5.2.2 Uregelrette verb Desse verba blir bøygde uregelrett og må puggast ekstra godt. I gloselista står heile forma.
På tysk byrjar presens perfektum-forma nesten alltid med ge- og sluttar på -t ved svake verb og -en ved sterke verb.
zu sein (å vere) ich bin du bist er, sie, es ist wir sind ihr seid sie sind Sie sind
zu haben (å ha) ich habe du hast er, sie, es hat wir haben ihr habt sie haben Sie haben
Presens perfektum-forma av sterke verb må lærast utanåt, akkurat som på engelsk. Du finn bøyinga til de vanlegaste sterke verba i minigrammatikken under punkt 5.5.
zu werden (å bli/verte) ich werde du wirst er, sie, es wird wir werden ihr werdet sie werden Sie werden
zu wissen (å vite) ich weiß du weißt er, sie, es weiß wir wissen ihr wisst sie wissen Sie wissen
Ein liten hugseregel: ge- + verbstamme + -t/-en = geten Ikkje gløym at geten er så langsam at han alltid kjem heilt til slutt i den tyske setninga. Nokre eksempel på presens perfektum:
5.3 Presens perfektum
Der Lehrer hat viel gesagt. Læraren har sagt / sa mykje. Ich habe eine Cola getrunken. Eg har drukke / drakk ein cola. Markus hat eine Hose gekauft. Markus har kjøpt / kjøpte ei bukse. Hast du das gehört? Har du høyrt / høyrte du det?
Presens perfektum bruker vi når vi snakkar om kva nokon har gjort. Det er ei samansett form (perfektum partisipp) som særleg blir brukt i munnleg tysk for å markere fortid: Ich habe ein Buch gekauft. På norsk bruker vi her som regel preteritum. Eg kjøpte ei bok.
5.3.2 Verb utan ge- i perfektum partisipp Det finst ein del verb på tysk som ikkje får gei perfektum partisipp. Desse verba sluttar i infinitiv på -ieren eller byrjar med ei av desse stavingane: be-, emp-, ent-, er-, ge-, ver-, zer-. Eksempel på verb som ikkje får ge-:
5.3.1 Presens perfektum av svake og sterke verb Slik dannar vi presens perfektum på tysk: 1 Ta grunnforma av eit verb: kaufen = kjøpe 2 Ta bort endinga –en: kauf (= verbstammen) 3 Legg til ge- framfor stammen og –t eller –en som ending ge – kauf – t
Vater hat alles bezahlt (bezahlen). Far har betalt / betalte alt. Sie hat einen Witz erzählt (erzählen). Ho har fortalt / fortalde ein vits. Meine Mannschaft hat gewonnen (gewinnen). Mitt lag har vunne / vann.
10