Sommarbyen Florø

Page 38

SOMMARBYEN SIDE

38

NOSTALGIA I FLORØ 27. AUGUST:

OLABIL: For eksempel slik kan ein olabil sjå ut. Det enkle er ofte det beste også her! Foto: Roger Bareksten

NOSTALGIKARANE: Frå venstre veteranbilansvarleg Sander Ødelien, Nina Steindal frå Skala1, Jan Nordem Knudsen og Marit Gjerstad frå Byen vår Florø, Odd Inge Kaarbø og Isabella Flister sitjande frå Florø Motor sportklubb. Foto: Roger Bareksten

Ny tilvekst til Nostalgia-dagen 27. august er datoen for årets Nostalgiadag, i år også med olabilløp. LIV STANDAL liv.standal@firdaposten.no

Det er den nye organisasjonen Byen vår Florø som står som arrangørar av olabilløpet, saman med Florø Motorsportklubb, som står for den tekniske sida av arrangementet. – Vi oppfordrar folk, både private og lag, til å bruke sommaren og bygge seg ein olabil og delta i løpet, seier Marit Gjerstad i Byen vår Florø. – For familiar kan det jo bli eit artig fellespro-

sjekt for store og små å sysle med i sommar, legg ho til. Ho vil elles utfordre politikarane i kommunen: – Kom og prøv dykk som olabilsjåførar! Det vil sjølvsagt gi ekstra poeng om ein stiller med eigen partibil, men vi skal uansett greie å utstyre dei som vil prøve med ein bil! Ho fortel at det blir fleire kategoriar, mellom anna blir det ein juniorklasse for dei mellom 3 og 8 år, og einaste kriterium her er at farkosten trillar/har hjul. Elles vil reglar og fleire opplysningar etter kvart dukke opp på florø.no, der ein også melder seg på. Det vert fine premiar til vinnarane, lovar Gjerstad. Politiet vil vere til stades ved arrangementet.

NOSTALGIA: Nostalgi står i fokus denne dagen. Her er Ingrid Seljeseth Udberg under arrangementet i 2008. Foto: arkiv

Fakta ■ «Nostalgia» er ein dag med lite program, der ein har god tid til å gå rundt og sjå på bilar og båtar. Det er ein dag for gateglede og nostalgi, i stil med Fjordsteam – men i mindre skala. ■ Vert arrangert for femte gong i år ■ I år er det utstilling, olabilløp, modellbilbane og Bondens marknad på torget. Dei skal mellom anna sjå til at dei startande har utstyret i orden, og her vert nok minimumskravet hjelm. Skala1 og RC-klubben vil starte dagen på Evja med bane for modellbilar, og Sander Ødelien fortel at Sunnfjord Veteranvognklubb som alltid er inviterte, i tillegg til at han håpar Vestenfjeldske Veteranvognunion vil stille. Så her blir det nok mange flotte, gamle køyretøy å sjå på. – Vi håpar det kjem like mange som under Fjordsteam i 2010. Så var det om lag 200 bilar som deltok, fortel Ødelien, som er grunnleggjar av «Nostalgia». Det vert også Bondens Marknad på torget denne laurdagen.

Prøve golf i sommar? Golfklubben i Brandsøy har no eksistert i 5 år og har rundt 100 medlemmer. LIV STANDAL liv.standal@firdaposten.no

Bana er eit treningsanlegg med 6 hol, 4 permanente og 2 provisoriske, driving range, putting green med sandbunker og chipping-område. – Det har vore utført mykje dugnadsar-

beid på bana, og 13. juni i fjor hadde vi opning av 6-holsbana, seier Kjell Nyfløt, sekretær i klubben. Anlegget er ope kvar dag, og det er mogleg å leige utstyr, også for barn. Florø Golfklubb tek også mot grupper, til dømes bedrifter på blåtur eller vennegjengar som ønskjer nokre timar med instruktør. For dei som ønskjer å stifte nærare kjennskap med golfsporten, arrangerer klubben kurs året rundt. Kontakt: www.florogolf.no.

Full aktivitet på golfbana i Brandsøy.


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.