Framtida mi 2025 (9788211050847)

Page 1


2025

Framtida mi

Arbeidsbok i utdanningsval

Navn
REINHARDT JÅSTAD RØYSET · KJELL HELGE KLEPPESTØ

2025

Framtida mi

Arbeidsbok i utdanningsval

Innleiing

Hei og velkomen til ungdomsskulen!

Denne arbeidsboka vil hjelpe deg til å bli kjend med faget utdanningsval. Ein del fag du har på ungdomsskulen, er du allereie kjend med frå før. Utdanningsval er garantert nytt, og forhåpentleg interessant og spennande. Du vil oppleve at faget handlar om deg, dine interesser, dine styrkar og kva som er viktig for deg. Du får øvd og tenkt på viktige ting du kanskje ikkje har tenkt så nøye på før. Ta godt vare på boka og vis henne også til dei føresette. I Framtida mi vil du finne tema som er spennande å diskutere både med dei heime og andre utanom skulen. På minframtid.skole.fagbokforlaget.no finn du ekstraressursar til mange av øvingane i boka, som filmar, nyttige nettsider, historier og refleksjonsoppgåver.

Reinhardt Jåstad Røyset og Kjell Helge Kleppestø

Karriereknappar

Sirklane med ordpar blir kalla karriereknappar. Karriereknappane kan få i gang gode samtalar og refleksjonar om viktige og spennande tema i utdanningsval.

Meg – Kontekst

MEG KONTEKST

ENDRING STABILITET

TILPASSING

MOTSTAND

VAL

TILFELDIGHEITER

Handlar om å bli kjent med deg sjølv, samtidig som du er medviten om korleis du påverkar andre, og korleis samfunnet og andre er med å påverke deg.

Endring – Stabilitet

Viser til at du heile tida går gjennom endringar, samtidig som du kanskje ønskjer at livet er som du er vand med

Tilpassing – Motstand

Handlar om at du i utdanning og arbeid må kunne tilpasse deg, og at du og av og til må handtere motstand.

MOGLEGHEITER

AVGRENSINGAR

Val – Tilfeldigheiter

Viser til at du vil oppleve mange valsituasjonar i livet. Tilfeldige hendingar kan også spele ei viktig rolle for deg.

Moglegheiter – Avgrensingar

Handlar om å undersøkje kva for moglegheiter og avgrensingar du har, og sjå korleis dei kan påverke vala og handlingane dine.

Innhald

8. trinn

Livsmeistring og sjølvmedvit

Arbeid og yrker

9. trinn

Livsmeistring og sjølvleiing Karrieren din no og i framtida

10. trinn

Livsmeistring og karrieren din Videregåande opplæring og vegen vidare

Omgrep i utdanningsval

KARRIEREN DIN

I denne boka handlar ordet karriere om reisa gjennom liv, læring og arbeid for enkeltpersonar, altså deg. Mange av oppgåvene du skal arbeide med i denne boka, handlar om livet på og utanfor skulen, korleis du skal arbeide med utdanninga di etter ungdomsskulen, og korleis du kan få din første jobb.

KARRIERERETTLEIING

Alle elevar har rett til yrkes- og utdanningsrettleiing. I skulen er utdanningsval eit viktig fag for å bidra med hjelp dersom du ikkje heilt veit kva du vil eller skal gjere i overgangen til vidaregåande skule. Målet med karriererettleiing er å hjelpe deg til å bli betre til å handtere overgangar og gjere meiningsfylte val når det gjeld læring, utdanning og arbeid.

KARRIEREKOMPETANSE

Når du arbeider med karrieren din i og utanfor skulen, lærer du deg karrierekompetanse. Du blir meir kjend med deg sjølv og di eiga læring, og du utviklar identiteten din. Du samlar informasjon om utdanningsmoglegheiter og arbeidslivet. Du blir etter kvart god til å handtere overgangar, gjere val og forstå konsekvensane av vala. Du lærer at alle blir påverka av livsvilkåra og handlingane sine, og at du er med på å påverke både di eiga framtid og framtida til fellesskapet.

LIVSMEISTRING

I arbeid med folkehelse og livsmeistring i utdanningsval lærer du å handtere medgang, motgang, utfordringar og overgangar på best mogleg måte for deg. Gjennom læring og samhandling vil du få innsikt i kva for faktorar som har innverknad på karrierevala dine og korleis du meistrar livet. Du blir førebudd på deltaking i arbeid og livslang læring, og du får høve til å utvikle eit positivt sjølvbilete og ein trygg identitet.

Livsmeistring og sjølvmedvit

Dørene til verda og framtida

Visste du at opplæringslova seier at skulen, i samarbeid med heimen, skal opne dører mot verda og framtida? Kva dører har du opna så langt i livet ditt? Dette kan vere vanskelege ting du har lært deg, det kan vere noko du prøvde for første gong, eller det kan vere utfordrande eller spennande opplevingar. Kanskje var det noko som førte til at du såg annleis på livet?

1 TIDSLINJA DI

Dørene representerer kvart år i livet ditt så langt. Teikn, skriv setningar eller stikkord på tidslinja for å fortelje om kva for dører som har opna seg i livet ditt.

Sjå føre deg nokre av dei dørene som var vanskelege å opne. Tenk etter kva det var du gjorde. Korleis takla du situasjonane, slik at du etter kvart kunne gå gjennom dei dørene som var vanskelege å opne?

2 FRAMTIDSDRAUMAR

Kva hadde du alltid lyst til å gjere då du var mindre? Kva trur du var grunnen til at du ønskte det?

Kva håpar du å kunne gjere etter vidaregåande opplæring?

Kva håpar du å kunne gjere etter ungdomsskulen?

Kva ønskjer du no at du kan arbeide med eller som?

Yrka du kjenner til

I denne øvinga skal vi bruke IGP-metoden. Tenk på dei yrka du kjenner til.

•I den første sirkelen noterer du dei yrka du kjem på. Dette gjer du individuelt (I = individuelt).

•Del med ein læringspartnar. Noter ned dei ekstra yrka du får høyre om gjennom delinga (G = gruppe).

•Som avslutning deler du og partnaren din alle dei yrka de har kome fram til, med resten av gruppa (P = plenum). Kor mange yrke kjem de på saman i storgruppa?

I

G P

Kva for nye yrke fekk du høyre om?

Tenk etter: Kvar hadde du høyrt om dei yrka du kom på i den indre sirkelen?

Arbeid og yrke

Tre ønske

Tenk deg at du har funne ei magisk lampe som kan oppfylle alle ønska dine.

Det gode livet i framtida

Inne i skya skriv du og teiknar ned alle ønska dine som handlar om utdanning, yrke og eit godt liv.

Utanfor skya kan du skrive ned alt du elles kjem på at du vil ønskje deg for framtida di.

Framtidige yrke

Framtidige utdanningar

Kva er arbeid?

«Arbeid er et enormt variert fenomen med mange ulike aspekter, og vi kan derfor ikke gi et enkelt svar på spørsmålet: Hva er arbeid? Det finnes ikke én sannhet om arbeid, men mange, avhengig av hvem du er, hva du gjør, hvordan du gjør det og hvorfor du gjør det.»[3]

• Arbeidsstyrkener summen av dei som er i arbeid (sysselsette), og dei som er arbeidsledige, mellom 15 og 74 år. Dei som er under 15 år og over 74 år, blir ikkje rekna med i arbeidsstyrken.

• Ifølgje arbeidskraftundersøkinga[4] oppdatert desember 2024, er arbeidsstyrken 69,9 prosent (2 909 000) av alle personar mellom 15 og 74 år.

KVA NÆRINGAR ARBEIDER VI I?

Oversikta viser utviklinga i dei næringane vi arbeider i her i Noreg.[8] Rundt år 1900 var det eit stort fleirtal som arbeidde i primærnæringane, altså jordbruk, skogbruk og fiske. I 2024 ser vi at desse tala er heilt forandra. No er det eit fleirtal som arbeider med å tilby tenester, til dømes drive med varehandel eller offentleg verksemd.

• Arbeidsløysa i Noreg har dei siste tiåra vore ganske låg. Koronakrisa endra desse tala mykje både i Noreg og resten av verda. Arbeidsløysa i Noreg er nå låg. Det er ulike grunnar til at nokon er arbeidsledige. I desember 2024 var det 123 000 arbeidsledige av begge kjønn, noko som er 3,7 prosent av arbeidsstyrken.[6–7] Dette er tal som forandrar seg gjennom heile året.

Kva kan vere grunnane til at talet på jobbar i dei ulike næringane har endra seg så mykje dei siste hundre åra?

Næringane vi arbeider i – endringar frå 1900 til 2023

Kan du tenkje deg ulike grunnar til at nokre er arbeidsledige i Noreg?

Terningen er kasta

1 KVA SLAGS KARRIERE?

Kast ein terning tre gonger (stad, ferdigheiter, moglegheiter) og finn ut kva slags karriere du har.

TerningkastStadsskildring Ferdigheiter Moglegheiter

1Utandørs

IKT-ferdigheiter Kan reise

2Kontor eller stor bygningAnalyse og matematikkKan tene mykje pengar

3Reiser rundt Kunne behandle menneskeKan møte mange ulike menneske

4Miljø med mange personarLeiarskap Kan hjelpe mange menneske

5Miljø med mange maskinerFysisk styrke Står høgt i kurs i samfunnet

6 Besøkjer ei stor mengd staderDrama- og skodespelarferdigheiter Kan løyse vanskelege problem

Stad Ferdigheiter Moglegheiter

2 UNDERSØK ARBEID OG YRKE

Bruk resultata i oppgåve 1, og undersøk arbeid og yrke som passar med desse tre skildringane.

Moglege yrke

Mulige yrker

Diskuter korleis det å ha denne typen arbeid ville verke inn på livet ditt.

Livsstil
Livsstil

Livsmeistring og sjølvleiing

Sjølvsnakk

Sjølvsnakk er den samtalen som går føre seg inne i hovudet vårt, med negative og positive kommentarar til oss sjølve. Samtalen vi har med oss sjølve inne i hovudet, har ein enorm påverknad på korleis vi møter utfordringar. Positivt sjølvsnakk er ein hovudingrediens for å handtere medgang og motgang. Her skal du utforske og utfordre denne samtalen.

Sjå tilbake på kva du skreiv om sjølvsnakk i åttande. Kva har forandra seg?

1 POSITIVT ELLER NEGATIVT

SJØLVSNAKK?

Tenk på ein utfordrande situasjon du kom ut for, der sjølvsnakk var involvert. Skriv ned kva som hende.

2 SJØLVSNAKK I KLASSEROMMET

Nemn fem ting du meiner kjenneteiknar deg og arbeidet ditt i klasserommet.

Var sjølvsnakket ditt positivt eller negativt? Gje eit døme.

Gjorde du noko for å forandre tankegangen din? Kva fungerte?

Kva har forandra seg i løpet av det første året på ungdomsskulen?

Kva ville du ha sagt dersom ein ven var i denne situasjonen?

Karrieren din no og i framtida 9. trinn, del 2

Kommunikasjon i yrkesverda 78 Yrke i skulefaga ........................... 79 Yrke du vil utforske...................... 80 Moglegheiter og merksemd ....... 81

Søkje på jobb 83 Moglegheiter i lokalsamfunnet ... 84 Kva er løn? ................................... 85

87

brukar nordmenn pengar på 90

Korleis har forbruket utvikla seg? ... 91

Kommunikasjon i yrkesverda

a c

Kor mange yrke kan du nemne der du tenkjer at det er spesielt viktig å kunne kommunisere godt?

Reflekter over om det er spesielt yrke med flest kvinner eller flest menn som har behov for god kommunikasjon.

Kva er det med dei yrka du nemner, som gjer at kommunikasjon er viktig?

Livsmeistring og karrieren din

Sjølvsnakk

Sjølvsnakk er den samtalen som går føre seg inne i hovudet vårt, med negative og positive kommentarar til oss sjølve. Samtalen vi har med oss sjølve inne i hovudet, har ein enorm påverknad på korleis vi møter utfordringar. Positivt sjølvsnakk er ein hovudingrediens for å handtere medgang og motgang. I denne øvinga utforskar og utfordrar vi denne samtalen.

1 POSITIVT ELLER NEGATIVT SJØLVSNAKK?

Tenk på ein utfordrande situasjon du kom ut for, der sjølvsnakk var involvert. Skriv ned kva som hende.

Gjorde du noko for å forandre tankegangen din? Kva fungerte?

Var sjølvsnakket ditt positivt eller negativt? Gje eit døme.

Kva ville du ha sagt dersom ein ven var i denne situasjonen?

2 SJØLVSNAKK I KLASSEROMMET

Nemn fem ting du meiner at kjenneteiknar deg og arbeidet ditt i klasserommet.

Har noko forandra seg i korleis du lyttar til og brukar sjølvsnakket sidan 9. trinn?

Sjå side 74.

Verdiar

Har du god oversikt over kva som er spesielt viktig for deg i ulike samanhengar? I denne oppgåva utforskar vi ord som skildrar verdiar.

1 VERDILADDE ORD

I lista finn du mange ulike verdiladde ord og uttrykk. Tenk gjennom kva orda tyder.

Marker dei orda som treng ei forklaring.

aksept ha makt til å ta avgjerder omsorgsfull stabilitet alvor hjelpe andre oppleve meistring støtte frå familien

anerkjenning hjelpsemd opplevingar sunnheit

ansvar høgt arbeidstempo optimisme tillit

arbeide hardt håp orden tene (mykje) pengar

bli kjend ikkje for stort press overtyding tradisjonar

bli verdsett jobbe åleine overskot tru bruke evnene mine jobbe med andre som har mine verdiar prestere tryggleik evner jobbe med maskiner påliteleg framferd tolmod

familie jobbe med menneske påverke andre utfordringar ferdigheiter jobbe saman med andre rettferd variasjon føreseieleg kvardag kreativitet ryddig kvardag vener fred likeverd samarbeid venleg framferd fridom lære nye ting sjølvstende verdigheit fysiske utfordringar medkjensle sjå resultat av arbeidet mitt vere i god form få anerkjenning meistring seriøsitet vere kunstnarisk glede moglegheit til å utfalde meg skape ei betre verd vere omtenksam

godleik munter stemning skape noko nytt vere til nytte i samfunnet

ha det kjekt nysgjerrig haldning spenning ærlegdom

2 VERDIAR SOM ER VIKTIGE FOR DEG

Marker inntil ti verdiar frå tabellen på førre side som du synest er viktige for deg. Marker med ein farge eller eit symbol.

Av dei ti verdiane vel du dei fem som du synest er viktigast for deg. Marker dei med ein annan farge eller eit anna symbol.

Kva for verdiar vil vere viktige for deg når du søkjer utdanning og arbeid? Vil desse verdiane vere annleis enn i det private livet ditt?

Reflekter rundt dei verdiane du har markert, med ein læringspartnar. Har de nokon verdiar som er felles? Skriv ned dei verdiane de har felles.

Kva synest du om dei verdiane du har markert? Korleis vil du definere dei?

