Lysgaard, Five & Five m.m Mån-fre: 11-16. Laur: 11-14.

Stryn • To Damer Interiør er ein butikk som skil seg litt ut frå dei andre interiørbutikkane i fylket. Mange av varene høyrer til den industrielle stilen, som er svært populær. Merker: By Nord, Palma, Nordahl, Pip m.m. Mån-fre: 10-16.30. Laur: 10-15. • Moods of Norway har sjølvsagt eit eige utsal i heimbygda si. Den heimekoslege butikken har stort utval i Moods of Norway klede, både for damer og herrar. I tillegg finn du ein mindre butikk som sel klede til reduserte prisar. Mån-fre: 10-17. Laur: 10-16.

Olden • Ricco Vero har lagerutsal i både Stryn og Olden. Her kan du gjere gode kupp på nedsette varer i tillegg til at du finn dei nyaste kolleksjonane her. Mange tek turen for å kjøpe seg dress. Mån-tor: 09.00-16.30. Fre: 09-17. Laur: 09.-15.

Innvik • Skogstad Sport har lagerutsal både i Olden og Innvik. Her kan du gjere kupp på feilvarer og elles nedsette varer. Mån-fre: 09-16.30. Laur: 09-14.

Førde • Flaten Boutique sel interiør, service, kjolar frå London, te og kaffi. Kafeen Snop & Kaffi byr blant anna på cupcakes, te og kaffi og ligg i same lokale. Merker: Miss Etoile, Pip, Miss Blackbirdy, Rosendahl, Le Creuset m.m Mån-fre: 09.30-16.30. Tor: 09.30-18.00. Laur: 10-15. • Heidi BO er ein sjarmerande, liten interiørbutikk med godt utval. Merker: THG, Greengate, House Doctor, Bloomingville, Tine K Home, Ib Laursen m.m Mån-fre: 10.00-16.30 Tor: 10-18. Laur: 10-14.


4

5 6 7

FM

• Marcell er ein av få i fylket som har spesialisert seg på merkeklede for damer og herrar, og er delt i tre avdelingar: Marcell, Marcell Sister og Marcell Home. Merke: G-star, Sant Tropez, Culture, Sister Point, Funky Girl, Designers Remix, Diesel, Moods of Norway m.m Mån-fre: 10-20. Laur: 10-16.

8•2012

43

Sogndal • Livslyst er ein ny butikk i Sogndal som har eit bredt utval av møbel-interiør, klede, smykke og tilbehøyr. Merker: Riviera Maison, Ti-Mo, G-star raw, Bjørg Jewellery, Wildfox m.m Mån-fre: 10-17. Tors: 10-18. Laur: 10-15.

1) Skogstad. 2) Hjartet på rette staden. 3) Didriks Kafe og Gaver. 4) Moods of Norway. 5) Ricco Vero. 6) In-Spire. 7) Pur Glede.


TREND OG MOTE

med Regine Engevik Førsund

Bilferie! DEI BESTE FERIEMINNA eg har er frå då eg var lita. Vi drog på bilferie både i Noreg, Sverige og Danmark. Det var ikkje akkurat DVD i baksetet og klimaanlegg den gangen. Men underhaldning i form av høgtlesing av ei spanande bok, leiker der vi skulle gjette bilmerke, allsong og diverse. I blant sov vi i telt eller hytte, andre gongar hadde vi campingvogn. Vi var innom museum, dyreparkar, kjøpesenter, marknader, leikeland og så klart campingplassar. Av og til laga vi maten sjølv, andre gangar åt vi på restaurant. Ofte stoppa vi på rasteplassar. SISTNEMNTE HUGSAR EG GODT, mamma hadde alltid med duk ho la på bordet, og diska opp med nyinnkjøpte rundstykke, pålegg, frukt og diverse drikke. Eg hugsar at det ofte var pølseboder og kioskar på dei store rasteplassane og at det var forferdeleg kjipt å skulle ete brødmat i staden for «fastfood». No som eg er eldre har eg oftare lyst på ei skikkelig grovskive med godt pålegg, enn eg har på pølse i brød eller hamburger. Eg skjønar og i vaksen alder at det fort kunne blitt tomt i reisekassa om ein familie på seks skulle ete ute kvart måltid heile ferien!

leg kan vi leige ei hytte eller eventuelt liggje i bagasjerommet i bilen. Vi tek det som det kjem!

Vi skal ete god mat, grille, drikke pils i sola, sjå nye plassar og vakker natur

I ÅR SKAL EG OG MIN KJÆRE feriere på vegane heime i Noreg. Vi skal ha med telt, oppblåsbare madrassar og dyner. Eg kan godt dra på camping, men det er jammen hardt for ryggen og liggje på eit tynt liggjeunderlag ein heil ferie, og når ein har bil har ein plass til litt ekstra bagasje so vi tek oss denne «luksusen». Vi skal leggje ruta innom diverse ting som fks. Bjørneparken i Flå (vi har ikkje ungar, men eg er vill etter dyreparkar), Rockheim i Trondheim, kanskje ein festival på vegen og elles berre køyre nordover då ingen av oss har vore lenger nord enn Trondheim. Vi skal ete god mat, grille, drikke pils i sola, sjå nye plassar og vakker natur. Det er herleg med den fridommen av at ein kan stoppe når og kvar ein vil, og om ein finn ein flott plass kan ein bli der i fleire dagar og slappe av. Vi kan slå opp telt ute i det fri, eller på ein campingplass, og om veret blir dår-

KVA PAKKAR EIN FOR EIN SLIK TUR? Ein treng sjølvsagt ikkje fleire titals finkjolar eller pumps med seg på bilferie, men litt meir komfortable klede og sko. Det er klart at om vi stoppar i ein by vil eg nok pynte meg litt meir enn når vi er langt ute i gokk. Eg håper sjølvsagt på litt shopping, då kan eg godt tenkje meg og gå litt finare kledd når eg skal innom kjøpesenter og handlegater. DET SOM ER DIGG er at ein kan pakke med seg ein god del i motsetning til når ein skal ut og fly, og må pakke i ein koffert og halde seg under 15kg. Vi har god plass då vi berre er to stykk også, fashionista som eg er må eg likevel prøve og avgrense meg litt. Vi treng ikkje ta med oss alt. EIN MÅ HUGSE LANGBUKSER. Veret i Noreg er noko ustabilt, det kan bli ganske kjølig om det regnar og bles. Ei eller to langbukser held. Shorts og bikini er måha-plagg på ferie, her tek eg nok med mange par. Det ein må ha mest av er toppar! Eg har med fleire singletar, t-skjorter og tre langerma genserar: Ein tynn, ein tjukk til kalde og seine kveldar og ein stor og god hettegenser eg kan slenge på meg når eg skal inn og ut av teltet på morgon og natt. Eit par knekorte sommarkjolar og ein lang maksikjole vil eg og ha med meg. Skinnjakka er eit plagg eg alltid har med. Sommar og vinter, i tilfelle eg skulle trenge den. Når det kjem til sko treng eg eit par sandalar, eit par kilehælsko som er kult til både kjole, shorts og bukse, eit par småsko med flat såle som er gode å gå i, eit par høghæla pumps om eg vil vere litt meir pynta. Ooog kanskje støvlar om vi skal innom ein gjørmete festival? Då kunne eg tenkt meg mine Hunter støvlar som eg ville kombinert til enten ein veldig kort, søt sommarkjole eller til ein jeansshorts, bikinitopp og kvit singlet og masse armband + smykke. DET VIKTIGASTE når du skal pakke er å prøve alt på førehand, slik at du veit at alt går fint i lag, at du kan kombinere toppar og genserar til både bukser, shorts, skjørt og utanpå kjolane, at fargane på toppar og underdelar går fint i lag og at skoa kan settes saman med alle antrekka. Prøv mange ulike kombinasjonar, så slepp du tenke på dette når du er på ferie! Hugs solbriller, du kan gjerne ha fleire par, det tek jo ikkje stor plass! Ei veske, eit enkelt smykke og mange forskjellige, fargerike armband som du kan ha til alle antrekka er nok av tilbehøyr. DET ER IKKJE FINT med oversminka campingturistar, det høyrer ikkje i lag. Toalettveska treng ikkje vere stappfull av sminke du ikkje treng. På sommaren er det fint med naturleg og fin sminke med litt farge i kinna, friske rosa lepper og eit lag mascara. Hugs for all del solkrem! TIL SLUTT TRENG EIN ting som telt, campingstolar, grill/primus, kjølebag, spegel!, førstehjelpsskrin, ein liten bag som tilhøyrer min kjære + ei rekke fleire praktiske ting og tang - og vi er klar for bilferie!

FM 8•2012

44

KLIPP FARGE BRUD STUDENT RABATT DROP IN EXTENSIONS MAKE-UP OPPTIL

20%

SPENST OG

STUDENT

RABATT

Besøk vår facebookside Fresh Frisørsalong

Hafstadvegen 34 | 6800 Førde Timebestilling 47 70 73 80


Foto: Joachim Vie

Ta turen innom bloggen min regine.femelle.no dersom du vil lese meir om mote, mine antrekk og innkjøp.

FM 8•2012

Snart ferie? ƫ*'!*ƫ)! ƫ ƫ %ƫ#/&!*ċ ƫ

//"ċ*+ƫđƫ)!%.!***'ċ*+ ƫ ƫ

45


BMW-1 serie cabriolet

Topplaus ikkje spør heller, for det viktigaste er at den ser ny ut. Vi legg i veg mens regnet piskar i frontruta. Eg veit ikkje om det er relevant for ein biltest, men alt som er under panseret har eg ikkje greie på, så eg vel å melde det som er synleg og då vil eg bemerke at vindaugsviskarane verkar bra og gjer jobben sin.

Kan ei jente teste bil? Ja visst, kan ho det. Vi køyrer då bil flesteparten av oss, så kvifor skulle vi ikkje klare å gjere oss opp ei meining om køyretøyet?

Mot alle odds så lettar det utover dagen. «Av med taket» ropar vi i kor. Her skal det køyrast cab! «Å ta av taket var enklare enn å slå opp ei reiseseng» kjem det tørt frå medpassasjeren min. Og det har ho heilt rett i. Trykk på ein knapp, hold den inne og the magic begins. FOR ein følelse å køyre utan tak! Vi knipsar bilete i fleng for å publisere dei på Facebook, men let vere, for vi ser ikkje like kule ut med vind i håret som vi trudde. Men bilen! Den er kul. Ein anna fordel med å køyre utan tak er at vi høyrer kva dei som vandrar langs vegen seier. «Sjekk den bilen» blant anna. For ja, du får mykje merksemd når du køyrer cab. Anten du vil eller ikkje. I starten klarte eg ikkje kople «fin bil» med «alle glor» og lurte på kva i alle dagar eg gjorde feil. Er det rundkøyringsreglane eg har misforstått? Rusar eg bilen? Nei, eg har berre stilig bil og folk glor. Kjekt!

TEKST: Kristine Slettehaug FOTO: Mai-Kristin Tidemansen

FM 8•2012

46

Det første eg legg merke til er at bilen er kvit. Og at det er ein BMW og ein cabriolet. Litt 80-tals? Ikkje i følgje dei som veit. Kvit bil er hot, hot, hot! Og cabriolet er då veldig riktig om sommaren. Men på Vestlandet? Eg er skeptisk. Inne i bilen legg eg fort merke til at det er automatgir. Hjelp! Minst fem år sidan sist. Korleis var det her no igjen? Litt startproblem har vi, men det er ikkje på grunn av bilen. Det er på grunn av venstrefoten min. Den trur at bremsa er clutchen og min medpassasjer får seg ikkje berre ein god latter, men fleire. Korfor får eg ikkje til å rygge? Jo, fordi du bremsar! Det tek tid å venne foten til å ligge i ro, og skjer det noko uventa, som til dømes ein bil frå høgre, så fyk den bort igjen. Men stort sett ligg den i ro. Heldigvis, for flausekvota er brukt opp før vi har kome oss ut av Førde som er startpunktet. Sidan vi klarte det kunststykket å velje den mest stormfulle dagen i år etter Dagmar til å teste cab, må vi naturlegvis ha på kalesjen. Heiter det kalesje? Og forresten, kva heiter bilen vi køyrer. Har ikkje peiling. Kvit BMW held i massevis. Og så er den ny. Ser vertfall sånn ut. Om den er laga i fjor eller forfjor er vanskeleg å seie. Eg gidd

Vi jenter har jo ein tendens til å fryse. Men med jakke på så var det faktisk ikkje så kaldt. Å skru på varmen kom vi ikkje på ein gong. Altså går det å køyre cab utan steikande sol. Det er jo ein stor fordel sidan vi bur her vi bur. Og om gradestokken viser endå nokre varme, så må jo det vere ein draum å cruise gjennom Sogn og Fjordane. Framkomstmiddel og solseng i eitt. Blir ikkje betre enn det. I bagasjerommet var det ikkje mykje plass, men litt var det. Om lag ti shopping-posar vil eg tru den har plass til. Og kanskje ein liten koffert? Ok med plass, men eg hadde ikkje pakka bilen for familieferie. Det trur eg ikkje går. PS: • For spesielt interesserte, så har vi undersøkt litt og funne ut at dette er ein BMW 1serie 118d med 136hk. • Den har automatgir og er ein 2011-modell. • Sylindervolum er 2 l og vekta er 1500 kg. • I tillegg har den skinninteriør, Hi-Fi anlegg med USB og harddisk. • Prisen på herlegheita er kr 429 000,Takk til Biltreff for lån av bil!

Ja, kva anna kan vi sei om denne bilen? Den går fort om du vil. Kor fort kan eg ikkje sei, for det testa vi ikkje. Men at den går litt fort kan eg skrive under på. Det testa vi. Sa eg at den var kvit? Ja, det gjorde eg visst. Jo! Den brukar diesel. Det er vel litt viktig? Vertfall når ein skal fylle. Kor mykje den brukar på mila veit eg heller ikkje, for det var ikkje eg som betalte så da bryr eg meg ikkje med å følgje med på det. Om det var skinninteriør hugsar eg faktisk ikkje, men når eg ser på bileta i ettertid, så var det nok det. Oppsummering? Bilen er kvit, den er litt fin, den tek deg frå A til B, vindaugsviskarane verkar, motoren verkar, den har automatgir, du kan køyre fort om du vil og dersom veret tillet det kan du køyre utan tak. Eg likte bilen og kunne hatt ein slik i garasja. Men mest fordi den ikkje har tak. BMW-1 serie cabriolet heiter den visstnok.


FM 8•2012

47


Han vil sikkert ikkje male huset i år heller...

Jævla drittkjærring!

Er kranglesesongen her? Været er dårleg og campingvogna er trong. Korleis skape ein god ferie for heile familien? TEKST: Kristine Slettehaug

FM 8•2012

48

ILLUSTRASJON: Inform Media / Silvana Morales

– Eg tenker at ferie er først og fremst godt for dei aller fleste, seier Liv Sæbø (biletet) ved Familiekontora for Sunnfjord og Sogn. Ho avkreftar myta om at ferietid er høgsesong for krangling, konflikt og separasjonar, slik media gjev inntrykk av. – I den grad det finns toppar av mekling og samlivsbrot rundt ferietider, så er det ikkje ferien si skuld. Det er vanleg å legge eit planlagt brot til ferien av praktiske årsaker. I tillegg er det mange som gjev forholdet ein siste sjans i ferien, men finn ut at det ikkje er liv laga, forklarar Sæbø. Vi ser like mange «toppar» før ferien, fordi folk er fornuftige og ønskjer å bruke den til å takle brotet, legg ho til.

Gje kvarandre pusterom Då har vi fått det på plass. Ferien i seg sjølv er altså ikkje årsaka til samlivsbrot, men heller eit passande tidspunkt å ta eit planlagt brot og for nokon ei understreking av det dei allereie visste. Men krangling då? Er det ikkje naturleg at det oppstår konflikt og irritasjon når vi plutseleg skal omgå partnar og born dobbelt så mykje som vi er vande med? – Ikkje nødvendigvis. Kvardagen er prega av dårleg tid, mange aktivitetar for både foreldre og born og stress. I ferien har ein god tid og kan endeleg ta seg tid til familien. I utgangspunktet skal det vere ein god ting. Men litt gnissingar og irritasjon kan nok oppstå, innrømmer ho. – To veker på ei hytte utan internett kan bli intenst sidan ein har lite erfaring med å vere så tett over så lang tid. Då er det viktig å gje kvarandre pusterom. Spør mannen din om han kan ta med ungane ut, slik at du kan få litt

tid for deg sjølv til å til dømes lese ei bok. Og omvendt sjølvsagt. Del på ansvaret og bytt på å stå opp med ungane, rådar ho. Born i barnehage er vande til å få tilrettelagt aktivitetar tilpassa deira alder og behov. I ferien blir dette foreldra sin jobb. Ei utfordring i seg sjølv? – Det treng det ikkje vere. Barn elskar å leike med dei vaksne. Ein tur i nærområdet med niste kan vere nok. Ein treng ikkje besøke fem leikeland for at dei skal bli nøgde. Tilpass aktivitetar og gjeremål etter barnas alder, forklarar Sæbø.

Senk forventingane Eit anna råd Sæbø kan gje er å senke forventingane til ferien. Med det meiner ho at ein må ha realistiske forventingar. – I forhold til tid, pengar, ønskje og behov. Ein må sette seg ned og planlegge kva ein har tid til, kva ein har økonomi til og kva den enkelte i familien ønskjer. Kva kan vi oppfylle i år og kva kan vi vente med til neste år? Alle må få komme med sine ønskjer, men kanskje har vi ikkje råd eller tid til alt i år. Då må vi utsetje det til neste år, seier ho. Nøkkelen er altså å ha realistiske forventingar og ta omsyn til den enkelte sine behov. Men kva gjer vi med alle forpliktelsane vi går og føler på før ein ferie? Helst skulle vi besøkt ei gammal tante i Nord-Norge, søskenbarna på Gol og invitere med oss svigers ei veke på hytta. – Må vi det? Det viktigaste er i alle fall å finne løysningar på førehand og bli einige. Då slepp ein krangling rett før ferien og i verste fall undervegs. Få det avklart, oppmodar ho.

Først og fremst godt med ferie Sæbø å understreke at dei fleste ser fram til ferien og oppsummerer råda sine: – Som nemnt er det nok litt medieskapt dette med at ein kranglar så mykje i ferien. Dei fleste gler seg til tid med partnar og ungar. Sjå kvarandre sine behov, ver god med kvarandre og ta litt åleinetid ved behov. Då vil du oppleve at det er godt å ha ferie, avsluttar ho.


Skulle hatt ferie heile året… 2012 Dethleffs ESPRIT I-7150 3,0 180hk AUT Euro 5 Masterclass

2011 Dethleffs Magic Edition I Black 3,0 160hk AUT

udsjettpris Luksus til b

ris! Kampanjep

ris! Kampanjep

Kr

*

799.000,-

Magic Edition utstyrspakke • Cruice control • Aut. • Klimaanlegg • Pilotseter med høgdeog hellingsjustering • «Samba» skinninteriør • Stort kjøleskåp med sep. frys • Baldakinbelysning kjøkken • Myggnettingdør • 5 m fabrikkmont. Omnistor markise • Takluke • Flatskjermhaldar • DAB-radio m/CD • Vinterkomfort-pakke Truma m/isolert spillvasstank, Styrofoam isolering, Truma Combi 6E gass/elektro varmar m/230v.

2012 Sunlight T64 Delintegrert, 2,3 130hk Euro 5

Kr

950.000,-*

Automatgear • Alu-felgar • Rygge-kamera • Titansilver metallakkering • Klima • Cruise controll • Senkeseng • Førarhusdør venstre side • Belysning kjøkkenbaldakin • Dashbord i imitert nøttetre • Myggnettingdør • DAB radio m/CD • Takluke • Forteltslys • Truma Combi 6E gass/ elektro varmar m/230v • Golvvarme 230v • Sykkelstativ for tre syklar • Tec Tower steikeomn på toppen • 5,5 m fabrikkmontert Omnistor markise +++

ris! Kampanjep

Kr

549.000,-*

Innvendig senkeseng • Cruise control • Panoramatakluke • 3,5 m markise + sykkelhaldar for 4 syklar • Heve/senkeseng for 2 personar • Truma Combi 6E Gas/230v • Stort kjøleskåp • Avtrekksvifte kjøkken • Kantsydd teppe • Isolert spillvasstank • Vindu over førarhus • Golvvarme elektrisk.

2012 Sunlight T69 Delintegrert, 2,3 130hk Euro 5

2012 Dethleffs 2012 Dethleffs Skandinavian EIGHTY II T 6700 2,3 JTD 148hk Euro 5 Magic Edition T White 2,3 JTD 148hk Euro 5

ris! Kampanjep

Kr ris! Kampanjep ris! Kampanjep

Kr

*

699.000,-

Magic Edition utstyrspakke • Cruice controll • Hekkgarasje • Pilotseter med høgde- og hellingsjustering • Stort kjøleskap med separat fryseboks • Baldakinbelysning kjøkken • Flugenettingdør • Radio forbr. med lydsystem-pakke • Golvvarme elektrisk • Takluke • Flatskjermhaldar • Maxi chassis (4250kg) • Caratec ryggekamera med fargeskjerm • Rammevindu i budel.

Kr

* 739.000,msmodell Jubileu

Automatisk klimaanlegg i førarhuset • Cruise controll • Kollisjonspute førar- og passasjerside • Førarhus lakkert i sølv metallic • Påbygg lakkert i titansølv med kvite striper • Alufelgar • 190L kjøleskap med separat frys • Kaffemaskin • Bumiljø «Eighty» i ekte skinn • Støttebein bak • Pilotsete med høgde/helningsjust. • Forteltslys • Heki 3 «luksus» med baldakin belysning • El. stigtrinn • Kjøkkenventilator • Rammevindu • Truma Combi 6 E • Markise 4,0m • Sykkelstativ for 3 syklar • Golvvarme elektrisk • Caratec ryggekamera med fargeskjerm.

559.000,-*

2,3 130hk Euro 5 • Midtplassert King size seng • Cruise control • Panorama-takluke • 3,5 m markise + sykkelhaldar for 4 syklar • Takreeling for bagasje med stige • Kablar for ryggekamera • Truma Combi 6E Gas/230v • Stort kjøleskåp • Avtrekksvifte kjøkken • Kantsydd teppe • Isolert spillvasstank • Vindu over førarhus • Golvvarme elektrisk

Sunlight – Tysk kvalitet til ein uslåeleg pris!

*) Alle prisar er inkl. omk. levert Førde.

BMW - Mitsubishi – Bruktbilar • Hobby campingvogner og bubilar • Dethleffs bubilar og campingvogner • Fendt campingvogner • Sunlight bubilar


Feirar 80 år med 2200 km sykling Ingemar Nordstrand fylte 80 år 15. mai, men det hindrar han ikkje frå å gjenta vågestykket frå ungdommen: Sykle Vardø-Horten, cirka 2200 kilometer! Tekst: Roy Sunde

I 1959 var 27 år gamle Nordstrand lærar i Vardø. På ein fest fortalte han om flytteplanar til Horten. Han ville fikse ein gammal sykkel på skuleloftet og sykle ned. – Ein av festdeltakarane var primus motor for Vardøhus Festing og første kyrkje i byen sitt 650 års-jubileum. Han ymta frampå om eg kunne tenkje meg å knyte Vardøjubileet saman med den årvisse Landbruksutstillinga i Oslo. Heilt i orden, sa eg, og gløymte heile saka, til telefonen ringte på våren. – Står du ved å sykle Vardø-Oslo? Forma var god, men eg hadde sykla lite og vart betenkt – det er 220 mil. Hadde eg sagt det, måtte det haldast. Og eg slapp å pusse opp sykkel. – Plukk deg ein ny Øglænd-sykkel sa han. Eg tok ein 3-gir DBS de Lux med halvballongdekk, og prøvde den Vardø-Vadsø tur-retur, 15 mil. Det var sykkeltreninga før eg la ut på tur 23. juni 1959. Ordførar Rudolf Olsen ønskte lykke til og sende med ein tørrfisk og to miniatyr av Vardøhus Festning for overrekking i Oslo. Jubileumskomiteen kontakta Dagbladet og turistinteresser i Oslo for PR. Eg skulle ringe avisa dagleg, men det var ikkje lett å finne telefon på Finnmarksvidda eller på landsbygda i Finland og Sverige då.

Reine Tour de France

FM 8•2012

50

Dagsetappar som i Tour de France på ein gammaldags, tung tregirssykkel er ikkje småtteri. – Eg kjente eg ikkje var godt nok trena, men nådde Oslo på ti dagsettappar a 22 mil i snitt. Vegane i Norge går mykje på tvers, så eg sykla Finnmarksvidda inn i Finland, til Sverige og tilbake i Norge ved Kongsvinger. – Kva var det verste med å sykle så langt? – I starten måtte eg «bryte opp» knea om morgonane, men eg vart raskt viss på at dette skulle gå, om ikkje noko spesielt skjedde. Veret var bra, og stort sett vegane. Mykje grus i Finland, ein dag sykla eg på pukk. Det var håplaust, men betra seg i Sverige. Eg hadde telt og sovepose, og sov der det passa, seier han og fortel ei artig oppleving. Namnebror Ingemar Johanson slo amerikanske Floyd Patterson, og vart tungvektsverdsmeister i boksing. Sverige var i rus. – Ingemar-feberen var stor, alle eg møtte snakka om det. I ein samtale med Dagbladet nemnte eg dette: Tittelen vart: Fullstendig Ingemar-galskap i Sverige, ler han og fortel om målgang. – Eg kom inn på arenaen med Dagbladet og møttes av 20.000, overrekte gåvene og fekk krans av landbruksprodukt som ost, smør, grønsaker osv.

Kriblande bein Etter 2200 km på utrente bein gjennom tre land skulle ein tru det vart nok sykkel. – Eg fekk nok av sykling, og tenkte dette var turen. På vinteren byrja beina

krible, og på våren var eg klar. Sommaren 1960 sykla eg 18 land i Europa, ca 7000 km, og i 1961 sykla eg til Marokko, ca 3000 km, seier han og nemner at han vart arrestert: – For å sykle i berre shorts i Franco-Spania, to gonger, og ein gong i Portugal, men så fort eg kledde på meg smilte dei og sende meg vidare. I Marokko sykla eg for livet. Eg møtte ei kvinne med sjal, med vakre brune auge, så eg tok eit bilete. Då kom to rasande arabarar, og eg var glad for å ha kondis til på rekordtid få sykkelen opp i 50-60 km/t, smiler han. – Tilbake i Spania var det bråstopp. Eg fekk høyre at far var død og gravlagd, og tok første moglege fly til Norge. Året etter sykla eg 4000 km i Europa, med «fjellklyving» i Sveits. I 1963 sykkla eg frå Horten til Venstres landsmøte i Tromsø, og vart teken i mot av venstrekjempene Bent Røiseland, Gunnar Garbo og Helge Seip. Planen var å sykle til OL i Tokyo året seier han, men etter ein fest på Lavikdalen køyrde ein fyllekøyrar på meg. Eg vart ikkje skadd, men smadra sykkelen, ein mann døydde og søskenbarnet mitt vart kvesta. Eg tok ei pause frå syklinga, og kjøpte min første bil, men fekk ny sykkel etter kvart. – Kva er det med sykling du set slik pris på? – Skulle vel sagt miljøet, som er ei god årsak, men ein moderne tanke. For meg var det å ta seg fram med eigne krefter viktig. I oppveksten var det aldri snakk om bil, vi sykla eller gjekk og var alltid aktive. Ei tid jobba eg i Statens Velferdsråd for Handelsflåten, og sykla om bord i båtar eg reiste med. Eg plar seie eg har sykla dei sju hav, ler han.

Draumereprise etter 53 år På St. Hans skal 80-åringen igjen sykle Vardø-Horten. – Eg trenar med Per Enholm, som berre er barnet på 73 år. Planen var å gjenta Vardøturen i 2009, 50 år etter, men sykkelvelt og smadra lår i 2008 stogga det. Då sa Per kvifor ikkje ta turen når du rundar 80 år, og denne gang heilt til Horten, smiler han. – No har eg lang erfaring, mykje trening og betre sykkel, men er ikkje like sprek og skal litt lenger, så vi tek det over 12 dagar. 20 mil i snitt og 10-12 timar sykkel dageleg. – Om eg seier alle gode ting er tre, og 100-års feiring, kva seier du då? – Om eg blir 100 og forma er god kan eg i alle fall sykle til «sykkelbyen» Førde, ler han. – Føler du ikkje alderen tynge i det heile? – Ein kan ikkje tenke på kor gammal ein er. Om ein er aktiv går det fint. Eg var på treningsleir i Spania i 14 dagar, men mista ei veke på grunn av fall der eg fekk styret i brystet. Men eg er bra igjen, og i starten av april hadde eg økter på 12-13 mil i bra fart ute, seier han og fortel at det har blitt få alvorlege uhell, bortsett frå lårbeinsbrotet i 2008.


Slik såg det ut då ein 27 år gammal Ingemar Nordstrand sykla i mål etter eit vågestykke på 2200 km i 1959. og slik ser det ut når han trener for å gjenta bragden, pluss litt til, 53 år seinare.

– Eg er aldri redd, men ein må vere merksam på at det er mykje trafikk. Alle partar må oppføre seg der. Vestlandsvegar er smale og ein må innrette seg, men eg synast norske bilistar er blitt betre til å ta omsyn til syklistar. Ein ting er ofte for dårleg. Nyleg sykla eg over Guddalen og skulle heim via gamle Bogstunnelen. Vegvesenet gav i 1997 ut sykkeltunnelguide med oversikt over lovlege tunnelar å sykle i, som eg rekna med gjaldt enno sidan det ikkje er komen ny. Det var bra lys, polstring og refleks eit stykke inn i den 636 meter lange tunnelen, så var det mørkt midt i. Etter velt grunna hol i vegen, byrja vi å gå og famla oss gjennom. Det er ikkje haldbart. Statens Vegvesen bør ta ansvar. Turistvegar og sykkelstiar er inn, seier han og legg til at han har god erfaring med vegetaten.

land byrja eg med restaureringsarbeid på «Den trondhjemske postvei», resulterte i ei bok om Postvegen, utgitt ut på Samlaget i 1996. Arbeidet gjorde meg lokalkjent langs vegen frå Bergen til Trondheim. I høve 2. opplag i 1997 sykla eg postvegen på ni døgn, om lag tida posten tok i si tid, og stogga i dei 23 kommunane langs traseen og minte ordførarane om plikta til å ta vare på vegklenodiet. Eg kopla inn Vegvesen og postvesen, og fekk mykje publisitet, så postvegen kom fram i lyset.

Eventyrar Livet til Ingemar har vore prega av å kaste seg ut i eventyret, heller enn å lure på om han skal. – I 1972 søkte eg permisjon frå jobben i to år, og reiste til New Zealand. Reisa tok 6 månader, via verdens lengste lastebil-transport til hamnebyen Bandar Abbas i Iran. Ein strabasiøs tur på 14 dagar og 8000 km gjennom Europa, ville fjell i Tyrkia og skrøpelege vegar i Iran. Frå Den persiske gulf «haika» eg med norske skip til Japan, Thailand, med «julebesøk» i Det gylne triangel, til Singapore og Malaysia, så Australia og New Zealand, han gjorde som mange nordmenn på slutten av 1800-talet: – Eg prøvde meg som gullgravar, med blanda hell. Sauegjeting gav heller ikkje særleg utkome. Undervegs sa eg like godt opp jobben, og livnærte meg som frilansjournalist, skreiv heim til aviser og blad, og grov fram historier om nordmenn som prøvde lukka der på 1800-talet. New Zealand er mindre enn Norge, men mykje er større. Som farmar med tusenvis av sauer. I 1975 venta ingen jobb i Horten, men eg hadde arva ein veglaus husmannsplass i Hyllestad, og reiste heim, sjølv om eg hadde avtale med ein nordmann om å bli på New Zealand og utvikle turisme knytt til geysirar og isbrear på Nordøya, seier han og fortel det venta mykje arbeid på husmannsplassen. – Først bygde eg ei hytte å bu i, men det var tungtvint å bu utan veg. Etter fem-seks år var eg lei av å gå langt og krysse elva når eg skulle noko. Først bygde eg bru, ferdig til 50-års dagen min, og året etter veg. No er det lett å bu her, men det var eit tiltak. Eg var frilansjournalist for Firda og Bergens Tidende, men 20 meter bru pluss veg kostar. Så det var berre å ta opp lån og gjere det. – Er det livsfilosofien? – Om ein har lyst og interesse er det berre å hive seg rundt, seier han. – Eg var med å restaurere Kongevegen i Lærdal på 70-talet. Flytting av Stiftstøtta på Filefjell organiserte eg frå New Zealand, og heime frå New Zea-

Aktiv på fleire felt

dø Var Hor ten

I Horten og Vestfold var han i bystyre og formannskap, og vara til Stortinget frå Vestfold på 1960-talet. På tidleg 80-tal ordførar i Hyllestad. Pensjonistdagane fyller han lett. – Eg er i valkomiteen til NAF Fjordane og Ytre Sogn, aktiv i Sogelaget i Hyllestad, samt valt til formann i eldrerådet – då ser ein at ein er blitt gammal, humrar han og røper grunntreninga. – Eg har alltid 10-12 mål ved på tørk: Nyttar motorsag, men ikkje traktor. Eg ber og dreg veden fram, og kløyver for hand. Det held eg fram med så lenge armstyrken er der. I tillegg til sykling er det fjellturar. Lihesten er barndommens fjell. Eg var med i Prosjekt Lihesten på 90-talet, som rusta opp turstinettet, der ideen om turen Lihestklyvet kom. Eg var med alle klyv fram til beinbrotet, men ein bergensar vart først til 20 klyv. I år kjem mitt tjuande, smiler han. – Har du nokre råd til andre som har lyst å bli sprekare? – Vi har fantastisk natur, det er berre å skaffe ein grei sykkel og gå i gang. Ein treng ikkje dyraste sykkelen. Du får ein grei sykkel til eit par tusen kroner, men mange kjøper dyre syklar dei berre bruker eit par gangar, seier han.

