Eirik Ingebrigtsen – Kvit bok mørk vinter

Page 7

inntaket av fuglesong og naturens bakgrunns­ sus, eit kortvarig svinn i tid for den utsette, døv for det vakre, fleire av veteranane kunne kjenna seg igjen i dette; men her oppe i skogen, og for akkurat denne eine cabratihjortens ned­sløva møte med den akutte lyden, faresignalet slått av, kom ­krigens brutale inngrep i ein hjorts habitat til syne, lyden blåst vekk, singla og skoten vekk, Isa prøvde å sjå for seg det dampande dyret Shkodran og far Reza hadde møtt, eit krigsskadd dyr, då, tenkte han, som heile dette landskapet bar på skaderestar etter krigen, ein galskap kom inn over landskapet, eit raseri, ein depresjon over Balkan i takt med Titos falmande portrett på dei jugo­slaviske stove­ veggane, og i ein slik skog, med fleire års granat­ smell over seg, kunne så klart hjortens evne til å oppfatta det enkle knekket frå ein kvist vore viska vekk, eit plomberingsstoff utskilt frå kri­ gens smerte, eit sig i dei ikkje-fungerande øyre­ gangane av alt sett, alt høyrt, hos menneska diag­ nostisert som posttraumatisk stress, men hos dette døve hjortedyret konsentrert om drikkinga måtte skaden kunna forklarast ut frå eit utal granatskrall i åssidene ved Gjakova, hjorten til slutt så døv at braket frå nato-bomba som landa midt mellom St. Paul-kyrkja og Hadum-moskeen i sentrum av 7

Kvit bok mørk vinter_Eirik Ingebrigtsen.indd 7

12.01.2018 11:28


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.