1 minute read

Jakob ønsker velkommen

Next Article
Hibo flyttar

Hibo flyttar

JAKOB: Hei! Eg heiter Jakob Karlsen. Velkommen til Bjørkeveien 14. HIBO: Takk. Eg heiter Hibo Abdi. Dette er venninna mi Åse.

JAKOB: Hyggeleg! Eg bur i første etasje saman med Kirsti og hunden vår, som heiter Milo. Det er spennande å få ein ny nabo. Vi håper du kjem til å trivast her. HIBO: Det håper eg òg. Eg gler meg til å pakke ut alle tinga mine. Det er mykje jobb å fl ytte. JAKOB: Du må seie frå viss du treng hjelp. HIBO: Tusen takk. Det er veldig snilt av deg. JAKOB: Du kan få mobilnummeret mitt. Det er 8-7-5-3-1-1-2-3.

HIBO: Takk. Kan du gjenta nummeret?

JAKOB: 8-7-5-3-1-1-2-3. Du kan sende meg ei melding no. Så får eg mobilnummeret ditt med ein gong. Ja, her er det. Har du mobilnummer 4-4-5-4-5-1-1-1?

HIBO: Ja, det stemmer. Det er telefonnummeret mitt. JAKOB: Flott! Ha ein fi n dag vidare. HIBO: I like måte. Vi snakkast!

47 445 45 111

Hei, Jakob. Her er nummeret mi . Helsing Hibo

Takk skal du ha. Helsing Jakob

ORD OG UTTRYKK

spennande, å trivast, å gle seg, å pakke ut, eit mobilnummer, å gjenta, det stemmer, fl ott, i like måte

Bokstavar: vokalar og konsonantar

Alle bokstavane i alfabetet har eit namn og ein lyd. Vi bruker lydane når vi les. Namnet på vokalane er likt som lyden. Namnet på konsonantane er ikkje likt som lyden. Vokalar: a, e, i, o, u, y, æ, ø, å Konsonantar: b, c, d, f, g, h, j, k, l, m, n, p, q, r, s, t, v, w, x, z

OPPGÅVER

Leit i teksten

1 Kven ønsker velkommen? 2 Kva gler Hibo seg til? 3 Kva telefonnummer har Jakob?

Fortel om deg sjølv

4 Kva er telefonnummeret ditt? 5 Kva er adressa di? 6 Presenter deg sjølv for ein elev i klassen.

Bokstavar: vokalar og konsonantar

Sjå på førre side. 7 Finn den første lyden i alle namna du ser.

Er lyden ein vokal eller ein konsonant? 8 Tel talet på konsonantar og vokalar i eigennamna. 9 Kva er namnet på bokstavane som høyrer til lydane?

This article is from: