Studietilbod 2019-2020

Page 1

HØGSKULEN I VOLDA STUDIETILBOD 2019-2020


Velkomen til Volda 1 TIME

VOLDA Volda er berre ein time frå Oslo Luft­havn om du tar fly til den lokale fly­plassen, Ørsta­-Volda lufthamn. Det går fleire daglege flygningar til og frå Oslo og Bergen. avinor.no

Midt i mellom fjord og fjell finn du studiebygda Volda. Høgskulen har om lag 4000 studentar, og er kjent for sitt gode studentmiljø. I Volda er det rimeleg å bu, gangavstand til det meste, og du er berre ein kort flytur frå dei store byane. Aktivt studentmiljø Volda er kjend for kreative og aktive studentar og eit stort mang­fald av lag og organisasjonar. Studenthuset Rokken arrangerer mellom anna quiz, Open-Mic, disko og konsertar med dei beste artistane i landet. Kulturelle høgdepunkt er Fadderveka, VEKA, Ekstrem­sportfestivalen X2, Animation Volda og Den Norske Dokumentarfilmfestivalen.

Midt i mellom fjord og fjell

STUDENTSAMSKIPNADEN I VOLDA Er til for at du skal ha ein så god studiesituasjon som mogleg. SiVolda gir deg tilbod om: • • • • • •

studentbustad kantine på campus studentbarnehage studenthus Rokken gode helseordningar psykologisk helse­ tjeneste

www.sivolda.no

Volda ligg tett opp mot dei verdskjende Sunnmørsalpane, som byr på fantastiske natur­opplevingar heile året. Nokre av tindane er så høge som 1700 meter, og blant dei mest kjente finn vi Slogen, Kolåstinden og Hornindalsrokken. Sunnmørs­alpane har eit unikt terreng for fjell- og klatreturar, og blir mykje brukt av studentane våre. Voldsfjorden og Rotevatnet legg til rette for vassport og lengtar du mot havet, kan du ta vegen til surfestrendene på Stad og Flø.

Nærleik til alt Som student i Volda blir du ein del av eit tett studie­miljø. Du får tett oppfølging frå lærarane dine, og det er lav terskel for å ta kontakt. Studentsamskipnaden i Volda syter for gode stu­dent­­­bustader, bokhandel, kantine, barne­hage og helse­­­tenester. Volda er mellom dei studiestadane som har dei lågaste bustads­ ut­giftene i landet, alle student­bustadene ligg nær høgskulen, og det er gang­­ avstand til sentrum.

Utveksling og praksis i utlandet Høgskulen har eit aktivt og internasjonalt enga­sjement, og er ein av dei beste i Noreg på utveksling knytt til studium og under­visning. Høgskulen har avtalar med over 100 utdannings­­institusjonar i over 40 land. Studentar ved bachelor- og master­­studia har høve til å ta eit semester i utlandet, og ved mange av studia er det også mogeleg å gjennomføre praksis utan­for Noreg. Høgskulen i Volda tek kvart år i mot om lag 200 studentar frå heile verda.




Studietilbod Alle studietilboda finn du på hivolda.no/studium Administrasjon, planlegging og leiing

Idrett og friluftsliv

Planlegging og administrasjon, bachelorgrad

Naturguide, årsstudium

Samfunnsplanlegging og leiing, mastergrad

Friluftsliv, årsstudium

Samfunnsvitskap, årsstudium

Friluftsliv, bachelorgrad Idrett og kroppsøving, årsstudium

Estetiske fag, kunst- og musikkfag

Idrett og kroppsøving, bachelorgrad

Teater og drama, årsstudium Teater og drama, bachelorgrad

Lærarutdanning

Musikk, årsstudium

Barnehagelærarutdanning, bachelorgrad

Musikk, bachelorgrad

Grunnskulelærar 1. til 7. årssteg, mastergrad

Kunst og handverk, årsstudium

Grunnskulelærar 5. til 10. årssteg, mastergrad

Kunst og handverk, bachelorgrad

Undervisning og læring, mastergrad Praktisk-pedagogisk utdanning, årsstudium

Helse- og sosialfag

Spesialisering i norsk/matematikk/spesialpedagogikk

Barnevernspedagog, bachelorgrad Sosionom, bachelorgrad

Medie- og journalistfag

Helse- og sosialfag – meistring og myndiggjering,

Mediekunnskap, årsstudium

mastergrad

Medieproduksjon, bachelorgrad

Helse- og sosialfag, Ph.d.

Mediedesign, bachelorgrad Animasjon, bachelorgrad

Historie og religion

PR, kommunikasjon og media, bachelorgrad

Historie, årsstudium

Journalistikk, spesialisering tv/radio, bachelorgrad

Historie, bachelorgrad

Journalistikk, spesialisering avis/nett, bachelorgrad

Religion, livssyn og etikk, årsstudium

Media Practices, mastergrad

Religion og livssyn, bachelorgrad Kulturmøte, mastergrad

Språk og litteratur

Matkultur og helse, årsstudium

Norsk (nordisk), årsstudium Engelsk, årsstudium Språk og litteratur, bachelorgrad Nynorsk skriftkultur, mastergrad

Nettstudium og fordjupingsstudium Fleksible studieformer gjer det mogleg for deg å kombinere studium og arbeid eller studium og andre aktivitetar. Sjå hivolda.no/vidare


Fagområde Høgskulen i Volda tilbyr fag- og profesjons­ utdanningar på bachelor-, master- og ph.d.-nivå for skule og barnehage, velferd, media og kultur. Høgskulen er nasjonalt leiande innanfor yrkes­ retta medieutdanning og har eit breitt og offensivt lærarutdanningsmiljø med høg kvalitet. I Volda er det eit levande, attraktivt og godt studiemiljø med tett kontakt mellom lærar og student og mellom ulike studentgrupper.

Administrasjon, planlegging og leiing

Helse og sosialfag

Eit samfunn i kontinuerleg omstilling stiller store krav til både tilsette og leiarar i offentleg og privat sektor. Studia legg vekt på at plan- og utviklingsarbeid skal skje i samhandling mellom offentleg, privat og frivillig sektor i kommunikative og opne prosessar. Studia gir aktuell og yrkesretta kompe­tanse gjennom teori og praksis.

Barnevernspedagogar og sosionomar må arbeide tett på menneske i alle slags situasjonar i livet. Dei er ettertrakta arbeids­ kraft i mange ulike yrkes­saman­hengar innan­­for mellom anna helse- og sosial­ sektoren, offentleg for­­valtning og humani­tære organisasjonar.

Estetiske fag, kunst- og musikkfag

Historie og religion

I Volda finn du eitt av dei breiaste kultur­fag­ tilboda på bachelor­­nivå i Noreg. Høgskulen har eige symfoni­orkester og kor, ny teaterog konsert­sal, profesjonelt musikk­studio, gode øvings­lokale og ulike verkstader. Gjennom teori og praksis gir utdanningane utøvande kompe­tanse og legg grunnlag for undervisnings­kompetanse i mellom anna skule og kulturskule.

I ulike yrkessamanhengar er det behov for arbeids­takarar som har kunnskap og forståing for kva rolle historie, religion og kultur spelar i kvardagen. Høgskulen i Volda tilbyr fleksible studium innanfor dette fagfeltet.


Idrett og friluftsliv

Mediefag

Høgskulen i Volda har høg kompetanse og lang erfaring med å tilby utdanning i idrett og friluftsliv. Som student får du vere med på spanande fysiske aktivitetar i eit stimulerande fagleg og sosialt miljø. Undervisninga foregår mellom anna i Sunnmør­salpane, i vakker fjordnatur og ute ved kysten. Høgskulen har også eigen undervisnings­base på Yksnøya.

Høgskulen i Volda tilbyr ei av landets leiande journalist­­­utdanningar, og har utdanna fagfolk til den norske medie­­­bran­sjen sidan 1971. Utdanningane har jobb­relevante interne og eksterne prosjektog praksis­ordningar. Høgskulen har eit godt og nært forhold til dei ulike bransje­ miljøa i Noreg og i utlandet.

Lærarutdanning

Språk og litteratur

Læraryrket er svært viktig i dagens samfunn og vil òg vere det i framtida. Skal norske elevar lære, treng dei engasjerte og dyktige lærarar. Høgskulen i Volda har utdanna lærarar i over 150 år, og har i dag eit breitt tilbod innanfor lærar­utdanningar. Det er eit stort behov for lærarar i Noreg i dag, og med lærar­utdanning vil du vere attraktiv på arbeidsmarknaden.

Det er stort behov for språk- og tekst­ kompetanse både i offentleg og privat sektor. Høgskulen i Volda har eit fleksibelt studietilbod innanfor språk og litteratur, både på bachelor- og masternivå. Som einaste i landet tilbyr høgskulen Master i nynorsk skriftkultur.


Alle studietilbod finn du på hivolda.no/studium WWW.HIVOLDA.NO FACEBOOK.COM/HIVOLDA SNAPCHAT, INSTAGRAM AND TWITTER: @HIVOLDA


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.