Fitjarposten 01 2011

Page 9

Fitjar-Posten

NÆRING

jANUAR 2011

9

Takkar av: F.v. Harald Johan Sandvik, Marit Tufteland og Anbjørg Sandvik.

Vågen´s kro: F.v. Elisabeth Vågen, Hildegunn Vågen Reigstad og Arne Vågen.

på Sandvikvåg synest samtalar ho har hatt med ferjependlane ungdomar frå Austevoll har vore spesielt kjekt. – Og me kjem nok til å sakna det pulserande, levande livet rundt handelen, legg ho til medan ho skryt av Marit Tufteland som har jobba i butikken i 19 år. – Ho har gjort ein framifrå jobb, seier ho. Ferjedirigenten Litt annleis har det vore på ferjekaien som Harald Johan òg har hatt som arbeidsplass i mange år. Innsatsen hans her har mellom anna blitt teke opp av humørspreiaren Ole Bergesen i «Ferjedirigenten».

– Nokre blir litt hypre og gløymer vanleg folkeskikk når dei risikerer å ikkje koma med ferja, men stort sett har dette òg godt bra, seier Harald Johan. Bilkyndig som han er, har han vore til god hjelp når folk har låst seg ute frå bilen. Men han minnest ein spesiell episode med ein offiser som hadde gjort nettopp det. På spørsmål frå Harald Johan om han skulle hjelpe han, fekk han til svar at bilen hans var så spesiell at det kunne han berre gløyma. Han hadde ringt til by`n etter eksperthjelp. Men det gjekk time etter time utan at hjelpa kom. Harald Johan ymta då frampå

om han skulle hjelpa likevel. – Jo, han kunne jo prøva, let det no, og Harald Johan henta verktøy. – Eg trur ikkje eg brukte meir enn eitt og eit halvt minutt før bilen var open, og offiseren vart så forbausa og forfjamsa at han mest gløymde å takka, humrar ferjedirigenten i dag. Vågen`s kro Når stafettpinnen no er levert vidare er det Arne Vågen som står som eigar, mens døtrene hans Elisabeth Vågen og Hildegunn Vågen Reigstad skal driva det heile. Unge menneske som har hatt som jentedraum å ein gong kunne driva sitt eige gate-

kjøkken. Hildegunn har jobba på ferja mellom Halhjem og Sandvikvåg i 12 år, og på Cafe Opus på Heiane på Stord dei siste to åra. Elisabeth har kokkeutdanning frå Fitjar vgs og har tidlegare jobba både på ferje, Stord sjukehus og Stord verft. Dei fortel at i tillegg til det tidlegare utvalet, ønskjer dei no å presentera rettar som boboli med marinert kylling, biffsnadder og pizza, vestlandskompe og lune salatar. Dei vil òg gje tilbod om catering med koldbord og snittar. – Så får me sjå korleis det heile utviklar seg etterkvart, seier dei, litt spente.

– Me vonar i alle fall at me kan vera eit positivt tilskot til det eksisterande tilbodet, legg dei til før dei til slutt presenterer ei lita strofe dei har laga om bedrifta si:

Når du er tidleg ute, C-ferja ikkje i rute, kan du på Vågens kro finna mat og ro.

HÅKON C. HARTVEDT hakon@fitjarposten.no


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.