Page 1

EKSEMPELSAMLING FOR APA-STILEN MED DØME PÅ SITAT, HENVISNINGAR OG KJELDELISTE SOGNDAL VGS -------------------------------------------------------

SITAT Kva er sitat? -Setningar og formuleringar du hentar frå kjelder og brukar i ei innlevering. -Viss du kopierer og limer sitata inn i ein besvarelse utan å gjere dei om, kallar vi det for å «sitere direkte». -Direkte sitat krev at du brukar henvisning (nemner opphavsperson)! Viss ikkje, kan dette bli oppfatta som plagiering. -«Indirekte sitat» eller «parafrase» er å skrive om sitata med dine eigne ord.

Sitat passar å bruke ved: 

Meiningar

Påstandar

Argument

Forklaringar

Definisjonar av viktige begrep

-som ein forfattar av ei kjelde uttrykkjer, og som kan danne utgangspunkt for diskusjon. Det egnar seg ikkje å skrive sitat/henvisningar ved faktaopplysningar som er meir eller mindre opplagt eller såkalla “allment kjend” informasjon! 

Sitat kan òg brukast viss du vil trekkje fram skildringar ol. frå romanar, noveller eller dikt.

EKSEMPELSAMLING - APA-STILEN - VED ELSE NESS, 2018.

1


DIREKTE SITAT NB! Eit direkte sitat må skrivast nøyaktig slik det står i kjelda, med same ord sjølv om det er feilskrive, på same språk og med same teiknsetjing. Korte sitat på 3 liner eller mindre: Ein må vere bevisst kva som skal til for å utvikle seg til ein god idrettsutøvar: «For å oppnå gode resultat i hekkeløp må du vere rask, sterk, uthaldande, bevegeleg og dristig» (Brunes og Enoksen, 2012, s. 138). Dette viser at ulike idrettsgreiner krev ulike ferdigheiter. Det som står inni «hermeteikna» er sitatet, og ein brukar å setje inn eit kolon rett før. Henvisninga blir som regel ført opp i ein parentes rett etter sitatet.

Lengre sitat på over 3 liner: Ein må vere bevisst kva som skal til for å utvikle seg til ein god idrettsutøvar: For å oppnå gode resultat i hekkeløp må du vere rask, sterk, uthaldande, bevegeleg og dristig. Ein hekkeløpar må vere sterk og bevegeleg i dei musklane som bøyer og strekkjer i hofte- og kneledda og fører beinet utover og innover i hofteregionen (Brunes og Enoksen, 2012, s. 138). Dette viser at ulike idrettsgreiner krev ulike ferdigheiter.

Slik som i det korte sitatet brukar ein her òg kolon rett før sitatet, men i staden for hermeteikn brukar ein mellomrom før og etter sitatet. Du kan òg bruke større marg (innrykk) til venstre for sitatet. Hugs henvisninga! (Døma her er henta frå boka Aktivitetslære av Anders O. Brunes og Eystein Enoksen, 2012.)

Direkte sitat egnar seg best til å sitere frå kjelder som forklarar viktige ord/omgrep, skjønnlitterære verk eller frå uttrykk som misser noko av særpreget viss ein skriv det om (til dømes dikt eller kjende sitat).

EKSEMPELSAMLING - APA-STILEN - VED ELSE NESS, 2018.

2


INDIREKTE SITAT – PARAFRASE I følgje læreplanane må ikkje elevar på vgs følgje noko krav om å bruke henvisningar når ein skriv indirekte sitat. Dette i motsetnad til høgre utdanning, der ein må bruke indirekte sitat med henvisningar for å få innleverte oppgåver godkjende.

I dømet her er det direkte sitatet ovanfor omskrive med mine eigne ord: For å bli god i hekkeløp må du ha fleire typar gode eigenskapar, mellom anna sterke og fleksible musklar i kne og hofte (Brunes og Enoksen, 2012, s. 138). Når ein skriv indirekte sitat, blir dette ein del av din eigen tekst, difor markerar du ikkje sitatet med hermeteikn eller mellomrom slik som du gjer med direkte sitat. Her kan ein som vist, bruke same form for henvisning som ved direkte sitering, men ein kan òg nemne forfattar i teksten slik som i dømet nedanfor: Brunes og Enoksen (2012) meiner at du må ha fleire typar gode eigenskapar for å bli god i hekkeløp, mellom anna sterke og fleksible musklar i kne og hofte (s. 138). Hugs å ta med år, vanlegvis rett etter forfattarnamn, og sidetalet i parentes på slutten av sitatet!

