a product message image
{' '} {' '}
Limited time offer
SAVE % on your upgrade

Page 1

Runar Ragnarson Brataas

Gryntes forteljarbok er ei handbok som skal hjelpe deg til å fremje elevane sine munnlege ferdigheiter. Boka er i hovudsak meint for småskulesteget.

forteljarbok

g

– ein del av Magi-universet

Gryntes in

Gryntes forteljarbok

ur d

er

Gryntes forteljarbok inneheld morosame og varierte aktivitetar som utfordrar elevane til å kunne samtale, leike, argumentere, presentere, leve seg inn i og dramatisere i trygge rammer. Elevane får påverke og skape sine eigne læringsprosessar, med læraren som regissør.

fo

rv

Gryntes forteljarbok består av ferdige leksjonar med kopiark og aktivitetskort. Opplegga er enkle å ta i bruk, og ein kan tilpasse dei til ulike grupper og alderssteg. Kvar leksjon har ei rettleiing til læraren.

gan.aschehoug.no forlag@gan.aschehoug.no

9 788249 220489

Gryntes forteljarbok Nynorsk ISBN 978-82-492-2048-9

Ein del av

Magi-universet

GAN Aschehoug

U

td

ra

g

Gryntes forteljarbok og Magi-universet følgjer Fagfornyinga og den nye læreplanen i norsk for småskulesteget.


Til læ raren sjølv vil bruke i den enkelte aktiviteten, og du får fleire forslag til korleis ein enkel vri kan utvide eller endre vanskegrada til aktiviteten. Fleire av aktivitetane kan med fordel også gjerast fleire gonger med ulike kopiark eller kopikort. Kanskje kan du lage nye oppgåvesett aleine eller saman med elevane dine?

Elevane sine språklege og munnlege ferdigheiter er ulikt utvikla. Det å kunne leike, dramatisere og leve seg inn i ei rolle, krev ofte mykje trening for at elevane skal kunne oppnå ein kompetanse som gjer dei trygge, både i seg sjølve og i gruppa.

Kvart oppslag byrjar med informasjon til læraren. Her finn du ei tydeleg lærarrettleiing som tek for seg korleis du kan leggje opp aktiviteten. Oppgåva «Oppdag saman» gåast gjennom saman med elevane og dannar alltid oppstarten og grunnlaget for aktiviteten i elevgruppa. Sidene som høyrer til, består av kopi- eller lamineringsoriginalar eller andre ressursar du treng for å gjennomføre aktiviteten.

in

er

ur d

Då eg byrja å bruke kosegrisen Grynte i undervisninga, var det med eit mål om at Grynte skulle fortelje si historie til elevane, og samtidig hjelpe dei til å fortelje si historie tilbake.

g

Det å kunne ta ordet er ei av de største forventningane me som lærarar har til elevane i fyrste klasse. Etter kvart ynskjer me at dei skal kunne føre samtalar om det daglegdagse, og fortelje om opplevingane sine og seg sjølve. Samtidig ynskjer me at dei skal argumentere for kva dei meiner og kvifor dei meiner det.

td

ra

g

fo rv

Erfaringane mine med å bruke Grynte i munnlege aktivitetar har resultert i denne boka, Gryntes forteljarbok. Du kan plukke ut og bruke aktivitetane du sjølv ynskjer, eller arbeide meir spesifikt eller målretta med dei ulike ferdigheitene. Målet mitt er at du enkelt skal kunne hjelpe elevane med å påverke og skape sine eigne læringsprosessar, samtidig som dei får utfalde seg sjølve og trene opp ferdigheiter og kompetanse, med deg som regissør. Det viktigaste er at dei gjennom aktivitetane har det kjekt og føler seg trygge utan å møte krav til at dei skal prestere.

For å arbeide med Gryntes forteljarbok treng du få konkretar og lite utstyr. Det kan likevel vere ein fordel å lage sin eigen forteljarkoffert eller boks med ulike små og store leiker og gjenstandar som de kan bruke i arbeidet. Her kan også klassen sin eigen klassebamse eller kosegris bu og ha ei naturleg rolle i arbeidet med aktivitetane – som samtalepartnar og motivator – samt for å ufarleggjere og modellere ulike aktivitetar saman med læraren.

U

Aktivitetane i boka byggjer på Fagfornyelsen sin læreplan i norsk og arbeidet med grunnleggande ferdigheiter etter 4. trinn: • Å bli kjent med og ta i bruk språket • Å kunne leike, førestille seg og leve seg inn i • Å kunne ta ordet og argumentere Sjølv om mange av ferdigheitene som trenast i denne boka grip inn i kvarandre, trenast det primært på dei tre ferdigheitene som er nemnde ovanfor. Du kan kombinere og trekkje ut det du

2

Grynte og eg ynskjer dykk lykke til! Helsing Runar


ur d

er

in

Å bli kjent med og ta i bruk språket 1 Fyrste og siste lyd............................................4 2 Å rime .................................................................7 3 Same bokstav..................................................10 4 Legge til og trekkje frå..................................14 5 Dei forsvunne vokalane................................ 16 6 Ord i ord...........................................................18 7 Forklar ordet....................................................19 8 Kva blir det neste? ....................................... 22 9 Kva kan du få auge på?................................ 24 10 Fullfør setninga............................................ 26 11 Kven er me?.................................................. 28 12 Nemnaren...................................................... 30

g

Innhald

ra

g

fo rv

Å kunne leike, førestille seg og leve seg inn i 13 Å lese i rolle.................................................. 34 14 Frys!................................................................ 38 15 Å vere i rolle.................................................. 40 16 Intervjuet....................................................... 43 17 Bertine befaler............................................. 44 18 Pinneteater.................................................... 46 19 Leseteater...................................................... 52

U

td

Å kunne ta ordet og argumentere 20 Kven skal ut?................................................ 57 21 Kven skal inn?.............................................. 60 22 Karstens kortleik.......................................... 63 23 Snakkeboksen.............................................. 66 24 Forteljarkofferten......................................... 70

3


Fyrste og siste lyd

Vri Kopier, laminer og klipp ut eit eller to ekstra sett med biletkort. Skriv den fyrste eller siste lyden på baksida av korta ut frå kva ferdigheit du ynskjer å trene. Be elevane trekkje eit kort kvar. Etter det spreier dei seg rundt i klasserommet og ventar til du seier start. Så går dei rundt og spør kvarandre kva som er den fyrste eller siste lyden i ordet. Når den som blir spurt, svarar, snur du kortet for å sjekke om svaret er rett. Etter det byter dei kort og går vidare til ein annan elev.

ur d

Oppdag saman «K, Å, P», seier snigelen Snella og peikar på kåpa til tryllekunstnaren Ivo. «Er du sikker på det?» spør Ivo. Snella tenkjer seg om. «Eg gløymde E-en!»

er

Førebu Kopier, laminer og klipp opp biletkorta til oppslaget. Legg gjerne korta i ein liten boks du kan trekkje frå. Bruk ei dokumentmappe eller eit klips for å halde korta samla før og etter bruk. Tenk gjennom kva ord gruppa eller klassen er klar for.

Set elevane i par. Forklar dei kven som sit til venstre eller til høgre i paret. Modeller gjerne på tavla ved å skrive V og H. Forklar vidare at når du held opp eit biletkort framfor elevane, skal den som sit til venstre kviskre den fyrste lyden i ordet til den som sit til høgre. Den som sit til høgre skal kviskre den siste lyden i ordet til den som sit til venstre. Så skal dei rekkje opp ei stille hand. Når alle er klare, seier du at når du tel til tre, vil du høyre den fyrste lyden. Så gjer du det same for å høyre den siste lyden.

g

Ferdigheiter Å bli kjent med og ta i bruk språket

in

1

fo rv

Sjå deg rundt i rommet. Kan du sjå noko som byrjar med eller endar på den fyrste bokstaven i namnet ditt? Kan du kome på noko som byrjar med eller endar på den siste bokstaven i navnet ditt?

U

td

ra

g

Modellere og gjennomføre Ta utgangspunkt i «Oppdag saman». Skriv namnet ditt eller namnet til éin eller fleire av elevane på tavla. Spør elevane kva den fyrste bokstaven i kvart namn heiter. Korleis formar me bokstaven i munnen, og korleis høyrest den ut? Ver merksam på å bruke bokstavlyd og ikkje bokstavnamn. Spør om elevane kan kome på noko som byrjar med den fyrste bokstaven i namnet de arbeider med. Bruk tavla som eit tankekart for eit eller fleire namn. Konsentrer deg om den fyrste bokstaven i kvart namn fyrst, eller arbeid med både fyrste og siste lyd i namna samtidig ut frå elevane eller gruppa si kompetanse.

4

Evaluere og dokumentere Kva lydar gjekk att som fyrste eller siste lyd? Er nokre lydar meir utfordrande å høyre enn andre? Kva er mest vanskeleg å høyre, fyrste eller siste lyd? Kan det vere lettare å høyre lydane når ein seier ordet i normalt tempo, framfor i raskt? Bruk korta som ein utgangsbillett på veg ut av klasserommet for å sjekke elevane sin kompetanse i fyrste og siste lyd. Elevar som er klar for det, kan lydere heile ordet for læraren.


