Skip to main content

Forum For Grøn Energi - Fornybar-rapport 2019

Page 32

8. FRÅ INNSIKT TIL HANDLING Vi har no sett på ulike måtar å innovere på og skissert nokre døme på kva ein kan ta tak i, basert på tilbakemeldingane frå interessentane vi har snakka med. Neste fase vil vere å gjere tankar om til handling. For å lukkast med nyskapingar krev dette ofte streng disiplin og gode prosessar som sikrar at ein gjer kvalifiserte og godt forankra val i tråd med marknaden sine behov. Mange av moglegheitene som vert skisserte her i dokumentet kan gjennomførast internt i ulike bedrifter, medan andre vil kunne føre til betre resultat dersom ein driv utviklingsarbeid i nettverk. Det er sjølvsagt meir krevjande, men òg meir gjevande når ein lukkast. Vi trur nettopp det er i nettverk at lokale aktørar kan hente dei store gevinstane i ein region som Sogn og Fjordane. De må såleis etablerast forpliktande samarbeid med ei grunnfinansiering for å kunne kome vidare i arbeidet. Dette bør vere gjenstand for ein etableringsprosess mellom villige aktørar.

Når ein kjem så langt som til konkrete prosjekt, så er det ein måte å kvalitetssikre prosessangjennom ei såkalla ”innovasjonstrakt”. Såleis vil ein ha større sjanse for å lukkast med å kvalifisere idear som kan løftast fram til kommersielle produkt og tenester i marknaden. Vi går ikkje nærare konkret inn på «korleis få det til» på dette punktet no, då ei konkret etablering vil krevje ein stor innsats og er avhengig av aktørbiletet og finansieringa.

32


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Forum For Grøn Energi - Fornybar-rapport 2019 by Frequency Norge - Issuu