Indirekte sitat egnar seg best når du skriv fagtekstar, oppgåver som inneheld ein drøftingsdel eller oppgåver som går ut på å finne ulike synspunkt på ei sak. Når du brukar indirekte sitat får du ofte bearbeidd stoffet på ein betre måte enn ved direkte sitering.

EKSEMPELSAMLING - APA-STILEN - VED ELSE NESS, 2018.

3


HENVISNINGAR Kva er vitsen med å skrive kjeldehenvisningar? 1. Tanken bak det å henvise til kjelder: Å vise til ei kjelde er det same som å vise respekt for dei personane som har tenkt ut det som er så bra formulert at du vil bruke det i ei oppgåve, du «låner» andre sine idèar, og det er berre rett og rimeleg at du fortel kven som er opphavet til idèane! 2. I tillegg viser du lærar/sensor at du verkeleg har jobba med stoffet. Kvifor? Fordi det krev ei viss tenking og bearbeiding av fagstoffet før du kan presentere dei viktige poenga og forklare dei ulike teoriane i kjeldene. Og det er i desse tilfella ein brukar henvisningar. For å utvikle god oppgåveskriving og førebu deg til studiar, kan du: -tenkje over dei nemnde årsakene til at ein viser til kjelder. -prøve ut å skrive kjeldehenvisningar, til dømes neste gong du har ei innlevering, sjølv om du berre har brukt èi kjelde.

Kva er henvisning? -Ei henvisning er ei referering til kjelda du har brukt. -Vanlegvis er henvisninga i form av ein parentes som gjerne inneheld:    

Etternamn på forfattar av kjelda eller Tittel på kjelda, viss ikkje forfattar er nemnt Årstal for då kjelda vart publisert Side, viss aktuelt

Vanleg oppsett for ei henvisning:

(Etternamn, År, side)

Døme: Sitat frå side 44 i boka Fugletribunalet av Agnes Ravatn, som kom ut i 2013:

(Ravatn, 2013, s. 44)

EKSEMPELSAMLING - APA-STILEN - VED ELSE NESS, 2018.

4


KJELDER DER FORFATTAR ER OPPGITT Reglar ved ulikt tal på forfattarar: Er det 2 forfattarar på ei kjelde, skal begge sine etternamn oppgis kvar gong ein viser til den kjelda.

Er det fleire forfattarar skal ein føre opp namna i den same rekkefølgja som dei står oppført i kjelda.

Frå 3 til 5 forfattarar: (Nilssen, Dale, Gjerset & Røed, 2011) (Nilssen et al., 2011)

–første henvisning

–dei neste henvisningane til same kjelda

Meir enn 5 forfattarar: Døme der vi har ei kjelde frå 1995 med 6 forfattarar, og den førstnemnte er Olsson.

(Olsson et al., 1995) –i første og alle henvisningar til den same kjelda

(Et al. er latinsk og ei forkorting for «Et Alii» som tyder «og andre».)

KJELDER DER FORFATTAR IKKJE ER OPPGITT Nokre kjelder oppgir ikkje namn på forfattarar til dømes fordi det har vore svært mange med på å skrive dokumentet eller fordi kjelda representerer ein heil organisasjon meir enn enkeltpersonar, slik som til dømes offentlege dokument. For kjelder utan forfattar, er det vanleg å bruke tittelen på kjelda i henvisningar:

(Tittel, År, side)

EKSEMPELSAMLING - APA-STILEN - VED ELSE NESS, 2018.

5


-Nettsider: Nettsider inneheld ofte fleire artiklar som ein klikkar seg inn på. I henvisningar brukar ein overskrifta eller tittelen på artiklane.

Døme: Artikkelen «Enslige mindreårige asylsøkere»: henta frå nettsida ung.no.

(Enslige mindreårige asylsøkere, 2015)

-Leksikon og Wikipedia: I dømet her har vi brukt artikkelen «Det gylne snitt», frå Wikipedia, publisert i 2014:

Generelt ser henvisninga slik ut:

(Det gylne snitt, 2014) Eller du kan skrive som i dette dømet: Vi kan finne eksempel på bruk av matematikk i kunsten, mellom anna ved bruk av perspektiv, og det gylne snitt, som i følgje artikkelen Det gylne snitt (2014), er å rekne ut kvar i eit bilde det er mest harmonisk for blikket vårt å plassere eit motiv.

-Offentlege dokument: Offentlege dokument er ikkje signert med nokon opphavsperson eller forfattar. Når ein skal vise til ei slik kjelde, brukar ein namnet på departementet eller institusjonen som har utgitt dokumentet. Offentlege dokument kan vere slik som: -NOU (Noregs offentlege utgreiing) -Stortingsmeldingar -Rundskriv -Lover og forskrifter -Statistikkar

EKSEMPELSAMLING - APA-STILEN - VED ELSE NESS, 2018.

6


Døme 1: NOU 2009:1 -Individ og integritet. Personvern i det digitale samfunnet. Fornyings-, administrasjons- og kirkedepartementet. I utgreiinga Individ og integritet. Personvern i det digitale samfunnet, blir det satt søkelyset på korleis media nokre gonger kan kome i konflikt med personvernet i tilfelle der dei finn og publiserer opplysningar om integriteten, privatlivet eller andre personlege opplysningar om eit menneske (Fornyings-, administrasjons- og kirkedepartementet, 2009, s. 19).

Ved lange namn på departement ol: Første gong du henviser til eit slikt dokument, bør du gjengi namnet på avdelinga/departementet fullt ut, men du kan leggje til ei forkorting i parentes, og bruke denne forkortinga i resten av besvarelsen din når du viser til denne kjelda. Døme: Fornyings-, administrasjons- og kirkedepartementet (FAKD) har i NOU-en Individ og integritet. Personvern i det digitale samfunnet, satt søkelyset på korleis media kan kome i konflikt med personvernet (FAKD, 2009, s. 19).

Døme 2: Rapport og tabell frå statistisk sentralbyrå med tittelen Norsk kulturbarometer, 2012, publisert i 2013 (NB!). Tabellen Norsk kulturbarometer, 2012, fortel oss at nordmenn går meir på konsertar i dag (2012) enn dei gjorde på 90-talet (Statistisk sentralbyrå, 2013).

(Tabellar, illustrasjonar eller figurar, brukar ein gjerne å nummerere med Figur 1. Figur 2, etc. Sjå lenger bak i denne eksempelsamlinga for dømer på dette.)

EKSEMPELSAMLING - APA-STILEN - VED ELSE NESS, 2018.

7


Sekundære kjelder -er kjelder du ikkje har framfor deg og kan lese med eigne auge, men som er referert til i kjelder du har framfor deg. Orda «sitert i», viser at dette er ei sekundær kjelde. Oppsett av henvisning:

(Sitert i Henvisninga til kjelda du har framfor deg) Døme henta frå Politikk og makt (2012), av Mellbye og Kval: Professor Robert A. Dahl, meiner at ordet Demokrati er forelda, sidan det oppstod for svært lenge sidan, og ikkje passar til vår moderne tid (sitert i Mellbye og Kval, 2012, 55).

NB! Du bør ikkje bruke for mykje sekundære kjelder, sidan nyansar og moment kan forsvinne eller forståast på andre måtar enn du sjølv ville gjort, om du leste kjelda sjølv. Så prøv å skaff originalkjeldene så langt det er mogleg.

Når ein manglar årstal for publisering: Då set ein inn uttrykket «s.a.» som er ei forkorting for det latinske uttrykket «sine anno», som rett og slett tyder «utan år». Døme:

(Arbeiderpartiets klimapolitikk, s.a.) (Nilssen et al., s.a.) (Boyesen & Grude, s.a., s. 40)

EKSEMPELSAMLING - APA-STILEN - VED ELSE NESS, 2018.

