Zweet

Page 1


Zweet ferdig_a 24.02.15 15:55 Side 1


Zweet ferdig_a 24.02.15 15:55 Side 3

zweet

marit kaldhol

Samlaget Oslo 


Dødeboka ferdig_a 20.01.14 15.45 Side 6


Zweet ferdig_a 24.02.15 15:55 Side 5

Innhald I: Lill Miriam  alarm dørene lukka zikk zakk maur Apis mellifera filmen i kroppen betre enn GPS spesialisering Z kamuflazje ikkje puzte, ikkje knirke livzløp nektar + enzym honningdropen CCD rytmisk samfunn gøyme & leite ikkje rosa, ikkje raud diversitet nøkkelen ligg i skogen laboratoriekvit imago til å stole på gud plystrar som ei dronning antenner ein teori

føredraget Alarm – insekta forsvinn! Science frisk luft havet

II: Susan 

III: Ruben  uroleg sirkling øyer & strender det var eg som fann deg første samtale pappa klatrar i fjell hærverk sanninga abuela skulptur eksperiment to prikkar EtOAc utvalt / rektangel eit raudt bær nattsvermarar hormon

5


Zweet ferdig_a 24.02.15 15:55 Side 6

sukker drone byggverk tilbake hud to levande skapningar instinkt regn Guantánamo viktig melding

kart& kryss ei som kjem handflata opp

IV: Lill Miriam  ei indre drift flik av himmel kommunikasjon ringdans


Zweet ferdig_a 24.02.15 15:55 Side 7

I Lill Miriam


Zweet ferdig_a 24.02.15 15:55 Side 8


Zweet ferdig_a 24.02.15 15:55 Side 9

alarm Alarmen hyler. Han ristar i kroppen min. Sprenger granatar på innsida av hovudet mitt. Høge lydar i alle retningar på ein gong. Eg held for øyra. Ikkje meir no, ikkje meir. Slutt. Det sluttar ikkje. Lydane mosar hjernen min. Eg pressar fingrane inn i øyreopningane. Pressar så hardt eg kan. Stenger så godt eg kan. Eg er trygg her, eg kom meg unna. Dei finn meg ikkje her. Eg kjenner skuleloftet, eg kjenner nøkkelen på innsida av døra. Nøkkelen er tung. Trygg som jern. Berre alarmen kunne slutte snart. Berre granatane kunne slutte å knuse meg i fillebitar. Eg er bie. Loftsrommet er den sekskanta kuben min. Døra er låst. Kuben er trygg. Eg er trygg. Eg kjenner det vesle, trekanta vindauget. Eg set meg på kne, ser ut. Der nede er dei. Terroristar i aksjon. Kvitkledde menneske med masker framfor ansikt. Plutseleg er dei overalt. Plutseleg hylande skarp alarm. Framande bussar på rekke inne på skuleplassen. Maskemenneska jagar alle elevane og lærarane inn i bussane. Dei viftar med armane, dirigerer og husjar på. Fort, fort. Over hit, inn dit. 9


Zweet ferdig_a 24.02.15 15:55 Side 10

Ein keitete dans. Elevane følger kommando utan å protestere, dei er ein flokk stumme kalvar på veg til slakteriet. Kva finst på slakteriet? Pistolar, sverd, bøtter med blod? Bøtter med vatn? Kven sine hovud skal dukkast under? Alarmen hyler. Alarmen durar. Alle der nede held noko framfor munnen og nasen. Mange held luene sine, andre ein genser eller eit skjerf. Ein gut tar lua vekk frå ansiktet eit augeblikk. Då er terroristane der med ein gong, tvingar handa tilbake. Ikkje eit einaste rop får sleppe ut. Berre alarmen. Alarmen borar seg inn i alt som finst.

10


Zweet ferdig_a 24.02.15 15:55 Side 11

dørene lukka Rektor kjem springande mot ein buss, ho er den nest siste ut av skulebygget. Eg har aldri sett rektor springe før. Skjørtet løftar seg, dansar rundt låra hennar som ville venger. Rektor er ei diger humle. Ho ser seg til alle kantar medan ho held veska si framfor munnen. Håret flagrar. Vaktmeisteren like bak rektor, som vanleg i den grøne kjeledressen. Dei kvitkledde hastar på dei. Herifrå ser alt der nede smått ut. Uverkeleg. Uviktig. Slik er det alltid når eg er her. Det liknar på å flyge høgt oppe i lufta. Eg ser dei der nede, men dei ser ikkje meg. Maskemenneska liknar små snøfigurar. Elevane ser ut som kravlande kattungar. Vaktmeisteren druknar nyfødde kattungar i ei bøtte med vatn. Eg veit det, nokon har sagt det. Ho held dei under til dei ikkje pustar meir. Så kastar ho dei i omnen. Der er alle inne i bussane, dørene blir lukka. Fire bussar etter kvarandre, ut skuleporten. Dei køyrer bort. Ungdomsskulen er tømt. Alarmen blir slått av. Men han dirrar likevel. I krokane på golvet, oppe under taket. 11


Zweet ferdig_a 24.02.15 15:55 Side 12

Dirrar i kroppen min. I tankane mine. Hjernen min er ein summande bikube. Bzzz, bzzzz, bz. Stopp.

