__MAIN_TEXT__

Page 1

KYRKJEBLAD Nr. 3. okt 2020 80. årgang

Skjåk og Nordberg


Nordberg og Skjåk Sokn Skjåk kyrkjelege fellesråd Kommunehuset Moavegen 30, 2690 Skjåk Kontoradresse: Skjåk Energi Moavegen 28 A, 2690 Skjåk Skjåk kyrkjelege fellesråd er ope kvar dag kl. 10.00-14.00 Mobil: 909 56 437 Sokneprest Kåre Gloslie tlf: 907 25 062 kare.gloslie@skjaak.kommune.no Kyrkjelydsekretær Kari Ørjasæter tlf: 906 77 563 kari.orjaseter@skjaak.kommune.no Kyrkjeverje Arnborg Teigum tlf: 948 62 267 / 971 61 560 arnborg.teigum@skjaak.kommune.no Kyrkjetenar Nordberg kyrkje Jon Runar Kjeken, tlf: 913 57 039 jonkjeke@start.no Kyrkjetenar Nordberg og Skjåk kyrkje Kjell Morten Kveen, tlf: 992 62 691 Organistvikar Eirik Matias Bøe, tlf: 993 67 323 eirboe@gmail.com Trusopplærar Endre Skjåk, tlf: 901 35 738 endre.skjak@skjaak.kommune.no Kyrkjetenar har kontortid etter avtale. Leiar i Skjåk kyrkjelege fellesråd: Mona Haugen Grimstad tlf: 970 95 206 monagrim@online.no Kyrkjebladsutval: Elias Sperstad, tlf: 958 35 907 elias.sperstad@skjaak.kommune.no Eli Skjelkvåle, tlf: 975 04 785 eli.skjelkvale@skjaak.kommune.no Lars Kurt Haugen, tlf: 990 07 490 lkurtha@online.no Abonnere på kyrkjebladet Innanbygds: Friviljug kontingent Utanbygds: Kr. 150,- pr. år Kontonr: 2085.07.45170 Vipps: 114648 - Merk ”Kyrkjeblad” Ans. utgjevar: Skjåk kyrkjelege fellesråd Kyrkjebladet vert sendt til alle husstandar i Skjåk, som ikkje har reservert seg for reklame. Og under føresetnad av at distribusjon køyrer ruta. Får du det ikkje i postkassa, kontakt kyrkjekontoret. Foto framside: Lars Kurt Haugen

MESSEPLAN Sundag 4. oktober kl. 11.00 Nordberg kyrkje. Offer til Sjømannskirken. Sundag 18. oktober kl. 11.00 Skjåk kyrkje. Dåp. Offer til årets TV-aksjon. Sundag 25. oktober kl. 11.00 Nordberg kyrkje. Dåp. Offer til Mental helse Ottadalen. Sundag 1. november kl. 18.00 Nordberg kyrkje. Helgemesse der vi minnast dei som har gått bort siste året Kl. 20.00 Skjåk kyrkje. Helgemesse der vi minnast dei som har gått bort siste året. Sundag 15. november kl. 11.00 Nordberg kyrkje. Messe for forfylgde kristne. Offer til Opne dører.

oktober – desember 2020 Sundag 22. november kl. 11.00 Skjåk kyrkje. Lys vaken-messe med 12-åringane våre. Offer til trusopplæring. Sundag 29. november kl. 11.00. Nordberg kyrkje. 1. sundag i advent. Utdeling av julebok til 3-åringar. Offer til Kyrkjebladet. Sundag 13. desember kl. 11.00 Skjåk kyrkje 3. sundag i advent. Offer til Himalpartner. Andakter på Skjåkheimen: Om smittevernsituasjonen tillet det, blir det andakter: Torsdag 29. oktober kl. 12.00 Torsdag 26. november kl. 12.00

MED ATTERHALD OM ENDRINGAR! Fylg med på heimesida vår www. skjaak.kyrkja.no, Skjåk kommune sin kalender eller på facebook-sida vår, Skjåk kyrkjelege liv. www.nettkirken.no og www. kirken.no er åpen for alle, alltid.

