Meir!

Page 21

STUDERE

– Av og til må eg leggje kamera bort. Og berre nyte det. Det er sjeldan så vakkert som i verkelegheita. Slik skildrar Silje Slålien Thoen møtet med naturen i ein film ho har laga saman med Kjell Thomas Pilskog og Ieva Pranckunaite i emnet Outdoor Media Production. – Eg likar kombinasjonen av natur og filming, og høvet til å vere på tur og dokumentere, seier Silje om kvifor ho valde dette emnet som ein del av sin bachelor i Media, IKT og design. Ieva kom frå Litauen til Volda i august og var på utveksling her til desember. – Eg valde emnet fordi eg ville bli betre kjend med Noreg, og forbetre mine ferdigheiter innanfor film og foto. Eg tar mykje bilde i Volda. Naturen er inspirerande og vakker og forandrar seg kvar dag, seier Ieva. TRE PERSPEKTIV PÅ FRILUFTSLIV Første oppgåve i emnet var å lage ein to minutt lang film om deira forskjellige perspektiv på friluftsliv. – Vi hadde alle kvar vår idé frå starten, og kombinerte dei i filmen. Vi bestemte oss tidleg for at vi ikkje ville at dei tre historiene skulle vere heilt separate. I staden valde vi å klippe dei saman, seier Ieva. Dei har alle forskjellige forhold til naturen og det å vere på fjelltur. – Eg har vore mykje i naturen sidan eg var lita, og set meir og meir pris på den etter kvart som eg blir eldre, seier Silje. – For min del er det viktig å nå toppen. Turen er ikkje komplett utan, seier Kjell. I Litauen har dei derimot ikkje fjell, og Ieva hadde aldri vore på fjelltur før ho kom til Volda. – Å gå i fjellet er ei heilt ny oppleving for meg. Først er det slitsamt og utmattande, men så byrjar ein å sjå ting ein ikkje har lagt merke

til før. Som små fossar og blåbær. Når ein ser toppen av fjellet, byrjar ein å setje pris på turen dit, fordi ein ser kva ein prøver å oppnå. UNIKT EMNE Studentane har filma på Melshornet, som ruvar 807 meter over havet på kommune­ grensa mellom Volda og Ørsta, ved Rotevatnet ovanfor Volda sentrum og ved turist­ forein­ ingsh­ ytta Standalhytta, med lett tilgang til Sunnmørsalpane. – Vi lærer om korleis vi jobbar med film utan­ dørs, og vi får kunnskap om kva ein må vere førebudd på når ein arbeider med denne typen produksjonar. Det er noko vi kan bruke i jobb seinare, men også på fritida. Det er eit veldig unikt emne som ein ikkje finn tilsvarande til mange stader. Eg trur også at utandørs­ produksjonar blir meir og meir viktige fram­ over, seier Silje.

OUTDOOR MEDIA PRODUCTION Studentane som tar emnet Outdoor Media Production (15 stp.), må frå før ha minst 60 studie­poeng frå relevante fag­område. Ein må også ha erfaring med bruk av foto og/eller video­kamera. I tillegg til gruppe­ prosjekt og individuelle video­prosjekt skriv studentane blogg og refleksjons­ notat. Førelesningar og work­shopar blir haldne i tre til fire intensive fem dagars blokker gjennom semesteret. Emnet blir undervist på engelsk.

UTAN STRAUM I emnet er dei på tre samlingar over fleire dagar. Klassen reiser saman, og så planlegg gruppene sine eigne utflukter. – Vi må planleggje turane sjølve og sørgje for at vi har alt vi treng. Men vi kan heller ikkje ta med alt av utstyr, for vi må klare å bere det med oss. Sist var vi på Patchelhytta, utan elektrisitet. Då måtte vi planleggje godt og passe på at vi hadde nok straum, seier Silje. Studentar frå bachelorprogram i Media, IKT og design, Friluftsliv, og PR, kommunikasjon og media tar emnet dette semesteret. I tillegg er det fleire utvekslings­studentar, slik som Ieva. – Dette er det første prosjektet eg har hatt med norske studentar, så det har vore ein fin sjanse for meg til å bli kjend med nordmenn og korleis dei jobbar, seier Ieva.

MEIR! / HØGSKULEN I VOLDA

21


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.