Sogn og Fjordane Turlag

Page 6

6

Turmagasinet Sogn og Fjordane Turlag 2011

Kom på BaseCamp! Sogn og Fjordane Turlag held fram med vellukka Base Camp for ungdom (13–18 år): 28. juni–2. juli på Hoffslåttene i Viksdalen i Gaular. Det blir eit variert program med mange kjekke aktivitetar. Ikkje minst blir det høve til å få nye vener og til å oppleve mykje spanande friluftsliv. Det blir også sosialt og kjekt og felles matlaging. Topptur, padling, klatring, sykling og mykje anna får du prøve desse dagane. Påmelding og informasjon hjå Sogn og Fjordane Turlag. Håpar vi ser deg!

BASE CAMP: Terrengsykling er ein av mange aktivitetar du kan vere med på på BaseCamp. Foto: Bent Are Iversen, Firda Media AS

@

E-postintervjuet: Fem ordførarar frå fylket. – Har du ei turoppleving du vil fortelje o

Einar Målsnes, Balestrand

Olav Kåre Svarstad, Bremanger

Eg har mange gode opplevingar frå turar i Balestrand-naturen. Vi har fine og merkte ruter i alle delar av kommunen. Eg vil dra fram ein ettermiddagstur etter ein travel dag på kontoret ein sommardag. Saurdalen har vore livsgrunnlaget som vasskjelde til mine forfedre. Eg liker svært godt å gå i desse traktene. Det er lett å komme dit med bil til over tregrensa. Deretter går eg inn dalen. I elva som snor seg stille gjennom dalen, kan du skimte småauren som er på jakt etter mat. Den sommarettermiddagen eg hugsar spesielt, hadde eg også med meg oter. Inst i dalen ligg Eistrebotn. Eg kasta ut oteren og gjekk langs land. Det tok ikkje lang tid før den første fine ca. 300 grams auren hadde tatt tak i ei av flugene på oteren. Eg fortsette opp stien opp til Oddmundsbotn, der det er eit større vatn. Også der er det fint å gå med oter langs land. Det same gjentok seg der. Mens eg vandra i kveldssola langs vatnet og heldt fast i sena til oteren, beit ein enda større aure seg fast. Eg drog også den inn. Eg hadde hatt ein kjempefin kveldstur, fått lada opp batteria mine til neste dag og kom heim med ein aldri so liten middag til neste dag. Dronning Sonja har tatt for seg dei næraste fjella til Holmen i Balestrand. Ho, som mange andre kjendisar, har vore på Raumelen og nytt den gigantiske utsikta over Sognefjorden. Eg ville teke Sonja med i bilen, køyrt til Dale i Sværefjorden, der vi hadde teke opp Dalsdalen til vegenden der. Derifrå er det fin og merkt sti opp forbi Påfunn og Erlingbu ved Dalsdalsvatnet. Der skulle vi sett oss ned og

Eg har mange fine turopplevingar frå Bremanger-fjella som kunne skrivast om. For ein del år sidan var eg turleiar for ei lita gruppe som skulle gå turen over fjellet frå Svarstad til Vetvika på vestsida av Bremanger-øya. Over fjellet var det skodde som tidvis var så tett av vi drøfta om det kanskje var rettast å snu, sidan Vetvika i skodde ikkje var noko å oppleve. Men heldigvis valte vi å fortsetje sidan vi tidvis høyrde ”skrik og skrål” frå badande ungar gjennom den tette skodda. Plutseleg forsvann skodda, og heile sandstranda skein imot oss på ein heilt spesiell måte i strålande solskin iblanda skoddedottar. Vi hadde nokre fine timar på sandstranda saman med mange båtturistar, før vi tok turen tilbake over fjellet, men utan den plagsame skodda. Ei slik utfordring ville eg nytta til å gje dronninga naturoppleving blanda saman med ei historisk rundreise i delar av Bremanger kommune. Vi startar ved det opne landskapet ut mot havet i sør ved gravrøysene i Botnane. Her vil dronninga få oppleve nokre av dei flottaste kulturminna frå eldre bronsealder som Vestlandet kan tilby. Turen fortset vidare innover Frøysjøen og tek ein avstikkar innom Vingen, som er eit av dei største helleristingsfelta i Noreg. Her vil ein oppleve den trolske stemninga blant høge fjell og helleristingfigurar som er bortimot 6000 år gamle. 2000 figurar fortel om eit yrande liv i heile området i steinalderen, kanskje spesielt med tanke på jakt. Etter ei kort sjøreise forbi sjøklippa Hornelen endar vi opp på den freda handelsstaden på Rugsundøy for ein matbit, slik ferdafolk har