Skjåk kyrkjelege liv

www.skjaak.kyrkja.no


SOKNEPRESTEN Kåre Gloslie

Gud reiser oss opp Jeg var i ferd med å gå under i angst og sjølforakt, da fant du meg, da fant du meg Livet var et ork, og jeg var i dødens makt da fant du meg, da fant du meg. Du hørte mine tause skrik Du trosset mine mange svik Du løftet meg opp av fordervelsens grav og satte mine føtter på fjell Du viste meg nåde istedenfor krav Da fant jeg tilbake til meg selv Jeg var utslitt av min vakling mellom skyld og sjølforsvar, da fant du meg, da fant du meg. Jeg trodde jeg var hel, men jeg var et sprukket kar, da fant du meg, da fant du meg Du hørte mine tause skrik Du trosset mine mange svik Du løftet meg opp av fordervelsens grav og satte mine føtter på fjell Du viste meg nåde istedenfor krav Da fant jeg tilbake til meg selv Sal 40,2-6 Eg venta og vona på Herren. Han bøygde seg til meg og høyrde mitt rop. 3 Han drog meg opp or den tynande grav, opp av den djupe gjørma. Han sette mine føter på fjell og gjorde mine steg faste. 4 Han la ein ny song i min munn, ein lovsong til vår Gud. Mange skal sjå det og ottast og setja si lit til Herren. 5 Sæl er den som set si lit til Herren, som ikkje vender seg til dei stolte, til dei som fell frå i løgn. 6 Store ting har du gjort for oss, Herre, min Gud, underfulle verk og planar, ingen er din like. Vil eg fortelja og tala om dei, er dei for mange til å reknast.

var mykje flott song. Det var godt å lene seg attende, og ta i mot Guds ord og bodskapen for dagen! Presten framheva dåpsvatnet, og det underet som skjer i dåpen, der dåpsvatnet vert ei nådens kjelde! Ei kjelde til liv! For vi lever i Gud sin nåde, som Gud gir oss i sin kjærleik gjennom det livet vi har fått. Og barnet vert aust over av denne nådens kjelde! Aust over med guddommeleg liv i den nye åndelege fødselen, som dåpen er. Kva så med oss vaksne? Vi som lever liva våre så godt vi kan. Vi snublar, reiser oss og går vidare i livet. Vi tek med oss erfaringar på godt og vondt, og søkjer heile tida etter den gode meininga med livet. Har vi glede av Guds nåde? Messa i Hedenstad kyrkje hadde in flott lesetekst denne dagen. Ein tekst frå Salmanes bok i det gamle testamentet. Frå salme 40,3: Han drog meg opp or den tynande grav, opp av den djupe gjørma. Han sette mine føter på fjell og gjorde mine steg faste. Gud reiser oss opp frå grava, opp frå den djupe gjørma vå måtte ha kome i! Gud set føtene våre på fjell, og gjer stega våre faste. Ja, trua på Gud kan gjere store under i livet vårt. Og vi treng det sårt mange gonger! Bjørn Eidsvåg har skrevet visa Føtter på fjell ut frå dette verset i Salmanes bok. Ei flott vise som vi finn på straume-tenestane. Slik Gud reiser barna våre opp til det nye livet i dåpen, reiser han og oss opp til nytt liv når vi snublar og faller. Gud sin nåde, Gud sin kjærleik, og Gud sin rause evne til å skape nytt liv når fram til oss alle. Og det kan vi takke for med dette verset frå den same salma: Store ting har du gjort for oss, Herre, min Gud, underfulle verk og planar, ingen er din like. Vil eg fortelja og tala om dei, er dei for mange til å reknast. Eg ynskjer kvar og ein ein god haust!

Eg var på messe i Hedenstad kyrkje utanfor Kongsberg i haust. Ei vakker lita kyrkje! Det var dåp, det var fest, det 3-2020 | Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg

3


KYRKJEKONTORET INFORMERAR

E

in sommar er over syng Kirsti Sparboe og det er med vemod kvart år, når ein høyrer denne songen. Vemod fordi at sommaren er over, men mange er og glade for at dyr som har vore på beite er kome heim og haustonna er ferdig. Og denne sommaren har vore farga av pandemien som framleis er over oss. Mykje er negativt, medan det og er, positive ting som er i kjølevatnet av covid 19. Noko så enkelt og sjølvsagt som god håndvask har nok fleire fått ei ny forståing for. Det er ikkje berre å halde fingrane under rennande vatn! KONFIRMASJON I kyrkja har det vore gjennomført 3 konfirmasjonar og heldigvis for Skjåk og Nordberg så er haustkonfirmasjon vedteke frå før, slik at det vart ikkje endringar i forhold til dato. Det er så triveleg eit arbeid å få vere med konfirmantane på deira sin høgtidsdag. Det er mest at det vert ein klump i halsen når dei kjem i all sin pynt og er klare for feiring og samstundes er så i starten av det vaksne livet. Og vi ønskjer årets konfirmantar all mogleg lykke til på deira livsveg. Og i år som tidlegare vart konfirmanttida avslutta med go-cart køyring i Botn og mat på Billingen seterpensjonat Takk til Svein Skjåkødegård og Jan Terje Tråstad for god hjelp! SOMMARVIKAR Også i sommar har Andreas Aaboen Sønsteng vore sommarvikar på kyrkjegardane og han har m.a. fått beisa kontorbygget i Nordberg og likeins leveggen ved bårehuset i Skjåk. Takk for fint arbeid.

4

Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg | 3-2020

SMITTEVERN Det er framleis restriksjonar i kyrkjene våre med smittevernet og dette er mest krevjande i samband med gravferder, men alle viser ei stor vilje og forståing for at slik må det vere. MESSER I Skjåk sitt kyrkjelege liv, så held vi fram med at messene vert sendt på facebook på kyrkja Skjåk si side. På soknemøte 18.10. skal ny liturgi handsamast.

RIS OG ROS Elles er vi takksame for både ros og ris og om du har innspel til drifta vår. Avsluttar ei tekst til ettertanke av Odd Nordstoga. Med ønskje om ein fin haust til dykk alle. Arnborg Teigum Kyrkjeverje i Skjåk

Fatig Ferdamann Kan du tru på ei styrande hand som leier deg over og set deg i land til himmelske hagar og englesong – trur du det du, at det hender ein gong? Vel, eg trur på lauvet, på gras og på blom, som tøyer seg ut mot det store rom, og alltid vil snu seg dit sola står – så er den vel slik òg, den vegen eg går. Kan du tru at ein stein glei ifrå, og opp frå ei grav fekk han levande gå? Ja, evig fine er salmenes song – men kan du tru det, at det hende ein gong? Vel, eg trur på dagen som kjem etter natt, eg trur etter gråten så kjem der lått, og eg ser vel at vinter blir vekt til vår – så er det vel slik òg, på den vegen me går. Men, trur du at det kjem ein og dømer oss ein dag, og at det blir eit vinnar- og eit taparlag, og at nokon dei får gå inn gjennom himmelporten trong – trur du det du, at det hender ein gong? Vel, eg har kjent på godt og eg har kjent på vondt, eg har sett i hop med kjærleik og slege sundt, eg har gjenge grøne enger, eg har trødd i skår – eg trur dei dømer etterkvart her, på den vegen eg går. Men, eg er ein fatig ferdamann og eg har ingen svar. Kom, set deg ned, så kviler me med sola glar. Sjå! Ein lysande krans over myrkret rår – så er det vel slik òg, på den vegen me går.


MI SALME

Foto: Elias Sperstad

Mi SALME Edel Kveen

Når eg skal få velje meg ei salme til Kyrkjebladet går tankane attende til tida på søndagsskule. Søndagsskule i Nordherad i Vågå var trivelege samlingsstunder med litt forkynning, mykje sang, leik og fargestifter. Eg har nyleg fått overlevert søndagsskuleposen frå da eg var barn. I posen var tekstbok frå søndagsskulen og kassett av Line, Kim og Rune Larsen. Vandre i Guds lys er nok den sangen på kassetten som vart spelt mest. Søndagsskulen førte vidare til sommarleir på Kirketeigen på

Kvam, på same lest som søndagsskulen; sang, samhald og leik. Frå mine barneår på søndagsskule og til i dag, med tru og tvil, er det ei salme som står over alle dei andre, det er Kjærlighet frå Gud. Det er denne salmen som best kan seie kva bodskap kristendommen har hatt for meg. Salmen har vore med meg i alle år, og er på ein måte eit godt minne om den trygge, gode barndommen. Som barn var det også stas at det var noko med mitt namn i salmen, nemleg edelstein. Ha ein fin haust alle saman med denne fine salmen!

Kjærlighet frå Gud Skrevet av Jens Nicolai Ludvig Schjørring i 1854. Melodi: H.S.Thompson Kjærlighet fra Gud springer like ut som en kilde klar og ren. I dens stille bunn, i dens dype grunn gjemmes livets edelsten.

Kjærlighet fra Gud som en yndig brud kommer smykket til oss ned. Lukk kun opp din favn, kom i Jesu navn, himlen bringer den jo med.

Kjærlighet fra Gud er det store bud, er det eneste jeg vet. Bli i kjærlighet, og du har Guds fred, for Gud selv er kjærlighet.

YX Skjåk 2690 Skjåk • tlf 61 21 41 53

www.ottadalen.norgesfor.no avd. Lom 61 21 18 20 // avd. Vågå 61 23 70 72

tlf 61 21 90 00 // bankpost@sb1ls.no

2690 Skjåk tlf 61 21 36 00 post@interfil.no www.interfil.no

BYGGER´N SKJÅK, 2690 SKJÅK • Tlf. 61 21 38 80

tlf 97 70 08 14 • www.turistforeningen.no/sotaseter sotaseter@turistforeningen.no

 

tlf 61 28 45 45

POLLFOSS HOTELL OG GJESTEHUS En perle mellom øst og vest

pb. 6, 2693 Nordberg, tlf: 61 21 47 00 polfoss @online.no • www.pollfoss.com

tlf 61 21 37 00 // post@melbytransport.no

3-2020 | Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg

5


INTERVJU

Etter studie og arbeid både i utland og innland har Eirik Matias Bøe landa i fjellbygda Skjåk. Han er den nye organisten vår.

E

irik, med røter i Skjåk, har trass sin unge alder ein allsidig bakgrunn. Han vart fødd i Lillehammer, men vaks opp i Asker. Eirik studerte film ved Høyskolen Kristiania, og fullførte Bachelor-graden sin i Film and TV Fiction i England i 2015. Han flytta heim att same haust og har sidan budd i Asker og Oslo, der han freelancet i film- og TV-bransjen. Lidenskapane mine har alltid vore innan film, musikk og litteratur, så eg valde å studere film fordi det er ein kunstform som inneheld nesten alle andre kunstformer. – Du slektas frå Skjåk, sei litt om det og kvifor du flytta hit. – Det stemmer, bestemor Inger budde i Ulen og bestefar Algot budde på Nordheim gard i Nord-

6

Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg | 3-2020

berg. Faren min si slekt stammer frå Trysil og Svolvær – så da ender eg opp som halvt Skjåkvær. Slekta mi i Skjåk stammer tilbake til da Eggert von Munchen kom til Hjeltar gard i 1704. Eirik Matias Bøe seier at det mange årsaker til at han flytta til Skjåk. Eg prøvde i fleire år å få ei fast inntekt i film- og TV-bransjen, og sjølv om eg hadde veldig mange spennande jobbar der - morosamst av alle var studiovert på Stjernekamp - så var det rett og slett for vanskeleg å leve av. Eirik flytta til Tromsø i 2018 for å studere psykologi. Men eg trevist ikkje på universitetet der. Deretter prøvde eg å bli flygeleiar, og eg besto begge opptakstestane, men dessverre ikkje intervjuet. Etter litt grundig tenking

Foto: Elias Sperstad

Organisten oppi Ul´n innsåg eg at eg måtte prioritere å bygge ein heim over å bygge ei karriere. Så eg flytta dit eg hadde den beste mulegheita til å oppnå akkurat det. At dette også var på ein så vakker stad som Skjåk der eg har mange fine barndomsminner, var berre eit pluss. Eg var viljug til å ta kva som helst type jobb, og eg var først på Sognefjellshytta og så på Bunnpris. Men da eg fekk jobben som organist innsåg eg at det var hit eg måtte flytte for å få ein jobb eg har lidenskap for. Så da fekk eg i både pose og sekk. – Du bur oppi «Ul´n», bratt til gards, med fantastisk utsikt. Glad i naturen? Eg er kjempeheldig med utsikta i Ulen, og eg blir aldri lei av å sitte ved stueglaset og sjå ut over dalen. Eg er veldig glad i naturen, men så


