Undring
Dikt i blodet
No festar eg navlestrengen til diktet og let blodet strøyme
Ser at diktet veks
Ikkje alt skal gå gjennom ord og skrift
Men renne i blodbana med kroppen si indre røyst
Sprengje seg inn
så du kjenner at diktet veks
Som eit lyrisk foster i din eigen kropp
I glaskarmen
Når katten sit i glaskarmen
og ser ut då er han ein del av meg
Kjenner at eg òg vil ha ein glaskarm stor nok for meg
Når katten rykker i kroppen kjenner eg eit rykk i min
Kjenner at der er noko der ute som festar seg i kroppane våre
Snøhuset
I den store snøskavlen
utanfor glaset til bestemor der bygde eg snøhuset mitt
Eg bygde det som ei festning med 100 snøballar mot fienden som ikkje kom
På snøbordet hadde eg talglys og nordlandslefse
Bestemor var frå Lofoten og eg hadde arva henne
Det var stas for både bestemor og meg når eg tende lys om kvelden og hadde lefse på bordet
Stjernehimmel
I dei kalde vinterkveldane kom stjernene ned frå himmelen
Kom i store flokkar og vart nærgåande
Gjorde seg skarpe og følgde etter meg
Heilt til døra der ho bestemor budde og sleppte meg inn
Nysnø
Eg står og ser når han kjem drivande og kvit i huda
Legg seg tett inntil steinmuren som om han har angst
Vil ligge i le for å verne seg mot fare og leve lenge
Eg kjenner at eg har den same kjensla
Vil presse meg mot steinmuren og kjenne meg trygg
Steinen
Når eg kastar ein stein
må eg av og til finne han att fordi han trefte det punktet som eg sikta på
Alle steinane er ikkje like gode
Nokre er heilt ubrukelege
Ein gong fann eg ein stein som trefte siktepunktet tre gongar på rad
Den steinen kunne eg ikkje bruke meir, men hadde han i lomma til evig tid
Soverommet
Då eg var liten
vart eg større og større heilt til eg arva rommet til søster mi
Alle møblane og senga
Men engelen over senga?
Arva eg han eller arva han meg?
Arva kvarandre
Men engelen
var limt på veggen med tapetklister
Som ein husengel med fotlenke
Ned i bru
Eg spente kroppen min i boge
og gjekk ned i bru
Då såg eg at himmelen og eg hadde same form
Men at han var større enn meg
Det er bra, tenkte eg for då er det plass til både meg og kameratane mine
Ein gong i tida