«Dunce er blitt en favoritt. Ferdig arbeid!»
– Pondus-skaper Frode Øverli
Jens K Styve, som opphaveleg er frå Hjelmås i Nordhordland, men no bur i Tromsø, har gjort stor suksess med stripeserien Dunce. Serien vann Dagbladet sin teikneseriekonkurranse i 2016 og Pondus-prisen i 2017. Den går fast i Dagbladet, og ti andre aviser, dessutan er den fast i Lunch og Radio Gaga-bladet.
I denne boka flyttar JensK og kollegene inn i eit hipt «coworkingspace» der ingen får noko gjort, men utviklar ein app for det. Haustdepresjonen går over då straumen vert borte, og den nyinnflytta hunden Brego hjelper Gustav med ei skuleoppgåve om fuglar, fordi han er ein fuglehund.