Issuu on Google+


Stort og stygt ferdig_Layout 1 09.09.13 09.57 Side 1


Stort og stygt ferdig_Layout 1 09.09.13 09.57 Side 3

Olaug Nilssen

Stort og stygt Drama

Samlaget Oslo 2013


Stort og stygt ferdig_Layout 1 09.09.13 09.57 Side 5

Dei som er med: silje, høggravid kvinne ole, mannen til Silje maria, naboen sverre, mannen til Maria arve, den tre år gamle sonen til Maria og Sverre jordmora / helsesøstera / sjukesøstera / legen / dama i luka trebarnsmora den ambisiøse faren barnehagetanta vibeke, veninna til Maria petter, sonen til Vibeke mamma til Silje butikkdama politikar 1 politikar 2 radioen


Stort og stygt ferdig_Layout 1 09.09.13 09.57 Side 6


Stort og stygt ferdig_Layout 1 09.09.13 09.57 Side 7

1. scene Silje er høggravid. Ho kjem inn i oppgangen i huset og høyrer skriking med det same. Strevar seg opp trappa til oppsatsen under sin eigen, der ligg naboens treåring, Arve, på golvet i parkdress og med lue og vottar. Han hyler.

silje: Nei, men ligg du her, du, lille ven? Ikkje svar, skrikinga tar slutt.

silje: Er du så sint i dag, du, då? Ikkje svar.

silje: Trur du ikkje Maria lagar middag til deg no? Skal du ikkje reise deg og gå inn til mamma og pappa? Sverre, pappaen til Arve, kjem springande ned.

sverre: Hallo! Ja, her er det full sirene. Vi hadde ein liten episode, prøver ut ein ny strategi. Det har jo vore ein del brøling i det siste. 7


Stort og stygt ferdig_Layout 1 09.09.13 09.57 Side 8

silje: Det er jo ein vanskeleg alder. Men eg trur kanskje han har gjort seg ut, det kan lukte litt slik. Kor gammal er han blitt?

sverre: Han er i alderen «vanskeleg», he-he-he, han er to og eit halvt år.

silje: Så han bruker bleier enno, altså?

sverre: Ja då. Vi prøvde litt på avvenjing i sommar, utan hell.

silje: Eg har lese om pottetrening i bladet Gravid.

sverre: Jaha?

silje: Om ein startar heilt frå spedbarnsstadiet, skal dei kunne lære seg å gå på do sjølv frå svært tidleg alder.

sverre: Dei seier så, ja.

silje: De har ikkje tenkt på …?

8


Stort og stygt ferdig_Layout 1 09.09.13 09.57 Side 9

sverre: Det er jo litt seint for oss, det no, då, he-he-he.

silje: Ja, he-he. Men de skal jo ha ein til no, og …

sverre: Korleis veit du det?

silje: Nei, altså …

sverre: Unnskyld at eg var så brå, men vi har knapt vant oss til tanken sjølv, eg visste ikkje at ho hadde sagt det til deg.

silje: Nei, det har ho ikkje, eg gjekk berre ut ifrå … Beklagar, altså, det var bardust.

sverre: Nei, vi får vel gå inn. No får du komme, Arve. Bli med pappa, no. Arve reiser seg med hjelp frå Sverre, går sakte opp trappa mens han ser på den gravide nabodama. Vi følgjer Silje inn. Ho låser opp, lukkar døra og låser. Det heng ultralydbilete på kjøleskåpet, ei vogge står i stova, bøker om graviditet, babyar og småbarnsoppdraging ligg framme. 9


Stort og stygt ferdig_Layout 1 09.09.13 09.57 Side 10

silje: Å, her luktar det godt, altså!

ole: Eg lagar fiskesuppe til deg.

silje: Så snill du er. Eg har verdas snillaste mann.

ole: Alt for deg og alt for barnet. Maten er snart klar, eg har dekt på i stova.

silje: Så herleg! Kler av seg i gangen.

silje: Ho er forresten gravid.

ole: Kven?

silje: Ho ved sida av. Maria.

ole: Så hyggeleg, då. Kor langt på veg?

10


Stort og stygt ferdig_Layout 1 09.09.13 09.57 Side 11

silje: Eg veit ikkje. Ikkje langt. Eg møtte han nede i gangen, han kom ut då eg begynte å prate til guten, som låg og brølte. Det var ikkje meininga at eg skulle spørje, det plumpa berre ut av meg at ho var det, og så bekrefta han det. Sikkert utan å vilje det sjølv.

ole: Uff då, du skulle ikkje …

silje: Nei då, men eg var heilt sikker, og tenkte sikkert berre at det var noko alle visste. Eg ser det jo på folk, det er nesten magisk. Ikkje berre at ho hadde lagt på seg litt, det er liksom ein eigen glød.

ole: Eg har ikkje sett at ho har lagt på seg eingong.

silje: Nei, men du ser jo ingenting. Dei ler.

silje: Men dei burde jo ikkje få fleire barn.

ole: No får du gje deg, det er ikkje vår sak.