12


Zweet ferdig_a 24.02.15 15:55 Side 13

zikk zakk Eg er ei bie. Eg flaug. Zikk zakk, zikk zakk. Til venstre, til høgre, til venstre igjen. Skosolane var berre så vidt nedpå trappetrinna. Eg er rask. Ingen fanga meg. Ingen skal få sette meg i bur. Eg fór som ei retningsforvirra honningbie i motsett retning av alle dei andre. Men eg var ikkje retningsforvirra. Eg visste kor eg ville. Oppover. Eg ville ikkje bli tatt. Ikkje bortført. Ikkje drukna. Då alarmen gjekk, følgde alle lydig etter læraren og assistenten. Dei var ein lang, buktande hale. Nokre ropte til kvarandre, namn flaksa som filler i lufta. Nokre kasta blikk hit og dit. Alle trippa nedover trappene, ned og ut. Tripp og trapp. Lydige tripp. Lydige trapp. Men ikkje eg. Eg var snartenkt som ei bie. Skifta retning like raskt som ei bie. Eg snappa ryggsekken lynkjapt og flaug i zikkzakk til enden av korridoren. Så oppover, opp alle trappene. Her er eg, på loftet. Trygg. Ingen såg meg. Ingen la merke til meg. Eg var for rask for dei. Eg berga meg.

13


Zweet ferdig_a 24.02.15 15:55 Side 14

maur Spørsmåla er usynlege maurar. No kjem dei krypande, kravlar omkring under kleda mine. Kryp på huda mi. I hovudet, under håret. Dei klør. Eg klør meg. Det sluttar ikkje. Eg er ei maurtue full av travle maurar. Kvar maur har seks føter. Kvart spørsmål har seks føter. Spørsmåla vimsar rundt. Kor blir alle elevane frakta? Kva skal skje med dei? Er rektor med på dette? Lærarane? Er vaktmeisteren ein av terroristane? Trykte rektor frivillig på alarmknappen, eller er ho eit gissel? Kven er ho på lag med? Kven står bak bortføringa? Eg er trygg så lenge ingen veit kor eg er. Ingen veit om gøymeplassen min. Dette er det inste rommet på loftet, eit rom som aldri blir brukt til noko. Og i bukselomma har eg lappen, den eg fekk like før dette hende. Eg rakk så vidt å lese kva som står på han. Hemmeleg melding til meg. Berre meg. Eg stikk handa i lomma og kjenner at han er der. Kjenner at han er varm. Og godt samanbretta.

14


Zweet ferdig_a 24.02.15 15:55 Side 15

Apis mellifera – Hei, Apis mellifera. Bildet av honningbia er skrivebordsbakgrunn på pc-en min. Ho er der alltid når eg slår på. I nøyaktig eitt år, sju månader og fem dagar har eg hatt henne her. Ho sit på ei klynge av kvite liljer. Eg treng det kvite bildet no. Kvitt gjer meg roleg. Treng å sjå dei florlette vengene. To par. Lyset skin i dei så dei liknar eit brureslør. Linjene i årenettet teiknar eit mønster av uregelmessige mangekantar. Polygonar. Mellom dei kvite liljeblada stikk støvberarane opp. Dei byr seg fram, tunge av gul pollen. Bia dyppar ansiktet ned i blomsteren og syg i seg søt nektar. Ho er meg, eg vil vere henne. Suge søtt. Insektkroppen er perfekt. Anatomien består av hovud, brystdel og bakkropp. Tre par bein på brystdelen. Det midtarste paret strekker seg ut, tar dei kvite kronblada inn i famnen. Som om dei vil klemme dei forsiktig inntil seg. Fine hår på kvart ledd. Den lodne ryggen. Bakkroppen med den mørke spissen stikk ned under bruresløret. Tre svarte striper.

15


Zweet ferdig_a 24.02.15 15:55 Side 16

Pust inn. Pust ut. Pust kvitt. Hendene på tastaturet, blikket på det kvite i bildet. Finne kvit ro i kroppen. Eg pustar. Kjenner at kriblinga gir seg. Konsentrerer meg om bildet. Apis mellifera, honningbie. Ei arbeidsbie, ei av fleire tusen i samfunnet sitt. Arbeidsbia kjem aldri til å bli brur. Likevel liknar ho ei. Ei brur som er mellom  og  mm lang. Ho blir klekt, veks opp, gjer arbeidsoppgåvene sine, og det er det. Eit kort liv, berre nokre veker langt. Men eit svært viktig liv. Eg har ryggen mot veggen. Eg sit godt. Pc-en varmar låra mine. Eg kan slå han av no. Er kvit og roleg no. Takluka over meg slepper inn lys. Loftsrommet er stort, eg har god plass. Lange, nakne golvplankar. Plass til å danse. Til å stå oppreist under midtbjelken. I sekken har eg ei flaske vatn. I matboksen ei brødskive. Tankane på rett plass. Roleg roleg roleg. Det er måndag, klokka er ..

