Vi, dei fattige: åtte forteljingar om barnefattigdom

Page 1





Maria Lavik

Vi, dei fattige Åtte forteljingar om barnefattigdom

Samlaget Oslo 2021


© Det Norske Samlaget 2021 www.samlaget.no Omslag: Egil Haraldsen & Ellen Lindeberg | exil design Førtrykk: Type-it AS, Trondheim Skrift: 10,7/13,6 pkt. Sabon Papir: 80 g Munken Print Cream 1,8 Trykkeri: ScandBook AB, Falun Printed in Sweden ISBN 978-82-340-0632-6 Forfattaren har fått tilskot frå Fritt Ord og Det faglitterære fond. Forlaget har fått tilskot frå Fritt Ord.

Denne boka er trykt på miljøvenleg papir.


Innhald

forord . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

9

grensa for fattigdom . . . . . . . . . . . . .

13

kapittel 1

Elena og Sofie Elena balanserer på arbeidslinja og er ekspert på å vera fattig. Er det nok for vesle, urolege Sofie? . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

15

kapittel 2

To liv Om meg og avstanden til dei som fortel i denne boka . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

34

kapittel 3

Fredrik og Georg Om ein tung farsarv og den vanskelege papparolla . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

38


kapittel 4

Verdige fattige Slik blei boka til, og problema med å fortelja om fattigdom slik at du – lesaren – skal forstå og bry deg . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

50

kapittel 5

Mona og Andrea Ein kamp mot Nav som går i arv frå mor til dotter . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

54

kapittel 6

Julehåp med bismak Eg finn ein julehelt, men også baksida ved å privatisera oppgåvene til velferdsstaten. . . . . . .

71

kapittel 7

Empati Uroa som oppstår i møte med fattigdom . . . . .

77

kapittel 8

Robin og Linea Ein doktorgrad er ingen garanti mot å bli fattig .

79

kapittel 9

Tal som tel Slik blir barn skada av fattigdom . . . . . . . . . . .

87

kapittel 10

Elias Nødutgangar på Tøyen. . . . . . . . . . . . . . . . . . .

93


kapittel 11

Adjø, solidaritet? Er det rom for klassekamp blant underklassen? . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

101

kapittel 12

Eva, Anna og Sara «Me som har stått med lua i handa, har mykje å tilføra politikken» . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

104

kapittel 13

I-ordet Om innvandring og korleis det forklarer og bortforklarer barnefattigdom . . . . . . . . . . . . . .

116

kapittel 14

Meryem og Hilal Ei klassereise er tung og kan ta generasjonar. Men skuleglade jenter kan få det til . . . . . . . . .

122

kapittel 15

Ei krise for dei andre Om korona . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

130

kapittel 16

Helga, Angelina og August Helga hamna i kvinnefella. No skapar koronakrisa ei ny, tung bør. . . . . . . . . . . . . . . .

132

etterspel . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

147

litteraturliste . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

151



Forord

Barndom og fattigdom. Det er to ord som ikkje høyrer saman, som aldri burde blandast. Men slik er det. I dag veks over 115 000 barn opp i fattigdom i Noreg. Det er meir enn eitt av ti barn. Eller to til tre barn i ein vanleg skuleklasse. For å gjera det verre: Me er på feil kurs. Sidan 2001 har prosentdelen fattige barn blitt over tredobla. Korleis er det å vera fattig i eit rikt land? I denne boka blir du kjent med åtte familiar. Dei fortel om kvardag, glede, håp og den evige kampen dei fører for å mildna konsekvensane av fattigdom. Dei er del av det forskarane kallar «barnefamiliar med vedvarande låginntekt». Historiene deira viser kva eit slikt krokete omgrep betyr i praksis. For fattigdom gjev seg utslag i nokre heilt konkrete hendingar. Fattigdom er når Elias kjem trøytt på skulen etter ei søvnlaus natt der han høyrde folk bli banka opp utanfor blokka. Fattigdom er brevet femten år gamle Andrea skriv til kongen, der ho skildrar frykta for at mamma skal døy. Fattigdom er dei tronge husværa som barn og foreldre gjekk og stanga i under 9


koronapandemien. Det er krangelen som førte til at tretten år gamle August måtte flytta i fosterheim. Den økonomiske historia om Noreg er delt i to. På eine sida har landet gått gjennom ein formidabel velstandsauke. Privat forbruk har gått i taket. Lønnsauke og billig import gjev breie lag av folket tilgang til ny teknologi, sydenferiar og moteklede. Men samstundes har barnefattigdommen auka jamt og trutt. Det er ei skam for landet vårt. Barnefattigdom rokkar ved den kontrakten me har laga med kvarandre. Den avtalen som går ut på at folk skal ha like mogelegheiter, uansett kor dei startar i livet. For barn som veks opp i fattigdom, dei startar ikkje på same startstreken som andre barn. Dei startar langt bak. Dei bur trongare og i dårlegare husvære, som gjer at dei har mindre plass til å gjera lekser og til å ha eit privatliv. Fattige barn er meir utsette for sjukdommar som astma, allergi, eksem, hovudpine, magesmerter og ryggplager. Dei deltek sjeldnare på fritidsaktivitetar, dei feirar sjeldnare bursdagen sin og er meir utsette for psykisk sjukdom. Foreldra må på si side leva med kjensla av at dei ikkje klarer å gje barna det dei treng. Fleire kuttar ut middag til seg sjølve for å sikra at barna får mat. Nokre leflar med tanken om å ty til kriminalitet for å få litt meir inn i familiekassen. Fattigdom er ikkje ein enkel storleik. Det finst dei som held fast på ein absolutt definisjon av fattigdom – ein minstestandard der fattige lever i den ytste nød. Det gjer ikkje eg i denne boka. Folka du møter her, har tak over hovudet og litt mat i kjøleskapet. Eg tek utgangspunkt i den relative fattigdommen, som ligg i 10


avstanden mellom dei på botnen og dei på midten av inntektsfordelinga. Me menneske er sosiale dyr som finn vår verdi i møte med andre. Relativ fattigdom hindrar barn i å delta fullt ut i samfunnet dei er ein del av. Som når Elias finn ut han ikkje har råd til å gå på fotballtrening, eller Andrea er avhengig av ei spandabel veninne for å ha råd til å møtast på kafé. Familiane som du møter i denne boka, har hatt ulike vegar inn i fattigdommen. Nokre bur i og rundt storbyar, andre i småbyar og distrikt. Sjølv om historiene deira er ulike og unike, er det noko som går igjen. Dei representerer to typar familiar som statistisk sett er særleg utsette for fattigdom: åleineforeldre og folk med innvandrarbakgrunn. Historiene er baserte på intervju og chat- og telefonsamtalar frå september 2019 til april 2021. Kjeldene har eg kome i kontakt med gjennom ulike Facebook-grupper, frivillige organisasjonar og folk eg kjenner. Eg som skriv denne boka, har møtt meg sjølv i døra mange gonger. For eg lever eit tryggare, meir privilegert liv enn dei eg fortel historiene til. I møte med folk som slit med å få kvardagen til å gå opp, er det mange fallgruver. Tankane har kverna på repeat: Driv eg med ei form for fattigdomsturisme? Jaktar eg etter verdige fattige – moderne «piker med svovelstikker» – som skal gje historiene tyngd? Må historiene eg formidlar, sminkast for å gjera familiane til offer du kan ha sympati med? Desse sjølvkritiske tankane har resultert i kortare tekstar som dukkar opp mellom forteljingane til familiane. I tekstane drøftar eg kva eg har lært om det 11


samfunnet me har skapa oss, og min eigen angst for svakheit. Menneske under press kan ta dårlege val. Eg har ønskt å visa dei eg har møtt, som fullverdige menneske. Dei kan gjera feil som alle andre. Alle kjeldene er anonymiserte av omsyn til konsekvensane ved å stå fram med fullt namn. Dei har fått lesa tekstane om seg sjølve og har godkjent dei. Folka du møter i denne boka, gjev glimt av korleis det er å vera fattig i eit land prega av overflod. Ofte er erfaringane deira usynlege. Deira perspektiv manglar på foreldremøta som konkluderer med at hundre kroner er ein passande minstesum for presangar i barnebursdag. Deira forteljingar manglar når politikarane vil kutta i trygda for å gjera det meir attraktivt å arbeida. Dei er fråverande når me bygger eit samfunn rundt idealet om kjernefamilien. Dette er deira historier, og eg er takksam for at dei vil dela dei.


Grensa for fattigdom Fattigdom kan målast på ulike måtar. EUs fattigdomsgrense tek utgangspunkt i noko som blir kalla medianinntekt. Sjå for deg at du fører opp alle inntektene til folk. Den inntekta som ligg midt i denne fordelinga, er medianinntekt. Det er altså like mange som tener meir enn medianinntekta, som dei som tener mindre. Når hushald har mindre enn 60 prosent av medianinntekta, blir dei rekna som fattige. Inntekt viser her til summen av lønn, kapitalinntekt, pensjon, ulike former for trygd og bustøtte.

Type hushald

Fattigdomsgrensa, Fattigdomsgrensa, årsinntekt etter månadsinntekt skatt etter skatt

Einsleg forsørgar med eitt barn

308 800

25 700

Einsleg forsørgar med to barn

380 100

31 675

Einsleg forsørgar med tre barn

451 400

37 616

Par med eitt barn

427 600

35 633

Par med to barn

498 900

41 575

Par med tre barn

570 200

47 516

Par med fire barn

641 500

53 458

Kjelde: Statistisk sentralbyrå (u.å.)



Kapittel 1

Elena og Sofie Elena balanserer på arbeidslinja og er ekspert på å vera fattig. Er det nok for vesle, urolege Sofie?

I handa har Elena eit rosa lodd. Papirlappen minner meg om dei trauste basarane som var fritidstilbodet i den vestlandsdalen der eg vaks opp. Men lodd nummer 90 er ikkje med på å finansiera misjonering i Nepal. Den rosa lappen går til eit meir lokalt formål: å redda jula for Elena og dottera Sofie på seks. Fleire av dei som står her og hutrar på Grønland i Oslo, ser ut til å bu på gata. Dei har raske, nervøse rørsler og unngår blikkontakt. Som dei fleste andre i denne gruppa har Elena utanlandsk opphav. Likevel skil ho seg ut. Blikket er roleg, ryggen rett. Det krusa håret har ho sett opp med ein tjukk hårstrikk. Munnen hennar har ein fin boge, og søvnmangelen klarer ikkje å skjula at ho er vakker. Elena er blitt ekspert på å vera fattig. Ho veit tid og stad for dei ulike matutdelingane i byen. Ofte går ho innom ei utdeling på veg heim frå vaskejobben. På kjøkkenbordet heime ligg lappar som skal gje gode opplevingar i jula. To billettar til ei teaterførestilling for barn, dei har ho fått av Krisesenteret. Eit gåvekort til ein sportsbutikk, donert av Frelsesarmeen. 15


Gåvekortet skal gå til nye vintersko til Sofie. Den tynne, aktive jenta veks fort. Dottera er ein viktig grunn til at Elena står her i dag. Ho vil ikkje at seksåringen skal merka at dei har lite. Kjøleskapet skal fyllast opp, og julefeiringa skal sikra minne som Sofie kan fortelja om til dei andre i klassen. Elena fører ein dagleg kamp for normalitet for dottera. Unge hipsterpar med dyre barnevogner går forbi, men Elena ser ikkje vekk. Før skamma ho seg over å stå her. Men ikkje no lenger. Ho seier ho er ferdig med skamma. Midt blant oss ruvar ein mann i rosa vest. Det er han som er sjefen i dag. Han jobbar som frivillig for Fattighuset og snakkar med myndig røyst til dei som prøver å snika i køen. Me står og heng rundt han, ventar. Så plutseleg begynner han å lesa opp tal. 71. 72. 73. Fleire hender strekker fram lodd. Mannen i rosa vest les på ein og ein lapp, sjekkar at tala stemmer. Så sender han dei heldige over gata i retning Fattighuset. Dei spring i sikksakk mellom bilane som køyrer forbi. Elena og eg står igjen og frys og ventar på talet 90. 85. 86. 87. Så blir det vår tur. Me tek sats og spring ut i trafikken. Folk trenger seg saman rundt inngangen til Fattighuset. Det får meg til å tenka på målarstykket «Kampen for tilværelsen» av Christian Krohg. Bildet frå 1889 skildrar ei utdeling av brød til fattige i byen som då heitte Kristiania. Folk hutlar seg saman med ansikt prega av alvor og apati. Mykje minner om scena utanfor Fattighuset i dag. Byen er den same, og ansikts16


uttrykka og skubbinga liknar. I dag er mange i køen romkvinner. Dei har skaut på hovudet, akkurat som kvinnene Krohg måla for over hundre år sidan. Ved inngangen til Fattighuset står ei dørvakt med streng munn. Elena smiler og held opp lodd nummer 90. Ho får gå inn, og etter nokre minutt kjem ho tilbake med tre store bereposar. Me stoppar i ei sidegate for å sjekka fangsten. Det første Elena gjer, er å kontrollera utløpsdatoen på varene. Dei fleste er bra, dei held seg gjennom jula. Det er ordentleg mat i posen: mozarellaost, buntar med vårløk, små cherrytomatar. Ho finn ei pakke med ferske kongereker. «Desse er så gode! Og så dyre!» Elena er glad for all maten ho får frå ulike organisasjonar. Utfordringa er at det då er opp til andre kva som hamnar i kjøleskapet hennar. Ho prøver å planlegga slik at ho får brukt opp all maten, men det går ikkje alltid. Stundom får ho mat som held på å gå ut på dato, og som ho ikkje rekk å eta opp. Andre gonger får ho ting ho ikkje liker, som boksar med raudbetsalat. Dei hamnar ofte i søpla. Elena liker ikkje å kasta mat. Å vera ekspert på å vera fattig tek både overskot og tid. Elena må kartlegga dei tilboda som finst, reisa til og frå, stå i kø. Det er ikkje alltid så lett å finna overskot i ein kvardag med ei aktiv dotter, ein tung vaskejobb og eit liv på ein liten eittroms. Om to dagar er det den mørkaste dagen i året. Den sure nullgradarslufta trenger seg inn under jakka og gjev ikkje mykje til julestemning. Det er ingen snø til å lysa opp den gråsvarte asfalten eller dei nakne trea. På veg til T-banen fortel Elena om juleplanane ho har 17


for seg og dottera Sofie. Sjølvaste julekvelden er det Kirkens Bymisjon som står for. Ho har fiksa billettar som gjev gratis gudsteneste, julefest og middag. Dei to var med på det same arrangementet i fjor. Alt var så ordentleg: ein pianist som spelte, og ei fin preike frå presten. Han snakka om einsemd i jula. Elena hugsar kor rørt ho blei. Med hjelp frå ulike velgjerande organisasjonar er jula nesten i boks. Berre litt frukostblanding og mjølk manglar, og det kan Elena kjøpa på butikken. Grålyset er på veg over til mørker då me ønsker kvarandre god jul og går kvar til vårt.


Ruud, S. (2005, 31. mars). SV: Ingen fattige i Norge etter 2009. Aftenposten. https://www.aftenposten.no/norge/i/ EQkR2/sv-ingen-fattige-i-norge-etter-2009 Statistisk sentralbyrå. (u.å.). Inntekts- og formuesstatistikk for husholdninger. Henta 30. mai 2019 frå https://www.ssb.no/statbank/table/09593/ Tønnesen, M. (2021, 19. mai). Innvandring. Store norske leksikon. https://snl.no/innvandring Underlid, K. (2005). Fattigdommens psykologi, oppleving av fattigdom i det moderne Noreg. Samlaget.


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.