FM 8•2012

51


Illusjonen sommarferie RETT PÅ Andrine Bruland I VÅR FEKK EG EIN LAPP FRÅ BARNEHAGEN, der det stod at vi måtte velje tre ferieveker for Casper, kor han ikkje skulle vere i barnehagen. Desse vekene var bindande, og hadde innleveringsfrist ein eller annan dato i byrjinga av mai. I byrjinga av mai snødde det, samtlege av dei eg kunne tenke meg å tilbringe tid med i ferien sa at «det har vi ikkje begynt å sjå på enno», og sjefen min sa med eit dårleg skjult smil at dei i utgangspunktet plar operere med eit førstemann-til-mølla-prinsipp på ferievekene, og at eg såleis låg svært godt an i høve til førstevalet. Så eg kryssa tre meir eller mindre vilkårlege veker innan fristen barnehagen hadde sett, og følte allereie der at det vart noko ironisk over heile feriebegrepet. DÅ EIN VAR LITEN, var sommarferien eit lite paradis, i ei aldri så lita evigheit. Eg hugsar båtturar og familie på Sørlandet – bløde konsonantar og kassadamer som sa «tretten og ei halv krone» når ein kjøpte is og tyggis. Eg hugsar at alle vaksne damer eg kjende, inkludert mamma, skulle «sole seg», som var den mest ubehagelege og meiningslause aktiviteten eg visste om. Eg hugsar bonuspappaen som stod utanfor huset og plystra og jobba med eit eller anna, og sa ja kvar gong eg sykla heimom og spurte om eg kunne få vere ute ein halvtime til. (Det var ikkje mobiltelefonar den gongen, nei!). Og sommarferien var så lang, så lang. Ein kjapp assosiasjonsrunde på Facebook viser at mine venner og kjende sine mest positive sommarminner er nettopp slike små, avslappa glimt; av tid, bading, jordbær, familie, is, og i vaksen alder gjerne også ein utepils.

i mot bør ein kanskje sette inn energien på å lage seg det motsette av det som er kvardagen.

På eit eller anna tidspunkt i livet blir sommaren ein gedigen skuffelse

PÅ EIT ELLER ANNA TIDSPUNKT i livet blir sommaren ein gedigen skuffelse. Kanskje det året ein får seg sommarjobb. Brått er det havet av tid til å nyte alt ein ikkje har tid til å nyte elles, forsvunne. Skulle ein ha funne litt tid, så har ikkje dei ein ynskjer å tilbringe den med tid. Og klarer ein å finne tid samstundes som andre finn tid, regnar det, eller så er det eit jag etter å «finne på noko» fantastisk, minnerikt, solrikt, unikt, ekstremt koseleg. Den same uformelle undersøkinga på Facebook viser at dei som har negative assosiasjonar til ordet «ferie», forbinder det med tronge bil- eller flysete, kø, stress, pengesluk og regn. Ikkje så reint ulikt kvardagen elles, altså.

I OG MED AT DEI FLESTE ser ut til å hate kø, flyplassar, tronge baksete og pengesluk, skal ein kanskje ikkje nødvendigvis ut og reise samtidig som alle andre skal ut å reise? Og det gjerdet som skulle vore malt, og den garasjen som skulle vore rydda, det bør ein kanskje heller fordele inn i kvardagen, der «jobb» høyrer heime, eller i alle fall redefinere det til eit sosialt dugnadsprosjekt der øl, jordbær og musikk er viktigare enn effektivitet? Eg går tilbake til barndommen, og byrjar med svaret «ja». Ja til ein halvtime lengre ute. Ja til dessert etter frukost. Ja til ein is til. Det skal nok eg og Casper og sambuar klare, uansett kva dei tilfeldige ferievekene våre elles måtte bringe. Ja til tre langfilmar på rad og firkanta auge dei dagane det regnar. Og ja til å vere heime på altanen og strikke og drikke kaffi ein heil dag når det måtte vere sol, medan klesvasken og oppvasken står urørt. Det lyt den berre gjere, elles ville jo ikkje ferie vere det motsette av kvardagen. Og kanskje, kanskje, etter nokre veker med bakvendtland, så vil det faktisk kjennest litt godt å rydde og jobbe og ete kjøttaker i brun saus att?

I FØLGJE WIKIPEDIA stammar ordet «ferie» frå det latinske «feriae», som tyder religiøs festdag, der ein ikkje driv med handel eller forretningar. Eg trur noko av essensen i ferie ligg i å bryte av dei «forretningar» ein vanlegvis bedriv, og gjere det stikk motsette. Ikkje fokusere på å forsøke å få i stand ein kjempedyr, kjempeopplevelse kjempelangt vekke, eller på å rekke over alle familiemedlemer og venner i alle landets krikar og krokar. Heller ikkje bruke opp all fritida til å lage seg ein heilt ny arbeidsdag i hus og heim. Tvert

FM 8•2012

52

PIONER14 NYHEIT!

FINNMASTER R 62 BR/DC

FINNMASTER FINNMA ASTER 61 CA CA

FINNMASTER FIINNMASTER 76 CA CA

Ny tøff og moderne 14 foter foter.. Sjølv Sjølvlensande. lensande.

Nye testvinnarar testvinnarar.r. FFerdig errdig utstyrt. 115 hk.

Lukka, sjølvlensande sjølvvlensande dekk. 115 hk.

Kr.r. 27.500,Kr

Kr Kr.r. 311.00 311.000,00,-

De Demobåt, mobåt, 225 hk diesel, toppfart 36 knop. KKomplett omplett ferieutstyrt.

TTilbud ilbudd Kr Kr.r. 339.000,Spar Kr Kr.r. 71 71.000,.000,-

Kråånavegen 6, 6823 Sandane Krånavegen Tlf:f: 57 86 56 25, Mob 952 84 989 Tlf www.trademark-automarine.no ww ww.trademark-automarine.no

TTilbud ilbud Kr Kr.r. 795.000,-

Vi har elles mange andre mod ger klar for levering! modeller deller på la lager – TTaa kontakt for prisar og fleir fleire re tilbod!


inform-media.no

Ferie på Strynefjellet eller late meg heime? Ikkje så nøye, når papsen er kunde hos Enivest! Vi gir deg 3 mnd. utan abonnementskostnad på internett i heimen (ADSL) og mobilt breiband. Tilbodet gjeld nye ADSL-kundar med 12. mnd bindingstid som bestiller begge produkta samla. Kampanjeperiode til og med 1. august 2012. (Pris første året frå kr 4301,- inkl. etablering).

Surf der du er, når du vil

FM 8•2012

53

Om du allereie er Enivest-kunde – gjer som “papsen” bestill mobilt breiband no!

Din lokale breibandsleverandør i Sogn og Fjordane

57 00 91 00 | enivest.no


1 2 3 4

Kulturutveksling med husbytte Bustadbytte er ei ferieform mange lurer på, men ikkje torer å gjere. Ingrid og familien har gjort det to gongar, og dei angrar ikkje. Tekst: Kristine Slettehaug

FM 8•2012

54

Heilt sidan bustadbytte vart kjent i Norge på 50-talet, har fleire og fleire nytta seg av den rimelege ferieforma. Like viktig som at du slepp utgifter til overnatting, er det at du får oppleve kulturen og omgjevnadane din byttefamilie opplever til dagleg. To år på rad har Ingrid Norum frå Jølster og familien hennar bytta bustad. – Eg hadde lese om bustadbytte i avisene og tenkt at når vi ein gong fekk eit hus som gjekk an å bytte, så skulle vi prøve det. I 2010 meldte vi oss inn i Homelink, er ein medlemsorganisasjon der du legg ut ei slags kontaktannonse for bustaden din på nett. Etter at vi hadde lagt ut annonsa vår, var det berre til å håpe på napp, smiler Ingrid.

Napp frå Spania Napp fekk familien Norum frå Jølster, men ikkje frå førsteønskje. – Helst ville vi til Portugal, men der fekk vi ikkje napp når vi sendte førespurnader til andre profilar. Då vart vi litt deppa. Men så kom det plutseleg eit spørsmål frå ein spansk familie i Valencia om vi ville bytte huset vårt mot deira feriehus i nord-øst Spania. Og det ville vi. Utover våren vart det sendt mailer og bilete mellom den vesle garden i Sandalen i Jølster og Valencia. Spørsmåla var mange, og dei bestemte seg for å bytte både hus og bil. – Vi investerte i ein GPS før vi reiste ned der. Vi fann ut at det var lurast,

ler Ingrid. Før avreise til Spania var dei opptatt av at alt skulle vere på stell i huset dei skulle bytte vekk. – Det vart litt meir enn den vanlege fredagsvasken. Vi brukte faktisk første ferieveka på å gjere huset klart. Vi vaska vindauge, malte ein flekk her og der, rydda plass i kleskapa, skifta sengeklede og nærmast vaska oss ut av huset før vi reiste, forklarar Ingrid, som innrømmer at ho var litt skeptisk til at framande skulle inn i huset hennar. – Det var første gongen vi gjorde dette, så samtidig som eg rydda vekk klede låste eg inn smykkar og bunadssølv, seier ho, men legg til at det var heilt unødvendig. – Etter at vi sto på flyplassen i Spania og såg at bilen deira sto der, hadde vi full tillit.

Annleis form for kulturutveksling Eit moderne feriehus venta dei når dei ankom den vesle badebyen i Spania. – Det var veldig fint der. Og ekstremt heitt! Spanjolane hadde sett fram strandleikar og gåver til borna. Det synst vi var hyggeleg. Sjølv hadde vi kjøpt litt gardsmat til dei heime. Feriehuset var utstyrt med eit godt utval i leikar, badeutstyr, strandstolar og alt ein barnefamilie kunne ønske. – Fordelen med å bytte med nokon i same familiesituasjon som oss, i dette


1) Feriehuset sett frå fyret. 2) På Cap Prim. 3) Marknaden i gamle Javea. 4) Feriehuset. 5) Garden vår i juni.

5

tilfellet ein småbarnsfamilie, er at huset du bytar til deg er tilrettelagt for ungar og tilpassa familien sine behov. Dei som bur der til vanleg er vand til at huset blir brukt på same måte og har forståing dersom noko skulle gå sundt. Den vesle familien frå Jølster nytta feriedagane sine godt i Spania, med farting til og frå dei vakre strendene som låg i nærområdet. – På førehand og undervegs spurte vi den spanske familien om gode restaurantar, fine strender og aktivitetar i nærleiken. Sjølv tipsa vi dei om attraksjonar i Sogn og Fjordane og gode matopplevingar som Gloppen Hotell og Håjen Kafé. Sjølv om det var veldig heitt, og familien var avhengig av bil for å komme seg nokon stad, då feriehuset låg på ei klippe, vart den samla erfaringa god. – Alt i alt hadde vi eit fint opphald. Ungane likte seg godt og dei var veldig fascinerte over dei borna som vanlegvis budde i feriehuset. Sjølv om du aldri møter menneska som du bytar hus med, opplever du huset deira, tinga deira og litt av livet deira. Det er kulturutveksling utan å møte dei du vekslar kultur med. Det er litt spesielt. Du føler du kjenner dei, men du har aldri møtt dei, forklarar Ingrid. I tillegg til feriehuset fekk familien frå Jølster også låne leilegheita til den spanske familien i Valencia. – Dei heiv seg rundt for å skaffe oss nøkkel. Eg har knapt opplevd maken til hjelpsamheit og vennlegheit. Og det trur eg det er veldig kultur for blant dei som byter bustad. Ein ønskjer at den ein byter med skal ha eit flott opphald og er difor ekstra hjelpsame og høflege.

og California. Alt såg veldig fristande ut, men vi måtte tenke litt praktisk og sjå på kva som passa oss best. Eit kaktuslandskap i California er ikkje så aktuelt med barn. Dei bestemte seg for å leite etter noko i Århus-området i Danmark og igjen fekk dei napp. – Nok ein gong fekk vi eit fint hus i eit fint område. Om ein ser vekk i frå dårleg veret, så var vi kjempefornøgd med opphaldet. Det same var danskane som allereie første dagen hadde vore på Haugabreen på eiga hand. Dei var heilt skutt stakkars, ler Ingrid.

Vil til Frankrike Inntrykket familien sit att med etter to år med bustadbytte er godt. – Det einaste eg kan sette fingen på er at ein ikkje kan forvente å komme til eit tilrettelagt feriekompleks på stranda. Ein bur i vanlege bustadområder og møter ikkje eit serviceapparat som ein til dømes ville ha gjort på charterferie. Men ein kjem tettare på kulturen i landet ein er i når ein gjer det på denne måten. I år har familien Norum valt å ikkje ha bustadbytte. – Vi pussar opp og har difor valt å ta ei pause. Men vi kjem nok til å gjere det igjen, seier Ingrid. – Det er framleis mange stader vi kunne tenke oss å oppleve på denne måten. Frankrike eller Lofoten til dømes avsluttar ho.

Tips til deg som vil bytte bustad: Fornøgde spanjolar Og spanjolane? Korleis hadde dei hatt det? – Dei hadde visst farta noko voldsamt. For av garde på alt muleg og oppsøkte brear, Geirangerfjorden og andre attraksjonar i og utafor fylket som dei opplevde som eksotisk. «Hallo, dei har jo vore på stadar eg ikkje ein gong har vore» tenkte eg då. Stølen vår hadde dei også nytta seg av og synst den var svært eksotisk. Dei var veldig fornøgde og sa at av alle bustadbytta dei hadde hatt, var dette det beste. Men matprisane reagerte dei litt på. Både bilen og huset stod der endå då dei kom heim. Reint var det også. – Spanjolane hadde rydda fint opp etter seg. Dei hadde brekt ein stavmixar, men det er slikt som ein må rekne med, smiler Ingrid og legg til at hennar eigne ungar kasta nokre leikar over verandaen som ho ikkje klarte å finne igjen og ei porselensdukke måtte limast med superlim som ho fann i huset.

Nok eit vellukka bustadbytte Året etter hadde dei mange tilbod rundt om i verda om å bytte bustad. – Vi hadde førespurnader frå både Australia, Frankrike, Belgia, Tyskland

Er det nødvendig å bytte bil? Det kan skape stress å bruke andre sin bil då ein føler at ein må vere ekstra forsiktig. I tillegg kan du risikere at kilometerstanden på eigen bil skyt i været grunna lange avstandar i Sogn og Fjordane, medan du sjølv berre køyrer korte turar til og frå stranda. Få tips og råd om gode restaurantar og aktivitetar og attraksjonar i nærområdet av bytte-familien. Lag ein brukarmanual med bruksanvisning til huset ditt og nyttige opplysningar som til dømes nød-nummer. Merk annonsa di med kva de ligg i nærleiken av slik at dei som les den ser noko kjent. Til dømes «Jostedalsbreen 20 km» eller «Sognefjorden 40 km». Du treng ikkje til utlandet for å bytte bustad. Det er mange i Norge som vil bytte bustad med andre nordmenn på ein annan kant av landet. Bytt med nokon som er i same familiesituasjon. Då er huset meir tilpassa dine behov. Sjå: www.boligbytte.no

FM 8•2012

55


inform-media.no

Største kjøpesenter mellom Bergen og Ålesund

TILBUD All solkrem og Make-up frå Max Factor

Ei mengd varer

1/2 pris

32 for

Velkomen inn til ein hyggeleg handel!

Bli med i trekninga av ein luksuskveld med Jan Thomas og dei tilsette i din lokale VITAbutikk! For meir info, kom innom din VITA butikk!

Vi har dei

nyaste

sommartrendane!

FØRDE – HANDELSHUSET SØR, 2. ETASJE TLF. 57 72 02 20

Narvesen: Stort utval utenlandske og norske blader

HANDELSHUSET

Marcel home: Lisbeth Dahl, pute 599,Sia, hund 299,-

Handelshuset Nord, 2 et. Tlf. 57 02 02 77

The body shop: Honey Bronze 259,-

Jack & Jones: Skjorte, korterma 299,95 Shorts 399,95

Til bords: Grill 399,-

1987-2012

Opningstider: Kvardagar: 10-20 (21) Laurdag: 10-16 (20)

Enkelte butikkar har andre opningstider.

Marcel: Skateboard 1000,-

dna: Toms sko 699,-


• 54 butikkar • 550 gratis parkeringsplassar • 4 restaurantar/kaféar • Leikeland

SStørste tø ørste kjøpesenter mellom me ello om B Bergen e og Ålesund SK SSKO KO •d dna • EEu Euro Sko Økonomisko •Ø MA M MAT, DRIKKE OG KIOSK • SSpar •N Napoleon Conditori Deli Vita •D •N Narvesen •P Peppes Pizza • Vinmonopolet V •B Bambus OP P OPTIKK, UR OG GULL •B Bjørklund •M Mestergull •B Brilleland

Mascarasett se ett med Clinique-favorittar fa avorittar

KR R KROPP OG HELSE •N Nikita • Apotek1 A • TTh The Body Shop • Sunkost S • TTr Trendy frisør • Cosmetique CCo Parfymeri & Spa •R Ranels Parfymeri •V VITA

High Impact Mascara ra (8g), ( Cream Shaper for Eyes yess (1,1 g), Take The Day Off (30 0 ml). m

Kr 220,--/verdi 365,-

HU H U OG HEIM HUS •B Bellis Blomster •N Nille • Handelshuset H Libris • KKremmerhuset •P Princess • FFø Førde Glassmagasin • TTi TilBords

b-Young: Kjole 999,Modell: Renate Indrebø

Parfymeri me eri & spa Parfymeriet i Handelshuset usett Nord 2. et. Tlf. 57 82 19 70

KL K L KLE •B Bare Barn •B Bonito Dameklær • KappAhl K •V VIC •M Marcel •M Marcel Sister •M Marcel Home •M More Woman •b b-Young •B Blend •A Arkja Dameklær • Hennes H & Mauritz • Jack Ja Jones & Vero Moda •M Match SPORT SP P OG FRITID •R Ringo •D Din sport SPESIALBUTIKKAR SP P Glitter •G Zoo-senteret • Zo Z Ti-Ti • Ti T Førde Lydsenter • Fø F •B Bagorama Fotograf Helle • Fo F • CCity Bag • CCMYK accessories SEER SERVICE Vest • Sparebanken S Posten •P

Bonito: Jackpot, støvler 399,-

Blend: Papfar, t-shirt 199,95 Outfitters nation, seleshorts 299,95

CMYK: Solhatt 199,Stor veske 399,-

www.hhforde.no w

...vi har det! HANDELSHUSET HAND D FØRDE


Sommarens storfilmar Sommaren er blockbustertid på kino, og sjeldan har fleire slike stått i kø enn i sommar. Det burde vere ein sommarfilm for ein kvar smak i lista under. MEN IN BLACK 3 Premiere: 25. mai: The Men in Black er attende! Jay, spelt av Will Smith, oppdagar at partner Kay er vekke, og det finnast ikkje spor etter han dei siste 40 åra. Han må til 60-talet, for få svar. Og oppdagar at det finnast hemmelegheiter Kay ikkje har fortalt han. PROMETHEUS Premiere: 1. juni: Regissør Ridley Scott er tilbake til sjangeren han definerte. I «Prometheus» skaper han ny mytologi: ei gruppe forskarar oppdagar ein leietråd til menneskets opphav, som leiar til universets mørkaste avkrokar. SNOW WHITE AND THE HUNTSMAN premiere: 8. juni: Den vonde dronninga sender ein jeger for å drepe Snøhvit, den vakraste dama i landet. Men jegeren let Snøhvit leve, og trener ho i krigens kunster for å kunne hamle opp med dronninga. 21 JUMP STREET Premiere: 15. juni: Actionkomedie basert på kultserien med Johnny Depp. Dei mislukka politibetjentane Schmidt og Jenko får sjansen til å gå undercover på en lokal ungdomsskole for å kartlegge og pågripe ein gjeng som langar dop. ISTID 4: KONTINENTER PÅ AVVEIE Premiere: 29. juni: Istid-eventyret starta i 2002 med Sid, Manfred, Diego og Scrat. No er dei tilbake og møter både piratar og andre skapningar frå sjøen.

FM 8•2012

58

THE AMAZING SPIDER-MAN Premiere: 11. juli: Ny mann i hovudrolla og attende til røtene til Spiderman – high school-tida der han vart forvandla til The Amazing Spider-man. THE DARK KNIGHT RISES Premiere: 20. juli: Avslutninga på Christopher Nolans Batman-trilogi, med Christian Bale som Batman. 8 år har gått sidan sist. Vi møter en eldre Bruce Wayne, i elendig forfatning, nye skurkar og karakterar, og gamle kjenningar som Jim Gordon og Alfred. MADAGASKAR 3: FULL RULLE I EUROPA Premiere: 3. august: Løva, sebraen, sjiraffen, flodhesten og pingvinane er tilbake. Denne gangen blir dei med et omreisande sirkus i Europa, i et forsøk på å komme seg tilbake til New York. KON-TIKI Premiere: 24. august: Regissørane bak «Max Manus» med ny storfilm om ein norsk helt. Eventyraren Thor Heyerdahl la ut på farefylt ekspedisjon over Stillehavet på slutten av 1940-tallet, for å teste migrasjonsteoriane sine med fem andre unge menn. MODIG Premiere: 31. august: Pixars eventyrfilm føregår på det skotske høylandet, der modige Merida konfronterar tradisjonar, skjebnen og skumle skapningar. Dette er første gang animasjonsstudioet har ei jente i hovudrolla. THE BOURNE LEGACY Premiere: 7. september: Jeremy Renner tek arven etter Matt Damon, og må gjennom livsfarlige prøvelsar utløyst av hendingane i de tre første filmane.

Har du husplanar? Vi har huset du ønskjer å bu i. Kom innom oss og sjå vår store huskatalog.

BRUFJORD

MÅLØY

FØRDEFJORD

Dvergsdal & Sunde | Avd. Førde | Avd. Eid | Avd. Sogn | Tlf: 57 72 65 00 | dvergsdalogsunde.no | post@dsgruppen.no


KINNASPELET SONGEN VED DET STORE DJUP

L Laurdag aurdag 16.. juni Kl. 13.00 Historisk vandring Båt frå Florø,, familietur familiettur Kl. 13.00 Kinnaspelet, p , opning v/ Erling Borgen Borggen Kl. 14.30 Omvising i kyrkja Kl. 15.00 K Konsert onsert v/Sandviken v/Sandvikkeen Kantori Kl. 16.30 Kinnaspelet kveldsbøn Kl. 18.00 Irsk kv eldsbøn

Nye M-Klasse 250 BlueTEC 4MATIC med 204 hk og 500 Nm har 7% meir kraft og opptil 25% lågare forbruk enn forgjengaren. I tillegg reinsar BlueTEC teknologien lokale utslepp (NOX) med 65%*. Ein heilt ny M-Klasse – endeleg ein diesel SUV med personbilutslepp. Berre 158 CO2 g/km.

SONGEN VED DET STORE DJUP

Søndag Søndag 17.. juni Kl. 11.00 Gudsteneste. Kyrkjekor Kinnn K or Gudsteneste. Kinn yrkjek y Kl. 13.00 Historisk vandring vandrinng Kl. 13.00 Kinnaspelet p Kl. 13.00 Båt frå Florø. Familieaktivitetarr Kl. 14.30 Omvisning i kyrkja kyrkkja Damekoret Kl. 15.00 Konsert. Konsert. Damek o et «Fryd» or «Fryd» Kl. 16.30 Kinnaspelet Kl. 18.00 Irsk kveldsbøn kveldsbøn

ør framsyning. fram BILLETTSAL. BILLETTSAL. Møt fram på kaia k i god god tid,, gjerne 2 timar ffør msyning.. Det ø, på w ebside og Kinn kyrkjek o r. Båtf ontor fo olk er billettsal på Fugleskjærskaia i Flor Florø, webside kyrkjekontor. Båtfolk som rreiser eiser til Kinn sjølve, sjølve, får billettar der ute. ute. Familietur laurdag laurdagg og familieaktivitet søndag;; vaksne kr. krr. 400, 400 0,, born gratis saman med foreldre. foreldre. Dei som er med på opplegget,, ser framsyn inga kl.. 16.30.. Sjå w ebside. framsyninga webside. Meir om spelet og og billettar: billettar : Kinnaspelet, Postboks Postboks 111,, 6901 Flor Florø rø Tlf. 57 75 25 30 Mob.. 918 86 264 Mob kinnaspelet@gmail.com www.kinnaspelet.no www .kinnaspelet.no

Velkommen!

PRISAR T Teater/båt eeater/båt T Teater e eater Vaksne V aksne a 450/400 450/400 250 250/200 0/200 Honnør 2 400 200 Barn (7 – 16) 200 0 Barn (0 – 6) 100 0 400 200 2 Grupper (min10)

Båt 200 200 200 100 200

((Raude Raude prisar prisar er til t 2. fr framsyning) amsyning)

* I forhold til forgjengaren ML 300 CDI 4MATIC. Pris frå kr 803.800,- inkl. lev. Førde. Forbruk blanda køyring: 0,60-0,80 l/mil. CO2-utslepp: 158-206 g/km. NOX utslepp 0,052 g/km. Bilde kan avvike frå tilbod. Importør: Bertel O. Steen AS. FLORA A KOMMUNE

SOGN OG FJORDANE FYLKE SKOMMUNE FYLKESKOMMUNE

Bilhuset Førde, Øyrane 6, 6800 Førde, Tlf. 57 72 41 00, www.bilhusetforde.no

Ta plass! Nå får du tredje seterad uten tillegg i prisen.

SStøtta tøtta av: av:

SAGA SAG SA AGA GA FJ FJOR FJORDBASE FJO RDBASE RDBA BAS ASE AS og Sp Spelefondet ellefondet

NATVIK, NAT VIK, FLORØ FLORØ

No er det lov å køyre SUV

Har du andre ønsker, har vi markedets bredeste utvalg av 7-setere, med GRAND C-MAX, S-MAX og GALAXY.

S-MAX Fra kr 376.100,-* inkl. Tectyl

GRAND C-MAX har plass til 7. Det betyr at du alltid kan ha med 2 gratispassasjerer.

FM

C-MAX har alt du kan ønske deg av en familiebil, inkludert nye tekniske innovasjoner som du kanskje knapt vil tro. Som parkeringsassistent som faktisk parkerer for deg, og elektrisk bakluke som åpner og lukker seg selv. Det er en ny verden. Kampanjepris fra kr. FORD – 5 ÅRS NORGESGARANTI

315.700,-* inkl. Tectyl

8•2012

59

GALAXY Fra kr 422.700,-* inkl. Tectyl

Inkl. tredje seterad – verdi kr. 9.000,C-MAX: S-MAX: GALAXY: *) Levert Florø/Førde. Tilbudet gjelder Grand C-MAX

www.autoforum.sf.no


Produsert av Fride H. Haugen / fride.haugen@gmail.com

FM 8•2012

60

Namn: Adresse: Postnr./Stad

64 Kryssordet kan også lastast ned frå fylkesmagasinet.no

Løysinga sender du innan 18. juni til: Inform Media, Boks 353, 6802 Førde. Merk konvolutten «Fylkeskryss nr. 64». Vi trekkjer tre vinnarar med korrekt løysing som kvar får fem FLAX-lodd.


Sommarkampanje garasjeportar www.novoferm-norge.no Eksempel:

Novoferm leverer portar og lastesystem til industri og privat i høg kvalitet.

Leddport m/motor og fjernkontr. Farge: Kvit. Pris frå kr

8690,Kampanjeperiode: t.o.m. 31. juli

Inkl. mva. Levert Førde

Leddportar

Spar opptil 45%

Løysing

63

VINNARAR AV KRYSSORD NR. 63:

på utvalde modellar

Mange designvariantar

Gerd Rivedal, Holmedal Laila Johannesen, Årdalstangen Johanne Tveit, Sandane

BLI MED PÅ TUR! Me arrangerer turar og ekspedisjonar til høge fjell og villmarksområder over heile verda, også i Norge. Bli med oss og opplev eventyrleg natur og eksotisk kultur. ‡ ‡ ‡ ‡ ‡ ‡ ‡ ‡ ‡ ‡ ‡ ‡

Industri og landbruk

Kilimanjaro Inka Trail / Amazonas / Titicaca Elbrus Aconcagua Mont Blanc Everest BC / Island Peak Atlasfjella New Zealand Svalbard skitur Svalbard fottur Josten på langs med bærarar På ski over Grønland

FM 8•2012

61

Sjå vårt omfattande turprogram og informasjon om datoar, prisar og detaljert dagsprogram for kvar tur på:

Tungindustri

Service og reparasjonar alle typar portar.

www.jarletraa.no

Telefon: 907 65 330 Epost: info@jarletraa.no

Øyrane 12 • 6800 Førde • Tlf 47 66 77 00 post@hellenes.as • www.hellenes.as


– fredag: sundag:

1 7.00 – 21.00 13.00 – 19.00 

Priser: Vaksen: 95,Born: 60,Honør: 85,Familie: 205,-

aksenbading frå 19.00 – 21.00 OPE: 25/6 – 19/8: 14.00 – 19.00 : STENGT AKSEN 95,B ORN 60,HONNØR:  8  5,FAMILIE:  2  05,-

Tlf. 577 12700 Velkommen til Høyangerbadet

www.hoyangerbadet.no

Opningstider: Tysdag – fredag: Lørdag – sundag: Torsdag vaksenbading frå

17.00 – 21.00 13.00 – 19.00 19.00 – 21.00

Sommarope: 25/6 – 19/8: Måndag: Stengt

14.00 – 19.00

Panoramautsikt over Breim 26 sjølveigde unike hyttetomter til sals i Breim Hyttegrend. Sydvendt med gode solforhold og fantastisk utsikt til mektig vestlandsnatur. For deg som er glad i naturen, ypperlige tur, fiske og ski muligheter.

Beliggenhet: Tomtene ligg fint til ved grensa til Breimslia hyttefelt, ca 5 km frå Byrkjelo sentrum som har dei viktigaste service tilbod. Kort avstand til Utvikfjellet med alpinanlegg og fine langrennsløyper samt flott turterreng sommarstid.

Fleire basseng inne, stupebrett, sklier, klatrevegg, kafé, airhokey m.m.

Tlf. 577 12700 • www.hoyangerbadet.no

For meir informasjon kontakt: Åge Myklebust 6826 Byrkjelo Tlf. 57 86 71 48 Mob. 90629108 / 95844913 e-mail: aage@breimgardsmat.no

www.breimhyttegrend.no

Registrert elektroentreprenør

Elektrikar? Vil du jobbe hos en El-Proff? Ta kontakt med oss.

EL-PROFFEN er Norges største elektrikarkjede. Kjeden er landsdekkjande og er i sin heilheit eigd av medlemane. EL-PROFFEN har 159 medlemsbedrifter med ca. 2700 tilsette.

Sandane tlf. 57 88 46 10 www.hendenelektro.no

Stryn tlf. 57 87 29 20 www.strynelektro.no

Sogndal tlf. 57 68 29 50 www.josvanger.no

Florø tlf. 57 75 22 11 www.vestelektro.no

Førde tlf. 478 36 160 www.sunnfjordelektro.no

Bremanger tlf. 57 79 13 57 Svelgen tlf. 57 79 51 90

Nye BMW 3-serie Sedan

www.bmw.no

Ren kjøreglede

FM 8•2012

62

SE VS KJØRE. LIDENSKAPEN VINNER. Å se nye BMW 3-serie er en nytelse i seg selv. De nye linjene kombinerer stil og eleganse med sportslighet og ytelse. Setter du deg inn omgis du av innovative løsninger. Head up Displayet (ekstrautstyr) projiserer all viktig informasjon direkte i synsfeltet så du slipper å ta blikket av veien. Med Driving Experience Control justeres bilen mellom sport, komfort eller økonomimodus. BMW TwinPower Turboen gir en unik kombinasjon av kraft og drivstoffutnyttelse. Trykk på startknappen, sett bilen i gir og merk at du er i ferd med å bli BMW-eier.

NYE BMW 3-SERIE SEDAN PRIS FRA KR 345.100,-* www.bmw.no/3serie/sedan Biltreff AS *Pris er inkl. frakt og lev.omkost. Årsavgift kommer i tillegg. Forbruk bl. kjøring inkl. alle modeller: 0,41-0,79 l/mil, CO2-utslipp: 109-186 g/km.

http://www.biltreff.bmw.no T: 57 72 56 60 Hafstadv. 76, 6802 Førde


Copyright: Lars E. Aase, Creo-x AS.

Copyright: Lars E. Aase, Creo-x AS.

Breim 11.-15. juli 2012

Vince Gill Bobby Bare Hestad – ein idyll for små og store

Hellbillies Vassendgutane Onkel Tuka Ila Auto Green Granadas Roy Lønhøiden Sigrid Moldestad Long Horn Spik Adel m. fl.

Hestad kapell Guida omvising: 10.07. - 06.08. Ope 11:00 - 16:00. Stengd: Måndag og tysdag Inngangsbillett Omvising for grupper, kontakt Åshild på tlf. 90 59 09 96 Eikjelandsfossen: Tilkomst frå begge sider av fossen. Mektig oppleving. Kjelstad skog- og kultursti: Natur- og kultursti med info langs stien. Kjelstad - Skudal: Tur med internasjonalt merka løype. Gøyvinga: Stølsvegen er merka med nasjonal standard. Nedrestrand kulturløype: Sti til stølen, overnatting. Badestrand: Sandstrand som borna elskar. Aurefiske: Fjorden er full av bitevilleg aure. Hestadfjorden rundt på sykkel eignar seg godt for heile familien.

musea

Onsdag 11. juli: Bluegrasskonsert, Frislidlada Sandane kl. 20.00 Torsdag 12. juli: Opningskonsert Trivselshagen Sandane kl. 19.00 Hovudscena: Green Granadas og Vassendgutane kl. 22.00–01.00

I SOGN OG FJORDANE

Fredag 13. juli: Barnas Countrytreff, Trivselshagen Sandane kl. 11.00 Kolbeins Saloon kl. 12.00–21.00 Hovudscena: Spik Adel, Oslo Ophry Orchestra og Hellbillies kl. 21.00–01.00

FM

Laurdag 14. juli: Sentrumskonsertar frå kl. 10.00 Kyrkjekonsert, Breim Kyrkje kl. 14.00 Kolbeins Saloon kl. 12.00–21.00 Hovudscena: G.Thomas, The European Highwaymen, Bobby Bare og Vince Gill kl. 21.00–02.00

8•2012

63

Sjå våre nettsider for meir informasjon og prisar:

www.norskcountrytreff.no Hovudsponsorar:

Støtta av:

SOGN OG FJORDANE FYLKESKOMMUNE

Sponsorar:

GLOPPEN KOMMUNE

findriv AS

Generalsponsor:

Meir informasjon på:

www.misf.museum.no


Alle foto: Privat

Lokal mat, historie og opplevingar – Som frittståande hotell må ein skilje seg ut og by på særeigne opplevingar. Vi kombinerer lokal mat, lokale ressurspersonar og Jotunheimen for å vise det beste frå området til Turtagrø Hotel, seier dagleg leiar Etti Salomonsen. Tekst: Roy Sunde

FM 8•2012

64

Næringsminister Trond Giske presenterte Regjeringens nye reiselivsstrategi, Destinasjon Norge, i april med vekt på at næringa må dreiast frå å produsere tradisjonelle reiselivsprodukt til å skape heilskaplege opplevingsprodukt, som inkluderer kultur, mat, historie, natur og aktivitetar, samt transport og overnatting. – Visjonen er at gjennom å tilby verdifulle opplevingar skapar ein verdiar for gjestane, bedrifta, dei tilsette i lokalsamfunnet, miljøet og fellesskapet, uttalte han. – Vi har teke han på ordet, lovar Salomonsen. Jotunheimen er fjellsportens vogge. På Turtagrø har det vore drive hotellverksemd sidan 1880, så staden byr på både alpine fjelltopper og spennande historie. – Ved å legge opp til opplevingar ein berre kan få her ønskjer vi å gjere vårt for å skilje oss ut. Arrangementet Smak av ord med mat i Hurrungane kombinerer natur, kultur og mat, seier Etti.

Dogg på rutene? Vi monterer straumsparande energiglas.

No er dei på tilbod!

Halbrendsøyra 7 • 6800 Førde Tlf. 57 83 08 50 • www.holvikglas.no

Med lokal mat på menyen, inspirerande turguidar, kåseri og foredrag om fjell, ekspedisjonar, natur og mat skal nye grupper tilreisande lokkast til fjells. 6-8 juli bidrar ein forfattar, ein humorist, ein historikar, ein geolog og ein fotograf. – Vi hentar fram menyar frå vårt rikhaldige kjøkkenarkiv, og lagar gamle og nye klassikarar basert på lokale råvarer frå fjord og fjell, som framhevar den rike matkulturen i fylket. Forfattar og dramatikaren Norvald Tveit kåserer. Han har vore fast gjest på Turtagrø i årevis, og er ein del av historia vår. Forfattar og humorist Ole Johannes Øvretveit, kjent som maratonmannen, er på rypejakt på Turtagrø kvar haust, og kåserer rundt bøkene Mat for ekte mannfolk, samt Doktoren og Vesledoktoren. «Vi må be Gud bevare oss for nogensinne å komme så langt at våre landsmanninner skulle falle på for alvor og i almindelighet å bestige tinder», skrev Johannes Heftye i en avispolemikk i 1882 ( Tønsberg 1982:97). Det er lenge sidan, heldigvis, men ikkje så lenge. Marianne Singsaas fortel den ukjente historia om kvinnelige fjellpionerar som opna fjellsporten for kvinner. Finn Loftesnes held foredraget Opptur gjennom fotografier og ord i Jotunheimen og Sogn og Fjordane - om toppturar i Jotunheimen. I tillegg til matopplevinga får gjestane oppleve den spesielle naturen i Hurrungane. Saman med Erika Alnæs blir det sansetur med opplevingar om fjellet ein vandrar i. Geologiprofessor Stein Bondevik tar deltakrane på vandring i Hurrungane, medan han forklarar korleis dei unike fjellformasjonane har blitt til, medan Norgesguidene tek deg med på kulturvandring.


Foto: David

Zadig

Foto: David

Zadig

www.inform-media.no

KNUT

HOLM

Overn att frå 35 ing 0,-

HER F

INN D

Måløy Sm KNUT ørhamn HOLM EN F lorø

U OSS :

EN

Drøyme r kollega du om å opple er eller ve eit k ku ein heil y t spesie ndar til unike steventyr? Ta med de ll atmo person o g vakre sfæ leg g er noko service, hav re om du tek Knutholmen familien, gode i ets fes K t av det venner, u alvåg. V r en. Ky tbo v og leile gheiter, i kan freiste m rd og ei stor stkultur, natu i kan love de g br ro e o Mat er viktig f g den gamle d. 250 senge eidde i aktivit pplevingar, o etar og sjøbust plassar r oss. V tradisjo ilen att er ie ne kjøkend lle rettar med r kjende for v gjer overnat fordelte på ro raksjonar t å in m ø r nye. Le g I ganga ra, og fisken vande e ferske råvar a til ein del a , rorbuer h hu vs e v e danseg tand rundt de ntar vi hos ein mmar og ska r frå havet, og opplevinga. olv, hot ll n vesle k d lo ombine y k r al lev finn ell vil vi an v befale romma og ku ågen finn du erandør med vi i akvariet u rer an de ro tanfor rs – Besø k Knut g å tre inn i v lokale. Om m rbuene, resta du ventar. u å holme år mar n. itime v let er familie ranten med erd. ferie ell Handp er konf lukka eranse , av V

isitNo KNUT rway. HOLM com EN 6929 KA Tlf. 57 LVAG 7 www.k 9 69 00 | Fa nutho lmen.n x. 57 79 69 o | po st@kn 01 utholm en.n

o

Førde 4 min 30 min. til næra stopp . med bil f et for rå Sm ste flyplas ø ekspr essbå rhavn som s ten fr å Berg er en.

Nytt un spa a ikt nlegg O pnar i

juli


Reidun Koksvik, Torunn Rygg og Bjørg Dvergsdal kosar seg i sanden, helst med ei god bok i henda. Her får du deira tips om godt lesestoff i sommar.

Vi spør dei som kan dette best, nemleg dei blide damene på Førde bibliotek:

For dei minste: • Selma Lønning Aarø: Vampyrlus (billedbok) • Atle Hansen: Amanda sin medisin. • Hans Sande: Arkimedes og snøballen. • Lene Kaaberbøl: Eldprøva; i serien Villheks. • Arne Svingen: Sangen om en brukket nese.

Krim: • Johan Theorin: Sankta Psyko. • Läckberg, Camilla: Englemakersken. • Adler-Olsen, Jussi: Journal 64 (Årets bok) + dei tre andre i serien Avdeling Q. • Unni Lindell: Djevelkysset (kjem 11. juni). Blir garantert å finne under solparasoll, i godstolen inne og ute. • Tom Egeland: Nostradamus testamente. • McCall Smith: Tetid for damer med tradisjonell figur.

God bok god sommar

For stranda/sydenturen: • Lucinda Riley: Orkideens hemmelighet • Lucinda Riley: Jenta på klippen • Conn Iggulden: Seriane hans om Julius Cæsar og Djengis Khan. • Linda Olsson: Din godhet.i8 • E. Ivey: Snøbarnet. • Merethe Lindstrøm: Dager i stillhetens historie • John Irving: I en og same person • Haruki Murakami: 1Q84, del 3 (gjerne heile serien)

Sommar er lesetid, anten du nyt varme dagar i hagen heime, eller badeliv og kvite sandstrender her i fylket eller på andre breiddegrader. Men kva skal du lese i sommar? Tekst og foto: Roy sunde

Herlig utekos! Laurdag 16. juni er det Firda-løpet. Her kan du sjå alle dei flotte veteranbilane frå fylket. 305 x 76 cm

1199,-

Trampoline Stabil konstruksjon med kraftige fjærer og 4 ben av galvanisert stål. Polstret kantpute for høy sikkerhet. Maks. vekt 150 kg. 64 stk. fjærer. 14-412

12/230 V

90 4 stk 99

349,-

2990

AC- og DC-adapter medfølger. Kapasitet: 24 l. 14-219

100 % kvalitetskontrollert løvtrekull. EN-1860-2. Vekt: 3 kg. 26-617

Kjøle-/varmeboks

Grillkull

FM 8•2012

66

1799,-

399,-

4990 Pikniksett

549,-

799,-

BMX med styrerotor 360°. Mattsort med gullfargede detaljer. 27-1253

Stabil, med 10” skumhjul. Vendbar stålramme for 2 ulike høyder. Hvit/Rosa. 27-1240

Av plast. 4 av hver: tallerken, krus, skål, kniv, gaffel og skje. Bør vaskes for hånd (spesielt bestikk) og tåler ikke mikrobølgeovn. 47-053

Møbelgruppen har to karmstoler og et rundt bord av blankpolert aluminium, Bordet er 60 cm i diameter og 72 cm høyt. 14-376

Solid tønne av brannlakkert stål. Doble grillrister. Vindskjerm av rustfritt stål. Mål: 960 x 460 x 100 mm. Vekt: ca. 20 kg. 14-316

Montert 1999,-

Grinder BMX 20”

Løpesykkel 10”

Oppstilling ved Biltema frå kl. 09.30!

Cafémøbler

Grilltønne

FØRDE, Kronborgveien 5, 6800 Førde Man-fre 9-20, lør 9-18 815 32 815 - www.biltema.no


Bensin â&#x20AC;&#x201C; diesel â&#x20AC;&#x201C; smøremidler

+@3= Ă 0TY\NKXO ,SV_^VOSQO UJMCZSCJMBSUJMEFJĂ&#x161;FTUFGĂ?SFN½M  TUBTKPOFSUQ½GZMHKBOEFTUBEBS p'-03° p'°3%& p-&*,"/(&3 p.Â?-°:

p4"/%"/& p40(/%"p453:/

:\S]^SVLYN YQ \O]O\`K]TYX

^VP$ ! !  " YQ aaaK`S]XY

BUNKRING: Fra FugleskjÌrskaia til større fartøy og til mindre büter fra flytebrygge

SYKKELSPESIALISTEN Sykler i alle prisklasser â&#x20AC;&#x201C; fra 4000,Her er noen av godbitene!

â&#x20AC;˘ Bensin â&#x20AC;˘ Marine gassolje â&#x20AC;˘ Farga diesel â&#x20AC;˘ Fyringsolje â&#x20AC;˘ Parafin og lagerutsal av smøremidler og kjemiprodukt

Godkjent bilverksted for person- og lastebil

Florø Bil & Havneservice AS Strandavegen, 6900 Florø Tlf. 57 74 05 30

Hardrocx Helium Team RRC

Lapierre X-Control 110

â&#x20AC;&#x201C; 1270g RR6 Stasis carbon ramme â&#x20AC;&#x201C; HR RR carbon P3 â&#x20AC;&#x201C; Shimano Ultegra transmission â&#x20AC;&#x201C; Ritchey Road Stream Comp OS â&#x20AC;&#x201C; 7,95 kg

â&#x20AC;&#x201C; Alloy Superlite FPS2 100mm ramme â&#x20AC;&#x201C; ROCKSHOX XC28 fork 128mm â&#x20AC;&#x201C; LAPIERRE R Hydraulic Dampening Technology rear shock â&#x20AC;&#x201C; MACH 1 Subzero wheels. â&#x20AC;&#x201C; 13,8 kg

Pris

20.900,-

Pris

10.990,Super Birken sykkel!

Hardrocx Cambrium SL 29R

Hardrocx Circo Volante SL 29R

â&#x20AC;&#x201C; 1550g Race 3 Stasis ramme â&#x20AC;&#x201C; X-6 Superlight alu. â&#x20AC;&#x201C; Shimano Deore XT â&#x20AC;&#x201C; HRX SL 620mm Handlebar â&#x20AC;&#x201C; 11,37 kg

â&#x20AC;&#x201C; Race 9 Stasis carbon ramme â&#x20AC;&#x201C; Fox 32 F20 RLC fork â&#x20AC;&#x201C; Shimano Deore XT â&#x20AC;&#x201C; FSA SL-K Carbon Handlebar â&#x20AC;&#x201C; 10,35 kg

Pris

13.490,-

Pris

Lapierre Sensium 300 CP â&#x20AC;&#x201C; Carbon Monocoque ramme â&#x20AC;&#x201C; LAPIERRE Carbon Tapered fork â&#x20AC;&#x201C; Shimano Ultegra transmission 2x10 â&#x20AC;&#x201C; Ritchey Road CompCurve Handlebar â&#x20AC;&#x201C; 8,1 kg

Denne helgen skal vi forene fjellets mat- og litteraturskatter. Det blir sultne foredragsholdere, appetittvekkende kĂĽseri, opplevelsesrike turer i fjellet og spennende mat med fokus pĂĽ lokale rĂĽvarer og rustikke smaker. Programmet og pakkepris finner du pĂĽ www.turtagro.no eller ring 57680800

Pris frĂĽ

22.490,-

AS www.turtagro.no

57 75 01 00 | 900 55 960 www.sykkelogsol.no

25.900,-

Med 29 tommeren sitt inntog pĂĽ terrengsykkelmarkedet har syklister nĂĽ fĂĽtt et spennende alternativ til ĂĽ herje rundt pĂĽ grusen og i terrenget. Men hva skal man velge? Ă&#x2DC;nsker du en ultra-responsiv sykkel med lav roterende masse, kjapp styring og rask akselerasjon? Eller vil en sykkel med god komfort, rĂĽ fremkommelighet og mye stabilitet passe deg bedre?

Kontakt oss sĂĽ hjelper vi deg finne sykkelen for deg!

Opningstider Man-ons-fre Tys - tors Laurdag

09 - 16 10 - 18 10 - 14

FM 8â&#x20AC;˘2012

67


Bilferie til lysets land Lite kan måle seg med ein god, gammaldags bilferie. Og enno betre blir det om du kan ta bilferien utan ungar – og utan tak over hovudet. TEKST OG FOTO: Tore Fossen

Misforstå meg ikkje. Ungar er kjekt å dra på tur med, men når ein er komen såpass opp i åra at ungane ikkje lenger gidd å vere med på ferietur, ja, då kan vi vaksne gjere det. Og vi gjorde det. Bilferie kan sjølvsagt vere så som så. Varm kupé, køkøyring, idiotar på vegen og andre moment som kan gjere turen kjip. Problemet kan løysast med følgjande: Skaff deg ein kabriolet. Då skjer det noko med deg. Stressnivået går ned til godt under normalen. Om det er kø, så la det vere kø. Smør deg med tålmod og solfaktor, så er det null problem. Varm kupé er bytta ut med varm sommartemperatur som ikkje kjennest plagsam, og idiotane får vere idiotar. Dei vil alltid vere der, men i ein cabriolet forsvinn liksom irritasjonen over desse. Feriemålet var Skagen i Danmark. Men vi hadde også lyst å sjå resten av landet, og derfor fall valet på ei reiserute frå vårt vakre vestlandsfylke til Oslo, deretter Göteborg, Malmö og København, før kursen vart sett mot Skagen. Først tok vi ei overnatting i Oslo, før vi køyrde mot Göteborg for ny overnatting. Akkurat E6 frå Oslo til Göteborg er ikkje verdas mest spektakulære vegstrekning, men i 100 km/t med vind i hårtustane gjekk turen meir enn rimeleg fint. Så kom transportetappen til Malmø og brukryssinga over til København. Ein kan ikkje la vere å bli imponert over Øresundsanlegget på 15,8 kilometer, som gjer det mogleg å komme seg frå Sverige til Danmark utan båt. Fem år tok det frå dei starta planlegginga til anlegget stod ferdig, og totalkostnadane var ca 30 milliardar danske kroner. Her har nokon hatt ein plan,

FM 8•2012

68

handla, bygd og tatt i bruk. Fem år! Til samanlikning har ein sidan 1975 diskutert kvar E39 skal gå forbi Førde… Etter eit par late dagar i København, og enno fleire late timar i Nyhavn, var det på tide å setje kurs mot Lysets land – den nordre delen av Danmark. Det treng i utgangspunktet ikkje ta så frykteleg lang tid, men tipset er å halde seg vekke frå motorvegane (som er perfekte for raske framrykk), men heller ta dei «gamle» vegane, som held meir enn god norsk standard. Då kan ein sjå meir, nyte meir, stanse ved ei vegkro og få seg eit herleg smørbrød med leverpostei og aspik eller anna «gæmlis-snadder». Etter ein roleg dag, med fleire stopp og gode måltid, tok vi neste overnatting i Ålborg. Byen har massevis av butikkar og gode restaurantar. Likevel var målet framleis ikkje nådd: Skagen. Neste dag braut vi med prinsippet vårt om ikkje å køyre motorveg, og tok i bruk E45 til Frederikshavn, ein 45 minutts biltur, for så å halde fram til Skagen. Vi tok inn på Color Hotel Skagen, eit flott hotell som ligg litt utanfor sentrum. Der leigde vi syklar slik at vi fekk sett oss rundt, og ikkje minst mosjonert litt (eg har lovt kona å ikkje fortelje mykje om han som jogga forbi oss). Den som har vore i Skagen, veit at det er vakkert der. Den som ikkje har vore i Skagen, bør ta turen før det er for seint. Dei gule husa, med kvite «blonder» på taket (malt takstein), er karakteristiske – og veldig sjarmerande. I gatene er det eit yrande folkeliv, og det aular av turistar som har kome både med båt, bil, motorsykkel – eller kanskje heilt andre framkomstmiddel, kva veit vi? Men det er ikkje rart at det aular heller, for her er plassen som lokkar fram smilet. Her kan du handle til du er blakk, ete og drikke til du sprekk, eller du kan oppsøke ein liten meter eller to av dei totalt 60 kilometerane med badestrender som omkransar den nordlege delen av Danmark. I Skagen er det museum, galleri, barar og restaurantar – og skal du rekke innom alle, bør du setje av ein del dagar. Men tilbake til syklane. Eit fantastisk framkomstmiddel når ein er på ferie (ja elles i året også). Du slepp å


leite etter parkeringsplassar, og du kan når som helst setje deg på ein hyggeleg uteservering og ta ein bayer. Og så kan du sykle vidare til Skagen Fyr på Grenen eller til Den Tilsandede Kirke. Sistnemnde vart bygd på slutten av 1300-talet, men 400 år seinare måtte den stenge – rett og slett fordi sanden hadde lagt landskapet øyde og la meir og meir av kyrkja under seg. Det kunne vere så mykje sand at ein måtte grave seg inn når det skulle haldast gudsteneste. I dag står berre tårnet att av kyrkja. Om du ikkje er blitt sår i ræva av all syklinga, kan du halde fram mot Gamle Skagen, der byen opphavleg vart etablert. På grunn av sandproblem (!) her også, vart det etter kvart vanskeleg å halde hamnene opne og djupe nok, i tillegg til at båtane også vart større. Derfor vart bykjerne og hamna flytta dit den ligg i dag. At den nordlege delen av Danmark blir kalla Lysets land er ikkje det spøtt merkeleg. I denne delen av landet er det nemleg fleire lyse timar enn i resten av Danmark. Og så er lyset og fargane ein kveld i Skagen veldig vakkert. Har du sett ein solnedgang i Skagen, hugsar du den. Mette av god mat og drikke, gode opplevingar og sykkelsete, tok vi etter nokre dagar farvel med Skagen og lova oss sjølv at vi skulle komme tilbake ein gong. Heimturen gjekk med Colorline sin Superspeed frå Hirtshals til Larvik. Ein komfortabel tur som tok knappe fire timar. Men hugs å bestill plass. Den er ofte full. Og har du lyst å ete i ein av restaurantane, så bestill plass der også. Ein bilfrie til Danmark er absolutt å tilrå. Det er mykje spennande ein kan oppleve. Men det som gjer bilturen til ei ekstra herleg oppleving, er å køyre med taket nede. Har du ikkje kabriolet, så kjøp ein – eller lån ein. Eller stel ein. Vel, kanskje litt dramatisk det siste då, men uansett: Gjer det ein eller annan gong i livet. Du vil neppe angre. Men hugs å smør deg med solkrem – i alle fall om du er like heldig som vi var, som hadde med oss sola i halvannan veke. Bon voyage!

Den Tilsandede Kirke. Berre tårnet står att av den gamle hovudkyrkja i Skagen frå slutten av 1300-talet.

Her byrjar Danmark. Frå toppen av det 46 meter høge Skagen Fyr ser har ein flott utsikt over Grenen, Skagen og skipstrafikken.

Gamle Skagen. Ein kjapp sykkeltur frå sentrum av Skagen fører deg til Gamle Skagen.

FM 8•2012

69

God mat og drikke. Få kan kan lage lunsj som danskane, eller frokost som danskane kallar det.


1

Ei natt i havga Like ved den berykta Hustadvika ligg fiskeværet Håholmen, som takka vere den siste viking, Ragnar Thorseth, og Atlanterhavsvegen, fekk nytt liv som hotell og attraksjon. Men historia startar midt mellom nye og gamle vikingar. Tekst og foto: Roy Sunde

2

FM 8•2012 5•2012

70

Nordmenn flest har ein aning om kven Ragnar Thorseth var takka vere ekspedisjonane hans. – Han vart kjend då han rodde ein færing åleine til Shetland i 1969, 20 år gamal, og vart rikskjendis via NRK; som var einaste kanal. Ragnar er flink på nettverksbygging, og vart kjend med profilerte forretningsfolk, som kom med familiane og i bedriftssamanheng. Som Petter Sundt og Olav Hestnes, som han kjøpte holmen i lag med, seier værbestyrar Stian Røsand og viser rundt. – Hå er gammelnorsk for høgde, seier han og peiker på den 17,5 m høge haugen på holmen. – Vi er eit gamalt fiskevær og handelsstad med røter på 1500-talet. På 1700-talet produserte ein klippfisk og eksporterte til Portugal, Spania og Sør-Amerika. Kristiansund var Norges rikaste by med klippfiskadelen: Mest kjent var Nicolai Knudzon, eigar av eit av dei største handelshusa i byen, og Håholmen i 3 generasjonar frå 1802. Ein periode omsette han meir enn statsbudsjettet i Norge og hadde 18 millionar kr på bok.

I dag er fiskeværet hotell med kapasitet til 100 overnattingsgjestar og 120 restaurantgjestar. – Vi hadde julebord med 123 gjestar, då var det rimeleg fullt, seier Stian, og fortel at det var verre før. – Når fiskeværet var i drift budde 3-4 familiar fast, men i sesongen kom 200-300 fiskarar hit. Det vi kallar eit dobbelrom i rorbu no romma 8 mann. Dei bada gjerne før dei kom hit etter jul, så gjentok dei ikkje det før sesongen var over. Du kan tenke deg kor dei lukta i februar, det var ein fordel at husa var dårlig isolert, ler han. – Håholmen var eit lite, godt utstyrt samfunn: Klippfiskproduksjon, gardsbruk med sau, gris og ku, tranbrenneri, bakeri, post, butikk, gjestgiveri og skjenkestue. Folk livnærte seg av det som fantes, bl.a. egg, dun, jordbruk og laksenot. Morfar til Ragnar Thorseth, Bård Bergseth, kjøpte holmen i 1889 med formue frå tida som gullgravar i USA. Fiskeværet var i drift til 1960, familien Bergseth budde her til 1978. Bård var ein føregangsmann, og rusta båtar som gjekk til Lofoten for å kjøpe fisk dei foredla her. Turisme på Håholmen byrja i 1983, starta av Flembrørne, men etter tre år var det stogg grunna for lite turistar. Atlanterhavsvegen var ikkje bygd.

Ver Vikingskipet Kvitserk, søsterskip av Saga Siglar, og moderne båtar fraktar gjestar frå Atlanterhavsvegen til Håholmen. Vi får tur med moderne båt, stille hav og sol som vekslar med regnbyer. Her ute ser du ofte ei regnbye på eine sida og sol på andre. – Havet er berykta, men ganske rolig inn til land herifrå. Under ein storm nyleg var dei fleste ferjerutene landfast, vi kjørte heile dagen, men veret skiftar raskt og det er store lokale variasjonar. Eg bur ved Kristiansund, ein halvtime unna. Det hender eg ringer kompisar og spør om vi skal grille, og dei spør om eg er heilt idiot: Heime høljar det ned, ler han.

Nytt liv med ny veg Det meste av turistar gjekk via Trollstigen og Geiranger, og nokre til Molde. – Mellom Molde og Trondheim var det lite. Men når Atlanterhavsvegen opna i 1989 starta einy æra, seier Stian, og viser rundt på holmen med ca 30 hus, mange frå 17-1800-talet. – I 1988 kjøpte Kari og Ragnar Thorseth Håholmen tilbake i familien. Då sto 9 forfalne hus her. Dei starta eit stort restaurerings og utbyggingsarbeid. Intensjonen var å gjere Håholmen til et ferieparadis, og unikt kurs og konferansesenter. Dei bygde hus på historiske tufter. No er det 30 bygg her,


3

apet

1) Fiskargate, som vart turistgate. 2) Ragnar Thorseth. 3) Håholmen – ein usedvanleg kompakt turistoppleving. 4) Tenestebustad: I det kvite huset er det dei tilsette som held til, for du bur sjølvsagt på holmen i jobbperioden. 5) Det første som møter deg når du kjem i land er resepsjonen, og Silver Bell kro.

4

5

• Ragnar Thorseth, født i 1948, er ein eventyrar og forfattar frå Herøy på Sunnmøre. Han vart kjent som eventyrar etter fleire dristige turar i små båtar. I 1969 rodde han som første mann åleine frå Norge (frå Måløy) til Lerwick på Shetland. I 1971 reiste han Nordishavet rundt, om lag 6000 nautiske mil, med den 32 fot lange «Santho». I 1975 brukte Thorseth fem månadar over Atlanterhavet med «Cleng Peerson», langs den leia den første utvandrarane til Vinland nytta, en tur på 8500 nautiske mil som enda i New York. I 1978-79 sigla han gjennom Nordvestpassasjen med passbåt. I 1982 nådde han Nordpolen med snøscooter, som del av den første norske ekspedisjonen som tok seg fram over isen. I 1984-1986 sigla han jorda rundt med vikingknarren «Saga Siglar». I 1987—1988 80-talet budde han ein vinter i isødet Kongsfjorden på Svalbard saman med familien, i båten «Havella». I 1989 starta han og kona Kari opp Håholmen Havstuer. 1991 var han kaptein på Gokstadskipkopien «GAIA» frå Norge til New York i USA. Bibliografi: • Alene over Nordsjøen – og eventyrferder i Nordishavet – 1979 (Nordvest informasjon) • Med kurs for Nordvestpassasjen: 75 år etter Roald Amundsen – 1981 (Nordvest informasjon) • Ferden mot Nordpolen – 1982 (Forlaget Hjemmet) • Forlis: Nord i isheimen – 1983 (Nordvest informasjon) • Saga siglar: århundrets seilas jorda rundt – 1988 (Nordvest forlag) • Familien i isødet: En vinter i Kongsfjorden på Svalbard – 1989 (Grøndahl Forlag) • Eventyrer – 1991 • Olav Lie Gundersen: «Den siste viking – Ragnar Thorseths eventyrlige liv», Kagge Forlag

og øya ser ut som for 100 år sidan. Berre Saga Siglar-hallen er utan historisk ankring. Dei fleste romma var laga for sjølvhushald, men det gjorde Ragnar om på. I dag er det eit hotell, med rom fordelt på mange hus, restaurant, pub og fem konferansesalar.

Rik på historie Dei to sterke historiene, utgjer saman med naturen, livgrunnlaget for Håholmen Havstuer. – Vi har to historier vi formidlar: Historia om fiskeværet, som er i alt vi gjer, frå rom til mat. Og historia om Ragnar, som vi fortel med Kvitserk, Sagla Siglar, sleden han nytta på ein nordpoltur, bilete på alle rom og filmen om Ragnar og meir. Han har gjort så mykje, det er ei fascinerande historie, seier Stian. – Ved å fortelje deira historier fortel vi også historia til landet vårt. Ein ting vi har sterk fokus på er den delen av vikinghistoria som handlar om handel. Mange tenkjer på vikingane som krigarar, den andre sida deira kjem sjeldan fram. Det forstår eg, det er jo «kjekkare» å fortelje historier om krig. Vikingmuseet i Dublin var ein augeopnar. Byen er grunnlagt av vikingar, og museet vier seg 80 prosent til handelshistoria. I tillegg kjem mange hit for å oppleve den unike naturen her ute, seier Røsand medan han viser veg til holmens største attraksjon, naturen unnateke. – Saga Siglarhallen er bygd for å fortelje om Ragnar Thorseths eventyr. Her ligg vikingskipet Saga Siglar, som han sigla jorda rundt i 1983-86. Skipet forliste i storm i 92, på vei for å delta i Sevilla Expo-92 i forbindelse med 500- års jubileet for Colombus oppdaging av Amerika. Dramatisk, men alle vart berga og kom vel heim. Det vart funne 200-300 bitar frå skipet, som vart frakta hit og bygd opp igjen som det står no. Her finn

FM 8•2012 5•2012

71

<<

Ragnar Thorseth – den siste viking


<<

3

1

2

1) Spisesal over to plan – med omstridne vindauge! 2) Saga Siglars siste kvilestad: Skipet sigla verda rundt, forliste, vart lappa i hop og kviler i dag på land i Nord-Møre. 3) Frå sveitte til eksklusivt: Det gamle bakeriet forsynte Håholmen med brød, i dag er det ein luksuriøs krok for gjestar som vil trekke seg litt unna.

FM 8•2012

72

ein og færingen Thorseth rodde åleine frå Norge til Shetland i 1969, seier Stian. – Vi har ulike båtar vi nyttar til å hente gjestar med, dra på fisketurar og utflukter, som Kvitserk, søsterskip og tro kopi av Saga Siglar, som Ragnar reiste til Island med i 2000 med deler av altertavla til ei stavkyrkje, den norske stats gåve til Islands 1000 års jubileum.

restauranten fekk ein løyve til det. Dog utan vindauge, fordi det gamle bygget hadde ikkje det. Håholmen og Riksantikvaren har same mål: Eit autentisk fiskevær, men det må vere praktisk, og i høve lovar og reglar for restaurantdrift. Og så fort Riksantikvaren reiste var motorsaga framme, og vindauga på plass, smiler han.

I skuggen av Ragnar

Blanda drops (eller kor)

Etter å ha utfordra naturkreftene på havet, i Nordisen, og stormfulle kyststrok, var det ein liten stein som sette han ut av spel. – Ragnar datt av hesten på ridetur i 2000, slo hovudet i ein stein og enda i koma. Legane levna han ikkje rare sjansen, men han kjempa seg tilbake. Typisk Ragnar: Først trudde dei han aldri kom til å reise seg, ha språk eller gå rundt. Men når han byrja snakke haldt dei kjeft, ler Stian. – Ei tid etter ulykka møtte han ein av legane frå St. Olavs, som fortalte at han hadde teke bilete av Ragnar! Ragnar var vant med slikt, og svarte ja vel? – Den gang hadde eg ikkje trudd eg skulle sjå deg oppreist, så alvorleg såg det ut på røntgenbileta. Den første tida var han prega, og legane ville legge han inn på psyk. avdeling. I kjent Ragnar-stil prata han seg ut av tvangsinnlegging, truleg den einaste som klarar det, smiler Stian. – Han sa nei, og vart sendt heim! Han evnar å få viljen sin, men slik at ingen blir fornærma eller sint, smiler Stian, og fortel at han selde seg ut i 2003. – I dag er Håholmen eigd av Classic Norway Hotels. Nokre trur dei skal møte Ragnar her, så vi er nøydd å finne balansegangen. Ragnar er ein viktig del av historia vår, og vitjar 2-4 gangar i året, sist for nokre veker sidan. Han er fargerik og har gode innspel, sjølv om han ikkje er med i drifta, og kjenner Håholmen. Om vi vil endre noko fortel han i blant at det er ei god årsak til at det er slik, og at slik må det vere, seier han og fortel om ein viljesterk mann. – Etter ulykka rådde han ikkje over like mykje som før. Det påverka humøret, men Kari visste råd. Vart han for sur sende ho han med båten etter folk, smiler han, og fortel om då vikingen møtte sin overmann. Ei stund. – Han er ikkje så glad i byråkratiet. Forholdet deira var reine Midt-Austen. Vi har eit godt samarbeid med riksantikvaren, og når vi skulle bygge

I restauranten ventar den lokale spesialiteten grava lam, følgt av uer og rotgrønsaker. – Fisk er fokus på Ytterbrygga Restaurant, vi er oppteken av lokale råvarer og tradisjonar, og satsar på ujålete, ekte og ærleg mat, slår han fast og etterlet oss i selskap med eit blandakor med snittalder på 70, som har ete ferdig og syng for maten. – Om ti minutt kjem eit fotballag frå Oslo, smiler han, i det forretten kjem: Grava lam er ei positiv overrasking. Søtt, og rundt i smak, servert med flatbrød og ein syrlig krem. Ei ny og velsmakande smaksoppleving, og fin opptakt til ueren, som rundast av med karamellpudding. Godt og ærleg, som lova. Ein time etter tek Røsand opp tråden. – Vi har fått fleire byrå som formidlar utanlandske gjestar, så dei aukar, men 90 prosent som kjem er norske. Hovudmarknaden er kurs og konferanse. Dei fleste som kjem åleine har vore her først i slik regi, så returnerer dei med familien. Sommarsesongen er nesten berre gjensal, vi marknadsfører knapt. I tillegg har vi har mange daggjestar på middag eller lunsj. Det går båt ut kvar time i høgsesongen. Vi blir vist til romma, litt over bryggeanlegget, med utsyn mot fiskeværet, hav og Atlanterhavsvegen. Episke utsnitt, som saman med ekspedisjonsbilete gjev tankar flukt. Like greitt, sidan ein ikkje har fjernsyn på rommet. Her er det natur, fred og ro, og tankeverksemd som rår. Og den friske sjølufta, som saman med god seng, spasertur i kveldssol og god natt-bayer frå danske Carlsberg burde borge for ei god natts søvn. Blandakoret held fred, men måsen syng i blant. Du vaknar ein gang eller tre, men det høyrer med.


Atlanterhavsvegen – vergudanes rike Om du aldri bryr deg om verken bil eller veg, er Atlanterhavsvegen vegen som kan bringe fram smilet ditt.

Opplev vår store

utstilling

• Lengde: 8274 meter. • Bredde: 6,5 meter. • Største stigning: 8%. 8 bruer. • Kostnader: 122 millioner kroner (1989).

Den er ikkje så lang som det majestetiske namnet skulle tilseie, men dei 8274 meterane mellom Vevang i Eide og Karvåg i Averøy byr på ei estetisk oppleving utanom det vanlege. Vegen er noko så utypisk i vår tid som ein veg som ikkje søkjer å vere rettlinja, men å følgje det naturgitte terrenget. 891 meter består av bruer, åtte i talet, som knyt holmar og skjer til ein veg.

• Opning: 7. juli 1989. Er ein av dei mest vitja naturbaserte turistattraksjonane i Norge, siste tala viser 283.500 vitjande på eit år. Strekninga vart kåra til Århundrets byggverk i Norge 1905-2005.

Kan eit stykke veg vere ein attraksjon i seg sjølv? Svaret er ja! Og spesielt i det du nærmar deg den lengste, høgaste og mest karakteristiske brua av dei alle, som på mange vis er blitt synonymt med Atlanterhavsvegen: Storseisundet Bru, som med sine 260 meter på ingen måte er ei stor bru. Men, seglingshøgda på 23 meter, og forma, gjev den ei lett kjennbar form. Den ser ut til å lene seg vekk frå den evige vinden som står inn frå havet, og gjer Hustadvika mot vest til eit av skipsleia mest frykta strekk. Eit utal skipsvrak ligg på botnen, og mang ein turist, og fastbuande, tek turen innom når hauststormane tek til. Dei som bygde vegen opplevde 12 orkanar før den sto ferdig i 1989. Ingenting av dette tenker du på når du når Storseisundet, og dei 8 prosentane stigning opp brua gjer deg følelsen av at du er på veg til å ta av mot himmelen. Smilet som breiar seg rundt fjeset ditt er hovudårsaka til at mange vel å teste, og skrive om bilar, ved å køyre Atlanterhavsvegen i dag.

Meir enn veg Å berre køyre over Atlanterhavsvegen er gjort på under ti minutt. Om du ønskjer. Det er feil måte. Den riktige er å stogge på ein av dei mange rasteplassane, og rusle rundt, kikke, kjenne på salt sjøvind, eller kanskje til og med ta ein fisketur. Som namnet på lengste brua tilseier er det rikelig høve for slikt på dei mange svaberga. Brua før Storseisundbrua er til og med laga til med gangveg og trapp, som gjer det lett å fiske i det strie sundet, der havkraftene viser seg sjølv på soldagar. På Vevangsida er det fiskeplass for rørslehemma. Vil du ut på havet går dagleg fisketurar for fjord- eller havfiske klokka 12, med 2-6 timars varigheit, med 91 eller 27 fots båt, frå Strømsholmen, eit profesjonelt dykkesenter som og gjev tilbod til dei som vil under vatn. Har du riktig god tid er sykkel måten å oppleve vegen på. Ein tilrettelagt sykkeltur med Atlanterhavsvegen som hjarte, er kåra til Norges flottaste sykkeltur.

Storseisundbrua: prikken over i`en på eit fantastisk stykke veg.

Ekstra i sommer: s s s s

Følg oss på Facebook og vilvite.no

Dinosaurer på uteområdet 3D-film om dinosaurer Lag din egen dinosaur Grav ut fossiler


Digitaliserer fortida Når du svingar inn på tunet til Steinar Hilde tyder lite på eit digitaliseringsstudio. Det velhaldte gardstun vitnar om at han byrja yrkeslivet i ei meir analog verd. TEKST: Roy Sunde / FOTO: Joachim Vie

FM 8•2012

74

– Det byrja som hobby for 12 år sidan. Eg har alltid vore interessert i film og historie, spesielt lokalhistorie. Sjølv hadde vi aldri 8mm film i familien, det gjekk i lysbilete. Så eg herja på bygdene etter film, og laga eige arkiv. I tillegg hadde eg videokassettar frå 90-talet og framover eg ville digitaliserte, fortel Steinar, og konstaterer at ting balla raskt på seg. – Etterkvart auka utstyrsmengda kollossalt. Eg bygde nettverk, som femna verda: USA; Nederland, Frankrike, Skandinavia osv, som eg nyttar til å skaffe utstyr. I Norge har vi hatt eit underlig lag med å kaste, eller stuve vekk, fortel han og seier han etter 6 år var klar for å hjelpe andre. – Då hadde eg datakraft til å digitalisere for andre. Teknologien har blitt billigare. Eg kunne ikkje gå konkurs på ein hobby, så eg har teke det gradvis, ler han. – Neste steg var å søkte kommunen om midlar i 2010, til å lage ei nettside. Og så hoppa eg i det som yrke no i år. Per i dag jobbar eg 60-75 prosent. Håpet er 100. For meg er det mest interessante å ta vare på filmane og lokalhistoria i dei, og kan eg ta ut løn til slutt er det fantastisk. Kan eg skape arbeidsplassar også, så er det heilt topp. Han likar ikkje å snakke tall, men etter første kvartal med profesjonell drift er han nøgd. – Eg hadde like stor omsetnad dei 2-3 første månadane i år som i heile fjor. Det viser auken. Eg tek ikkje ut pengar, men investerer i enno betre utstyr. Eg er oppteken av kvalitet og kundane pris. Dei spør ikkje kor bra det kan bli, men kva det kostar, ler han. – Det siste eg har kjøpt er ei maskin som kan digitalisere 16mm film til full HD med lyd. Det er formatet skular og det offentlige nytta, og opnar for skattar frå dei. Når ein kan digitalisere 16mm byrjar det å bli stort. Det er mogeleg å kjøpe slike feite maskiner fordi teknologien har teke steg. No er det berre anstendig dyrt, smiler han og ser han frå kundar frå det meste av landet. – Oslo er nest største treffylke på heimesida, etter heimfylket. Før var det Oslo, Troms, Sørlandet og Hedemark, men etter litt medieomtale vakna Sogn og Fjordane. Eg får kick når eg får pakkar frå heile Norge til Innvik, til og med frå Oslo, som har eigne digitaliseringsverksemder.

gjerne rauk for 20 år sidan, seier han og fortel at maskin som kan digitalisere både 8mm og Super8mm med lyd kostar. – Dei må spesialbyggast, det er ikkje hyllevare. Maskina tek 10 veker å få bygd og levert hit, og har rukla og gått dagleg sidan eg fekk ho. Steinar seier han er oppteken av å gi kundane fridom på kjøpet. Eg lagar filer alle kan opne, helst levert på ekstern harddisk, så folk sjølv kan lage filmar så ofte dei vil. Filmane er deira, så dei bør sjølv rå over dei. Eg prøver å halde prisane på konkurransedyktig nivå, og er oppteken v å lever kvalitet, fortel Steinar, og seier han likar å få utfordringar med ukjente format. – Det kom ein førdianar i går. Eg er ikkje verre på det enn at eg frydar meg godmodig over at dei må på bygda for å få utført ei teneste, normalt er det omvend. Han hadde med to utrangerte maskiner, med ein type kassett eg ikkje visste om: Ein videokassett som heitte LVC. Det er Phillips sitt første heimevideosystem, frå 1972. Kassettane hadde speletid på 1 time, og i 78 kom ein ny variant med to timars kassett. Seinare vart det til Video2000. – Kan du hjelpe meg? Eg svarte ja, men kunne ikkje svare på kor lang tid det tek. Eg har sett himmel og jord i rørsle for å skaffe utstyr, smiler Steinar, som tek seg av smalfilm, begge typar 8mm, VHS, Betamax, Video2000, VHS/S, H8/HI8 og MiniDV, samt lysbilete, negativ film og papirbilete, samt LP, MC og vinyl.

Elskar 8mm Favorittformatet kjem kontant. – 8mm! Det slår alt, og er historisk artig. Tidsaspektet er frå 50-talet og fram til 70-talet. Det er så lenge sidan at det er skikkelig løye å sjå det att. Mange har ikkje sett filmane sin på år og dag, fordi lampa på framvisaren

Gjer aldri opp ein 8mm film Han møter mange filmar som er stemoderlig behandla. – Folk kjem med kassettar i pose, utan


Studioet til Steinar Hilde har kort veg mellom analogt og digitalt utstyr.

Kodak er eit kjent og kjært namn for alle som har vakse opp på 70og 80-talet, anten ein tenker film eller foto.

Lagring av analoge originalformat og lagring etter digitalisering. Steinar Hilde sine råd om lagring av analoge og digitale formar

Storleiken er omtrent som ein DVD, ellers er det langt mellom dei gamle filmrullane og nye medium.

ANALOGE ORGINALFORMAT: • Lagre dine analoge format tørt, lysfritt og i mest mogleg stabil temperatur. • Lagre aldri disse nær elektronikk grunna magnetisme, som kan øydelegge opptaka. • Pass på at spoleband og kassetter ligger i originalemballasjen, mest mulig støvfritt. Er det støva ned, kan du bruke lett trykkluft for gjere reint. Bruk aldri vatn på kassettar! Spoleband kan reingjerast med nøytralt vatn, men er ikkje å anbefale utan litt kunnskap om dette. • Digitaliser dei analoge formata snarast. Då kan du lett bruke materiellet, og du har digitale kopier som kan kopierast i det uendelige. • Om du har muligheit å lagre det brannsikkert i safe e.l er det smart. DIGITALISERT FORMAT: • Digitale format har den fordelen at det kan brukast i dagens elektroniske verktøy. • Lagring på DVD, ekstern harddisk eller andre digitale lagringseiningar, er ingen garanti for varig lagring. Eg anbefaler å ta mange kopier av alt digitalt du har: Bilete, filmar, musikk med meir bør lagrast på fleire einingar, gjerne spreiast ut til slekt og vener, over fleire hus. • Ta det fram igjen om ca. 10 år, og kopier det til nye og moderne lagringseiningar.

FM 8•2012

75

<<

deksel, lysskada filmar og oppsmuldra plast. Eg prøver så godt eg kan å digitalisere alt eg får inn, men folk må vere klar over at verdifull historie kan gå tapt om ein ventar for lenge. Men 8mm gjev eg aldri opp. Ei dame kom for litt sidan med ein fargefilm frå 1958. Ein skatt frå før NRK, fortel han entusiastisk. – Filmen var så dårlig, han rakna og sleit i det uendelige. Eg skøyta og møddes, men var bestemt på at dette skal eg få til. Æra mi ligg i det. Etter at ho hadde fått filmen ringte ho, og storgrein av glede. Slikt er litt av premien med dette. Folk kjem hit med filmar dei ikkje har sett på lenge, og både ler og blir rørt når dei ser filmane igjen, seier han og fortel han sjølv er særs glad i kvardagsstunder. – Sjølv no, når alle høve til å filme digitalt, er det sjeldan ein ser filmar av daglegliv. Det er dåp, bryllaup og høgtid, og sjeldan vanlege hendingar. For litt sidan fekk eg ein film av daglegliv i Innvik i 1972! Den digitalisete eg gratis for å få nytte filmen sjølv. – Kva er det som fascinerer med den? – Minna! Dei kjem rikt tilbake når ein ser levande bilete: Glaskrukka med karamellar på butikkdisken, som kosta 5 øre men ein hadde sjeldan råd, bakeriet, den store raude bensinpumpa og gamle bilar. Eg vil verken tilbake, eller køyre ein gammal bil, men det er utruleg godt å minnast det, og med filmen kan eg når som helst gjere det. – Ein høyrer ofte om private filmar på avvege. Er det noko du er utsett for? – Det kjem ein og anna nervøs kar med VHS og seier dei ikkje er sikker på kva som er på. Då seier eg at det blir mellom oss. Og det blir det. Driv ein sladder om andre sin filmar grev eg eiga grav. Men eg har til gode å oppleve noko «snusk». Tippar folk sjekkar nøye før dei leverer frå seg, smiler han. – Ingen får komme og sjå på når eg jobbar med kundefilmar. Eg tek gjerne mot besøk, men då må maskinen vere slått av. Er det filmar som høver, som daglegliv i Innvik, så ser eg gjerne på det, og ber om løyve til å bruke det. Det meste går rett forbi. I vinter har det vore så fulle dagar og så mykje film at eg knapt huskar noko, seier eksbonden, som må tåle godmodig mobbing. – Kameratane har terga meg for all forskinga på leidningar og maskiner. Eg var ein utemann og aktiv skogbrukar, som forsvann inn på kottet til langt på natt og studerte, ler han. – Det er klart folk reagerer. Det har blitt nokre kommentarar når eg sit med filmane: Er det porno, tergar dei, ler han og blir alvorlig. – Men det tok litt tid før eg kom «ut av skåpet». I byrjinga kjendes det som andre reiste på jobb og gjorde noko skikkeleg, medan eg såg på film.


<<

Eg har alltid jobba hardt med store maskiner og fysisk arbeid, og brått sat eg og tulla på med filmar og slikt. Ein overgang, som vart betre når eg bygde meg eit næringslokale i gamlelåven, og profesjonaliserte maskinparken. Etter som jobbmengda aukar har det gitt aksept, for meg sjølv og andre, for at dette er noko som er interessant for samfunnet.

Format på format Dei fleste av oss har opplev eit utskifte at format eller to. For tida utfordrar Blu Ray for DVD, men det starta lenge før. For eksempel då DVD byrja å ta over for VHS; eller då VHS tok knekken på Beta. Her er ei tidslinje over dei gode, gamle analoge formata på film og kassett.

Uviss framtid Hilde kom seint i gang med digitalisering. – Om eg starta for alvor i 2000 kunne eg vore størst i landet, men Filmdigitalisering.no var eit scoop. Googlar du filmdigitalisering er det øvste treffet. Det er moro, så fort eg danna AS byrja telefonen ringe frå seljarar. Ei dame frå Oslo ringte, og eg hadde god tid, så eg prata. Ho ville selje heimeside, som eg hadde. – Får du nok treff på den? – Google filmdigitalisering du sa eg, og alle øvste treffa var meg. Etter 30 minutt hadde ikkje ho selt noko til meg, men eg selde digitalisering til ho, ler han og seier yrke har datostempling. – Det er no det er ein marknad. Eg håper på 10-15 år. Så er det nok over! – Kva gjer du då? – Eg anar ikkje, men eg blir sjølvstendig næringsdrivande. Eg har vore i yrkeslivet sidan eg var 19, no er eg 45, og i berre fem av desse har eg vore tilsett hos andre. Det ligg ikkje for meg. Men eg uroar meg ikkje. Det dukkar opp moglegheiter undervegs, nisjar og sidevegar eg kan utforske. Eg har ein kamerat som bygger PC`er og lagar nettsider, som drøymer om å flytte hit. Kanskje vi kan finne på noko saman, smiler han og slår fast at livet som sjølvstendig er det rette. – Å ikkje vite kva som skjer den dagen er spenninga. Når telefonen ikkje ringer på ei stund lurer eg på om eg er arbeidslaus, ler han, men eg har fem jobbar, kjeder meg aldri og lever med noko så frydbart som å legge opp eigen dag. Det er livskvalitet. Det er travelt, og ein får ikkje alltid løn kvar dag, men firmaet er gjeldfritt, slår han fast.

• Regulær 8*

Med ein maskinpark du ikkje får lenger, blir brann og innbrot skumle tankar. – Kva utstyret er verdt er umogeleg å seie. Om det brenn får eg neppe tak i alt igjen, så for meg er det uvurderlig. Det er forsikra, men om eg skulle kjøpt det igjen no ville det kosta det doble, så eg er livredd for det, men får jo då midlar til å starte på nytt, på eit anna felt. Eg orkar ikkje å byrje på null med digitalisering, smiler han. Og om han elskar sitt nye yrke aldri så mykje har det gjort noko med medievanane hans. – Eg har ikkje sett ein heil film på 6 år, eg orkar ikkje. Før elska eg actionfilmar, no blir eg sveitt og orkar ikkje. Eg sovnar. Så gleda over å sjå film og fjernsyn er borte, men det er like greitt, ler han. – Då kan eg bruke tida på andre ting. Men nyhenda må eg ha med, seier han og sluttar av med ei oppmoding. – Ikkje stol blindt på at filmar og bilete ligg trygt på maskina di. Ta backup!

• Super 8 1965 til 1973 stille film/1973 til 2005 lydfilm • Super 16mm lyd og 16mm standard uten lyd 1923 til 2009

Videokassetter • LVC kassetter:

76

1979 til 1988

• Betamax:

1975 til 1984

• VHS/S-VHS*:

1976 til 2012

Videokamerakassetter • VHS-C

1982 til 2010

• H8/HI8

1985 til 2009

• En DVCAM L (blå)*

1996

• DVCPRO-M (gul)*

1995

• MiniDV (rød)*

1999

Filmdigitalisering AS har pr. 2012 Mini DV.

Du bestemmer kor stort rekneskapshonorar du skal ha.

Unni Kriken

statsautorisert revisor

Med webbaserte rekneskap frå norske 24SevenOffice kan du gjere meir sjølv om du vil: Scann inngåande faktura, fakturer, ta ut rapportar og sjekk om kunden har betalt. Som kunde har du same tilgang til systemet som oss. Våre 4 tilsette, herav 2 statsautoriserte revisorar og ein siviløkonom, har lang erfaring frå rekneskap og revisjon, og stor kompetanse på skatt, avgift, selskapsrett, økonomistyring og revisjon. Vi tek oppdrag i heile fylket. Kontakt statsautorisert revisor Hans Magnar Hansen for ein uforpliktande prat på tlf 41 78 54 00 eller statsautorisert revisor/ aut. rekneskapsførar Unni Kriken på tlf 41 78 54 01.

Hans Magnar Hansen statsautorisert revisor

1 t. 1972 til 1977 2 t. 1978

• Video 2000:

REKNESKAPSFØRING – ny teneste for ditt aksjeselskap.

8•2012

1932 til 1980

• DVD

Nervøs for utstyret

FM

Filmformat 8mm Regulær og Super

Tlf: 57 82 16 88 - Øyrane 6, Førde


//////////////////////////

Det

største

//////////////////////////

og mest unike handletilbodet mellom Førde og Ålesund Kulturhovudstad Eit naturleg handelssenter i Nordfjord Handel med sjarm i Eidsgata Shoppingsenter

BANK DNB KAFE, RESTAURANT OG KIOSK Narvesen Didriks Kafe og Gaver Dolca Vita KJØKKEN Nordfjordkjøkkenet FRISØR Fin Frisør og Hudpleie Mona Frisør MOTE Frislid Herreekvipering Bergset

INTERIØR Primula Design Magasinet Kala Det Gylne Snitt Blomsteratelier Lappestua Eid Interflora Hildenes Gartneri as GAVEBUTIKK Monrad Johnsen Eftf GULLSMED Bergart Gullsmedverkstad AS APOTEK Vitusapotek BYGG Byggern, Eid bruk

Og mykje, mykje meir…

besøk våre heimesider: nordfjordeid.no / operanordfjord.no

ELEKTRONIKK Euronics R. Hestenes Expert BIL OG SERVICE Eid Motor Eid Servicesenter AS - ESSO Stårheim Bilverksted AS HOTELL Nordfjord Hotell KUNSTGALLERI/ TURISTINFORMASJON Kulturhuset Gamlebanken

FM 8•2012

77


SKIFANTOMET

Foto: Olav Sægrov

Tid: 2-3 timer (frå demninga i Fossheimsdalen). Høgdemeter: 600-700 m. Faremoment: Frå Skafonnfjellet og inn til Høgenipa må ein være merksam på å ikkje gå for langt ut på kanten. Generelle faremoment: Ver merksam på terrengfelle som skavlar, stup, bekkedalar og punkt kor det brått vert brattare. Anbefalt utstyr: tryggleiksutstyr (skredsøkjar, søkjestong, spade, førstehjelpsutstyr, ev. skredballongsekk, ev. ryggplate, hjelm), feller, slalåmbriller, kart, kompass (ullklede, dunjakke, skalklede, lue og vottar). Anbefalte førebuingar: Studere kart for å orientere seg over terrenget, oppstiging og nedkøyringa. Sjekk kva Meteorologisk institutt og nettsider som skiinfo.no, yr.no og snøskredvarsel.no) skriv om rasfaren. UTM sone 33 / Euref89 Øst: 50324. Nord: 6853985. Om du lyst til å bli med kjentfolk første gong, ta kontakt via skifantomet.com. Her blir planlade turar annonsert, og du må gjerne bli med.

Jølster-panorama Når Kjøsnesfjordens bratte fjell badar i sol i byrjinga av juni, er det på tide med ein skitur på Skafonnfjellet i Fossheimsdalen - 1162 - m.o.h.

FM

Her får du panoramautsyn over Jølstravatnet, Kjøsnesfjorden og Grovabreen. Ønskjer du meir utsikt fortset du inn til den mektige Høgenipa 1307 - moh, med fin utsikt over Jostedalsbreen og mektige Sygensandsnipa 1548 - m.o.h. inst i Kjøsnesfjorden. På vår og ut i juni er start for turen parkeringsplassen ved demninga i Fossheimsdalen. Kor langt ut i juni det er mulig å gå på ski varierer ut ifrå kor

snørik vinteren har vore. I år er det gode høve for skitur på Skafonnfjellet, sidan Jølster hatt mykje snø i vinter og ein kald vår.

måtte gå eit lite stykke inn over Fossheimsdalen for å komme til snøen. Ikkje kryss elva ved parkeringplass/demning.

Oppstigning

Nedkøyring

Start ved demninga i Fossheimsdalen. Du kan velje blant tre alternativ: Alternativ 1 via Nyken 702 moh, Løkjabottsegga 1010 – moh og opp til Skafonnfjellet. Alternativ 2: Inn Fossheimsdalen i retning Ytre Fossheimsstøylen, før ein byrjar oppstigning til toppen ovanfor Nyken på 909 – moh, fortset til Løkjabottsegga og Skafonnfjellet. Altenativ 3 går inn til Ytre Fossheimsstøylen og opp Løkjabottsegga og vidare til Skafonnfjellet. Rute 1 gir finast utsikt ut over Jølstravatnet, men snøen på oppstigninga til Nyken forsvinn fort. Snøen ligg lengst på alternativ 2 og 3. Ein kan

Same som opp. Snøen forsvinn først på Nyken, så i byrjinga av juni er det vanleg å køyre ned til Løkjsbottegga, vidare til Yre Fossheimsstøylen og demninga. Alternativt fortsette frå Løkjabottsegga til toppen over for Nyken på 909 moh, ned til Fossheimsdalen og til slutt demninga. På skifantomet.com ligg kart med ruter til opp- og nedkøyringa frå Skafonnfjellet, samt filmsnutt som viser skikøyring frå Skafonnfjellet og Høgenipa. Vi takkar skifantomet for følgjet, og møtast igjen til høsten.

8•2012

78

Førstelaget, andrelaget og Bremangerlaget 30. juni held Vidar Davidsen føredrag i Berle. Foredragshaldaren har sterke røter i Bremanger, lovar engasjement, ettertanke og moro. Kanskje pirkar han litt i vestlandsfanden òg – Mest av alt vil det handle om trivsel, stoltheit, tilknyting og moglegheiter for så vel dreng som byfant i herlege Bremanger. Vidar snakkar om kvardagslivets marginar og moglegheiter, om å vere eigen coach, spele på lag med nabo, næringsliv og kommune, om å vere Bremanger-ambassadør og omdømebyggjar. Og om å tore å vere «pittelitt gæærn», seier Anne Kristoffersen,

på vegne av arrangør Berle Grendalag. – Vidar er eit kjent namn for alle fotballinteresserte, og har sterke røter i Berle. Han har lyst å gjere noko for Berle, der han har feriehus og ferierer så snart han har høve til det, og held foredraget gratis. Alle inntektene går til Berle grendalag. Det synest vi er kjempeflott gjort, og med det aktuelle tema han vil snakke om, er vi sikre på at det vert ein suksess. Davidsen er hyppig brukt som foredragshaldar. På kundelista finn vi store verksemder som Statoil, Gdf Suez, Oslo Politiet, men òg lokale verksemder som Høgt

og Lågt, Bremanger Oppvekst, BBS i Kalvåg m.fl. Davidsen jobbar med leiar- og teamutvikling spesielt inn mot endringsprosessar, har bakgrunn frå toppfotball som landslagsspelar og Tippeligatrenar, er fysioterapeut og ekspertkommentator for Viasat i Champions League. Men best likar han seg som vestlandsambassadør & hobbydreng på Berleneset, smiler Anne. – tillegg bidreg Laila Beathe Førde med song og musikk, det blir sal av kaffi og kaffimat, og etterpå blir det pubquiz i grendahuset, og sal av tapas og liknande.


NYE AVENSIS Kompromisslaus kvalitet Nye Avensis - Touch & Go Multimediaskjerm, ryggekamera og navigasjon utan tillegg i prisen.

Verdi 9 600,Gjeld Advance og Executive grad.

Avensis Advance 4D frå 304 400,-

RAV4 & URBAN CRUISER. Gode tilbod på firehjulstrekk.

RAV4 executive frå 410 500,-

Urban Cruiser AWD frå 279 200,-

Touch & Go utan tillegg i prisen. Verdi 9 600,-

Fritt val av utstyr for 10 000,- inkludert i prisen

I tillegg fritt val av utstyr for 15 000,- inkludert i prisen (Gjeld alle RAV4 variantar. )

AURIS HYBRID & PRIUS. Touch & Go utan tillegg i prisen.

Kampanjerente

Auris Hybrid frå 266 300,-

1,95%

Prius frå 284 300,-

PRIUS i ny, ve oppgradert utgå

Gjeld Auris og Prius

8•2012

79

Gode tilbod på mange av våre modellar Avensis 2.0 D-4D stv. frå: 314 300,- Avensis 1.8 VVT-i aut. stv. frå: 344 400,- RAV4 frå: 380 500,- Urban Cruiser 2WD frå: 245 800,- Auris Hybrid frå: 266 300,- Prius frå: 284 300,- Inkl. frakt- lev og reg.omk. levert Sogn og Fjordane. Årsavgift kjem i tillegg. Forbruk blanda køyring, utslepp CO2 og NOx: Avensis 2.0 D-4D: frå 0,45 l/mil, frå 119 g/km, frå 164 mg/km. Avensis 1.6 VVT-i: fra 0,65 l/mil, frå 150 g/km, fra 9,7 mg/km. RAV4 2.2 D-4D: frå 0,60 l/mil, fra 159 g/km, frå 0,160 g/ km. RAV4 2.0 VVT-i: fra 0,77 l/mil, frå 178 g/km, frå 0,014 g/km. Urban Cruiser 1.4 D-4D: frå 0,45 l/mil, frå 118 g/km, frå 0,190 g/km. Urban Cruiser 1.33 VVT-i: frå 0,55 l/mil, frå 129 g/km, fra 0,020 g/km. Auris Hybrid: frå 0,38 l/mil, fra 89 g/km, frå 0,006 g/km. Prius: frå 0,39 l/mil, frå 89 g/km, frå 0,005 g/km. Avbilda modellar kan ha ekstrautstyr. Med atterhald om trykkfeil.

Toyota Nordfjord AS Toyota Førde AS Toyota Sogn AS 6718 Deknepollen. Tlf. 57 85 26 50

FM

Hegrevegen 16 - 6783 Stryn. Tlf. 57 87 60 00

Steinavegen 10, 6800 Førde Tlf. 57 72 10 00

Skarpeteigvegen 1, 6854 Kaupanger Tlf. 57 67 66 66

www.toyotanordfjord.no

www.toyota-forde.no

www.toyotasogn.no


8000 m2 med • DAGLEGVARE • BYGGVARE • GULLSMED • GÅVEARTIKLAR • KAFÉ

X LÅGE PRISAR! Prisane gjeld så lenge lageret rekk. Atterhald om skrivefeil og utselde varer.

Kva

miks

LÅG PRIS

?

7990

på l y s t r a d u h i dag

GRILLBØTTE Ass. fargar

199

CAMPINGBORD

99

FLEECEPLEDD

LÅG PRIS

LÅG PRIS

698

349

PAVILJONG samanleggbar

STOL Baden

OG MED STATIV

49

CAMPINGSTOL

899

SIDEBORD

CAFESETT BISTRO

LÅG PRIS

295

FRITIDSØKS Fiskars

LITT AV VÅRT UTVAL

LÅG PRIS

No199

cafe

LÅG PRIS

Kvar dag: LÅG PRIS

BÅLGRILL

8 900

LOKALPRODUSERTE MENY KJØTKAKER FRÅ FJORDA

499

SPARKESYKKEL i høg kvalitet.

LÅG PRIS

169

TURGRILL Samanleggbar.

FØR KR 1599

gulrot. med poteter, ertestuing og

FØR KR 549

X

Torsdag og fredag: Raspeball Sjå elles vårt utsende flygeblad eller på www.coop.no

Coop Extra-varehuset, Førde

9-21 (20)

cafe

Profile for Rein Design

Fylkesmagasinet nr 8  

Fylkesmagasinet nr 8

Fylkesmagasinet nr 8  

Fylkesmagasinet nr 8

Advertisement