__MAIN_TEXT__

Page 1

KYRKJEBLAD Nr. 4. desember 2020 80. årgang

Skjåk og Nordberg


Nordberg og Skjåk Sokn Skjåk kyrkjelege fellesråd Kommunehuset Moavegen 30, 2690 Skjåk Kontoradresse: Skjåk Energi Moavegen 28 A, 2690 Skjåk Skjåk kyrkjelege fellesråd er ope kvar dag kl. 10.00-14.00 Mobil: 909 56 437 Sokneprest Kåre Gloslie tlf: 907 25 062 kare.gloslie@skjaak.kommune.no Kyrkjelydsekretær Kari Ørjasæter tlf: 906 77 563 kari.orjaseter@skjaak.kommune.no Kyrkjeverje Arnborg Teigum tlf: 948 62 267 / 971 61 560 arnborg.teigum@skjaak.kommune.no Kyrkjetenar Nordberg kyrkje Jon Runar Kjeken, tlf: 913 57 039 jonkjeke@start.no Kyrkjetenar Nordberg og Skjåk kyrkje Kjell Morten Kveen, tlf: 992 62 691 Organistvikar Eirik Matias Bøe, tlf: 993 67 323 eirboe@gmail.com Trusopplærar Endre Skjåk, tlf: 901 35 738 endre.skjak@skjaak.kommune.no Kyrkjetenar har kontortid etter avtale. Leiar i Skjåk kyrkjelege fellesråd: Mona Haugen Grimstad tlf: 970 95 206 monagrim@online.no Kyrkjebladsutval: Elias Sperstad, tlf: 958 35 907 elias.sperstad@skjaak.kommune.no Eli Skjelkvåle, tlf: 975 04 785 eli.skjelkvale@skjaak.kommune.no Lars Kurt Haugen, tlf: 990 07 490 lkurtha@online.no Abonnere på kyrkjebladet Innanbygds: Friviljug kontingent Utanbygds: Kr. 150,- pr. år Kontonr: 2085.07.45170 Vipps: 114648 - Merk «Kyrkjeblad» Ans. utgjevar: Skjåk kyrkjelege fellesråd Kyrkjebladet vert sendt til alle husstandar i Skjåk, som ikkje har reservert seg for reklame. Og under føresetnad av at distribusjon køyrer ruta. Får du det ikkje i postkassa, kontakt kyrkjekontoret. Kyrkjeblad for Skjåk Nordberg | 4-2020 2 Framside maleri: IdaogSperstad

MESSEPLAN desember 2020 – april 2021 Oppsett plan kan bli endra på kort varsel mtp. smittevernrestriksjonar frå mydigheitene. Sundag 20. desember kl. 19.30 Nordberg kyrkje. 4. sundag i advent. Vi syng og spelar jula inn. Offer til Skjåk songlag. Torsdag 24. desember kl. 12.00 Skjåkheimen. Julekveldsmesse Kl. 14.00 Nordberg kyrkje. Julekveldsmesse. Offer til Kirkens nødhjelp. Kl. 16.00 Skjåk kyrkje. Julekveldsmesse. Offer til Kirkens nødhjelp. Fredag 25. desember kl. 11.00 Nordberg kyrkje. Juledagsmesse. Offer til Kirkens bymisjon Trondheim. Torsdag 31. desember kl. 12.00 Skjåkheimen. Nyårsmesse. Kl. 23.00 Lomskyrkja. Felles midnattsmesse for Skjåk og Lom. Sundag 3. januar 2021 kl. 11.00 Skjåk kyrkje. Sundag 10. januar kl. 11.00 Nordberg kyrkje. Konfirmantpresentasjon. Offer til trusopplæring. Kyrkjekaffe. Onsdag 20. januar kl. 19.00 Skjåk friviljugsentral. Sundag 31. januar kl. 11.00 Nordberg kyrkje. Konfirmantar deltek.

Sundag 7. februar kl.11.00 Skjåk kyrkje. Messe med dåp. Sundag 14. februar kl. 11.00 Nordberg kyrkje. Fastelavnsmesse med utdeling av fireårsbok. Onsdag 17. februar kl. 19.00 Skjåk friviljugsentral. Sundag 28. februar kl. 11.00 Nordberg kyrkje. Sundag 7. mars kl. 11.00 Skjåk kyrkje. Konfirmantar deltek. Onsdag 17. mars kl. 19.00 Skjåk friviljugsentral. Sundag 28. mars kl. 11.00 Palmesundagsmesse i Bjørkås grendehus.

Andakter på Skjåkheimen: Om smittevernsituasjonen tillet det, blir det andakter: Torsdag 28. januar kl. 12.00 Torsdag 25. februar kl. 12.00 Torsdag 25. mars kl. 12.00 Laurdag 27. mars kl. 12.00 Musikkstund

Skjåk kyrkjelege liv www.skjaak.kyrkja.no

MED ATTERHALD OM ENDRINGAR! Fylg med på heimesida vår www. skjaak.kyrkja.no, Skjåk kommune sin kalender eller på facebook-sida vår, Skjåk kyrkjelege liv.


SOKNEPRESTEN Kåre Gloslie

Himmel over livet Opp, gledest alle, gledest no. Opp, gledest alle, gledest no med fagnad, fred og heilag ro i Herren, dykkar gleda! For Jesus han er no så nær og vil, då han oss heve kjær, i kjøt og blod seg klæda, i kjøt og blod seg klæda. Bort sorg og saknad or vårt sinn! Guds gleda vil me lata inn, at me kan Jesus fagna men bøn og hjartans takk og tru. Med honom skal i fred me bu, og gleda aldri tagna, og gleda aldri tagna. Gud, lat din fred, som høgre er enn hug og vit kan fata her, vårt hjarta vel få vara i Kristus Jesus, at me må den store jolegleda få som aldri burt må fara, som aldri burt må fara. For ein flott salme! Opphaveleg skrive av Elias Blix etter ein tidlegare salme av Thomas Kingo. Men Odd Nordstoga har funne den fram i ljoset, gjennom å komponere ein ny melodi, og framført den i konserter og på CD i lag med Sissel Kyrkjebø. Den har og kome med i den nye salmeboka vår. Går gjerne på nettet og høyr og sjå!

Salma seier på ein flott måta kva som ventar oss i julefeiringa! Glede, fagnad, fred, heilag ro! Det er ikkje lite som kjem oss til del, gjennom dette vesle gutebarnet som vert født i ein fattigsleg stall i Betlehem. Alle desse positivt ladde orda; ord som gjer oss gode og varme om hjarterota, som gjer oss glade ovafor kvarandre, ord som gjer at vi kjenner på det å vera ekte menneske. Gud kjem til oss menneske og lever i blant oss gjennom Jesus. Gud forlèt sin bustad i himmelen og tek bustad hjå oss her vi lever. Eg tenker at Gud tek himmelen med seg til oss; bringer den nær oss, og skapar ein himmel over livet vårt. «Himmel over livet» er jo og kyrkja sitt motto, og samstundes ein flott visjon. Gud tek ikkje berre bustad i stallen. Gud tek og bustad i hjarta våre. Og det er ein særs god bustad! Vi lever i ei utfordrande tid, og vi treng all den gleda vi kan få! Og ei heilag glede er ikkje å forakte! Eg håpar vi alle får ei triveleg jul i lag med våre. Og eg håpar at vi alle er merksame på dei vi kjenner som treng ekstra med glede og merksemd i jula! Signa god jul!

4-2020 | Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg

3


KYRKJEKONTORET INFORMERAR

A

dvent i vår næraste kulturkrins er som kjent dei siste vekene med ventetid føre jul og dessutan dei fyrste vekene av kyrkjeåret. Ordet advent kjem av latin adventus Domini (eller Christi), det vil seia ’Herrens (eller Kristi) kome’. Adventus er prefikset ad- ’til’ pluss ei avleiing av verbet venire ’å koma’. Leddet -vent har altså ingenting med venting å gjera! Det er Herrens «tilkome» det handlar om. I eldre biblar heitte det såleis (i Jak 5,8) at «Herrens tilkoma er nær», men no heiter det «Herren kjem snart» EIT ÅR FOR HISTORIEBØKENE Snart er 2020 til endes og det har vore eit år som kjem til å farge historia, om ikkje til evig tid, så iallfall lenge. Og i skrivande stund er det lovnad om at vaksine er klar, om ikkje alt for langt inni det nye året. Og inntil at det vert kontroll over covid-19 viruset så må kvar og ein av oss halde seg til retningslinene som til kvar tid er i endring. Det er framleis usikkert korleis det vert i kyrkjene våre i advent og julehøgtida. Kan vi samlast og evnt. kor mange, dette vil vi annonsere nærare. Kyrkja i Skjåk har sidan mai sendt alle messer på Facebook, desse kan du fylgje, sjølv om du ikkje har eigen profil. Søk opp kyrkja Skjåk, så vil du finne messene. FREDS- OG VETERANDAGEN Det var planlagt ei større markering av Freds- og veterandagen 8.mai, men som så mykje anna vart dette eit mindre arrangement og nemnda ynskte å vidareføre noko av programmet til FN-dagen 24.10. Oktober kom, og reglane for samkome vart ikkje meir «normale», så det som vart mogleg å gjennomføre var i Nordberg kyrkje/kyrkjestugu. Og Øystein Tofte, som er ei 4

Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg | 4-2020

eldsjel i arbeidet for å samle FN-veteranar i Skjåk, hadde med seg Tom Steinsgard, der dei fortalde litt om si eiga teneste i samtale med sokneprest Kåre Gloslie. Ståle Bøje og Kjell Dagsgard var flaggberarar i prosesjon inn i kyrkja, saman med dåpsfylgje. På storskjerm vart det synt fram ein film som omhandla teneste i Libanon. Kristin Dahl og Andreas Brosset bidrog med klassiske musikalske innslag. Stein Grjotheim frå Skjåk historielag hadde laga ei fin utstilling, som det var høve til å sjå under kyrkjekaffen i kyrkjestugu. Det er så viktig at historiane vert fortalde og at vi alle vert minna på at det ikkje er ein sjølvfølge å bu i eit fritt land. Og av dei som har tenestegjort i FN, har nok mange sår som ikkje er så synlege. VEDLIKEHALD Elles så er fyrste del av vedlikehaldet av Skjåk kyrkje ferdig, men som det så ofte er, så kom det til syne eit behov for meir omfattande reperasjon. Håpar på det sterkaste at kommune og andre søkekanalar kan vere med å ta det økonomiske lyftet dette vil krevje. Det er mange utfordringar i kyrkjebygga våre, det må på plass lynvern og nytt sikringsskåp i Nordberg kyrkje. Som mange har registrert så er mange tre vorte fjerna mot rv.15 ved Nordberg kyrkje, grunna sikt. Skjerming mot vegen er noko som er under planlegging. Oppgåvene står i kø, det er berre å brette opp ermene og håpe på velvilje så vi får det til. GÅVER Ei stor glede er det og at prosesjonskorset til Skjåk kyrkje er ferdig.Eit fantastisk flott handverk utforma, skore og måla av Kvåst og Kniv Byg-

Ståle Bøje og Kjell Dagsgard

dekunst ved Kari Aasgaard i Vågå. Skjåk sokn fekk ei gåve på kr.10.000,- i arv frå Anne Håve Holm da ho gjekk bort, og Skjåk kyrkjelege fellesråd vedtok at denne gåva skulle vere starten på prosesjonskors til Skjåk kyrkje. Takk og til nemnda for konfirmantjubilè 2020 som har gjeve overskot på kr. 6.486,- til kyrkjene. Komité ynskjer at dette overskotet skal gå til nye benkputer (lange) i Nordberg og Skjåk kyrkje. SONG I kyrkjene er vi så heldige at det har vorte forsongarar med på messene og dette er med å gje salmesongen eit stort lyft. Stor takk til dykk alle som stiller opp på eit eller anna vis. Mange har siste året vore råka av sorg på eitt eller anna vis, og einskilde ber på ein ventesorg. Noko som kan vere svært krevjande. Varme tankar til dykk alle, og med eit ønskje om at lesarane får ei fredeleg førjulstid og eit godt nytt år! Arnborg Teigum Kyrkjeverge


MI SALME

Foto: Elias Sperstad

Mi SALME Finn Sandum

Stundom tvilar eg på min Gud, eg veit ikkje kvar han er, men innimellom sender han bod og fortel meg: Han veit eg er her. Etter eit langt liv i tru og tvil har eg funne eit halmstrå som svevar midt mellom desse. Dette halmstrået kallar eg håp. Eg har aldri fornekta min Gud, sjølv om tvilen i mørke og tunge stunder har vore sterk. Eg har alltid leita etter rasjonelle svar på dei store spørsmål i livet. Eg har slukt alt dei kloke hovud har prestert når det gjeld å forklare korleis verda har vorte til. Eg har registrert at dei nå kan forklare vår tid attende mot det store smellet, «Big bang», men dei siste millisekund etter smellet kan ingen ennå forklare, «vesle vitet strekk ikkje til.» Da blir spørsmålet: Vil vår fornuft nokon gong greie det? Ikkje veit eg, men eg tvilar. Derfor har eg kome fram til: Den som fornektar sin Gud, nektar å sjå enden på sin eigen forstand. Eg har i mi

grubling hatt eit mål i livet mitt: Å bli eit godt menneske for meg sjølv og andre. Men som han sa bygdakunstnaren og filosofen på Lalm, Edvard Bakkum: «Det er ikkje enkelt å vera menneske. Ein kan prøve det kven som vil». Eg veit at dagen kjem til oss alle der vi får svaret på om alt er slutt eller om det er noko som ventar bortan for der. Ennå er det trua og tvilen som sloss i meg, men når den dagen kjem, trur eg at håpet blir så sterkt at det kanskje kan kallast tru. Eg har i alle fall trua på at det fins ljos på vår veg i livet som kan vise oss vegen vi skal gå og håpet er at desse og kan følgje oss gjennom døden fram til ein gryande morgon. Derfor er mi salme: «Lei milde ljos»

Lei milde ljos Tekst: John Henry Newman, 1833 Lei, milde ljos, igjennom skoddeeim, lei du meg fram! Eg går i mørke natt langt frå min heim, lei du meg fram! Før du min fot; eg treng ei sjå min veg så langt og vidt – eitt steg er nok åt meg.

Du veit det vel, eg bad ei alltid så: Lei du meg fram! Eg ville velja sjølv min veg, men no lei du meg fram! Eg ville leva fritt, var stolt og strid og stor i mod – å, gløym den dårskaps tid!

Di makt hev signa meg, då veit eg visst: Du leier enn i myr og fjell og hei, og så til sist ein morgon renn, då til meg smiler engleåsyn blid, som eg hev elska før, men mist ei tid.

4-2020 | Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg

5


Kveldsstunder For våren 2021 har vi planlagt å få til kveldsstunder på friviljugsentralen. Vi har i lang tid arbeidet med ei strategisk utvikling for kyrkja vår, og i det arbeidet har vi drøfta om vi kan få til nokre samlingar sentralt i Bismo. Kveldane opnar opp for å skape stunder med ulike gjeremål og tema. Songstundar har vore etterspurd, det er mogleg å ha foredrag som innleiing til ein samtale, og det er mogleg å få noko å bite ti. Vi tenker og at det skal være nokre gudsord. Vi er ikkje kyrkje utan!

Julehelsing frå Pleie- og omsorgstenesta Vi nærmar oss slutten av året, og vi i Pleie- og omsorgstenesta vil få takke for alle små og store bidrag som vi har motteke, samt alle trivelege besøk i løpet av året. Vi takkar for forståing av dei smitteverntiltaka vi har hatt grunna covid-19. Vi håpar alle får ei god og fredeleg jul, og vi vil ynskje alle eit godt nytt år med fyrste verset frå Det lyser i stille grender av Jakop Sande Det lyser i stille grender av tindrande ljos i kveld, og tusene barnehender mot himmelen ljosa held. Gudrun Teigen Tenesteleiar Heimetenesta Ingvild Mork Tenesteleiar Skjåkheimen

Så langt har vi tenkt ein kveld i månaden. Om Covid-19 gjer det vanskeleg å få til noko på friviljugsentralen, så flytter vi samlinga til ei av kyrkjene våre, slik at vi kan få til noko. Dette må vi ta som det kjem no om dagen. Fyrste kvelden vert onsdag den 20. januar.

Digital kyrkje I Hamar bispedømme er det nå eit prosjekt som heiter «Synleg på nett i Hamar bispedømme». Det er tilsett ein prosjektleiar, Bente Elin Lilleøkseth, og 22. oktober var kyrkjeleg tilsette frå Ottadalen samla i Lom for å få ein introduksjon av prosjektet. Kort fortalt ynskjer bispedømmet at kyrkja skal vera til stades på digitale formidlingskanalar, informere om kyrkja sine aktivitetar og vera tilgjengelege for folk på nett. Her i Skjåk har korona-pandemien gjort at vi har fått auka fokus på nettopp dette. Det er nå heilt vanleg at messene i

6

Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg | 4-2020

kyrkjene våre vert overførte digitalt via facebooksida til kyrkja i Skjåk. Det kanskje mange ikkje er klar over, er at denne sida er «open» – alle kan inn og sjå på nettet. Vi legg ut relevant informasjon både på heimesida vår, www.skjaak.kyrkja.no og på facebooksida vår. Det er mykje ein kan gjera med digitale løysingar, og vi kjenner at vi førebels er i startgropa med dette arbeidet. Vi er takksame for innspel til dette arbeidet, og er det nokon som kunne tenkje seg å vera med t.d å gjera opptak av aktivitetar set vi stor pris på det!


Med jul i sikte.. Rett før helga kom det inn ein spennande e-post. Den var frå Mr. Richard som hadde vunne mange millionar dollar!! Som eit teikn frå Gud ville han dele desse pengane med meg. Det var berre å trykke på ein link så skulle det ordne seg. Du verda, for ein julehandel det kunne vorte da…Men eg trykte ikkje på den linken. Eg er litt skeptisk av meg. Eg kan liksom ikkje få meg til å tru at Gud har gått i samarbeid med mammon. Eg pussar nokre glas i staden eg, iallefall der eg skal ha adventsljosa. Om huset er så nyvaska til jul er eg ikkje så nøye på lenger heller. Ein kjem langt med å vaske rundt litt og dra filla over golvet. Så legg vi på dukar og set ut julepynt og nisser. Det er så triveleg! Kvart år, det er god tradisjon. Ein tradisjon vi har i vår familie er mandel i riskremen julekvelden. Vi har ofte to mandlar og. Den som finn desse får kvar si spennande gave som ligg oppe på kjøleskapet. Av ein eller annan merkeleg grunn er det nesten alltid bestefar og yngste barnebarn som finn desse mandlane og får pakkene. Ikkje alle er like glad i riskrem, så av og til blir det laga ein gild porsjon med sjokolademousse og. Men der er det ikkje mandel. Eit år gjorde eg ein vri, slik at alle skulle få sjansa til å finne denne mandelen. Dette året var det berre ei gave. Eg teipa ordet «mandel» under ei av dessertskålene. Etter at minstemann hadde ete tre store porsjonar med riskrem utan å finne mandelen, sa eg at alle kunne snu skålene. Minsten som hadde ete seg låk, fekk pakka dette året og. Det var eit eingongstilfelle, for nå ser alle under skåla før desserten. Eg vil ynskje alle saman ei fin førjulstid og ei gledeleg jul. Kos dykk! Med helsing Mona Haugen Grimstad Leiar i Skjåk kyrkjeleg fellesråd

4-2020 | Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg

7


Foto: Kari Ørjasæter

Foto:Kari Ørjasæter

Konfirmantar 2021

2021 konfirmantar har hatt sitt fyrste møte i Skjåk kyrkje. Vi gler oss til å bli godt kjent med dei fram til konfirmasjonane i september.

Gravferdshjelpa Lom og Skjåk Båretransport • Kiste • Stell/Visning Annonse • Salmeark • Blomar anne.sperstad@online.no // tlf 957 23 671

AKANTUS BLOMSTER

BYGGER´N SKJÅK, 2690 SKJÅK • Tlf. 61 21 38 80

Skjåk Kjøpesenter • Tlf 612 14055

Skjåk Turistheim Skeid Kro epost: sissel@skeidkro.no

www.ottadalen.norgesfor.no avd. Lom 61 21 18 20 // avd. Vågå 61 23 70 72

YX Skjåk 2690 Skjåk • tlf 61 21 41 53

8

Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg | 4-2020

tlf 61 21 90 00 // bankpost@sb1ls.no

2690 Skjåk tlf 61 21 36 00 post@interfil.no www.interfil.no

POLLFOSS HOTELL OG GJESTEHUS En perle mellom øst og vest

pb. 6, 2693 Nordberg, tlf: 61 21 47 00 polfoss @online.no • www.pollfoss.com


TRUSOPPLÆRAREN

Endre Skjåk

Trusopplæraren – Meir enn nokon gong før er det viktig å lage trygge og gode samlingspunkt. Ikkje

Foto:Elias Sperstad

minst for barn og ungdom.

4-2020 | Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg

9


Bismo Bilverksted AS 2690 Skjåk Tlf: 61 21 44 00/ 922 13 597

Radon i huset ditt? Vi tar målinger. Vi gjør tiltak for å fjerne radon. tlf 90 68 81 13

2690 Skjåk • tlf 61 21 38 90 • www.skjak-trelast.no

2690 Skjåk tlf 61 21 38 00 www.sken.no firmapost@sken.no

Velkomen til triveleg handel!

Skjåk Kjøpesenter

SKJÅK BIL AS Din verkstad i Skjåk Tlf: 61 21 36 70

2693 Nordberg - Telefon 90 17 79 30

www.skjak-almenning.no 2690 Skjåk • tlf: 61 21 39 00

Nergård Steinindustri A/S Tlf: 71 29 98 88 // ta kontakt med kyrkjetenarane Alt i gravstein, innhogging, oppussing og oppsetting.

tlf 61 21 37 00 // post@melbytransport.no

tlf 97 03 05 96

Skeimo Tlf: 61 21 40 65

10

Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg | 4-2020

For Endre Skjåk er dette spesielt viktig som trusopplærar i Lom og Skjåk. Han er tilsett i 50 prosent stilling i prøveprosjektet med felles trusopplærar i dei to kommunane. Endre understrekar at han er i ei fase der han føler seg fram for kva for oppgåver som skal liggje fremst i prosjektet. Han er rimeleg fersk i stillinga der presten er ein viktig medspelar. – Det er liksom litt skummelt med det også. Ein skal vera forsiktig så ein ikkje trår feil. Nestekjærleik og omtanke er sentralt – det må liggje til grunn. Endre Skjåk trivst med oppgåva som trusopplærar. Han trekkjer spesielt fram tida han får dele med konfirmantane. – Det artigaste eg har teke del i så langt, er konfirmantbryllaupet

i Skjåk. Dessverre er det ein del planlagte ting som har vorte avlyst på grunn av koronapandemien. Det er utfordrande å finne aktivitetar for alle aldersgrupper. Det er viktig å spela på lag, også med den kyrkjelege staben i Lom og Skjåk. Inntrykket mitt er at det er eit godt miljø. Etter vidaregåande skule i Lom hadde Endre Skjåk siviltenest på Skjåkheimen. Ei grei erfaring å ta med seg, uttrykkjer han. Så gjekk reisa vidare til Trondheim for studie fyrst og fremst retta mot drama og teater, og medievitenskap. Det var ei dragning i den retning, seier han. Vi kjenner Endre Skjåk best som ein artist og tekstforfattar. Og som ein skodespelar med glimt i auget


TRUSOPPLÆRAREN

vore fleire kyrkjer, truleg heilt sia før svartedauden. – Eg vaks opp med å sjå nedpå der folk møtest i sorg og glede. Slikt gjer inntrykk. Det er viktig at kyrkja er ein samlingsplass og tilgjengeleg for alle. Eg er glad for at vi har ei open folkekyrkje. Det er ei spesiell atmosfære i kyrkja. Kyrkjerommet er ein fin plass å vera i, både i sorg og glede. Det hadde vore ynskjeleg at terskelen for å gå i kyrkja hadde vore lågare for folk flest.

Foto:Elias Sperstad

og den gode replikken. Han har hatt ansvar for – og delteke i mange spel. Gjennom dette har fått god erfaring med å arbeide saman med vaksne og unge. Han tykkjer det er spesielt gjevande å arbeide med og for barn og ungdom. Endre Skjåk har ei lange merittliste der han har vore sentral for forskjellige oppsettingar. Eit godt eksempel er framsyningane han har hatt på Nordalslåven i Lom saman med kompisane i Lomsk. Familieførestillinga «Nissane på låven» fekk både barn, unge og vaksne til å opne latterdøra. Eit anna eksempel er dei mange russerevyane Endre har hatt hovudansvaret for. Med han som regissør har russerevyen ved den vidaregåande skulen i Lom heva seg mange hakk. Endre erfarer

at ungdomane veks på arbeidet og framføringa av revyar. –Tja, kanskje er dette det eg er mest tilfreds med så langt – det er veldig gjevande å vera med på russerevyane. Det ska vera noko dei skal kunne sjå attende på med glede. Endre legg til at også han må jobbe med seg sjølv når han skal stå på scena. Han er var på at ein må trø varsamt for ikkje å såre nokon. Vi kan blant dei mange oppsettingane han har hatt ansvar trekkje fram «Diktarplager» med fokus på lokale diktarar, som var ein stor suksess både som framsyning og CD-utgjeving. I oppveksten var Endre Skjåk nærmaste granne til Skjåk kyrkje. Han vaks opp på historisk grunn. Endre fortel at det på garden Skjåk har

Endre Skjåk er oppteken av historie. Det har han støtt vore. Han har ei dragning mot gamle bygningar og interiør. Gamle framskåp brenn han spesielt for. Forresten ikkje så rart når han har hatt kyrkja frå 1752 som nærmaste granne, og den historiske plassen som var heimen i barne- og ungdomsåra. Det er naturleg å nemne den kjente treskjeraren Skjåk-Ola i den samanhengen. Han budde dei siste leveåra sine på garden Skjåk. – Eg har ikkje sjølv fått så mykje av dette handverket i hendene. Men interessa har eg jo så absolutt. Dessverre er dette eit handverk som blir borte. Det er synd at lokal tradisjon som dette ikkje kan bli ført vidare i like stor grad. Endre sin interesse for gamle bygningar og ting førte han til kulturskatten Kvaale Gard i Lom. Der han i leigd hus har drive med turisme i 12 år. Nå han han og sambuaren vorte eigar av eit tidlegare bedehus i Lia. –Det er godt å kunne ha noko heilt privat i tillegg. Vi har ein jobb å gjera der. Det skal gjerast ein del der. Da er det godt å vera to om det, seier Endre Skjåk. Endre Skjåk i samtale med Elias Sperstad. 4-2020 | Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg

11


ÅRET SOM HAR GÅTT

Friviljugsentralen Nå er vi snart ferdige med året 2020. Året der mennesker over hele verden plutselig fikk kjenne på sårbarheten og ensomheten som brått tok seg til rette i våre hverdager. På friviljugsentralen har vi måtte stenge dørene i to omganger. Nå håper vi inderlig at det ikke blir en tredje gang, men det er kommer helt an på om du og jeg og alle andre overholder anbefalingene og ferdes forsiktig.

brukerbetalinger. Dette er nok til å holde oss i gang med aktivitetene våre, men ikke til oppussing og vedlikehold. Det er derfor på sin plass med en stor takk til Skjåk kommune, Skåk Handikaplag og Skjåk Helselag (Norske kvinners sanitetsforening) som alle tre bidro med 100.000,hver til oppussingen. I tillegg til andre midler har vi nå kommet tilnærmet helt i mål.

