Sogn og Fjordane Turlag

Page 12

12

Turmagasinet Sogn og Fjordane Turlag 2011

- verdiskaping med basis i verneverdig kystnatur

Ta vare på Kystarven opplev kysten av Sogn og Fjordane!

Stadig fleire reiser til kysten for å oppleve kontrastane og toppturane i kystlandskapet. Gjennom Kystarvprosjektet vil vi i HAFS-kommunane legge til rette for meir aktiv og berekraftig bruk av dei unike naturkvalitetane våre. Vi ryddar stiar og teiknar kart. Vi skiltar turløyper og held verneområde søppelfrie. Vi kartlegg artsmangfaldet og skjøttar kulturlandskapet med beiting og lyngbrenning.

Vi trur at forsiktig bruk hjelper oss med å ta vare på dei unike kultur- og naturverdiane våre. Din innsats kan difor vere ein topptur på Alden eller Lihesten, fotosafari i ei blomstrande kystlynghei ytst i Gulen, havkajakpadling mellom øyane i Solund eller vandring i Nordsjøløypa ved Korssundet lengst vest i Fjaler. Velkommen til Kysten!

www.fjordkysten.no

DRØYMER DU OM EIT LIV UTAN LINSER OG BRILLER? Vi opererer langsynte, nærsynte, skeive hornhinner, alderslangsynte, grå stær og deg med dårleg mørkesyn. Smertefri, rask behandling for eit nytt liv! Rentefri delbetaling. Uforpliktande forundersøkelse! Ein av Europas dyktigaste synskirurgar TTa kontakt for meir informasjon og referansar! Synskirurgi er ei tillitssak

Alderslangsynt? Ikkje la alderdomsbetinga langsyn legge avgrensingar på ein aktiv alderdom. Ein enkel, smertefri og rask operasjon er alt som trengs. Etterpå kan du legge briller og linser på hylla, og starte eit nytt liv.

Tilknytta kirurgar: dr.Thilesen, dr.Plesner, dr. Meberg

Sogn og Fjordane Synskirurgi, Sørstrandsvegen 9, 6823 Sandane Tlf.57 86 74 00 • www.synskirurgen.no

SOGNEFJORDEN: Oppstigninga til Tjuatoten gir utsikt til Sognefjorden med Hella, Vangsnes og Dragsvik.

Fjordutsikt i a Tjuatoten ligg i «krysset» mellom Sognefjorden, Esefjorden, Sværefjorden, Vetlefjorden og Fjærlandsfjorden. Denne toppen i Balestrand gir deg fantastisk oversikt og utsikt til fjordlandskapet. Turen startar like bak ferjekaia på Dragsvik og følgjer ryggen heile vegen opp dei 1000 høgdemetrane til toppen. Du finn starten på turen ved å ta av frå hovudvegen og gå opp til toppen av Lunde bustadfelt og inn til starten av turen ved ein trafokoisk. Heile turen opp er godt skilta med handlaga og fine retningspilar det står Tjuatoten på. I starten går turen på traktorvegar og etter kvart over på sti.

Inspirasjon til kunstnarar Første naturlege stopp og utsiktspunkt er ved dei store mastene som ligg på dryge 350 moh. Her kjem du heilt ut på fjellkanten og kan sjå rett ned på Balestrand og nyte utsikta ut Sognefjorden og inn Esefjorden. Kanskje denne utsikta kan gje eit inn-

trykk av den fascinasjonen som trekte landskapsmålarar til Balestrand på 1800talet. Det var visst både den mektige naturen og det spesielle lyset som lokka mange kunstnarar til denne sognebygda.

Tjuatoten, 1098 moh. Stien går vidare oppover, og snart er du over tregrensa og ser rett bort på det flotte fjellet Vindreken på andre sida av Esefjorden. Stien er merkt og varda og tek deg oppover med stadig meir utsikt. Toppen ligg på ei stor flate, og fjellandskapet vidare innover opnar seg. Du ser ned på Vetlefjorden, Menesegga og innløpet til Fjærlandsfjorden. No er du 1098 meter over fjorden og kan kvile beina. Det mest vanlege er å gå same vegen tilbake. Men, viss ein har meir tid og overskot og vil «utforske» litt, så er det fint å gå ein rundtur og komme ned att i Farnes. Ein følgjer då ryggen nordvestover, Geitaryggen, og tek av nordaustover Geithalsen. Her er det ingen tydeleg sti før Farnesstølen. Dette er ein god del lengre tur enn å returnere same vegen frå toppen, men også med meir ny og spennande natur og utsikt!


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.