Til Sigrid, Magne og Ingrid
© Det Norske Samlaget 2020 www.samlaget.no Omslag: Akin Duzakin Design: Ingeborg Ousland Skrift: 13 pkt Adobe Garamond Papir: Munken Lynx 150 g Trykkeri: Scangraphic Printed in Polen ISBN 978-82-521-9932-1
Denne boka er trykt på miljøvennleg papir.
Ylva og villgeitene_Materie.indd 4
22.01.2020 11:36
HILDE MYKLEBUST og AKIN DUZAKIN
Samlaget Oslo 2020
Ylva og villgeitene_Materie.indd 5
22.01.2020 11:36
Heilt ute ved havet går ein sti. Han snor seg oppover og utover, heilt til han når eit lite sommarhus. Om vinteren ligg huset der aleine, medan stormane røskar og riv. Men no er våren komen. Langs fjøra kjem Ylva og pappa. – Står det framleis? spør pappa. Ylva ser mot huset med smale auge i det skarpe lyset. Vinden lyfter flettene og trommar dei mjukt mot ryggen. – Det står! Ylva smiler og dreg pusten djupt. Endeleg.
Ylva og villgeitene_Materie.indd 6
22.01.2020 11:36
Ylva og villgeitene_Materie.indd 7
22.01.2020 11:36
Ylva og villgeitene_Materie.indd 8
22.01.2020 11:36
– Sjølv ei lita gaupe som deg må vere varsam her, seier pappa. Ylva nikkar. Ho veit det godt. Heime kliv ho alltid opp på dei største steinane og høgst opp i trea. Men her er det annleis. Her heng stien som i lause lufta. Det er berre nokre steg over, men ein kan ikkje trø feil. Ho tek sats. Pustar inn. Eit sterkt sug høgg til i magen og blodet susar i hovudet. I to raske steg er det som å sveve.
Ylva og villgeitene_Materie.indd 9
22.01.2020 11:36
Ho er over. Men Ylva rekk knapt å puste ut før ho kvepp til. Rett framfor henne står ein diger bukk. Han står midt på stien og fnyser så snørret driv ut nasen. – Svartskjegg, kviskrar Ylva. Villbukken Svartskjegg har herja her ute i årevis. Sperra vegen. Jaga turgåarar. Stanga folk på sjøen, til og med. Mange har prøvd å jakte på han. Men når nokon går med gevær, er han søkk vekk.
– Stå for all del heilt musestille, seier pappa lågt. Ylva sitt hjarte slår fort og hardt. – Ha deg vekk no, ditt skjeggedyr, prøver pappa med sterk røyst og gjer eit tramp i bakken. Svartskjegg berre stirer olmt mot han og bøyer hovudet trugande. Han tek til å grave med framføtene så småstein raslar utfor stien. – Eg trur eg må kaste plankane på han, seier pappa. – Ikkje gjer det, pappa, seier Ylva fort, – det går ikkje an å skremme han.
Ylva og villgeitene_Materie.indd 10
22.01.2020 11:36
Ylva og villgeitene_Materie.indd 11
22.01.2020 11:36
Ylva og villgeitene_Materie.indd 12
22.01.2020 11:36
Ylva kjem på noko. Varsamt slepper ho sekken sin frå ryggen og ned på armen. Ho opnar glidelåsen og leitar i sekkemørkeret. Fingrar borti kniven. Den grove tråden i tjukkegenseren. Så finn ho han. Ho dreg posen roleg opp av sekken, tek ut eit pølsebrød og legg det på handflata. – Svartskjegg, fine bukken, likar du slike? Ylva seier det så mildt ho kan. Bukken trekkjer pusten for eit nytt fnys, men då siv brødlukta inn nasen. Auga vert store. Tunga fyk ut og sleikjer kring munnen. Så set Ylva seg ned på huk og strekkjer fram handa. – Du, seier pappa åtvarande.
Ylva og villgeitene_Materie.indd 13
22.01.2020 11:36
Brått er det som det går ein streng mellom Svartskjegg og Ylva. Ein liten lysstråle, varm og mjuk. Bukken slepper øyra spørjande framover og mekrar med lys røyst: – Mææææ! Han tek eit steg nærare. – Berre kom, du. Ho kjenner Svartskjegg sin varme pust mot handflata. Så nappar han til seg brødbitane.
– Det var vel godt. Hugsar du? Du var jo tam ein gong? Svartskjegg tygg og slafsar og er heilt som forvandla. – Smyg deg forbi, seier Ylva til pappa. Han gjer som ho seier. Ylva klør Svartskjegg mellom horna. – Eg må nok vidare no. Bukken mekrar etter henne når ho går.
Ylva og villgeitene_Materie.indd 14
22.01.2020 11:36
Ylva og villgeitene_Materie.indd 15
22.01.2020 11:36
Ylva og villgeitene_Materie.indd 16
22.01.2020 11:36
Ylva og pappa legg frå seg sekkar og plank og set seg ved husveggen. Dei plar alltid det. Dei lyttar til havet som bryt og buldrar. Ei tynn mekring høyrest frå oppe i fjellet. – Du, Ylva. Det som hende i stad, med bukken og deg, seier pappa, – det var heilt utruleg. Det var som om de prata saman. Korleis gjer du det der? – Eg veit ikkje heilt, svarar Ylva. – Det berre ... Det er som om eg kan sjå kva dei tenkjer, dyra. Dei snakkar eit språk med kroppen sin som eg skjønar litt av. – Det må vere fint, seier pappa og klemmer henne om skuldra.
Ylva og villgeitene_Materie.indd 17
22.01.2020 11:36
– Ikkje trill i havet medan eg er vekke, seier pappa strengt. Han skal attende til bilen og hente verktøy. – Eg lovar, ler Ylva medan ho spring utover mot klippa. Der ute er det berre hav så langt auget rekk. Ytst på klippa står det einaste treet. Vinden har forma det til ein boge. Ylva klatrar opp i dei gyngande greinene som strittar mot himmelen. – Hoppla, Svartskjegg! Ylva ser innover stien. Svartskjegg er ikkje å sjå. Men pappa går der med lette steg.
Ylva og villgeitene_Materie.indd 18
22.01.2020 11:36
Ylva og villgeitene_Materie.indd 19
22.01.2020 11:36