4 minute read

Case

Next Article
Oppgåver

Oppgåver

Kari Lunde Maas var oppgitt. Frukosten, som pleidde å vere ei lita fristund i den elles travle kvardagen, var blitt til ein rettssal. Og advokatane til påtalemakta var hennar eigne to barn. Den eine gjekk i tiandeklasse og den andre i vg2. «Mamma, korleis kan de marknadsføre nye klede til aldersgruppa vår når dei fleste vi kjenner, allereie har klesskapet fullt? Veit du ikkje at verda står overfor ei miljøkrise der vi bruker ressursar fortare enn dei kan fornyast? Og det er alle de gamle … unnskyld, middelaldrande som har skulda!»

Kari sukka, såg opp i taket og heldt fram med å drikke kaffi - Fairtradekaffi, sjølvsagt. Visste ikkje ungane kven som hadde betalt for kleda deira? Dei dyre dunjakkene som alle på skulen gjerne ville ha, dei dukka ikkje opp av seg sjølve. Dei måtte betalast, og nokon måtte tene pengane som skulle brukast til å betale med.

Rett nok tente Kari ok. Ho hadde fått betaling for den risikoen ho tok saman med kameraten ho hadde treft på vidaregåande. Den gongen gjekk dei begge på studiespesialisering og såg for seg studiar innan entreprenørskap og økonomi på ein høgskule eller eit universitet. Men det var berre Kari som hadde halde fram den vegen. Petter drog på folkehøgskule, og då han kom tilbake, hadde han bestemt seg for å bli skreddar. «Klede – folk kjem alltid til å ha behov for klede. Skreddar er vegen til ein sikker jobb.» Petter var sikker i si sak, tok ei toårig utdanning og starta eiga verksemd – skreddarsydde klede for kundar som var villige til å betale litt meir for å få noko spesielt.

Men då Kari trefte han igjen etter ti år, såg ho raskt at han ikkje såg særleg lykkeleg ut. Jo, han selde framleis skreddarsydde klede, men det var ikkje så mange kundar som han hadde førestilt seg, så han tente ikkje særleg mykje. Kari, derimot, ho hadde først tatt bachelor i entreprenørskap og deretter ein master i berekraftig forretningsdrift. Etterpå hadde det gått fort – jobb etter første jobbintervju i ei kleskjede, og ho steig raskt i gradene i verksemda. Ho blei først teamleiar, deretter avdelingsleiar, og ho hadde allereie blitt assisterande direktør då ho og Petter sette seg ned for å drikke kaffi saman for første gong etter vidaregåande. «Hugsar du russetida?» spurde Petter. Kari raudna lett og sa at ja, ho hugsa kanskje den … før ho raskt gjekk vidare i samtalen. Ho fann fort tonen med Petter, kanskje ikkje den same tonen som under russetida, men dei var framleis einige om overraskande mykje. «Hugsar du vi drøymde om å starte vår eiga verksemd når vi var ferdige med studiane? Det blei det ikkje mykje av.» Kari hadde smilt av dei gamle draumane, men Petter hadde rynka panna og foreslått å gjere det no.

Og slik hadde det blitt. No, ti år etter kaffikoppen, var Kari direktør i «Herre- og dameekvipering AS». Trass i det gammaldagse namnet var det ei moderne verksemd med 55 tilsette som hadde spesialisert seg på «Very fast fast fashion». Det dobbelte «fast fast» betydde at ikkje berre var dei raske med å komme med nye modellar når moten skifta, men dei var også raske til å køyre ut produkta som kundane bestilte på nettsida deira. Levering same dag som bestillinga kom inn, var det dei lova, og dei klarte som regel å halde det løftet.

Førebels tilbaud dei «very fast fast fashion» berre i Oslo og Bergen, men Kari var sikker på at det var vekstmoglegheiter for verksemda, anten i Noreg eller kanskje i utlandet.

Ho og Petter hadde derfor blitt samde over den daglege kaffikoppen som dei drakk saman, om at det var på tide å utvikle ein plan for vekst og utvikling av «Herre- og dameekvipering AS».

«Ein strategiplan»  Petter syntest ordet strategiplan høyrdest litt kraftig ut, men Kari insisterte. «Det er det vi har behov for. Vi har pengar og mange flinke folk. Vi må finne ut korleis vi kan bruke desse ressursane best mogleg, og då er ein strategiplan den rette vegen å gå.»

«Eg er meir opptatt av korleis verda endrar seg.» Petter brukte tid på å lese nyheitene kvar morgon. Kanskje brukte han litt tid på sosiale medium også, sjølv om han ikkje var så villig til å innrømme det. Mest nyheiter sjølvsagt. Han var oppdatert på det meste av utviklinga innan automatisering av klesproduksjon, men var usikker på korleis robotar, kunstig intelligens og sjølvkøyrande elektriske transportmiddel kom til å verke inn på verksemda.

«Og kva med økonomien? Kjem kundane våre til å få meir eller mindre pengar til å kjøpe klede? Vi veit ikkje mykje om dette i dag, men det kjem til å vere avgjerande for korleis vi skal utvikle verksemda vidare.»

«Meir kaffi?» Kari, som var avhengig av kaffi, merka at konsentrasjonen svikta litt, men snart var ho også i gang med å tenke høgt: «Kva med samfunnsansvaret vårt? Ungane mine kjefta på meg under frukosten i dag fordi verksemda vår er ein del av problemet med overforbruk av ressursar? Korleis kan vi endre oss på dette området? Og kva må vi skaffe oss kunnskap om for å vere betre rusta til omstilling?»

Caseoppgåve VC.1

Prøv å skaffe deg oversikt over kva endringar i samfunnet som kan påverke framtida til verksemda.

Caseoppgåve VC.2

Førestill deg at du skal sende ut ein e-post til alle som er tilsette i verksemda, til kundar og leverandørar og til samarbeidspartnarar, der du forklarer korleis verksemda vil gå fram for å bli betre til å vareta samfunnsansvaret.

Caseoppgåve VC.3

Lag ein interessentanalyse for verksemda.

Caseoppgåve VC.4

Du skal førebu dei tilsette på at det vil bli endringar i korleis verksemda driv. Tenk på korleis medarbeidarane vil reagere, og kva du kan seie for å få dei tilsette til å forstå at endringane både er nødvendige og vil føre til betre resultat for alle som er interessentar i verksemda.

This article is from: