1 minute read

Forord

Next Article
Case

Case

Denne boka handlar om korleis verksemder veks og utviklar seg. «Vekst» er eit problematisk ord i den verda vi lever i no. Vi kan ikkje lenger fremme eit ideal om auka vekst og forbruk. Vi kan heller ikkje lenger forbruke ressursar i den takten vi har gjort. I staden må næringsliv og verksemder gjere sin del av jobben med å redusere forbruket av ikkje-fornybare ressursar, og skape produkt som kan brukast lenge, som kan reparerast, gjenbrukast og resirkulerast.

Men nettopp her, for dei verksemdene som skal vere med og redde oss, er vekst og utvikling viktig. Desse verksemdene må ha verktøy, det vil seie modellar og teoriar som kan hjelpe når gode idear skal vidareutviklast til verksemder som skaper fornybar energi utan utslepp av klimagassar, som finn nye løysingar som reduserer behovet for å bruke ikkje-fornybare ressursar, og som skaper berekraftige produkt.

Eg trur at dei som tar med seg kunnskapen frå denne boka, er nokre av dei som vil vere med på å skape ei berekraftig framtid for oss alle.

Eg vil nytte anledninga til å takke dei som har bidratt med hjelp til å realisere denne boka, som eg håpar vil vere til nytte for lærarar i det beste og mest framtidsretta faget i norsk skule – entreprenørskap og bedriftsutvikling.

Takk til lærarar i faget som eg har treft undervegs i arbeidet med boka, og som har vore levande opptatt av kva teoriar og modellar som skulle inkluderast. Takk til elevane mine som tolmodig har akseptert å bli undervist ved hjelp av utkasta til dei ulike kapitla, og ein stor takk til redaktøren av boka, Anne Berrefjord, som denne gongen har fått tolmodet sitt prøvd meir enn godt er i arbeidet med boka.

November 2022

Kåre Håkonsen

This article is from: