
1 minute read
Bli med i styret i Radforum
from Hold Pusten 06 2022
by Hold Pusten
Det å delta i arbeidet i Radiografifaglig forskningsforum (Radforum) er interessant, utviklande og sosialt. Det er kjekt og nyttig å knytte nye kontaktar, og ein kan påverke kva arbeid og saker styret skal fokusere på. Vidare vert ein kjent med dei som arbeider sentralt i Norsk Radiografforbund (NRF) og kva funksjon dei har.
Radforum sitt mandat er å styrke det vitskaplege grunnlaget og stimulere til forsking og fagutvikling innan radiografi og stråleterapi.
Me er ein fagleg ressurs for NRF, og me jobbar saman om arbeid knytt til forsking, utvikling og innovasjon. Radforum arrangerer kurs, seminar og fagkveldar, tilbyr rettleiing av til dømes vitskaplege artiklar og fagartiklar, og er involvert i forskingsgrupper.
Ved nyttår takkar to engasjerte og dyktige medlemmer i styret av, og er klar for nye utfordringar. Det er Nicole Due-Tønnessen (noverande leiar) og Cecile Halvorsen Egeland, som begge skal ha stor takk for innsatsen dei har lagt ned. Det fører til at styret er på jakt etter nye styremedlemmer.
Styret består av fire medlemmer og ein ynskjer større geografisk og fagleg spreiing av styremedlemmene. Bakgrunnen for dette er at Radforum har som målsetjing å auke det faglege engasjementet i alle (flest mogelege) landsdelar. Styremedlemmene som er igjen, er alle frå Bergen: Line Nigardsøy Lie , Gerda Aarhus og vararepresentant Helene Mork-Knudsen.
Styret møtast fysisk to gonger i året, elles digitalt. I dette året har me hatt to Zoom-møter. Det meste av arbeidet utførast i dei fysiske møta som kvar har vart over to dagar (fredag og laurdag). I tillegg har me jobba lokalt med arrangement på radiografien sin dag i Oslo og Bergen. Kvart styremedlem kompenserast med 10 000 kroner året for innsatsen.
Er du interessert i utvikling av radiografifaget, har du utdanning på masternivå eller over og lyst å engasjere deg saman med oss, er du hjarteleg velkommen til å melde di interesse til valkomiteen ved Mona Vestbøstad. Send ein e-post til mona.vestbostad@hvl.no.