1 minute read

Etter skolen

Abril går heim etter skolen. Ho et litt mat og set på ei vaskemaskin. Ho skal begynne med lekser, men tenker på det ordet som Mira brukte: «puslespel». Ho bestemmer seg for å fi nne ut meir, så ho går ned og ringer på hos Frøya.

FRØYA: Hei, Abril. Så hyggeleg. Treng du hjelp med noko? ABRIL: Hei. Ja, eg lurer på om du kan forklare meg ordet «puslespel». Eg fekk vite at det er noko som barn ofte bruker. Kan du hjelpe meg? FRØYA: Det kan eg. Kom inn, så skal du få sjå. ABRIL: Har de puslespel? FRØYA: Ja, vi har mange. Embla fekk eit nytt puslespel til bursdagen sin. På lokket er det eit bilete av ein rosa elefant og tre små mus. Inne i eska er biletet i fl eire bitar. Den som puslar, må sette saman brikkene. Formene og fargane på brikkene må passe saman. Bitane blir til det biletet som er på lokket av eska. ABRIL: På skolen i dag delte vi opp ord i vokalar og konsonantar. Ord er kanskje litt som puslespelbrikker. Bokstavane er brikkene som kan settast saman til ord.

FRØYA: Ja, det er mykje som kan puslast saman. Embla puslar puslespel. Du puslar bokstavar. Eg lagar puslespel av dagane mine for å rekke alt. Kan du vere her med Embla mens eg drar for å hente Nor på fotballtreninga?

ORD OG UTTRYKK

å tenke, eit lokk, ein bit, ei brikke, ei form, å passe saman, gjerne

ABRIL: Det kan eg gjerne. Det er ingen heime hos meg enno. Er det greitt for deg, Embla, at eg er her med deg? Du kan jo lære meg å pusle. EMBLA: Ja! Eg skal lære deg det! Det er morosamt med puslespel.

OPPGÅVER

Leit i teksten

1 Kven er Abril saman med etter skolen? 2 Kva viser biletet på puslespelet til Embla?

Fortel om deg sjølv

3 Kva har du lært av venner? Gi nokre eksempel.

Verb i presens

4 Teksten på desse to sidene har mange verb. Her er tre av verba i presens: • sit • bruker • passar

Lag setningar med verba.

This article is from: