Sylting og safting - heile året

Page 11

Safting Det er tre vanlege måtar å lage saft på: dampkokt saft, silt saft og råsaft. DAMPKOKING AV SAFT

For å dampkoke saft må ein ha dampkokar/ saftkjele. Slike er som regel lette å få tak på i større jernvarehandlar eller på ein loppemarknad. Får du berre tak i toppkjelen, så ikkje fortvil. Den har som regel spor som gjer at den kan setjast på dei fleste større vanlege kjelar. 1 kg bær eller frukt 400 g sukker (kan variere med kor søte råvarene er) Fyll den nedste kjelen halvfull med kokande vatn. La den stå på middels varme, vatnet skal ikkje fosskoke. Set dampkokaren oppå med frukt/bær og sukker lagvis. La safta stå og dampe til det som kjem ut av slangen, lysnar på farge. Tida det tek, kan variere, men det bør vere godt i gang etter 45 minutt. Du kan tappe av dampkokaren etter kvart som det kjem saft i slangen. Tapp over på reine, varme flasker, og set i / skru på nykokte korkar straks. SILT SAFT

For å lage silt saft eller råsaft treng du eit klede. Til små porsjonar er det nok med eit oppvaskhandkle som er velbrukt og tynt, og som du ikkje er så redd for. Legg det i eit romsleg dørslag eller pastasåld over ei gryte eller ein stor bolle. Dei avanserte har eigne sileposar med stativ til å setje oppå ei gryte eller ei bøtte. Slike sileposar tek større mengder bær. Eit tips frå ei venninne er å sy saman to kopphanddukar med opning øvst. Då kan du henge posen opp med ein rundstokk og setje ei bøtte eller ein balje under for å samle opp safta. Denne metoden passar best for store handteringar.

1 kg bær eller frukt 3 dl vatn 400 g sukker per liter saft (kan variere med kor søt råvara er) 1 krm Atamon per liter saft Kok opp bær og vatn i ca. 30 minutt til bæra har falle saman. Aus bæra opp i sileduken medan dei framleis er varme, og la dei stå og renne av til dei ikkje lenger dryp noko særleg. Mål opp safta, og ha ho i ein kjele. La det koke opp, og ha i sukker og Atamon. Rør til alt sukkeret har løyst seg opp. Fyll på reine, varme flasker dersom safta skal oppbevarast fersk. Oppbevar flaskene mørkt og kjølig. Skal safta frysast, er det praktisk å fylle ho på godt reingjorde juicekartongar. Ikkje fyll kartongane heilt opp, dei kan sprekke om dei er for fulle. RÅSAFT

Råsaft eignar seg best til svært saftige bær. Hardare frukt som eple og plommer bør dampast. Du kan eventuelt lage råsaft av eple viss du kvernar epla i kjøtkvern eller køyrer dei i saftsentrifuge/juicemaskin. 1 kg bær eller frukt 3 dl vatn 400 g sukker per liter saft 1 krm Atamon og/eller 1 g sitronsyre per liter saft Rør saman vatn og bær, knus gjerne bæra med ei sleiv eller ein stappar. La det stå og safte seg eit døgn i kjøleskap. Sil bæra, mål den opp og rør inn 400 g sukker per liter saft og eventuelt Atamon eller sitronsyre. Denne safta eignar seg best til frysing, men med Atamon/sitronsyre held ho seg lenger fersk. Oppbevar safta i kjøleskapet etter at ho har tint.

10

syltogsaft_innmat.indd 10

26.04.12 12:01


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.
Sylting og safting - heile året by Det Norske Samlaget - Issuu