
1 minute read
Oppgåver
Oppgåve V1.1 Verksemdsutvikling
Beskriv dei viktigaste fasane i livssyklusen til ei verksemd. Fasane er i denne samanhengen det same som ein periode som blir kjenneteikna ved eit sett med aktivitetar. Livssyklus er dei ulike stadia etter kvarandre frå start til slutt.
Oppgåve V1.2 Vekst, utvikling
Analyser og presenter skilnaden på vekst og utvikling.
Oppgåve V1.3 Verksemdsstorleik
Drøft kvifor det er viktig å forstå skilnaden på ulike verksemdsstorleikar.
Oppgåve V1.4 Strategi, strategisk plan
Presenter ei oversikt over kva strategi er, kva delar som inngår, og kva fordelar og utfordringar det gir for verksemder. Du kan for eksempel bruke ei verksemd du kjenner, som grunnlag for oversikta.
Oppgåve V1.5 Omstillingsevne
Drøft kvifor omstillingsevne er ei av dei viktigaste evnene ei verksemd må ha i dag. Ta gjerne utgangspunkt i utfordringane som du kjenner frå berekraft og samfunnsansvar eller frå dei store teknologiske endringane som skjer no.
Oppgåve V1.6 Berekraftig verdiskaping
Lag ein presentasjon som illustrerer kva berekraftig verdiskaping er. Presentasjonen bør først gjere greie for både berekraft og verdiskaping og deretter kva det inneber å sette saman desse to omgrepa til berekraftig verdiskaping.
Oppgåve V1.7 Lineær økonomi, sirkulær økonomi
Utforsk omgrepa lineær og sirkulær økonomi. Beskriv og presenter eksempel på verksemder som representerer høvesvis lineær og sirkulær økonomi.
Oppgåve V1.8 Samfunnsansvar
Why corporate social responsibility is BS
Dette er ei overskrift frå den anerkjende engelske avisa The Guardian 26. september 2021, skrive av Robert Reich. BS Bullshit.
Drøft overskrifta og presenter argument for og imot.
Oppgåve V1.9 Interessentar
Utforsk ei verksemd i nærmiljøet. Kartlegg interessentane til verksemda og plasser interessentane inn i modellen for interessentanalyse (figur V1.4. Viss du ikkje finn noka verksemd, kan du ta for deg skulen din i staden.
Oppgåve V1.10 Samfunnsansvar, interessentar Vurder og beskriv samanhengen mellom samfunnsansvar, det å tene pengar og interessentar.
Oppgåve V1.11 Samfunnsansvar
Beskriv korleis verksemder rapporterer samfunnsansvar.
Oppgåve V1.12 Samfunnsansvar
Les intervjuet med Siri Engesæth som du finn i Økonomiportalen/Vekst/ Kapittel 1/Teori til fordjuping.
Drøft utfordringa med kor stort ansvar ei verksemd har for underleverandørane. Tenk på om det berre er underleverandøren som det er viktig å følge med på, eller om det også er underleverandøren til underleverandøren. Over kor mange ledd strekker ansvaret seg?