Spring for livet

Page 1


Roset_m.2indd.indd 2

27.01.16 11.24


KRISTIN ROSET

Spring for livet

Slik blei eg frisk

Samlaget Oslo 2016

Roset_m.2indd.indd 3

27.01.16 11.24


Roset_m.2indd.indd 4

27.01.16 11.24


INNHALD 6 Føreord 9 Sjokket 17 «Motiverande» ord 26 Flukta 29 Comeback med meir på kroppen 33 «Vant» over anoreksien 40 Nok var nok 44 To heiltidsjobbar 47 Dobbel smerte 50 Aker sykehus 53 Avgjerande sjølvkjensle 59 Nok ei avhengigheit 65 Ein følelse av å vere kriminell 75 Flau liste 87 Så godt du ser ut, Kristin 94 Å bli «dame» att 98 Speglar på alle kantar 105 Sterke møte 113 Skilsmisse og skjebnen 121 Mitt største comeback

Roset_m.2indd.indd 5

27.01.16 11.24


FØREORD Boka du har i hendene, er ei personleg historie. Det er mi his­ torie om å ha døden i hælane fordi hovudet fortalde meg at mat var farleg. At den gjorde meg feit og ubrukeleg. At eg aldri ville bli god til å springe viss eg var for tung. Det er ei historie om å kjempe mot eit etemonster som aldri lét meg slappe av, nyte og leve normalt. I 2010, etter tretten år med anoreksi, ortoreksi og bulimi, var det nok. Eg fekk hjelpa eg trong. Det snudde heile livet mitt, og etter månadar og år med kamp kunne eg endeleg leve igjen. At eg skulle brette ut desse tragiske åra med oppkast, svolt og sjuke reglar, hadde eg aldri sett for meg. Det hadde eg garantert takka nei til då eg stod midt oppi elendigheita. Heldigvis kan livet vise nye sider. Også for den som har sett eit endelaust mørke i altfor mange år. Eteforstyrringar rammar stadig fleire og stadig yngre, og mange dreg sjukdomen med seg til godt vaksen alder. Det er forventningar og kroppspress kor enn du går. Difor håpar eg at openheita mi kan vere eit motstykke til denne fryktelege tren­ den. Det er ikkje kult å tulle med mat og kropp, når ein veit kor lett det er å bli fanga i ein livsfarleg sirkel. Dette er historia mi frå då det heile starta ein kald november­ dag på idrettshøgskulen i Oslo. Vidare får du ta del i korleis eg opplevde eteforstyrringa gjennom toppidrett, som journalist og som ein kjend person heime i ei lita bygd, men også korleis eg kom meg bort frå den livsfarlege livsstilen. Då eg som 31-åring fekk hjelp av Laila Sundgot Schneider, starta eg bloggen Springerinne. Det blei ein stad der eg kunne skrive ned alle tankane rundt kampen eg gjekk gjennom. Dette har hjelpt mange. Difor har eg valt å ta med eit utval av innlegga her i boka. Eg håpar at både du som er sjuk, og pårørande les 6

Roset_m.2indd.indd 6

27.01.16 11.24


historia mi og refleksjonane rundt sjukdomen. Om du ikkje endar opp som ekspert, vil du iallfall få ei større forståing for kva som går føre seg i hovudet på den sjuke, og korleis du kan vere med på å førebyggje og hjelpe. Eg vil gje mi kjære mor og psykiater Laila (også omtalt som «dama mi») stor takk for støtta dei har gjeve meg. Utan dei varme, men også tøffe orda undervegs ville eg aldri fått det livet eg har i dag. Eg vil også takke mine næraste som har hatt trua på at dei ville få tilbake den gode, gamle Kristin. Og sist, men ikkje minst takkar eg skjebnen for møtet med min kjære, som gav meg verdas nydelegaste Noah.

7

Roset_m.2indd.indd 7

27.01.16 11.24


Er det rart eg vil bli kvitt deg? Du spreier deg raskt som vinden. Du har fått eit namn, men fortener du det? Du vekkjer meg kvar morgon og heng på slep resten av dagen. Du gjev meg ordre om å trene med tårer. Du gjev meg berre lov til å leve eit «lett liv». Du vil ikkje at eg skal kose meg. Du fortel meg dagleg kor mislykka eg er. Du ber meg om å gå forbi chipsen, brusen. Du lagar eit helvete viss eg prøver å trasse deg. Du overtyder meg om at forholdet vårt aldri skal ta slutt. Er det rart eg vil bli kvitt deg?

8

Roset_m.2indd.indd 8

27.01.16 11.24


SJOKKET Tredje klasse idrettsfag er på besøk på Norges Idrettshøgskole i Oslo: – Då er det din tur, Kristin. Det er berre å gå på vekta, så kan vi starte. Eg hadde grugledd meg til denne oksygenopptakstesten heilt sidan læraren melde meg på før klasseturen til Oslo. Eg gjekk siste året på idrettslinja ved Firda vidaregåande skule på Sandane, det var snart jul og eit nytt år. Grunntreninga var for lengst starta, og eg hadde bestemt meg for å satse for fullt på fri­ idrett. Det var heller ikkje lenge sidan eg hadde sprunge sigrande over målstreken på 400 meter i junior-NM, så forventningane var store. Både frå meg sjølv og frå lærarane. Eg stussa på kvifor eg måtte på vekta. – Skal eg ta av meg skoa? – Nei, det er ikkje nødvendig, svarte testmannen. Nølande gjorde eg som han sa, og keik automatisk ned på tala. 60 kilo. Eg fekk ikkje summa meg før han sa det høgt og noterte det på PC-en. Det gjekk ein kald følelse nedetter ryggen. 60 kilo. Hadde eg lagt på meg så mykje sidan i sommar? Korleis hadde eg klart det? Tankane rasa gjennom hovudet. Eg fekk det ikkje til å stemme. – Da er det berre å komme seg på mølla, kommanderte han. Stemma skar i øyra mine. Heile kroppen skalv då eg gjorde meg klar. Tankane var brått ein heilt annan stad enn der dei skulle vere. Eg fekk ikkje dei 60 kiloa ut av hovudet. Møllebandet begynte å rulle. Først 9 kilometer i timen. Dernest 11 kilometer i timen. Det gjekk framleis greitt, men eg greidde ikkje å fokusere. Lærarane stod på sidelinja og var tyde­ leg spente på korleis forma mi var like før jul. Eg hadde trass alt starta på grunntreninga og burde ha ein bra kondisjon på denne tida. 9

Roset_m.2indd.indd 9

27.01.16 11.24


Dei heia og sa det såg bra ut. Farten blei sett opp til 13, så 14 kilometer i timen. Eit tempo som eg i utgangspunktet ikkje skulle bli andpusten av. Slik var det ikkje denne dagen. Heile luftrøyret kjendest tett, og eg starta nesten å gråte der eg trottig prøvde å finne den gode flyten. Testmannen stakk meg i fingeren for å måle mjølkesyre­ verdien undervegs. På denne farten var det allereie teikn til syre, noko som tydeleg overraska dei på sidelinja. Eg overhøyrde det. Det einaste eg ynskte, var å bli ferdig og kome meg ut av test­ laben. Det tok ikkje lange tida før mølla blei stoppa og resultatet lyste mot meg. 57 i oksygenopptak. Eit resultat eg først ikkje forstod så mykje av, før eg høyrde: – Dette var ikkje bra, Kristin. Skal du halde fram med å springe fort, må du legge deg i selen. Det er tydeleg at du manglar kondisjonstrening. Orda kom frå lærarane mine. Uttrykket deira viste tydeleg skuffelse over det dei nettopp hadde sett. Dette var vanskeleg å ta inn over seg. Aldri før hadde eg fått slike kommentarar på grunn av dårleg springing. Det var jo det eg meistra mest av alt. Det kjendest uverkeleg. Klumpen i magen vaks seg endå større. Eg kledde på meg i ein fart og bestemte meg der og då for å vise at dei tok feil. Her var det berre å trene og gå ned dei kiloa som hadde snike seg på. Føtene var tunge og hovudet eit reint kaos. Eg måtte ta av minst fem kilo. Det skulle eg fikse så raskt som råd var. Ikkje meir latskap på trening, ikkje meir helgesnop, slutt på dei ekstra rundstykka eg alltid måtte ha på slutten av skuledagen. Heller ikkje meir kveldsmat seint på kvelden. Alt eg åt, skulle noterast i treningsdagboka. Følgde eg planen, avslutta eg notata med eit smilefjes. Klarte eg det ikkje, blei det ikkje noko smil.

10

Roset_m.2indd.indd 10

27.01.16 11.24


Aldri vore eit problem Aldri før hadde eg tenkt på kropp og vekt som noko problem. Matlysta var som regel på topp. Det same med humøret. Eg var rett og slett ei ordentleg gladjente. Latteren sat laust. Oppveks­ ten heime på Sandane i Nordfjord var prega av tryggleik, og ikkje minst treningsglede. Eg konkurrerte på ski frå eg var åtte år, deltok i mitt første friidrettsløp då eg var ti, spela handball, fotball og dreiv med turn. Far tok meg med på fjellturar rett som det var, og sjølv om vi sprang meir enn vi gjekk på fjelltoppane, sette eg stor pris på stundene våre. Far var også den som følgde meg på skirenn og friidretts­ stemne dei første åra. Han kunne stå i timevis i smørebua for å få skia mine perfekte. Han var oppteken av å lære meg å smørje, og ikkje minst av å få meg fokusert på konkurransane. Klaga eg over nervøsitet, blåste han som regel i «barten» og bad meg gje gass i staden for å gruble. Så kom ungdomsåra. Eg blei meir bestemt og sette meg nye mål. Eg skulle bli den beste løparen, og kjende at kombinasjonen langrenn og friidrett blei vanskelegare. No ville eg fokusere på det eg likte aller best. Far blei skuffa over at eg slutta med ski, og saman fann vi ut at det luraste var å skifte trenar. Vi budde trass alt under same tak, og det kunne bli intenst til tider. Eg trong likevel ikkje gå langt for å finne min nye «springementor». Bror Nils Ove hadde lang fartstid som mellomdistanseløpar og tok over ansvaret med stor entusiasme. Han hadde for lengst flytta ut av barndoms­ heimen, noko som gav pusterom mellom treningsøktene. Allereie i ungdomsåra var eg van med å reise på trenings­ leirar og konkurransar utan trenar. Det var med på å gjere meg sjølvstendig tidleg. Eg hadde heller ikkje problem med å trene åleine dersom bror var oppteken. Ikkje eingong om vinden stod sidelengs og regnet hølja ned. For eg hadde ein stor draum. Ein draum om OL. Dei fem ringane som symboliserte det største for ein idrettsutøvar. Eg måla dei like godt på veggen. Store, farge­ rike og litt skeive. Det var nok motivasjon for fleire år framover. 11

Roset_m.2indd.indd 11

27.01.16 11.24


Eg hugsar meg med andre ord som ei sterk jente, både fysisk og psykisk, før denne dagen i Oslo. Då var det som om nokon hadde vridd på ein brytar. Ein brytar som etter kvart sende meg inn i eit reint etehelvete.

Mindre mat Eg bestemte meg for å ete berre to måltid om dagen. Frukost og middag. Dette var fellesmåltida i heimen, så for ikkje å bli oppdaga av mor eller far lét eg som ingenting desse stundene. Det var tøft i starten, og same kor bestemt eg var, vart eg jaga av svolt kvar einaste time. Det gjorde meg uroleg og ukonsentrert. Timane frå frukost til middag var så uendeleg lange. Eg heldt meg likevel i skinnet. Det var ikkje snakk om å endre planen. Eg merka lite på vekta dei første vekene. Tankane derimot endra seg drastisk. Eg tenkte konstant på mat, eg drøymde om mat og planla nøye dagens gjeremål etter når eg var svolten og mett. Treningsøktene måtte eg bli ferdig med før middag, elles ville berre magen stå rett ut. Middagen kunne heller ikkje kome for seint, for åt eg seint på kvelden, ville maten omdanne seg til feitt. Det hadde eg høyrt frå fleire hald. Tre månadar etter den fryktelege Oslo-turen fekk eg heimen til fri disposisjon. Mor og far var på ferie i utlandet, og dermed var alle moglegheiter opne. Eg kunne ete så lite eg ville, og trong ikkje tenkje på verken frukost eller middag. Eg var heller ikkje fornøgd med vektned­ gangen. Det gjekk seint. Altfor seint. Sidan det var vinterferie første veka, trena eg opp mot tre gon­ ger om dagen, første økt tidleg på morgonen, andre økt midt på dagen og tredje økt på ettermiddagen. Eg levde framleis på dei to måltida, men no kutta eg ut middagen. Det gjekk i knekkebrød og kokt skinke. Alt eg gjorde, blei nøye skrive ned, og planen for dei neste dagane blei lagd i minste detalj. Fann eg eit blad om slanking, slukte eg innhaldet. Tipsa eg fann, tok plass i hjernen og sette fart på systemet. Dei to vekene heime åleine gav endeleg resultat på vekta. Mor såg det med ein gong. At noko var annleis. Ho kommen­ 12

Roset_m.2indd.indd 12

27.01.16 11.24


TRE GONGER KVAR DAG: På det verste trena eg tre gonger kvar dag.

terte kor bleik eg hadde blitt, men eg blåste det vekk. Jenterom­ met blei mi vesle hole etter at mor og far kom heim. Her kunne eg sitje i fred, og låste døra viss eg ikkje ville ha besøk. Stemninga i heimen endra seg. Mor var skeptisk og bekymra. Bror Nils Ove likte ikkje utviklinga på treningane, då forma mi var frykteleg ustabil. Eg forsvarte meg så godt eg kunne. Kom med fleire løgner enn nokon gong. Ingenting var annleis enn før. 13

Roset_m.2indd.indd 13

27.01.16 11.24


NÅR ÉIN KOMMENTAR ER NOK Kjære bloggen! Trenaren er kanskje kjend for å tulle og tøyse i pausane. Han er godt likt, og passe streng. Eit førebilete for ungdomane. Han veit kva som skal til for å få utøvaren til å prestere, og er ikkje redd for å seie frå. Dei fleste på laget synest det er heilt greitt. Då veit dei kva dei må jobbe med. Så ser trenaren at ein av utøvarane spring dårlegare enn forventa, og seier dette: – Viss du går ned eit par kilo fram mot sesongen, vil du garantert oppnå gode resultat. Du har trass alt trena bra i vinter. Dette kan gå to vegar. Jenta smiler og tullar det vekk. Kuttar ned på sjokoladane midt i veka og et meir av mor sine sunne middagar i staden for hamburgaren på hjørnet. Ho går kanskje ikkje ned dei to kiloa, men det får vere nok. Ho orkar ikkje alt matstresset. Eller det kan gå heilt motsett. Jenta blir paff, det knyter seg i magen, og ho kjenner seg mislykka. Ho reiser gråtande heim og vil eigentleg berre slutte med alt som har med idrett å gjere. Vel heime skjer det noko med hovudet. Ho bestemmer seg for å vise trenaren, og dei andre på laget, at ho kan prestere betre med ein tynnare kropp. Der og då startar mat- og treningsregimet. Først uskuldig, deretter sjukleg. Dette er eksempel på korleis det kan ende opp etter ein slengkommentar frå trenaren, eller frå idrettslæraren for den del. Det kan få fatale følgjer, som i verste fall kan øydelegge ei heil ungdomstid, og kanskje godt inn i vaksen alder. Det er difor så uendeleg viktig å tenkje seg nøye om dersom det er noko du som trenar ynskjer å forbetre. Snakk minst mogleg om kropp. Ikkje kritiser utsjånaden. Fokuser først på alt det positive som ligg i utøvaren, og fortel så korleis de kan legge opp ein treningsplan framover for å heve nivået. Å fortelje at sunn mat er viktig for å restituere seg optimalt, er også ein grei måte å få fram bodskapen på. Springerinneklem 14

Roset_m.2indd.indd 14

27.01.16 11.24


DJEVELEN OG ENGELEN Kjære bloggen! Har du nokon gong sett deg i spegelen og fått det for deg at det du ser der, ikkje er bra nok? At du føler deg dobbelt så stor som du eigentleg er, eller har du det slik at du kanskje ikkje orkar å bruke spegelen i det heile teke? Har du opplevd å få ein heil dag øydelagd fordi buksa di kjennest litt for trong, iallfall trongare enn dagen før? Eg opplevde dette mange gonger: ein krig mellom to stemmer. Eg kalla dei for djevelen og engelen. Som regel vann djevelen. Resultatet blei ei trist og misfornøgd jente. Djevelen fekk meg til å tru på dei dummaste ting. Og synet på meg sjølv var ein av dei. Det kunne starte med at eg vakna tidleg om morgonen og skulle til å ete frukost. Då vakna djevelen brått til live og fortalde at eg ikkje skulle ha meir enn eit halvt beger med yoghurt. Han var så overtydande at eg ikkje klarte å tru på noko anna. Deretter gav han klar beskjed om at eg hadde lagt på meg over natta, og at løpetightsen var mykje trongare enn dagen før. Eg ynskte djevelen vekk for alt i verda, men likevel var eg redd for å miste han. Eg var redd alt skulle «skli ut» dersom eg ikkje oppfylte ynska han hadde. Det enda med at eg pleidde forholdet vårt i 13 år. Springerinneklem

15

Roset_m.2indd.indd 15

27.01.16 11.24


MÅLEBANDET Kjære bloggen! Klokka er 05.00. Alarmen ular, men eg har vore vaken ein halvtime allereie. Får ikkje sove. Kjenner at magen er tom, eg er svolten, uvel og gruar meg til alt eg må gjennom før dagen kan begynne. Gjeremål som går på automatikk. Som eg ikkje kan klare meg utan. Ein avmagra kropp luskar mot badet. Skikkelsen er rynkete og bleik, det struttar ei tjukk blodåre midt i panna, det er mørke ringar under auga og dun i ansiktet. Eg tek fram målebandet som eg har gøymt i kleskapet. Er eg tynnare enn i går, eller har eg lagt på meg? Nei, det same. Phu... det er iallfall betre enn ingenting. Stiller meg framfor spegelen. Granskar kroppen min frå topp til tå. Går gjennom ei rad av augemål og andre mål før buksa ventar. Kjennest den trong, er det krise. Då må eg ete endå mindre dei neste dagane. Håpar den sit laust på meg. Då er dagen redda. Slik hadde eg det lenge, og eg trur mange kjenner seg att. Det å måle kroppen til ein blir galen er eit typisk teikn på at ein ikkje har det bra med seg sjølv. At ein er konstant misfornøgd med det ein gjer, og korleis ein ser ut. Når eg les forskjellige bloggar og ser jenter eller gutar i media som er totalt hekta på å bli så «ribba» som mogleg, går det eit kaldt gufs nedover ryggen min. Dei anar ikkje kor lett det er å miste kontrollen og ende opp i ein alvorleg og vond sirkel. Livet dreiar seg om så mykje meir enn dette. Det dreiar seg om å leve godt, vere frisk, sosial, glad i seg sjølv, ha energi til å gå på skule og jobb og stille opp for andre når det trengst. Det er ikkje enkelt å gjennomføre alle desse tinga viss ein brukar den vesle energien på ein sjukdom som bryt ein ned dag for dag.

Springerinneklem

16

Roset_m.2indd.indd 16

27.01.16 11.24


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.