Svartedalen

Page 1


Svartedalen ferdig_a 05.03.15 14:01 Side 1


Svartedalen ferdig_a 05.03.15 14:01 Side 3

Atle Hansen

Svartedalen

Samlaget Oslo 2015


Dødeboka ferdig_a 20.01.14 15.45 Side 6


Svartedalen ferdig_a 05.03.15 14:01 Side 5

Det er sommarferie. Alle vennene mine reiste frå byen på ferie, i båtar, på hytter, til Syden. Me reiste til huset pappa har arva i bygda der han voks opp. Eit stort, gammalt hus som ligg inne bak høge tre. Dei kallar det Kapteinshuset. Han som bygde det, var kaptein på seglskuter, har pappa fortalt. Eg synest det gamle huset er litt nifst. Om natta høyrer eg knirking i veggene. Vinden uler som håse ugler rundt hushjørna. Og ei natt vakna eg av lydar frå loftet. Det høyrdest ut som føter som lista seg og ei dør som kvein i usmurde hengsler. Det er nesten som heile huset lever. Pappa berre ler når eg snakkar om det. Spøkelse finst berre i hovuda til folk, seier han, og i gamle, utrulege forteljingar. 5


Svartedalen ferdig_a 05.03.15 14:01 Side 6

Heime i byen er det heller aldri heilt stille. Bilmotorar, bussar, ambulansar og folk døgnet rundt. Men det er lydar eg kjenner, og veit kva er. Her høyrer eg knapt ein bil i timen på dei travlaste tidene. Huset vårt ligg litt for seg sjølv oppe på ein liten haug. Me har utsikt over heile bygda og utover mot fjorden. Eg har aldri sett nokon på min eigen alder her.

6


Svartedalen ferdig_a 05.03.15 14:01 Side 7

Eg er lei tv-en. Eg er lei av å spela på pc-en og sjå gamle filmar på Internett. Eg er dritlei dei gamle bileta på veggene. Eg er lei alt. Eg har ikkje eingong lyst til å reisa ut på fjorden og fiska i den gamle jollen som me fekk saman med huset. Eg har gjort det kvar dag, og no seier mamma at eg må eta all fisken eg får. Eg har fått meir enn nok av denne sommaren. Eg har berre lyst til å reisa heim att til byen, til folk, til butikkar og gater. Ja, eg gler meg faktisk til at ferien skal vera over. Eg trudde ikkje det var mogeleg. Ingen kan vel gle seg til å byrja på skulen att. 7


Svartedalen ferdig_a 05.03.15 14:01 Side 8

«Gå ut ein tur, då!» seier mamma. «Slå av pc-en. Gløym mobilen. Gå i skogen. Beveg deg!» seier pappa. Til slutt gir eg etter. Eg orkar ikkje maset deira lenger. Eg gjer som dei seier. Eg tek på meg joggeskor, kortbukse og T-skjorte og går ut i skogen. Heilt utan planar. Heilt utan mål. Heilt utan retning. Heilt utan mobiltelefon. Eg berre legg av garde.

8


Svartedalen ferdig_a 05.03.15 14:01 Side 9

Eg går opp bakken frå huset vårt. Ei gammal grind i ein mosegrodd steingard skil innmark frå utmark, og ope landskap frå mørk og tett skog. Eg opnar henne og går gjennom. På andre sida av skogen ligg Svartedalen. Eg har sett det på eit gammalt kart eg fann. «Kvifor heiter det Svartedalen?» spurde eg pappa ein morgon ved frukostbordet. «Dei seier at skogen har fått namn etter ein mann som budde der før i tida», svara han. «Heitte han Svarte?» «Folk kalla han Svarten, blir det sagt», svara pappa. «Men eg trur det ikkje. Eg trur namnet kjem av at det er så mørkt der. Eit høgt berg stengjer sola ute og gjer at lys knapt slepp inn.» 9


Svartedalen ferdig_a 05.03.15 14:01 Side 10

«Har du vore der?» spurde eg. «Éin gong», svara han. Eg spurde kvifor han ikkje gjekk dit fleire gonger. «Eg har ikkje noko der å gjera», svara han. Eg måtte ikkje gå dit, eg heller, la han til. Svartedalen kunne vera farleg for ungar. Ein kan gå seg vill der og aldri komma seg ut att. I gamle dagar hende det at ungar som gjekk til Svartedalen, blei borte for godt, blir det sagt. No er eg likevel på veg dit. Eg er ikkje ein unge lenger. Eg går der eg vil.

10


Svartedalen ferdig_a 05.03.15 14:01 Side 11

Eg følgjer ein sti mellom grantrea. Han går nesten rett som ei snor eit langt stykke. Så opnar skogen seg, og stien byrjar svinga seg nedover mot ein trong og skuggefull dal. Svartedalen. Han ber namnet sitt med rette. Sjølv midt på dagen er det mørkt. Eg står ei stund i kanten av granskogen. Det er lysare her og opnare. Eg har god oversikt over landskapet framfor meg. På motsett side av dalen reiser ei bratt, lauvkledd åsside seg. I dalbotnen veks ein tett blandingsskog av lauvtre og furu. Han endar like under der eg står og granskogen tek over.

11


Svartedalen ferdig_a 05.03.15 14:01 Side 12

Det er heilt stille. Ikkje vind i lauvet. Ingen fuglesong i trea. Berre eit par ramnar som ropar i berget på andre sida av dalen Stien nedover dalsida er bratt og fuktig, nesten som ein bekk somme stader. I botnen av dalen blir det tørrare, men der smalnar stien inn og kryp som ein slange inn mellom buskar og tre. Brått merkar eg ei rørsle mellom nokre buskar framfor meg. Eg stansar opp. Der ser eg det att. Ein mørk, liten skugge som forsvinn lydlaust innover i skogen. Eg følgjer etter han inn i ein open lauvskog med grønt gras mellom trea. Like etter ser eg dyret framfor meg. Ein svart katt. Han sit i graset og ser på meg. Eg byrjar gå roleg mot han. Då eg er eit par meter frå han, set han på sprang gjennom graset, med halen høgt til vêrs. Eg spring etter på nokre meters avstand. 12


Svartedalen ferdig_a 05.03.15 14:01 Side 13

Eit lite, gammalt hus dukkar fram mellom trea. Like ved huset står ei lita løe og eit par mindre uthus. Uthusa kan ramla saman kva tid som helst. Veggene har ikkje måling. Glasa er knuste. Taka heng skakke og salrygga. Men bustadhuset har nokon pussa opp. Taket er heilt. Vindaugo har gardiner og blomsterpotter. Veggene har ny kvit måling. Eg går bort for å kikka inn glaset, men så fangar katten merksemda mi. Han står utanfor løa no, under ei gammal og morken låvebru. Det er som om han ventar på at eg skal følgja etter han. Skogen veks heilt inntil det vesle tunet, men mellom huset og løa er det ei lita eng. Her er ikkje graset høgare enn at det rekk meg til anklane. Nokon må ha slått det ganske nyleg. Det må bu folk her. 13


Svartedalen ferdig_a 05.03.15 14:01 Side 14

Eg ser ikkje nokon. Berre katten. Han har rusla bort og lagt seg i sola utanfor den skakke løedøra. Eg går bort til han. Han reiser seg og ser på meg ei stund, så forsvinn han med eit byks inn i løa.

14


Svartedalen ferdig_a 05.03.15 14:01 Side 15

Sola skin ikkje lenger. Tunge, svarte skyer har lagt seg over heile himmelen. Eg kjenner dei første, tunge regndropane treffer meg i hovudet. Frå ein stad langt vekke kjem ei trugande buldring veltande. Brått opnar himmelen seg. Ein foss av regn styrtar ned. Eg spring dei siste metrane bort til løa og inn under låvebrua. Det er tørrare her, men mellom plankane i brua piplar vatnet ned. Bak den skakke løedøra, lyser to katteaugo inne i mørket. Står eg her lenger, blir eg gjennomvåt. Inne hos katten regnar det ikkje. 15


Svartedalen ferdig_a 05.03.15 14:01 Side 16

Eg spring bort til opninga og smyg meg inn utan å vera borti døra. Eg er redd ho ramlar ned dersom eg rører henne. Katten ligg i lyset rett innanfor dørstokken. No reiser han seg og skyt rygg. Han liker visst ikkje at eg kjem inn til han. Han ser på meg ei lita stund, før han brått snur og hoppar inn i mørket bak seg. Eg står innanfor løedøra til augo har vent seg til det svake lyset. Sakte ser eg meir av rommet eg er kommen inn i. Det er eit fjøs. Det er tomme båsar langs eine veggen. No er katten det einaste dyret her inne. Han er ein kolsvart skugge inne ved båsen lengst borte. Brått hoppar han inn i mørket. Eg følgjer etter han. Det eg trudde var ein bås er ei smal, bratt trapp. Ho går ned i eit bekmørkt kjellarhol. 16


Svartedalen ferdig_a 05.03.15 14:01 Side 17

Eg skulle ha teke mobilen med meg. Dü hadde eg hatt lommelykt. No ser eg berre eit svart hòl der nede.

17


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.