11


Stort og stygt ferdig_Layout 1 09.09.13 09.57 Side 12

silje: Dei lar jo han stakkars småen ligge nede i gangen og brøle, trøytt og svolten. Eg veit ikkje om han kan snakke eingong, han svarer i alle fall ikkje når eg snakkar til han.

ole: Han er ein veldig søt gut.

silje: Ja, men eg lurer på kva slags oppdraging han eigentleg får. Det ser jo ut som han …

ole: No et vi!

silje: Ja, eg veit at du ikkje vil snakke om dette. Men kva om det er alvorleg?

ole: Alvorleg, korleis då?

silje: Kva om det faktisk er omsorgssvikt?

ole: No et vi!

silje: Ja, ja, no et vi. 12


Stort og stygt ferdig_Layout 1 09.09.13 09.57 Side 13

Ho vaskar hendene, set seg til bords, smør hendene inn med Antibac

silje: Fiskesuppe, ja. Kva har du oppi?

ole: Litt sei og litt laks, purre, lauk og gulrot. Heilmjølk og smør i sausen. Veldig bra for deg som er gravid, med andre ord.

silje: Bra og bra. Vaska du alle grønsakene før du skar dei opp?

ole: Ja då, eg vaska og kutta og bytte skjerefjøl og kniv mellom fisk og grønsaker, ingen fare.

silje: Ei på jobben sa at det ikkje var så farleg etter dei første tre månadene, at då kunne ein både drikke og ete mjukostar og kva som helst. Ho hadde sett det på ein amerikansk film, det var nokon der som opererte med ei slik grense. Herregud! Eg sa ingenting til henne, men eg håpa i mitt stille sinn at ho aldri, aldri blei gravid. Dessutan skjønar eg ikkje at det er så viktig å få drikke, det er snakk om ni månader, det er ikkje akkurat eit veldig stort offer.

13


Stort og stygt ferdig_Layout 1 09.09.13 09.57 Side 14

ole: Nei, du har i alle fall greidd å halde deg.

silje: Dei fleste greier å halde seg. Nokon greier ikkje å slutte å røyke eingong. Då meiner eg nesten det er noko alvorleg gale, altså, om ein ikkje kan slutte å røyke i dei ni månadene ein er gravid. Kva vil ein med den ungen då? Kva forventar ein av livet med barn?

ole: Men alt det med maten du skal passe deg for, det har eg begynt å ta litt med ei klype salt. Det er fleire på jobben som fortel at dei både åt spekekjøt og tok seg eit halvt glas vin, dei har jo fått fine og friske ungar, dei. Og når eg tenkjer på alle dei ungane som har blitt fødde opp gjennom tida, og gudane veit kva mødrene har proppa i seg under svangerskapet – det kan vere dei retningslinjene norske styresmakter opererer med, skaper meir bekymring hos mødrene enn fosteret har godt av.

silje: Ja, ja, eg ser den, altså. Det er fleire som tenkjer det same. Men eg vil helst vere på den sikre sida, og det er ikkje noko stort offer å vere bevisst på kosthaldet under svangerskapet. No er vi uansett snart ferdige. Oi, no er han i gang! Kjenn! Ole kjenner på magen. 14


Stort og stygt ferdig_Layout 1 09.09.13 09.57 Side 15

silje: Viss du legg handa her og stryk oppover, så kjenner du ryggen. Der kjenner du rumpa.

ole: Eg kjenner ingenting, eg kjenner berre mage!

silje: Prøv igjen, her.

ole: Nei, eg får det ikkje til, altså. Skjønar ikkje korleis du får til det der, det var det same då Jordmora viste det fram, eg fattar det berre ikkje.

silje: Men du kjenner at han rører seg?

ole: Ja. Eg gjer det. Men eg skjønar ikkje kva delar av kroppen det er eg kjenner.

silje: Det var ei på jobben min som sa ho kunne sjå form av hand og fot når babyen sparka eller slo. Det har ikkje eg opplevd. Å, men no orkar eg ikkje meir!

ole: Du har jo nesten ikkje ete!

15


Stort og stygt ferdig_Layout 1 09.09.13 09.57 Side 16

silje: Det er kjempegodt og eg har lyst på, men det seier berre stopp! Eg orkar ikkje meir. Og det er bra, for eg orkar ikkje alle dei sure oppstøytane ut over kvelden heller. Eg får heller prøve å ta litt meir om eit par timar. Ja ja, forresten, eg trur eg tar eit rundstykke til. (Tar ein bit.) Nei, eg orkar ikkje det heller. No må eg legge meg ned. (Går og legg seg på sofaen med beina på armlenet.) Sorry, altså.

ole: Herregud, det går bra! Ta det med ro, kvil deg og førebu deg. Det er ikkje lenge igjen no, og vi veit begge at vi skal i gang med noko heilt nytt.

silje: Veit du kva som er det raraste?

ole: Kva då?

silje: Vi er så høgtidsame heile tida. Før hadde vi ironisert over oss sjølve, gjort narr av at vi er så oppslukte av at vi skal bli foreldre. Men det gjer vi nesten aldri lenger.

ole: Eg kan gjere narr av deg om du vil.

16


Stort og stygt ferdig_Layout 1 09.09.13 09.57 Side 17

silje: Pass deg!

ole: Ha ha, eg skal seie deg det, at det tør eg faen ikkje. Er det trygt å seie at du er oppfarande for tida? (Stille.)

silje: Nei.

ole: Kom igjen!

silje: Eg berre tullar! Ja, det er lov å seie det.

ole: Du er jævlig oppfarande. Og humøret ditt svingar som ein fyllekøyrar.

silje: Akk ja, sann. No forventar eg at du ryddar og tar oppvasken.

ole: Du treng ikkje spørje, eg har gjort så godt som alt av rydding dei siste par månadene. Det går heilt fint!

17


Stort og stygt ferdig_Layout 1 09.09.13 09.57 Side 18

(Han ryddar, ho plukkar opp eit pledd frå golvet med stor møde og danderer det over magen og beina.)

silje: Mamma ringde forresten på jobben i dag.

ole: Ja-ha?

silje: Du må nesten førebu deg på storinnrykk når babyen blir fødd.

ole: Nei. Kan du ikkje berre seie til henne at vi vil ha litt tid åleine først?

silje: Ho meiner at vi ikkje veit kva vi går til.

ole: Er det nokon som veit kva vi går til, så er det vel vi? Så mykje som vi har lese og …

silje: Ho vil berre vel. Ho meiner alle mødrer treng ekstra omsorg dei første dagane etter fødselen, og at ein far aldri kan erstatte den kvinnefellesskapen … Ja, unnskyld, altså, men det var det ho sa!

18


Stort og stygt ferdig_Layout 1 09.09.13 09.57 Side 19

ole: Kvinnefellesskapen!

silje: Men det var jo slik før, kvinnene i familie og omgangskrets stilte opp på ein heilt annan måte for nybakte foreldre, det er ei kjensgjerning at ein blir meir overlaten til seg sjølv no. Kva om eg ikkje får til amminga? Då kan ikkje du hjelpe så mykje, du har jo heller ikkje erfaring.

ole: Eg synest du skal seie til henne at vi ringer om vi har bruk for henne. Vi to har vore einige om at vi skulle dele den første tida med kvarandre og babyen, ikkje med heile familien. Det må du ikkje trekke deg på! Eg vil ikkje at ho skal ta over frå første stund.

silje: Ho gjer jo ikkje det.

ole: Unnskyld meg, men jo, det gjer ho.

silje: Di mor er verre, ho tørka støv av blomane mine sist ho var her.

ole: Det har ingenting med saka å gjere!

19


Stort og stygt ferdig_Layout 1 09.09.13 09.57 Side 20

silje: Nei då, nei då, eg veit det. Men kanskje eg er litt meir engsteleg enn eg trudde. Mamma er jo ein trygg person for meg.

ole: Det burde jo eg også vere no!

silje: Og det er du! Men …

ole: Høyr her! Eg lovar å ringe henne om du får akutt behov for at ho kjem, men det ser vi når vi kjem så langt!

silje: Greitt! Det er greitt!

ole: Det er jo ikkje akkurat slik at ho har lang veg heller. Kva med far din, har han også meldt frå om at han kjem?

silje: Nei, eg høyrde han i bakgrunnen då mamma ringde. Han meiner det same som du.

ole: Ja, der kan du faen meg sjå!

20


Stort og stygt ferdig_Layout 1 09.09.13 09.57 Side 21

silje: Ikkje bann!

ole: Kvinnefellesskap!

silje: Er det også eit banneord no?

ole: Kvinnefellesskap i helvete!

silje: Ha ha. Kan du gje meg den Nylander-boka? (Ole hentar Mamma for første gang, Silje blar opp på ei side ho har haka av og gula ut. Les høgt.)

silje: Ok. Då skal eg lese frå kapitlet «Noe å lære fra andre arter?». «Jane Goodall, som har forsket på ville sjimpanser i Afrika i mer enn 30 år, beskriver det som typisk skjer når en ny unge er født. Moren isolerer seg med den en stund. Så flokker de andre hunnsjimpansene seg rundt mor og barn, og kikker interessert, mens de voksne hannene holder seg godt unna. De første som får ta på babyen, er gjerne eldre søsken. Storesøster får etter hvert lov til å passe ungen. En annen spennende beskrivelse av menneskeaper i fangenskap, viser at bestemor og tanter av og til får passe selv en 21


Stort og stygt ferdig_Layout 1 09.09.13 09.57 Side 22

ganske liten unge. De få gangene en hann viser interesse for den, er moren urolig og anspent.» (Silje ler høgt.)

ole: Ja, det er kanskje morosamt, men eg blir skikkeleg sur av det der.

silje: Ja, vi har blitt veldig høgtidelege.

ole: Men det er alvor!

silje: Ja då, ja då. Men kom og le litt med meg. Mamma får berre lov å komme viss det er strengt behov. Viss ikkje må ho vente ei veke.

ole: Og mine foreldre får også lov å komme.

silje: Ja, men ikkje samtidig.

ole: Nei då. Ikkje samtidig.


Stort og stygt