Døme på utstillingar og aktivitetar ved skulebiblioteket

Page 1

Utstillingar og arrangement på Sogndal vgs – biblioteket -eit utval dømer

Ein av dei mange litterære utstillingane på biblioteket.


Samarbeidsprosjekt med folkebiblioteket Elevar leste bøker i serien «Skumring», som er lettleste og skumle bøker for ungdom. Ein av forfattarane bak serien Tor Arve Røssland, leste frå bøkene sine og svara på spørsmål frå elevane.

Tor Arve Røssland les frå ei av bøkene han har skrive.

Foreininga «Leser søker bok» støttar utgivinga av denne serien. Ei frå foreininga var òg representert denne dagen.

Biblioteksjef for Sogndal bibliotek Signe Witsø, forklara elevane kva som ville skje denne dagen.


Bildebøker laga av elevar i prosjektet «fiskesprell» Eit prosjekt som elevar på barne- og ungdomsarbeidarfaget jobba med og som resulterte i sjølvlaga bildebøker med fisk og sjødyr som motiv. Elevane lagde sjølv utstillinga med bildebøkene på biblioteket.


Kva er ei god bok? Ein infotime om og i biblioteket. Elevar fekk spørsmål om kva ei god bok er for dei. Svara skreiv dei på post-it-lappar som eg hengde opp på glasveggen i biblioteket.


Utstilling om framtidsmenneske

Utstilling om framtidsmenneske. Inspirert av masterstudiet mitt i Digital kultur. -eit tema som blir viktigare på læreplanen i norskfaget framover.


Utprøving av utvida AR-teknologi i formidling av litteratur Eg prøvde ut ovanfor elevar eit verktøy kalla «utvida verkelegheit» eller augmented reality (AR) på engelsk. Ved å skanne bilda på plakaten får ein fram ein video som presenterer litteratur.


Illustrasjonar av Per Henning Olsen, medialærar Per Henning er profesjonell illustratør og har mange oppdrag bak seg, mellom anna for Aukrust-senteret.

Jkkk

Fleire av kollegaene til Per Henning vart karikert, inkludert bibliotekaren!


Illustrasjonar av Olav Arild Barsnes, lærar på dataelektronikk Olav Arild er sjølvlærd illustratør med eiga illustrasjonsbedrift. Han har illustrert heftet Yrkesfaglig fordypning skriven av Kjersti Hovland og Ann Karin Sandal. Heftet presenterer ulike yrke som ungdom kan velje å utdanne seg i innan yrkesfagleg retning.


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.