
1 minute read
Hibo flyttar
Hibo fl yttar
Hibo fl yttar inn i leilegheita si i dag. Ho er spent. Ho har mykje å gjere. Ho tar med alt ho eig, til den nye leilegheita i Bjørkeveien 14. Ei venninne hjelper ho. Venninna heiter Åse. Ho jobbar som yrkessjåfør. Det er Åse som eig den store bilen utanfor huset. Det er ein varebil. Alle fl ytteeskene er i varebilen. Dei ber fl ytteeskene inn i leilegheita. Det er tungt.
HIBO: Hjelper du meg med denne eska, Åse? Ho er heilt umogleg å bere åleine. ÅSE: Ja, vent litt. Ho er tung. Eg kjem og hjelper deg. På vegen kjem det ein mann. Det er ein nabo. Han òg bur i fi remannsbustaden i Bjørkeveien 14.
ORD OG UTTRYKK
spent, å eige, ein yrkessjåfør, ein varebil, ei fl ytteeske, umogleg, å bere, tung, ein fi remannsbustad
GRAMMATIKK: Substantiv – eigennamn Eigennamn er namn på menneske, dyr og stader. Eigennamn på menneske deler vi inn i fornamn og etternamn. Vi skriv namn på menneske og stader med stor bokstav først i ordet.
Sjå grammatikk på side 22.
OPPGÅVER
Leit i teksten
1 Kven fl yttar inn i Bjørkeveien 14? 2 Kva heiter venninna til Hibo? 3 Kva yrke har Åse?
Fortel om deg sjølv
4 Kvar bur du no? 5 Når fl ytta du sist? 6 Kor mange stader har du budd i Noreg?
Eigennamn
Sjå på side 10–13. 7 Finn tre fornamn og tre etternamn. 8 Finn namnet på eit dyr. 9 Finn eit stadnamn.