8


Kjeldeliste - Litteraturliste - Referanseliste På kjeldelista skal følgjande opplysningar om ei kjelde vere med:    

Etternamn til forfattar, Første bokstav (initialen) i fornamn til forfattar År og eventuelt dato for publisering, (i parentes) Tittel på artikkel (viss henta frå eit tidsskrift eller frå nettside. IKKJE bruk hermeteikn!) Tittel på kjelda i kursiv, ved bok, leksikon (også nett-leksikon) eller tidsskrift/avis

Deretter kjem det an på om kjelda er ei bok:   

Utgåve, viss det er ei nyare utgåve enn 1. utgåve. Skrivast slik: (2. utg.) Stad der forlaget som gav ut boka held til Namnet på forlaget

Eller om kjelda er ei nettside:  

Dato for kva tid du leste artikkelen, viss nettsida ofte blir oppdatert URL (nettadresse/lenke)

Døme: Alle forfattarnamna skal førast opp (gjeld opp til 7 forfattarar). Mellom dei to siste skriv du «&»: Langholm, K., Andressen, H. L., Woldstad, Å. & Engh, C. (2015). Helsefremjande arbeid: Vg2 barne- og ungdomsarbeidarfag. (2. utg.). Oslo: Cappelen Damm.

Når vi ikkje har forfattar, så byrjar ein med tittel på kjelde eller artikkel: Berørt: 34 noveller av ungdom. (1998). Oslo: Gyldendal Tiden ANS. Dette er ei bok, så tittelen skal stå i kursiv.

Idrettsskader, friidrett (2013, 26. juni). http://nhi.no/trening/idrettsskader/. friidrett-skader-3814.html?page=all. Dette er ei nettside, difor skal ikkje tittelen markerast eller setjast i kursiv. EKSEMPELSAMLING - APA-STILEN - VED ELSE NESS, 2018.

9


Offentlege dokument førast opp ved å byrje med namnet på departement eller avdeling: Fornyings-, administrasjons- og kirkedepartementet. (2009). Individ og integritet. Personvern i det digitale samfunnet. (NOU 2009:1). Henta frå https://www.regjeringen.no/contentassets/c6e6901fea06412fa8f78ae 3eae9c33f/no/pdfs/nou200920090001000dddpdfs.pdf.

Statistisk sentralbyrå (2013). Norsk kulturbarometer, 2012. Henta frå https://www.ssb.no/kultur-og-fritid/statistikker/kulturbar/hvert-4-aar/2013-05-21.

Wikipedia-artiklar og artiklar henta frå leksikon har ofte denne modellen (ein skriv «I:» og namnet på leksikonet):

Det gylne snitt (2016, 16. februar). I: Wikipedia. Henta 4. mars 2016 frå https://no.wikipedia.org/wiki/Det_gylne_snitt.

Hagen, A. (2005). Helleristninger. I: Store norske leksikon (Bind 6, s. 693–694). Oslo: Kunnskapsforlaget.

Kapittel i bok: -Er mest aktuelt å bruke, når du har ei bok med kapittel som er skrivne av ulike forfattarar eller når berre har lese ein eller få av kapitla. Forfattar av kapittel, Initial. (2008). Tittel på kapittel. I: Initial. Redaktøretternamn & Initial. Redaktøretternamn (Red.), Tittel på boka i kursiv (sidetal). Stad: Forlag.

Døme: Heggen, K. (2008). Profesjon og identitet. I: A. Molander & L. I. Terum (Red.), Profesjonsstudier (s. 321–332). Oslo: Universitetsforlaget.

NB! Du bør føre opp boka i sin heilheit og ikkje som kapittel i bok, viss det er ei lærebok i eit fag du har hatt gjennom eit skuleår (og då gjerne har lest fleire kapittel). EKSEMPELSAMLING - APA-STILEN - VED ELSE NESS, 2018.

10


Tidsskrift-artiklar:

Forfattaretternamn, Initial. (År). Tittel på artikkel. Tittel på tidsskriftet i kursiv, Volum eller årgang (Nr), side-side. Henta dato år frå URL.

Døme: Andersen, K.I. (2012). Prosessen som ingen kunne målbinde. Fokus på familien, 4 (2), 270-272. Henta 13. mars 2016 frå https://www.idunn.no /fokus/2012/04/prosessen_ som_ingen_kunne_mlbinde.

Avisartiklar: Forfattaretternamn, Initial. (År, dato). Tittel på artikkel. Tittel på avisa i kursiv, side-side. Eventuelt henta dato frå URL.

Døme, papir-avis: Vangsnes, G.S. (2016, 9. april). Rekordar for Sogndal filmfestival. Sogn avis, side 12-13.

Døme, online-avis: Brekke, K. M. (2016, 9. april). Samferdslejobben er ikkje gjort. Sogn avis, henta frå http://www.sognavis.no/politikk/aurland/nyhende/samferslejobben-erikkje-gjort/s/5-48-65717.

EKSEMPELSAMLING - APA-STILEN - VED ELSE NESS, 2018.

11


Filmar, DVD-ar og TV-program

Regissør, Initial. (År, ev. dato). Filmtittel [format-type]. Land: Filmstudio eller produsent. Eventuelt henta dato og URL. Døme:

Olin, M. (2002). Kroppen min [DVD]. Noreg: Speranza film. Wøhni, E. (2016, 6. mars). Kildehenvisning og litteraturliste med Apa stil i word [video]. Henta 23. februar 2018 frå https://www.youtube.com/watch?v=CMHhYLIhA9I.

Slik blir henvisningane i teksten: (Olin, 2002) og (Wøhni, 2016)

TV-program har ofte ikkje opphavspersonar framheva. Då blir gjerne modellen slik:

Programtittel. (År, ev. dato). Episode-tittel [format-type]. Stad: Produsent. Eventuelt henta dato og URL. Døme: NRK Nyheter. (2018, 23.februar). Dagsrevyen [TV-program]. Oslo: NRK.

Henvisning i teksten: (NRK Nyheter, 2018)

EKSEMPELSAMLING - APA-STILEN - VED ELSE NESS, 2018.

12


Facebook og Twitter-innlegg Denne typen informasjon bør brukast med varsemd, bruk kjeldekritikk! Viss informasjonen du behandlar i oppgåver har mange postar frå FB og Twitter, så kan dette setjast på kjeldelista, eventuelt som ein eigen del, med eiga overskrift. Viss det berre er snakk om at du vil vise til enkelte eksempel, set du dette ikkje på kjeldelista, men du kan lage fotnotar i teksten, med URL til den aktuelle posten.

Viss oppføring i kjeldeliste: Namn på side eller person. (År, dato). Heile innlegget eller viss veldig langt, i forkorta format [Type media]. Henta dato URL. Døme: Hilde Sandvik. (2018, 4. februar). Denne talen Kultursjef Olav Brostrup Müller hadde for Bergen og Litteraturhuset på onsdag bør alle lese. Spot on om den bergenske tilstand. Eg saknar også denne byen: «Den utgaven av Bergen hadde en annen selvtillit enn byen jeg nå hører skarre svakt i det fjerne […] [Facebookinnlegg]. Henta 26. februar 2018 frå https://www.facebook.com/hilde.sandvik/posts/10155047753316761

Elles vil henvisninga til denne posten sjå ut slik i besvarelsen: (Hilde Sandvik, 2018) 1 Fotnota nedst på sida vil sjå slik ut: 1

https://www.facebook.com/hilde.sandvik/posts/10155047753316761

Førelesningar eller undervisnings-presentasjon Her må du vurdere om det er naudsynt å setje dette på kjeldelista eller om det er tilstrekkeleg å lage henvisning med fotnote, og i fotnota opplyse om kva type informasjon dette er. Viss materialet ligg på Fronter, bør du bruke sistnemnde måte. Etternamn på den som presenterer, Initial. (dato for presentasjon). Tittel på presentasjon [Type presentasjon]. Ev. URL, viss det er lagt ut på nettet. Døme: Andersen, A. (2017, 3. februar). Om lokaldemokratiet [Powerpoint].

EKSEMPELSAMLING - APA-STILEN - VED ELSE NESS, 2018.