langt har eg ikkje vore veldig flink til å utnytte alle turmulegheitene her. Eg besto jegerprøven i sommar, så forhåpentlegvis får eg noen gode opplevingar med det også. – Korleis har du vorte motteke som tilflyttar i Skjåk? Det har vore veldig morosamt og interessant å flytte til Skjåk. Fyrste sommaren var eg mest på Sognefjellshytta, så det var nok ikkje mange som la merke til meg her. Men det endra seg veldig fort da eg stod i kassa på Bunnpris. Eg vart ofte spurt om kven eg var og kvar eg kom frå. Det var veldig hyggeleg å få så mange fine tilbakemeldingar på at eg hadde bestemt meg for å busetje meg her. Man får litt gratis skryt som ein ung kar som flytter ut på landet, tydelegvis. Etter den fyrste veka følte eg plutseleg at nesten alle her visste kven eg var, og kva for slekt eg kom frå. Det er framleis litt rart at så mange veit kven eg er, når eg ikkje kjenner så mange sjølv. – Vi set stor pris på at folk flyttar til Skjåk. Trivst du i bygda? Så hyggeleg! Eg trives svært godt her, og Skjåk passer godt med min introverte personlegheit. Etter mye prøving og feiling føler eg endeleg at eg kan slå ordentleg røter ein stad. Eg har ikkje angra eit sekund! Eirik finn det gjevande å være organist. Ikkje berre er det veldig spennande å opptre live fleire gonger i veka, men eg gjer det ofte på begivenheiter deltakarane vil hugse i lang tid. Å spele i bryllaup eller gravferd er noe eg tek veldig seriøst. Eirik har spelt piano sidan han var fem år, men det har vore litt av og på ettersom han har flytta.

Stort sett har eg øvd på klassisk musikk og filmmusikk åleine, men eg har også spelt i fleire musikalar og revyar som vart sett opp i Asker. I fjor fekk eg lov til å øve på orgelet i Skjåk kyrkje, og det var en liten jobb å bli god på orgelet. Heldigvis overlappar det med piano på mange område. Eirik likar stort sett alle typar musikk, alt frå Rammstein og Green Day til Coldplay og Mozart, men i ulike grader. Av klassisk musikk likar han aller best romantikarane, som Tchaikovski, Grieg og Chopin. Yndlingsbandet mitt var Coldplay veldig lenge, men dei har nyleg vorte erstatta av den svenske duoen Smith & Thell, noe som er veldig spennande sidan dei er relativt ferske på scenen. Musikk blir verkeleg ikkje betre enn Goliath, Garden of Eden og Forgive Me Friend. – Er det noko spesielt du saknar i jobb og fritid i Skjåk? Filmnerden i meg saknar kinotilbodet i storbyen litt, men eg har gode planar for å bygge ein heimekino sjølv på låven, så da får heller folk kome hit for å sjå på film. Eg har ikkje fått testa kinoen i Lom ennå, men var veldig fornøyd med å sjå 1917 i Vågå. Elles er det ingenting eg saknar. – Du bur på eit småbruk, ser du i framtida for deg å drive jorda sjølv og kanskje drive med dyr? Absolutt! Å kunne drive med homesteading er ein av dei viktigaste grunnane til at eg flytta hit. Alt dette er veldig nytt for meg, men det kjem seg sakte. Nå har eg to kattar og to kaninar, og eg dyrkar gulrøter og salat. Neste år skal eg i vert fall ha høner og poteter. Eg hugsar at vi hadde sauer her da eg var liten, og tidlegare har vi hatt både hest og griser. Gutta på gartneriet gjer ein god jobb med jordet, så det er nok best at dei driver det ei stund framover. Men uansett: det er nå Ulen som er karrieren min. Eirik Matias Bøe i samtale med Elias Sperstad.

Bismo Bilverksted AS 2690 Skjåk Tlf: 61 21 44 00/ 922 13 597

Radon i huset ditt? Vi tar målinger. Vi gjør tiltak for å fjerne radon. tlf 90 68 81 13

2690 Skjåk • tlf 61 21 38 90 • www.skjak-trelast.no

2690 Skjåk tlf 61 21 38 00 www.sken.no firmapost@sken.no

Velkomen til triveleg handel!

Skjåk Kjøpesenter

SKJÅK BIL AS Din verkstad i Skjåk Tlf: 61 21 36 70

Gravferdshjelpa Lom og Skjåk Båretransport • Kiste • Stell/Visning Annonse • Salmeark • Blomar anne.sperstad@online.no // tlf 957 23 671

www.skjak-almenning.no 2690 Skjåk • tlf: 61 21 39 00

Skeimo Tlf: 61 21 40 65

AKANTUS BLOMSTER

Skjåk Kjøpesenter • Tlf 612 14055

tlf 97 03 05 96

Nergård Steinindustri A/S Tlf: 71 29 98 88 // ta kontakt med kyrkjetenarane Alt i gravstein, innhogging, oppussing og oppsetting.

3-2020 | Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg

7


70 års konfirmantar Frå venstre: Audun Sperstad, Oddrun Bøje Hilsen, Kari Oddveig Sagdalen Fosstuen, Torø Brustugun Kveen, Edvard Rusten.

8

Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg | 3-2020

Foto: Lars Kurt Haugen

60 års konfirmantar Frå venstre 1. rad: Kari Marie Moen Aanstad, Elsa Hånsnar, Guro Kummen, Mari Langleite Barrusten, Arnhild Klepp Lyngved, Marit Kveum Buvik, Marit Grande Haugen. Frå venstre 2. rad: Kari Sofie Harsheim, Astrid Forberg, Live (Dull) Teigum Næss, Liv Lundemo Eide, Rønnaug Roen Husom, Rønnaug Dagsgard Harsheim, Marit Eldbjørg Gjeilo Slettede, Jorun Bismo Eilertsen, Ranveig Målfrid Lund. Frå venstre 3. rad: Torleif Tuva, Stein Grjotheim, Per Lavrans Bådshaug, Olav Mehlgård, Sølfest Ludvik Guldbakke, Egil Mork, Arne Berger, Ola Risheim.

Foto: Lars Kurt Haugen

50 års konfirmantar Frå venstre 1. rad: Jarnhild Kristianne Skamsar, Sigrun Skei, Olga Knutsødegård Stensgård, Hildegunn Kvistad, Brit Brenna Ramberg, Ingebjørg Godtland Juvstad Eldbjørg Eiesar. Frå venstre 2. rad: Oddveig Hosar, Olav Synstnes, Magne Hermann Nyhus, Jan Terje Tråstad, Ottar Brustad, Liv Irene Åboen Bakkom. Frå venstre 3. rad: Gudbrand Skjaak, Sigbjørn Dagsgard, Håvard Storbråten, Sevald Sperstad, Harald Volden.

Foto: Lars Kurt Haugen

KONFIRMANTAR


Frå vogge til grav Blomefonda i Nordberg og Skjåk Det er alltid lagt ut liste til Blomefond ved alle gravferder. Tlf. nr. eller SMS: 909 56 437 / 948 62 267 / 906 77 563 eller e-post til: arnborg.teigum@skjaak.kommune.no Kontonr. Nordberg Blomefond 2085.64.37400 eller Vipps 141543

NORDBERG SOKN

SKJÅK SOKN

Døde Kjell Plassen f. 04.08.1940 – d. 05.07.2020

Døypte 16.08.2020 Jonas Berger

Ivar Tuva f. 01.03.1950 – d. 07.07.2020

29.08.2020 Gina Melby Mikkelsen

Birgit Gjerdet f. 06.06.1938 – d. 11.08.2020

Døde Ingvar Eggen f. 01.11.1940 – d. 27.12.2019 Urne sett ned på Skjåk kyrkjegard

Hans Olaf Ødegård f. 08.02.1930 – d. 14.09.2020

Kontonr. Skjåk Blomefond 2085.64.32409 eller Vipps 141547

Hans Krogstad f. 23.06.1933 – d. 12.07.2020 Sverre Guldbakke f. 16.11.1937 – d. 18.07.2020 Urne sett ned i Oslo

Eller velkomen innom kyrkjekontoret for kontant betaling. Du MÅ ringe eller kome innom kontoret for å kome på lista!

Solveig Holø Kleiven f. 28.01.1944 – d. 21.07.2020 Aslaug Lundemo f. 03.12.1926 – d. 14.09.2020

Foto:Kari Ørjasæter

Foto:Kari Ørjasæter

Gunvor Granum f. 29.01.1927 – d. 17.09.2020

BARNEDÅP

Jonas Berger døypt i Skjåk kyrkje 16. august.

Gina Melby Mikkelsen med foreldre og fadrar i Skjåk kyrkje 29. august.

Skjåk Turistheim Skeid Kro 2693 Nordberg - Telefon 90 17 79 30

epost: sissel@skeidkro.no

3-2020 | Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg

9


Triveleg konfirmantjubileum

Skjåk kyrkjelege fellesråd

Det var så artig å treffast att. Vi hadde det utruleg triveleg. Live Næss kan ikkje få fullrost opplegget og arbeidet komiteen hadde lagt ned for årets konfirmantjubileum. – Alle var imponert. God mat, ein likandes prest, god stemning; det var full klaff. Alle som stod i bresjen gjorde eit framifrå arbeid, seier Live på kav Skjåk-dialekt. Ho reiste frå Skjåk som 17-åring. Fyrst skulegang på Dovre, så Gjøvik og derfrå til Sarpsborg. Dit kom ho som 19-åring. Og der vart ho verande. Meir presist vart det Råde som vart den nye heimplassen saman med mann og barn. Men dialekten har ho halde på.  Konfirmantjubileet vart ei fin anledning til å besøke mora i Skjåk, og andre i Teigum-familien. Og ikkje minst til å treffe mange gamle kjente frå barne- og ungdomstida i Skjåk. 

LYS VAKEN? Laurdag 21. november vert 12-åringane (dei som går i 7.klasse) våre inviterte til å vera med på Lys Vaken- samling i Skjåk kyrkje og kyrkjestugu. Der vert det vandring både inne i kyrkja og på kyrkjegarden, messeverkstad, god mat og spanande aktivitetar som vi driv og planlegg nå! Overnatting i kyrkja, og deltaking på messa sundag 22. november. Invitasjon kjem i posten! Så kryssar vi fingrane for at smittesituasjonen blir slik at samlinga kan bli gjennomført!

10

Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg | 3-2020

– Kva vi prata om? Det var mangt, det. Vi hadde nok å prate om, seier Live utan å dele alt dei prata om med alle andre. Litt får dei vel halde seg for seg sjølve. Men det dukka opp mange gode minne, understrekar ho. Jubileet samla både 50-, 60- og 70-årskonfirmantar. – I kullet vårt var det vel rundt 25 som møtte opp. Men eg sakna ein del som bur i Skjåk. Litt synd det da, at ikkje fleire lokale stiller opp. Hadde dei berre visst kor artig vi hadde det, så hadde dei nok kome, ler Live. Så sant helsa står ho bi, stiller ho på neste treff også.  – Heilt klart, seier Live Næss, som meir enn gjerne tek turen til Skjåk når høvet byr seg. Tekst: Elias Sperstad

Årsmøte /Soknemøte Det vert Årsmøte/Soknemøte i Skjåk kyrkjestugu etter messe i Skjåk kyrkje sundag 18.10.20 kl. 11.00 Sakliste: 1. Godkjenne innkalling og sakliste 2. Val av ordstyrar, skrivar og to til å undertegne protokoll 3. Årsmelding Skjåk kyrkjelege fellesråd 2019 4. Rekneskap Skjåk kyrkjelege fellesråd 2019 5. Ordning for hovudgudstjeneste For kven? Alle som er medlemmer av den norske kyrkja i Skjåk og Nordberg sokn. VEL MØTT!

Konfirmant i 2021? Konfirmasjonsdatoar i 2021 er 5. september i Nordberg kyrkje og 12. september i Skjåk kyrkje. Det vert informasjonsmøte for konfirmantar og føresette i Nordberg kyrkjestugu tysdag 24. november kl. 19.00. Invitasjon og innskrivingsskjema kjem i posten i god tid føreåt!


Finn stjernevegen!

Finn du vegen gjennom stjernelabyrinten?

Fargelegg Jesus, Guds eigen son, vart fødd i ein stall i Betlehem.

Finn 5 feil

S ID E

Englar fortalde gjetarane at Frelsaren var fødd. Gjetarane løp inn til Betlehem for å sjå han. Teikning: Claudia Chiaravalotti

Gje barnebladet

BARNAS til eit barn du er glad i! SLIK SOM DU ER

Desse oppgåveneSlik som duer er henta frå bladet.

julegaven

V

il Gud være Ufortjent med oss slik sammen min er som godhet udvi er? Vil han være G e hvis vi er litt sammen hy medrd oss Eller når vi rufsete, slik som Esel ? har rotet det skikkelig til? lver uel sa m I denne herl Sa ige historien David finner Esel ut at vi27. oktober 13 kan komme til 2019 Supersetning Gud akkurat For Gud ga oss ikke en ånd som 2. Timoteus 1,7 gjør motløs; vi fikk Ånden som gir slik som vi kraft, kjærlighet og visdom. er. De to sønnene Suzy Senior • Estelle Corke

Bestill

Slik som du er

Gud er stør Den kjærlighet ste

kker Jesus vekens opp en 10 sønn

abonnement på sondagsskolen.no eller 22 08 71 00 I Molboland VITSAR er det veldig Ole var ikkje strenge trafikklover verdas smartaste pilot. når det gjeld sikkerHan flaug inn mot heitsbeltet: Gardermoen og fekk Første gong du blir tatt melding frå kontrolltårnet: utan å ha på deg beltet, – Meld inn høgde og får du 1000 kroner i bot. posisjon! Andre gong får du – Eg er 178 centimeter 2000 kroner i bot. høg og sit heilt fremst Tredje gong blir i flyet, svara han. sikkerheitsbeltet inndrege. 3-2020 | Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg 11 24. november

Supersetning Matteus 6,33

10. november

r

2019

Jeg vil prise

15. septembe

GSSKOL NORGE EN

Salme

13. oktober r

29. septembe

Supersetni etning 102,3 SupersSalme 86,12 Salme

15

2019 Søk først Guds rike og hans rettferdighet, så skal dere få alt 14 det andre i tillegg. 2019

Supersetning min Gud, Så blir de stående, disse tre: tro, håp og deg, Herre, Kor 13,13 ære ditt navn. og1. evig kjærlighet. Men størst blant dem er kjærligheten.

11 12

hjerte Supersetning av hele mitt 86,12 SØNDA

8. desember

20192019

Gud, er i nød. min jeg når

Herre, navn. deg,ansiktet dittsvar når jeg roper! ng Jeg vilSkjul priseikke æredeg, skynd og evig til meg, hjerte Vend øret av hele mitt

Supersetn Sk revet ingav Suz y Senio Johannes For så høytr • Illus 3,16 t rer har

16

t av Es telle 2019 Gud elsket han ga sin verden at Cork e Sønn, den enbårne, tror på ham, for at hver ikke skal den gå fortapt, men ha evig som liv.

Teikning: Claudia Chiaravalotti


Foto: Lars Kurt Haugen

Nordberg 13. september. Framme frå venstre: Preben Gjerdet, Hannah Biløygard Johansen, Vemund Lund Sperstad, sokneprest Kåre Gloslie. Bak frå venstre: Henning Storlien, Olve Flækøy Brekk

Full fart for konfirmantane på gokartbana! Det har vorte ein fin og fartsfylt tradisjon å avslutte konfirmanttida i Skjåk med attpålag på gokartbana i regi av NMK Skjåk og burger og

brus på Billingen seterpensjonat. Høg fart og god stemning vart det i år og! Takk for laget til eit flott konfirmantkull!

Design og layout: Haus Trykk: Hamar Media

Foto: Lars Kurt Haugen

Skjåk 6. september. Bak frå venstre: Edvard Haugen, Jørgen Lyngved, Gorm Aamodt Holø, Alf Tore Forberg. Midt frå venstre: Jens Lyngved, Torbjørn Bustad Jøingsli, Tore Krogstad, Sander Kristoffer Sørhage Forberg, Oskar Sæther. Framme frå venstre: Bård Bårdseng, Magnhild Hjeltar, Live Galde Tråstad, Eilen Aurmo, Kari Krogstad, Tea Gustavsen Rakstad, Sondre Myhren, sokneprest Kåre Gloslie

Profile for hausbyra

Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg #3 2020  

Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg #3 2020  

Profile for hausbyra
Advertisement