Fitjarposten 08 2010

Page 3

Fitjar-Posten

3

OKTOBER 2010

www.fitjarposten.no

://nytt FRÅ NETT

På garden til Johannes H. Sekse. Foto: Johannes H. Sekse

Klassefest tre dagar til ende 9. klassingane som gjekk ut frå Rimbareid skule våren 1976 markerte 50-års-dagane sine med klassefest over ein heil langhelg i Hardanger. To av lærarane dei hadde fekk dei òg med seg. I Hardanger tok dei inn på Best Western Kinsarvik Fjord Hotell. Her hadde ein sett av svært god tid til mellom anna mimring, nydeleg mat og drikke - og lysbilete frå dei tida dei gjekk på Rimbareid skule. Med i opplegget var òg vitjing på garden til Johannes H. Sekse som var klassestyrar for den eine av klassane.

Her vanka det frukt og eplesider. Klassane har heilt i frå ungdomsskuletida hatt eit fantastisk samhald og er allereie samde om eit nytt treff neste år. Då vert det fjelltur. Truleg i Hardanger det òg.

Håkon C. Hartvedt Publisert: 19.09.10

Foto: Harald Engevik

Foto: Turid Sandvik

Foto: Håkon C. Hartvedt

Komfortabel siger for handballdamene

Kjende og kjære songar frå «Sangboken»

Nytt fotpleietilbod på Fitjar

Damelaget til Fitjar IL hadde ingen problem med Kleppestø i første heimekampen i årets 5. divisjon, og vann så klart som 30-20. Fitjar IL sitt damelag i handball vant sin fyrste kamp for sesongen med 30-20 mot Kleppestø. Etter ei god opning på kampen stod det 12-4 til heimelaget då det var att ca. 10 minuttar av fyrste omgang. Spelet sat ikkje like bra dei siste 10 minuttane, slik at ein gjekk til pause med leiing 14-7. 2. omgang var av vekslande kvalitet. Motstandarane kom litt for lett til med skot frå distanse, men hurtige kontringar la grunnlag for ein behagelig siger 30-20. Toppscorar vart Kaia Hillesdal med 9 mål.

Bak f.v. Einar Breivik, Angunn Bårdsen, Nancy Kvernenes Lothe, Marit Sørfonn, Rønnaug Hestenes, Malvin Gerhardsen, Linda Hovland og Terje Breivik. I midten: Lars Helge Landa, Kjellrunn Røyrøy, Henning Helland, Bjørg Nesbø, Hildegunn Strand, Heidi Westvik Jensen, John Karsten Raunholm, Turid Helland og Heine Hovland. Framme: Jarl Madsen, Reidar Gloppen og lærarane: Håkon C. Hartvedt og Johannes H. Sekse. Foto: Tilsett ved Kinsarvik fjordhotell.

GJELD VEKE 40–41

Harald Engevik Publisert: 19.09.10

GJELD VEKE 42–43

Fitjar bedehus var nesten fullsett då Håkon C. Hartvedt ønskte velkommen til songkveld. Det var fokus på kjende og kjære songar i «Sangboken», både i allsong og når utøvarane deltok. Elisabeth og Olav Oma song duett, både med og utan gitar: Eg er ein gjest i verda, og Jeg vil heller ha Jesus enn perler og gull. Johannes Olsen spela og gitar då han song Ren og rettferdig, himmelen verdig. Harald Rydland sat ved pianoet under allsongen, og han akkompagnerte Kjerstin Stokken då ho bl.a. song Ver ikkje redd, du har ein Frelsar. Håkon C. Hartvedt leia programmet på sin lune måte med både alvor og humor, og han framførte fleire songar til eige akkompagnement på gitar. Fleire av utøvarane var forsongarar under allsongen. Det var flott å vera til stades og høyra både tekstane og den mektige songen.

Turid Sandvik Publisert: 27.09.10

– Eg likar å jobba med folk, seier den nyutdanna fotpleiaren som har hatt både unge og eldre på besøk i salongen sin, til fitjarposten.no. – Nokon ønskjer fotmassasje, andre treng klypp, slip eller rens av negler og hard hud. Det er jo mest dette det går på, smiler ho. – Generelt tek eg tak i den fotproblema folk har og gjer det eg kan for dei, legg ho til. Opningstidene hennar er kvardagar kl 10.00 - 16.00, torsdag til kl 18.00 - og annankvar laurdag etter behov. – Men eg er fleksibel og kan òg gjera avtalar utanom desse tidene, seier ho til slutt.

Håkon C. Hartvedt Publisert: 27.09.10

GJELD OKTOBER

TILBUD

PØLSEFEST

0,5l Coca-Cola og Coca-Cola Zero

Alle tallerkenretter

Kvardagar: 9.00 – 23.00 Søndagar: 10.00 – 23.00

inkl GRATIS

0,5l drikke Prisen gjelder Grillpølse 72g så langt beholdningen rekker

0,5l drikke +15,-

Fitjar har fått ny fotpleiar. Det er Jessica Aarskog. Ho har starta opp i dei tidlegare lokala til Erna Bakken, ved sida av Årskog Elektro.

Tlf. 53 49 77 22 - Faks: 53 49 77 08 eks pant

1010100

1010900

1010200


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.
Fitjarposten 08 2010 by Fitjarposten - Issuu