Du har det moro. Rykk fram til 46.



Gløymt å gjere heimeoppgåva? Stå over eit kast.

venn heim. Flytt til 38.






Brettar du ut omslaget, kan du bli med og spele –om du vil.
Du har det moro. Rykk fram til 46.
Gløymt å gjere heimeoppgåva? Stå over eit kast.
venn heim. Flytt til 38.
Brettar du ut omslaget, kan du bli med og spele –om du vil.
Følg barnet ditt gjennom heile skulegangen!
Du er den beste støttespelaren til barnet!
Det er tid for skulestart: ein ny og viktig epoke i barnet sitt liv, og for dykk foreldre. For at barnet skal få ei god skuletid, krev det innsats av fleire. Korleis kan heim og skule saman hjelpe barnet vidare i vekst, utvikling og læring?
God skulestart gir informasjon om dagens grunnskule. Heftet tek opp sentrale spørsmål som mange foreldre ønskjer svar på. Endå viktigare er det at heftet viser korleis de kan førebu barnet slik at det får ein god skulestart, og korleis de kan følgje opp barnet når det er i gang på skulen.
Innhaldet i heftet høver godt til eigne refleksjonar og til samtalar i foreldregrupper, på foreldremøte og i utviklingssamtalar.
Be gjerne kontaktlæraren eller foreldrekontakten om å ta opp tema frå heftet på foreldremøta.
God skulestart!
Hilsen Fagbokforlaget
Viktige år 4
Skulen er i stadig endring 5
Ein skule for alle 5
Ikkje alle har vore skulelys 6
Du er barnet sin beste støttespelar! 6
Gode råd til foreldre 7
Dei første skuledagane til barnet blir betre dersom du medverkar til at det har
– eit positivt inntrykk av skulen 8
– kjennskap til skulen sin før skulestart 8
Barnet får ein lettare skulestart dersom det er vant med – ros, oppmuntring og utfordringar 10
– klare reglar og god dagsrytme 11
– godt samspel med andre 12
– å ta ansvar og å utføre arbeidsoppgåver på eiga hand 13
– leik, song og lesing saman med ein vaksen 14
Det første skuleåret til barnet blir trivelegare og meir lærerikt dersom det – opplever interesse for korleis det trivst 15
– får hjelp til å innarbeide gode vanar når det gjeld skulearbeidet 16
– har klare og trygge rammer for mediebruk 18
– får sunn mat og opplever glede ved å vere i rørsle 19
– har praktiske klede og høveleg utstyr 20
Verdt å vite om grunnskulen 21
Samfunn og skule i endring 21
Opplæringslova 21
Organisering av elevane i klasser eller grupper 21
Kontaktlærarrolla 21
Vurderingsformer 21
Læreplanverket for Kunnskapsløftet 22
Fag og timefordeling 1. –7. trinn 22
Grunnleggjande ferdigheiter 23
Tverrfaglege tema 23
Læreplanar og kompetansemål 23
Samarbeid mellom heim og skule 23
Samarbeid om den einskilde elev 23
Samarbeid om gruppa 24
Skuledemokrati 24
Foreldre og skule – kven har ansvar for kva? 25
Om rettar og plikter 26
Val av skulestad 26
Utsett eller framskoten skulestart 26
Skuleskyss 26
Skulefritidsordninga – SFO 26
Særskild språkopplæring 26
Rett til å krevje nynorsk eller bokmål 26
Det beste for eleven 26
Tilpassa opplæring 26
Teieplikt 27
Personopplysningar 27
Omsorgssvikt 27
Skadeerstatning 27
Ordensreglar/trivselsreglar 27
Søknad om fri frå skulen 27
Spør for sjølv å vere trygg 28
Skulehelsetenesta 28
Logoped og fysioterapeut 28
PPT – ein hjelpar i skulekvardagen 28
Kompetansesenter for mange ulike behov 28
Alle elevar har rett til eit godt
skulemiljø 29
Det er eleven som kan seie om miljøet er godt nok 29
Skulen skal sikre at kvar elev har det bra 29
Du har rett til å be skulen setje inn tiltak 29
Kva kan vi foreldre gjere? 29
Ti gode råd til foreldre 30
Aktuelle utgåver 32
Nyttige nettadresser 32
«Da sommeren var gått og høsten kommet, merket han at det hadde hendt noe med ham. Ingenting var som før, han selv minst av alt. Av og til, når han ikke kjente seg selv igjen, tenkte han at han var kommet til et fremmed sted. Det sto for ham at det hadde vært varmt og trygt og lunt der han hadde vært før. Det var kaldere og ofte nokså ensomt der han var nå. Det hendte han lengtet tilbake. Men han kjente det var stengt bak ham; og han visste godt – dit han hadde vært, kunne han aldri komme mer.
