Sykling i søvne

Page 1


Dødeboka ferdig_a 20.01.14 15.45 Side 6


Sykling i søvne ferdig_Fiolinane-1korr.qxd 24.02.15 10:15 Side 1

Einar Økland

SYKLING I SØVNE Eller: Dårens trompet

Dikt

Samlaget Oslo 2015


Sykling i søvne ferdig_Fiolinane-1korr.qxd 24.02.15 10:15 Side 2


Sykling i søvne ferdig_Fiolinane-1korr.qxd 24.02.15 10:15 Side 3

I Idyllar


Sykling i søvne ferdig_Fiolinane-1korr.qxd 24.02.15 10:15 Side 4


Sykling i søvne ferdig_Fiolinane-1korr.qxd 24.02.15 10:15 Side 5

MORGONMESSE

Kva har du på deg? Ingen klær. Kvar har du vore? Ikkje her. Kva såg du? Alt. Bak attlatne augo? Ja, for eg fekk det synleg fortalt.

Velsigna alle nattlege senger som ber oss på sine falda venger og varslar med vengeslag viss natta skulle bli dag.

5


Sykling i søvne ferdig_Fiolinane-1korr.qxd 24.02.15 10:15 Side 6

SYKLING I SØVNE

Å passere eit monumentalt kunstverk mens ein syklar, er som å tenkje ein stor tanke mens ein syklar. Eller omvendt. Begge delar handlar om sykling. Ein syklar vidare. Ulykka kan nærme seg som eit nys, som ikkje kjem ut viss ein held seg for nasen og pressar lippene saman. Near never kills. Ein syklar vidare. Ikkje berre ulykkene, men også orda dreg seg unna mennesket når det syklar i søvne. Søvnen er undersida av skosolen, innsida av beltet, bulen i hatten, holet i lomma som viser kvar nøklane låg. Mens ein syklar, feirar krigen sigrar og freden heltar. At begge er gløymde nå etterpå, seier alt. At vi hugsar dei, seier ingenting. Avisa skriv om gledene ved å hugse, utan å kjenne dei, og mi glede les ikkje aviser. Syklar heller. Kva skal eg seie til dette, eg som drikk utan å vere tørst og svelt utan å vere svolten når eg er vaken. Det er ikkje mykje som nå er usagt. Ein usynleg trompet som kviskrar, kunne eg tenkt meg. Ein slikt talerøyr har det hendt eg har drøymt om når eg syklar i søvne.

6


Sykling i søvne ferdig_Fiolinane-1korr.qxd 24.02.15 10:15 Side 7

BRÅTT BRÅTT BRÅTT

Tåka lettar – Skuggane søkk under bordet. Tåka lettar – Ansiktet slår opp augo. Tåka lettar – På tallerken stig speilegget opp. Eg flyttar meg ned i eit hjørne. Tåka lettar – Nå ser eg kniven. Tåka lettar – Vi må velje kven vi held med. Tåka lettar – Nå rømmer vi alle. *** Tåka lettar – Nei, det er ikkje sant. Tåka lettar – Søk dekning.

7


Sykling i søvne ferdig_Fiolinane-1korr.qxd 24.02.15 10:15 Side 8

Tåka lettar – Det er som å miste smaken. Tåka lettar – Koret tar solisten med på sightseeing. Tåka lettar – Å, fy faen, som her ser ut. Tåka lettar – Å, fy faen, som eg ser ut. Tåka lettar – Å, herregud. Tåka lettar – Det er løgn alt saman. *** Tåka lettar – Vengelaus.

Tåka lettar – Det er Guds vilje med tåka.

Tåka lettar – For første gong som vanleg. 8


Sykling i søvne ferdig_Fiolinane-1korr.qxd 24.02.15 10:15 Side 9

Tåka lettar – Snart er eg åleine. Tåka lettar – For meg er det siste gong. Tåka lettar – Eg følgjer etter. ***

9


Sykling i søvne ferdig_Fiolinane-1korr.qxd 24.02.15 10:15 Side 10

I HUGEN

Djup har eg aldri vore frivillig, derimot flat og vid. Mi retning er bortover, same kvar eg vender meg. Om blikket ofte går fortare enn føtene og skuggane deira. held alle som oftast likevel lag. Farten er knapt merkande. Hugen held seg der vi stoppar, i nærmiljøet. Ein liten myggsverm som følgjer med når vi går vidare.

10


Sykling i søvne ferdig_Fiolinane-1korr.qxd 24.02.15 10:15 Side 11

DAGLEG

Kvar dag: augo opp: vitet fram: inn med mat: augo bortover: vegen eller avisa: nedover: dit tærne byrjar bøye seg bakover: eg går – eg går: med kne og hæl: og legger der dei skal vere. Det finst inga trapp i mitt hus som kan spenne bein under meg på veg ut i alt som den opne døra viser meg. Den opne døra til dagens dag, som eg hermed forlèt, takka vere uanfekta, nyrealistiske føter. Berre stå, du fjell, slik du trur at eg står, men nå kjem eg.

11


Sykling i søvne ferdig_Fiolinane-1korr.qxd 24.02.15 10:15 Side 12

DAG OG NATT

Stå opp, seier sola om morgonen, mens ho renn i veg til sitt dagsverk. Ho lar seg aldri hindre av vêret. Ta eit bad, det gjer eg, er det siste ho seier før ho roar seg ned. Månen vil heller smyge seg framom usett. Men når han blir oppdaga, spør han: Kven er du og kva vil du? Kanskje du vil teikne meg? Seier du nei eller ingenting, så vil månen teikne deg. Hendene først. Fram med dei. Han signerer med seg sjølv. Stundom her, stundom der i nattbildet sitt. Hendene dine, aldri såg du kvitare hender.

12


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.