Eit hav av mulegheiter 2013

Page 28

SVELGEN: Steinvik Fiskefarm har sikra seg dei to landbaserte anlegga i Breivika og området midt i mellom.

fakta

Konsernet ■ Steinvik Fiskefarm er eit familieeigd fiskeoppdrettskonsern med hovudkontor i Høydalsfjorden. Inge og Alex Vassbotten er hovudeigarar.

■ Dei driv med produksjon av laks og aure på sju lokalitetar i Flora og Askvoll kommune.

■ Steinvik er ein bevisst distriktsutbyggar og er medeigar i fleire selskap som dykkefirmaet Aqua Dykk, utstyrsleverandøren Havsterk, eksportørselskapet Seaborn i Bergen.

■ Barlindbotn Settefisk AS og Bru Fiskeoppdrett er også del av konsernet. Dei produserer yngel og setjefisk av laks og aure.

■ I sjødelen av konsernet er det i dag kring 19 tilsette. Det er seks tilsette i setjefiskdelen og det er tilsett to personar så langt i nysatsinga i Svelgen. Til saman arbeider det i dag 28 personar i Steinvik-systemet.

Per fôrar fisk havbruk

HØYDALSFJORDEN: Teknologisk like velutstyrt som ein flygeleiar kontrollerer Per Moen via eigne trådlause datasamband og 117 videokamera tildelinga av fôr i seks-sju anlegg fordelt på fire fjordsystem. Arve Solbakken telefon 911 77 331 arve@firdaposten.no

28 Eit hav av mulegheiter

Ved Steinvik Fiskefarm sin hovudbase i Høydalsfjorden kan teamleiar Per Moen følgje med aktiviteten både over og under vatn ved anlegga i Solheimsfjorden, Høydalsfjorden, Stavfjorden og Stongfjorden. Via ei lang rekkje store skjermar kan han dykke ned i fisken si verd og sjekke apetitt og den almenne tilstanden i populasjonen. Ein eigen AIS-skjerm viser til ei kvar tid kor arbeidsbåtane og dei ulike arbeidsteama jobbar ved anlegga. Ved hjelp av videokamera med kraftig optikk kan han sjå oversiktsbilde over anlegga eller zoome inn på detaljar i nærleiken.

Ein halv million per døgn Å ha ansvaret for fôringa ved alle anlegga er eit kjempestort ansvar. Fôret er den dominerande innsatsfaktoren i fiskeoppdrett og då vi var innom kontrollsenteret i Steinvik, så låg forbruket av fiskefôr på rundt ein halv million kroner per døgn. november 2013

– Tenkjer du over kor store verdiar de forvaltar? – Nei, eg er så vant til det. Den nye måten å organisere arbeidet på, har gjort drifta enklare. Før hadde vi lokalitetsleiarar som hadde ansvaret for både fôring og anna arbeid på anlegga, og då var det mykje att og fram mellom oppgåvene. No kan vi ha fokus på fôringa heile tida, fortel Per Moen, som går todelt vakt og delar ansvaret for fôringa med Ole Herman Vokuhl. Bruken av teknologi har ført til at den daglege drifta er blitt organisert i team blant dei 15 tilsette som jobbar direkte i praktisk drift på sjøsida i konsernet. Oppgåver som vedlikehald, notskift, avlusing og mottak/leveranse av fisk tek ulike arbeidslag organisert av produksjonsleiar Jardar Rysjedal seg av.

Lovande resultat – Har de fått betre fôringsøkonomi etter omlegginga?


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.