De sier det er i dårlige tider man investerer. På sentralen har vi i løpet av 2020 pusset opp lokalet vårt. Her har det vært en fin blanding mellom fagpersoner og friville som har gjort en utrolig innsats. Sentralen sitt lokalet er nå tilrettelagt og mer brukervennlig enn noen gang. Nå kan det i tillegg til våre faste aktiviteter holdes foredrag, kurs, bursdager, konfirmasjoner og mye mer her. Vi har et helt nytt kjøkken og det er gjort endring på tak, gulv og vegger. Vi har byttet eller pusset opp mye av møblene våre og vi har skaffet mange nye stoler. Som frivilligsentral er vi avhengig av overføringer og

Så vil jeg komme med en liten oppfordring til dere der ute. Det er mange som sitter hjemme og som har fått redusert sitt sosiale liv betydelig. Dette svekker den psykiske og fysiske helsen og er ikke noe vi skal ta lett på! Frivilligsentralen har vært heldig å få midler til å motvirke ensomhet blant eldre. I forbindelse med dette trenger vi din hjelp. Om du er frivillig nå, har vært, eller vil bli, ber vi deg ta kontakt med sentralen. Noen av tiltakene vi skal gjennomføre er alt bestemt, men vi har også en del midler vi kan bruke fritt. Det er mange muligheter for hva vi kan gjøre, alt fra å arrangere grillturer,

12

Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg | 4-2020

kinoturer, sangstunder, måltidsgrupper osv. Fellesnevneren er at det skal være trygt for de frivillige og deltakerne. Vi er takknemlige for alle innspill til aktiviteter. Uavhengig om du ønsker å være deltaker, frivillig eller bare har en god ide. Skjåkheimen har en ny bil som vi kan låne mot kostpris og vi trenger også sjåfører til denne. Bilen har automatgir og er lett å kjøre. Målet er å tilby henting og hjemkjøring til de som ønsker å delta på aktivitetene våre. Sist vil vi informere om at vi satser på en trygg feiring av jul i regi sentralen i år også. Ta kontakt med sentralen om dette kan være noe for deg. Enten som frivillig eller som deltaker. Vi henter og kjører deg hjem etter en hyggelig stund sammen. Med dette ønsker jeg dere alle en riktig så fin jul og et godt, koronafritt, nytt år. Jo-André Sperstad Fjeld Daglig leder, Skjåk Friviljugsentral


Blomefonda i Nordberg og Skjåk

BARNEDÅP

Kontonr. Nordberg Blomefond 2085.64.37400 eller Vipps 141543 Kontonr. Skjåk Blomefond 2085.64.32409 eller Vipps 141547 Eller velkomen innom kyrkjekontoret for kontant betaling. Du MÅ ringe eller kome innom kontoret for å kome på lista!

Foto:Mona Grimstad

Tlf. nr. eller SMS: 909 56 437 / 948 62 267 / 906 77 563 eller e-post til: arnborg.teigum@skjaak.kommune.no

Foto:Mona Grimstad

Det er alltid lagt ut liste til Blomefond ved alle gravferder.

Siri Langleite Brenna døypt i Skjåk kyrkje 27. sept. Her saman med stolte foreldre og prest Hege Fagermoen.

Oskar Leirmo Heggebotten døypt i Nordberg kyrkje 24. oktober. Her saman med stolte foreldre og soknepresten.

Foto:Elias Sperstad

Frå vogge til grav NORDBERG SOKN Døypte 25.10.2020 Oskar Leirmo Heggebotten

Edvald Brennhaug Sperstad døypt i Skjåk kyrkje 18. oktober. Her saman med stolte foreldre, storebror, fadrar og soknepresten.

Døde Anna Ingeborg Forberg f. 14.04.1928 – d. 27.10.2020

SKJÅK SOKN

Foto: Hans Erik Kjosbakken

Døypte 27.09.2020 Siri Langleite Brenna

18.10.2020 Edvald Brennhaug Sperstad 22.11.2020 Emil Kongsvik Kjosbakken

Emil Kongsvik Kjosbakken døypt i Skjåk kyrkje 22. november. Her saman med stolte foreldre, fadrar og vikarprest Trygve Magelssen. 4-2020 | Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg

13


Juleforebuing i Donfoss Naturbarnehage

Mjukbrød og hardbrød til fisk og sylte, og mørelefse til julegløgge n.

Maling av poteter til brødbakst.

Snøengel.

Produksjon av fuglemat, som julegåve til folk og fugl.

Ly kt

er

gåve. jule l i t

Julekort skal bli!

14

Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg | 4-2020

Vi røyker fisk på bål.


JULEQUIZ 1. 2. 3. 4. 5.

Er det alltid fullmåne i løpet av jula? Kvar kan vi finne Bøvra i Skjåk? Når er det vanleg å feire julekveld i Russland? Kven har skrive barneboka Snøsøsteren? Tylft er eit gamalt uttrykk. Kor mange er det, kor var det vanleg å bruk dette målet? 6. Kva er det vanlegaste bartreet i Skjåk, og kva for tre namn hadde Askeladden på dette treet? 7. Julefuglen framfor nokon er dompapen. Kva er bakgrunn for namnet? 8. Jula kan by på både klokkeklang og vedfyring. Kva har bøkene «Hel ved» og «Søsterklokkene» felles? 9. I Skjåk har vi både nasjonalparkar og naturreservat. Kva representera det sterkaste vernet? 10. Fyrst i oktober opplevde vi ein spesiell «dis» i lufta. Kva var dette i fylje meteorologane? 11. Kva for religion var Jesus fødd inn i? 12. «Silent Night» heiter songen på engelsk, kva heiter den på norsk? 13. Kva dato er den tidlegast vi kan få 1. sundag i advent? 14. Kva for julesong har lina: «…, og tusende barnehender…»? 15. Kva er det nissen på låven viftar med, og kven skreiv om det? 16. 21. desember var før ein heilagdag, Tomasmesse. Kva anna er spesielt med denne dagen?

1. Nei da, 2. Bøvra i Skjåk har sitt utspring i Bøverhaugane og renn ned lia vest for Blikka og Bakke, 3. I den Russiskortodokse kyrkja er det vanleg å feire julekvelden på Heilage tre kongars dag 6. januar, 4. Maja Lunde, illustrert av Lisa Aisato, 5. Det er tolv, bruk i skogbruket om tømmerstokkar, 6. Furu, toll og tyri, 7. Namnet kjem av at hannen si fjørdrakt kan minne om fargane på klesdrakta til tyske domherrar, «dompfaff», brukte i middelalderen, 8. Forfattaren er Lars Mytting, 9. Naturreservat, 10. Svevestøv frå det austeuropeiske landbruket, 11. Jødisk, 12. Glade jul, 13. 27. november, 14. Det lyser i stille grender, Jakob Sande, 15. «Sin store skje», Margrethe Munthe, 16. 21. desember (enkelte gonger 22. des.) er vintersolverv. tlf 97 70 08 14 • www.turistforeningen.no/sotaseter sotaseter@turistforeningen.no

 

tlf 61 28 45 45

4-2020 | Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg

15


HAMAR BISPEDØME

Saman syng vi om fred på jorda

Foto: Mårten Teigen-kulturhistorisk museum

Har du nokon gong sett lyset frå eit nyfødd lite menneskebarn? Sett lyset i augene og spedbarnets jamne hjarteslag? Har du kjent korleis ditt eige hjarte bankar av kjærleik og korleis det vesle barnet rører ved deg berre ved at det er til? Du har kanskje også opplevd korleis møtet med den vesle gir retning, for ein håpsveg inn mot framtida. Det siste året har vore, og er prega av Covid-19. Mange har kjent på uro, ja også redsle og angst for dagen i dag, og for morgondagen. Alle lurer vi på korleis framtida vil bli.

Kvardagen med covid-19 viser oss kor samansett livet er. Vi har fått ei djup erfaring og må sanna at vår felles ståstad er at livet er sårbart. Eg tenkte på dette då det var kyrkjejubileum i Tingelstad gamle kyrkje, St. Petri no i sommar. Der er det ein kopi av det gamle altarfrontalet, med Himmeldronninga. Maria med krone og barnet i hendene. Barnet stryk si mor varsamt på kinnet og seier på denne måten at Gud kom med nåde og kjærleik. Frå Maria på altarfrontalet i St. Petri, dirrer sangen om tru, mot 16

Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg | 4-2020

St. Petri Alterfrontalen rekonstruert.

og klårleik på Guds vilje om rett og rettferd. Når alle har same Skapar og opphav så har vi også eit medansvar for kvarandre, i det nære men også ute i verda. Å følgje etter det lille barnet som vi feirer i jula, er å våge å gå inn i nye og ukjende landskap, ut fra evangeliets grensesprengande kraft til å åpne livets kjelder og framtidshåp for alle menneske. Gud kjem til jorda vår som eit lite barn, og kanskje er det nettopp fordi Gud veit kva det er å være liten, at Gud også veit kva oppgjer med øydeleggande krefter er. Saman med menneske over heile jorda, høyrer vi, og lever vi, i juletonen som har ein klangbotn av eksistensiell einsemd. Lindringa kjem

som glimt av å høyre til i noko som er stort, større enn oss sjølve. Vi anar, kjenner att og trur på Jesusbarnets livgjevande og trøystefulle nærvær midt mellom oss. Kristi kjærleiks lys held oss fast, i sanning og håp for livet her og i alle æve. Saman med folk over heile verda syng vi difor om fred på jorda, om barnet som er fødd og lyset frå håpet som er gjeve oss. Velsigna julehøgtid til dykk alle!

Foto: Hallvard Bjørkås

Det har vore vanskeleg å halde avstand. Særleg krevjande har det vore for dei som har vore på sjukehus og ulike helseinstitusjonar, og deira nærståande. Det å ikkje kunne gå på besøk eller ta imot besøk gir ei kjensle av einsemd og sorg.

Solveig Fiske Hamar biskop

Profile for hausbyra

Kyrkjebladet for Skjåk og Nordberg #4 2020  

Kyrkjebladet for Skjåk og Nordberg #4 2020  

Profile for hausbyra
Advertisement