16


Zweet ferdig_a 24.02.15 15:55 Side 17

Apis mellifera: (latinsk ord) honningbie; insekt av orden: Hymenoptera (책revenger); lever i Europa og Nord-Asia, brukt som husdyr i tusenvis av 책r anatomi: (gresk ord) vitskap om korleis levande organismar er sette saman

17


Zweet ferdig_a 24.02.15 15:55 Side 18

filmen i kroppen Alle dei andre blei frakta bort av dei framande bussane. Dei er fangar på ein ukjend stad. Kva skjer med dei der? Er terrorhandlingane begynt? Kva om ein til av elevane stakk av, gøymde seg inne i skulen? Det er ikkje umogleg. Kanskje ein i mi eiga klasse. Ein som er heilt spesiell, kan ha klart det. Ein eg kjenner. Her ovanfrå verkar alt smått nede på skuleplassen. Ingen å sjå. Ingen å høyre. Ingen der nede ser ansiktet mitt i det trekanta vindauget. Er det noko som rører seg langs murkanten? Noko som snik seg bortover mot sykkelskuret? Ja, skulekatten. Svart og brun skogkatt. Herifrå ser eg ikkje stripene. Herifrå er katten berre ein mørk flekk med hale og fire bein. Han hoppar opp på den blå papirdunken. Står ei stund, snur hovudet hit og dit. Snusar han? Lear han på øyra? Hostar han? Så hoppar han ned, landar på katteføtene sine. Legg seg inntil hjulet på papirdunken. Varm asfalt mot pelsen. Katten hugsar det dei grøne katteauga ser. Det kroppen kjenner, nasen luktar, øyra høyrer. I kattekroppen er det plass til mange bilde. Mange album. Mange filmar i reprise. 18


Zweet ferdig_a 24.02.15 15:55 Side 19

Filmen i kroppen blandar seg med den varme asfalten mot magen. For alltid vil varm asfalt og springande føter høyre saman i katteminnet. Kor lenge er alltid for ein katt?

19


Zweet ferdig_a 24.02.15 15:55 Side 20

betre enn GPS Alarmen er ei motorsag som skjer i skjelettet mitt. Enda han er slått av, kjenner eg ristinga. Svart, raud, farleg, vond. Lyden finst, og finst ikkje. Eit skrømt som heng og dirrar oppe på veggen og ikkje veit kor det skal gjere av seg. For nokre minutt sidan var klasseromma og korridorane stappfulle av alarm. Vibrasjonane trengde seg inn i armane mine. I beina som sprang, i trykket mot øyra. Orda mine blei sprengde i tusen knas av sirena. Dei sprakk som ballongar. Som lunger fylte av vatn. Tankane mine smadra som tynn is. Enno kjenner eg at det ristar i øyregangane. Vibrerer alarmen i katten sine høyrsleorgan enno? Kattekroppen ligg som ein skulptur. Han avslører ingenting. Ulike skapningar lagrar minne på ulike måtar. Kattar hugsar svært lenge. Muslingar gløymer med ein gong. Honningbiene sitt minne er avansert. Dei hugsar kompliserte reiseruter, kan finne kortaste veg til nektarkjeldene raskare enn nokon GPS. Dei hugsar fargar, mønster, lukter. Og fortel dei vidare til andre bier – men ikkje med ord. Biene har si eiga form for kommunikasjon: 20


Zweet ferdig_a 24.02.15 15:55 Side 21

dei dansar. Ein gong skal eg lære å danse som ei honningbie. Kven vil forstå? Karl von Frisch, entomolog. Men han er død.

21


Zweet ferdig_a 24.02.15 15:55 Side 22

GPS: (engelske ord) Global Positioning System, eit nettverk av satellittar plasserte i bane rundt jorda. Systemet gjer det mogleg for ein mottakar å bestemme sin eigen posisjon svært nøyaktig. Opphavleg laga i USA for militær bruk entomolog: (gresk ord) person som studerer insekt Karl von Frisch: (–) Austerrike/Tyskland, entomolog/forskar, den første til å forstå dansespråket og orienteringsevna til honningbiene; mottok Nobelprisen i fysiologi/medisin i  fysiologi: (gresk ord) vitskap om livsfunksjonane hos levande organismar

22


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.