Grenda 18.05.2018

Page 1

NYHENDE

Grenda

Kraft

Fredag 18. mai 2018

7

12 mill. i pluss

lågare nettleige for kundane våre. Alle dei tilsette vert tilsett i Haugaland Kraft og får base på Bjoaneset som i dag, seier Handeland i pressmeldinga.

Kan gni seg i hendene

I tillegg til det kan også medlemmene i laget venta seg ein klekkeleg bonus når og om salet går i boks. Styret i Fjelberg Kraftlag har nemleg gått for ei annleis løysing enn det naboane i Fitjar og Tysnes gjorde då dei fusjonerte. – Det vert ei litt anna skål enn det nabolaga våre gjekk for. Dei har laga stiftingar, noko det sittande styret aldri vil føreslå. Det vi vil føreslå er at kvart enkelt medlem får ut sine verdiar ut i frå lovbestemte reglar i forhold til kva du har handla av laget dei siste fem åra, seier Sverre Olav. Og sjølv om han ikkje kan seia noko om kva summar det er snakk om, trur han medlemmene vert nøgde. – Det er snakk om ganske mykje pengar, men me kan ikkje skrika for høgt om det. Då kjem det store oppslag i riksmedia om at det er nokon luringar på Fjelberg som får ut frykteleg mykje pengar, seier han. Før det fusjonen skal opp til røysting i det ekstraordinære årsmøtet, vil Fjelberg Kraftlag invitera til nye orienteringsmøte både på Valen og på Halsnøy der Haugaland Kraft også vil vera til stades.

Marius Tveit Nissestad marius@grenda.no

Styreleiar Sverre Olav Handeland (t.v.) og avtroppande dagleg leiar Geir Atle Vangsnes styrte ordet.

Full tillit til styret Det kom ingen motkandidatar til valnemnda sitt forslag til styre, noko som resulterte i attval for det sittande styret. – Me takkar for tilliten, så må de hugsa at det er dykk som bestemmer kva som skal skje vidare. Og at de vil få ein god

anledning til å kasta styret om de ikkje vert einige i det vi føretek oss i den vidare prosessen, sa Sverre Olav Handeland som vart sitjande som leiar. Med seg i styret har han Knut Hveem (nestleiar), Hildegun E. Aarthun, Harald S. Arnevik og Liv Iren Brekke.

Vangsnes skal bidra i prosessen Geir Atle Vangsnes går 1. juni av etter seks år som dagleg leiar i Fjelberg Kraftlag. Likevel kunne årsmøte i kraftlaget fortelja at han vil bidra i prosessen vidare. Ein av dei frammøtte i salen i Halsnøy samfunnshus var uroa for korleis den vidare prosessen skulle løysast når Vangsnes hadde byrja i sin nye jobb ved Hydro Husnes.

– Han har fått løyve til å bidra i prosessen vidare, og har også sjølv sagt seg villig til å hjelpa til med det. Noko vi sjølvsagt er glad for. Samstundes har begge dei aktørane som har lagt inn bod på oss sagt at dei vederlagsfritt stiller med dagleg leiar etter at Geir Atle har gått av 1. juni. Slik at kraftlaget har kompetente folk i overgangsfasen, sa styreleiar Sverre Olav Handeland på årsmøte måndag.

Blant prosjekta til Kvinnherad Energi i 2017 var å installera elektrisk straum i Ågotelv hyttefelt. (Arkivfoto).

Kvinnherad Energi hadde eit godt økonomisk år i 2017. Rekneskapen enda med eit overskot på 12,6 millionar kroner. Etter kommunestyremøtet torsdag 24. mai skal det haldast generalforsamling i det kommunalt eigde selskapet Kvinnherad Energi. I den framlagde årsmeldinga går det fram at kraftprodusenten hadde ei omsetning på 154,8 millionar kroner i fjor, ein auke på 9,3 mill. frå 2016. Botnlinja viser eit overskot på 12,6 mill., noko som er 3,2 mill. betre enn året før. Styret rår til å betala ut 4,5 millionar kroner i utbyte til kommunen. I andre halvdel av 2017 starta arbeidet med å byta til nye AMS-målarar hjå kundane. Per dags dato er 6.700 målarar monterte. 50 personar har reservert seg mot slik målar, av desse har fire

levert legeerklæring. Totalt har Kvinnherad Energi 7.313 nettkundar, ein auke på 49 siste året.

99 år

Gjennomsnittleg kraftpris var i 2017 på 26,9 øre/kWh. Året før var snittet på 23,3 øre. Dette er hovudgrunnen til auken i omsetningstala. Produksjonen i Hattebergsdalen var elles rekordhøg med 32,1 GWh. Tek ein med dotterselskapet Kvinnherad Breiband i reknestykket, aukar omsetninga til 187,8 millionar kroner. Dette firmaet kan visa til eit resultat før skatt på 3,9 millionar. Kvinnherad Energi har no 30 tilsette. Selskapet fyller 99 år i 2018.

Morten Nygård

morten@grenda.no

REKNESKAP KVINNHERAD ENERGI: * Omsetning Driftsresultat Resultat før skatt Årsoverskot Totalkapital EK% Langsiktig gjeld

2017 154,8 17,5 16,8 12,6 310,8 37% 122,0

2016 145,5 14,4 12,0 9,4 287,4 37% 97,2

* Alle tal i millionar kroner. Kjelde: Årsmeldinga til Kvinnherad Energi.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.
Grenda 18.05.2018 by Vener av Fjelberg Kraftlag - Issuu