Han var seks år.»
Frå Sigurd Hoel: Veien til verdens ende
Det er spennande og viktige år barnet no går inn i. Kor gode dei ti åra på skulen kjem til å bli, er ikkje berre avhengig av skulen, men også av den innsatsen de foreldre gjer saman med barnet heime. Gjennom eit godt samarbeid mellom foreldre, skulen og nærmiljøet kan skuletida bli ei god tid for barnet. Vilkåra born lever under, har endra seg radikalt. For eit par generasjonar sidan levde borna nærmare dei vaksne og lærte ved å ta del i dei mange gjere måla i storfamilien. Det var eit liv der praktiske gjeremål og formidling av kultur og verdiar gjekk hand i hand.
I dagens samfunn har familien fått ei anna rolle. Ofte er begge foreldra ute i arbeidslivet, og borna opp held seg ein større del av livet saman med andre vaksne.
Barnehage eller skule og skulefritidsordning (SFO) fyller ein stor del av kvardagen, og samarbeid mellom dei ulike vaksne er viktig for at barnet skal ha det bra. Familiemønstra endrar seg, og born flyttar meir enn før.
Gjennom nye medium blir borna i dag overfløymde av enorme mengder informasjon, ofte med motstridande verdisyn. Her har foreldra og skulen ei stor utfordring: Vi må prøve å hjelpe borna og dei unge til å orientere seg blant dei mange ulike kulturuttrykka dei blir utsette for.
I dag er dei unge i ein lang periode av livet utanfor arbeidslivet, samtidig som dei har etter måten liten kontakt med vaksenverda. Når mesteparten av læringa blir lagd til eit klasserom, er det fare for at ho blir for teoretisk. Eit kinesisk ordtak minner oss om dette:
Når skulen er samtaletema, kjem det ofte mange og engasjerte innlegg. Skulen er ein vesentleg del av livet for oss alle, og det er flott og nødvendig at så mange er opptekne av det som skjer der.
Det vi sjølve har opplevd som elevar, er med på å prege kva forventningar vi har til skulen. Som foreldre vil vi kjenne att ein del av den måten skulen arbeider på, men vi kjem også til å oppleve at det har skjedd mykje sidan vi sjølve gjekk der. Skulen er heile tida i endring.
Det er eit grunnleggjande prinsipp i norsk skule at alle born har rett til ei opplæring som er tilpassa dei evnene og føresetnadene barnet har. Det er dette vi kallar tilpassa opplæring. Retten til tilpassa opplæring er eit ærgjerrig mål, som vi har god grunn til å vere stolte av. Det inneber høge krav til skulen. Men skal tilpassa opplæring
bli ein røyndom for barnet, er det også nødvendig at foreldra respekterer barnet sin eigenart og gir det støtte, hjelp og oppmuntring til å utvikle seg.
Av og til kan skulen opplevast som ein konkurranse om kven som er flinkast på eit avgrensa område. Men det er slett ikkje meininga at vi alle skal konkurrere om å vere best i å løyse dei same oppgåvene. Seinare, når vi kjem ut i arbeidslivet, blir det behov for ulike evner og dugleikar. Det er derfor viktig at både skulen og foreldra ser kva evner og interesser kvart einskilt barn har, og støttar opp om dei.