hatt første rast krydra med gode historier. Deretter skulle vi gått vidare opp og bort mot Keipen. Over Bjønnabreen kan det vere glatt, men vi skulle klart det. Då er vi ved Keipen. Derfrå har vi gigantutsikt over Esefjorden og utover mot Holmen, Vangsnes og vidare. Der hadde vi sete lenge og berre nytt utsikta krydra med ein god nistepakke. Så ville vi vurdert om vi skulle gå ned via Gulleplevatnet, den trolske Yglebotten og ned i Esebotten, eller om vi skulle teke same veg tilbake til Dalsdalen. Eg trur vi hadde teke ned i Esebotten, for å få den fullstendige opplevinga av den mektige naturen vi har. Neste dag ville eg henta bilen i Dalsdalen.

Bente Frøyen Steindal, Flora Turen eg vil trekkje fram her er den eg og svigerinna mi hadde på Steindalsfjellet for eit par år sidan, med mannen min som turleiar. Steindalen er ein stad der det er eit fantastisk turterreng som vert lite nytta, men har du fyrst vore der, så tek du nok turen igjen. I sommar var dronning Sonja på besøk her i kommunen, byen vår feira 150 år i 2010. For å vise ho den fine naturen vår, tok vi då ein båttur og fekk fortalt og vist mykje. Vi har ein fantastisk skjergard i Flora kommune. Skulle eg vere så heldig å få vise dronninga meir av naturen i kommunen vår, ville eg vise ho litt av indre strøk i Flora kommune.. Turen ville blitt nettopp til Steindalsfjellet, ein fantastisk tur med nydeleg utsikt. På

vegen til Steindalen ville eg då og få vist fram mykje fin natur, bil frå Florø via Eikefjord, gjennom Osa og Svardalen.

gjort sidan 1600 talet. Her er lagt ned store ressursar for å bevare bygningane i opphavleg stand. Eit besøk på krambua gjev eit spesielt godt minne om tidlegare tider. Rugsund og Skatestraumen har hatt busetnad langt tilbake i tid. Etter utgravingar utførte av arkeologar frå Universitetet i Bergen er det registrert heile 151 buplassar frå steinalder, bronsealder og eldre jernalder. Vi tek turen innom den idylliske kystbygda Berle, som var buplass for vikinghøvdingen Berle-Kåre 1000 år tilbake i tid. I dag er Berle eit av utgangspunkta for T-

merkte løyper til Hornelen. Dronninga er glad å vandre i fjellet. Det vil derfor vere naturleg å invitere på ein tur til Hornelen, Nord-Europas høgaste sjøklippe på 860 m. Det er uvisst om det har vore kongelege personar i området sidan kong Olav Tryggvason. Som vanleg heiser vi det norske flagget på toppen og inviterer på besøk i Olavsbu, der dronninga signerer besøksboka. Frå toppen av Hornelen er det eit majestetisk panoramautsyn med havet i vest, nordover til Stadlandet, austover til høgfjellet i Bremanger med Ålfotbreen og sørover mot Flora og Askvoll.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.
Sogn og Fjordane Turlag by Firda Media as - Issuu