Vidaregåande opplæring og vegen vidare

Måtar å leve livet på

Når du blir spurd om framtidsvala dine, får du kanskje spørsmål som handlar om utdanning og yrke. Kanskje har du klare tankar om dette, eller kanskje kan du trenge hjelp til å formulere deg klarare om kvar du ser deg sjølv i framtida? I denne øvinga kan du få innspel til kva som er viktig for å leve eit godt og meiningsfullt liv, og kva som kan vere ein mogleg veg for å kome dit.

HISTORIER

Jobb i grupper på fire. Gjennomfør øvinga i tre trinn.

Alle i gruppa les gjennom dei fire historiene.

Snakk saman om historiene. De skal finne likskapar og skilnader om korleis ein kan leve eit godt og meiningsfullt liv. Korleis skil historiene seg frå kvarandre?

Kva er likt på tvers av historiene? De skal ikkje prøve å bli einige, men heller lytte til perspektiva til kvarandre. Ta utgangspunkt i desse spørsmåla:

•Kva for skilnader og likskapar ser de mellom Line, Victor, Henrik og Carmen?

•Kva karakteriserer dei ulike ideane dei har om det gode livet?

Som avslutning på øvinga tek de ein runde der alle prøver å svare på spørsmåla nedanfor. Éin og éin fortel om tankane sine. Dei som ikkje fortel, skal lytte.

•Kven sin idé om det gode livet har du minst til felles med? Kva er grunnane til det?

•Kven sin idé om det gode livet har du mest til felles med? Kva er grunnane til det?

•Nemn ein av tinga som er viktige for deg for å ha eit godt og meiningsfullt liv.

Historie 1: Carmen

Carmen er 32 år gammal. Ho er utdanna jurist frå 2010 og har vore tilsett på eit advokatkontor i fire år. Ho bestemte seg for å studere jus fordi ho alltid har likt å diskutere ting. Samtidig ville ho gjerne ha ei utdanning som gav mange ulike jobbmoglegheiter. På advokatkontoret jobbar ho med å førebu saker til rettssaker, og ho får mykje ansvar. Ho synest det er spennande med så mykje ansvar, men set også stor pris på å kunne samarbeide med kollegaene sine. Carmen arbeider ofte 50 timar i veka, nokre gonger meir. Ho tener meir enn venene sine, rundt 50 000 kroner i månaden. Ho saknar likevel å ha meir tid til å dyrke andre interesser, som å teikne og å vere meir saman med kjærasten sin og venene sine.

Historie 2: Henrik

Henrik er 42 år gammal og arbeider som quizmaster på den lokale puben rett ved der han bur med kone og to barn. Då han var 18 år, var han ein lovande idrettsutøvar, og han planla å studere idrett. Han tok jobben som quizmaster mest for å tene litt ekstra, men likte fridommen i jobben så godt at han valde vekk utdanninga og blei verande i jobben som quizmaster. Fridommen han får, er nemleg moglegheita til å trene kvar dag og til å ha mykje tid saman med ungane på dagtid. Henrik tenkjer nokre gonger på om han hadde vore lykkelegare dersom han hadde teke ei utdanning.

Historie 3: Victor

Victor er 34 år. Han er utdanna geolog frå Universitetet i Oslo. Han valde å studere geologi fordi han hadde ein lærar på ungdomsskulen som fortalde mykje spennande om geologi. Han ville eigentleg studere i mange år, men fekk seg jobb på ei oljeplattform, der han har vore i fem år. Han likar jobben og tener godt, men er uroleg for framtidsutsiktene i bransjen på grunn av oljekrisa som ramma landet. Han begynner også å bli lei av å vere så lange periodar vekke frå kona og dei to små ungane deira.

Historie 4: Line

Line er 37 år og utdanna barneog ungdomsarbeidar. Ho arbeider på ein døgninstitusjon der ungane mellom 4 og 18 år får vere dersom dei ikkje kan bu hos foreldra sine. Då Line gjekk på ungdomsskulen, visste ho ikkje kva ho ville bli. Ho ville gjerne arbeide med barn og valde barneog ungdomsarbeidarfaget. Ho fekk lærlingkontrakt i ein barnehage, men likte ikkje å ha ansvar for så mange små ungar. Ho fekk seg jobb på døgninstitusjonen der ho har jobba dei siste 17 åra. Ho likar jobben veldig godt og føler ho får gode moglegheiter til å utgjere ein forskjell for andre menneske. Line har to ungar, men bur ikkje saman med faren til ungane. Dei deler på omsorga, og i «hennar veker» kan det vere vanskeleg å rekke å hente i barnehagen. Line merkar at ho av og til slit med å ha nok overskot til å vere saman med ungane etter lange og tunge dagar på jobb. Ho vurderer av og til å finne seg ein jobb som ikkje krev så mykje av henne, men samtidig er ho redd for å gje frå seg ein jobb ho trivst godt i.

Valkompetanse –ti steg til eit betre val

Dersom du har eit vanskeleg val å gjere eller ei vanskeleg avgjerd å ta, kan desse ti stega vere ein god metode for å arbeide med avgjerdsgrunnlaget før du bestemmer deg og lagar ein plan for det du skal gjere.

1 SØKNAD TIL VIDAREGÅANDE OPPLÆRING

Bruk dei ti stega i arbeidet med å fylle ut søknaden til vidaregåande skule. Stega kan hjelpe deg på vegen mot val av vidaregåande opplæring.

Steg 1

Kva er valet du skal gjere, eller avgjerda du skal ta?

Steg 2

•Kva tankar har du om det som skal skje når du har valt?

•Kva for ulike moglegheiter har du?

Steg 3

•Finn argument for og imot.

•Fargelegg dei viktigaste argumenta.

•Gje argumenta for og imot ulike fargar.

•Gje kvart av argumenta poeng mellom 1 og 3.

•Kva side vinn når du summerer opp?

Copyright © 2025 by Vigmostad & Bjørke AS All Rights Reserved

1. utgåve 2025 / 1. opplag 2025

ISBN: 978-82-11-05084-7

Omsetjing til nynorsk: Eirik Ulltang Birkeland

Grafisk produksjon: John Grieg, Bergen Omslagsdesign ved forlaget

Illustrasjoner: © Drazen Zigic / Shutterstock

Spørsmål om denne boka kan rettas til: Fagbokforlaget Kanalveien 51 5068 Bergen Tlf.: 55 38 88 00 e-post: fagbokforlaget@fagbokforlaget.no www.fagbokforlaget.no

Materialet er verna etter åndsverklova. Utan uttrykkjeleg samtykke er eksemplarframstilling berre tillate når det er heimla i lov eller avtale med Kopinor.

Vigmostad & Bjørke AS er Miljøfyrtårn-sertifisert, og bøkene er produsert i miljøsertifiserte trykkeri.

Framtida mi 2025

Arbeidsbok i utdanningsval

Framtida mi har øvingar og oppgåver som vil førebu deg på dei vala om utdanning du må gjere på 10. trinn.

Du vil lære mykje om deg sjølv, og samtidig vil du få kunnskap om dei mange moglegheitene som finst.

Du vil gå på jakt etter interesser, styrkar og eigenskapar ved deg sjølv, og du vil få hjelp til å sjå framover mot den vidare karrieren din. Etter at du har arbeidd med utdanningsval og temaet livsmeistring i tre år, vil du ha kome godt i gang med å utvikle karrierekompetansen din.

Innhald: 8.trinn

Livsmeistring og sjølvmedvit Arbeid og yrke

9.trinn

Livsmeistring og sjølvleiing Karrieren din no og i framtida

10.trinn

Livsmestring og karrieren din Vidaregåande opplæring og vegen vidare

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.