Norsk Folkehjelp Region Vest
Årsmøte 2012
ÅRSMELDING FOR 2011
Årsmøte i Norsk Folkehjelp 2011 vart halden på Scandic Airport Hotel på Kokstad. Det var 18 med røysterett til stades. I tillegg møtte regionssekretær, Åse V. Sælensminde. Gjester på møtet var: Anne Cathrine Seland, organisasjonssjef og Orrvar Dalby, konstituert generalsekretær. . Styresamansetjing i årsmøteperioden.
Regionsrådet i Norsk Folkehjlep Region Vest Leiar: Medlem: Medlem
Liv Mortensen Mellvin Steinsvoll Anne Mette Gottscahl.
Møteaktivitet i årsmøteperioden: Regionsrådet har behandla 24 saker i årsmøteperioden.. Det er holdt eit fysisk møte i rådet. Liv Mortensen og Jon Halvorsen har delteke på møte i Norsk Folkehjelp Askøy. Delegatsamling Delegatsamlinga i august samla 13 av 20 valte delegatar til landsmøte. Regionsrådet kalla inn til ei førebuande samling for delegatar frå region vest. Alle kostnader vart dekka av regionsrådet. Ei vellukka og viktig samling der ein fekk gjennomgått saker og fordelt oppgåver. Landsmøte 20 delegatar frå region vest møtte til Landsmøte på Lillestrøm. Våre delegatar var særs aktive i debattane. Stein Kristiansen og Rolf Simonsen gjorde ein god jobb frå dirigentbordet. Vi vil spesielt rosa ungdommen for engasjement og flotte innlegg frå talarstolen. Det vart vedteke viktige strukturelle endringar. Sentralt internasjonalt og Sentralt Samfunnsutval vart lagt ned. Ungdom vert todelt med ei gruppe for solidaritetsungdom og ei gruppe for sanitetsungdom. Våre å tillitsvalde er godt nøgd med dei vedtaka som vart gjort på dette landsmøte. Sjølve arrangementet var også særs vellukka. Ei stor takk til administrasjonen for flott jobb.
Anne Mette er ute å rekrutterer nye medlemmer- Jorge Dahl på talarstolen
Else Berit Støle
1