GAN Aschehoug

Magi

GAN Aschehoug

Magi

Magi

GAN Aschehoug

Magi

GAN Aschehoug

Magi

Magi

GAN Aschehoug

Magi

GAN Aschehoug

Magi

GAN Aschehoug

er

in

g

Magi

Magi

GAN Aschehoug

fo rv

ur d

GAN Aschehoug

Magi

GAN Aschehoug

Magi

GAN Aschehoug

U

td

ra

g

GAN Aschehoug

Magi

GAN Aschehoug

Magi

GAN Aschehoug

Magi

GAN Aschehoug

Magi

GAN Aschehoug

Magi

GAN Aschehoug

Magi

GAN Aschehoug

Magi

GAN Aschehoug

Magi

GAN Aschehoug

Kopiark – Gryntes fortellerbok forteljarbok • GAN Aschehoug / H. Aschehoug & Co (W. Nygaard) 2019

5


Same bokstav

Ferdigheiter Å bli kjent med og ta i bruk språket

eit ord som byrjar med same bokstav som det ordet den fyrste trakk, for så å få trekkje sjølv og fortsetje som før. Etter ein runde kan de gå over til å ta utgangspunkt i siste bokstav i ordet. Vri Denne leiken kan leikast på ulike måtar. Du kan ta også ta utgangspunkt i både fyrste, midtarste og siste lyd dersom du brukar det tredje oppgåvesettet med ord med tre bokstavar. Vidare kan du ta utgangspunkt i den fyrste, midtarste eller siste lyden, men gå vidare til den neste bokstaven i alfabetet og finne rimord til den. Det betyr at dersom bokstaven du skulle ta utgangspunkt i, var A, må du ta utgangspunkt i B. Spør elevane om dei vil vere med på å lage nye reglar. Elevane kan også skrive orda dei kjem fram til, i skriveboka eller på nettbrettet.

in

g

Førebu Kopier, laminer og klipp opp ordkorta til oppslaget. Legg gjerne korta i ein liten boks du kan trekkje frå. Bruk ei dokumentmappe eller eit klips for å halde korta samla før og etter bruk. I denne aktiviteten kan det vere ein fordel at kvart par har sitt eige sett med kort.

g

fo rv

ur d

Oppdag saman Røyrleggjarane Riv og Rot har ein morosam konkurranse når dei skiftar røyr eller stoppar lekkasjar. Leiken går ut på at den eine seier eit ord og den andre svarar med eit ord som byrjar med same bokstav. Så byter dei. Iblant endrar Riv og Rot på reglane for å gjere konkurransen vanskelegare. Førre veke sto Rot veldig fast då Riv sa potte. Han visste ikkje kva anna ord han skulle seie som byrjar med same bokstav.

er

3

ra

• Har du forslag til kva Rot kunne ha svara?

U

td

Modellere og gjennomføre Skriv eit ord på tavla. Ta utgangspunkt i «Oppdag saman». Finn eit nytt ord og spør kva andre ord ein kan fortsetje med som byrjar med eller endar på same bokstav som ordet på tavla. Den fyrste gongen skal de leike leiken på same måte som Riv og Rot, men etter kvart skal elevane få fleire utfordringar. Gjennomfør leiken samla eller lat kvart par eller gruppe få utdelt eit sett med ordkort. Elevane eller du trekkjer etter tur. Her er det om å gjere å seie

10

Evaluere og dokumentere Er nokre bokstavar lettare å arbeide vidare med enn andre? Er det lettare med vokalar eller konsonantar? Bruk denne øvinga som ein utgangsbillett eller leik når du har fem minutt til overs. Aktiviteten eignar seg også godt til arbeid med nettbrett, kor ein filmar samtalen mellom elevane og dokumenterer kompetansen deira i aktiviteten og kor raskt dei klarar å kome på nye ord.


Magi

mann

GAN Aschehoug

sko

Magi

GAN Aschehoug

brev

GAN Aschehoug

fugl

Magi

GAN Aschehoug

Magi

Magi

radio

GAN Aschehoug

Magi

side

Magi

GAN Aschehoug

GAN Aschehoug

GAN Aschehoug

hund

Magi

GAN Aschehoug

ra

g

Magi

GAN Aschehoug

fo rv

Magi

Magi

er

hår

GAN Aschehoug

hus

g

GAN Aschehoug

hest

ur d

Magi

lærar

in

bilete

hand

U

td

jente

Magi

GAN Aschehoug

Magi

kropp

Magi

GAN Aschehoug

GAN Aschehoug

frø

Magi

tog

Magi

GAN Aschehoug

GAN Aschehoug

vindauge

Magi

avis

Magi

GAN Aschehoug

GAN Aschehoug

mamma

Magi

Kopiark – Gryntes forteljarbok • GAN Aschehoug / H. Aschehoug & Co (W. Nygaard) 2019

GAN Aschehoug

11

Profile for GAN Aschehoug

Gryntes forteljarbok, nynorsk, utdrag  

Muntlige ferdigheter på småskoletrinnet. En del av Magi-universet.

Gryntes forteljarbok, nynorsk, utdrag  

Muntlige ferdigheter på småskoletrinnet. En del av Magi-universet.