Issuu on Google+


Ulvetone ferdig.qxd:A

21-03-12

09:42

2

Side 2


Ulvetone ferdig.qxd:A

21-03-12

09:42

Side 3

Siv Ă˜strem Peersen

Ulvetone Roman

Samlaget Oslo 2012


Ulvetone ferdig.qxd:A

21-03-12

09:42

Side 5

KONSERTINO I En naken klippe. Strand. Et sus av stillhet. Trær ingen. Bare sorte speil med sår blind glans. Et flygels vinge utspilt blank og steil. II Det sorte suger alle farver til seg. Den gule sol. De fjerne kondolanser. De dype fiolette avskjedsord. Det sorte suger farven fra ditt ansikt mens hjertet slår og slår. En metronom av løv og salt. Hvem danser: Din sommer flagrer pikelett forbi deg. Med smale skuldre. Kjolens slør i vinden. Fiol og rådyr. Sjø. Et kast med nakken. Astrid Hjertenæs Andersen 315 Han fingrer med sjelen din som med tangenter før musikken setter inn – Han bedøver deg gradvis – gjør den skrøpelige naturen klar for et overjordisk støt En svak hamring – langt av sted – nærmere – og så langsomt at du kan puste rolig igjen og hjernen kjøles ned Deler ut et mektig lynnedslag som flår din nakne sjel – Når vinden tar skogen i nevene står universet og ser – Emily Dickinson (gjendikting ved Tone Hødnebø)


Ulvetone ferdig.qxd:A

21-03-12

09:42

Side 6

Adagio sostenuto = Langsamt. Uthaldande. Måneskinssonaten! Allegro con brio = Livleg. Hurtig. Energisk. Som far når han snakkar. F-nøkkel = Bassnøkkel og halen til Snø. Glissando = Glidande frå tone til tone. Imbroglio (skal uttalast imbråljå) = Forvirring. Virvar. Intermezzo = Mellomspel. Instrumentalt mellomspel i opera, frittståande musikkstykke eller mellomsats i større verk. (Vi er mellom Beethoven og framtida no). Largo = Med tyngd og veldig langsamt. Det seinaste som finst. Chopins sørgjemarsj, til dømes. Nokturne = Nattmusikk. Musikk oppfører seg annleis om natta. Piano òg. Preludium = Forspel. Postludium = Etterspel. (I gravferder, til dømes, når dei ber kista ut.) Sarg = Innfatning. Kant. Ramme. Eit fint uttrykk. Sonate = Større komposisjon i fleire satsar med ulik karakter og tempo. Komposisjonen min er kanskje ein sonate. Ulvetone = Uønskt (over)tone eller resonans i strengeinstrument. Ein outsidertone.

Frå noteboka til Alise Ask.


Ulvetone ferdig.qxd:A

21-03-12

09:42

Side 7

Alise sit på rommet og skriv i den blå noteboka med vindauget ope mot verda. Verda er bekken som renn forbi huset, hagen med dokkestova, prydbuskane, blodbøken og den høge hekken mot naboen. Det er seinaugust. Mellom sommar og haust, ei ubestemmeleg tid, eit mellomspel, sommaren som strekker seg så lang han er. Freistar, kan ikkje lenger lokke med prestekragar og jordbær, men prøver med varme kveldar, nakne føter, mild vind og kviskring i skogen. Men hausten er sta, har kjølige armar om nakken, klar luft, asters, rognebær og vissent lauv. Komen for å bli, trur han, men så er sommaren der igjen neste dag, og haustkåpa må gøymast litt til. I natt: Ramla i ny draum. Nedover i spiral med beina først. Hendene skrapa som venger for å finne feste, men fann ingenting. Berre det svarte holet utan botn som eg datt og datt og datt i. Vakna heldigvis. Sat på karmen (igjen!), med vindauget ope, ein kald jafs inn, gåsehud og våt nattkjole. Snø berre sov. Alise lukkar boka full av noteskrot og rabbel, teikningar, kråketær og ord. Komposisjonane hennar, tan7


Ulvetone ferdig.qxd:A

21-03-12

09:42

Side 8

kane hennar, tonar, draumar. Ikkje alt lar seg fange like lett. Av og til er det like vanskeleg som å gå på line. Ikkje at ho har prøvd, men Mikal gjorde det ein gong. For å imponere faren, antakeleg. Spente opp eit tau mellom den store blodbøken øvst i hagen og garasjetaket. Det måtte gå gale. Ei utslått tann og ein brekt arm. Vera hysterisk, sjølvsagt. Ingen andre er heime utanom henne og katta Snø. Sibirkatta søv, auga er smale strekar. Ho liknar eit kvitt nøste eller ein stor uryddig snøball oppå skrivebordet. Alise bruker det aldri til å skrive på. Ho sit i senga, under det mange gonger forstørra svart-kvitt-bildet av henne sjølv som toåring når ho speler piano for første gong. Ho har ikkje øvd i ettermiddag slik ho pleier. Ho veit ikkje kvifor. Eller kanskje – Snø snur på hovudet, sukkar, det rykker i frampotane, ho drøymer på kattevis, kanskje spring ho over steppene i Sibir. Ho er heilt kvit, som skapt til å gå i eitt med snøen. Hoppe med store sprang, bore snuten nedi snøfennene, gøyme seg, jage snøharar, få pelsen og den store halen full av snøklumpar som smeltar når ho kjem inn i varmen. Dei rosa øra vrir seg, hører noko. Alise burde gå ned og spele piano, ho gjer alltid det før dei andre kjem heim, det er best da. Utan forstyrrande – Eit smell. Inngangsdøra nede. – Pianojenta mi, er du der? Farens bass rungar gjennom huset. Alise vil svare, men svarer ikkje. Ho er eit bilde av ei jente som sit i sofaen under eit bilde av ei jente som speler piano. Raske steg opp trappa. Skikkelsen hans fyller heile døropninga. 8


Ulvetone ferdig.qxd:A

21-03-12

09:42

Side 9

– Der er du jo, eg har ei overrasking til deg. Å, du vil like henne. Han gnir dei store hendene mot kvarandre. Katta løftar hovudet og gliper med auga mot Bernard Ask. – Skal du ikkje kome og gi far din ein klem? Han slår ut med armane, famnar heile rommet og verda. Alise kjem seg ikkje av flekken. Ho er limt fast til senga. Møter ikkje blikket til faren. Overrasking? Ho burde vere nysgjerrig. – Kvifor øver du ikkje? held han fram. – Du pleier alltid å øve på denne tida. Han snur i døra, er på veg ned igjen. – Kom! – Skal øve no, seier Alise til døropninga. Og blir sitjande i senga. Under bildet. – Alise, kom! Han roper nedanfrå, utolmodig no. Ho reiser seg og går ned trappa. Lurer på kva som vil møte henne. Føler på seg at det er noko illevarslande. Ho har ikkje bursdag. Han står midt i den store hallen. Armane veiver, dei er alltid i bevegelse. Lenger bak han, inne i stova, står Vera med armar og bein i kors. Ho liknar eit kunstferdig japansk tre som har slått rot om seg sjølv. I sofaen bak Vera ser ho hetta til Mikal. Det er lenge sia ho har sett heile ansiktet hans, men så er han berre halvbror hennar. – Kom! Bernard tar rundt henne og leier henne bort til panoramavindauget. Dei ser nedover Fjellvegen, finaste adressa i byen, med 88 trappetrinn på kjøpet. Det raude huset skiftar farge i sola og regnet, og liknar eit slott, synest ho som bur i eit tårn med byen langt, langt der nede. 9