13


Døme på kjeldeliste: Andersen, K.I. (2012). Prosessen som ingen kunne målbinde. Fokus på familien, 4 (2), 270-272. Henta 13. mars 2016 frå https://www.idunn.no/fokus/2012/04 /prosessen_ som_ingen_kunne_mlbinde. Brekke, K. M. (2016, 9. april). Samferdslejobben er ikkje gjort. Sogn avis, henta frå http://www.sognavis.no/politikk/aurland/nyhende/samferslejobben-er-ikkjegjort/s/5-48-65717. Det gylne snitt (2016, 16. februar). I Wikipedia. Henta 4. mars 2016 frå https://no.wikipedia.org/wiki/Det_gylne_snitt. Fornyings-, administrasjons- og kirkedepartementet. (2009). Individ og integritet. Personvern i det digitale samfunnet. (NOU 2009:1). Henta frå https://www.regjeringen.no/contentassets/c6e6901fea06412fa8f78ae 3eae9c33f/no/pdfs/nou200920090001000dddpdfs.pdf. Heggen, K. (2008). Profesjon og identitet. I: A. Molander & L. I. Terum (Red.), Profesjonsstudier (s. 321–332). Oslo: Universitetsforlaget. Idrettsskader, friidrett (2013, 26. juni). http://nhi.no/trening/idrettsskader/. Langholm, K., Andressen, H. L., Woldstad, Å. & Engh, C. (2015). Helsefremjande arbeid: Vg2 barne- og ungdomsarbeidarfag. (2. utg.). Oslo: Cappelen Damm. Mellbye, A. J. og Kval, K.-E. (2012). Politikk og makt. Oslo: Cappelen Damm. Ravatn, A. (2013). Fugletribunalet. Oslo: Samlaget. Statistisk sentralbyrå (2013). Norsk kulturbarometer, 2012. Henta frå https://www.ssb.no/kultur-og-fritid/statistikker/kulturbar/hvert-4-aar/2013-05-21. Wøhni, E. (2016, 6. mars). Kildehenvisning og litteraturliste med Apa stil i word [video]. Henta 23. februar 2018 frå https://www.youtube.com/watch?v=CMHhYLIhA9I.

EKSEMPELSAMLING - APA-STILEN - VED ELSE NESS, 2018.

14


Figurar, tabellar, illustrasjonar Denne typen informasjon reknar ein ikkje for å vere kjelder i den tydinga at dei enkeltvis skal førast på kjeldelista. Men figurar bør merkast med følgjande: -Nummer, til dømes «Figur 1». «Figur 2». etc. -Tittel. Viss det ikkje finst noko frå før, lagar du ein forklarande tittel. -Opphavsperson eller –institusjon. -«Henta frå» kjeldetittel eller nettadresse alt etter som. Oppgi same nummer og tittel du har brukt på figuren, når du vil vise til den i besvarelsen. Figurar kan du ha anten i sjølve teksten fortløpande eller ha som vedlegg til innleveringa. Høyr med faglærar kva som gjeld!

Døme 1 Tabellen Norsk kulturbarometer, 2012 frå Statistisk sentralbyrå, 2013.

Figur 1. Norsk kulturbarometer, 2012, (Statistisk sentralbyrå, 2013) Henta frå http://www.ssb.no

I besvarelsen: Norsk kulturbarometer, 2012, (Figur 1.) fortel oss at nordmenn går meir på konsertar i dag (2012) enn dei gjorde på 90-talet (Statistisk sentralbyrå, 2013).

EKSEMPELSAMLING - APA-STILEN - VED ELSE NESS, 2018.

15


Døme 2 Illustrasjon brukt i artikkelen «Respirasjonssystemet», av Rangul og Baglo, frå NDLA (utan år). NB! Her har figuren ein opphavsperson, Knut Høihjelle, som vi òg må opplyse om under bildet, men som ikkje er naudsynt å nemne i besvarelsen:

Figur 2. Respirasjonssystemet (av Knut Høihjelle). Henta frå http://ndla.no/nb/node/108224

I besvarelsen: Rangul og Baglo (s. a.) forklarar korleis respirasjonssystemet fungerer (figur 2.).

Døme 3 Figur som illustrerer teorien til Friedmann Schulz von Thun, henta frå læreboka i Psykologi 2, skriven av Larsen et al, 2011.

Det faktiske nivå

Avsender

Selvfremstillingsnivået

Appellnivået

Mottaker

Relasjonsnivå

Figur 3. Schulz von Thuns «kommunikasjonskvadrat».

I besvarelsen: Von Thun viser i ein modell kalla «kommunikasjonskvadratet» (fig. 3) at det er fire nivå i kommunikasjonen mellom menneske (sitert i Larsen et al., 2011, 229).

EKSEMPELSAMLING - APA-STILEN - VED ELSE NESS, 2018.

16

Exempelsamling for apa  
Exempelsamling for apa  
Advertisement