Ikkje alle har vore skulelys
Mange foreldre er usikre på om borna deira er flinke nok på skulen. Born kan trenge ulik tid og varierte arbeidsmåtar; ikkje alle arbeider i same tempo eller følgjer den same takta i utviklinga. Det er heller ikkje alle som har like lett for å lære å lese og rekne.
Mange kan fortelje at dei har slite på skulen. Lista er lang over kjende politikarar, skodespelarar og forretningsfolk som har streva seg gjennom ein teoretisk skule og slett ikkje har vore «skuleflinke». Fordi dei har kunna utvikle sine sterke sider, har dei likevel gjort det godt seinare i livet. Derfor er det så viktig at barnet opplever å bli verdsett slik det er, og får ei sunn tru på seg sjølv.
Den opplæringa skulen gir, må altså tilpassast born med svært ulike føresetnader. Denne utfordringa kan ikkje skulen makte åleine. Derfor er engasjement frå foreldra si side så viktig og nødvendig.
Du er barnet sin beste støttespelar!
Det er godt dokumentert at born som får støtte, oppmuntring og hjelp heime, har store fordelar på skulen. Somme seier det så sterkt at den oppfølginga barnet får heime, er viktigare enn om skulen er god. Foreldra kan medverke ved å vise interesse for barnet og det barnet arbeider med på skulen, og på ulike vis stø opp om undervisninga.
Før skulestart treng ikkje barnet å kunne så mykje av det ein arbeider med på sku len. Det er mykje viktigare at det er i stand til å observere, undre seg og meistre ting med hendene. Det som kan øvast opp, er mellom anna vitehug, nyfikne og observasjonsevne.
Inspirer barnet til å kjenne att, samanlikne og trekkje enkle slutningar. La barnet trene seg i å sjå skilnad på steinar, kjenne att ulike dyrespor i snøen og skilje ulike fuglelåtar frå kvarandre.
Det er også viktig å oppmuntre barnet til å vere uthaldande når det skal løyse oppgåver, teikne og «skrible». Å bli van med å fullføre eit arbeid er skuleførebuing på sitt beste!
Evne til å kunne fungere godt sosialt er ein annan viktig føresetnad for å trivast på skulen. Du kan hjelpe barnet ditt ved å trene på vanlege sosiale spelereglar.
Leik er ein viktig del av læringsprosessen. Like viktig er alt det de kan gjere saman av praktiske oppgåver. La barnet vere med på baking, lær det å vege, måle og etter kvart lese oppskrifter. Les saman med barnet og samtal om det de les.
Foreldra er dei viktigaste føredøma for barnet. Fortel barnet om noko du sjølv er oppteken av. Gjer noko saman med barnet som også du sjølv liker. På den måten formidlar du glede og inte resse, og din eigen entusiasme kan smitte over på barnet.
Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020 Grunnskolen.
Foreldrekontakt – jeg? (gir svar på mykje av det en nyvalde foreldre/klassekontakt lurar på).
Les meir og bestill på fagbokforlaget.no
Barneombudet barneombudet.no
BarneVakten barnevakten.no
Kunnskapsløftet udir.no
Foreldreutvalet for grunnopplæringa fug.no
Opplæringslova lovdata.no
Redd Barna reddbarna.no
Statlig spesialpedagogisk støttesystem statped.no
Voksne for barn vfb.no
Copyright © 2025 by Vigmostad & Bjørke AS All Rights Reserved
1.utgave 2017
2.utgave 2020
3.utgave 2025 / 1. opplag 2025
ISBN 9788245059656
Grafisk produksjon: John Grieg, Bergen
Illustrasjoner: Kerstin Fors
Spørsmål om denne boken kan rettes til: Fagbokforlaget
Kanalveien 51
5068 Bergen
Tlf.: 55 38 88 00 epost: fagbokforlaget@fagbokforlaget.no www.fagbokforlaget.no
Materialet er vernet etter åndsverkloven. Uten uttrykkelig samtykke er eksemplarfremstilling bare tillatt når det er hjemlet i lov eller avtale med Kopinor.
Vigmostad & Bjørke AS er Miljøfyrtårn-sertifisert, og bøkene er produsert i miljøsertifiserte trykkerier.
Du må inn for å skifte. Tilbake til 23.