Ulvetone ferdig.qxd:A

21-03-12

09:42

Side 10

Han liker å ha byen under seg. – Sjå! Han held henne fast. Fire mann kjem berande på eit svart flygel. – Er det ikkje flott? Ønsk det nye instrumentet ditt velkomen, Alise. Nei, har du sett, ver forsiktige med rosebusken. Han slepper taket, fer ut, kjapp som ein røysekatt trass i høgda og breidda. Dei tre som er igjen i stova, er tause. Alise veit ikkje kva ho skal seie, ho manglar ord, musikk òg. Vera seier heller ingenting. I den venstre augekroken hennar er ei lita rykking, mindre enn ein åttedelsnote. Der ute dirigerer Bernard mennene, viftar og peiker. – Ørlite til venstre no, sjå opp for det lause trappetrinnet, berre litt til, pass blomsterbedet. Alise ser ikkje lenger, men hører at døra opnar seg. Gjennom hallen og inn i stova kjem dei, pustande og stønnande, med musklar og selar og flygel i spenn. Det gamle mørkebrune pianoet borte ved veggen skal snart bli bortvist, det hører ikkje heime her lenger, men må finne seg i å stå i pianobutikken og håpe at ein anna familie kan kjøpe det. Kanskje ein familie med ei anna pianojente. – Sånn! Mennene tørkar sveitten, Bernard òg, sjølv om han ikkje har løfta eit gram. Det er vanskeleg å ikkje få ærefrykt for det nye instrumentet. Den svarte ibenholten skin om kapp med innfatninga i brillene til faren. Der står det, midt i stova som eit anna alter, mens ein heilt vanleg kjernefamilie, eller kjernefysisk familie, som Alise seier, står rundt og ser på det. Alise, som har trudd at alt var stille, legg plutseleg merke til messinga frå rommet til Mikal. Ho oppfattar ikkje orda, berre rytminga og 10


Ulvetone ferdig.qxd:A

21-03-12

09:42

Side 11

bankinga. Flygelmennene sin pust. Det er sveittelukt i rommet. Bernard slår stolt ut med armane. – Sjå verket mitt! Er det ikkje praktfullt? seier han, som om han har bygd flygelet med sine eigne hender. Eit flygel er eit ekstremt følsamt instrument med over 10 000 delar som er presist synkroniserte, har Silbermann sagt. Forma kan minne om ei domkyrkje, resonansbotnen er laga av 300 år gamle grantre, og akkurat den forma gir unike klangfargar. Treet blir tørka langsamt og omhyggeleg for å bevare den nødvendige fuktigheita, slik blir det òg gradvis vant til den enorme spenninga som over 200 vibrerande strenger lagar. Støypejernet og metallet må vere perfekte, kvart gram har ei hensikt. Støypejernsramma må tole eit trykk på minst 20 tonn, like mykje som eit jetfly som skal opp i lufta, men sjølv ikkje Bernard Ask kan få eit flygel til å fly eller hente månen ned om han prøver aldri så mykje. Pianolakken har like høg standard, påført i tretten omgangar og høgglansa til slutt. Alt dette er nødvendig for at instrumentet skal få utvikle sin heilt særeigne karakter, og i Tyskland tar det tretten år å bli meister i pianobygging. Bernard kan ikkje skifte ei lyspære eingong utan å skade seg sjølv og få plaster på såret. Pianoet, nei, flygelet, er ein Schimmel, noko som får Alise til å tenke på himmel. Skal ho liksom spele seg inn i himmelen no? – Kunne vi få eit glas vatn? Den kraftigaste av mennene som har bore pianoet, nei flygelet, opp trappa, kremtar. – Sjølvsagt kan de det. Igjen slår Bernard ut med 11


Ulvetone ferdig.qxd:A

21-03-12

09:42

Side 12

hendene, mot Vera denne gongen. Ho rører seg ikkje, og han må sjølv gå på kjøkkenet og hente ei mugge med vatn og fire glas. Bernard og mennene diskuterer det gamle pianoet, hennar beste venn gjennom mange år. Brotstykke av samtalen glir inn og ut av øret. Det handlar om avtalar, ekstra betaling, stemming av flygelet. Bernard begynner å bli opphissa, armane går som vindmøllevenger. – Det tar ein heil dag å stemme eit flygel, seier Alise. – Mykje lengre tid enn eit vanleg piano. Mennene teier stille. Jentungen, ei lita dokke med det lange mørke håret i ein stram hestehale, har ein forbausande autoritet ved seg. – Ja vel, seier Bernard etter ein kort pause. – Grovstemming no, så får du kome igjen i morgon. Det siste blir sagt til ein mann med runde briller, ikkje ulik Henrik Wergeland, den minst muskuløse av dei fire. Mannen nikkar, og set seg på flygelkrakken. Krakken er like høgglansa som flygelet og inviterer til å spele i gallakjole og kvite hanskar, noko Alise ikkje har. Kanskje ho må skifte kvar gang ho skal spele på det. Ho har ikkje ønskt seg eit flygel og deler ikkje farens entusiasme. Ho er allereie redd for å lage merke i det nye blanke svarte. Ho følgjer den gamle, trufaste følgjesveinen med blikket der han blir boren ut av tre mann med sele. Ho hører Chopins sørgjemarsj i hovudet. Bak ryggen hennar lyder vridde og vrengte tonar, eit nødvendig vonde for å få det nye flygelet til å spele vatermusikk, som Bernard seier. Pianostemmaren krev at det er stille. 12


Ulvetone ferdig.qxd:A

21-03-12

09:42

Side 13

På veggen er treet lysare der det gamle pianoet sto, ein stor firkant der sola ikkje har sloppe til. Det første pianostemmaren gjer, er å ta opp lokket, deretter festar han det med ei stong. Han sjekkar hammarhovuda nede i det indre av flygelet. Deretter legg han seg under flygelet og strammar nokre skruar. Silbermann ville ha sagt at han tempererte det. Bernard står breibeint og ser på. – Du skulle hatt kjeledress og twistdott i baklomma, flirer han. – Eg jobba som bilmekanikar i ungdommen, gjorde akkurat det same som du gjer no. Ingenting slår vellyden frå ein Mercedes! Pianostemmaren svarer ikkje, held berre fram med arbeidet. Først når han har pakka saman verktøyet og gått, opnar Vera munnen. Ho har vore på kjøkkenet, der ho trassig har skramla med gryter og kokekar. Mikal er ikkje lenger i stova, Alise kan ikkje hugse at ho såg han gå. Katta har ikkje vist seg i det heile, men det er fullt forståeleg. Kor nysgjerrig ho enn er, så riv desse lydane i følsame katteøre. – Har Borgenwink fått nytt piano? høgg Vera i. Bernard ser på henne med sanktbernhardsblikket sitt. Snur handflatene opp, vel å overhøre kommentaren. – Forfremma, seier han. – Lønnspålegg, vi feirar med nytt flygel. Sjå det instrumentet! Er det ikkje vakkert? Vakrast i byen, nei, vent, det er jo jentene mine, det, han blunkar først til Vera, så til Alise. Ingen av dei blunkar tilbake. Han held fram med forsvarstalen sin: – Fekk det rasande billig, berre 128 000, det er eit røvarkjøp for ei 13


Ulvetone ferdig.qxd:A

21-03-12

09:42

Side 14

slik flott dame, dessutan må Alise ha noko betre å spele på fram mot konserten i desember. Alise synest han snakkar som Silbermann. Han kallar klavera for damer og dronningar og keisarinner. No tar faren opp triumfkortet sitt, ei flaske vin med gullkanta etikett som skal blidgjere Vera, mens han blunkar til henne. Ho trekker skuldrene litt bakover, er ikkje riktig mjuk enno. – Skal det stå midt i stova? seier Vera. – Det er veldig dominerande. – Vi blir vant til det, seier Bernard. – Det er jo eit kunstverk i seg sjølv. Han har henne nesten på si side no. – Kven skal tørke støv av det? seier Vera. Han slår ut med armane. – Vi får tak i ei hushjelp frå Filippinane eller noko. Han lener seg tilbake i sofaen og gnir seg på magen. – Kven lagar middag i dag? Eg er svolten som ein ulv. Vera sukkar. Han er ein katastrofe på kjøkkenet, alt han tar i blir til rot, søl, forferdelege lukter og svartsvidde panner. Om ho har ein aldri så krevjande jobb som leiar på Galleriet, eit av dei største kjøpesentra i byen, må ho lage mat heime, elles ville dei sannsynlegvis svelte i hel. – Skal du ikkje spele på det nye flygelet? Bernard snur seg mot Alise. – Spel, no! kommanderer han. – Lag litt larm for oss. Vi må få høre lyden av det. Frå kjellaren pumpar musikken til Mikal på ein irriterande plagsam måte. – Eg vil helst vente til det er skikkeleg stemt, seier Alise. – Det er ikkje klart enno. – Vi ventar til etter middag, seier Bernard. – Du kan 14


Ulvetone ferdig.qxd:A

21-03-12

09:42

Side 15

spele for meg da. Er det ikkje praktfullt? Han ser nesten forelska bort på flygelet. – Vi må ommøblere i stova, seier Vera. – Det kan ikkje stå slik. Det luktar reingjeringsmiddel og fisk på kjøkkenet. Rundt det store kjøkkenbordet av eik sit dei, og midt på bordet står laksen til Vera. Dei har alltid fisk, fransk eller noko lågkarbo til middag. Aldri pannekaker eller raspeballar, som mor til Alise laga. Alise er ikkje svolten. Det er noko med lukta. Og fargen. Bleik rosa, som solbrent hud like før ho flassar. Mikal har heldigvis skrudd av musikken, ho ville ikkje ha halde ut å høre på den mens dei åt. Ho sit slik til at ho kan sjå det nye klaveret. Det verkar som om det har funne seg til rette i stova, som om det har forventningar, som om det gler seg. Som om det har venta på nettopp dette, å få kome hit, til denne stova, til dette huset, denne familien, denne pianojenta. Lokket er framleis oppe. Nokon har flytta over notane hennar. Hovudet til Beethoven er vekke. Han sto i marmor på det gamle pianoet saman med ein glashest frå Venezia og ein sjuarma lysestake. Dei passar definitivt ikkje inn oppå det nye. Ikkje ho heller, antakeleg. – Vi inviterer til fest, seier Bernard. – For å feire det nye flygelet. Ein skikkeleg, heidundrande konsert! Legg han til mellom to tygg. – Skal du lage maten, da? Vera er tilgjort søt i stemma. – Vi tar catering, skundar han seg å seie. – Nei, vi leiger ein kokk. Stor fest! 15


Ulvetone ferdig.qxd:A

21-03-12

09:42

Side 16

Bernard smattar, konkurrerer med Snø som gnafsar tørre kuler borte ved skjenken. – Kven skal vi invitere? Han ventar ikkje på svar. – Bokfinken, sjølvsagt, naboane, han professoren ved universitetet, kva er det han heiter igjen, folk frå Griegakademiet og musikkmiljøet i byen. Pluss folk frå Festspela. Vi må tenke relasjonsbygging, jentungen er på veg ut i den store verda, ho skal ha mange konsertar i framtida, ho kan bli like stor som Andsnes. Han veiver med gaffelen mot Alise. – Fleire direktørar og skipsreiarar må på gjestelista, vi må ha sponsorar, pluss presse, sjølvsagt. Kva med ein journalist eller to, nei, enda betre, redaktøren sjølv. I tillegg skodespelarar og kjendisar, dei er gode å ha, kan spreie dei gode nyheitene om jentungen som den komande musikalske stjerna i byen. Det gjeld å smi mens jernet er varmt. Han forsyner seg med meir laks. – Bokfinken kjem til å late som om han ikkje er imponert over flygelet, seier Bernard. – Akkurat som med muren. Stemma hans durar i veg som ein humlesverm. Alise sluttar å høre etter, ho har hørt det før, veit at han snakkar om dei ironiske kommentarane Borgenwink, eller Bokfinken, som faren kallar han, kom med da han sette i gang med å bygge nye murar. Solide murar må til i Fjellvegen, elles vil husa skli ut og sige heilt ned til sentrum og bli liggande i ei mølje nede ved domkyrkja. Murane er farens stoltheit. Han snakkar om korleis den gamle funkisrønna såg ut da dei flytta inn for fire år sia, og at Vera fekk sving på både huset og hagen. Anleggsgartnaren er ein flink fyr, men murane er rosina i pølsa, kunstverk som dei er. 16


Ulvetone ferdig.qxd:A

21-03-12

09:42

Side 17

– No må du slutte å skryte slik, seier Vera. – Skulle tru du hadde laga murane sjølv. For Alise er det dei 88 trappetrinna som tel. Første gong ho talte dei, blei ho fylt av ei boblande glede. 88 er talet tangentar på eit piano og lykketalet hennar. – Skal mor kome på festen? spør ho. Bernard krøllar saman servietten. – Eg trur ikkje ho har lyst, seier han. – Silbermann, da? seier ho. – Han er jo sjølvskriven, seier Bernard. – Den gamle jøden har gjort ein kjempejobb med deg, sikkert og visst. Du er den beste eleven hans. – Eg er den einaste eleven hans, seier Alise. – Dessutan trur eg ikkje han liker at du kallar han for ein gammal jøde. – Ja, men det er jo det han er, seier Bernard. – Han er polsk. Som Chopin. Alise rører rundt i laksen med gaffelen. – Han vil ha hjartet sitt gravlagt i Polen når han er død. Akkurat som Chopin. Gaffelen til Vera syng mot tallerken. – Dessert? seier ho. – Crème Brûlée. – Mmmm, det beste eg veit, smattar Bernard. – Det seier du alltid, seier Alise. – Det er fordi eg elskar alt som er søtt. Ufrivillig ser ho på Vera, begge veit kva som kjem no. – Jentene mine er det søtaste eg veit, seier Bernard. I bakgrunnen knaskar katta høglydt. Mikal seier ingenting. Har han slutta å snakke? Alise undrast. Ein gong sa han at ho var eit insekt. Eit lite, ekkelt, irriter17


Ulvetone ferdig.qxd:A

21-03-12

09:42

Side 18

ande insekt, eit slikt som du klaskar til med avisa så det berre blir ein flekk igjen. Ho sa makk tilbake, at han var ein ekkel, feit meitemakk. Ho vil helst ikkje ha bilde av makkar i hovudet no, så ho skundar seg å tenke på noko anna. Pausefisk. Desse pausefiskane som sumde rundt på TV da faren var liten. Mikal er definitivt ein pausefisk. Ein som berre sym og sym utan å ha noko mål med symjinga. Vera har funne fram krystallskåler til desserten og sender dei rundt. Alle forsyner seg. Alise held skåla si, i neste augeblink held ho henne ikkje. Skåla glir ut av hendene og ramlar uendeleg sakte mot golvet, som ei langsam filmscene. Ho kunne ha gått ut i stova og spelt Måneskinssonaten på den tida det tar skåla å nå golvet. Ho ser for seg eit piano som ramlar nedover etasje for etasje, like sakte som dei første snøfnugga om hausten. Ho hører song, det er som om nokon syng pianoet nedover. Til slutt treffer det eine hjørnet brusteinane, og pianoet knekk saman til lyden av treverk som splintrar og smell. Skjerande disharmonisk og ulideleg blir det knust til moll, og pulverisert i ein einaste glidande bevegelse mens tangentane rivnar frå festa. Store støvskyer viskar ut synet for ei lita stund, så blir det stille. Av det som ein gong var eit finstemt instrument med fleire tusen delar, er berre små uryddige bitar av treverk, notar og metall igjen. La pianoet falle, kviskrar ei lita stemme inni henne. Endeleg er dessertskåla nede. Katta kvepp av smellet og bråsnur på hovudet. Bernard snur seg også, og Alise ser at på toppen av hovudet hans, midt i det tjukke, 18


Ulvetone ferdig.qxd:A

21-03-12

09:42

Side 19

rufsete, mørkebrune håret, er ein liten bar flekk. Den verkar så einsam, den flekken. Så ubeskytta og sårbar. Ho synest plutseleg synd på han, utan å vete kvifor. Vera reiser seg og løftar begge hendene, Mikal er den einaste som sit heilt i ro, som om han har venta på at krystallskåla til Alise skulle ramle i golvet og bli knust. Vera opnar munnen, ei mørk gardin har blitt trekt for auga hennar. Lyset i dei er vekke, det blå finst ikkje meir. Alise ser for seg ei strand der framandt hav frå andre kystar brått kjem med ei høg tsunamibølgje, og vaksne tar barna i handa og skundar seg høgre opp på land i frykt for veggen. Alise snur ansiktet vekk, skal til å reise seg, ho vender seg til flygelet etter hjelp, men det seier ingenting. Ingenting. I staden er det Bernard som seier noko. – Så så, seier han. – Det var berre ei krystallskål, kom så ryddar vi opp. – Set deg ned! seier Vera. Skarpt, skjerande. – Eg skal hente kosten og feiebrettet. Du veit ikkje kor det er eingong. Ho går klaprande ut av kjøkkenet. – Ikkje gå på golvet, de kan skjere dykk. Snø er på veg bort til sentrum for hendinga, nysgjerrig som alltid. – Den forbaska katta! Kan nokon ta den forbaska katta så ho ikkje trakkar i glasbitane? Krystallskåla er pulverisert, og bitane er spreidde ut over heile kjøkkenet. Ingen rører seg. Vera merkar ikkje motsetninga i ordrane, det uforeinlege i å ikkje gå på golvet og samtidig ta katta. 19


Ulvetone